St.meld. nr. 8 (2002-2003)

Kredittmeldinga 2001

Til innhaldsliste

1 Innleiing

1.1 Oversikt over meldinga

Finansdepartementet legg med dette fram Kredittmeldinga 2001.

I kapittel 1 blir det gitt generell informasjon om finansinstitusjonane og verdipapirhandelen i 2001, medan kapittel 2 handlar om den finansielle stabiliteten, og gir nyare informasjon om utviklinga i finansmarknaden. I kapittel 3 er det ei omtale av finansskandalane i USA. Kapittel 4 handlar om nokre spørsmål i tilknyting til finansmarknaden, og omtalar mellom anna eigaravgrensingsreglar i norske finansinstitusjonar, omdanning av sparebankar, kvitvasking og terrorfinansiering og marknadsplassar for varederivat. Kapittel 5 handlar om hovudtrekka i regelverksutviklinga og dei viktigaste enkeltsakene som departementet og Kredittilsynet har behandla på finansmarknadsområdet i 2001. Kapittel 7 omtalar verksemda til Kredittilsynet i 2001. Vidare er det ein omtale av verksemda til Noregs Bank (kapittel 6), Statens Banksikringsfond (kapittel 8) og Statens Bankinvesteringsfond (kapittel 9) i 2001. Omtalen av verksemda til desse institusjonane er pålagd ved lov, jf. sentralbanklova § 28, banksikringsfondslova § 8 og bankinvesteringsfondslova § 6. Omtalen i dei nemnde kapitla byggjer i stor grad på årsmeldingane frå institusjonane. Kapittel 10 tek opp verksemda til Folketrygdfondet i 2001, og kapittel 11 omtalar verksemda til Det internasjonale valutafondet (IMF).

Sjølv om meldinga gjeld for år 2001, er omtalen på nokre punkt utvida til også å ta med utviklinga i 2002. Årsmeldingane frå Noregs Bank, Kredittilsynet, Statens Banksikringsfond, Statens Bankinvesteringsfond og Folketrygdfondet for år 2001 følgjer som utrykte vedlegg til meldinga.

1.2 Utviklinga på finansmarkanden

Svakare konjunkturutvikling, fall i aksjemarknadene og konkurranse førte til noko svakare resultat både for sparebankane og forretningsbankane i 2001, samanlikna med dei gode resultata for 2000 og 1999. Det var særskilt ein auke i tap på utlån som medverka til svekt resultat for begge grupper bankar.

Negativ utvikling i verdipapirmarknaden førte til svake resultat for forsikringsselskapa i 2001. Gjennom året blei soliditeten i livsforsikringsselskapa sterkt svekt. Det verdijusterte resultatet, som måler resultatet korrigert for gevinstar og tap i verdipapirmarknaden, blei negativt. Rekneskapsresultatet til selskapa var svakt positivt. For skadeforsikringsselskapa synte forsikringstilknytt verksemd ei betring, men lågare finansinntekter medverka til eit svært svakt resultat av ordinær verksemd.

1.2.1 Bankane

Både forretningsbankane og sparebankane hadde ein nedgang i resultat av ordinær verksemd i 2001, samanlikna med 2000. Forretningsbankane hadde samla eit resultat av ordinær drift før skatt på 6,7 milliardar kroner, som var 1,4 millionar svakare enn året før. Resultat av ordinær verksemd i sparebankane var 7,2 milliardar kroner i 2001, ein nedgang på 2,2 milliardar kroner samanlikna med året før. Nedgangen i resultat for sparebankane hadde samanheng med at sparebankane i 2000 hadde monalege inntekter frå sal av aksjar i Fellesdata. Ser ein bort frå desse inntektene, var resultatet berre noko svakare i høve til forvalta kapital.

Press på rentemarginane har over lang tid redusert netto renteinntekter i høve til gjennomsnittleg forvalta kapital både for forretningsbankane og sparebankane. Medan sparebankane framleis hadde ein nedgang i netto renteinntekter i høve til forvalta kapital i 2001, var det ei stabilisering av netto renteinntekter i forretningsbankane. Målt i høve til gjennomsnittleg forvalta kapital hadde dei tre største forretningsbankane ei nettorente på 1,95 prosent, medan resten av forretningsbankane hadde ei nettorente på 1,79 prosent. Sparebankane har framleis ei høgare nettorente målt i høve til forvalta kapital enn forretningsbankane, og dei små og mellomstore bankane har eit høgare nivå på nettorenta enn dei store bankane. Den største sparebanken hadde ei nettorente på 2,16 prosent, dei nest største hadde 2,43 prosent, medan dei mellomstore og mindre sparebankane hadde ei nettorente på 2,93 prosent.

