Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.meld. nr. 8 (2008-2009)

Om menn, mannsroller og likestilling

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Regjeringa legg med dette fram ei stortingsmelding om menn, mannsroller og likestilling. Likestilling har lenge vore synonymt med kvinner og deira kamp for økonomisk sjølvstende, lik løn, makt, og mot undertrykking og vald.

Likestilling handlar om begge kjønn. Når menn har mindre tid saman med eigne barn, er meir utsette for ulykker, er overrepresentert på kriminalstatistikken, og fell oftare frå vidaregåande utdanning, er dette døme på at menn óg kan tene på likestilling. Menn er i dag òg underrepresenterte i yrke som lærar i barnehage og grunnskule, sjukepleiar og barnevernspedagog. Samstundes sitt menn framleis i dei fleste maktposisjonar, dei tener meir enn kvinner, og det er i hovudsak menn som står bak den grove valden i nære relasjonar.

Dei seinare åra har det skjedd positive endringar i mannsrolla. Det er no gått nesten 20 år sidan Mannsrolleutvalet i 1991 la fram si innstilling. Mannsrolleutvalet peika ut omfordeling av makt mellom kvinner og menn, meir tid for fedrane til omsorg for eigne barn både før og etter samlivsbrot, reduserte kjønnsforskjellar i val av utdanning og yrke, og å hindre menns vald mot kvinner, som sentrale mål for det framtidige likestillingsarbeidet. På fleire områder har utviklinga i mellomperioden vore positiv. Særleg er det grunn til å trekkje fram utviklinga i heimen, og den auka kontakten mellom fedrar og deira barn. På andre område har utviklinga stått stille eller vore negativ. Medan kvinner har kome inn på dei tidlegare mannsdominerte arenaene i arbeidslivet, har det ikkje vore nokon auke når det gjeld menn i helse- og omsorgssektoren, og i utdanningssektoren utgjer menn ei mindre gruppe i dag enn 15 år tidlegare. Det gjer at det er grunn til å gjenta måla frå Mannsrolleutvalet.

Boks 1.1 Endringar i mannsrollene sidan mannsrolleutvalet

  • Medan menn i studieåret 1993/1994 utgjorde 47 % av talet som fullførte utdanning ved universitet og høgskole, var talet gått ned til 37,7 % i studieåret 2006/2007.

  • I likestillingsgranskinga i 1988 svara 95 % av menn at partner sto for matlaging. I granskinga i 2007 svara 48 % av menna det same.

  • Fedrene hadde i 1990 rundt 12,5 timer meir arbeidstid enn mødrene pr veke. I 2005 var forskjellen rundt 8 timer.

  • I 1988 tok 1-2 % av fedrane ut foreldrepermisjon. I 2007 nytta 9 av 10 fedre med rett til fedrekvote seg av dei øyremerka vekene.

  • I 1996 utgjorde menn 41,3 % av tilsette i undervisningssektoren. 2. kvartal 2008 utgjorde menn 34,6 % av dei tilsette.

  • På 90-talet var 19 av 20 styredeltakarar menn. I 2008 er 6 av 10 deltakarar av styre i allmennaksjeselskap menn.

  • På 90-talet var barn under 18 år som bur berre hos far, eller far og ny sambuar eit unnatak. I 2008 gjeld dette om lag 41.500 barn, og berre sidan 2001 har talet auka frå om lag 29.000.

  • Raten for dødelegheit før fylde 65 år var i 1991 41 per 1000 for menn og 22 per 1000 for kvinner. I 2007 var raten 28 per 1000 for menn, og 18 for kvinner

  • Forventa levealder ved fødsel var i 1991 74 år for menn og 80 for kvinner. I 2007 var forventa levealder auka til 78 og 83 år.

Det er òg behov for å oppsummere endringar som har skjedd som følgje av forslaga frå utvalet, og for å vurdere nye utfordringar i lys av den generelle samfunnsutviklinga. Forslaga som utvalet la fram, er mellom anna følgde opp med ein eigen fedrekvote i foreldrepermisjonsordninga. Det har medverka til endringar i mannsroller og i tradisjonelle oppfatningar om eigenskapar knytte til menn og maskulinitet. Den «nye mannen» er meir likestillingsorientert. Særleg er menn i dag meir delaktige i omsorga for barn, og endringane i farsrolla har vore spesielt store. Menn har òg fått utvida rom for handling.

Omsorg er ei åtferd hos menn som bør stimulerast. Omsorg er på mange måtar i utgangspunktet det motsette av vald, og dessutan ei viktig evne i oppseding og samvær med barn, også i yrke i barnehagar og skular. I omsorga for eldre har menn ei viktig rolle, og likeeins i sjukepleia generelt. Både menn og kvinner blir sjuke og pleietrengande og bør ha krav på å få møte personar av begge kjønn som omsorgsytarar.

