Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.meld. nr. 8 (2008-2009)

Om menn, mannsroller og likestilling

Til innhaldsliste

2 Gutar – oppvekst, barnehage og skulegang

Likestilling i oppveksten inneber at jenter og gutar møter kjønnsbevisste vaksne som speglar mangfaldet i samfunnet, og at gutar som jenter får oppfølging ut frå eigne behov og evner, ikkje ut frå tradisjonelle oppfatningar om kjønnsroller.

2.1 Innleiing

Likestillingsgranskinga viser at menn og kvinner har ulike oppfatningar av oppveksten. Forskjellane i oppfatning er mindre blant unge enn blant eldre. Eit stort fleirtal både blant menn og kvinner er samde i at barna bør få lik oppseding og oppvekst uavhengig av kjønn. «Barndommen viser mannen, slik morgenen viser dagen.» Orda til den engelske forfattaren John Milton 1 illustrerer at oppveksten pregar den unge guten som mann, og den kommande mannen kan sporast i den unge guten. Både genetiske forhold og sosial læring pregar individet, anten ein er mann eller kvinne, gut eller jente. For regjeringa er det sentralt at den enkelte, gut som jente, gjennom oppveksten får velje og må innrette seg på grunnlag av eigne evner og ressursar, uavhengig av kjønn, funksjonsevne, etnisk opphav og andre bakgrunnsfaktorar.

Tretti år med fokus på og arbeid for likestilling mellom kjønna har endra samfunnsoppfatningane om kva som er «naturleg» å vere – og gjere – for både jenter og gutar, kvinner og menn. Og i tråd med endra oppfatningar skjer det òg endringar i måten gutar og jenter leiker og oppfører seg på i dagleglivet. Men sjølv om rommet for handling er utvida for både gutar og jenter, er det framleis klare kjønnsforskjellar blant unge i val av utdanning og fritidsaktivitetar og i haldningar.

Gutar (og jenter) flest opplever oppveksten i Noreg som god og harmonisk. Faktisk er det i 2006 fleire unge som seier at dei trivst i skulen, har eit godt forhold til foreldra og opplever å bli verdsette, enn ti år tidlegare. 2

Dei klare forskjellane mellom jenter og gutar, både i resultata dei oppnår på skulen, og levekåra dei sjølve melder om, gir likevel grunn til bekymring. Resultata som Barne- og likestillingsdepartementet byggjer denne bekymringa på, seier noko om kva gutar får å velje i seinare i livet. Ut frå dei nemnde undersøkingane har ein gut på tampen av oppveksten i dag svakare føresetnader for å lykkast i utdanning, arbeidsliv og sosialt enn ei jente. Forskjellane er av ein slik karakter at samfunnet ikkje kan kalle dei akseptable.

Dei utagerande gutane tek mykje av merksemda hos læraren, politikarane og media. Dei tek òg stor plass når vi gjer oss opp meiningar om kven dagens gutar er. Men kven er «den vanlege guten» i dag? Kva kjenneteiknar han og måten han dannar seg ein kjønnsidentitet på? Kva skal til for å bli inkludert i gutars hierarki i dag, eller ekskludert frå det? Ikkje berre jenter strir med kroppsbilete og seksualitet. Kva bilete finst av mannleg seksualitet? Mange unge gutar kjenner seg ikkje att i bileta dei møter av ein aggressiv og valdeleg maskulinitet. 3 Det manglar oppdatert forsking om dagens gutar. Det er lett å gløyme at det finst mange typar gutar, òg dei stille, dei som læraren kanskje gløymer namnet på og som ikkje får oppmerksemd frå læraren. 4 I forskinga har det blitt retta mykje merksemd mot ei lita gruppe gutar med åtferdsvanskar og behov for både spesialundervisning og utgreiing hos den pedagogisk- psykologiske tenesta. Men gruppa av gutar med lærevanskar er vesentleg større enn gruppa med åtferdsvanskar. Både kjønnsforskinga og klasseromforskinga må ta tak i den store gruppa gutar som slit med kognitiv læring og sosialisering. Det er naudsynt å prioritere gutar som målgruppe for sosialiserings- og læringsforsking.

Dette kapitlet inneheld ikkje noka generell drøfting av institusjonane barnehage og skule, men set søkjelyset på dei utfordringane samfunnet framleis møter når det gjeld ønsket om å gi gutar og jenter same sosialisering til kjønn i desse institusjonane.

2.1.1 Utviklingstrekk

For begge kjønn har oppveksten endra seg vesentleg sidan dei eldste i dag var barn. Historisk sett har oppveksten på mange måtar vore svært ulik for gutar og jenter, og han har sjølvsagt vore prega av dei kulturelle og sosioøkonomiske normene og forholda som til kvar tid har vore rådande. Mykje tyder på at oppvekstforskjellane mellom kjønna er reduserte, og at jenter og gutar i dag opplever større grad av likebehandling. Samtidig er mykje framleis ulikt, til dels som følgje av stereotype kjønnsrolleoppfatningar. Det ein i historisk perspektiv oppfattar som tradisjonelle familieformer, var eit produksjonsfellesskap, ofte sett saman av fleire generasjonar i eit omfattande nett av slekt og naboar. Blant dei eldste mennene er det mange som hugsar ein oppvekst prega av vaksenkontakt med både kvinner og menn og med store søskenflokkar. Mange var med faren på daglege gjeremål i innmark, utmark, på fiske eller anna arbeid. På skulen var fleirtalet av lærarane menn. I heimen var mora i dei fleste tilfelle til stades som nær voksenperson. Gutar som avslutta skulegangen tidleg, kom i lære med tett oppfølging av eldre gutar og menn. Kulturen var tydeleg, og samfunnet stilte enkle krav i den forstand at kjønna hadde kvar sin plass. Var du gut, var det venta at du skulle bli som far og gjerne gå i hans yrkesfotspor. Kjønnslæringa blei tydeleg gjennom klare forventningar til det biologiske kjønnet ein tilhøyrde, og til den klassen du var ein del av.

Gutar som voks opp på 1950-, 1960- og tidleg 1970-tal, kan som eit forenkla hovudbilete sjå tilbake på nærverande mødrer og fråverande fedrar. Dei fleste budde trongt, og det var klare forventningar om at heimen skulle vere ryddig og pen. Då var det verken plass til eller forståing for at barn kunne vere inne og leike, dei fekk vere ute. Husmorperioden hadde sin topp på 1950- og 1960-talet, og det var vesentleg forskjell i sysselsetjing og arbeidstid per veke mellom kvinner og menn. Gjennomsnittsfaren gjorde lite eller ingenting som hadde med husarbeid og barneoppseding å gjere.

På skulen var fordelinga mellom kvinnelege og mannlege lærarar i ferd med å jamne seg ut, men på ungdomsskuletrinnet frå midt på 60-talet var fleirtalet av lærarane menn.

Gjennom heile oppveksten, no som før, er det i heim og nær familie barn og unge får sine første sosialiseringsimpulsar, som dessutan er varige. Samtidig møter dei impulsar frå verda rundt seg i ulike kulturelle og sosiale samanhengar, mellom anna i litteratur, media og biletkunst. Barn i dag får i mykje større grad enn generasjonane før dei tidleg impulsar frå storsamfunnet gjennom media. I dag startar fleirtalet av 2-åringane i barnehagen. Seinare følgjer skule og fritidsliv, der dei møter eit meir eller mindre organisert, vaksenstyrt tilbod. Barne- og likestillingsdepartementet ser på eit likestilt foreldreskap, der arbeidsdelinga mellom familie og arbeidsliv er jamt fordelt mellom mødrer og fedrar, som eit godt grunnlag for barna. Eit bevisst kjønnsperspektiv i skule og barnehage med vekt på individuell tilpassing og likebehandling vil etter departementets oppfatning støtte godt opp under kjønnssosialiseringa av barna.

Ein annan vesentleg arena i sosialiseringa er jamaldringsgruppa som barna møter utanfor dei etablerte institusjonane og familien, det vi kan kalle det frie barnelivet, som ikkje er styrt eller tilrettelagt av vaksne. Tradisjonelt har jentene hatt dei største arbeidsoppgåvene i heim og familie, mens gutane i stor grad har sloppe unna slike oppgåver og dermed har hatt meir tid til samvær utanom familien. Det inneber at jenteoppveksten historisk sett har vore meir prega av vaksenstyring, oppveksten for gutar meir av det frie barnelivet. I Noreg i dag går mykje av fritida med til mediebruk av ulike slag, både enkeltvis og i grupper, og mest for gutar.

Først frå midten på 1990-talet blei barnehagen eit tilbod til eit fleirtal av norske barn, og i dag (2007) går over 84 % av barna i alderen 1–5 år i barnehage, og av barna som startar i skulen har 96 % eitt eller fleire år bak seg i barnehagen. Det betyr at barnehagen no er ein heilt vesentleg del av småbarnsoppveksten. Med nedsett skulealder frå 1997 blei seksåringane innlemma i det allmenne skuletilbodet, og gjennom dei neste barneåra opp til ungdomstrinnet er skulen obligatorisk. I prinsippet er alle barn omfatta av ordninga. Svært mange av dei yngste skulebarna er dessutan med i skulefritidsordninga (SFO) ein del av dagen. Nesten alle barn er altså i organisert aktivitet ein stor del av dagen frå dei er to–tre år (mange allereie frå dei er eitt år), til dei går ut av den obligatoriske skulen i 16–17-årsalderen. I tillegg er dei aller fleste barn i ein periode i oppveksten med på eitt eller fleire organiserte fritidstilbod. Oppveksten er blitt institusjonalisert, noko som kjem tydeleg fram i tabell 2.1, som viser situasjonen i 2008 samanlikna med tida fram til rundt 1970.

Tabell 2.1 Nøkkeltal for oppvekst 1970 og 2008

Fram til ca. 1970: I 2008:
86 % heimeverande (mødrer) 16 % heimeverande (mødrer)
4 % barn i barnehage 90 % i barnehage (anslag)
80 barn i fritidsheim 136 000 barn i SFO
7 års grunnskule 10 års grunnskule
Få barn i organisert fritid (gutemusikk, speidar, søndagsskule og nokre få i idrett) 90 % av alle barn i tiårsalderen deltek i organisert idrett og andre organiserte aktivitetar, kulturskule o.a.

