St.meld. nr. 8 (1998-99)

Om handlingsplan for funksjonshemma 1998-2001

Til innhaldsliste

5 Rettane til funksjonshemma

5.1 Bakgrunn og vurderingar

Noreg har i heile etterkrigstida hatt ei omfattande utbygging av offentlege tenester og tilbod. Kjernen i velferdsstaten er det offentlege sitt ansvar for å sikre opplæring, sikre inntekt m a ved alderdom, uførleik og sjukdom, helse- og omsorgstenester. Det som har kjenneteikna den norske sosialpolitikken i nyare tid har vore det grunnleggjande prinsippet om at heile befolkninga, eller alle heimehøyrande i ein befolkningskategori, er blitt inkludert i velferdsordningane. Særleg har lov om folketrygd spela ei viktig rolle for å sikre funksjonshemma eit verdig og sjølvstendig liv med høve til aktiv deltaking. Viktige verkemiddel er m a trygdeordningar for dei som fell utanfor arbeidsmarknaden, hjelpemidlar, lese- og sekretærhjelp og bilstønad. Eit anna døme på kva som har spela ei viktig rolle for å sikre velferd for funksjonshemma er barnehagelova. Den gjev m a barn med funksjonshemmingar prioritet ved opptak og pålegg kommunane å gi spesialpedagogiske tilbod.

Nr 15 i «FN sine standardreglar for like vilkår for menneske med funksjonshemming» handlar om lovgjeving og pålegg statane ansvar for å utarbeide rettsleg heimel for tiltak som tek sikte på å gjennomføre målsettinga om full deltaking og likestilling for menneske med funksjonshemming. Eit hovudspørsmål er om funksjonshemma er godt nok sikra gjennom den alminnelege lovgjevinga eller om det er behov for særskilte individuelle rettar på nokre område.

Regjeringa vil våren 1999 leggje fram ei stortingsmelding med handlingsplan for menneskerettar. I denne vil også funksjonshemma bli omtala.

Ved handsaminga av St meld nr 34 (1996-97) Resultater og erfaringer fra Regjeringens handlingsplaner for funksjonshemmede og veien videre, slutta sosialkomiteen seg til forslag i handlingsplanen frå regjeringa Jagland om ein gjennomgang av norsk lovgjeving for å vurdere om funksjonshemma sine rettar er tilstrekkeleg ivaretekne.

Regjeringa meiner at ei vurdering av lovfesta rettar må sjåast i samanheng med andre mogelege løysingar. Regjeringa vil derfor setje ned eit offentleg utval som kan sjå på funksjonshemma sine rettar i ein større samanheng. Utvalet bør ha medlemmar frå ulike fag- og samfunnsområde, inkludert funksjonshemma sine organisasjonar.

Ved handsaminga av St meld nr 34 (1996-97) merka sosialkomiteen seg at under halvparten av kommunane har eigne planar for funksjonshemma og uttala følgjande:

«Komiteen mener derfor at dette punktet bør følges opp mer forpliktende i den kommende handlingsplanen, eventuelt gjennom et krav til alle kommuner.»

Komiteen meinte og at det er ønskjeleg at alle kommunar opprettar råd for funksjonshemma.

Sosial- og helsedepartementet arbeider for tida med nye retningsliner om etablering og drift av slike råd. Retningslinene vil liggje føre sommaren 1999.

Regjeringa ser det som naturleg at desse to spørsmåla vært nærare utgreia av det utvalet som er nemnt ovanfor.

For den einskilde funksjonshemma kan det vere eit problem å få rett og tilstrekkeleg informasjon om rettar og tilbod på ulike område i samfunnet. Gjennom eit prosjekt i handlingsplanperioden vil regjeringa sjå på korleis ein kan styrke slik brukarrettleiing.

5.1.1 Tiltak i planperioden:

5.1.1.1 Offentleg utval

Det vil bli sett ned eit offentleg utval som skal sjå på funksjonshemma sine rettar i ein større samanheng, slik at ein kan vurdere ulike strategiar og verkemiddel for å betre funksjonshemma sitt høve til deltaking og likestilling i det norske samfunnet.

5.1.1.2 Styrking av brukarrettleiing - prosjekt

Sosial- og helsedepartementet vil gi tilskott til eit 3-årig prosjekt frå 1999. Prosjektet skal vere eit forsøk med styrkt brukarrettleiing til funksjonshemma nokre stader i landet. Brukarrettleiinga skal m a femna funksjonshemma sine rettar på ulike samfunnsområde, som til dømes folketrygd, helse- og sosiale tenester.

Til forsida