St.meld. nr. 8 (1998-99)

Om handlingsplan for funksjonshemma 1998-2001

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Regjeringa legg med dette fram forslag til ein revidert handlingsplan for funksjonshemma for perioden 1998-2001. Stortingsmeldinga er ei oppfølging av Voksenåsen-erklæringa, der det mellom anna er slått fast at regjeringa vil arbeide for å styrkje funksjonshemma sine kår og rettar, og for at alle, ut frå eigne føresetnader, må få same høve til å delta i aktivitetar i samfunnet.

Ved Stortinget si handsaming av St meld nr 34 (1996-97) Resultater og erfaringer fra Regjeringens handlingsplaner for funksjonshemmede og veien videre, var det ei brei politisk semje om at det framleis står att ei rekkje uløyste oppgåver for å betre tilhøva for funksjonshemma. Den førre regjeringa sin handlingsplan var ikkje nok tiltaksretta i høve til desse utfordringane. Difor fann regjeringa det naudsynt å utarbeide ein meir konkret arbeidsplan for utforming av politikken for funksjonshemma dei næraste 3 åra. Den reviderte planen trekkjer på ein forpliktande måte opp linene for regjeringa og departementa sitt arbeid med sikte på å betre tilhøva for menneske med funksjonshemming. Over budsjettet til Sosial- og helsedepartementet for 1999 er det gjort framlegg om løyving av 114 mill kroner til gjennomføring av handlingsplanen for funksjonshemma. Dette er 66 mill kroner meir enn det regjeringa Jagland la opp til.

Av viktige nye tiltak er:

  • offentleg utval som skal sjå på funksjonshemma sine rettar i ein større samanheng

  • lovfesting av tilbod om brukarstyrt personleg assistanse

  • eigen handlingsplan for auka yrkesaktivitet for funksjonshemma

  • handlingsplanar for funksjonshemma ved universitet og høgskular

Skal funksjonshemma ha høve til full deltaking og likestilling, må gapet mellom føresetnader og krav frå samfunnet reduserast. Dette kan skje ved at den einskilde si funksjonshemming blir kompensert gjennom individretta tiltak eller ved at samfunnet endrar sine krav. Meldinga avgrensar seg frå til dømes eldreplanen, opptrappingsplanen for psykisk helse og den varsla rehabiliteringsmeldinga ved at denne har fokus på å gjere samfunnet meir tilgjengeleg for funksjonshemma med eit langsiktig mål om likt høve for deltaking. Forutan tiltak i forhold til det fysiske miljø krev dette auka innsats innafor offentleg informasjon, produktutvikling og ny teknologi, oppvekstvilkår, forsking, kultur, arbeidsmarknad, utdanning, trygde-, helse- og sosialsektor og samferdsel. Like eins er det gjort ei avgrensing i forhold til stortingsmeldinga om utjamning av levekår, som vil bli fremma våren 1999, ved at den mellom anna vil omhandle funksjonshemma sine levekår.

Regjeringa vil nytta handlingsplanen til å føre vidare arbeidet med å sette i verk FN sine standardreglar for like vilkår for funksjonshemma. Reglane omtalar det ansvaret staten har for å følgja opp og evaluere gjennomføring av nasjonale planar og tiltak som gjeld like høve for funksjonshemma.

Handlingsplanen inneheld fire satsingsområde:

  • eit tilgjengeleg samfunn

  • planlegging og brukarmedverknad

  • funksjonshemma sine rettar

  • yrkesaktivitet for funksjonshemma

Gjennomføringa av planen skal følgje sektoransvarsprinsippet. Det inneber at det er dei vanlege instansar i samfunnet som skal gi tilbod som funksjonshemma kan nytte på lik line med befolkninga elles. Det er dei same instansar som, ved behov, skal supplere med særskilte ordningar dersom dei ordinære ordningane ikkje er tilstrekkelege. I tråd med sektoransvarsprinsippet har regjeringa valt å leggje ein stor del av plantiltaka innan den ordinære verksemda til departementa. Handlingsplanen gjev ikkje eit uttømmande oversyn over alle tiltak for funksjonshemma. Konsekvensane av tiltaka for budsjettet vil bli innarbeidd i dei årlege budsjettproposisjonane for kvart einskild departement. Stortinget vil bli gjort kjent med oppfølginga av planen gjennom ei årleg rapportering i samband med St prp nr 1.

