St.meld. nr. 62 (1996-97)

Kringkasting og dagspresse 1996 m.v.

Til innholdsfortegnelse

3 Digital kringkasting

Departementet har fleire gonger orientert Stortinget om digital radio (Digital Audio Broadcasting - DAB), seinast i St. meld nr 12 (1996-97) Kringkasting og dagspresse 1995 m.v.

Utviklinga er no komen så langt at departementet meiner at det er nødvendig med ei noko meir detaljert utgreiing om digital kringkasting. I tillegg blir hovudprinsippa som bør leggjast til grunn for denne utviklinga presenterte.

3.1 DAB-teknologien

Arbeidet med å utvikle DAB har vore organisert som ein del av det europeiske forskingsprogrammet Eureka, og den endelege spesifikasjonen vart godkjend som europeisk standard i desember 1994. Norske aktørar har vore med i utviklinga og utprøvinga undervegs.

Digitalisering inneber at eit lydsignal først blir behandla elektronisk for deretter å bli gjort om til ein straum av tal eller bits, dvs til eintal og nullar. Det er denne datastraumen som blir overført. I det einskilde mottakarapparatet skjer den motsette prosessen for å gjenskape lydsignalet. Etterkvart vil DAB venteleg overta for FM og vere det dominerande radiosystemet langt inn i neste årtusen.

Teknisk sett er DAB einvegs digital overføring av data (datakringkasting).

Når ein talar om kapasitet innanfor DAB-systemet må ein tenkje annleis enn i høve til analog radio. I det analoge systemet disponerer ein radio t.d. ein frekvens. Heile kapasiteten som ligg i denne frekvensen blir nytta fullt ut, same kva for programtypar som blir sende. I digital radio reknar ein kapasiteten i høve til kor stor datastraum som blir send kvart sekund. Måleeininga for data er bit, og måleeininga for datastraumar er bit/s, altså bit i sekundet. For å overføre radio i dette systemet trengst det tusenvis av bit kvart sekund, og dette nemner ein til vanleg kbit/s (kilobit/s), altså antal tusen bit kvart sekund.

DAB har mange føremoner samanlikna med det analoge radiosystemet vi har no;

Høgare kvalitet

Ein digital radiomottakar er «intelligent» fordi han inneheld ein liten datamaskin. Denne maskinen gjer det mogeleg å gjenskape lyden med svært god kvalitet. Kvalitetsbetringa vil vere mest merkbar for bilradio. DAB-teknologien vil vere særleg eigna for Noreg. Dette heng saman med at kvaliteten på dei tradisjonelle analoge signala som kjent varierer med dei topografiske tilhøva rundt om i landet. Kvaliteten på dei digitale sendingane vert i langt mindre grad forstyrra av topografiske tilhøve.

Større fleksibilitet

Frekvensane for digital radio blir inndelt i «blokker». Kvar DAB-blokk har til saman ein datakapasitet på 2400 kbit/s. I ei DAB-blokk vil det vere plass til opp til 6 høgkvalitets stereoprogram. Kapasiteten kan nyttast til lydprogram og/eller data. I tillegg til eller i staden for lyd kan DAB-blokka innehalde fleire typar data. Talet på kringkastingsprogram som kan overførast i ei DAB-blokk vil vere avhengig av kva lydkvalitet ein ønskjer og kor mykje data som kan overførast i tillegg til lyden. For ein monosending trengst det frå 32 kbits/s og oppetter. For ein stereosending vil den vanlegaste bitfarta vere 192, 224 eller 256 kbits/s. Ein konsesjonær som disponerer ein overføringskapasitet på 224 bit/s svarande til ein«stereokanal», kan anten nytte denne til å sende eit program med stereokvalitet, eller velje å sende, t.d. på visse tider av døgnet, fleire parallelle program med lågare bitfart. Dette kan vere nyheiter, kommentarar, samtaleprogram, trafikkmeldingar eller musikk med mindre krav til lydkvalitet. DAB opnar såleis for fleksibilitet når det gjeld talet på program i den frekvenskapasiteten som står til rådvelde. Gjennom dette kan kringkastarane skreddarsy attraktive radiotilbod til forbrukarane.

