St.meld. nr. 59 (1996-97)

Om samarbeidet i Atlanterhavspakt-organisasjonen i 1996

Til innholdsfortegnelse

1 Samandrag

Den tryggingspolitiske situasjonen i Europa har vore i sterk og positiv endring sidan slutten på den kalde krigen. Den nye situasjonen har gjort det mogeleg å byggje eit trygt og stabilt Europa, kjenneteikna av eit breitt og forpliktande samarbeid på tvers av gamle skiljeliner. Men skal ein nå målet om eit sameint Europa, må alle europeiske og transatlantiske organisasjonar ta del i arbeidet. Regionale samarbeidsmønster, til dømes Barents-samarbeidet, har også ei viktig rolle.

Alle allierte er samde om at NATO må ha ei heilt sentral rolle i den tryggingspolitiske delen av denne prosessen. Det har også vore semje om at det NATO som vart utvikla under den kalde krigen, må reformerast om alliansen skal kunne fylle denne rolla.

NATO svara raskt på den situasjonen som oppstod då muren fall. Allereie i 1991 vart landa i Sentral- og Aust-Europa gjennom Det nordatlantiske samarbeidsrådet (NACC) gitt eit forum for tryggingspolitiske drøftingar med dei allierte. Same året vart eit nytt strategisk konsept utvikla. På toppmøtet i januar 1994 oppretta allierte stats- og regjeringssjefar Partnarskap for fred, samstundes med at dei slo fast at NATO var open for nye medlemmer blant dei nye demokratia i aust.

1996 var eit viktig år i omstillingsprosessen for NATO. Utanriks- og forsvarsministrane la på sine møte i juni og desember eit godt grunnlag for det vidare arbeidet fram mot toppmøtet i Madrid i juli 1997. På junimøta var det særleg merksemd kring spørsmål knytte til den framtidige militære organisasjon og til ønsket om at ei sterkare europeisk rolle i NATO. Her var det mellom anna semje om at ein meir synleg europeisk tryggings- og forsvarspolitisk identitet skulle byggjast innanfor NATO. På desembermøtet dominerte spørsmål knytte til NATOs tilhøve til partnarlanda. Ministrane vedtok då å rå til at stats- og regjeringssjefane skulle møtast til eit nytt toppmøte året etter, der alle spørsmåla knytte til omformingsprosessen skulle handsamast.

Etter desembermøta til utanriks- og forsvarsministrane var det naturleg nok størst merksemd kring tilrådinga om at toppmøtet også skulle invitere "eitt eller fleire" land til medlemskapstingingar. Det vart ikkje sagt noko om kven dette skulle vere.

Vedtaket kom etter at NATO hadde drøfta saka inngåande gjennom heile 1995 og 1996. Etter meir enn eit halvt års arbeid offentleggjorde NATO i september 1995 ein studie om utvidingsspørsmålet. Studien analyserte prinsipp og føresetnader for utvidinga. I 1996 vart denne studien følgd opp gjennom ein omfattande og individuell dialog med interesserte partnarland. Siktemålet med dialogen var å gi partnarane ei betre forståing av kva medlemskap ville innebere, og dei allierte meir kunnskap om kva potensielle nye medlemmer ville tilføre NATO.

Det var brei semje om at toppmøtet i 1997 ikkje skulle vere eit utvidingstoppmøte. Alle spørsmåla knytte til omformingsprosessen må sjåast i ein større samanhang. Utvidinga er berre eit aspekt av tilhøvet mellom NATO og partnarlanda, og dette kan igjen ikkje sjåast isolert frå arbeidet med å restrukturere den militære organisasjonen i NATO.

Frå norsk side har ein sterkt streka under at utvidinga ikkje måtte føre til nye skiljeliner i Europa. Det har vore brei semje om dette. Alle land som ønskjer det, må ha høve til å etablere eit nært samarbeid med NATO. Det vart derfor i 1996 gjort vedtak om at Partnarskap for fred skulle styrkjast. Det skulle bli meir operativt, og partnarane skulle få ei større rolle i utforming og gjennomføring av samarbeidsaktivitetane. Arbeidet skulle vere sluttført til toppmøtet i 1997.

Samstundes vart det utover i 1996 meir og meir klårt at det etter kvart særs omfattande praktiske samarbeidet i PFP vanta eit politisk aspekt. NACC-samarbeidet, der alle 16 NATO-landa og etter kvart 23 partnarland tok del, fylte ikkje denne rolla. NACC mangla den dynamikken som særprega PFP. Konsultasjonane mangla ofte substans og engasjerte ikkje.

