Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.meld. nr. 8 (1998-99)

Om handlingsplan for funksjonshemma 1998-2001

Til innhaldsliste

6 Handlingsplan for auka yrkesaktivitet blant funksjonshemma

6.1 Bakgrunn og overordna målsetjing

I samband med handsaminga av Velferdsmeldinga bad Stortinget regjeringa ta initiativ til ein handlingsplan for auka yrkesaktivitet for funksjonshemma.

I Innst S nr 114 (1997-98) til St meld nr 34 (1996-97) uttalte fleirtalet i sosialkomiteen at denne handlingsplanen bør inngå som ein del av regjeringa sin handlingsplan for funksjonshemma for perioden 1998-2001.

Det er Regjeringa sitt mål at flest mogeleg funksjonshemma skal ha høve til å delta i arbeidslivet. Funksjonshemma utgjer ein viktig arbeidskraftressurs.

Arbeid gir tilhøyre i eit fellesskap og sosialt miljø og har stor innverknad på inntekt og levekår for den enkelte. For funksjonshemma som lettare kan bli isolerte i samfunnet enn andre, har deltaking i arbeidslivet ein særleg viktig eigenverdi.

Ein økonomisk politikk som stimulerar til høg etterspørsel i samfunnet, og ein arbeidsmarknadspolitikk som legg til rette for ein effektivt fungerande arbeidsmarknad er viktige føresetnader for å få funksjonshemma ut i ordinært arbeid. Like viktig er det å tilretteleggje arbeidslivet. I eit tilrettelagt arbeidsliv vil funksjonshemma i mindre grad vere yrkeshemma. Ein godt fungerande arbeidsmarknad er kjenneteikna av at ledige jobbar raskt blir fylte utan at det oppstår løns- og prispress. Samstundes skal den medverke til høg yrkesdeltaking og leggje til rette for innpassing av grupper som har problem med å kome inn i eller står i fare for å falle ut av arbeidsmarknaden.

Ein grunntanke under utarbeidinga av handlingsplanen for auka yrkesaktivitet blant funksjonshemma har vore at innsatsane frå dei ulike fagstyresmaktene må støtte opp under kvarandre. Helse- og sosialtenester, transporttenester, tekniske hjelpemiddel og anna tilrettelegging, utdanning og arbeidsmarknadstiltak er alle element som må setjast saman for å gi eit godt resultat.

6.2 Funksjonshemma sin situasjon i høve til deltaking på arbeidsmarknaden

6.2.1 Funksjonshemma og yrkesdeltaking

Den gunstige utviklinga på arbeidsmarknaden etter 1993, har ført til 184 000 fleire sysselsette personar i 1997 samanlikna med 1993. Yrkesfrekvensen, dvs prosentdelen av befolkninga i arbeidsstyrken, er i 1997 på 72.5 %, som er høgre enn nokon gong tidlegare.

Det føreligg ikkje løpande oversikt over yrkesdeltaking til funksjonshemma som gruppe. Levekårsdata viser at prosentdelen sysselsette funksjonshemma i alderen 16-66 år var 43 pst i 1987 og 37 pst i 1995. Til samanlikning var sysselsetjingsgraden blant ikkje-funksjonshemma 78 pst i 1987 og 76 pst i 1995. Lågare yrkesdeltaking i 1995 enn i 1987 må m a sjåast i samanheng med den generelle situasjonen på arbeidsmarknaden. Levekårsdata frå Nordland viser ein høgare prosentdel sysselsette funksjonshemma, med 53 pst i 1995. Skilnadene i sysselsetjingsgrad i dei to undersøkingane kan skuldast at det er brukt noko ulik definisjon i avgrensinga av kven som blir definert som funksjonshemma.

Begge undersøkingane viser at funksjonshemma har monaleg lågare yrkesdeltaking enn ikkje funksjonshemma. Det er likevel verd å merke seg at Nordlandsundersøkinga viser at blant personar under 40 år var funksjonshemma like ofte yrkesaktive som andre. I aldersgruppa mellom 40 og 66 år gjekk yrkesaktiviteten ned for funksjonshemma, mens den auka blant ikkje-funksjonshemma. Det kan vere fleire årsaker til dette. Forskarane peikar for det første på at prosentdelen med funksjonshemming aukar med alderen pga at mange funksjonshemmingar oppstår i løpet av livet. For det andre kan det synast som om funksjonshemma i aukande grad blir støytte ut frå arbeidslivet når dei blir eldre. Mangelen på tilstrekkeleg lange tidsseriedata kan og medføre at nokre av dei effektane undersøkingar basert på tverrsnittsdata viser, skuldast skilnader mellom ulike generasjonar som lever samstundes, og ikkje utviklingstrekk knytt til det enkelte individ.

Regjeringa ser det som viktig å få fram betre kunnskap om funksjonshemma som gruppe på arbeidsmarknaden. Same problemstilling er reist også på nordisk plan. Sektorgruppa for arbeidsmarknadsspørsmål under Nordisk Handikappolitisk Råd har teke initiativ til å få laga eit oversyn over tilgjengeleg statistikk og undersøkingar om situasjonen for funksjonshemma i høve til arbeid som finst i dei enkelte medlemsland. Dette kan danne utgangspunkt for å utvikle betre undersøkingsmetodar. Tilleggsundersøkingar til arbeidskraftundersøkingane kan gi nyttig kunnskap. Arbeids- og administrasjonsdepartementet vil initiere ei tilleggsundersøking til Arbeidskraftundersøkinga (AKU), jf omtale under punkt 6.4.3, tiltak 6.4.3.15.

6.2.2 Registrerte yrkeshemma i arbeidsmarknadssetaten

For å fange opp funksjonshemma som ikkje skaffar seg arbeid på eiga hand er det viktig at den enkelte funksjonshemma registrerer seg som arbeidssøkjar på arbeidskontoret.

Ein person blir registrert som yrkeshemma arbeidssøkjar med behov for særskilt hjelp om han/ho har fysiske, psykiske eller sosiale funksjonshemmingar som svekkar høvet til å få arbeid. Om funksjonshemminga ikkje svekkjer høvet til å få arbeid, vil personen bli registrert som ordinær arbeidssøkjar.

Talet på registrerte yrkeshemma i arbeidsmarknadsetaten har auka monaleg etter at ansvaret for yrkesretta attføring vart samla i arbeidsmarknadsetaten. I 1994 var gjennomsnittleg om lag 48 700 personar registrert som yrkeshemma, og av desse var om lag 37 200 på attføringstiltak. Tilsvarande tal for 1997 var 53 400 registrerte yrkeshemma og 40 400 yrkeshemma på tiltak. Prosentdelen yrkeshemma i tiltak var dermed over 75 pst. I tillegg til tiltaksinnsatsen blir det gjennom Arbeidslivstenesta gitt fagleg assistanse til mange verksemder. Ei vridning i fokus frå økonomiske støtteordningar til hjelp til tilrettelegging og praktisk hjelp er i tråd med evalueringar som har vist at verksemder i praksis etterspør denne type hjelp.

Dei to største diagnosegruppene blant yrkeshemma som er registrerte i arbeidsmarknadsetaten er sjukdomar i ledd, muskulatur og skjelett, samt psykiske lidingar. Over halvparten av dei yrkeshemma har ein av desse diagnosane som hovuddiagnose. For om lag 10 pst er det ikkje oppgitt nokon kjend sjukdom, mens 5 pst har diagnosen sosial mistilpassing.