Nye funksjonar

Digitalisering vil samstundes også gjere heilt nye funksjonar mogelege. I tillegg til lyd kan også tekst og bilete overførast og kvart digitalt mottakarapparat vil ha ei teiknrute som kan brukast til å ta i mot tilleggsinformasjon som til dømes namnet på kringkastaren, musikktitlar, namnet på utøvaren eller programtype. Mottakaren kan òg knytast til andre digitale apparat, som til dømes PC-ar. Tilknyting til ein PC opnar for interaktive løysingar. Til dømes vil ein via telenettet kunne be om å få spelt av siste nyheitssending eller ein bestemt melodi frå programselskapet sitt arkiv. Ei anna mogelegheit er at programselskapet kan gjere tekst og bilete tilgjengeleg som supplement til lydsignala. Dette vil gi tenester som minner om dei ein i dag får på CD-ROM og vil til dømes gjere undervisningsradio meir attraktivt for brukarane. Vidare kan brukarane, om dei ønskjer det, programmere sine mottakarar til heile tida å ta inn særskilte programkategoriar, til dømes nyheiter eller jazzmusikk. På noko lenger sikt ser ein for seg at DAB-mottakarar òg vil kunne ta imot e-post.

Større kanaltilbod

I tillegg vil overgangen til digital radio føre til at frekvenskapasiteten til radioformål over tid vil bli auka i høve til i dag. Når DAB er utbygd, sjå nedanfor pkt. 3.2, kan noverande FM-band nyttast til vidare utbygging av digitalradio. I ei overgangstid vil begge distribusjonsformene kunne nyttast.

3.2 Utbygging av eit jordbunde sendarnett for digital radio

DAB er utvikla som eit kringkastingssystem som kan brukast for jordbundne sendingar, kabel og satellitt. Norkring A/S har saman med NRK og P4 signalisert interesse for å byggje ut eit jordbunde sendarnett for digital radio i Noreg. Partane ønskjer dette mellom anna fordi dei meiner at korkje kabel- eller satellittløysingane vil gje fullgod dekkingsgrad. I tillegg viser dei til at mykje av radiolyttinga skjer i bilar og at jordbundne sendingar gir det beste tilbodet til mobile einingar.

Den norske styringsgruppa for forsøksverksemda med DAB starta opp i 1991. I forsøksperioden har det vore etablert eit frekvensnett med sendarar i Kongsberg, Oslo og Halden. Vidare har det vore etablert ein sendar på Reinsfjell på Nordmøre for forsøk og målingar i fjellterreng. I dag blir NRK sine program P1, P2, Petre, Alltid Klassisk og P4 overførte i både DAB og analogt.

Målet med forsøka har vore å vinne større røynsle både med DAB og med utstyret. Vidare har forsøka hatt som mål å studere dekkingsgraden for mobil og stasjonær mottaking under vanskelege topografiske vilkår og å gjennomføre demonstrasjonar.

Styringsgruppa for DAB har utarbeidd ein rapport om forsøksverksemda og konkluderer med at DAB er godt eigna for lydkringkasting til mobile og faste mottakarar i Noreg.

Førebels finst det berre få og særs kostsame DAB-mottakarar. DAB-mottakarar for kommersiell bruk i Europa vil truleg bli lagde fram for sal frå byrjinga av 1998. Dette vil vere kombinerte mottakarar som både kan ta inn DAB og FM. Ein reknar med at dei første private mottakarapparata vil bli nytta som bilradio.