Om hausten tok den amerikanske utanriksministeren Warren Christopher til orde for å skipe eit Atlantisk partnarskapsråd (Atlantic Partnership Council, APC). Dette rådet skulle samle alle PFP-landa i eit nytt forum for tryggingspolitiske drøftingar. Eit stort fleirtal av dei allierte støtta framlegget frå Christopher. I APC såg ein konturane av ein ny og samlande politisk overbygnad over PFP-samarbeidet. På utanriksministermøtet i desember var det semje om å gå vidare med den amerikanske ideen. I tråd med den nye tenkinga kring rolla til partnarane vart det vedteke at konseptet skulle utviklast i samråd med PFP-landa. Ministrane sette som mål at saka skulle vere ferdig handsama i tide til å bli lansert året etter anten på utanriksministermøtet i mai eller på toppmøtet i juli. Når APC blir oppretta, skal NACC leggjast ned.

Frå norsk side støtta ein både framlegget om eit styrkt PFP og eit nytt forum for politiske konsultasjonar. Under arbeidet med desse sakene vart det frå norsk side streka under at begge ville fungere best om ein no gav større rom for regionale samarbeidsaktivitetar og regionale konsultasjonar.

På grunn av sin storleik og si tryggingspolitiske vekt står Russland i ei særstilling blant partnarane. Dette har blant anna synt seg ved at NATO og Russland har utvikla eit samarbeid også ut over det som finst i PFP, og at russiske utanriks- og forsvarsministrar jamleg har møtt sine allierte kollegaer i såkalla 16 + 1-møte i samband med ministermøta i Rådet. I 1996 mogna tanken om å inngå eit charter med Russland om samarbeidstilhøvet. Ideen var at eit slikt charter kunne formalisere samarbeidet og gi det ei brei og forpliktande plattform. Det var lenge uvisst om Russland var interessert i eit slikt dokument. Den russiske motstanden mot utvidinga og valkampen i Russland våren og forsommaren 1996, og etterpå president Jeltsins sjukdom, gjorde at det ikkje var mogleg å få fortgang i saka.

Etter grundige interne drøftingar og nye signal frå russisk side gjekk dei allierte utanriksministrane likevel ut med saka i kommunikeet frå møtet sitt den 10. desember. Her var føremålet med eit charter og grunntrekka i innhaldet streka opp. Det skulle etablerast eit strategisk partnarskap med Russland, og landet skulle få betre høve til å gjere sitt syn gjeldande i tryggingspolitiske spørsmål. Samstundes gjorde utanriksminstrane i kommunikeet frå møtet det klårt at utviding ikkje ville føre til utplassering av kjernevåpen i nye medlemsland. Dette gjorde sitt til å få framgang i saka, og rett over nyttår gjekk generalsekretær Solana og utanriksminister Primakov i gang med drøftingar om korleis charteret skulle utformast. Frå alliert side såg ein det som viktig at tilhøvet til Russland fekk like stor merksemd og framdrift som utvidinga og styrkinga av PFP. Tilhøvet til Russland var ein viktig del av dei nye band mellom alliansen og landa i Sentral- og Aust-Europa.

Også i 1996 var konflikten i det tidlegare Jugoslavia ei viktig sak for NATO. IFOR-operasjonen vart særs vellukka. Krigshandlingane vart stogga, men operasjonen fekk dimensjonar som peika ut over det mandatet han hadde fått. Gjennom IFOR stod NATO fram i den nye rolla som krisehandterar med mandat frå FN. Operasjonen synte også at PFP-samarbeidet hadde bore frukter sidan allierte og partnarar no kunne verke saman under felles kommando. Ikkje minst hadde den russiske deltakinga stor verdi. Den norske styrken gjekk saman med nordiske og polske kontingentar i ein nordisk-polsk brigade.

IFOR hadde mandat til å stå i Bosnia i eitt år. Seint i 1996 vart mandatet fornya. Styrken vart redusert og gitt namnet SFOR (Stabilization Force). Namnebytet reflekterte ei viss endring i oppgåvene til styrken. Hovudvekta ligg no på stabilisering av den militære situasjonen i Bosnia.

Då Frankrike føre jul i 1995 annonserte at landet var budd på å revurdere tilhøvet sitt til det militære samarbeidet i NATO, vart det fortgang i arbeidet med dei interne organisatoriske reformene. Frankrike streka under at vidare reformer var ein føresetnad for den nye franske politikken. I første rekkje måtte dei europeiske allierte få ei større rolle i det militære samarbeidet. Den nye franske politikken la grunnlaget for vedtaket på utanriksministermøtet i Berlin i juni om at den europeiske tryggings- og forsvarspolitiske identiteten skulle utviklast innanfor NATO.

Vedtaket har fått mykje å seie for tilhøvet mellom NATO og VEU. VEU si rolle vart klårare definert, og ein kunne no ta til med å utforme prosedyrar for når og korleis VEU kunne låne NATO-ressursar i krisehandteringsoperasjonar der NATO ikkje ønskte å engasjere seg.

Dette arbeidet avdekte usemje om kva status dei assosierte medlemmene i VEU skulle ha i førebuing og gjennomføring av operasjonar som vart gjennomførte med NATO-ressursar. Frå norsk, tyrkisk og islandsk side stod ein fast på at dei då måtte ha rettar på lik line med dei andre. Dei fleste VEU-landa var samde i at dette var eit rimeleg krav. Ved utgangen av 1996 var likevel saka framleis uløyst.