Maskulinitet er, som feminitet, allment forbunde med ei rekkje positive verdiar og eigenskapar. I sum dannar dei eit mangfald som gir grunnlag for sosial, kulturell og økonomisk vekst i samfunnet. Enkelte åtferdstrekk som tradisjonelt er knytte til maskulinitet, er det likevel grunn til å vurdere kritisk. Det gjeld særleg trekk som har ein slik karakter at dei rammar kvinner, men òg grupper av menn, på ein negativ måte. Vald mot kvinner og barn eller andre menn, mellom anna vald mot homofile, er døme på dette.

Regjeringa erkjenner at likestilling berre kan oppnåast når menn og kvinner arbeider saman mot konkrete mål og aksepterer at både maskulinitet og feminitet har sider der endringar og nye tilpassingar trengst. Likestilling mellom kjønn handlar både om å endre haldningar hos menn og kvinner og om å sikre formelle rettar og plikter på individ- og gruppenivå.

Eit viktig formål med denne meldinga er å samle kunnskapsbasert materiale og data om menn og mannsroller. Materialet viser til fulle at det er store sosiale forskjellar mellom grupper av menn, og at det er god grunn til å bruke omgrepet «det ekstreme kjønnet». Menn utgjer nemleg både topp og botn i samfunnet sett med «sosiale auge». Dei er overrepresenterte i maktforum, og dei toppar dei «dårlege» statistikkane over vald, kriminalitet og sjølvmord. Åtte av ti skuleelevar med alvorlege åtferdsproblem er gutar.

Som bakgrunn for meldinga sette Barne- og likestillingsdepartementet i 2006 i gang ei brei gransking av haldningar og praksis i samband med likestilling mellom kvinner og menn. Resultata er presenterte i dei ulike delane av meldinga, og det blir då referert til «Likestillingsgranskinga». Eit samandrag av resultata går fram av vedlegg 1. Gjennomgåande har likestillingspolitiske tiltak, mellom anna med sikte på å sikre lik reell tilgang til utdanning uavhengig av kjønn og ein oppvekst utan preg av kjønnsstereotypiar stor tilslutning blant kvinner og menn. Granskinga viser at likestillinga på heimebane blir gjennomført gjennom forhandlingar på dagleg og lengre sikt, og at menn deltek mykje meir i positiv forstand som medansvarlege for familiens ve og vel. Heile 90 % av både menn og kvinner meiner at arbeidet i heimen og forsørgjaransvaret for familien bør delast likt mellom kjønna, òg langt fleire par følgjer og dette prinsippet opp i den daglege handlemåten.

Samtidig viser granskinga at arbeidslivet statistisk ikkje viser noko teikn til å bli meir likestilt, at det har skjedd lite eller inkje av eigeninitiert likestillingsutvikling, og at arbeidslivet fungerer som ein brems for likestillinga mellom kjønna. Når vi i tillegg har ein så kjønnsdelt arbeidsmarknad, ser vi at norsk samfunnsliv har store utfordringar på dette feltet i tida framover.

Barne- og likestillingsministeren etablerte i august 2007 eit mannspanel som fekk i mandat å drøfte og skape debatt rundt temaet menn, mannsroller og maskulinitet i eit likestillingsperspektiv. Mannspanelet blei òg bedt om å gi innspel til arbeidet med meldinga. Forslaga som Mannspanelet la fram i eit sluttnotat, er omtalte i dei ulike delane i meldinga. Notatet frå panelet går i tillegg fram av vedlegg 2. Departementet konstaterer at det nesten utan unntak var samsvar mellom dei områda der Mannspanelet ville setje inn tiltak, og dei sidene ved situasjonen til menn som meldinga allereie var retta inn mot. Etableringa av Mannspanelet viste på alle måtar behovet for å drøfte mannsrollene og livssituasjonen til menn. Ikkje minst var det interessant å sjå at så mange såg det som ein provokasjon at mennene i panelet ikkje skulle vere «ordentlege mannfolk». Det kan sjå ut til at somme meiner dei har einerett på å definere dette omgrepet, og at det berre er dei sjølve som fell inn under det. Utspela viser at behovet for å drøfte mannsroller og situasjonen til menn absolutt bør ha politisk og samfunnsmessig interesse.

Den delen av befolkninga som ikkje er fødd i Noreg, har auka vesentleg dei siste 15 åra. Særleg frå ikkje-vestlege land har tilflyttinga auka. I det same tidsrommet er det blitt langt større openheit om seksuell legning, og mangfald som ein viktig verdi har brei støtte i befolkninga. Dei nemnde faktorane viser både at mannsrollene har endra seg i løpet av åra som har gått sidan Mannsrolleutvalet, og at spekteret av mannsroller er utvida. Meldinga drøfter ulike sider ved mannsrollene og eigenskapar knytte til maskulinitet.