Det er framleis mange usikre faktorar når det gjeld kostnadene for utbygginga av eit DAB-nett i Noreg. Førebelse utrekningar viser at ei utbygging med dekkingsgrad på 90 prosent vil kome på omlag 250 mill kroner. 95 prosent dekkingsgrad vil koste omlag 340 mill kroner og 99 prosent dekking vil koste 550 mill kroner. Fordi ei DAB-blokk kan innehalde fleire program, vil kostnadene per program bli lågare enn for eit FM-program. I første omgang er interessa størst for å byggje ut det riksdekkjande nettet. Denne utbygginga vil skje trinnvis. Først seinare vil det bli aktuelt å byggje ut regionblokkene.

Etter departementet sitt syn må det vere opp til kringkastingsselskapa sjølve å ta stilling til om dei vil satse på DAB-teknologien og eventuelt kva slags distribusjonsform som bør veljast. Dersom selskapa ser seg tente med et jordbunde sendarnett, må investeringene skje for utbyggjaren si eiga rekning og risiko.

I dag blir det stilt ulike krav til utbygging av dei riksdekkjande kanalane. P1 når ut til 99,9 prosent av innbyggjarane. P2 når ut til 98,6, medan Petre dekkjer 95,5. Til samanlikning har P4 ei dekking på 91,5 prosent av befolkninga. Med DAB vil alle kringkastarane i ei frekvensblokk måtte nytte den same infrastrukturen og ha same dekkingsgrad.

Kringkastingsselskapa må som nemnt sjølve avgjere om, og i tilfelle kor raskt utbygginga skal skje. Samstundes må forbrukarane sine interesser også ivaretakast. Departementet vil òg peike på radiosendingane si rolle i beredskapsmessig samanheng. Sendingane på FM kan derfor ikkje avviklast før ein har nådd ein tilfredsstillande grad av landsdekking. Departementet legg til grunn at det endelege målet skal vere ein dekkingsgrad tilsvarande den P1 har i dag.

I ei overgangstid må begge former for radiosendingar skje parallelt. FM-sendingar bør ikkje avviklast før ein rimeleg stor del av forbrukarane har skaffa seg DAB-mottakarar. Som tidlegare nemnt vil DAB-mottakarar for kommersiell bruk venteleg først bli lagde fram for sal frå byrjinga av 1998. Det er vanskeleg no å ha ei klår oppfatning om kor fort forbrukarane vil byte ut dei analoge mottakarane med digitale. Dette vil truleg mest avhenge av prisen på dei digitale mottakarane og av i kva grad forbrukarane meiner at slike apparat gjev dei tilgang til vesentleg betre tenester enn dei analoge apparata.

Departementet vil samstundes peike på at ei satsing på jordbundne digitale radiosendingar vil i overgangsfasen vere kostnadskrevjande for kringkastarane. Pris for leige av kapasitet vil verte fastsett gjennom tingingar mellom utbyggjaren og kringkastingsselskapa. Dersom det vert bygt eit sendarnett med 99 % dekkingsgrad, vil dette innebere at programselskapa venteleg må betale mellom 15 og 25 millionar kronar i året i leige for kapasitet tilsvarande ein fullverdig stereokanal. Som nemnt må programselskapa i nokre år måtte sende både over DAB og FM. Dette inneber at selskapa dei nærmaste åra vil pådra seg relativt tunge økonomiske belastningar. Det høyrer med i dette biletet at drifts- og vedlikehaldskostnadene i eit digitalt sendarnett vil vere lågare enn i eit analogt nett. Dette har igjen samanhang mellom anna med at dei digitale sendarane treng mindre straum og at dei ikkje må plasserast på fjelltoppar.

3.3 Fordeling av frekvenskapasiteten i DAB

DAB kan nyttast både til riksdekkjande, regionale og lokale sendingar. I juli 1995 var det ein frekvenskonferanse i Wiesbaden. Konferansen hadde som mål å utarbeide ein plan for tildeling av frekvensblokker for jordbunden digital lydkringkasting i Europa. Noreg fekk tildelt ei blokk til riksdekkjande sendingar og ei regional blokk til kvar av dei sju regionane Noreg vart inndelt i. Kvar av desse regionane dekkjer 2-4 fylke. Det kan samsendast i desse regionale blokkene, slik at dei i røynda blir ein riksblokk. I tillegg kan det bli fleire lokale blokker i avgrensa geografiske område. Dette vil avhengje av frekvensforhandlingar med våre granneland.