Kjelde: Barne- og likestillingsdepartementet

Svært mykje meir av oppveksten i 2008 er organisert, tilrettelagd og styrt av vaksne. Tabellen viser dessutan at tida barna har til fri leik (den frie fritida), er blitt vesentleg kortare dei siste 20–30 åra. Som følgje av kjønnsrollene i 1960- og 1970-åra, då gutane i større grad enn jentene brukte tid på det frie barnelivet, kan endringane ha hatt størst sosialiseringskonsekvensar for gutane. Institusjonaliseringa og den auka vaksenstyringa av oppveksten inneber at forskjellane i leikevanar og samværsmåtar frå 1960- og 1970-talet er i ferd med å bli viska ut, eller i alle fall endre seg.

Organiseringa av oppveksten inneber at det offentlege har fått stort rom for å påverke oppveksten gjennom å tilby felles normer, oppfatningar og sosialiseringsmål. Foreldra er på ein heilt annan måte enn før avhengige av at barnehage og skule speler med i oppveksten, sidan den samla opphaldstida i barnehage og skule har auka kraftig dei seinare åra. Dette understrekar betydinga av tett samarbeid mellom skule/barnehage og foreldre. Som likestillingsgranskinga viser, har tradisjonelle oppfatningar om kjønnsroller sterkt fotfeste i befolkninga, om enn mindre enn før. Særleg kan gutar og jenter i grupper med etnisk minoritetsbakgrunn oppleve avstand mellom det skulen og barnehagen seier, og det dei lærer heime. Barna kjem dermed i ei kulturell klemme mellom det norske likestillingsidealet og det tradisjonelle kjønnsrolleidealet.

Ein vesentleg del av kjønnssosialiseringa i dag skjer gjennom media og den generelle underhaldningskulturen. Gjennomgangen i dette kapitlet viser at mykje av framstillinga i reklame, film og musikk enno er kjønnsstereotyp og medverkar til å gjere gutar og jenter meir usikre. Framstillinga av kjønnsstereotypiar som går att i alt frå leiketøybutikkar til nettsider, film, musikk, elektroniske spel og typiske kjønna magasin, forsterkar kjønnskildnaden, og står i strid med dei vardiane ein ønskjer formidla.

2.1.2 Gutar, kjønn og identitet

Om ein er mann eller kvinne, gut eller jente, utgjer ein vesentleg del av identiteten. Korleis rolla som gut eller jente artar seg, er ikkje berre eit resultat av biologiske forskjellar, men har i tillegg kulturelle og samfunnsskapte årsaker. Kjønnsroller har vore definerte som forventningar til åtferd og haldningar i eit gitt samfunn. Kjønnet blir prega av ein samfunnsstruktur med visse forventningar som guten eller jenta innrettar seg etter. Det moderne samfunnet er kjenneteikna av ein større grad av fleksibilitet og utvida val for individa, noko som i sin tur verkar inn på oppfatninga og konstruksjonen av kjønn. Maskulinitet og feminitet blir noko som individa skaper gjennom daglege aktivitetar. Handlingar, og forbruksvarer som er knytte til handlingar, kan dermed setjast i samanheng med korleis ein skaper kjønn gjennom praksis.

Tradisjonelt har ein forklart menns identitet ved å ta utgangspunkt i at menn finn seg ein identitet gjennom arbeid og produksjon meir enn gjennom forbruk, som blir rekna for å vere eit feminint felt. Kvinner har tradisjonelt fått sin identitet ut frå kva dei er, ikkje kva dei gjer. Mens gutar deltek i ulike aktivitetar og får identitet i kraft av det, har jentene tradisjonelt vurdert seg sjølve, og blitt vurderte av andre, etter utsjånaden. Identitet og kjønn er noko ein er aktivt med på å forme, og nye former gjer seg gjeldande. Ein del unge menn har begynt å vise andre sider ved seg. Dei er meir opptekne av estetikk og eigen utsjånad, på ein annan måte enn før.

Aukande kroppsfiksering kan bidra til dårleg sjølvbilete både hos gutar og jenter. Enkelte gutar blir besette av tanken på å få ein større kropp. Mens ein del jenter svarer på dei kommersielle bileta med ekstrem slanking, noko nokre gutar òg gjer, kan andre gutar svare med å bruke mykje tid på trening og kroppsbygging. For enkelte gutar utartar det til det ekstreme; den maskuline motsatsen til anoreksi er megareksi, der gutar ser på seg sjølve som små og puslete og derfor blir opptekne av kroppsbygging. For nokre få går det så langt at dei tek i bruk anabole steroid og andre medikament for å byggje opp idealkroppen fortare. Ei rekkje undersøkingar viser at det finst gutar som bruker anabole steroid tidleg i tenåra.

I reklamen blir den maskuline kroppen framstilt på fleire måtar. På den eine sida ser vi den muskuløse machomannen, på den andre den metroseksuelle mannen som bruker hår- og hudpleieprodukt. Det maskuline forbruket er i større grad enn det feminine basert på action, fart og spenning. Dei kommersielle uttrykka blir deretter. Mannsrollene i reklamen viser eit stort spenn som igjen speglar seg i dei kommersielle uttrykka.

Kjønn er ein viktig faktor for å forstå kva unge interesserer seg for. Ein studie har utforska korleis kjønn og konstruksjon av identitet påverkar naturfaginteressa hos skuleelevar. 5

Studien viser ein tendens til at 15-åringar er kjønnsstereotype når dei ser seg ut naturfagemne å interessere seg for. Gutar er meir interesserte i «harde» tema som teknologi og romfart. Jentene føretrekkjer derimot emne med rom for mystikk, undring og filosofering (draumar og draumetyding, tankelesing og telepati). I studien blei dei norske svara samanlikna med resultat frå andre land, og det viste seg at moderniseringsgraden i dei ulike landa har mykje å seie for kva som interesserer ungdommen. Resultata viser at kjønnsforskjellane er større i moderne enn i tradisjonelle samfunn. Dei norske elevane er meir markante i val av typiske «jenteemne» og «guteemne» enn elevane i til dømes Malaysia. På spørsmålet om kvifor vi drøymer, og kva draumane kan bety, er det små forskjellar i interesse mellom jenter og gutar i mindre moderniserte land som Uganda, Bangladesh og Filippinane. I moderne land som Danmark, Island og Noreg er kjønnsforskjellane markante – gutane er ikkje interesserte i emnet, men jentene er det. Forskaren forklarer dette overraskande funnet med at individet i moderne vestlege samfunn er meir frigjort frå tradisjonen, slik at unge i større grad må definere og utvikle sin eigen identitet.

2.1.3 Gutar og rom for handling

I studien «Ungdoms holdning til seksuelle krenkelser og overgrep» 6 blei 18 år gamle jenter og gutar spurde kva eigenskapar dei tilskreiv seg sjølve ut frå det ein gjerne tenkjer på som maskuline og feminine eigenskapar. Svara ungdommane gav, viser at det nesten ikkje er nokon forskjellar mellom jenter og gutar når det gjeld det som tradisjonelt er forbunde med maskuline eigenskapar. Omtrent like mange jenter som gutar beskriv seg sjølve med eigenskapar som uavhengig, sterk personlegdom, sterk, dominerande og aggressiv. I den grad det var nokon kjønnsforskjell, var det fleire jenter enn gutar som beskreiv seg sjølve som «uavhengige» og «aggressive». Når det gjeld eigenskapar som tradisjonelt er rekna som feminine, er forskjellen i svara hos gutar og jenter derimot slåande. For kjenneteikn som «varm», «øm» og «trøystar andre» var det klare kjønnsforskjellar. Gutane tilskriv seg sjølve slike feminine eigenskapar i langt mindre grad enn jentene. Svara indikerer at kvinner i ein moderne og likestilt kultur som den norske har tileigna seg mannlege eigenskapar i ein slik grad at mannlege eigenskapar ikkje lenger betyr noko som omgrep. 7 På den andre sida indikerer svara at gutar og menn ikkje har tileigna seg eigenskapar som blir rekna som kvinnelege.

Ein konklusjon som kan trekkjast av undersøkinga ovanfor, er at gutar og menn framleis har lite rom for å vere annleis. For gutar hallar det å gjere eller vere noko som tradisjonelt har vore forbunde med feminitet, framleis mot det umandige. Her kjem homoskuldinga raskt dersom ein går over ein kulturelt definert strek. Jenter kan i langt større grad gjere og vere det som tradisjonelt har vore forbunde med maskulinitet, utan å bli sett på eller sjølve definere seg som ukvinnelege. Her er det derimot horeskuldingane som kan melde seg dersom ei jente kryssar streken og står fram som for liberal, til dømes i seksuell åtferd.

Det kommersielle biletet av gutar synest på somme område meir avgrensa enn biletet av jenter. Jenter kan leike med guteting, men gutar kan ikkje leike med jenteting. Slik teiknar det seg eit mykje snevrare bilete av gutar, og gutar som har interesser som er litt «rosa», oppfattar seg sjølve – og blir lett oppfatta av andre – som taparar. Jenter har lov til å vere tøffe; å vere gutejente er positivt. Å vere jentegut, derimot, er det ikkje .

2.1.4 Gutar som forbrukarar

Barn i 2008 blir forbrukarar tidlegare enn før, og dei har eit høgt forbruk samanlikna med barn ein generasjon tilbake. Fleire studiar viser at gutar har høgast forbruk målt i kroner og øre, men at gutar og jenter bruker pengane noko ulikt. Gutane har høgast forbruk på alle områder med unntak av klede og sminke, der jentene ligg fremst. Nokre område peiker seg ut som særleg sentrale for gutar, til dømes forbruk knytt til data og elektronikk. Vidare dominerer gutane i forbruk knytt til sport og aktivitetar. Ein gjennomgang av breva med ønskelister som norske barn sende til julenissen, viste store forskjellar i julegåveønske mellom kjønna. Guteverda og jenteverda ser ut til å innehalde svært ulike gjenstandar. Listene til gutane var prega av fart, action og konstruksjonar. Her var det sportsutstyr, køyretøy og actionfigurar, men òg byggjesett og data. På listene frå jentene dominerer ønske knytte til utsjånaden og det estetiske (pyntesaker til rommet), Barbiedokker, mammadokker og omsorgstrengjande kosedyr, både kunstige og levande.

Sidan gutar og jenter har eit litt forskjellig forbruksmønster, blir marknadsføringa og overtalingsmomenta ikkje dei same for gutar og jenter. Det finst ein overgripande, tradisjonell og hegemonisk maskulinitet og feminitet, med tøffe gutar og søte jenter. Denne ser vi i dei fleste framstillingar av gutar og jenter, anten det er i reklamen, i videoar eller i ulike tidsskrift og magasin. Gutane blir framstilte som meir orientert mot action; her er det kamp, fart og spenning. Jentene inngår i nære relasjonar, gjerne innandørs, og her er det ro og orden, harmoni og estetikk som er dominerande tema. Gutane held seg i framande univers der dei utkjempar kampar mellom dei snille og dei slemme, i verste fall valdshandlingar utan moralske føringar, som i spel og til dels film.

