St.meld. nr. 62 (1996-97)

Kringkasting og dagspresse 1996 m.v.

Til innholdsfortegnelse

5 Lokalkringkasting

5.1 Lokalradio

I 1996 tildelte Statens medieforvaltning 308 konsesjonar til nærradioar for ei ny konsesjonsperiode på fem år. Ved utgangen av 1996 var det 161 konsesjonsområde, mot 198 i førre konsesjonsperiode. Ved utlysinga av ny konsesjonsperiode la Statens medieforvaltning opp til å redusere talet på område til 140, for dermed å få større område med betre lyttar- og innteningspotensiale og betre teknisk kvalitet på sendingane. Konsesjonsområda vart kunngjorde i samråd med Statens teleforvaltning og Norsk Lokalradioforbund. I tråd med innstillinga frå komiteen (Innst. S. nr 190 1994-95), vart det også opna for å søkje om område som skil seg frå dei tilrådde. Mange søkte om avvikande område, og resultatet vart at det vart oppretta 21 område meir enn det som var tilrådd i utgangspunktet.

Eit konsesjonsråd oppnemnt av Kulturdepartementet gav råd ved behandling av søknadene. Ved handsaminga av søknadene har det blitt lagt vekt på søkjarane sine økonomiske og faglege føresetnader for å drive lokalradio, programplanane og eventuell vidareføring av tidlegare lokalradiodrift.

Gjennom tildelingane er det lagt til rette for at alle radioar skal kunne få god teknisk kvalitet på sendingane. I dei ti områda der det er meir enn eitt sendarnett tilgjengeleg for lokalradioar, har Statens medieforvaltning plassert konsesjonærane på det enkelte sendarnettet. Det er lagt stor vekt på lokale ønske om plassering.

Mange lokalradioar ønskjer løyve til å samsende for å nå fleire lyttarar. Andre ønskjer i fellesskap å dekkje større arrangement. Nokre radioar med ressursar til avgrensa sendeaktivitet ønskjer å samsende med naboradioar. Statens medieforvaltning innvilga 18 søknader om samsending i 1996. Fleire av prosjekta for samsending har til formål å prøve ut samarbeid mellom konsesjonærar med sikte på eit større konsesjonsområde eller ein felles konsesjon i komande konsesjonsperiode. Statens medieforvaltning har stilt seg positiv til slike søknader. Søknadene er behandla ut frå ein hovudregel om at det maksimalt kan samsendast innanfor 25 prosent av den totale sendetida til ein konsesjonær, og at samsendingar berre kan skje mellom konsesjonærar i tilgrensande konsesjonsområde. Det er gjort unntak frå hovudregelen der særskilde grunnar tilseier det.

Samarbeidet mellom NRK og lokalradioane vart utvida i 1996. Ulike distriktskontor og lokalradioar i fylka rundt omkring i landet har inngått individuelle samarbeidsavtalar, det same har NRK riksradio og Radio 102 gjort. Ein femårig avtale om nyheitstenester vart inngått med NTB og ein avtale om nyheitssendingar vart forhandla fram med radiosamanslutninga P5.

Stortinget fatta 6. mars 1997 vedtak om at inntil 25 % av programstoffet i lokalradioane kan bli videresendt uendra frå sentral leverandør. Som ei følgje av dette vil forskrift av 28. februar 1997 nr. 153 om kringkasting bli endra. Eit utkast til endra forskrift vart send på høyring i juli 1997.

5.2 Lokalfjernsyn

I 1996 vart det gitt 30 konsesjonar til bakkesendt allment lokalfjernsyn. Konsesjonane vart gitt for ein periode på sju år. Det var høve til å søkje om konsesjon for fire kategoriar: Allmennfjernsyn og undervisningsfjernsyn over bakkesendarar, lokalfjernsyn i kabelnett og kommunal informasjonskanal i kabelnett.

Landet er delt inn i 30 område for lokalfjernsyn. Områda er fastsette i forskrift av 25. august 1995, gjeldande frå 1. januar 1996. Oslo er det største området med 483 000 innbyggjarar, medan Svalbard er det minste. Områda er utarbeidde av Statens medieforvaltning i samråd med Statens teleforvaltning og Norske Fjernsynsselskapers Landsforbund. Ved utarbeidinga vart det lagt vekt på Stortinget sitt ønskje om at områda må få eit sjåargrunnlag som kan tryggje lønsam drift og gi grunnlag for levedyktige lokalfjernsynsselskap.

Nytt for denne perioden er at store regionaviser har eigardelar i 19 av dei 30 konsesjonsområda. Store regionaviser som Bergens Tidende, Stavanger Aftenblad, Adresseavisen i Trondheim og Fædrelandsvennen i Kristiansand har eigardelar i lokale selskap som har fått konsesjon. I Oslo er Arbeiderbladet medeigar i Oslo Lokal TV AS. Også mellomstore aviser er godt representerte.

Den ordninga som vart valt, har i stor grad sikra lokalt eigarskap. For å unngå monopolisering i eit område, kan ikkje aviser som er utan reell konkurranse frå andre aviser i eit konsesjonsområde eige meir enn 49 prosent av eigardelane i eit lokalfjernsynsselskap. I dei fleste selskapa er avisene inne med minoritetspostar.

Kabelnetta har plikt til å formidle bakkesendt allment lokalfjernsyn.

Stortinget har opna for at dei allmenne lokalfjernsynskonsesjonærane på visse vilkår kan vidareformidle satellittsendingar. Statens medieforvaltning skal på førehand godkjenne slike avtalar. Statens medieforvaltning hadde i 1996 ikkje fått slike avtalar for endeleg godkjenning, men TVNorge har opplyst at det har inngått avtale med 17 lokalfjernsynsstasjonar om vidaresending av selskapet sine sendingar.

Lokalfjernsynsselskapa er pålagde å ha eigne sendingar alle kvardagar. Selskapa har sjølve ansvaret for at sendingane er lovlege, også for den delen som er vidaresending.

16 konsesjonar vart tildelte livssyns- eller ideelle organisasjonar for lokalfjernsynssendingar over NRK2 sine bakkesendarar. Ordninga gjeld for inntil tre år og sendingane har byrja. I tillegg vil det bli gitt konsesjonar til lokalfjernsyn i kabelnett i avgrensa område. Det er gitt fire konsesjonar til undervisningsfjernsyn og ein konsesjon til kommunal informasjonskanal i Årdal.

Statens medieforvaltning opplyser at dei fleste stasjonane no har tatt i bruk konsesjonane medan nokre hadde fått utsetjing. I områder der konsesjonen ikkje blir tatt i bruk, blir det vurdert om konsesjonen skal utlysast på nytt.