Det såkalla L-bandet (frekvensar rundt 1500 MHz) gir gode høve til dekking av mindre geografiske område og kan bli aktuelt til bruk for lokalradioformål. Kulturdepartementet har bede Samferdselsdepartementet om å arbeide for å sikre dette frekvensbandet til DAB i Noreg.

Det er enno ikkje klårt når ei eventuell utbygging av regionblokkene vil kunne starte opp. Nedanfor vil vi derfor i hovudsak fokusere på korleis kapasiteten i riksblokka bør fordelast.

P4 ønskjer å disponere ein kanal på 224 kbits/s i den riksdekkjande DAB-blokka. NRK har uttalt ønskje om å disponere resten av riksblokka. NRK ønskjer å leggje ut følgjande program i riksblokka; P1, P2, Petre, ein Innvandrarkanal og Sami Radio. I tillegg ønskjer NRK plass til tre programkanaler i alle regionblokkene, disponert for distriktssendingar, Alltid Klassisk og Alltid Nyheter.

Departementet ser det som rimeleg at dei nasjonale allmennkringkastarane NRK og P4 blir sikra kapasitet i DAB-systemet som i det minste svarar til den kapasiteten dei har i dag. Departementet foreslår derfor at NRK får disponere fire einingar kvar på 224 kbits/s i den riksdekkjande DAB-blokka. Dette vil gi nok kapasitet til å kunne oppretthalde det noverande riksdekkjande programtilbodet. I tillegg vil fleksibiliteten i DAB kunne gi NRK høve til å utvide programtilbodet. Storleiken på denne auken er avhengig av korleis den samla kapasiteten til ei kvar tid blir utnytta.

P4 bør få disponere 224 kbits/s. Dette vil kunne gi selskapet fleire mogelegheiter enn dei har med dagens teknologi. Departementet føreset at P4 aksepterer at andre kommersielle aktører får nytte DAB til riksdekkjande sendingar, og at selskapet er med på å finansiere ei utbygging som dekkjer heile befolkninga i Noreg. Eit løyve til P4 vil bli gitt m.a. på desse vilkåra.

Det er naudsynt å gje NRK og P4 lovnad om kapasitet for å sikre at det finnast interessentar som kan tinga kapasitet og gjennom det etablere eit økonomisk grunnlag for utbygginga. Utan ei slik tilsegn vil DAB-utbygginga venteleg verte forseinka.

Den resterande kapasiteten i riksblokka gir plass for noko over ein stereokanal. Departementet legg opp til at denne kapasiteten bør reserverast for andre aktørar, og at konsesjon vert tildelt etter offentleg utlysing. Også slike selskap må akseptere å vere med på å finansiere utbygging av sendarnettet til å dekkje heile befolkninga.

Når det ligg føre meir konkrete planar for utbygginga av dei regionale blokkane, vil departementet ta stilling til korleis kapasiteten i desse skal fordelast. NRK sine distriktssendingar vil utgjere naturlege deler i desse blokkane. I tillegg vil departementet leggje vekt på å undersøke dei tekniske og praktiske mogelegheitene for å plassere lokalradioar inn i dette biletet. Av omsyn til interessene til nærradioane tek ein óg sikte på raskast mogleg klargjering av L-bandet, sjå punkt 3.7.

3.4 Bruk av kapasitet til andre formål enn lydkringkasting

I tillegg til lyd kan DAB-systemet som nemnt ovanfor også brukast til å overføre andre typar data. Dette kan vere informasjon om programma som blir vist på ein eigen skjerm på mottakarane. I tillegg kan det vere datatenester som ikkje har noko med radiosendingane å gjere.