Barn har kjønna leikeunivers, og den kommersielle framstillinga av dei er òg kjønna. Det er rimeleg å tru at dette er noko som stadfester identiteten deira, eller som knyter seg nært til førestellinga om dei sjølve og korleis ein gut eller ei jente skal vere. Ulike typar forbruk legg opp til ulike praksisar . Bestemte leiketøy legg føringar for korleis leiken blir, og ulike klede for korleis ein er eller blir oppfatta av andre. Mens gutane kanaliserer ønska sine til sport, krig eller ingeniørkunst, knyter jentene mykje av forbruket sitt til omsorg for barn og utsmykking av hus. Desse ønska kan tolkast som ein sosial praksis i utviklinga mot det å bli vaksen mann eller kvinne. Det betyr ikkje at gutar byggjer bruer eller utkjempar krigar, eller at jenter blir heime og steller barn, men at dei respektive framtidige kjønnsrollene deira truleg vil ha meir av desse trekka i seg fordi det knyter seg ein sosial praksis til gjenstandane. Mykje av det som blir marknadsført mot gutar, og dermed også reklamen som er retta mot dei, handlar om action. Til dels dreier det seg om sport og konkurranse, og gutane får vite at det handlar om å vere best og å ha det beste utstyret. Anna av det som blir marknadsført mot gutar, handlar om action med tidvis sterke valdsscener. Her er det snakk om ulike actionfigurar og ikkje minst elektroniske spel som særleg gutar bruker.

Foreldre støttar i større grad gutane sitt forbruk, som ser ut til å innehalde fleire ting som foreldre meiner er nyttige og viktige, mellom anna i samband med aktivitetar, sport og data. Jentene har eit forbruk som i større grad er knytt til klede, sminke og estetikk. Auka fokusering på kropp og utsjånad både blant unge og eldre menn har gjort til at det blir lansert hudpleieseriar for gutar og menn, og motespekteret for menn er vesentleg utvida. Andre studiar viser dessutan at gutar og jenter bruker forbruksgjenstandane sine ulikt. Det gjeld særleg ny teknologi, der Internett og mobiltelefon har vist ulikt bruksmønster blant gutar og jenter. 8

2.2 Gutar i det private og offentlege rommet

Mor er den viktigaste omsorgspersonen både for gutar og jenter. Departementet byggjer denne utsegna både på likestillingsgranskinga og på tidsnyttingsundersøkingar hos vaksne på 2000-talet. Både granskinga og tidsnyttingsundersøkingane viser at mor framleis har eller tek det meste av ansvaret for barna i familien. Nettopp her møter barnet sine første ideal og opplevingar knytte til kjønn, og her er nok tradisjonelle kjønnsrollemønster framleis vanlege i mange tilfelle, sjølv om likestillingsgranskinga viser ei klar endring i retning av at far tek meir ansvar òg for barna. Men enno er norske familiar prega av at mor tek eller får ansvaret for familien. Far er i større grad medhjelpar når mor ber om det.

Når det gjeld sosialisering, utdanningsval og yrkesval, er foreldrebakgrunn og foreldrepåverknad dei viktigaste forklaringsfaktorane. Allereie i det første møtet med vaksne etter fødselen startar preginga til kjønn. Og i løpet av dei fem–seks første leveåra har både gutar og jenter klart for seg kva som er bra og dårleg ved å vere eller gjere som jenter og gutar.

Endringar i familiestrukturar får ein klar innverknad på sosialiseringa av gutar og jenter, men ikkje nødvendigvis ein negativ. Sju av ti barn i Noreg bur saman med begge foreldra. Blant dei som ikkje bur saman med begge foreldra, er det vanlegast å bu saman med berre mor eller mor med ny sambuar/ektefelle. Ein liten, men aukande del bur saman med berre far etter samlivsbrot, eller dei bur like mykje hos far og mor. Det er ein tendens til at færre jenter og gutar bur saman med begge foreldra i dei større byane. Gutar og jenter blant etniske minoritetar bur i større grad saman med begge foreldra enn etnisk norske barn, mens det motsette er tilfelle for barn frå blanda forhold mellom par (mor eller far etnisk norsk). Det største utslaget finn vi i Oslo aust, der berre eitt av tre barn bur saman med begge foreldra.

Dei langt fleste gutar og jenter har eit godt og nært forhold til foreldra. Eit klart fleirtal av både gutar og jenter opplever at dei kan ta opp problem med foreldra sine, og at foreldra respekterer dei som den dei er. Undersøkingar 9 av forholdet mellom ungdom og foreldre indikerer likevel at jenter framleis opplever noko sterkare oppfølging og sosial kontroll frå foreldra enn gutar. På dette punktet er det i tillegg forskjell på kva etnisk norske og ungdom med minoritetsetnisk bakgrunn melder. Forskjellane er ikkje berre utslag av kjønn, men òg av sosiale ulikskapar.

2.3 Gutar i barnehagen

Barnehagen er ein viktig arena i barns liv. Dei siste tiåra har stadig fleire barn begynt i barnehage. I dag har 96 % av 5-åringane gått i barnehagen før dei tek til på skulen. Gutar og jenter under skulealder er derfor viktige og sentrale aktørar for kvarandre i utvikling og oppvekst.

Rammeplanen for innhald og oppgåver i barnehagen utdjupar pliktene til barnehagen når det gjeld likestilling, slik:

«Likestilling mellom kjønnene skal gjenspeiles i barnehagens pedagogikk. Barnehagen skal oppdra barn til å møte og skape et likestilt samfunn. Barnehagen skal bygge sin virksomhet på prinsippet om likestilling mellom de to kjønn. Gutter og jenter skal ha like muligheter til å bli sett og hørt og oppmuntres til å delta i felleskap i alle aktiviteter i barnehagen. Personalet må reflektere over sine egne holdninger til og samfunnets forventninger til jenter og gutter.»

(Rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver, Kunnskapsdepartementet 2006, s. 10).

Etter rammeplanen skal alle barnehagar ha eit bevisst forhold til likestilling i den daglege omsorga for barna, i den pedagogiske verksemda og i planlegging, dokumentasjon og vurdering av verksemda. I 2003 var likevel likestilling den delen av oppgåvene etter rammeplanen som dei tilsette i barnehagane arbeidet minst med. 10 I barnehagane er det tradisjon for å snakke om barn, ikkje om gutar og jenter.

Kjønnsforskjellane mellom barn har gjennomgått store endringar dei siste 30–40 åra. Kvalheim 11 hevdar at gutane er blitt meir jentete og jentene meir gutete. Dei har fått fleire felles interesser og leiker mykje meir på tvers av gamle kjønnsroller. Erting på grunn av kjønn skjer nesten ikkje lenger. Fortsett syner likevel leiken at guter og jenter tidleg kjenner dei kulturelle kodane for sitt kjønn.

Den nye barnehagelova 12 gjer det klart at barnehagen må ta omsyn til forskjellar mellom barnegrupper basert på kjønn, sosial, etnisk og kulturell bakgrunn, og funksjonsnivå. Den gode barnehagen er ein barnehage som er med og jamnar ut desse forskjellane, slik at barn får ein god skulestart og at seinare lærings- og åtferdsproblem i skulen kan førebyggjast. Dei seinare åra har ein fått ytterlegare kunnskap om korleis førskulealderen verkar inn på seinare læring og identitetsdanning. 13 Forskarar omtaler barnehagen som grunnmuren i kunnskapssamfunnet og påpeiker at dess fleire barn som får plass i barnehage, dess vanskelegare er det for dei barna som ikkje får plass, å halde tritt med den utviklinga barnehagebarna gjennomgår.

Kjønnsforskjellar og likestilling har hatt liten plass i norsk barnehageforsking. Det kan ha gjort førskulelærarutdanninga mindre eigna til å gi god undervisning på feltet. Kunnskapsdepartementet ser behov for forsking som kan auke kompetansen i barnehagane når det gjeld korleis gutar og jenter utviklar ein kjønnsidentitet, og kva utslag det får i barnehagekvardagen. Endå mindre forskingsbasert kunnskap ligg føre om korleis det kan skapast likestilling i barnehagen. Prosjekta som ligg føre, er gjerne små og av eldre dato. Det går fram av ei ny kunnskapsoversikt som NOVA, Norsk institutt for forsking om oppvekst, velferd og aldring, har utarbeidd på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Rapporten presenterer resultat frå ein del prosjekt om kjønn og likestilling i barnehagen. 14

2.3.1 Gutar og kjønnsidentitet i barnehage

Samspelet mellom barn og vaksne i barnehagen er med og formar oppfatninga av kva det inneber å vere jente, og kva det inneber å vere gut. Barn utforskar heile tida nye roller og prøver ut ny åtferd. Ut frå reaksjonane frå vaksne og barn rundt seg dannar dei seg førestellingar om kva som passar seg for jenter, og kva som passar seg for gutar.

Gjennom leiken prøver barn ut sine roller og identitetar. Leiken er derfor viktig for å lære kjønnsidentitet. I tråd med samfunnsutviklinga dei siste åra er det i første rekkje jentene som har utvida rollerepertoaret sitt, og dei er raskare til å bryte grensene inn til den leikekulturen gutane står for. Det har større omkostningar for gutar å leike «jenteleikar», for maskulinitet er framleis forbunde med makt og posisjon i gruppa av gutar. Enno er det vanleg at gutar og jenter leiker kvar for seg, og når dei leiker saman, tek dei på seg høvesvis maskuline og feminine roller.

Ein rapport frå Høgskolen i Vestfold viser at likestillingsidealet står høgt i barnehagane, og personalet meiner at dei behandlar gutar og jenter likt. Men i praksis viser det seg at personalet overfører sine eigne kjønnsrollemønster til barna 15 .

Barnehagar der personalet har arbeidd med eigne haldningar, kan vise til mindre kjønnsforskjellar blant barna. Personalet er mindre til stades der gutar er enn der jenter er, og dei stiller ofte ulike krav til gutar og jenter. Det heng saman med at gutane krev handling og bruker større areal, mens jentene er meir innandørs og held seg meir i ro. Gutane får oftare enn jentene negativ merksemd. Resultata er overraskande for personalet, for dei trur dei behandlar kjønna likt. Forsking har dessutan vist at personalet til ein viss grad stiller ulike krav til sjølvkontroll hos gutar og jenter, og er mindre klar over kjønnsforskjellane enn dei sjølv tur.