Forretningsbankane hadde ein auke i andre inntekter (utanom kursgevinstar på verdipapir) på 6 prosent samanlikna med 2000. Som følgje av den negative utviklinga på aksjemarknaden blei inntekter frå aksjar redusert monaleg i 2001. Sjølv med betring i inntektene frå valuta og derivat var inntektene frå verdipapirverksemda lågare enn året før. Som for forretningsbankane auka sparebankane andre inntekter med 5 prosent. Den negative utviklinga i verdipapirmarknaden førte til ein reduksjon i netto kursgevinstar, i hovudsak netto kurstap på aksjar.

Både forretningsbankane og sparebankane har senka dei relative kostnadene samanlikna med 2000. For forretningsbankane fall kostnadene frå 1,92 prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital i 2000 til 1,88 prosent i 2001. Kostnadene for sparebankane gjekk ned med 0,14 prosentpoeng i same periode, og utgjorde 1,80 prosent av forvalta kapital i 2001.

Det var særleg auke i tap på utlån som medverka til svekt resultat for begge bankgrupper. Bankane har i ein lang periode bokført låge tap på utlån. Dette har medverka til gode resultat. Samla tap på utlån i forretningsbankane i 2001 utgjorde 0,28 prosent av forvalta kapital, ein auke på 0,17 prosentpoeng i høve til 2000. Nivået på tap i høve til forvalta kapital var også for sparebankane 0,28 prosent. Dette var 0,05 prosentpoeng høgare enn i 2000. Misleghaldne lån i forretningsbankane auka med 12 prosent, medan sparebankane hadde ein auke i talet på misleghaldne lån på 19 prosent samanlikna med eitt år tidlegare.

Avkastninga på gjennomsnittleg eigenkapital for dei største forretningsbankane, målt ved resultat av ordinær drift etter skatt, auka til 14,8 prosent i 2001 frå 14,7 prosent i 2000. For dei resterande forretningsbankane fall eigenkapitalavkastninga frå 13,9 prosent i 2000 til 7,5 prosent i 2001. For sparebankane fall eigenkapitalavkastninga frå 16,8 prosent til 10,9 prosent i same periode. Dei største sparebankane har ei høgare avkastning på eigenkapitalen enn dei mindre bankane.

Tabell 1.1 Resultatpostar i prosent av gjennomsnittleg forvaltningskapital for forretningsbankane

19991)20002001
Netto renteinntekter2,031,931,93
Andre inntekter1,151,261,19
av dette kursgevinstar/tap verdipapir og valuta0,340,320,27
Andre kostnader2,021,921,88
Resultat før tap1,151,271,24
Tap på utlån og garantiar0,060,110,28
Resultat av ordinær drift før skatt1,111,160,90

1) Tal for 1999 er påverka av at Sparebanken NOR tok over Gjensidige Bank, og at DnB tok over Postbanken.

Kjelde: Kjelde: Kredittilsynet, skjema for hovudtal

Tabell 1.2 Resultatpostar i prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital for sparebankane

199920002001
Netto renteinntekter2,832,702,54
Andre inntekter0,980,800,69
av dette kursgevinstar/tap verdipapir og valuta0,240,080,04
Andre kostnader2,091,941,80
Resultat før tap1,731,551,44
Tap på utlån og garantiar0,230,230,28
Resultat av ordinær drift før skatt1,621,811,21

Kjelde: Kjelde: Finansdatabasen

Forretningsbankane hadde ein årleg vekst i utlån på 7,2 prosent (korrigert for overføring av utlånsporteføljar) ved utgangen året. Veksten var noko høgare enn ved utgangen av tredje kvartal (7,1 prosent), men lågare enn i dei to første kvartala i 2001. Sparebankane hadde ein årsvekst i utlån på 11,8 prosent (korrigert for overføring av utlånsporteføljar), ein auke frå 10,6 prosent eit kvartal tidlegare.