Regjeringa erkjenner at likebehandling av kjønn ikkje åleine kan oppnåast ved å gi menn og kvinner like formelle rettar og plikter. Når gutar blei oppseda til å halde igjen tårene, mens jenter fekk gråte openlyst, var ikkje det ulovleg forskjellsbehandling av kjønn, men like fullt ei kulturelt basert forskjellsbehandling som førte til at menn og kvinner tedde seg ulikt seinare i livet. I denne meldinga er søkjelyset først og fremst retta mot sosiale og kulturelle tradisjonar som reproduserer åtferd hos nye generasjonar, og kjønnsbasert forskjellsbehandling som rammar gutar og menn. Formålet er å finne ut korleis slik forskjellsbehandling og reproduksjon av uønskt åtferd kan fjernast.

Rettar og plikter som berre gjeld for det eine kjønnet, må reknast som brot på likebehandlingsprinsippet og krev særskild grunngiving. Lover og reglar er no i all hovudsak kjønnsnøytrale, og etter regelverket er det derfor stor grad av sjanselikskap for menn og kvinner i Noreg. På enkelte område har norske styresmakter sett i verk positiv særbehandling av det eine kjønnet for å skape resultatlikskap. Grunngivinga for tiltaka har vore at slik særbehandling på lang sikt vil tene likestillinga mellom kjønna.

Regjeringa vil arbeide for at økonomiske ordningar, lover og reglar skal vere kjønnsnøytrale og ikkje diskriminere det eine kjønnet. I denne meldinga går regjeringa derfor gjennom og vurderer endringar i ordningar og reglar som kan verke diskriminerande overfor gutar og menn. Ei vel så stor utfordring for den enkelte gut og mann er nok likevel kulturelle og kollektive haldningar med historisk bakgrunn som inneber at menn og kvinner blir forstått og behandla ulikt. Slike haldningar set framleis klare grenser for kva jenter og gutar kan velje, og i meldinga foreslår regjeringa tiltak på ulike samfunnsområde for å endre dei.

Medan kvinnerolla vart vesentleg endra på sytti- og åttitalet, har ein dei to siste tiåra òg sett store endringar i mannsrolla. Å rette fokus mot menn og likestilling inneber ikkje at arbeidet med kvinner og likestilling blir nedprioritert. Tvert om heng dette tett saman. Det er framleis eit mål å sikre ei høg yrkesdeltaking hos kvinner, å få fleire kvinner inn i leiarstillingar og i styre. Men det er òg eit mål at fedrane får meir tid saman med eigne barn. Samstundes som det er eit mål å redusere forskjellen i timeløn mellom kvinnedominerte og mannsdominerte yrke, er det òg eit mål å få fleire menn til å velje sjukepleiaryrket eller andre yrke der kvinner er overrepresenterte. Likestilling mellom kvinner og menn handlar djupast sett om å oppnå ei rettvis fordeling av makt, ansvar og omsorg.

Det vil tene både kvinner og menn, familien og samfunnet.

1.1 Samandrag av meldinga og forslag til strategiar og tiltak

Kap. 2 Oppvekst, utdannings- og yrkesval

Kunnskapsdepartementet har våren 2008 lagt fram ein eigen handlingsplan for likestilling i barnehagen og i grunnopplæringa. Handlingsplanen foreslår ei rekkje tiltak for å betre kjønnsbalansen, både i utdanningsval for barn og unge og blant tilsette i sektoren. Formålet er å endre på tradisjonelle oppfatningar om utdannings- og yrkesval, og tiltak skal rettast mot begge kjønn anten ein er elev, student eller arbeidssøkjar. Meldinga drøfter behov for særskild innsats retta mot gutar innanfor skule og utdanning.

Eit særtrekk ved skulen er at gutar på alle nivå gjennomgåande har svakare resultat frå grunnskule og vidaregåande skule enn jenter. Tal frå Utdanningsdirektoratet viser at gutar i snitt ligg ein halv karakter bak jentene i avgangsresultat frå grunnskulen. Kjønnsforskjellane var betydelege òg for tjue år sida. Regjeringa ser på tidleg intervensjon som det viktigaste verkemidlet for å bøte på lærevanskar. Statistikken viser at fleire gutar enn jenter treng slik intervensjon, men det er langt færre (6,3 %) av elevane som får spesialundervisning enn som har lærevanskar. Samspelet mellom skule og foreldre er òg vesentleg, og fedrar, særleg fedrar, med etnisk minoritets bakgrunn må stimulerast til å engasjere seg langt sterkare i skulekvardagen.

Forsking viser at gutar og jenter møter ulike forventningar når det gjeld skuletilpassing, både frå heim og skule. Slike kjønnsbaserte forskjellar i forventningar kan slå negativt ut for gutar seinare i livet. Forsking viser òg ein klar samanheng mellom forventningar og læring. Det er behov for meir forsking om årsaker til forskjellar i læringsutbyte. Ein fersk rapport frå NOVA fann ikkje grunnlag i forskinga for at skulen forsterkar kjønnsforskjellar i læringsutbyte, men heller ikkje for at skulen medverka til å redusere forskjellane. Svake avgangskarakterar frå grunnskulen er ein stor risikofaktor i høve til fråfall i vidaregåande skule. Når gutar har langt høgare fråfall i utdanninga enn jenter, vil det i eit likestillingspolitisk lys svekke gutars moglegheit ved val av vidare utdanning og yrke, samanlikna med jenter. Kunnskapsdepartementet vil derfor forsterke innsatsen for å bringe fram kunnskap om årsaker til kjønnsforskjellane i læringsutbyte.