Departementet legg til grunn at DAB-kapasiteten i hovudsak skal nyttast til radioformål. Dette gjeld særleg på dei tidspunkt av døgeret der befolkninga høyrer mest på radio. Samstundes bør det ikkje innførast restriksjonar som legg hindringar for ein optimal utnytting av nettet. Til dømes vil det natterstid vere rom for å nytte delar av kapasiteten til andre formål enn radio. Etter departementet sin oppfatning bør det derfor ikkje vere eit absolutt krav at heile kapasiteten vert nytta til radioformål gjennom heile døgeret.

3.5 Multipleksar

Multipleksaren er den eininga som samlar lydprogram frå kringkastarane og eventuelle datatenester inn i ein digital straum, og leverer det samansette signalet til sendarnettoperatøren. For kvar DAB-blokk vil det vere ein multipleksoperatør. I praksis inneber dette at det vil vere ei operatør for for riksblokka og ein for kvar region.

Det er ulike måtar å administrere multipleksaren på. Til dømes kan han drivast av eit av programselskapa, av sendarnettoperatøren, eller av eit frittståande selskap. NRK ha signalisert ønskje om å vere multipleksoperatør for den riksdekkjande blokka. P4 har gjeve uttrykk for at selskapet på visse vilkår kan godta NRK som multipleksoperatør.

Ein legg til grunn at departementet skal fastsetje storleiken på overføringskapasiteten per konsesjonær og kor mykje som eventuelt kan nyttast til tilleggstenester (data). Det vil då ha mindre å seie kven som disponerer multipleksaren. Ein kan samstundes ikkje sjå bort frå at det framleis kan oppstå interessemotsetnader mellom programselskapa, til dømes med omsyn til disponering av kapasitet som ikkje nyttast for radioformål. Det er òg mogleg at ei løysing med NRK som operatør er den som best sikrar full nytting av fleksibiliteten i DAB-teknologien. Eit overordna omsyn må vere at løysinga som blir vald sikrar at operatøren av multipleksaren har tillit som nøytral instans hjå alle programselskapa, og at kringkastarane får nytte den kapasiteten dei er blitt tildelte.

Departementet vil i samråd med aktørane og telestyresmaktene fastsetje bruken av multipleksaren som ein del av sendingsløyvet, og eventuelt gjere framlegg om lovheimel til å fastsetje kven som skal vere operatør av multipleksaren.

3.6 Behovet for regulering av nettselskapet

Det selskapet som får konsesjon for utbygging av eit DAB-nett, vil i røynda få ei monopolstilling. Programselskapa vil i praksis ikkje ha andre alternativ med omsyn til distribusjon av digitale radiosignal enn å nytte selskapet sitt nett. Vanlegvis vil det vere aktuelt å innføre ei eller anna form for regulering av slike monopol, for å hindre at monopolet misbruker denne rolla til å krevje urimelege priser for leige av kapasitet.

Kulturdepartementet vil førebels ikkje tilrå at det blir innført offentleg regulering av dei kommersielle vilkåra for eit eventuelt sendarselskap. Dette har samanheng med at det vil vere relativt få selskap som etterspør desse tenestene. Vilkår for leige vil såleis verte fastsette gjennom tingingar mellom relativt likeverdige partar. I tillegg vil styresmaktene fastsetja fordelinga av kapasitet, noko som og vil styrkje kringkastarene si posisjon i tingingane. Etter Kulturdepartementet si oppfatning bør styresmaktene likevel stille som vilkår for konsesjon at sendarselskapet opererer med ikkje-diskriminerande prisar for leige av kapasitet.

3.7 Lokalradioar

DAB er godt eigna til radioverksemd på lands- og regionbasis, men er av tekniske orsakar mindre eigna for lokalradioverksemd. Dette heng saman med at i det vedtekne analoge systemet skal radioane berre ha ein eller eit fåtal sendarar i eit avgrensa område. Med DAB vil det bli kapasitet for 6-7 radioar samstundes. I somme område vil det ikkje vere tilstrekkeleg med radioar til å nytte ut heile denne kapasiteten. Interesserte lokalradioar vil likevel måtte dekke heile kostnaden ved utbygging av denne kapasiteten og såleis påførast meirkostnader. I tillegg vil radioane få meirutgifter i samband med nyinvesteringar og parallellsendingar.