Tabell 1.3 Balansepostar for forretningsbankar (morbank utanom utanlandske filialar i Noreg) i milliardar kroner og i vekst i prosent frå året før

199920002001
Mrd. kronerMrd. kronerVekst i pst.Mrd. kronerVekst i pst.Mrd. kronerVekst i pst.
Utlån til kundar (brutto)47920 (7)1)52710 (4)1)5405 (7)1)
Innskot frå kundar34034 (9)1)36263805 (7)1)
Forvalta kapital65819 (6)1)71597322

1) Vekst i parentes er korrigert for overføringar av utlånsporteføljar

Kjelde: Kjelde: Kredittilsynet, skjema for hovudtal

Tabell 1.4 Balansepostar for sparebankar

199920002001
Mrd. kronerMrd. kronerVekst i pst.Mrd. kronerVekst i pst.Mrd. kronerVekst i pst.
Utlån til kundar (brutto)40419 (14)1)46214 (13)1)51712
Innskot frå kundar288163211235310
Forvalta kapital488215601562512

1) Vekst i parentes er korrigert for overføringar av utlånsporteføljar

Kjelde: Kjelde: Finansdatabasen

Lågare vekst i utlån, samstundes med at forretningsbankane har henta inn ny kapital, har ført til styrking av kjernekapitaldekninga til forretningsbankane. Ved utgangen av 2001 hadde forretningsbankane ei kjernekapitaldekning på 8,7 prosent, mot 7,8 prosent for eitt år sidan. Sparebankane si kjernekapitaldekning auka frå 10,9 prosent ved utgangen av 2000 til 11,0 prosent ved utgangen av 2001. Ved ei forskriftsendring i april 2001 blei grensa for lån med pantetrygging i bustad med risikovekt på 50 prosent auka frå 60 til 80 prosent av forsvarleg verdigrunnlag. Endra reglar førte til at kjernekapitaldekninga auka med om lag 0,1 prosentpoeng for forretningsbankane og 0,4 prosentpoeng for sparebankane.

Alle forretningsbankane og alle sparebankane oppfylte ved utgangen av 2001 lovkravet til kapitaldekning på 8 prosent. To forretningsbankar og to sparebankar rapporterte ei kjernekapitaldekning på under 8 prosent, og var såleis avhengige av tilleggskapital for å oppfylle minstekrava til soliditet i lova. Det er i hovudsak ansvarleg lånekapital som utgjer tilleggskapitalen.

1.2.2 Forsikringsselskap

Skadeforsikringsselskapa hadde i 2001 eit underskot i resultat av ordinær verksemd på 1 430 millionar kroner, som svarar til minus 8,5 prosent av premieinntekter for eiga rekning. I 2000 hadde selskapa eit overskot på 235 millionar kroner. Årsaka til det svake resultatet er først og fremst låge finansinntekter som følgje av den svake utviklinga i verdipapirmarknadene i 2001.

Det tekniske resultatet (resultat før finansinntekter) var 324 millionar kroner i 2001 mot 456 millionar kroner i 2000. Teknisk resultat blei i 2000 påverka positivt av nedgangen i tryggingsavsetnadene i eit selskap under avvikling. Om ein ser bort ifrå dette selskapet, var det tekniske resultatet betre i 2001 enn i 2000.

Skadeforsikringsmarknaden er dominert av dei fire største skadeforsikringsselskapa, If Skadeforsikring NUF, Gjensidige NOR Forsikringsgruppen, Vesta Skadekonsern og Sparebank 1 Skadeforsikring. Den norske filialen av If er under tilsyn av den svenske Finansinspektionen, og har dermed ikkje ordinær rapporteringsplikt til Kredittilsynet. Dei tre største skadeforsikringsselskapa, når ein ser bort frå If Skadeforsikring, hadde eit teknisk resultat for 2001 på minus 92 millionar kroner mot minus 405 millionar kroner for 2000. Resultatet av ordinær verksemd var derimot svakare enn for 2000, eit underskot på 1 562 millionar kroner i 2001 mot eit underskot på 480 millionar kroner året før. Tabell 1.5 syner dei viktigaste resultatpostane for dei tre skadekonserna i 2000 og 2001.

Den samla forvalta kapitalen i dei tre største skadeforsikringskonserna var ved utgangen av 2001 på 39,3 milliardar kroner. Dette er 4,4 prosent høgare enn ved utgangen av 2000. Plasseringar i kortsiktige aksjar og fondsdelar utgjorde 18,5 prosent av samla forvalta kapital. Samla forvalta kapital i skadeselskapa, inkludert dei utanlandske filialane, var 96,5 milliardar kroner. Filialar av utanlandske selskap utgjer ein stor del av den norske skademarknaden. Den samla forvalta kapitalen til dei utanlandske filialane var 26 milliardar kroner ved utgangen av 2001.