Arbeidsmarknadsetaten tek i sitt arbeid i liten grad utgangspunkt i kva diagnose eller type funksjonshemming den yrkeshemma har. Det er først og fremst funksjonsnivå i høve til krava i arbeidslivet som blir lagt vekt på.

Yrkeshemma arbeidssøkjarar har tilgang til alle arbeidsmarknadsetaten sine tenester. Dei er prioritert som arbeidssøkjarar ved at dei har tilgang til fleire tiltak og tenester enn ordinære arbeidssøkjarar. Mange yrkeshemma har rett til attføringsytingar over folketrygdlova. I 1997 var det i gjennomsnitt om lag 19 600 personar som gjekk på tiltak med rett til ytingar etter folketrygdlova. Om lag 14 500 av desse hadde løp innan ordinært utdanningssystem som attføringstiltak. I tillegg var det 20 800 personar på arbeidsmarknadstiltak. Av dette var 1 500 på ordinære arbeidsmarknadstiltak og 19 300 på spesielle arbeidsmarknadstiltak for yrkeshemma.

Innsatsen for yrkeshemma er ein integrert del av arbeidsmarknadspolitikken. Arbeidsmarknadsetaten har kompetanse for kvalifisering og formidling av arbeidssøkjarar til ordinært arbeidsliv, og har kunnskap om kva som blir kravd av kunnskap og kompetanse i arbeidslivet. Ei tett kopling mellom arbeidsmarknaden og personar under yrkesretta attføring var ein av intensjonane då ansvaret for yrkesretta attføring vart samla i arbeidsmarknadsetaten i 1994. Dette har ført til at fleire enn tidlegare har gjennomført attføringa i ordinært arbeidsliv, og at fleire har fått ei tilknyting til ordinært arbeidsliv også etter at attføringa er avslutta.

6.2.3 Formidling til arbeid, samt utskriving frå attføring til andre løysingar

Ei sentral målsetjing i attføringsarbeidet er at flest mogeleg av dei som avsluttar yrkesretta attføring går til aktive løysingar. Med omgrepet aktive løysingar forstår vi arbeid, kombinerte løysingar med arbeid og trygd, eller ferdig attført utan å ha funne arbeid på tidspunktet for utskriving (formidlingsklar). Aktive løysingar omfattar også eit mindre tal som går til eigenfinansiert skulegang. Funksjonshemma som blir utskrivne frå attføring som formidlingsklare, blir registrert som ordinære arbeidssøkjarar, og får formidlingsassistanse frå arbeidsmarknadsetaten. Tabellen under viser utviklinga i kva yrkeshemma gjekk til når dei vart utskrivne frå attføring. Resultata frå attføringsinnsatsen har vore i jamn positiv utvikling.

Tabell 6.1 Prosentdel utskriven frå attføring etter utskrivingsårsak

Prosentdel utskriven til arbeidsløysningar Prosentdel utskriven som formidlingsklar Prosentdel tilbakeført til trygde- og sosialetaten av medisinske eller sosiale årsaker Prosentdel tilbakeført til trygdeetaten med tanke på uførepensjon Andre utskrivnings- årsaker Sum
1994* 20,8 14,9 17,0 8,3 39,0 100
1995 26,6 16,0 18,2 12,1 27,1 100
1996 28,2 15,5 18,5 13,1 24,7 100
1997 30,9 16,2 19,0 14,5 19,4 100

* Tal for 1994 er noko usikre p g a at nytt kodesystem vart innført dette året.

Kjelde: Arbeidsdirektoratet

I 1997 vart det utskrive om lag 30 000 frå attføring. Av desse vart til saman 13 900 utskrivne til aktive løysingar. Dette utgjer ein prosentdel på 47 pst av dei ferdig attførte. Prosentdelen yrkeshemma utskrivne til aktive løysingar har auka i perioden.

Ein del yrkeshemma blir anten tilbakeført til helse- og sosialetat for vidare behandling eller til trygdeetat med tanke på uførepensjon. Det er ein regel at attføring skal vurderast før uførepensjon blir innvilga, og avklaring om arbeidsevne er dermed ein funksjon i attføringsarbeidet. Det inneber at arbeidsmarknadsetaten har som oppgåve å utgreie arbeidsevna også til personar med svært usikre føresetnader for å delta i arbeidslivet. At ein del yrkeshemma blir tilbakeført til trygdeetaten med tanke på uførepensjon er slik sett ein del av systemet.

Vidare har mange yrkeshemma helseproblem. Det har vist seg at tidleg intervenering etter sjukmelding kan gi gode resultat for attføring. Samstundes kan det då vere større fare for forverring av sjukdomen, slik at ein del vil bli tilbakeført til helsetenesta for behandling. Det er vidare naturleg for ein del grupper at helsetilstanden varierer over tid. Det er på den eine sida ønskjeleg at færrast mogeleg går tilbake frå yrkesretta attføring til andre trygdeytingar. På den andre sida vil ei viss tilbakeføring nettopp vise at mange får høve til å prøve attføring.

6.3 Integrering av funksjonshemma i arbeidslivet og attføring til arbeid - innsatsen i dag

6.3.1 Brukarmedverknad

Eit viktig grunnlag for å vere motivert for attføring er å ha tru på det opplegget som skal gjennomførast, og at dette er noko ein sjølv opplever som viktig og meiningsfylt. Dette er vilkår som best blir oppfylt dersom den enkelte sjølv får innverknad på gjennomføringa av attføringsopplegget.

Arbeidsmarknadsetaten legg vekt på å signalisere forventningar i samsvar med dei normer og krav som ein blir stilt overfor i skule og arbeidsliv. I tråd med dette blir det satsa på å utvikle metodar og arbeidsformer som kan medverke til å støtte arbeidssøkjaren som brukar. Etaten skal i størst mogeleg grad vere vegleiar for den enkelte, og informere og vegleie om dei rettar, plikter og alternativ arbeidssøkjaren har. Den funksjonshemma sjølv skal, innanfor dei rammer som blir sette, m a gjennom lover, forskrifter og målgrupper for dei enkelte tiltak, leggje planar for gjennomføring av attføringsopplegget. I utforminga av attføringsplanen vil arbeidskontoret hjelpe til med råd.

6.3.2 Kompetanseutvikling i arbeidsmarknadsetaten

Funksjonshemma er ei ueinsarta gruppe, og dette må speglast i arbeidsmetodane i etaten. I den seinere tid har det frå etaten si side vore lagt ned ein monaleg innsats i utvikling av gruppebaserte metodar og arbeidsformer som kan medverke til å understøtte arbeidssøkjaren si rolle som aktiv brukar. Det blir lagt opp til at utforminga av attføringsplanen i aukande grad skal gjennomførast som gruppeaktivitetar. Tanken er at andre i ein tilsvarande situasjon ofte kunne gi verdifulle råd ut i frå eit likemannsprinsipp. Dette utelukkar ikkje at dei som ønskjer eller treng individuell vegleiing får den assistanse dei er best tent med. Dei som har behov for individuell vegleiing, skal få det.

6.3.3 Attføringsprosessen - avklaring, kvalifisering, arbeidstrening og formidling

Frå 1994 er alle aktive verkemiddel under yrkesretta attføring samla i arbeidsmarknadsetaten, mens trygdeetaten har fått ansvar for tidleg oppfølgjing av sjukmelde og ei tydelegare rolle som vegvisar.