Kjønnsrollemønstera blant barn har altså endra seg og blitt meir varierte. Derfor er det viktig at forskinga på området er oppdatert. Det bør gjerast undersøkingar av kva konsekvensar dette bør få for barnehagepedagogikken med omsyn til utvikling og læring for gutar og jenter.

Ei viktig oppgåve for dei tilsette i barnehagen er å medverke til at barn får ein god oppvekst og ei god utvikling. Resultatet som er oppnådd hittil, må tilskrivast ein politikk som i stor grad har vore vilja, og der både det pedagogiske opplegget i barnehagen og dei verdiane barna opplever i heimen, har verka inn. Men hittil har det blitt fokusert mest på jentene. Vi treng å utvikle det same fokuset på begge kjønn. Det er systematiske forskjellar mellom gutar og jenter i skulen, både i læringsutbyte, åtferdsproblem og skuleinnsats. Barnehagen kan vere med og førebyggje slike problem ved å leggje vekt på kjønnsforskjellane i tiltak for barn med auka risiko for å oppleve meistringsproblem i skulen, til dømes barn frå familiar med lite støtte heime og barn som snakkar eit anna språk enn majoritetsspråket heime. Og han kan vere med og utvikle eit kjønnsperspektiv som gjer at gutar og jenter til dømes kan behandlast ulikt og få ulike impulsar og ulike måtar å utfalde seg på i barnehagen, nettopp for å sikre at dei to kjønna får like oppvekstvilkår.

Dei systematiske forskjellane mellom gutar og jenter i læringsutbyte, skuleinnsats og problemåtferd (sjå del 2.4) tilseier eit aktivt likestillingsarbeid i barnehagen med særleg vekt på utvikling hos gutane.

2.3.2 Menn i barnehage og skule

Både barnehagen (90 %) og barnetrinnet i grunnskulen (88 %) er sterkt kvinnedominerte arbeids­plassar. 16 , 17

Det viktige i å få fleire menn til å arbeide i barnehagen og skulen har lenge stått på dagsordenen, mellom anna i den statlege handlingsplanen for 2004–2007, «Den gode barnehagen er ein likestilt barnehage». Ein kan ikkje ut frå psykologisk forsking om barns utvikling slå fast at gutar treng menn som rollemodellar, eller at jenter treng kvinner. Sjølvsagt er relasjonen til alle vaksne omsorgspersonar viktig, men forsking slår fast at barn ikkje nødvendigvis treng å oppleve ein nær relasjon til menn eller kvinner for å utvikle seg til friske og normale barn. Det kan heller ikkje utan vidare slåast fast at fleire menn i barnehagen fremjar likestilling. 18

Som likestillingsgranskinga viser, ønskjer dei fleste menn og kvinner å jobbe på ein arbeidsplass med ei jamnare kjønnsfordeling blant dei tilsette, og fleire undersøkingar viser at dette igjen gir eit betre arbeidsmiljø. Ei jamn kjønnsfordeling er dermed noko som både vaksne og barn vil vinne på.

Denne utfordringa – fleire menn i pedagogiske institusjonar – handlar ikkje om at nokon gjer ein dårleg jobb, eller at kvinner ikkje kan vere gode pedagogar for gutar. Spørsmålet om fleire menn heng nøye saman med spørsmålet om forståing av kva likestilling inneber.

Med så mange tilsette av eitt kjønn vil barn gjennom heile den offentlege delen av oppveksten lære at det er kvinner som jobbar med barn og tek hand om dei. Dermed får ikkje gutar sjå pedagogiske yrke som noko «naturleg». Fleire menn kan bety ei endring.

I alle tilfelle må både mennene og kvinnene som arbeider i barnehagen, utgjere like samansette grupper som dei vi finn i samfunnet elles. Barnehagane treng menn med ulik erfaringsbakgrunn og alder og ulik kulturell og etnisk bakgrunn for å kunne gi eit godt tilbod.

Om tiltak for å få fleire menn i barnehagane, og halde dei der – sjå kap. 3

2.4 Skulekvardag og skuleprestasjonar hos gutar

«Opplæringen jenter og gutter får i grunnskolen og i den videregående opplæringen, skal etter Lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova), fremme menneskelig likeverd og likestilling, åndsfrihet og toleranse, økologisk forståelse og internasjonalt medansvar.»

(Opplæringslova, § 1–2)

Ser vi bort frå nokre større undersøkingar i matematikk og naturfag, finst det få breitt opplagde storskalaundersøkingar av likestilling mellom kjønna i skulen. Eitt av unntaka er ei undersøking frå 1995. Då gav Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet Pedagogisk institutt ved NTNU i Trondheim i oppdrag å gjennomføre ei kvantitativ evalueringsundersøking av likestillingsarbeidet i grunnskulen. Seinare er det ikkje utført tilsvarande storskalaundersøkingar. Det er vesentleg for forståinga av gutar i skulen at det blir forska på situasjonen deira, noko det er gjort lite av.

Denne undersøkinga frå 1995 stadfesta mange kjønnsforskjellar som hadde vore kjende sidan 1970-åra. Det oppsiktsvekkjande var at dei framleis eksisterte etter meir enn 20 år med likestillingsansvar i skulen. Svært få skular hadde nemnt likestilling spesifikt i årsplanane sine. Undersøkinga dokumenterer dermed at arbeid med likestilling, i den grad det skjer, hovudsakleg er privatisert til enkeltlæraren og lokale «eldsjeler» og i liten grad er ei felles sak for heile skulen. Enkeltlæraren er derfor viktig. Samtidig er det klart at det trengst eit løft for at arbeid med kjønn og likestilling skal bli ein del av det kollektive programmet i skulen.

2.4.1 Læringsutbyte og resultat hos gutar

Karakterar og testresultat frå ungdomsskulen speglar i hovudsak dei kognitive ferdigheitene til elevane. Skulen i Noreg har òg til formål å tilføre elevane andre typar ferdigheiter, mellom anna evne til samarbeid og sosial åtferd i samsvar med gjeldande normer. Denne kompetansen (eller mangelen på slik kompetanse) kan ha stor betyding for elevane seinare i livet og er høgst relevant i ei samla vurdering av læringsutbytet elevane har ved kvar skule.

Jentene oppnår betre karakterar enn gutane. Målt i grunnskulepoeng er gjennomsnittsforskjellen på 4,4, som tilsvarer 0,4 poeng per fag. Ved skriftleg avgangseksamen i norsk i 2005 var gjennomsnittskarakteren 3,59 for gutar, for jenter 3,94. Jentene gjer det best på tvers av karakterfordelinga, men forskjellane er noko mindre blant dei flinkaste av kvart kjønn.

Forskjellane går fram av tabell 2.2, der elevane (gutar og jenter) er inndelte i persentilar. Første linja viser gjennomsnittleg grunnskulepoeng blant dei ti prosentane med dei beste resultata av høvesvis alle, gutar og jenter. Nedste linja viser tilsvarande grunnskulepoeng blant dei ti prosentane med dei svakaste resultata.

Tabell 2.2 Grunnskulepoeng etter kjønn. Persentilar

Persentilar Alle Gutar Jenter
90 % 54,83 53,00 56,00
75 % 51,00 48,50 52,50
50 % 44,50 42,00 47,17
25 % 37,40 35,20 40,33
10 % 31,17 29,50 34,00

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Jentene les betre enn gutane, og det er ikkje noko særskilt norsk fenomen. Jenter les betre enn gutar i alle dei 35 landa som deltok i PIRLS-undersøkinga. 19 I Noreg er dessutan seks av ti blant dei svakaste lesarane gutar, mens det blant dei beste lesarane er ei jamn fordeling mellom jenter og gutar. Også blant 15-åringar er kjønnsforskjellane relativt store i favør av jentene, og det er særleg blant dei dårlegaste lesarane at gutane er overrepresenterte, noko mellom anna den internasjonale undersøkinga PISA 2003 viste. Nye tal viser at gutar les meir, og at dei mellom anna underrapporterer si eiga lesing ved å gå ut frå at spørsmålet om kor mykje ein les, dreier seg om skjønnlitteratur.

Dei norske resultata på fjerde trinn er dårlegast blant OECD-landa i undersøkinga (ikkje alle OECD-land er med) i 2006. Det er inga endring i gjennomsnittsskåren for Noreg samanlikna med resultata i 2001, men spreiinga er blitt noko mindre. Det kjem av at det er blitt færre svake, men òg færre flinke elevar. Norske jenter skårar altså betre enn gutane.

Også i PIRLS-undersøkinga er det liten variasjon mellom skulane. Det er dessutan liten forskjell mellom skuleklassane (i PIRLS er utvalet basert på klassar/grupper).

Forskarane finn at leseopplæringa ser ut til å bli mindre vektlagd etter fjerde trinn; elevane på femte trinn rapporterer i liten grad at dei har leseopplæring. Det stadfester inntrykket av at leseopplæring framleis blir oppfatta som innøving av grunnleggjande leseferdigheit (avkoding av tekst), og at det blir lagt lite vekt på lesestrategiar og tekstforståing.

PISA- og PIRLS-undersøkingane gir til saman eit bilete av norsk skule som ikkje dekkjer heile breidda i måla for norsk skule, men som må takast alvorleg. I begge undersøkingane finn vi svake resultat og ein negativ trend i perioden 2000–2006. PISA omfattar dei tre faga lesing, naturfag og matematikk. Elevane i PISA 2006 ligg eit halvt skuleår bak elevane i PISA 2000 i lesing. Gutar skårar lågare enn jenter. Det betyr igjen at dei svakaste gutane ligg endå meir enn eit halvt skuleår etter. Noreg er vidare eitt av landa med størst kjønnsforskjellar.

Strategiplanen «Gi rom for lesing», 20 som blei implementert i mange av skulane i 2004, har ført til auka leseaktivitet blant gutar, men dette har førebels ikkje slått ut i betre leseferdigheiter.

I PIRLS 2006 blei elevar både på fjerde og femte trinn testa. Desse elevane begynte på skulen i 2001 og 2002 og har følgt L97.

At jentene oppnår betre karakterar enn gutane i norsk skule, er søkt forklart med to ulike modellar. Den første handlar om skulen som institusjon og korleis gutar og jenter ter seg i undervisningssituasjonen. Hovudpoenget er at jentene har ein veremåte og oppførsel som i større grad fremjar læring. Den andre modellen, som synest å stå sterkast blant forskarar, handlar om å vere i takt eller utakt med dei verdiane skulen byggjer på. Med andre ord at gutar og jenter har ulik sosial læring i førskulealder, og at skulen med si oppbygging forsterkar forskjellane i læringsutbyte mellom jenter og gutar. Ei mogleg forklaring på kjønnsforskjellane i læringsutbyte kan såleis vere at skulen er meir tilpassa veremåten til jentene, og at gutane i større grad tek avstand frå verdiane og organiseringa i skulen – at det har skjedd ei feminisering av skulekulturen.