Alle skade- og kredittforsikringsselskapa fylte ved utgangen av 2001 det lovfesta minstekravet om kapitaldekning på 8 prosent. Negative resultat dei siste åra har redusert den ansvarlege kapitalen monaleg. Samla ansvarleg kapital fall med 11,1 prosent samanlikna med året før. Solvensmarginkapitalen utgjorde 577 prosent av solvensmarginkravet ved utgangen av 2001, ein nedgang frå 654 prosent eitt år tidlegare.

Det verdijusterte resultatet i livselskapa for 2001 var minus 4,5 milliardar kroner, mot minus 6,7 milliardar kroner i 2000. Underskotet svarar til 1,2 prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital. I 2000 hadde livselskapa eit verdijustert underskot som utgjorde 1,8 prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital. Som for skadeselskapa var resultatet påverka av nedgangen i verdipapirmarknaden. Kursreguleringsfondet i livselskapa, som er skilnaden mellom prisen i marknaden og kjøpspris på verdipapira, gjekk ned frå 7,9 milliardar kroner til 1,2 milliardar kroner frå utgangen av 2000 til utgangen av 2001. Det bokførte resultatet for 2001 var 2,1 milliardar kroner i overskot, som svarar til 0,6 prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital i selskapa, mot 12,6 milliardar kroner og 3,5 prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital i 2000. Tabell 1.6 syner dei viktigaste resultatpostane i livselskapa i 2000 og 2001.

Ved utgangen av 2001 hadde livselskapa ein samla forvalta kapital på 396 milliardar kroner, mot 369 milliardar kroner ved utgangen av 2000. Aksjar som blir haldne som omløpsmiddel, har auka som del av balansen gjennom fleire år, men blei monaleg redusert ved utgangen av 2001. Samanlikna med utgangen av 2000 fall aksjedelen med 10 prosentpoeng og utgjorde 20 prosent av forvalta kapital ved utgangen av 2001. Utanlandsdelen av aksjebehaldninga til selskapa viste i same periode nedgang frå 69 prosent til 63 prosent.

Store behaldningar av aksjar og obligasjonar gjer livselskapa sårbare for fall i verdipapirmarknadene. Kjernekapital ut over kravet, tilleggsavsetnader og kursreguleringsfond er dei viktigaste bufferane mot denne marknadsrisikoen. Det er derfor svært viktig at livselskapa sjølv heile tida tilpassar behaldninga si av ulike verdipapir til storleiken på bufferkapitalen. Livselskapa sin bufferkapital var nær null då aksjemarknaden nådde botnen 21. september 2001. Positiv utvikling i aksjemarknaden i fjerde kvartal, saman med styresmaktene sine soliditetstiltak, førte til at bufferkapitalen auka til 18,0 milliardar kroner. Alle livsforsikringsselskapa oppfylte kravet til kapitaldekning ved utgangen av 2001, og gjennomsnittleg kapitaldekning var 13,2 prosent.

Selskapa som tilbyr livsforsikring med investeringsval, fekk eit underskot på 87 millionar kroner i 2001, mot eit underskot på 15 millionar kroner eitt år før. Premieinntektene var 4,1 milliardar kroner, medan forvalta kapital auka frå 10,7 milliardar kroner ved utgangen av 2000 til 12,4 milliardar kroner ved utgangen av 2001. Aksjar og aksjefond utgjorde 61 prosent av forvalta kapital i selskapa, ein nedgang frå 74 prosent ved utgangen av 2000. Det er i all hovudsak forsikringskundane som sit med risikoen knytt til aksjeinvesteringane i desse selskapa.

Tabell 1.5 Resultatpostar for dei tre skadekonserna samla. Millionar kroner og i prosent av premieinntekter for eiga rekning (f.e.r.)

20002001
Mill.kr%Mill.kr%
Premieinntekter f.e.r.12 90414 417
Pådregne skadar f.e.r.11 48189,012 03383,5
Forsikringsrelaterte driftskostnader f.e.r.3 42126,53 52524,5
Teknisk resultat-405-3,1-92-0,6
Netto finansinntekter1 62912,63272,3
Resultat av ordinær verksemd-480-3,7-1 562-10,8

Tabell 1.6 Resultatpostar i livsforsikring. Millionar kroner og i prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital

20002001
Mill.kr%Mill.kr%
Premieinntekter29 4458,137 8139,7
Inntekter frå finansielle eigneluter63 88817,559 42715,3
Erstatningar26 8677,427 9597,2
Endringar i forsikringsavsetningar20 0175,519 8605,1
Forsikringsrelaterte kostnader og adm.kostnader3 4110,93 4750,9
Overskot før fordeling og skatt12 5703,52 1320,6
Verdijustert resultat før fordeling og skatt-6 685-1,8-4 510-1,2