Trygdekontoret skal vurdere om søkjaren fyller dei medisinske vilkåra for yrkesretta attføring, dvs om søkjaren har fått si arbeidsevne sett ned på grunn av sjukdom, skade eller lyte og om søkjaren sine høve til å velgje yrke eller arbeidsplass er vesentleg innskrenka. Når vilkåra er oppfylde, gjev trygdekontoret rehabiliteringspengar i ei avgrensa periode i ventetida før eventuelle attføringstiltak vert sette i verk. Denne arbeids- og ansvarsdelinga krev utstrekt samarbeid mellom etatane.

Evaluering av ansvarsreforma frå 1994 syner at samarbeidet mellom arbeidsmarknadsetaten og trygeetaten fungerar bra. Det kan likevel sjå ut til at trygdeetaten ønskjer at nokre fleire får prøve attføring enn det arbeidsmarknadsetaten vurderer som naudsynt og hensiktsmessig. Dette heng saman med at etatane har ulike oppgåver og roller. Medan trygdeetaten gjer ei vurdering av restarbeidsevna og potensialet for attføring på eit medisinsk grunnlag, legg arbeidsmarknadsetaten til grunn kva tiltak som er tilgjengelege og høvet til arbeidsmarknaden. Det er utarbeida felles rundskriv for sakshandsaminga mellom etatane som m a skal sikre kontakt på førehand før overføring av brukarar mellom etatane.

Det er viktig at ressursane til attføring blir brukt effektivt slik at flest mogeleg får eit målretta og koordinert attføringsopplegg i retning av arbeidslivet.

I første møte med arbeidsmarknadsetaten får yrkeshemma informasjon om arbeidsmarknaden, kva tenester arbeidsmarknadsetaten kan medverke med og kva som bli venta av innsats frå den enkelte. Det blir og vurdert om den yrkeshemma kan formidlast til vanleg arbeid utan å gå vidare med eit meir omfattande attføringsløp. Yrkeshemma vil etter individuelt behov få vegleiing om yrke og utdanning. På bakgrunn av informasjon og vegleiing skal den yrkeshemma, under føresetnad av at direkte formidling til arbeid ikkje er mogeleg, leggje ein plan for attføringa - også kalla handlingsplan.

For ein del yrkeshemma er ikkje informasjon og vegleiing nok til at det kan leggjast ein handlingsplan. På grunn av usikre føresetnader kan det for enkelte vere behov for ytterlegare avklaring av situasjon og sjansar. Dette kan gjerast ved arbeidskontoret, evt med assistanse frå arbeidsrådgjevingskontora, eller ved Senter for yrkesmessig attføring. I tillegg føregår utprøving og avklaring eksternt i tiltak, t d i fase 1 i arbeidsmarknadsverksemdene og i tiltaket arbeidsførebuande trening.

Arbeidsmarknadsetaten har eit breitt spekter av tiltak til disposisjon. Det er viktig at spekteret blir utnytta fullt ut, og at det er tilstrekkeleg fleksibelt slik at tiltaka kan vere tilpassa behova til yrkeshemma. Mange yrkeshemma vil i sin handlingsplan ha fleire tiltak kjeda etter kvarandre. Hovudmålsetjinga er tilbakeføring til arbeidslivet, i form av ein vanleg lønna jobb. Samstundes har også arbeidsmarknadsetaten ansvar for varige tiltak for personar som ikkje meistrar krava i arbeidslivet. Det er viktig at også denne gruppa får eit tilbod som er tilpassa deira behov.

Undersøkingar viser at funksjonshemma generelt har lågare utdanningsnivå samanlikna med befolkninga elles. Gjennom t d ordinær utdanning eller AMO-kurs kan yrkeshemma få kompetanse som det er etterspørsel etter i arbeidslivet. I 1997 var det i gjennomsnitt 16 750 personar som hadde kvalifisering som attføringstiltak, av dei var 14 500 i ordinær utdanning.

For personar med kroniske lidingar vil medisinsk behandling og yrkesretta tiltak måtte gå parallelt. For mange vil dei krava og forventningane som eit yrkesretta attføringsopplegg inneber kunne opplevast som uoverkommelege. Overgangen frå ein situasjon som stønadsmottakar til eit attføringsopplegg vil for nokre kunne bli for stor. Det er serleg behov for tiltak retta mot grupper med psykiske lidingar og muskel-/skjelettplager.

Det er ei målsetjing at så mange yrkeshemma som mogeleg skal få arbeidstrening i ordinært arbeidsliv. Arbeidsgjevarar i ordinært arbeidsliv kan ta inn yrkeshemma som hospitantar eller dei kan få økonomisk tilskot for å dekkje løn eller andre kostnader ved å ta inn yrkeshemma. Alternativt kan dei få fagleg hjelp og støtte frå ein tilretteleggjar som følgjer den yrkeshemma ut på arbeidsplassen gjennom tiltaket Arbeid med bistand. Sjølv om hovudmålsetjinga er arbeidstrening i ordinært arbeidsliv, vil det i ein del tilfelle vere meir føremålstenleg med arbeidstrening i skjerma sysselsetjing. I 1997 var det i underkant av 14 000 personar på arbeidstreningstiltak.

For personar som ikkje kan nyttiggjere seg dei tidsavgrensa tiltaka i arbeidsmarknadsetaten, er det oppretta varige tiltaksordningar og arbeidsplassar. Arbeidsmarknadsetaten gir tilskot til varige arbeidsplassar i arbeidssamvirkeverksemdene og til fase 3 i arbeidsmarknadsverksemdene. I 1997 var det 7 800 yrkeshemma i desse tiltaka.

Regelverket for arbeidsmarknadstiltaka blir gjennomgått kontinuerleg med sikte på ei betre tilpassing mot behova til brukarane. Det blir også lagt vekt på jamnleg evaluering av tiltaka med sikte på å gjere eksisterande tiltak til eit best mogeleg verktøy i attføringsarbeidet.

I tillegg til ordningane gjennom arbeidsmarknadsetaten kan kombinasjonsordningar med arbeid og trygd vera ei god løysing for mange. I dei seinare år er det gjort fleire endringar i folketrygdlova for å gjere dette meir attraktivt og fleksibelt for uførepensjonistane utan at retten til uførepensjon fell bort. M a blei inntekta uførepensjonistar kan tene utan at uføregraden blir revurdert heva frå 1/2 G til 1 G (grunnbeløpet i folketrygda) i 1997.

I stortingsmeldinga om utjamning i levekår, som vil bli lagt fram våren 1999, skal uførepensjonsordninga gjennomgåast. I den samanheng vil Sosial- og helsedepartementet vurdere behovet for ytterlegare tiltak for å stimulere kombinasjonsordningar trygd/arbeid.

6.3.4 Reform 94

Som tidlegare nemnt er kvalifisering gjennom utdanning viktig for å gi funksjonshemma den kompetanse som blir kravd for å kome i arbeid. Med innføringa av Reform 94 har alle som har gjennomført grunnskulen frå og med våren 1994, fått rett til 3-årig vidaregåande opplæring som fører fram til studiekompetanse, yrkeskompetanse, dokumentert delkompetanse eller anna avslutta vidaregåande opplæring. Søkjarar som er 20 år eller yngre, og som etter sakkyndig vurdering har behov for særskilt tilrettelagt opplæring, har rett til inntak på eit prioritert grunnkurs. Ein elev som etter sakkyndig vurdering treng særskilt tilrettelagt opplæring, kan få opplæring i inntil 5 år, og ein elev som ut frå sakkyndig vurdering treng spesialpedagogisk hjelp og støtte, skal få spesialundervisning.