* * *

NATO-samarbeidet er fundamentet i norsk tryggingspolitikk. For Noreg er det derfor viktig at NATO held ved lag den sterke posisjonen alliansen no har. Dette er berre mogleg om NATO tilpassar seg den endra tryggingspolitiske situasjonen i Europa. Frå norsk side har ein følgjeleg støtta det reformarbeidet som no går føre seg i NATO både når det gjeld dei organisatoriske sakene og når det gjeld tilhøvet til partnarland.

Frå norsk side har ein samstundes streka under at tilpassinga ikkje må svekkje evna til kollektivt forsvar eller andre kjernefunksjonar. Dei transatlantiske banda må heller ikkje svekkjast.

Noreg tek aktiv del i NATO sitt arbeid for å skape eit nytt, tryggare og meir stabilt Europa. Etter norsk syn er det i dette arbeidet viktig at alle høve til å knyte partnarlanda nærare til NATO blir utnytta. Utviding av alliansen står sentralt i denne samanhangen. Utvidinga vil bidra til auka stabilitet i Sentral- og Aust-Europa. Gjennom utvidinga stettar ein også mange av dei djuptfølte tryggingspolitiske behova i denne regionen. Alternativet til NATO-utviding kunne bli renasjonalisering av forsvaret i desse landa, auka forsvarsutgifter og oppretting av regionale alliansar. Ei slik utvikling kunne føre til mindre stabilitet og auka fare for konfliktar.

Nokre land er allereie no kvalifiserte til fullt medlemskap. Andre vil måtte vente og må i mellomtida trekkjast med i samarbeidet på anna vis. Utvidinga må vere ein kontinuerleg prosess som ikkje blir avslutta etter toppmøtet i Madrid.

Tilhøvet til Russland må ha høg prioritet. På norsk side er ein overtydd om at tryggleiken i Europa berre kan bevarast gjennom eit praktisk og politisk samarbeid som gjer NATO og Russland til verkelege partnarar. Tilhøvet til dei baltiske statane er òg særs viktig. Eit overordna mål for Noreg er at tryggleiken til dei baltiske statane ikkje blir svekt. Eit styrkt PFP vil vere det viktigaste instrumentet frå NATO si side. Gjennom dette samarbeidet vil ein også kunne styrkje kontaktane med land som ikkje ønskjer medlemskap i NATO, men som ønskjer eit praktisk og nært samarbeid med alliansen, til dømes Sverige og Finland.

1.1 DET POLITISKE SAMARBEIDET

I 1996 var dei politiske konsultasjonane prega av den eksterne og interne tilpassingsprosessen alliansen er inne i. Med den eksterne tilpassinga forstår ein mellom anna utvidingsprosessen, arbeidet med å styrkje Partnarskap for fred, skipinga av eit nytt overordna samarbeidsorgan kalla APC (Atlantic Partnership Council), og tilhøvet til Russland. Den interne tilpassinga gjeld særleg kommandostrukturen og utviklinga av CJTF-konseptet (fleirnasjonale og utskilbare styrkeeiningar), dessutan korleis kommandostrukturen og CJTF i auka grad kan styrkje den europeiske tryggings- og forsvarspolitiske identiteten (ESDI). Arbeidet i Alliansen var òg prega av konsultasjonane om den NATO-leidde fleirnasjonale IFOR-operasjonen i Bosnia, og av arbeidet med å auke evna til å handtere ikkje-artikkel 5-oppgåver, som fredstrygging og krisehandtering.

Spørsmålet om utviding av NATO har stått i fokus for allierte drøftingar sidan toppmøtet i Brussel i 1994. I 1995 la NATO fram ein studie om dette spørsmålet. Med utgangspunkt i denne studien førte alliansen i 1996 ein intensiv og individuell dialog med 13 interesserte partnarland i tre samtalerundar. Det vart utarbeidd ein rapport om dialogen til utanriksministermøtet i desember 1996.

På utanriksministrane sitt desembermøte vart det vedteke å rå til at dei allierte stats- og regjeringssjefane skulle møtast til eit nytt toppmøte året etter. Møtet skal haldast i Madrid den 8. og 9. juli 1997. På dette møtet skal ein invitere eitt eller fleire interesserte land til medlemskapstingingar. Målsetjinga er at medlemskapet skal ta til å gjelde før 50-årsjubileet for NATO i 1999. Utanriksministrane stadfesta at alliansen vil vere open for nye medlemmer også etter Madrid-toppmøtet. Dette var eit viktig signal til dei partnarlanda som ikkje kjem med i første omgang.