Som nemnt ovanfor vil departementet i samband med eventuell fordeling av kapasitet i regionblokkene undersøke mogelegheitene for å plassere lokalradioar inn i desse. Ei mogelegheit kan vere å operere med lokale «vindauge» i regionblokkene, tilpassa konsesjonsgrensene for desse radioane. Det er førebels usikkert om dette er ei realistisk løysing.

I tillegg vert det såkalla L-bandet (rundt 1500 MHz) rekna for å vere eit alternativ for DAB, fordi det gjev gode forhold for mindre geografiske område og kan i framtida bli aktuelt til bruk for lokalradioar. Departementet har innvilga ein søknad frå Norsk Lokalradioforbund om oppstarting av prøvesendingar på L-bandet i Oslo-området.

Førebels er det for tidleg å seie kva som vil vere den beste løysinga for lokalradioane. Oppgåva til styresmaktene må vere å medverke til at den løysinga som aktørane sjølve meiner er den beste, kan gjennomførast.

3.8 Digitalt fjernsyn

Som i dei fleste andre land, vil innføringa av digitalt fjernsyn formidla over bakkesendarar i Noreg liggje lenger fram i tid. Standardiseringsarbeidet for digitalt fjernsyn i Europa skjer gjennom det europeiske DVB-prosjektet. Både Telenor og NRK deltek i dette prosjektet.

Våren 1996 vart det oppretta eit uformelt diskusjonsforum for digitalt fjernsyn, det såkalla DVB-forum. Der deltek aktuelle aktørar og representantar for styresmaktene. I andre halvdelen av 1997 er det planlagt at Norkring, NRK, TV2 og Tandberg Televisjon vil starte opp forsøk med digitalt bakkesendt fjernsyn. Også andre aktørar vil få høve til å delta i desse forsøka. Det er sett av frekvensressursar til slike forsøk.

Kulturdepartementet har bede Samferdselsdepartementet om å starte opp arbeidet med planlegging av frekvensar for digitalt fjernsyn og for riks- og regionnetta for digital radio. Det er svært viktig at frekvensbanda ikkje blir disponerte på ein måte i dag som vil kunne vanskeleggjere utbygging av digital kringkasting i framtida.

Samstundes er det i gang ei utvikling innan satelittsend digitalTV. Til dømes inngjekk Telenor og NetHold i januar 1997 avtale om å etablere eit nytt selskap som skal introdusere digital distribusjon av satellitt-TV-kanaler og tenester til nordiske TV-hushald. Det nye selskapet vil samarbeide både med både nordiske og internasjonale TV-kanaler. Selskapet vil vere eigd med 50 prosent kvar av Telenor og NetHold og tek sikte å tilby en rekke digitale TV-kanaler til hushald med parabolantenner innan kort tid. Selskapet vil òg introdusere dekodarboksar basert på ein teknologi som gjer det mogleg å motta digitale TV-signal frå alle TV-kanaler og tenesteytarar og ikkje berre frå kanalar distribuert av Telenor/NetHold.

Det må på eit seinare tidspunkt takast stilling til om det skal opnast opp for utbygging av eit jordbunde sendarnett for digitalt fjernsyn i Noreg, eller om ein i staden bør basere seg på distribusjon av digitale signalar via satellitt, kabel eller telenett. Det er ikkje mogleg å ta stilling til dette før det mellom anna ligg føre opplysningar om kva eit jordbunde sendarnett eventuelt vil koste. I det vidare arbeidet med desse spørsmåla vil departementet særleg vere opptatt av å sikre dei nasjonale almennkringkastarane konkurransedyktige vilkår i den framtidige fjernsynsmarknaden. Departementet vil gi dei naudsynte løyvene til digitalt fjernsyn når tilhøva ligg til rette for det.