Eit prinsipp i Reform 94, er at den «skal byggjast opp slik at flest mogeleg i årskulla kan nyttiggjere seg dei ordinære tilboda sjølv om dei har ulike evner og føresetnader.» (St. meld nr 33, 1991-92). Evalueringa av Reform 94 viser at det er for mange elevar med behov for særleg tilrettelagt opplæring som får si videregåande opplæring i eigne klassar (Møreforsking 1998). Forskinga viser vidare at elevar med behov for særleg tilrettelagt opplæring har dårlegare framdrift og større fråfall enn majoriteten av elevane. Vidare er denne elevgruppa i hovudsak å finne i eit svært avgrensa tal studieretningar, og val av studieretning er prega av tradisjonelle kjønnsroller (Møreforsking 1997, 1998). På bakgrunn av desse forskingsresultata er det no naudsynt å iverksetje tiltak som kan medverke til at elevar/lærlingar med funksjonshemmingar i større grad fullfører vidaregåande opplæring som elevar i ordinære klassar. Ein vil òg sjå nærare på kva som påverkar desse ungdomane sitt val av studieretning. Dette er mellom anna bakgrunnen for forsøks- og utviklingsprosjektet «Mot studie- eller yrkeskompetanse for ungdom med funksjonshemming» som Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet iverkset som eit tiltak innanfor handlingsplanen, jf. 3.5.2.5. Prosjektet vil gå over 3 opplæringsår (4 kalenderår) i tre fylkeskommunar.

6.3.5 Ivaretaking av funksjonshemma, oppfølging av sjukmelde og førebyggje fråfall

Trygdeetaten har ansvar for oppfølging av sjukmelde og stønadsmottakarar med rehabiliteringspengar. Målet er raskare tilbakevending til arbeidslivet og å hindre overgang til meir permanente stønadsordningar.

Arbeidsgjevaren til den sjukmelde har ved førespurnad frå trygdekontoret plikt etter folketrygdlova til å gi ei utgreiing om mogelege tiltak på arbeidsplassen som kan gjere det mogeleg for den sjukmelde å kome tilbake til arbeid. Trygda kan yte sjukepengar under aktivisering eller arbeidstrening i inntil 12 veker, såkalla «aktiv sjukmelding», med høve til forlenging når arbeidstreninga eller anna form for bedriftsintern attføring er naudsynt for at den sjukmelde skal kunne halde på arbeidet sitt.

Tilsvarande gjeld etter folketrygdlova for aktivisering/arbeidstrening hos eigen arbeidsgjevar for stønadsmottakarar med rehabiliteringspengar. Det kan for ein periode ytast rehabiliteringspengar under arbeidstrening sjølv om stønadsmottakaren ikkje er under medisinsk behandling, når dette er naudsynt og føremålstenleg for at vedkomande skal kome tilbake til arbeid. Dersom det viser seg å vere behov for meir omfattande attføringstiltak, skal saka overførast til arbeidsmarknadsetaten.

Arbeidsgjevarar har eit sjølvstendig ansvar etter arbeidsmiljølova for attføring av eigne tilsette, og har plikt til å iverksetje naudsynte tiltak så langt det er mogeleg slik at den enkelte yrkeshemma kan få eller halde på eit passande arbeid innanfor verksemda, jf arbeidsmiljølova § 13. Attføring skjer oftast utan assistanse frå det offentlege, ved t d intern tilrettelegging/omplassering, ev i samarbeid med bedriftshelsetenesta.

I Innst S nr 114 (1997-98) bad sosialkomiteen, og i Innst O nr 27 (1997-98) bad eit fleirtal i kommunalkomiteen, om utgreiing av mellom anna om det bør takast inn eit forbod mot diskriminering på grunn av funksjonshemming i § 55 A i arbeidsmiljølova, og om § 13 i lova bør bli endra. Kommunal- og regionaldepartementet har vurdert dette nøye, jf Ot prp nr 67 (1996-97) Om lov om endringer i lov av 4. februar 1997 om arbeidervern og arbeidsmiljø mv. Departementet har kome fram til at reguleringa av arbeidsgjevar sine plikter i § 13 i arbeidsmiljølova i dag er tilstrekkeleg vidtrekkande. Det er likevel avdekt eit behov for informasjon om plikter og rettar til bedriftsintern attføring. For å avhjelpe behovet for informasjon i verksemdene har Direktoratet for arbeidstilsynet i samarbeid med arbeidsmarknadsetaten utarbeida ei vegleiing til § 13 i arbeidsmiljølova. Vegleiinga vart utgjeven i 1997 og omtalar krav i arbeidsmiljølova til tilrettelegging for yrkeshemma arbeidstakarar, mellom anna ansvar og plikter for arbeidsgjevaren og framgangsmåtar som skal følgjast i høve til yrkeshemma med behov for særleg tilrettelegging.

Støtte til bedriftsintern attføring frå arbeidsmarknadsetaten blir først sett inn dersom det er behov for meir omfattande bedriftsinterne tiltak. Tiltaket er retta mot den enkelte bedrift og tilsette med behov for assistanse ved attføring, og består av assistanse frå arbeidskontoret i form av fagleg vegleiing ev kombinert med økonomisk støtte.

Arbeidslivstenesta, som er ei gratis rådgjevingsteneste i arbeidsmarknadsetaten, kan gi råd om bedriftsintern attføring på systemnivå. Tenesta rettar seg mot ordinære verksemder med sikte på å redusere utstøyting frå arbeidslivet. I tillegg til å informere om ulike offentlege støtteordningar, assisterer tenesta verksemdene med m a rådgjeving om organisering av førebygging av sjukefråvær og bedriftsintern attføring.

6.3.6 Transport

Samferdselsdepartementet utarbeida rettleiande retningslinjer for spesialtransport våren 1997. Departementet har vidare invitert fylkeskommunane til å gjennomføre forsøksverksemd med utvida transporttilbod der transport i samband med arbeid og utdanning for funksjonshemma blir prioritert. Dei rettleiande retningslinjene bør etter Samferdselsdepartementet sine vurderingar få verke ei tid og forsøka avsluttast og evaluerast før ein tek stilling til den vidare utforminga av politikken på dette området.

Elles vil den generelle politikken for eit betre transporttilbod for funksjonshemma og vere viktig for transport til arbeid.

6.3.7 Samarbeid mellom etatane

Samarbeid mellom ulike etatar og aktørar er ei nødvendig forutsetning for å lukkast i høve til attføring og arbeid. Høvet mellom rehabiliteringtenesta/kommunen sitt ansvar for motivasjons- og meistringstiltak generelt i samband med rehabilitering, og i høve til tilbakeføring til arbeid spesielt, og arbeidsmarknadsetaten sitt ansvar for å leggje til rette i høve til deltaking i arbeidslivet, vil bli teke opp i stortingsmeldinga om rehabilitering.

Trygdeetaten, sosialetaten og helsetenesta må i tillegg til å hjelpe funksjonshemma til å klare seg sjølv i kvardagen, også vurdere kva dei kan gjere for å hjelpe den enkelte i retning av arbeidsmarknaden. For personar med helseproblem er tidleg avklaring av forventningar til attføring og arbeid viktig for å auke motivasjonen og evna til å meistre hos den einskilde. Dette vert og nærare omtala i stortingsmeldinga om rehabilitering.