Det er brei alliert semje om at alle land må ha høve til å knyte seg nært til samarbeidet i NATO, også dei som av ulike årsaker ikkje vil bli medlemmer. Eit anna viktig vedtak på utanriksministermøtet i desember var derfor at arbeidet med ei vidare utbygging av PFP skulle forserast, slik at eit kvalitativt nytt PFP kunne vere klart innan toppmøtet. Det nye PFP skal bli meir operativt og partnarane skal få ei større rolle i utforming og gjennomføring av dei ulike samarbeidsaktivitetane. Samstundes var det semje om at det etter kvart særs omfattande samarbeidet med partnarlanda vanta ein politisk dimensjon. Utanriksministrane tok derfor initiativ til å opprette eit nytt organ, eit Atlantic Partnership Council (APC). Ideen er at dette rådet skal fungere som ein samlande politisk overbygnad over det praktiske samarbeidet. Konsultasjonsmekanismane i APC skal vere fleksible og gi rom for både plenumsdiskusjonar og drøftingar i meir avgrensa grupper. Oppretting av APC vil innebere at Det nordatlantiske samarbeidsrådet (NACC) blir lagt ned, og at APC tek over dei samarbeidsaktivtetane som ligg under NACC. Frå norsk side har ein støtta framlegget om å skipe eit nytt organ for politiske konsultasjonar mellom dei allierte og partnarlanda.

Samarbeidet med dei tidlegare Warszawapakt-landa i NACC var inne i sitt femte år i 1996. NACC har fungert som ei ramme kring hyppige konsultasjonar mellom dei allierte og dei nye partnarlanda og har vore med på å skape tillit og opne haldningar. I 1996 var situasjonen i det tidlegare Jugoslavia og den fleirnasjonale styrken i Bosnia (IFOR/SFOR), der fleire partnarland deltek, blant dei viktigaste sakene som vart drøfta. Ein følgde også opp drøftingane om tiltak for å styrkje "gode grannetilhøve", og mange partnarland orienterte om nasjonale tiltak som til dømes grenseavtaler, minoritetsrettar og regionalt samarbeid.

Partnarskap for fred (PFP) har som overordna mål at ein gjennom eit utvida og intensivert politisk og militært samarbeid i Europa skal auke stabiliteten og fremje dei demokratiske ideala. I 1996 vart det halde 16 militære øvingar innanfor PFP-ramma. Målet er å utvikle styrkar som er i stand til å operere saman med styrkane til medlemslanda i alliansen. Den fleirnasjonale styrken i Bosnia (IFOR/SFOR) er det første dømet på ein slik operasjon. Til no har 27 partnarland slutta seg til Partnarskap for fred.

Det er eit viktig mål for dei allierte å engasjere Russland i eit aktivt og konstruktivt samarbeid med NATO, både i og utanfor NACC og PFP. Hausten 1996 kom det fart i tenkinga kring ei meir vidtrekkande samarbeidsordning med Russland i form av eit politisk bindande charter. Tanken om eit slikt charter vart formelt fremma av dei allierte utanriksministrane i desember 1996. I charteret skulle ein gjere greie for dei prinsippa som skulle liggje til grunn for samarbeidstilhøvet, ein skulle definere kva slags saker samarbeidet særleg skulle omfatte, og ein skulle etablere eit sams konsultativt råd for konsultasjonar om spørsmål av felles interesse.

Frå russisk side har ein særleg vore uroleg for at utviding av NATO skulle føre til militær oppbygging i dei nye medlemslanda. Ein hevda òg at kjernevåpen kunne bli utplasserte. Som svar på denne russiske uroa vedtok utanriksministrane på desembermøtet sitt at dei allierte ikkje har nokon intensjon, plan eller grunn til å utplassere kjernevåpen på territoriet til nye medlemsland, og at ein heller ikkje ser nokon trong til å gjere dette i framtida.

Denne fråsegna var godt motteken på russisk side og gjorde sitt til at det vart framgang i spørsmålet om eit charter. På 16 + 1-møtet med Russland same dagen sa utanriksminister Primakov seg samd i å ha ein brei dialog med NATO om eit samarbeidscharter. Tingingane tok til rett over nyttår i 1997.

Frå norsk side har ein lagt særs stor vekt på tilhøvet mellom NATO og Russland. Ein har peika på at Russland er overmåte viktig for den tryggingspolitiske situasjonen i Europa, og at tryggleiken og stabiliteten i Europa berre kan aukast i samarbeid med Russland. Noreg har derfor hevda, og dette synet har det vore brei semje om, at NATO måtte utvikle tilhøvet til Russland parallelt med utvidingsprosessen, og med like stor energi.