Endringar i utdanningsval er sentrale for å lykkast med å bryte den kjønnsdelte arbeidsmarknaden. Utdannings- og yrkesrådgjevinga i skulen vil ha auka fokus på kjønnsutradisjonelle utdanningsval, slik Kunnskapsdepartementet si handlingsplan for likestilling i barnehage og grunnopplæring (2008-2010) og St. meld. nr. 16 (2006-2007) om innføring av delt rådgjevingsteneste i grunnskulen og vidaregåande opplæring legg opp til.

Kap. 3 Den kjønnsdelte arbeidsmarknaden

Departementet vil setje i gang arbeidet med å utvide heimelen i likestillingslova om særbehandling av menn slik at det òg omfatter andre sektorar som arbeider med voksne, der menn er underrepresenterte, bl.a. i pleie- og omsorgssektoren. Den norske arbeidsmarknaden er ein av dei mest kjønnssegregerte i Europa. Likestillingsgranskinga viser at arbeidslivet «bidrar til å bremse» likestillinga mellom kvinner og menn, og at lite har skjedd dei siste 20 åra når det gjeld å oppnå ei jamnare fordeling mellom kjønn i dei ulike yrka og næringane. Ei rekkje offentlege kampanjar har vore sette i gang for å endre dette biletet. «Likestilling i landbruket», «Kvinner i leiing», «Kvinner i realfag» er kampanjar som har vore lanserte og gjennomførte. Tilsvarande kampanjar retta mot menn har vore av mindre omfang, men dette er nå endra gjennom handlingsplan for fleire menn i barnehage og skule (Kunnskapsdepartementet).

Av kampanjar som ledd i arbeidet for å få fleire menn inn i arbeid med barn kan nemnast «Menn i barnehagen» (www.mibnett.no), «Menn i skulen» (www.menniskolen.no) og nokre spreidde prosjekt under Helse- og omsorgsdepartementet, til dømes «Kompetanseløftet». Regjeringa foreslår å styrkje verkemidla for å rekruttere menn til bransjar som i dag er kvinnedominerte. Alle offentlege sektorar skal vidare ha strategiar for å behalde tilsette av det underrepresenterte kjønn. Auka høve til positiv særbehandling av menn, i kombinasjon med ein bevisst rekrutterings- og personalpolitikk, kan vere med og jamne ut dei kjønnsforskjellane som eksisterer i dagens arbeidsmarknad.

Barnehagesektoren har god erfaring med rekrutteringsstrategiar der moderat kvotering vert kombinert med andre rekrutterings- og behaldetiltak. Talet på menn i barnehagane har auka med 50 prosent frå 2003 til 2007. Barnehagane som har lukkast (har minst 20 prosent menn blant dei tilsette), har kombinert positiv særbehandling med enkle virkemiddel som mellom anna marknads­føring der menn er målgruppa.

Kap. 4 Fedrar mellom arbeid og familieliv

Regjeringa vil støtte opp og leggje forholda til rette for at far skal ta meir ansvar for barn og familie. Regjeringa vil føre ein samlivspolitikk som styrkjer likestillinga i samfunnet og gir kvinner og menn høve til å delta, på lik line i familielivet og i arbeids- og organisasjonslivet.

I samsvar med måla i Soria-Moriaerklæringas om meir sjølvstendige rettar for far vil regjeringa arbeide for at alle fedrar som har opptent rett, skal ha rett til fedrekvote. Dette vil gi alle fedrar som har opptent rett til foreldrepengar, den same moglegheit til å ta ut ei fedrekvote. Dagens foreldrepengeordning er kompleks og har gjennomgripande svakheitar når det gjeld forskjellsbehandling av mødrer og fedrar. Departementet vil utgreie ei forenkla og likestilt ordning.

Å kombinere fulltidsjobb og familieliv er ei utfordring både for mødrer og fedrar, men fedrane har andre tilpassingar å gjere enn mødrene. Det kan skuldast kollektive haldningar, kultur og tradisjonar i samfunnet og på arbeidsplassane. I dag tek færre enn 20 % av fedrane med rett til fedrekvote ut meir enn dei øyremerkte vekene, og meir enn 80 % av barna bur saman med den biologiske mora etter eit samlivsbrot. Eit ansvarleg, forpliktande foreldreskap gjeld begge kjønn. Både mor og far er viktige omsorgspersonar for barnet.