I 1997 sende Sosial- og helsedepartementet og dåverande Kommunal- og arbeidsdepartementet ut eit rundskriv om oppretting av samarbeidsforum og samarbeid om personar med behov for hjelp frå fleire instansar for å kunne kome i arbeid eller utdanning. Kommunane vart der oppmoda til å ta initiativ til å opprette eit samarbeidsforum på leiarnivå m a mellom helse- og sosialtenesta i kommunen, trygdeetaten og arbeidsmarknadsetaten. Andre aktuelle instansar, m a utdanningsstyresmakter, kan trekkjast inn. Forumet skal skaffe oversikt over personar med behov for hjelp frå fleire instansar, gå gjennom samarbeidsrutinar og drøfte prioriteringsspørsmål. Det er lagt opp til at praktiske samarbeidsrutinar og spørsmål blir nedfelt i lokale samarbeidsavtalar.

Rundskrivet legg til grunn at tverretatleg samarbeid skal byggje på ansvarsdelinga mellom etatane, og at samarbeid skjer aktivt ut frå den. Dette betyr i praksis at funksjonshemma arbeidssøkjarar skal få sine behov for assistanse dekkja av den instans som har ansvaret for eit fag- eller tenesteområde, og som av den grunn har bygd opp den beste kompetanse for å gi rett assistanse.

Tilbakemeldingar frå arbeidsmarknadsetaten om kontakten med tradisjonelle samarbeidspartar innanfor offentleg forvaltning, som sosialkontor og trygdekontor, tyder på at samarbeidet dei fleste stader fungerer rimeleg godt. Det er viktig at samarbeidsforumet blir utnytta som ramme og utgangspunkt for samarbeid også med fleire instansar.

Ved Stortinget si handsaming av opptrappingsplanen for psykisk helse (St prp nr 63 (1997-98)) blei det vedteke å be regjeringa om å fremje konkrete tiltak for å sikre forpliktande samarbeid mellom arbeidsmarknadsetaten, trygdekontor, sosialkontor og helsevesenet, og mellom kommunar og fylkeskommunar. Slike tiltak vil bli omtala i den varsla stortingsmeldinga om rehabilitering.

6.4 Handlingsplan for auka yrkesaktivitet blant funksjonshemma - tiltak i perioden 1998-2001

6.4.1 Hovudinnsats i planperioden

Regjeringa vil halde fram med den høge innsatsen for at funksjonshemma skal kunne få og halde på arbeid. Funksjonshemma sjølve, brukarorganisasjonar og partane i arbeidslivet skal engasjerast og bli høyrde. Forum for integrering av yrkeshemma i arbeidslivet skal utnyttast som informasjons- og drøftingsforum, og det skal vere eit gjensidig rådgjevingsorgan for styresmaktene, funksjonshemma sine interesseorganisasjonar, og arbeidstakar- og arbeidsgjevarorganisasjonane.

Ei hovudline skal vere å innrette arbeidslivet slik at funksjonshemming ikkje fører til yrkeshemming. Partane i arbeidslivet skal engasjerast gjennom eit målretta helse-, miljø- og tryggleiksarbeid. Tekniske og organisatoriske tilhøve som gir grunnlag for tilrettelegging skal utnyttast.

Ei anna hovudline er førebygging for å hindre at yrkeshemming blir utvikla. Tidleg innsats for å hindre utstøyting skal stimulerast, m a gjennom aktivisering i sjukmeldingsperioden der det er mogeleg og føremålstenleg. Styresmaktene vil framleis gi vegleiing og støtte opp under arbeidsgjevarar som treng hjelp til bedriftsinterne attføringstiltak. Hovudtyngda av innsatsen kan og må mest effektivt kome frå arbeidslivet sjølv.

Den neste hovudlina er innsatsen for å assistere yrkeshemma arbeidssøkjarar slik at dei kan kome tilbake i arbeid eller inn i arbeid dersom dei er nykomarar på arbeidsmarknaden. Låg arbeidsløyse og høg sysselsetjing, det vil seie eit arbeidsliv som tek i bruk og utnyttar ressursane hos dei som kan og vil arbeide, er eit sentralt mål. Regjeringa vil leggje den aktive arbeidsmarknadspolitikken til grunn for så vel yrkeshemma som for ordinære arbeidssøkjarar.

Det betyr at heile spekteret av tenester og tilbod som arbeidsmarknadsetaten har utvikla når det gjeld informasjon, vegleiing, avklarings- og formidlingsassistanse, skal nyttast i høve til yrkeshemma. I tillegg vil regjeringa halde fram med den sterke prioriteringa av tiltak for yrkeshemma arbeidssøkjarar ved at det blir sett av midlar til spesielle arbeidsmarknadstiltak på eit eige budsjettkapittel.

Utfordringane blir å bruke og vidareutvikle kompetansen, tenestene og tiltaka ytterlegare. Samstundes må ein ha for auge at tilboda blir utforma slik at dei blir tenlege for personar med ulike yrkeshemmingar og funksjonsnivå.

Regjeringa gjer i budsjettet for 1999 framlegg om at 6,69 milliardar kroner blir sett av til ytingar og tiltak spesielt for yrkeshemma arbeidssøkjarar, jf kap 1592 Spesielle arbeidsmarknadstiltak for yrkeshemma og kap 2543 Ytingar til yrkesretta attføring. Det gir rom for om lag 40 000 tiltaksplassar. Informasjons-, vegleiings-, avklarings-, oppfølgings- og formidlingsinnsats kjem i tillegg, jf kap 1590 Arbeidsmarknadsetaten.

I eit attføringsløp må det brukast noko tid til avklaring, og det vil måtte bli noko ventetid før og mellom tiltak. Det er difor sett som mål at minst tre firedelar av dei yrkeshemma skal vere i tiltak til eikvar tid.

Regjeringa har i framlegg til statsbudsjett for 1999 trekt opp strategiar og mål for den arbeidsmarknadspolitiske innsatsen for yrkeshemma. Hovudmålet for tiltaksinnsatsen er attgjeve over.

I tillegg til denne hovudinnsatsen er det lagt opp til ein del konkrete tiltak i planperioden som skal fange opp sider ved innsatsen som skal betrast. Desse tiltaka vil i omfang utgjere ein liten del av totalinnsatsen, men kan leggje grunnlag for riktige kvalitative endringar.

6.4.2 Tiltak som vert ført vidare

Fokusering på brukarmedverknad - aktørperspektivet

Som omtala under punkt 6.3.2 har arbeidsmarknadsetaten i aukande grad teke i bruk gruppemetodikk i sin assistanse til den enkelte yrkeshemma. I 1997 etablerte etaten eit ressurskontor med kompetanse på gruppevegleiing i kvart fylke. Desse ressurskontora skal i samarbeid med arbeidsrådgjevingskontoret i vedkomande fylke, gi arbeidskontora opplæring i gruppemetodikk.

6.4.2.1 Gruppevegleiing skal vere tilgjengeleg som eit tilbod ved alle arbeidskontor innan utgangen av 1998

6.4.2.2 Vurdere gruppevegleiing som metode i arbeidsmarknadstiltak

Det er teke initiativ til å utvikle gruppemetodane som blir nytta i gruppevegleiing også i arbeidsmarknadstiltak. Arbeidsdirektoratet gir støtte til eit toårig prosjekt som skal prøve ut gruppebaserte metodar i arbeidsmarknadsbedriftene og i arbeidsførebuande trening. Samstundes er det lagt opp til å utvikle tiltaka i tråd med prinsippa i aktørperspektivet. Prosjektet er to-årig, og skal avsluttast i 1999.