Utsiktene til full fransk og spansk deltaking i den integrerte militære strukturen til NATO gjorde det naudsynt å greie ut kommandostrukturen på nytt. Det var likevel òg andre tunge omsyn som låg bak den breie semja om å revidere og straumlineforme strukturen. Økonomiske omsyn og ønsket om innsparingar stod sentralt for mange. Nye oppgåver (ikkje-artikkel 5-operasjonar) og gjennomføringa av CJTF, som også skulle omfatte mobile hovudkvarter og ei operativ rolle for VEU, var òg ein viktig grunn. Ein måtte dessutan ta omsyn til planane om å ta opp nye medlemsland. På utanriks- og forsvarsministermøta i Berlin i juni fekk militærkomiteen i oppgåve å halde fram med arbeidet med å greie ut korleis ein ny kommandostruktur kunne vere. Dette arbeidet heldt fram i heile 1996, og eit førebels resultat vart lagt fram for ministrane i desember. Arbeidet med den militære omforminga ( Long-Term Study) held fram i 1997.

Vedtaket om å etablere eit opplegg for fleirnasjonale og utskilbare styrkeeiningar (Combined Joint Task Forces - CJTF) vart gjort på toppmøtet i 1994. På ministermøtet i Berlin i juni 1996 fekk ein eit politisk gjennombrot i denne saka. Den militære utgreiinga om korleis CJTF-konseptet skal gjennomførast, vart utført hausten 1996. CJTF-konseptet inneber at NATO på førehand peikar ut og klargjer mobile kommando- og kontrollelement ved eitt eller fleire av sine permanente og stasjonære hovudkvarter. I tillegg identifiserer alliansen, både kollektivt og på nasjonalt nivå, ulike mobile militære einingar som kan inngå i fleirnasjonale skreddarsydde styrkepakkar frå fleire forsvarsgreiner ved behov. I ei eventuell krise der det ikkje er relevant å nytte den stasjonære kommandostrukturen til NATO, det vil primært seie ikkje-artikkel 5-operasjonar, vil det kunne skipast hovudkvarter og skreddarsydde militære styrkepakkar der det er behov for dei. Ein slik CJTF-operasjon utanfor det geografiske ansvarsområdet for NATO krev eit internasjonalt mandat frå FN eller OSSE.

CJTF vil kunne nyttast i reine NATO-operasjonar, i VEU-operasjonar, eller dei kan stillast til disposisjon for ad hoc-koalisjonar der også partnarland kan ta del, slik som i Bosnia. Ved at CJTF-hovudkvarter og andre tilknytte NATO-ressursar skal kunne stillast til disposisjon for VEU, tek ein sikte på at VEU skal kunne ta ansvar for europeisk leidde operasjonar i situasjonar der NATO ikkje ønskjer eller finn det naturleg å involvere seg. Alle dei ti fulle medlemslanda i VEU er òg medlemmer i NATO. Såleis er det tale om å nytte sameinte allierte ressursar på ein ny og meir fleksibel måte. Samstundes vert det mogeleg for VEU å sette i verk og leie europeiske operasjonar utan å måtte etablere eigne militære strukturar på sida av NATO.

Toppmøtet i NATO i 1994 stadfesta VEU si rolle i utviklinga av den europeiske pilaren i NATO. Samstundes er VEU forsvarskomponenten i EU, slik det vart skriven inn i traktaten om Den europeiske unionen i Maastricht. Petersberg-fråsegna frå juni 1992 tek til orde for at VEU i særleg grad skal kunne ta del i krisehandsaming, redningsoperasjonar, humanitære operasjonar og fredsbygging og peika såleis på ei viss arbeidsdeling mellom NATO og VEU. I artikkel 5-situasjonar, dvs. ein situasjon der det blir gjort åtak på ein av medlemmene i alliansen, vil NATO vere den einaste garantisten for alliert tryggleik. I samband med ikkje-artikkel 5-situasjonar vil VEU kunne gjennomføre operasjonar i første rekkje med mandat frå FN eller OSSE, og i samsvar med prinsippa i FN-pakta og OSSE. VEU kan òg handle på oppdrag frå EU (jf artikkel J.4.2 i Maastrichttraktaten).

Arbeidet med å utforme den europeiske forsvarsidentiteten (ESDI) sette sitt preg på samarbeidet mellom NATO og VEU i 1996. NATO vedtok på ministermøtet i Berlin i juni å la VEU trekkje på NATO-ressursar i visse krisehandteringssituasjonar som NATO sjølv ikkje ønskjer å engasjere seg i. Slik kan sameinte ressursar nyttast på meir fleksibelt vis. Med NATO-ressursar meiner ein mellom anna hovudkvarter, transportkapasitet, kommunikasjonsmiddel, etterretningskapasitet og militær planlegging. VEU-rådet vil ha politisk kontroll og strategiske leiing med slike operasjonar. VEU har utarbeidd døme på militære operasjonar ein kan tenkje seg å gjennomføre med bruk av NATO-ressursar. NATO er beden om å setje opp planar for slike operasjonar. VEU skal òg, i samarbeid med NATO, leggje fram eit innspel til dei generelle retningslinene for forsvarsplanlegginga i NATO. Arbeidet på desse områda og andre held fram. Mellom dei spørsmåla som må avklarast, er kva for rettar dei assosierte medlemmene skal ha i VEU når det gjeld planlegging og gjennomføring av VEU-operasjonar som nyttar NATO-ressursar. Frå norsk hald har ein understreka at i slike tilfelle må alle europeiske NATO-allierte ha høve til å ta del i verksemda i VEU på like fot med dei andre NATO-landa i organisasjonen, dvs. dei fulle medlemmene. Spørsmålet vart ikkje avklåra i 1996.