«Ung i Noreg»-undersøkinga viser derimot at det gjennomgåande er små forskjellar mellom 16-årige gutar og jenter i haldningar til skulen. 21 Både jenter og gutar trivst svært godt, og dei er samde i at det er viktig å få gode karakterar, at skulen vil komme godt med seinare i livet, og at dei lærer mykje spennande på skulen. Men jenter er noko meir positive til verdiane i skulen. Fleire jenter meiner at lærarane burde vere strengare mot elevar som bråkar. Fleire gutar enn jenter er meir opptekne av å møte venner enn å gjere det godt på skulen, og dei synest òg at det er ganske kjedeleg på skulen.

Øia 22 påpeiker at forskjellane mellom jenter og gutar er mindre enn ein kunne vente, og at førestellinga om at jenter er meir positive, lydige og tilpassa skulesituasjonen, ser ut til å vere ein overlevert myte. Det stemmer overeins med det som tidlegare er sagt i omtalen av behovet for menn i barnehagane. Gutar hamnar likevel oftare i konflikt med lærarane enn jentene gjer.

Forskjellane i målt læringsutbyte er ikkje åleine knytte til kjønn; også utdanningsnivået til foreldra og andre sosiale forhold har vesentleg innverknad. Det er òg karakterforskjellar mellom minoritets- og majoritetsspråklege elevar. Tilsvarande forskjellar som dei vi finn mellom gutar og jenter i den etnisk norske befolkninga, går att blant grupper med etnisk minoritetsbakgrunn. Men samanliknar vi innvandrarane med heile populasjonen og korrigerer for utdanningsbakgrunn hos foreldra, er det ingen karakterforskjellar. Det tyder på at ein stor del av den observerte forskjellen mellom majoritetselevar og minoritetsspråklege elevar ikkje kan tilskrivast innvandringsbakgrunnen i seg sjølv, men at minoritetsspråklege elevar har lågare utdanna foreldre.

Klasseromforsking tyder òg på at norske elevar i for stor grad må ta på seg ansvaret for eiga læring, og at eigenmotivasjon og det å vere sjølvdriven er ein føresetnad for å lykkast. Her kan kjønnsforskjellar spele inn til fordel for jentene. I tillegg har internasjonale undersøkingar avdekt at norske lærarar i mindre grad enn lærarar i andre land følgjer opp læringa og gir tilbakemeldingar på arbeidet elevane gjer. 23 Internasjonal forsking viser at lærarar ofte har fasttømra oppfatningar av kva jenter og gutar er gode til, og at dette påverkar både læringsresultat og val av fagområde i vidare utdanning. Dersom lærarar og andre, bevisst eller ubevisst, feilaktig kommuniserer at gutar er dårlegare skikka til å lære språk, og jenter dårleg eigna til matematikk og naturfag, kan det få følgjer for sjølvtilliten til elevane, interessa for dei respektive faga og resultata dei oppnår. Sidan klasseromstudiar for alvor kom i gang på 1960-talet, har fleire forskingsundersøkingar vist at læraren kommuniserer ulikt med jenter og gutar i klasserommet, noko som kan få betyding for i kva grad og på kva måte gutar og jenter deltek i undervisninga, og kva tilknyting dei har til skulen. Skal skulen sosialisere til likestilling, er samspelet i klasserommet truleg viktigare enn det som står i lærebøkene. 24 Ein går ut frå at det enno er forskjellar på korleis mannlege og kvinnelige lærarar kommuniserer med jentene og gutane, men dette er eitt av dei områda i klasseromforskinga der det er få og lite oppdaterte kunnskapar. Norsk klasseromforsking er 20–30 år gammal, og studiar av gutar i skulen er så å seie fråverande fordi mellom anna klasseromforskinga hadde sterkt fokus på jentene. Derfor er det viktig at Senter for tverrfagleg kjønnsforsking ved UiO frå 1.1.2008 er i gang med paraplyprosjektet «Nye kjønn, andre krav? Barn av likestillinga i skule og familie».

Kunnskapsdepartementet gav i 2007 NOVA i oppdrag å gå gjennom forskingslitteraturen om kjønn og prestasjonsforskjellar i skulen og årsakene bak. NOVA konstaterer 25 at det er forska relativt lite på slike tema, særleg svakare læringsutbyte for gutar. Kjønnsforskinga i skulen har tradisjonelt hatt problem hos jentene som underliggjande tema. Skuleforskinga har for ein stor del ikkje vore oppteken av å forklare prestasjonsforskjellane, eller ein har forklart dei med forhold som ligg utanfor skulen. Dei studiane som ligg føre, er likevel eigna til å avklare nokre forhold.

Studiane viser at gutar historisk har fått, og framleis får, meir merksemd frå læraren enn jenter gjer. Det er lite som tyder på at kjønnsforskjellen i tildelt merksemd kan forklarast med at lærarar systematisk og bevisst diskriminerer jenter. Mykje av forskjellen i merksemd frå læraren ligg i negativ respons utløyst av det læraren oppfattar som læringshemmande og forstyrrande åtferd.

Kva som eventuelt gjer vurderingsformene i skulen betre tilpassa jenter enn gutar, finst det heller ikkje mykje forsking på. Ein norsk studie tyder på at vurderingsformene, særleg dei som er baserte på ein tekstkultur, premierer jenter. 26 Når det gjeld dei uskrivne normene og reglane som det er forventa at elevane skal tilpasse seg, kan det sjå ut til at jentene har ein fordel. 27 Lærarane synest òg å ha større forventningar til jenter. I tillegg til ein generell forskjell mellom jenter og gutar når det gjeld leseferdigheiter, er det ulikskapar både når det gjeld læringsutbyte generelt, og når det gjeld karakterar. Kan årsaka vere at skulen er meir tilpassa jentene sin veremåte, og at gutar i større grad tek avstand frå verdiane og organiseringa i skulen? NOVA konkluderer i sin rapport med at det i forskingslitteraturen ikkje finst støtte for at skulen i seg sjølv skaper kjønnsforskjellar i skuleprestasjonar. Mønstera i kjønnsforskjellar synest å være konsistente over tid, på tvers av nasjonalitetar og mellom skular i same land. Dette skjer altså trass i at samanhengane desse forskjellane utspeler seg i, varierer betydeleg både når det gjeld skulepolitikk, organisering av undervisninga og tonegivande pedagogiske metodar. Samla peiker dette i retning av at skulen er med på å reprodusere kjønnsforskjellar som alt eksisterer i klasserommet. Både Kunnskapsdepartementet og Barne- og likestillingsdepartementet meiner at forskinga må rette eit sterkare søkjelys mot årsakene til kjønnsforskjellane i skuleprestasjonar. Det må vere eit mål å redusere dei forskjellane som er observerte over tid. Her er det dessutan viktig å sjå på korleis kjønnssosialiseringa i familie og barnehage verkar inn.

2.4.2 Læringsmiljøet for gutar

Dei fleste jenter og gutar trivst på skulen, anten det dreier seg om barnetrinnet, ungdomstrinnet eller vidaregåande skule. Dette kjem fram både i evalueringa av Reform 97 og av Elevinspektørane. 28 Likevel er det ei gruppe elevar som ikkje trivst og er mistilpassa i den norske skulen. PISA-undersøkinga 29 viser dessutan at uro og problemåtferd er ei utfordring i norske skular. I eit likestillingsperspektiv er det urovekkjande og ei særlig utfordring at langt fleire gutar enn jenter mistrivst og føler seg mistilpassa i den norske skulen. At åtte av ti elevar i skulen med alvorlege åtferdsproblem er gutar, er eit uttrykk for dei klare forskjellane som finst mellom kjønna når det gjeld læringsmiljøet. Slike forskjellar kan få konsekvensar i seinare livsfasar for gutar og jenter.

Det aller meste av forskinga på feltet konkluderer med at lærarar gjennomgåande ikkje gir gutar og jenter like stor merksemd, og at det er gutar som får mesteparten av merksemda frå lærarane i klasserommet, også den negative. Det kan verke inn på i kva grad og på kva måte jenter og gutar deltek i undervisninga, og kva tilknyting dei får til skulen.

Gutar opplever skulekvardagen annleis enn jenter. Elevundersøkinga (Utdanningsdirektoratet 2007), som er etablert som ein del av eit samla nasjonalt kvalitetsvurderingssystem, gir elevane i den norske skulen høve til å seie si meining om skulen dei går på, og korleis dei trivst der. Elevundersøkinga finn ein liten kjønnsforskjell når det gjeld prioritering av skulearbeid. Forskjellen går i retning av at jentene noko oftare enn gutane oppgjer at dei prioriterer å bruke tid på skulearbeid. Analysar viser vidare ein svak tendens til at gutar oftare enn jenter opplever at lærarane fortel dei kva dei bør gjere for at dei skal bli betre i faga. Det er òg ein viss tendens til at jentene melder å gjere leksene sine i fleire fag enn gutane. Resultata viser vidare ein liten forskjell mellom kjønna når det gjeld opplevinga av å setje eigne læringsmål. Nærmare bestemt viser det seg at gutane i noko større grad enn jentene opplever at dei er med på å setje eigne læringsmål i faga. Vidare finn vi at noko fleire gutar enn jenter melder at dei blir mobba av andre elevar på skulen.

Vidare analysar viser at noko fleire gutar enn jenter rapporterer at dei har vore med på å mobbe éin eller fleire elevar på skulen dei siste månadene, og gutar melder noko oftare enn jentene at dei har vore utsette for urettferdig behandling eller diskriminering på skulen på grunn av nasjonalitet. Det viser seg òg å vere ein svak tendens til at fleire av jentene enn gutane melder at dei er hyggelege mot lærarane sine. Vidare ser vi at noko færre jenter enn gutar melder at dei forstyrrar dei andre elevane når dei arbeider.

Ei svensk undersøking 30 som tek for seg verbal trakassering, altså erting, latterleggjering, truslar og negative karakteristikkar retta mot medelevar, viser at trakassering speler ei rolle i utforming av kjønnsidentitet blant jenter og gutar. Forskinga viser at gutar kan bruke trakassering som ei form for identitetsbygging som viser ein «riktig maskulinitet». I konklusjonen påpeiker forskaren at skular og lærarar må vere klar over dei ulike funksjonane munnleg trakassering og andre former for mobbing kan ha, når dei skal setje i verk tiltak for å hindre slik åtferd. Ifølgje rapporten er det lite sannsynleg at reglar og forbod mot enkelte ord og uttrykk vil ha ein langsiktig effekt i seg sjølv. Både lærarar og elevar må bevisstgjerast om korleis munnleg trakassering er med på å etablere maktforhold, kjønnsroller og seksuell identitet.