Å utvide fedrekvoten er det mest effektive tiltaket for å auke fedranes bruk av foreldrepermisjon. I statsbudsjettet for 2009 er fedrekvoten foreslått auka til 10 veker, og samla permisjonsperiode med to veker. Regjeringa vil på sikt utvide fedrekvoten med ytterlegare fire veker til 14 veker, der to av vekene vil kome som forlenging av stønadsperioden. Dette legg grunnlag for ei vesentleg styrking av fedranes omsorgsrolle og sikrer samstundes familiane fleksibilitet.

Departementet vil òg greie ut korleis ordninga med den to veker lange omsorgspermisjonen ved fødsel eller omsorgsovertaking kan gjerast betre.

Kap. 5 Menn i samliv, og samarbeid mellom foreldra etter samlivsbrot

Regjeringa ønskjer å styrkje fedrane som omsorgspersonar. Endringar i samlivsformer medfører at stadig fleire fedrar har dagleg samvær med stebarn og periodisk samvær med biologiske barn. Nye samlivsformer krev at kjønnsrollene må endrast.

Eit eige utval, Barnelovutvalet (NOU 2008:9 Med barnet i fokus), har utgreidd. endringar i barnelova. Utgreiinga vil bli følgd opp med ein lovproposisjon. Men når perspektivet for endringane i barnelova er å støtte opp under ei utvikling mot ei meir likeverdig deltaking frå begge foreldra overfor barnet etter eit samlivsbrot, handlar dette òg om menn og omsorg.

Det er barnet sitt beste som skal vere førande for endringar i barnelova. At barn kan oppretthalde og utvikle best mogeleg kontakt med begge foreldra òg når dei ikkje lenger bur saman, vil i dei fleste høve vere til barnet sitt beste, og ei stode det bør oppmuntrast til gjennom lovverket.

Hovudsakleg som følgje av avtalar mellom foreldra bur fleirtalet av barna hos biologisk mor etter samlivsbrot. Når domstolen avgjer kven barnet skal bu hos fast, får far medhald i same grad som mor. Barna har i dei fleste høve rett til samvær med far, eventuelt mor. Regjeringa vil foreslå å utvide definisjonen av «vanleg samvær».

Regjeringa vil òg foreslå å auke ramma for fastsetjing av samvær med offentleg oppnemnd tilsynsperson. Endringane vil for barna kunne medføre auka samvær med fedrane etter samlivsbrot. Når ein av foreldra vel å flytte over store avstandar etter samlivsbrot, gjer det samvær med begge foreldra vanskeleg for barna. Regjeringa ønskjer derfor å innføre ei varslingsplikt før flytting innanlands som vil gi foreldra høve til å drøfte spørsmålet nærmare, og eventuelt reise sak for retten om kor barnet skal bu fast, om dei ikkje maktar å bli einige. Varslingsplikta bør omfatte både bustad- og samværsforeldre.

Unnataksvis skjer det at den av foreldra som barnet bur hos, lagar vanskar for eller gjer samvær umogleg for den av foreldra som barna har rett til samvær med. Det kan òg være andre grunnar til at ikkje samværsavgjerda vert oppfylt. Regjeringa er opptatt av at samværsretten vert respektert, og ønskjer å utgreie korleis lova kan styrkjast på dette punktet.

Menn og kvinner som bur saman har eit samarbeidsprosjekt knytt til familie og samliv. Ei likare fordeling av ansvar og oppgåver kan styrkje forholdet og førebyggje samlivsbrot. For par med barn kan det styrkje foreldreskapet til beste for barna. Målet er at begge kjønn blir likestilte partnarar og omsorgspersonar. Samtidig må arbeidsliv og tenesteproduksjon ta omsyn til at òg far har barn.

Departementet vil leggje til rette for å gjere «pappagrupper» til eit landsdekkjande tiltak. Erfaringar viser at menn/fedrar i mindre grad enn kvinner dannar denne typen nettverk.

Framleis er fedrane i klart mindretal blant foreldra som følgjer barna til kontroll på helsestasjonane under første leveår. For å bryte slike tradisjonar gjer regjeringa framlegg om at fedrane, der begge foreldra bur saman, skal få oppmoding om å følgje barnet til kontroll når det er 8 månader.

Kap. 6 Kjønnsforskjellar i helse

Ulikskapar i helsetilstand mellom menn og kvinner heng i stor grad saman med forskjellar i livsstil og levesett. I 1999 la eit eige utval fram den første kvinnehelseutgreiinga og peikte på det nødvendige i eit «kvinne- og kjønnsperspektiv» i helsetenestene. Meldinga viser målretta tiltak for å betre kjønnsperspektivet. Tilgjengeleg statistikk viser betydelege kjønnsforskjellar i eigenopplevd og legevurdert helsetilstand. Det er framleis nærmare fem års forskjell i forventa levealder mellom kvinner og menn.