Noreg har vore med i VEU-samarbeidet sidan 1992, sjølv om den assosierte medlemskapen vart formalisert først i 1995. Den assosierte medlemskapen i VEU gir Noreg innsyn i VEU sitt virke og samstundes høve til å fremje eigne synspunkt og hevde nasjonale interesser. Det gir likeins høve til å ta del i VEU-operasjonar innanfor fredstrygging, humanitære aksjonar og krisehandtering.

Samarbeid om fredstryggjande verksemd har vore eit viktig emne i NACC etter at ein i februar 1993 vedtok å skipe ei eiga ad hoc-gruppe med oppgåve å studere korleis ein kunne førebu felles fredstryggjande operasjonar for FN eller OSSE. IFOR-operasjonen i det tidlegare Jugoslavia er eit konkret og viktig døme på den nye typen krisehandteringsoppgåver NATO er budd på å utføre etter at den kalde krigen tok slutt. Det er semje i alliansen om at det er ein føresetnad at operasjonane har mandat frå FN eller OSSE.

Den NATO-leidde IFOR-operasjonen "Joint Endeavour" i Bosnia er den største militære operasjonen i Europa på 50 år. Den var òg den første militære bakkeoperasjonen NATO nokon gong hadde gjennomført. Det var vidare første gongen alliansen hadde bakkestyrkar utplasserte utanfor sitt eige område. Vidare var det første gongen NATO arbeidde saman med partnarland, inkludert Russland, og andre land utanfor alliansen i ein felles operasjon. Alle dei 16 NATO-landa var involverte i IFOR-styrken saman med 18 land utanfrå alliansen. IFOR-operasjonen omfatta på det meste om lag 60 000 soldatar. Det norske bidraget var på om lag 1000 mann. Desse var ein del av ein nordisk-polsk brigade omkring Tuzla nord i Bosnia.

IFOR-operasjonen medverka til implementeringa av fredsavtala på fleire område. Først og fremst sørgde IFOR for at krigshandlingane ikkje vart tekne opp att, at styrkar og våpen vart trekte bort frå dei militære separasjonssonene, og at avtaleregulerte våpenkategoriar vart demobiliserte og plasserte i godkjende lager. IFOR medverka til å betre rørslefridomen i Bosnia og har støtta det sivile gjenreisingsarbeidet i regi av Høgrepresentanten, OSSE, den internasjonale politistyrken (IPTF), UNHCR, Krigsforbrytartribunalet (ICTY) og andre sivile organisasjonar. Det er særleg grunn til å trekkje fram den støtta IFOR gav til OSSE-planlegginga og gjennomføringa av dei nasjonale og regionale vala i september 1996.

Dei allierte var også i 1996 i hovudsak samstemde om kva rolle NATO skulle ha i iverksetjinga av fredsavtala for Bosnia. I arbeidet om hausten med dei politiske retningslinene for etterfølgjaren til IFOR, SFOR, var det i nokon mon ulikt syn på kva SFOR skulle kunne støtte eller utføre i gråsona mellom militære og sivile oppgåver. Noreg er av dei land som klårast har lagt vekt på at SFOR, i den grad ein har kapasitet til det, skal kunne nyttast til støtte i gjennomføringa av dei sivile elementa i fredsavtala.

Avtala om konvensjonell nedrusting i Europa, CFE, vert ofte omtala som ein hjørnestein i den europeiske tryggingspolitikken. CFE har dei seinaste åra stått heilt sentralt i det arbeidet NATO gjer på rustingskontrollfeltet. Tilsynskonferansen for CFE i Wien i mai 1996 handsama flankesaka og andre uløyste implementeringsspørsmål. Ein drøfta òg korleis CFE kunne tilpassast den nye situasjonen i Europa. Som ledd i dei allierte drøftingane om desse spørsmåla utover våren vart det i april 1996 halde eit HLTF-seminar i Oslo som førte allierte posisjonar nærare kvarandre. HLTF vart ferdig med eit forslag til retningsliner for tilpassinga av CFE-avtala i oktober, og framlegget danna grunnlag for drøftingane i Wien. Utover hausten vart det stadig klårare at Russland ville leggje særs stor vekt på resultata av tilpassinga av CFE i samband med utviklinga av forholdet til NATO og utvidinga av alliansen. Dette kom til å prege arbeidet med desse spørsmåla i alliansen. I samband med OSSE-toppmøtet i Lisboa aksepterte dei allierte å starte tingingar om ei tilpassing av CFE-avtala i januar 1997. Russland vonar mellom anna at dette kan leggje rettsleg bindande avgrensingar på NATOs høve til å ha konvensjonelle våpen i dei nye medlemslanda.