6.4.2.3 Internett-tenesta blir utbygd

I arbeidssøkjarprosessen legg arbeidsmarknadsetaten stadig større vekt på bruk av Internett som informasjonskjelde til ledige jobbar. Det er lagt inn informasjon om eit monaleg tal ledige stillingar som kan søkjast opp. Også enkelte tiltakstilbod blir lagt ut på Internett. For mange funksjonshemma har dette gjort det mykje lettare å få tilgang til denne delen av etaten sine tenester. Tenesta blir bygd ut og vil dermed kunne nå fleire i løpet av planperioden.

Meir fleksible ordningar for kombinasjon av arbeid og trygd

6.4.2.4 For å gi uførepensjonistar betre høve til auka yrkesdeltaking er det i ein forsøksperiode opna for å kunne yte uførepensjon ved lågare uføregrad enn 50 prosent

Det er ein føresetnad at vedkomande allereie har fått uførepensjon og er i ein konkret arbeidssituasjon. På bakgrunn av erfaringane skal det vurderast om ordninga skal gjerast permanent.

Auka innsats for personar med psykiske lidingar

6.4.2.5 Prosjektet «Mi framtid»

Arbeidsmarknadsetaten gir støtte til eit nytt prosjekt - «Mi framtid» - som skal hjelpe personar med langvarige og alvorlege psykiske lidingar i forsøket på å nærme seg arbeidslivet. Prosjektet omfattar to arbeidssamvirke i Telemark, og inneber forpliktande samarbeid mellom fleire etatar.

Auka satsing på fysisk tilrettelegging av arbeidsplassar for funksjonshemma

Trygdeetaten har ansvar for finansiering og formidling av hjelpemiddel.

Arbeidsgjevar har etter arbeidsmiljølova ansvar for at arbeidsplassen er tilrettelagt for yrkeshemma arbeidstakarar. Når løysinga er hjelpemiddel, pliktar arbeidsgjevar å finansiere slike med inntil halvparten av grunnbeløpet i folketrygda. Den overskytande delen kan folketrygda dekkje.

For yrkeshemma som er under yrkesretta attføring, har arbeidsmarknadsetaten ansvar for å avdekkje behov for hjelpemiddel og tilrettelegging. Etaten har og ansvar for å vise til og koordinere dei ulike etatar som har utgreiings-, finansierings-, formidlings- og opplæringsansvar for hjelpemiddel slik at den yrkeshemma finn fram til rett hjelpeinstans. I tillegg har etaten ansvar for at behovet for hjelpemiddel og tilrettelegging blir integrert i handlingsplanen for den enkelte, samt motivere den yrkeshemma til bruk av hjelpemiddel i arbeidssituasjonen.

Rett bruk av hjelpemiddel inneber eit monaleg forbetringspotensiale for å kunne innpasse funksjonshemma i arbeidslivet.

6.4.2.6 Tiltak for å utnytte hjelpemiddel betre i attføringsarbeidet

Arbeidsmarknadsetaten skal utføre ein intern gjennomgang med siktemål å kome fram til ei mest mogeleg føremålstenleg organisering av denne type kompetanse innan etaten. Arbeidsdirektoratet har dessutan innleia eit samarbeid med Rikstrygdeverket for å auke kunnskapen på området, og for å betre samarbeidet om tekniske og ergonomiske tiltak på lokalt plan.

Prøveordning med funksjonsassistentar for sterkt rørslehemma

Som ei oppfølging av Velferdsmeldinga starta Sosial- og helsedepartementet i 1997 eit treårig forsøk med funksjonsassistentar. Målet er å få fleire arbeidstakarar med fysiske funksjonshemmingar i ordinært arbeid.

Funksjonsassistentar har som oppgåve å gi praktisk assistanse til sterkt rørslehemma i arbeidstida. Dette kan vere hjelp til henting/flytting av arbeidsreiskap, kopiering, transport mellom møtestader og arbeidsplass, hjelp til å ete, toalettbesøk, av- og påkleding m m. Funksjonsassistenten skal ikkje utføre arbeidsoppgåvene til den funksjonshemma arbeidstakaren.

Arbeidsgjevaren og arbeidstakaren samarbeider ved tilsetjinga av funksjonsassistenten, men det er arbeidstakaren som styrer assistenten. Av praktiske årsaker er arbeidsgjevaransvaret knytt til den rørslehemma sin arbeidsgjevar. Ordninga føreset at arbeidsplassen i størst mogeleg grad er tilpassa på førehand.

6.4.2.7 Sosial- og helsedepartementet skal samarbeide med funksjonshemma sine organisasjonar og partane i arbeidslivet om korleis ordninga med funksjonsassistentar best kan organiserast og finansierast i framtida

Utnytte dei høva som ligg i ny teknologi

Arbeidsmarknaden er i stadig endring. Arbeidsplassar og -oppgåver blir skapt medan andre meir eller mindre forsvinn. Raske endringar i arbeidslivet, m a som følgje av teknologisk utvikling, kan innebere ei belastning i form av auka krav til formalutdanning, kompetanse og omstillingsevne. Utviklinga gir på den andre sida nye høve for funksjonshemma. IT og ny teknologi gjer det mogeleg for funksjonshemma å finne nye former for arbeid og oppgåver som tidlegare ikkje var tilgjengelege.

6.4.2.8 Samarbeidsprosjekt om IT og høve til tilrettelegging av fjernarbeid

Arbeidsmarknadsstyresmaktene har eit samarbeid med Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon om prosjektet FunkArbeid. Målsetjinga med prosjektet er å utnytte dei høva som informasjonsteknologi opnar for. Dette gjeld mellom anna etablering av heimearbeidsplassar eller anna føremålstenleg tilrettelegging av arbeidssituasjonen. SINTEF IFIM har fått i oppdrag å evaluere prosjektet. Prosjektet er treårig.

Likemannsordninga og arbeid

Likemannsarbeid er ei organisert samhandling mellom menneske som er i same situasjon, og der sjølve samhandlinga har som mål at erfaringar skal utvekslast på ein måte som partane kan gjere seg nytte av i sin kvardag, til dømes under yrkesretta attføring eller i yrkesaktivitet.

Likemannsarbeidet har normalt som utgangspunkt at ein av dei som inngår i samhandlinga har lengre erfaring i det å vere i arbeid eller under yrkesretta attføring med ei funksjonshemming. Likemannsarbeidet byggjer på frivillig deltaking. Det er ikkje meininga at nokon skal ha betaling for dette arbeidet, men reelle utgifter kan dekkjast. Landsdekkjande organisasjonar for funksjonshemma kan søkje midlar til likemannsarbeid. Tilskotsordninga over budsjettet til Sosial- og helsedepartementet er varig frå og med 1998, og om lag ein firedel av midlane skal nyttast til likemannsarbeid knytt til attføring og arbeid. Likemannsarbeid i høve til yrkesretta attføring og arbeid er ei oppfølging av framlegg i Velferdsmeldinga.

6.4.2.9 Sosial- og helsedepartementet skal i løpet av 1999 i samarbeid med funksjonshemma sine organisasjonar utarbeide ein eigen vegleiar for likemannsarbeid i høve til arbeid og attføring

6.4.3 Tiltak i planperioden

Auka tilgjenge til assistanse frå arbeidsmarknadsetaten

Arbeidsmarknadsetaten skal yte personleg service. For at funksjonshemma skal kunne ha nytte av assistanse frå etaten, er det ein føresetnad at denne er lett å nå. Etaten si publikumskontakt stiller difor krav til at arbeidskontor og serviceeiningar er fysisk tilgjengelege.