Hovudutfordringane når det gjeld likestilling innafor helse- og omsorgssektoren er å auke kunnskapen om kjønnsforskjellar i helse, sjukdom og helsetenester, og ta omsyn til kjønnsforskjellane ved utforminga av tiltak i førebyggjing og behandling. Innsatsen vert konsentrert om to aksar. Den eine er å inkludere kjønnsperspektiv i all verksemd og forsking der dette er relevant. Den andre er å fokusere spesielt på lidingar som utelukkande kvinner eller menn har, eller sjukdommar der det eine kjønnet er i fleirtal eller har særskilde vanskar.

Helse- og omsorgsdepartementet ber dei regionale helseføretaka og Helsedirektoratet om å ta inn som mål at helsetenestene utviklast i eit kjønnsperspektiv. Kjønnsperspektivet skal ivaretakast innafor det ordinære arbeidet med å førebyggje og behandle helsevanskar.

Kap. 7 Gutar og menn som er sosialt utsette

Eit overordna mål for regjeringa er å hindre utstøyting frå utdannings- og arbeidsliv, og gi det einskilde individ moglegheit til ei tilvere med meining. Statistikken viser at gutar og menn er i fleirtal i fleire slike grupper. Regjeringa legg ikkje opp til særlege tiltak ovafor gutar og menn i slike grupper, men til at alle relevante tenester må ha eit kjønnsperspektiv og om nødvendig, sette i verk tiltak som når gutar og menn spesielt.

Regjeringa erkjenner at det alltid vil vere ein balansegang mellom den individuelle retten til å treffe eigne val og behovet for intervensjon. Intervensjon, først og fremst frå dei nærmaste omgivnadene, men òg frå styresmaktene, kan vere aktuelt. Slik intervensjon kan gjelde personar eller grupper som hamnar på sida av det som vanlegvis blir oppfatta som eit meiningsfylt liv. Sjølv om gutar og menn utgjer fleirtalet i grupper av marginaliserte eller risikogrupper for marginalisering, er det ikkje utan vidare gitt at styresmaktene bør intervenere og rette særskilde tiltak mot gutar og menn. I ein likestillingskontekst er det viktig å fastslå om slike grupper av menn kan seiast å vere utsette for direkte eller indirekte kjønnsbasert diskriminering. Fråfall i vidaregåande utdanning er ein særleg alvorleg risikofaktor for marginalisering. Det er ei kjensgjerning at langt fleire gutar fell frå i utdanninga enn jenter. For nokre grupper med etnisk minoritets bakgrunn er fråfallet av gutar særleg stort.

«Satsing mot fråfall i vidaregåande opplæring 2003–2005» har vore eit initiativ i regi av Kunnskapsdepartementet som er vidareført dei seinare åra. Tala tydar på at det er nødvendig at satsinga i endå sterkare grad har eit guteperspektiv, og særskilt fokuserer på risikogrupper blant gutar. Den overrepresentasjonen av unge menn blant mottakarar av uføretrygd og blant einslege mottakarar av sosialhjelp kan vere ein konsekvens av manglande intervensjon ved fråfall frå vidaregåande skule.

Kap. 8 Menn som utøvar vald

Blant menn finst det ei større gruppe med valdelege haldningar og handlingar enn blant kvinner. Gruppene utgjer likevel eit lite mindretal. Dette mindretalet blant menn representerer ein trussel mot kvinner og mot likestilling, og samtidig ein trussel og ei utfordring overfor andre menn. I meldinga vurderer regjeringa òg tilbodet til menn som er utsette for vald, mellom anna familievald. Eit overordna mål er å førebyggje partnarvald. I den samanhengen er tilbod om meistring av sinne og aggresjon av særleg interesse. Statistikken viser at menn utgjer fleirtalet i målgruppa for slike tilbod.

Gjennom effektive hjelpe- og behandlingstilbod skal innsatsen mot valdelege tendensar vidareutviklast, og gjentaking av vald hindrast. Ei rekkje menn vendar seg årleg til Ressurssenteret for menn REFORM og til dei lokale familievernkontora med ønske om hjelp til å takle sinne. Departementet vil styrkje REFORM og deira gruppetilbod til menn om meistring av eige sinne. Behovet for lågterskeltilbod er større enn det hjelpetenesta er i stand til å tilby i dag. Departementa vil derfor forsere oppbyggjinga av opne hjelpe- og behandlingstilbod, særlig i Vest-, Midt- og Nord-Norge, der tilbodet i dag er lite eller fråverande. Oppbyggjinga vil skje frå Justisdepartementet gjennom ATV (Alternativ Til Vold) og frå Barne- og ­familiedepartementet gjennom familievernet. ­Familievernet og ATV vil vidare utvikle eit nærare samarbeid i alle regionar.

Krisesentertilbodet er sentralt for ofre for partnarvald og annan vald i nære relasjonar. Tilbodet skal betre tilpassast menn som ofre for slik vald.