Det har dei siste åra skjedd ein monaleg reduksjon av dei strategiske kjernevåpenarsenala. Dei viktigaste sakene i 1996 har vore gjennomføring av START I-avtala og spørsmålet om ratifisering av START II på russisk side. Gjennomføringa av START I gjekk i 1996 etter planen. Både USA og Russland ligg føre skjema med omsyn til å kome ned til avtalt nivå. Det er òg gledeleg å kunne konstatere at alle dei tidlegare sovjetiske kjernevåpna no er samla i Russland. Med iverksetjinga av START I var den formelle hindringa for ratifisering av START II fjerna. START II vil vere eit vesentleg bidrag til strategisk stabilitet gjennom ytterlegare reduksjonar. I 1996 vart det likevel klårt at utsikta til iverksetjing av START II var meir uviss. Uvissa ligg i første hand på russisk side. Frå amerikansk hald vart avtala ratifisert i Senatet i januar 1996. Den russiske Dumaen har ikkje gjort det same.

Dei allierte stats- og regjeringssjefane definerte på toppmøtet i Brussel i januar 1994 spreiing av masseøydeleggingsvåpen som eit trugsmål mot den internasjonale tryggleiken og vedtok derfor at det skulle utarbeidast ein omfattande handlingsplan for korleis spreiing av masseøydeleggingsvåpen kan stoggast. Den overordna målsetjinga for NATO er å demonstrere for potensielle aggressorar at ein ikkje kan nytte masseøydeleggingsvåpen som pressmiddel mot dei allierte, og å syte for at dei allierte tryggjer handlefridomen sin om slike våpen skulle kome i hendene på aggressive statar eller terroristar. Alliansen vil halde fram med å arbeide for at den allierte styrkestrukturen skal kunne handsame trugsmål om bruk av masseøydeleggingsvåpen. Derfor har det vorte arbeidd for at nasjonane også skal ta med tiltak mot slike våpen i forsvarsplanane sine.

Avtala om opne luftrom (Open Skies) vart underskriven i Helsingfors i mars 1992, men har enno ikkje teke til å gjelde. Vestleg koordinering av opne luftrom-aktivitetar går føre seg i VEU. Frå juli 1996 tek Noreg del i dette VEU-samarbeidet med fulle rettar.

1.2 FORSVARSSAMARBEIDET

Alliansen har i 1996 halde fram med arbeidet med ein ny styrkestruktur. Som ei naturleg følgje av dei endra tryggingspolitiske tilhøva i Europa har allianselanda halde fram med å redusere og omprioritere forsvarsbudsjetta sine. Som ein konsekvens av dei reduserte nasjonale forsvarsbudsjetta og omprioriteringane vil det i framtida kunne bli større konkurranse om dei gjenverande forsterkingsstyrkane. Dette vil kunne få konsekvensar for Noreg i ein krise- eller krigssituasjon. Såleis varsla Canada på slutten av 1994 at landet ikkje lenger vil bidra til den samansette NATO-styrken (NATO Composite Force - NCF), som er øyremerkt for forsvaret av Noreg. Ein arbeider no med å finne erstatning for det kanadiske bidraget.

For første gong på tretti år møttest forsvarsministrane på rådsnivå i Brussel 13. juni 1996. I desse tretti åra har ikkje Frankrike vore med på forsvarsministermøta. Denne historiske hendinga syner at alliansen står samla om dei felles utfordringane NATO må løyse.

Forsvarsministrane ba NATO om å halde fram med iverksetjinga av CJTF-konseptet, og særskilt om å bli samde om tal, storleik og struktur på hovudkvartera. Partnarlanda burde òg få høve til å delta i CJTF. Ministrane ba dessutan om at denne verksemda vart koordinert med VEU. Ministrane var samde om å opprette fleire komitear som kunne gi NATO-rådet og militærkomiteen råd i arbeidet med CJTF.

Ministrane var òg samde om å be militærkomiteen halde fram med arbeidet med langtidsstudien, som særskilt tek for seg kommandostrukturen. Dei var dessutan samde om å gå gjennom prosedyrane for forsvarsplanlegginga i NATO. Ei av målsetjingane var å setje NATO betre i stand til å støtte VEU-leidde operasjonar.

Forsvarsministrane var særs nøgde med innsatsen til dei allierte styrkane i Bosnia, og lova å halde fram med å støtte operasjonen. Ministrane la òg vekt på arbeidet med å hindre spreiing av masseøydeleggingsvåpen og på sikring av styrkar i felt mot slike våpen.

Samstundes hadde forsvarsministrane møte i Defence Planning Committee (DPC) innanfor 15-landsramma, utan fransk deltaking. Her vart ulike sider ved forsvarsplanlegginga debattert. Planlegginga hadde vist seg vellukka i den NATO-leidde operasjonen i Bosnia, og PFP-programmet hadde forenkla arbeidet med å innlemme partnarland i operasjonen.