Politikk for funksjonshemma er langt frå avgrensa til sosial- og helsepolitikk - noko denne handlingsplanen syner. Sosial- og helsedepartementet har likevel eit særskilt ansvar for å være pådrivar og følgje politikken for funksjonshemma på tvers av ulike sektorgrenser. Departementet skal styrkje sektoransvarsprinsippet ved å medverke til å utvikle kunnskapsgrunnlaget, klargjere overordna politiske målsetjingar og medverke til ein samordna innsats.

Behovet for ei løpande koordinering mellom departementa i deira arbeid med den samla politikken for funksjonshemma er teke vare på gjennom eit eige statssekretærutval.

Statssekretærutvalet har tidleg i prosessen drøfta handlingsplanen med Rådet for funksjonshemma. Rådet og funksjonshemma sine organisasjonar har òg hatt høve til å gi merknader til eit tidleg utkast til handlingsplanen.

1.1 Bakgrunn

Handlingsplanperioden 1998-2001 er den tredje fireårige handlingsplanperioden sidan 1990. Denne reviderte planen byggjer vidare på og styrkar handlingsplanen til den førre regjeringa.

Dei to fyrste handlingsplanane for 1990-93 og 1994-97 har begge fokusert på tilrettelegging av samfunnet for menneske med funksjonshemming. Aksjonsplanen har vore valt som form. I regi av desse planane vart det sett i gang ei rekkje tiltak på område der det var behov for særskilt innsats, til dømes kompetansesentra for små grupper funksjonshemma, avlastingstilbod, redigering av oppslagsverk i lyd og punktskrift, informasjons- og kulturtilbod for døve via tilrettelagt video og svartskrift, informasjonsteknologi for funksjonshemma, betre tilgjenge til statlege bygg, universitet og høgskular og utprøving av dagsavis for synshemma.

Jagland-regjeringa sin handlingsplan for 1998-2001 førte vidare ein del av dette arbeidet, men la sterkare vekt på å medverke til meir systematisk bruk av dei styringsverkemidla som er til rådvelde for utforminga av samfunnet.

Den reviderte handlingsplanen for 1998-2001 er òg ei oppfølging av Stortinget si handsaming av St meld nr 34 (1996-97) Resultater og erfaringer fra Regjeringens handlingsplaner for funksjonehemmede og veien videre.

St meld nr 34 (1996-97) presenterte og drøfta erfaringane frå arbeidet i dei to føregåande handlingsplanperiodane. Konklusjonen var at handlingsplanane har medverka til at viktige tiltak har kome fleire til gode, og at viktige tiltak er utvikla i tråd med funksjonshemma sine behov.

St meld nr 34 (1996-97) drøfta òg innverknaden av dei ulike verkemidla som har vore tekne i bruk. Dette gjeld verkemiddel som brukarmedverknad og brukarstyring, informasjon, bruk av øyremerka midlar og stimuleringsmidlar, forsøks- og utviklingsarbeid og forsking. Det blei peika på at handlingsplanane i seg sjølv har vore viktige verkemiddel. Dei har gjort det mogeleg å nytte dei andre verkemidla i ein heilskapleg samanheng.

Ved Stortinget si handsaming av St meld nr 34 (1996-97) uttala sosialkomiteen fylgjande om dei føregåande handlingsplanane (jf Innst S nr 114 (1997-98)):

«Komiteen mener de to forutgående periodene med handlingsplaner for funksjonshemmede har vært nyttige og har bidratt til å synliggjøre funksjonshemmedes levekår. Handlingsplanene har også bidratt til en bedre tilrettelegging innen en rekke områder, selv om komiteen mener det fortsatt gjenstår en rekke uløste oppgaver.»

Sosialkomiteen slutta seg til framlegg om at planperioden 1998-2001 skulle ha tre satsingsområde:

  • eit tilgjengeleg samfunn

  • planlegging og brukarmedverknad

  • funksjonshemma sine rettar

Den auka satsinga på desse områda er omhandla i kapitla 3, 4 og 5.

Eit fleirtal i sosialkomiteen slutta seg til at ein handlingsplan for auka yrkesaktivitet burde inngå som ein del av regjeringa sin handlingsplan for funksjonshemma i perioden 1998-2001 (jf Innst S nr 114 (1997-98). Kapittel 6 omhandlar forslag til ein slik plan, og regjeringa ønskjer slik å fokusere særskilt på arbeid.

Kapittel 7 omhandlar tiltak for funksjonshemma i norsk bistand.

Til forsida