6.4.3.1 Arbeidsdirektoratet skal kartleggje det fysiske tilgjenget ved arbeidskontor og andre serviceeiningar i løpet av 1998

Opplysningane skal deretter systematiserast og vurderast, og det blir lagt ein gjennomføringsplan for naudsynte utbetringstiltak. I vurderingane skal ein trekkje inn funksjonshemma sine erfaringar.

Betre målretting og kvalitet på informasjon til brukarane av arbeidsmarknadsetaten sin assistanse

På bakgrunn av drøftingar i Forum for integrering av yrkeshemma i arbeidslivet er det gjennomført eit prosjekt for å kartleggje informasjonsbehov og -barrierar blant yrkeshemma, tillitsvalte og arbeidsgjevarar. På bakgrunn av dette skal ein kome med framlegg til informasjonstiltak som kan medverke til at fleire yrkeshemma/funksjonshemma blir integrert i arbeidslivet.

6.4.3.2 Målretta informasjon mot brukargruppene til arbeidsmarknadsetaten

I løpet av planperioden vil arbeidsmarknadsetaten skifte ut tidlegare informasjonsmateriell med materiell som er meir målretta mot etaten sine brukargrupper. Føremålet er å dekkje behovet for informasjon i dei ulike fasar av arbeidssøkjar- og attføringsprosessen. Informasjonsmateriellet blir laga med sikte på å dekkje behovet til alle arbeidssøkjarar, dvs. både yrkeshemma og ordinære arbeidssøkjarar. Etaten skal og vurdere behovet for meir spesifikk informasjon retta mot målgrupper. Ein informasjonsbrosjyre om arbeidsmarknadstiltak for yrkeshemma kan vere aktuell. Dette arbeidet vil starte i 1999. Organisasjonane vil bli tekne med på råd i denne prosessen.

6.4.3.3 Informasjonsprosjekt

Det er teke initiativ til eit informasjonsprosjekt i regi av NHO.

6.4.3.4 Utvikle og tilretteleggje materiell og informasjon for synshemma

Norges blindeforbund skal gjennomføre jobbklubb for synshemma. Føremålet er å samle erfaringar om korleis jobbklubbmateriellet fungerar for denne målgruppa. På dette grunnlag vil etaten syte for å tilretteleggje materiellet med tanke på at synshemma skal kunne delta i ordinær jobbklubb. I tilknyting til prosjektet skal det undersøkjast korleis synshemma best mogeleg kan skaffe seg informasjon om arbeidsmarknaden. Arbeidsdirektoratet støttar prosjektet. Dette materiellet er no under produksjon.

Auka fokusering på rekruttering av funksjonshemma i offentleg verksemd

6.4.3.5 Samle inn og vurdere informasjon om rekruttering til offentleg verksemd

I 1996 vart forskriftene til tenestemannslova endra for å gjere det lettare for funksjonshemma å bli tilsett i staten. Arbeidsgjevar kan velje å tilsetje ein kvalifisert funksjonshemma søkjar i staden for best kvalifiserte søkjar. Arbeids- og administrasjonsdepartementet har i 1998 bede departementa med underliggjande etatar om ei innrapportering av rekrutterte og tilsette funksjonshemma/yrkeshemma i 1997. Etter å ha gjennomgått dei innrapporterte svara, er departementet kome fram til at ein ved rapporteringa neste år vil be om ytterlegare informasjon. Målet er å få betre innsikt i tilhøva når det gjeld statlig sysselsetjing av funksjonshemma.

6.4.3.6 Arbeids- og administrasjonsdepartementet vil innan 01.02.99 sende eit brev til departementa med underliggjande etatar der det blir gitt brei og detaljert informasjon om alle økonomiske støtteordningar ved tilsetjing av funksjonshemma

Slik informasjon kan medverke til auka medvit omkring dei funksjonshemma sin situasjon, samstundes som den peikar på dei fordelar som er knytt til tilsetjing av kvalifiserte funksjonshemma.

6.4.3.7 Utarbeide ein informasjonsbrosjyre retta mot statlege verksemder

Arbeids- og administrasjonsdepartementet skal i samarbeid med fagdepartementa utarbeide ein informasjonsbrosjyre til statlege arbeidsgjevarar og tillitsvalte, med opplysningar om situasjonen for funksjonshemma, FN sine standardreglar for like vilkår for menneske med funksjonshemming, og opplysningar om ulike økonomiske og andre tilhøve ved tilsetjing av funksjonshemma. Informasjonsbrosjyren er planlagt ferdigstilt innan 01.07.99.

Tiltak for unge funksjonshemma i overgangen skule/arbeid

Overgangsfasen frå skule til arbeid er ein kritisk fase. Prosjektet OSKAR (overgang skule- arbeid for personar med funksjonshemmingar) viste at den manglande tilpassinga til arbeidslivet for unge funksjonshemma til ei viss grad skuldast manglande samanheng mellom den rådgjeving og opplæring dei får i den vidaregåande skulen, og dei høve til arbeid som finst. Det var i lita utstrekning systematisk samarbeid mellom arbeidsmarknadsetat, skule, trygdeetat og hjelpemiddelsentral m m, med sikte på å gjere overgangen mellom skule og arbeid så enkel som mogeleg, og med sikte på å starte planlegging for arbeidet mens den unge er i skuleverket. Prosjektet viste og at mange unge funksjonshemma som får naudsynt støtte og assistanse, har føresetnad for å delta i arbeidslivet og kan integrerast i ordinært arbeid.

Unge funksjonshemma har ulikt behov for assistanse. Målretta vegleiing og val av føremålstenlege arbeidsmarknadstiltak for dei som treng det, er viktig. Arbeidsmarknadsetaten vil framleis spele på heile spekteret av tiltak. Arbeid med assistanse har vist seg å vere eit nyttig tiltak også for unge. I takt med den vidare utbygging av tiltaket, vil det bli satsa vidare på dette. Det blir vurdert å nytte arbeid med assistanse parallelt med skulegang når det er føremålstenleg. Det må likevel vurderast konkret når i overgangsfasen det er mest tenleg å leggje hovudtyngda av tiltaket.

6.4.3.8 Assistanse parallelt frå etatane, utarbeide rutinar og samarbeidsløysingar

Arbeidsdirektoratet har, etter brev frå utdanningsdirektøren i Hordaland, teke initiativ til eit samarbeid for å konkretisere rutinar for samarbeid og oppfølging frå utdanningsstyresmakter og arbeidsmarknadsstyresmakter. Samarbeidet skal starte mens den funksjonshemma er under utdanning. Målsetjinga er å finne kombinasjonsløysingar ved overgang frå skule til arbeid. Det vil i den samanheng bli utarbeida rutinar når det gjeld ansvars- og oppgåvefordelinga mellom dei samarbeidande etatane. Arbeidsdirektoratet tek sikte på å leggje erfaringane frå Hordaland til grunn for tilsvarande samarbeid i andre fylke.