Gjennom effektiv førebyggjing kan ein forhindre valden før den oppstår. I regjeringa si handlingsplan «Vendepunkt», er det tatt inn fleire primærførebyggjande tiltak. Også «Manifest mot mobbing» er ei ramme for fleire haldningsskapande tiltak i skulen. Den internasjonale kampanjen «White Ribbon» er eit døme på grasrotrørsler blant menn for å fremme null toleranse for vald, som òg skal stimulerast i Noreg.

Å førebyggje tidleg er viktig. Sjølv om det er gjort mykje forsking på samanhengen mellom bruk av vald og inntaket av medievald, er det inga semje blant medieforskarar om effekten av slikt forbruk. Departementet vil ta initiativ til ei utgreiing av samanhengen mellom medievolden som marknadsmessig særleg rettar seg mot gutar og menn, og mobbing og vald slik skule- og kriminalstatistikken viser.

Kap. 9 Nyare kjønns- og mannsforsking – om menn og maskulinitet

«Kjønn er noko ein gjer, ikkje noko ein er» er eit velkjent postulat frå nyare kjønnsforsking. Kjønnsforskinga, og frå 1980-talet mannsforskinga som ein del av kjønnsforskinga, har kasta eit nødvendig lys over endringar i måten menn opptrer på som sosialt kjønn. Regjeringa oppsummerar forskinga rundt menn og maskulinitet som fenomen. Det er ei kjensgjerning at sosialt kjønn endrar innhald over tid. Døme på slike endringar i åtferd og oppfatningar om maskulinitet er at det i dag er ei sjølvfølgje å sjå menn trille barnevogn. Når departementet frå 2008 finansierar eit eige mannsforskingsprofessorat ved Universitetet i Oslo, er det for å støtte opp under forskinga som ei viktig drivkraft for endringar i mannsrolla framover.

1.2 Rammeverket for likestilling

Sjølv om det norske samfunnet har komme langt i likestillinga, er ikkje alle former for kjønnsbasert diskriminering av kvinner og menn fjerna. I denne meldinga er formålet å setje søkjelyset på den indirekte og direkte diskrimineringa som rammar menn som gruppe, eller grupper blant menn (til dømes homofile menn.

Det er samsvar mellom dei langsiktige politiske måla til regjeringa og det internasjonale regelverket Noreg er bunde av på området. Den norske staten er forplikta til å arbeide systematisk for full likestilling gjennom tre ILO-konvensjonar, FNs kvinne- og menneskerettskonvensjonar, EØS-avtalen og ei rekkje europarådsdokument. Fleire av dei nemnde dokumenta er òg gjeldande norsk rett. For på sikt å nå målet om reell likestilling mellom kvinner og menn har styresmaktene i tillegg til dei juridiske verkemidla brukt eit breitt sett økonomiske, pedagogiske og organisatoriske verkemiddel.

1.2.1 Likestillingslovgivinga

Ut frå eit likebehandlingsprinsipp er reglar og ordningar som har reservert stillingar, verv og ordningar for det eine kjønnet (tradisjonelt i stor grad menn), gradvis blitt fjerna. I dag er det svært få stillingskategoriar som formelt er reserverte for det eine kjønnet. Likestillingslova gir heimel til å reservere stillingar for det eine kjønnet, men krava til sakleg grunngiving for å gjere det er svært strenge. Trussamfunn har òg høve til å reservere visse stillingar knytte til utøvinga av trua for det eine kjønnet (i hovudsak menn).

Likestillingslova, som blei vedteken i 1978, er eit sentralt verkemiddel for å sikre likestilling mellom kjønna, men er sjølv ikkje kjønnsnøytral. Ut frå den historiske situasjonen fram til 1978 blei diskriminering rekna for å ramme kvinner mest. Lova fekk derfor ei formålsføresegn som ikkje er kjønnsnøytral, sjå § 1. Likestillingslova gir heimel for positiv særbehandling av det eine kjønnet når det tener likestillinga mellom kjønna på lang sikt. Av dei alminnelege motiva (Ot.prp. nr. 77 (2000–2001)) går det fram at føresegna ikkje skal vere kjønnsnøytral:

«Adgangen til å forskjellsbehandle når dette kan fremme likestilling skal i første rekke benyttes til å fremme kvinners stilling. Dette følger av formuleringen ’i samsvar med lovens formål’.»

Heimelen har vore brukt i samband med reglane om kjønnsrepresentasjon i offentlege styre, råd og utval. At verkemidlet særleg var mynta på kvinner, går òg fram av § 3 i forskrift i medhald av likestillingslova § 21:

«For at lovens formål skal kunne oppfylles pålegger likestillingsloven § 1 a) annet ledd offentlige myndigheter å arbeide aktivt, målrettet og planmessig for likestilling mellom kjønnene på alle samfunnsområder. Arbeidsgivere skal arbeide aktivt, målrettet og planmessig for likestilling mellom kjønnene innenfor sin virksomhet. Arbeidslivets organisasjoner har tilsvarende aktivitetsplikt innenfor sitt virkefelt.»