1.2.3. Finansieringsføretak

Finansieringsselskapa betra resultatet av ordinær drift før skatt med 82 millionar kroner til 1 036 millionar kroner frå 2000 til 2001. Målt i høve til forvalta kapital var resultatet svekt med 0,04 prosentpoeng til 1,82 prosent. Auken i andre inntekter og lågare kostnader har ikkje klart å kompensere nedgangen i netto renteinntekter. Nedgang i dei korte rentene i 2001 gav lågare fundingkostnader og medverka til høgare netto renteinntekter. Over lengre tid har likevel den auka konkurransen i den norske marknaden pressa marginane nedover. Totalt var netto renteinntekter, målt i høve til forvalta kapital, stabile samanlikna med året før. Tap på utlån auka samanlikna med 2000, og utgjorde 0,47 prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital.

Finansieringsselskapa hadde ein årleg vekst i utlån på 13,1 prosent ved utgangen av 2001, mot 16,2 prosent ved utgangen av tredje kvartal.

Kredittføretaka hadde eit resultat av ordinær drift på 1 290 millionar kroner i 2001. Resultatet utgjorde 0,55 prosent av forvalta kapital, det same som året før. Netto renteinntekter auka svakt i høve til gjennomsnittleg forvalta kapital, medan auka tap på utlån medverka negativt i høve til resultatet. Kredittføretaka hadde i 2001 eit netto kurstap på verdipapir, mot ein netto kursgevinst i 2000.

Kredittføretaka auka utlån til kundar med 14,7 prosent i 2001. Ved utgangen av tredje kvartal var årleg vekst i utlån 14,3 prosent.

Ved utgangen av 2001 hadde finansieringsselskapa ei samla kjernekapitaldekning på 9,8 prosent. Dette var ein nedgang på 1,3 prosentpoeng samanlikna med 2000. Alle selskapa oppfylte minstekravet til kapitaldekning på 8 prosent. Seks selskap dekte ikkje inn kravet til kapitaldekning med kjernekapital.

Gjennomsnittleg kjernekapitaldekning for kredittføretaka var 11,1 prosent ved utgangen av 2001, som var ein nedgang på 1,9 prosentpoeng samanlikna med året før. Tre føretak oppfylte ikkje kravet til kapitaldekning med kjernekapital. Alle føretaka oppfylte minstekravet til kapitaldekning ved utgangen av 2001.

1.2.4 Verdipapirhandel

Omsetninga på Oslo Børs var 566 milliardar kroner i 2001. Dette var ein nedgang på 7 prosent samanlikna med 2000. Marknadsverdien av eigenkapitalinstrumenta som var noterte ved Oslo Børs, var ved utgangen av 2001 på 677 milliardar kroner, ein auke på om lag 6 prosent frå 2000. I 2001 blei det emitert aksjar for 28,5 milliardar kroner.

Driftsinntektene til verdipapirføretaka varierer med utviklinga i verdipapirmarknadene. Dei samla driftsinntektene for alle føretaka var på 7,3 milliardar kroner i 2001. Dette er om lag 1 milliard kroner, eller om lag 12 prosent lågare enn i 2000. Inntektene frå kurtasjehandel i eigenkapitalinstrument for alle verdipapirføretaka blei totalt 1,4 milliardar kroner i 2001. Inntektene frå kurtasje i eigenkapitalinstrument utgjorde 19 prosent av dei samla driftsinntektene for alle verdipapirføretaka. Inntektene frå kurtasje i eigenkapitalinstrument var 234 millionar kroner i verdipapirføretak som er ein integrert del av anna bankverksemd, og 1 153 millionar i ordinære verdipapirføretak. I 2000 var dei samla inntektene frå kurtasjehandel i eigenkapitalinstrument på 2,1 milliardar kroner, og utgjorde 25 prosent av dei totale driftsinntektene. Inntektene frå kurtasje knytt til eigenkapitalinstrument blei dermed 678 millionar kroner lågare i 2001 enn året før. Dette er eit fall på 33 prosent.

Forvaltningskapitalen i norske verdipapirfond var 135 milliardar kroner ved utgangen av året. Dette er ein nedgang på 10,7 milliardar kroner samanlikna med 2000. Netto nyteikning i 2001 var 5,4 milliardar kroner. Forvaltningskapitalen i internasjonale verdipapirfond var 46,4 milliardar kroner. Ved utgangen av 2001 var det 2,4 millionar deleigarar i norske verdipapirfond, mot 2,3 millionar året før.

Til forsida