6.4.3.9 Koordineringsansvar etter avslutta opplæring i kommunane

Mange funksjonshemma har behov for assistanse frå fleire instansar. Regjeringa meiner at ansvaret for å koordinere eit slikt behov for assistanse framleis skal liggje hos undervisningsstyresmaktene mens funksjonshemma enno er under opplæring. Etter avslutta opplæring kan spørsmål knytt til attføring og arbeid i ein del tilfelle bli løyst bilateralt mellom arbeidsmarknadsstyresmakter og utdanningsstyresmakter, jf omtale over. I mange tilfelle vil det vere behov for innsats frå fleire instansar, ikkje minst frå helse- og sosialsektoren. Slik assistanse kan vere naudsynt gjennom heile livet. Tida under attføring og dermed arbeidskontoret si assistanse er tidsavgrensa. Ut frå dette meiner regjeringa at koordineringsansvaret etter avslutta opplæring skal liggje i kommunen. Kommunane er allereie oppmoda til å ta både initiativ og leiarskap i tilknyting til oppretting av såkalla samarbeidsforum, jf tidlegare omtale av oppretting av samarbeidsforum.

Auka innsats for personar med psykiske lidingar

Menneske med psykiske lidingar har ofte problem med å vere i arbeidslivet. Mange vil likevel klare å halde på arbeidet ved hjelp av behandling eller tidsavgrensa støttetiltak. Regjeringa la våren 1998 fram ein økonomisk forpliktande opptrappingsplan for å betre tilbodet til personar med psykiske lidingar, jf St prp nr 63 (1997-98) Om opptrappingsplan for psykisk helse 1999-2006. Satsing på sysselsetjingstiltak slik at fleire kan kome i arbeid, er også sentralt i arbeidet med betre helsevern. I nemnde stortingsproposisjon, som Stortinget i hovudsak slutta seg til, har regjeringa varsla ein auke på 2000 nye tiltaksplassar slik at 4000 fleire personar med psykiske lidingar kan få tilbod om arbeidsmarknadstiltak ved utgangen av planperioden for psykiatrisatsinga.

Attføring til arbeidslivet for denne gruppa krev ofte omfattande innsats. Behov for arbeidsmarknadstiltak kan ikkje vurderast lausrive frå utbygginga av behandlings-, etterverns- og aktivitetstilbod i kommunane. Betre tilbod på desse områda er ein føresetnad for at fleire skal kunne nytte tilboda frå arbeidsmarknadsetaten og gjennomføre attføring enten samstundes eller på eit seinare tidspunkt. For at den auka innsatsen skal gi god effekt, er det viktig at opptrappinga av tilbodet utanom arbeidsmarknadsetaten skjer parallelt med utbygginga av arbeidsmarknadstiltaka.

6.4.3.10 Fleire tiltaksplassar for personar med psykiske lidingar

6.4.3.11 Vurdere behov for nye tiltak for personar med kroniske lidingar og varierande arbeidsevne

I tillegg til at det skal byggjast ut fleire tiltaksplassar til personar med psykiske lidingar, har Arbeids- og administrasjonsdepartementet til vurdering om det er behov for å utvikle nye typar tiltak for personar med kroniske lidingar som varierer over tid. Stortinget har dessutan ved handsaminga av St prp nr 63 (1997-98) Om opptrappingsplan for psykisk helse 1999-2006, bede regjeringa fremje ei sak om korleis ein kan sikre gode og fleksible arbeidstilbod til menneske med psykiske lidingar, jf romertalsvedtak V.

Det er og sett i gang eit forskingsprosjekt for å sjå nærare på kva tilbod arbeidsmarknadsetaten gir til personar med psykiske lidingar.

Tiltak for rørslehemma - prosjekt

Sterkt rørslehemma er ei gruppe funksjonshemma som kjem særleg dårleg ut på mange levekårsområde, m a i høve til arbeid, jf Nordlandsforsking 1997. I handlingsplan for funksjonshemma (1993-1997) var eit av tiltaka eit samarbeid mellom arbeidsmarknadsetaten og Sunnaas sykehus om målgruppa sterkt fysisk funksjonshemma. Prosjektet let seg ikkje gjennomføre. Det er no teke initiativ til å realisere eit tilsvarande prosjekt gjennom eit samarbeid mellom Regionsjukehuset i Tromsø og arbeidsmarknadsetaten der det m a vil bli fokusert på unge funksjonshemma i overgangen skule/arbeid.

6.4.3.12 Utarbeide og prøve ut modellar for yrkesretta assistanse til sterkt rørslehemma, som ved samordning i tid og stad integrerer yrkesretta attføring og medisinsk rehabilitering

Fokus skal vere på enkeltbrukarar og deira behov for yrkesretta assistanse. Eit hovudmål er å auke målgruppa si yrkesdeltaking i løna arbeid og å gjere brukaren meir medviten om sitt potensiale i yrkessamanheng.

Ved oppstart vil det bli oppretta ei styringsgruppe der m a lokale brukarrepresentantar blir representert. Aktuelle brukarorganisasjonar vil bli kontakta tidleg i kartleggingsfasen for innhenting av brukarønskjer og synspunkt. Prosjektet er støtta av Sosial- og helsedepartementet og Arbeidsmarknadsstyresmaktene.

Etablering av eiga verksemd

Yrkeshemma kan i dag få godkjent etablering av eiga verksemd som attføringstiltak, og behalde attføringspengane, under føresetnad av at vedkomande har fått innvilga etablerarstipend frå fylkeskommunen. Det er stor etterspørsel etter desse stipenda, og sjølv om yrkeshemma er ein av dei prioriterte gruppene ved tildeling, kan denne koblinga mellom tildeling av stipend og godkjenning som attføringstiltak vere uheldig. På den andre sida kan den direkte støtta betre føresetnaden for vellukka etableringar.

6.4.3.13 Vurdering av etablerarordninga under yrkesretta attføring

Arbeids- og administrasjonsdepartementet skal vurdere endringar i regelverket som kan gjere det enklare for yrkeshemma med gode prosjektidear å skape sin eigen arbeidsplass. Det må framleis vere eit krav at prosjekta vert vurderte grundig næringsfagleg i høve til langsiktig økonomisk lønsemd og kor varige dei kan bli.

Forsking

Det er ønskjeleg å få meir kunnskap om attføringsfeltet.

6.4.3.14 Evaluering av verknadene av attføringsreforma

Arbeids- og administrasjonsdepartementet har gitt SNF-Bergen i oppdrag å utføre ei reint kvantitativ undersøking som kan gi opplysningar om verknadene av attføringsreforma. Undersøkinga tek m a sikte på å kartleggje om det har vore endringar i rekrutteringsgrunnlaget til attføring, korleis løpa innanfor attføring før og etter reforma er, og korleis det går med yrkeshemma på litt lenger sikt etter at attføringa er avslutta. Prosjektet skal avsluttast i 1999.

Tilleggsundersøking til Arbeidskraftundersøkinga (AKU)

Ein måte å få meir kunnskap om situasjonen på arbeidsmarknaden for funksjonshemma som gruppe er å bestille tilleggsundersøkingar til arbeidskraftundersøkinga. Ei slik undersøking om yrkeshemma vart gjort 1. kvartal 1995.

6.4.3.15 Auke kunnskapen om situasjonen for funksjonshemma på arbeidsmarknaden

Arbeids- og administrasjonsdepartementet vil sørgje for ei tilleggsundersøking til AKU om situasjonen for funksjonshemma på arbeidsmarknaden. Tilleggsspørsmåla skal stillast til alle utan omsyn til tilknyting til arbeidsmarknaden, og svara skal analyserast i høve til sentrale variablar i den kvartalsvise AKU-undersøkinga. Føremålet er mellom anna å kartleggje om det er systematiske samanhengar mellom funksjonshemming og andre variablar i høve til sysselsetting, og på kva måtar situasjonen for funksjonshemma eventuelt skil seg frå andre i yrkesaktiv alder sin situasjon.

Til toppen
Til forsida av dokumentet