I ein norsk kunnskapsstatus om kjønnsrelatert mobbing blant barn og unge frå 2007 er konklusjonen at skulane treng meir kunnskap om fenomenet, og at lærarar har liten kunnskap om korleis ein skal handtere konfliktar som er baserte på kjønn og seksualitet. 31 Med tanke på dei negative konsekvensane kjønnsrelatert mobbing kan få for dei det gjeld, er dette ei utfordring som skulane må gripe fatt i. Kjønnsrelatert mobbing skaper ofte alvorlege helseproblem både for ofra og dei som blir vitne til trakasseringa. 32 Trakassering på grunn av seksuell orientering blir peikt på som ein forklaringsmodell til dei høge sjølvmordstala blant unge homofile. Gutar som blir stempla som «homo», har dessutan auka risiko for å bli utsette for hatkriminalitet, det vil seie kriminalitet med bakgrunn i andres truvedkjenning, hudfarge, nasjonale eller etniske opphav, seksuelle legning, leveform eller orientering. 33

Å bli stempla som «hore» har vist seg å gi jenter auka risiko for fysiske eller seksuelle overgrep. 34 I ei omfattande undersøking av 18-åringar i fem baltiske land og Noreg frå 2007 35 kjem det fram at 84 % av dei norske ungdommane som har opplevd uønskte seksuelle hendingar, er jenter. Utøvaren er nesten alltid ein gut. Litt under halvparten av dei uønskte seksuelle hendingane skjer mellom ei jente i tenåra og ein gut som er om lag fem år eldre, men framleis i tenåra. Så mange som 10 % av dei norske jentene hadde opplevd minst eitt tilfelle av samleie mot sin vilje. For aldersgruppa 19 år er talet heile 17,5 %. Rundt 8 % av gutane har opplevd samleie mot sin vilje (10 % for 19-åringane). Dette er skremmande tal som indikerer at skulen må arbeide alvorleg med haldningar til seksualitet, kropp og grensesetjing blant elevane.

Dei nye læreplanane i Kunnskapsløftet har kompetansemål for elevane for kvart klassetrinn. Det inneber at kvar skule i stor grad står fritt til å bestemme korleis dei ulike temaa skal behandlast. Når det gjeld ungdom og seksualitet, heiter det i målet for samfunnsfag på 10. klassetrinn at elevane skal kunne drøfte forholdet mellom kjærleik og seksualitet i lys av kulturelle normer. Læreplanane i Kunnskapsløftet gir skulane rom for å trekkje inn temaet seksualitet og samliv fleire stader i undervisninga.

Internasjonal forsking har avdekt at kjønnsstereotypiar kan ha ein negativ effekt på skuleprestasjonar. 36 Forskarane forklarer dette med at eksponering for ein negativ kjønnsstereotypi fører til at ein elev som tilhøyrer den gruppa stereotypien rammar, kan bli redd for å oppfylle og bli dømd etter negative oppfatningar. Det kan igjen føre til frykt i prøvesituasjonen. Negative stereotypiar som elevar stadig blir utsette for, kan òg bli til sjølvoppfyllande profetiar ved at elevane trekkjer seg ut av faget eller distanserer seg frå det.

Ei undersøking av korleis tiandeklassingar ser på eigne evner, stadfester at tilliten til eigne evner følgjer kjønnstradisjonelle mønster, også når ein samanliknar jenter og gutar som presterer på same nivå. Gutane er gjennomgåande meir positive i sine vurderingar av eigne anlegg for matematikk enn jenter med like prestasjonar. Jenter må prestere om lag ein halv karakter betre enn gutane før dei har tiltru til at dei har gode anlegg for matematikkfaget. 37

Når ein spør elevane om anlegg for språk og samanliknar med standpunktkarakterar i engelsk, er mønsteret motsett. Jentene har større tiltru til eigne anlegg enn gutar med same karaktergrunnlag. Det ser med andre ord ut til at gutar og jenter vurderer eigne evner meir kjønnstradisjonelt enn resultata deira skulle tilseie. Eit meir realistisk og positivt bilete av eigne ferdigheiter kan kanskje medverke til mindre kjønnsforskjellar i læringsutbyte og val av fag seinare i løpet for utdanning.

Eigen innsats er òg avgjerande for om elevane skal oppnå gode resultat. «Ung i Noreg»- undersøkinga 2002 (NOVA) viser at både jenter og gutar i gjennomsnitt les mindre lekser i 2002 enn dei gjorde i 1992. Jentene er likevel meir arbeidssame og bruker meir tid på skulearbeid enn gutane, både i ungdomsskulen og i vidaregåande skule. Det kan med andre ord sjå ut til at det er ei utfordring for skulen å motivere gutar til større innsats i skulearbeidet.

2.4.3 Betydinga av tidleg innsats

Utdanningssystemet er ein av dei viktigaste arenaene for å fremje sosial utjamning. Det er store forskjellar i den kompetansen elevar og studentar har når dei går inn i skulen, og dessverre òg når dei går ut, og forskjellane heng saman med familiebakgrunn. Sett i samanheng med variablane kjønn og etnisk bakgrunn viser undersøkingar 38 at det er sosial bakgrunn – altså familiebakgrunn – som slår sterkast ut. Derfor blir det òg store forskjellar når det gjeld å lykkast i arbeidsliv og samfunnsliv seinare.

I St.meld. nr. 16 «… og ingen sto igjen. Tidlig innsats for livslang læring» frå 2006 fokuserar ein sterkt på at tidleg innsats er ein viktig faktor i arbeidet for sosial utjamning. Med tidleg innsats er det både meint innsats tidleg i livet og tidleg inngrep når problem oppstår eller blir avdekte i førskulealder, under grunnopplæringa eller i vaksen alder.

Spesialundervisning

Tidleg innsats omfattar òg spesialundervisning. I dag er det stor overvekt av tiltak som blir sette inn mot gutar. Grunnskulens informasjonssystem (GSI) har ikkje eksakte tal som illustrerer desse forholda. Det er gjennomført noko forsking og statistikkinnhenting på feltet (m.a. ved Kjell-Arne Solli, Høgskolen i Østfold 1989/1990), men utan at kjønn har vore ein variabel. Det er såleis behov for meir forsking på forholdet mellom kjønnsforskjell i spesialundervisninga og læringsutbytet av denne undervisninga.

Kjønnsperspektivet i den tidlege innsatsen er omtalt både i St.meld. nr. 16 (2006–2007) (sjå over) og i St.meld. nr. 23 (2007–2008) «Språk bygger broer» . På grunnlag av registrerte tilfelle av spesialundervisning blir det påpeikt som viktig å ha fokus på gutar. Ein viktig føresetnad for å kunne setje innsatsen i verk tidleg er at lærarane og skuleleiinga har informasjon om nivået og ferdigheitene til elevane. Derfor skal det setjast i verk tiltak for å avdekkje problem tidleg. Mellom anna skal det leggjast fram ei rettleiing om samarbeidet mellom skule og barnehage for å kartleggje ferdigheitsnivået til elevane.

Når det gjeld spesialundervisning etter enkeltvedtak i samsvar med opplæringslova § 5–1, viser statistikk frå SSB for skuleåret 2007–2008 at det er meir enn dobbelt så mange gutar som jenter som får spesialundervisning, rundt 28 000 gutar og 13 000 jenter.

Dette gjeld på alle trinn i grunnskulen. I alt er det rundt 620 000 elevar i grunnskulen. Av desse får rundt 41 000 spesialundervisning, og hovudtyngda av dei får mellom 76 og 270 timar spesialundervisning i året. Statistikken seier ingenting om problema som har utløyst enkeltvedtak.

Kvifor det er så stor overvekt av gutar som får spesialundervisning, veit vi ikkje. Her må det forskast meir for å finne forklaringane. I hovudsak blir det gitt slik undervisning på grunn av vanskar med synet og høyrselsvanskar, motoriske vanskar, kommunikasjonsvanskar, psykososiale vanskar, spesifikke vanskar, ADHD og generelle lærevanskar.

Regjeringa er oppteken av at gode, rimelege og tilgjengelege barnehageplassar bidreg til at alle barn stiller likt. Barnehagen er den viktigaste førebyggjande arenaen utanfor heimen for barn i førskulealder. Dei aller fleste barn i småbarnsalder har no plass i barnehage. For å kunne avdekkje problem i tidleg alder og leggje til rette for tidleg innsats, trengst det konkret kunnskap om forholda i barnehagane. Det finst i dag relativt lite systematisert kunnskap om kvaliteten i norske barnehagar, og vi veit lite om kor vidt jenter og gutar deltek like mykje i til dømes aktivitetar som stimulerer språkutviklinga. Det er med andre ord all grunn til å sjå på om gutar får den språkstimuleringa dei treng i førskulealderen.

Ei undersøking om sosial kompetanse og kjønn i barnehagen indikerer at det stemmer når ein har trudd at gutar blir tilbydde meir handling, jenter meir snakking. Lesesenteret ved Universitetet i Stavanger påpeiker at observasjonar i eitt av prosjekta deira, BOKTRAS, kan tyde på at gutar i mindre grad enn jenter frivillig vel språklege aktivitetar. I St. meld. 23 (2007-2008) (sjå over) er det lagt vekt på behovet for støtte i språkutviklinga allereie i førskulealder, med oppfølging gjennom konkrete stimuleringstiltak dersom det er behov for det. Målet er at kommunane skal ha ei samanhengande tiltakskjede, slik at alle barn som er forseinka i språkutviklinga eller har behov for opplæring i norsk, kan få eit oppfølgingstilbod snarast råd.

I samband med «Gi rom for lesing! Strategi for stimulering av leselyst og leseferdigheit 2003–2007» arbeidde halvparten av skulane som deltok i strategien, med eigne tiltak for gutar. Størstedelen av desse tiltaka var utforma for å betre rammene eller motivasjonen for lesing hos gutar. Mange skular kjøpte òg inn bøker spesielt berekna på gutar. Evalueringa av strategien viser at det har vore vellykka å setje gutar og lesing i fokus; det har gjort leiarar og lærarar meir observante på utfordringane som knyter seg til leseferdigheiter hos gutar. 39

2.4.4 Den kulturelle skulesekken

Den kulturelle skulesekken 40 er ei nasjonal satsing som skal bidra til at elevar i skulen får oppleve, bli kjende med og utvikle forståing for profesjonelle kunst- og kulturuttrykk av alle slag. Satsinga er eit samarbeid mellom kultur- og opplæringssektoren. Den kulturelle skulesekken er hovudsakleg finansiert med spelemidlar.