Diskrimineringslovutvalet, som utgreier diskrimineringslovgivinga vil òg vurdere føremålsbestemminga i lova og om den særskilde understrekinga av kvinners rettar skal vidareførast.

Frå 2002 blei offentlege styresmakter og andre verksemder som etter lova skal utarbeide årleg rapport, 1 pålagde å gjere greie for den faktiske tilstanden når det gjeld likestilling og eventuelle planlagde eller verksette tiltak i verksemda. Dette pålegget er kjent som utgreiingsplikta . Plikta oppmodar til, men inneber ikkje noko rettsleg krav om tiltak for å betre likestillinga i verksemda. Verksetting av tiltak kan vere aktuelt både når kvinner er underrepresenterte, og når menn er det. Reglane er på dette feltet kjønnsnøytrale. Erfaring tyder på at verksemdene må gjerast betre kjent med plikta, og bør vurderast òg når menn er det underrepresenterte kjønn.

Kommunelova, allmennaksjeselskapslova, statsaksjeselskapslova og statsføretakslova har i dag reglar om kjønnsrepresentasjon som er motiverte ut frå eit tilsvarande politisk ønske om å få fleire kvinner inn i kommunale styre og utval og i private styre. Formålet er å sikre representasjon av begge kjønn i viktige og vedtakande organ og såleis styrkje demokratiet. Men når det underliggjande motivet for reglane er å auke kvinnerepresentasjonen, er det òg nødvendig å vurdere nærmare korleis reglane slår ut for menn, og om verkemidlet i større grad bør nyttast på område der menn er underrepresenterte.

1.2.2 Andre verkemiddel og kva dei betyr for menn

Styresmaktene har brukt økonomiske verkemiddel for å stimulere kjønnsforsking, og særleg kvinneforsking. Organisasjonar som arbeider med og for kvinner, har fått offentleg støtte. I 1999 blei det etablert ei fast offentleg finansieringsordning for dei frivillig organiserte krisesentra for kvinner og barn. Endringar i velferdsordningar har i stor grad vore innretta på å sikre kvinner dei same økonomiske rettane som menn. I 1992 blei folketrygdlova endra slik at ulønna omsorgsarbeid for familie gav rett til pensjonspoeng eller tilleggspensjonsrettar som for lønnsarbeid. Før endringa heitte det at «like rettigheter eller formell likestilling fører dermed til en forfordeling av kvinner».

På visse fagområde har det vore sett fokus på kjønn, og då i tydinga «kvinner». Eit offentleg utval la i 1999 fram si innstilling om «Kvinners helse i Norge». Som oppfølging av innstillinga er det oppretta professorat i kvinnehelse, og eit eige kvinnehelseprogram blei etablert under Helse- og omsorgsdepartementet (seinare administrert av Statens helsetilsyn). Eit nasjonalt kompetansesenter (etter definisjon i lov om spesialisthelsetenester) for kvinnehelse blei etablert i 2006.

Tilsvarande parallellar finst på andre fagområde. I 2008 er det første professoratet i mannsforsking etablert ved Senter for tverrfagleg kjønnsforsking ved Universitet i Oslo. Dei første tre åra er professoratet finansiert av Barne- og likestillingsdepartementet.

Mange ulike pedagogiske verkemiddel er tekne i bruk i arbeidet for likestilling mellom kjønna.

1975 var det første «Kvinneåret». Eitt av resultata var opprettinga av dei såkalla kvinneuniversiteta, som frå 1984 har vore finansierte med offentlege tilskot. Sentra utgjer i dag kunnskapsmiljø for likestillingsspørsmål regionalt. I 2004 fekk Ressurssentret for menn (REFORM) som det første særskilde kunnskapsmiljøet for menn og maskulinitet ei fast offentleg grunnfinansiering.

Styresmaktene har sett i verk ei rekkje kampanjar og prosjekt for å påverke utdannings- og yrkesvala til jenter/kvinner og gutar/menn. Eit kvinneperspektiv har lege implisitt i mange av desse satsingane.

Gjennom bruk av instruksjonsmynde har styresmaktene innført organisatoriske verkemiddel i arbeidet for likestilling mellom kjønna. Eit døme på det er rammeplanen for verksemda i barnehagane, der det heiter: «Likestilling mellom kjønnene skal gjenspeiles i barnehagens pedagogikk. Barnehagen skal oppdra barn til å møte og skape et likestilt samfunn.» Individuell oppfølging i opplæringa og i helse-, sosial- og i velferdstenesta er i dag eit knesett prinsipp. Tenestene blir oppfordra til å ha eit kjønnsperspektiv som inneber at dei møter gutar og menn, jenter og kvinner, med kunnskap om kva kjønn betyr for brukaren av tenestene som skal ytast.

Fotnotar

1.

Lov av 14. juni 2002.

Til toppen
Til forsida av dokumentet