Også innanfor ramma av Nuclear Planning Group (NPG) møttest forsvarsministrane i 15-landsformat. Hovudsakene var vidareføring av arbeidet for sikring av kjernevåpen og betring av overlevingsevna til både våpen og leveringsmiddel. Forsvarsministrane streka på nytt under atomvåpna si politiske rolle. Mengda av kjernevåpen blir stadig skoren ned, og varslingstida for styrkar som er sette opp med kjernevåpen, er endra. Ministrane uttrykte sterk støtte til arbeidet med å ratifisere START II og til avtala om universell og verifiserbar prøvestans. Arbeidet med å hindre spreiing av masseøydeleggingsvåpen til nye statar eller ikkje-statlege aktørar er særs viktig. Militær beredskap til å møte bruk av eller trussel om bruk av masseøydeleggingsvåpen som eit resultat av spreiing er eit viktig aspekt ved NATO-tilpassinga til ein ny tryggingspolitisk situasjon.

Noreg arrangerte hausten 1996 eit uformelt forsvarsministermøte i Bergen. Møtet vart vellukka. Ministrane vart samde om å planleggje for framhald av den NATO-leidde militære operasjonen i Bosnia. Kommandostrukturen og tilhøvet til Russland vart også drøfta, men utan at dei vart samde om særskilde tiltak.

Forsvarsministermøta hausten 1996 vart prega av semje om nye tiltak for å leggje tilhøva til rette for eit seinare vedtak om utviding av alliansen. Noreg arbeidde for semje om landsstudiar med vekt på militære og ressursmessige implikasjonar av ei utviding. Elles vart møta prega av den manglande semja mellom Frankrike og USA om kommandostrukturen, og av at ein i VEU ikkje makta å einast om statusen til dei NATO-landa som ikkje er fulle medlemmer i VEU.

På forsvarsministermøta i desember understreka forsvarsminister Kosmo at ein på norsk side ikkje var heilt nøgd med arbeidet med kommandostrukturen. Kosmo peika på at den nye strukturen kunne bli dyrare og ikkje billegare enn den gamle. Kosmo framheva at den nye kommandostrukturen måtte vere innretta slik at NATO kunne planleggje, leie og iverksetje operasjonar frå ein liten regional konflikt eller ei lita regional krise, til eit storangrep mot NATO. Kvart hovudkvarter måtte samstundes ha kollektivt forsvar som si viktigaste oppgåve. NATO har ikkje råd til hovudkvarter som legg hovudvekta på andre oppgåver. Ein måtte heller ikkje få fleire konkurrerande hovudkvarter i eit og same området. Kosmo understreka at ein slankare kommandostruktur ville opne for reduserte kostnader, auka effektivitet og framhald av fellesfinansiering av alle hovudkvarter i kommandostrukturen.

Dei allierte forsvarsministrane hadde tre møte med den russiske forsvarsministeren i 1996. Sentrale tema på desse møta var den komande utvidinga av NATO og den vidare utvikling av samarbeidet mellom NATO og Russland.

Militærkomiteen er den øvste militære styresmakta i NATO og er sett saman av forsvarssjefane i dei medlemslanda som tek del i det integrerte militære samarbeidet. Frankrike har delteke fullt ut i saker som har med det tidlegare Jugoslavia å gjere, PFP og spreiing av masseøydeleggingsvåpen. Den franske utanriksministeren opna i desember 1995 for auka deltaking på militær side, og den franske liaisonordninga er no endra til ein vanleg militærmisjon til NATO. Den franske forsvarssjefen deltok for første gong på det allierte forsvarssjefsmøtet i april 1996, og Frankrike deltek no på lik line med dei andre medlemslanda i verksemda til militærkomiteen. I 1996 har militærkomiteen vore særleg aktiv i samband med NATO si rolle i det tidlegare Jugoslavia og i arbeidet med kommandostrukturen.

Samarbeidet i PFP har i løpet av tre år vorte særs omfattande både med omsyn til deltakarland og aktivitetsnivå. Både Russland og alle dei nordiske og baltiske landa er med i samarbeidet. Dette gjer det mogeleg å etablere nye samarbeidsrelasjonar i nord, og PFP kan dermed bli ei plattform for ei utviding av det nordiske tryggingspolitiske samarbeidet. PFP-øvingar med nordisk deltaking på nordisk territorium vil være eit viktig signal om vilje og evne til nytenking på dette området. Det blir lagt vekt på russiske deltaking i slike øvingar.

Noreg har i 1996 inngått bilaterale samarbeidsavtaler på forsvarsområdet med Polen og Ungarn. Desse avtalene kjem i tillegg til avtalene med Russland, dei baltiske statane og Den tsjekkiske republikken.

Til forsiden