Fylkeskommunane har fått eit særleg ansvar for å forvalte spelemidlar til ordninga. Fylkeskommunane har sjølve kunst- og kulturtilbod til skulane og fordeler midlar direkte til kommunane for at dei skal utvikle lokale tilbod.

Undersøkingar 41 viser at kulturbruksmønsteret er ulikt hos kvinner/jenter og menn/gutar. Mellom anna veit ein at jenter les meir enn gutar. Grunnlaget for ei interesse for kunst og kultur blir gjerne lagt i ung alder og får konsekvensar både for fritidsbruk og yrkesval. Ein finn altså at jenter ikkje berre er meir aktive kulturkonsumentar på fritida, men at dei òg oftare enn gutane vel ei utdanning på kulturfeltet.

Ein styrke ved Den kulturelle skulesekken er at ordninga når alle elevar uavhengig av kjønn, sosial bakgrunn og andre tradisjonelle skiljelinjer som verkar inn på tilgang til og interesse for ulike kunst- og kulturuttrykk. Slik kan ordninga vere med og viske ut den kjønnsbaserte forskjellen vi ser på dette feltet.

I St.meld. nr. 8 (2007–2008) «Kulturell skulesekk for framtida» står det at alle som arbeider med den kulturelle skulesekken, anten det er som kunstnarar, administratorar eller pedagogar, skal ha eit kritisk blikk på korleis kjønn blir representert gjennom dei produksjonane og kunstuttrykka skuleelevane møter.

2.5 Kjønnsdelt organisert fritid for gutar og jenter

Frivillige organisasjonar og ulike former for frivillig arbeid har lange tradisjonar i Noreg. Enkelte organisasjonar har ei historie som går heilt tilbake til midten av 1800-talet.

I dag har Noreg ein flora av foreiningar, lag og aktivitetar. Over halvparten, 58 %, av den vaksne befolkninga deltek i frivillig arbeid i løpet av eit år, og det blir utført meir enn 113 000 årsverk i frivillige organisasjonar 42 . Å delta i frivillige organisasjonar fremjar sosialt fellesskap, gir læring og kunnskap og medverkar til å utvikle demokratisk kompetanse. Frivillig arbeid gir menneske høve til å bruke og utvikle seg sjølve, føle seg til nytte og få meining i tilværet.

Organisasjonssamfunnet har gjennomgått store endringar dei siste 40–50 åra. I perioden frå 1950-talet til i dag har organisasjonar innanfor idrett, kultur, natur, miljø og hobby hatt ein betydeleg vekst. Dei sosiale og humanitære organisasjonane, som tidlegare var dominerande, står svakare i dag. Auka internasjonalisering og endringar i moderne kommunikasjonsformer har gitt samfunnet, enkeltindividet og dei frivillige organisasjonane nytt spelerom og endra rammevilkår.

Resultata i ei undersøking av frivillig innsats 43 viser at det separate organisasjonssamfunnet for kvinner, dei religiøse, sosiale og humanitære foreiningane, har hatt ein vesentleg tilbakegang i undersøkingsperioden 1957–1998. Samtidig har mennene gjort sitt inntog i denne delen av organisasjonslivet og utgjer i dag rundt 40 % av medlemmene og dei frivillige.

Det kjønnsdelte organisasjonssamfunnet, der kvinner og menn har kvar sine organisasjonar, er i dag på vikande front.

Ein type organisasjon som bryt med denne tendensen, er hobbyforeiningane, der menn dominerer meir enn nokon gong. I løpet av 1980-åra blei det stifta fleire mannsforeiningar enn reine kvinneforeiningar. Mange av dei er kameratklubbar, frimurarorganisasjonar og liknande. Mens nystiftinga av kvinnedominerte organisasjonar har stoppa opp, er det eit nytt og veksande mannsdominert segment i organisasjonssamfunnet.

I dei fleste organisasjonstypar deltek menn meir enn kvinner. Menn midt i livet med god jobb og økonomi er overrepresenterte når vi ser på korleis medlemsmassen er samansett i heile det frivillige feltet, særleg i dei aktivitetsorienterte organisasjonstypane.

Den frivillige aktiviteten går føre seg i og er retta mot alle befolkningsgrupper, men utgjer ikkje minst eit tilbod til barn og unge.

Mangfaldet i dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane er minst like stort som i vaksenorganisasjonane. Aktivitetane spenner frå speiding og friluftsliv til rollespel og skating, kor og korps, leikarring, miljøvern og politiske organisasjonar. Organisasjonane er svært viktige når det gjeld å utvikle og halde ved like ein positiv barne- og ungdomskultur. Gjennom gode fritidstilbod får barn og unge høve til å dyrke eigne interesser, utvikle seg i kontakt med både jamaldringar og vaksne og skape seg ei verdifull plattform for resten av livet.

Det er behov for auka kunnskap om sivilsamfunnet og frivillig sektor i Noreg. Ny forsking kan setje både organisasjonane og styresmaktene betre i stand til å tilpasse seg nye tider. I denne samanhengen vil regjeringa etablere eit eige forskingsprogram med oppstart i 2008. Programmet skal i første omgang gå over tre år.

2.5.1 Idrett

I barnehagen leiker barna mykje på tvers av kjønn, men idet dei går over til skulekvardagen, blir livet fort meir kjønnssegregert i samvær og leik. Fotballen står sterkt både hos jenter og gutar i alderen 6–12 år, mest dominerande hos gutane. Oversikter over medlemstal i forbunda i Noregs idrettsforbund (NIF) viser at 49 % av gutane i alderen 6–12 år er aktive medlemmer i Noregs Fotballforbund. 44 Som nummer to på lista kjem Noregs Skiforbund med 14 % av dei aktive gutane i denne aldersklassen.

NIF er den største barne- og ungdomsorganisasjonen i landet. Ved utgangen av 2006 var det registrert over to millionar medlemmer i NIF. Det inneber ei dobling av medlemstalet sidan 1975. Totalt sett er fleire menn enn kvinner medlemmer i idrettslag. Gutar og menn står for litt under 1 245 000 medlemskapar, mens om lag 827 000 medlemmer er jenter og kvinner.

Rundt 37 % av medlemsmassen i 2006 var barn og unge i alderen 6–19 år. Det er registrert rundt 460 000 medlemmer blant gutar i alderen 6–19 år (og rundt 362 000 jenter).

I ei undersøking frå 2007 45 går det fram at rundt 85 % av gutane og 80 % av jentene i alderen 8–19 år driv fysisk aktivitet i form av trening og mosjon. Generelt trenar fleire gutar enn jenter i idrettslag. I underkant av 52 % av gutane og 45 % av jentene i same aldersgruppa melder at dei trenar eller konkurrerer i idrettslag. Det er særleg dei yngste som trenar i idrettslag; i alderen 8–12 år trenar 67 % av gutane og 55 % av jentene i idrettslag.

Blant gutar i alderen 8–19 år er fotball den klart største aktiviteten i idrettslag. Nærmare 40 % driv med fotball. Sjølv om fotball òg er den mest populære aktiviteten blant jenter i same aldersgruppa (rundt 20 %), er det inga enkelt idrettsgrein som dominerer like sterkt blant jentene som blant gutane. Mange jenter speler i tillegg handball (17 %) og driv med dans (12 %). Etter fotball er ski (8 %) den mest populære aktiviteten blant gutar

Det er ei kjend sak at ein del ungdommar sluttar med organisert idrett i 15–19-årsalderen. I den nemnde undersøkinga melder nærmare halvparten av dei som har slutta i idrettslag, at dei slutta fordi det ikkje var morosamt lenger. Det er ikkje store forskjellar mellom gutar og jenter når det gjeld årsakene til at dei sluttar. Men langt fleire gutar enn jenter sluttar fordi dei er skadde, mens ein vesentleg større del av jentene enn gutane synest det blei for mykje fokus på konkurranse. Det kan bety at trenarane og dei vaksne framleis formidlar konkurranse- og vinnarideala sterkast.

Det er gjort svært lite systematisert forsking på kjønnsforskjellar mellom gutar og jenter når det gjeld barn og unges engasjement i frivillige organisasjonar. Den sterke dominansen blant gutar når det gjeld å ha leiarverv i frivillige organisasjonar, er heilt klart borte. Blant barne- og ungdomsorganisasjonane har det skjedd eit markant rolleskifte dei siste 20 åra, og jentene har gått frå mindretal til fleirtal blant leiarane. I 2000 var 55 % av leiarane jenter, mot 41 % i 1980 46

Mens gutar dominerer i sport og idrettslag, er deltakinga mindre blant gutar enn blant jenter i kultur- og fritidsorganisasjonar og barne- og ungdomsorganisasjonar på områda politikk, miljø og humanitært arbeid 47

Dei frivillige organisasjonane er eit viktig supplement til det offentlege likestillingsarbeidet.

Det er behov for oppdatert forsking på likestilling i dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane. Kva er dei klare tendensane for gutar og jenter når det gjeld deltaking i organisasjonslivet – kor mange deltek, korleis deltek dei, kva aktivitetar og organisasjonar engasjerer dei seg i, og kor ofte er dei med?

I St. meld. nr 39 (2006-2007) «Frivillighet for alle» er det foreslått at tiltak vedrørande forskingsprogrammet knytta til frivillig sektor skal bidra til auka kunnskap om kjønnsforskjellar.

Eit inkluderande samfunn er ei viktig satsing for denne regjeringa. Idrett er ein viktig arena for inkludering, og det er viktig at idretten er open overfor alle samfunnsgrupper. Norsk idrett jobbar aktivt for å vere open og inkluderande. I det idrettspolitiske dokumentet som blei vedteke på idrettstinget våren 2007, går det klart fram at det i idretten er nulltoleranse for diskriminering og trakassering på grunnlag av kjønn, etnisk bakgrunn, seksuell orientering og funksjonshemming. Som eit ledd i dette arbeidet har NIF i 2007 inngått eit samarbeid med Landsforeininga for lesbisk og homofil frigjering og Norsk Folkehjelp. NIF har løyvd 400 000 kroner til eit prosjekt som skal førebyggje og motverke diskriminering på bakgrunn av seksuell orientering lokalt, regionalt og nasjonalt gjennom å førebyggje og motverke hets mot homofile og homofobi i organisert idrett.

2.5.2 Korleis unge ser på idrett og kjønn

Ungdommane som deltok i ei undersøking i regi av NTNU i 2007 48 , legg stor vekt på utsjånad og vekt når dei skal vurdere sin eigen verdi. Undersøkinga tok utgangspunkt i kva kroppslege eigenskapar ungdommane oppfattar som maskuline og feminine, og korleis dei vurderer eigen kropp og eigne prestasjonar. Det viser seg at stereotypiane rår meir enn venta. Ungdommane gir uttrykk for eit temmeleg tradisjonelt syn på kva som er feminint og maskulint når det gjeld kroppen. Og det er viktig for dei å leve opp til dei stereotype ideala.

Å vere flink i idrett blir rekna som ein viktig maskulin eigenskap, og gutane legg stor vekt på uthald, styrke og synlege musklar. For jentene er det mykje viktigare å sjå bra ut enn å prestere sportsleg. Når det gjeld oppfatningar av eigen kropp, er det klare forskjellar mellom kjønna. Undersøkinga viser at gutane gjennomgåande har ei meir positiv fysisk sjølvoppfatning enn jentene. Gutane gav seg sjølve høgare skår enn jentene på ti av elleve område, mellom anna styrke, uthald, utsjånad og generell oppfatning av eigen kropp. Det einaste området der kjønna vurderer seg sjølve omtrent likt, er fleksibilitet.

Reint biologisk er det ingenting i vegen for at jenter og gutar før puberteten kan vere like flinke i mange sportslege aktivitetar. Kjønnsforskjellane må tilskrivast sosiale forhold, til dømes ulike forventningar og ulik respons til jenter og gutar frå foreldre, trenarar og venner, og ikkje minst frå media. Funna kan tyde på at stereotypiane har endra seg lite sidan 1970-talet. Ungdommane rekna ballett, aerobic og turn som jenteidrettar, mens fotball, boksing, motorsport og ishockey er mest for gutar. Det same blei stadfest når studentane ble bedde om 49 å sortere ulike idrettar i kategoriane «maskulin», «feminin» og «nøytral». Svara var så godt som 100 % samanfallande. Det tyder på at dei felles kulturelle førestellingane er meir seigliva og mindre fleksible enn dei mest optimistiske kjønnsforskarane trur. Kjønnsstereotypiane og makta dei har når det gjeld fysisk sjølvoppfatning, kan ha store negative konsekvensar både på individnivå og samfunnsnivå. Alt tyder på at dette særleg rammar dei gutane som ikkje er så maskulint prega. Å danse ballet er enno nokså stigmatiserande for ein gut.

Dette skal sjølvsagt sjåast i samband med at det òg oppstår nye trendar, som til dømes guters auka oppslutning innan ulike danseformer.

Barne- og ungdomsidretten i Noreg har svært stor oppslutning, både blant gutar og jenter. Den organiserte idretten tilbyr eit stort omfang av ulike idrettsaktivitetar for barn og ungdom. Innan enkelte idrettar er det ein klar overrepresentasjon av det eine eller andre kjønnet. Gjennom aktivitetsmidlar til barn og ungdom gjennom særforbunda har Noregs idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) fokus på tiltak for å rekruttere blant underrepresenterte grupper i idrettslag, mellom anna å utjamne ulikhetar i rekruttering m.o.t. kjønn.

Samtidig føregår det ei rekkje tiltak i særforbund med skeiv kjønnsfordeling for å auke rekrutteringa blant det underrepresenterte kjønnet, blant anna innan ishockey, turn og snøbrett.

NTNUs undersøking viser likevel at kjønnsstereotypiane framleis lever òg i idretten, og ho bør kunne gi NIF mange innspel til kva meir som kan gjerast for å snu på dette.

2.6 Forskjellar mellom gutar og jenter i den uorganiserte fritida

Å konstruere sin eigen identitet betyr å finne seg sjølv som noko eineståande og forskjellig frå andre (personleg identitet), men òg å finne seg sjølv i det ein har felles med mange andre (sosial identitet). I arbeidet med å etablere sin eigen identitet vil ein ofte eksperimentere, prøve og feile. Dette er særleg viktig i tenåra, då kven ein er, og korleis ein vil bli oppfatta av andre, er sentrale spørsmål. I media finn ein byggjemateriale til begge desse sidene ved seg sjølv.

2.6.1 Gutar og bruk av elektroniske medium

Informasjons- og kommunikasjonsteknologi, og særleg Internett, har ført til store sosiale endringar i samfunnet. I denne samanhengen er det ei vanleg oppfatning at menn og gutar bruker datateknologi i større omfang enn kvinner og jenter. Undersøkinga «Ung i Oslo» viser at mange av gutane i alderen 14–17 år bruker mesteparten av fritida si ved datamaskina. 25 % av gutane bruker meir enn tre timer framfor dataskjermen dagleg. Brukarmønsteret er i endring på ei rekkje område. Gutar synest framleis å vere meir opptekne av teknologien og spel enn jenter, mens jenter verkar å vere opptekne av kommunikasjon, grafikk, musikk og skuleorienterte aktivitetar.

Ungdommen har vore kalla «kulturens seismografar». 50 Ser vi på alder som ein parameter, er det enkelte interessante tendensar. Menn bruker heime-PC vesentleg meir enn kvinner. Denne forskjellen finn vi i alle aldersgrupper med unntak av dei yngste. I aldersgruppa 9–15 år er det fleire jenter enn gutar (60 % mot 52 %) som bruker heime-PC dagleg. Dette kan kanskje forklarast med at gutar har eit meir aktivt uteliv i den uorganiserte tida si, mens jentene bruker meir Internett som kunnskapskjelde i leksearbeidet.

Om vi ser på kva ungdommane bruker PC til, er det å leite etter informasjon på Internett den mest utbreidde aktiviteten, med små kjønnsforskjellar. Dataspel er ein av dei mest populære aktivitetane blant gutane. Det er her vi finn dei største kjønnsforskjellane. Ein tredel av gutane på ungdomsskulen speler PC-spel kvar dag, mot berre 4 % av jentene. Av gutane som spelte PC-spel på ungdomsskulen, spelte 10 % meir enn fire timar om dagen. 51

Også når det gjeld kva typar spel dei unge føretrekkjer, er det systematiske forskjellar. Gutane speler mest sportsspel, actionspel og strategispel. Jentene speler mest småspel på Internett, bilspel, plattformspel og The Sims. Storspelarane blant gutane (meir enn fire timar kvar dag) speler mest førstepersons skytespel og strategispel. Ein studie frå SSB 52 viser det same biletet. Gutar bruker PC til spel og underhaldning og i jobbsamanheng, mens jenter i noko større grad enn gutar bruker datamaskina heime til skule og utdanning. Det er i særleg grad barn og unge PC-brukarar som bruker heime-PC til underhaldning og spel. 59 % av gutane i alderen 9–15 år speler TV- eller PC-spel dagleg; 33 % av jentene gjer det same. For neste alderstrinn, 16–24 år, er det 32 % gutar og 7 % jenter. I tillegg bruker gutane lengre tid på å spele enn jentene. Ifølgje «Ungdoms digitale kvardag» er det ikkje slik at aktiv bruk av PC automatisk får negative konsekvensar. Resultata viser at om det er nokon samanheng, er det heller slik at ungdommane er meir sosiale dess oftare dei bruker data. Spørsmålet er sjølvsagt korleis dei er sosiale, og om denne måten å vere sosial på er bra for handlings- og språkkompetansen hos gutar.

Det er viktig å merkje seg at visse typar mediekonsum synest å vere mest utbreidd i bestemte livsfasar. Til dømes har ungdom i lang tid vore storforbrukarar av innspelt musikk, samtidig som bruken ser ut til å minke ein god del etter kvart som ein blir eldre.

2.6.2 Gutar og bruk av bibliotek

Den samla bruken av biblioteka går fram av ein rapport frå SSB 53 . I motsetning til hva ein finn i vaksenbefolkninga, er det her gutane opp til 16 år som i størst grad har besøkt biblioteket, heile 71 prosent har vært på folkebiblioteket i løpet av det siste året. Det er 67 prosent av jentene som har besøkt folkebiblioteket i same tidsrom. Prosentdelen barn som har besøkt folkebiblioteket siste året, aukar med alderen. Men så går det nedover igjen seinare med aukande alder, dette gjeld for begge kjønn. Trass i desse tala viser undersøkingar likevel at gutar les mindre bøker enn jenter, jamfør PIRLS/PISA- undersøkingane som er nemnde tidlegare. Det finst prosjekt som prøver å stimulere gutar til å lese litteratur. «Ønskebok.no» er ei tilrettelagd søkjeside retta mot ungdom, som opna i september 2007. Ideen er at unge lesarar skal finne fram til bøker dei har lyst til å lese, til dømes ved å «konstruere» innhaldet sjølve. Foreininga »!les» har arbeidd målretta for å gjere gutar meir interesserte i å lese. Foreininga har mellom anna gåande eit større prosjekt, «Idrett og lesing». Når det gjeld avislesing, skårar gutar like høgt som jenter.

2.7 Ein likestilt oppvekst for gutar og jenter – tiltak

Forskjellane på kor mykje kontakt gutar i dag har med vaksne menn og kvinner, treng ikkje få eintydige negative eller positive konsekvensar for dei seinare i livet. Både kvantitet, kvalitet og korleis kontakt og oppfølging skjer, speler inn. Regjeringa vil likevel at oppveksten skal pregast av mangfald i vaksenkontakten. Det mangfaldet som finst elles i samfunnet, bør òg prege barnehage, skule og fritidsarenaer. Det gjeld både for gutar og jenter. Når det gjeld likestilling, er den svært skeive kjønnsfordelinga blant dei tilsette likevel ei utfordring som krev aktiv innsats. Fråvær av mangfald, særleg mangel på mannlege tilsette, kan ha meir negative konsekvensar for gutar enn for jenter. Dei lærer ikkje i praksis at òg menn kan jobbe med barn og unge.

Når gutar går ut av grunnskule og vidaregåande skule med vesentleg svakare resultat enn jenter, må tiltak setjast inn. St.meld. nr. 16 (2006–2007) 54 legg vekt på tidleg innsats for å førebyggje manglande læringsutbyte, fråvær og fråfall i utdanninga.

Eit anna viktig område å arbeide innanfor er lærarutdanningane. Likestillingsarbeidet i barnehage og skule må òg handle om dei vaksne, ikkje berre om barna. Det er dei vaksnes praksis, og sementeringa av tradisjonelle kjønnsroller som barna dreg med seg fordi dei ikkje ser menn i desse verksemdene, som er utfordringa. Før barnehagar og skular får meir preg av mangfald i personalet og dei vaksne blir meir observante på seg sjølve som formidlarar av kjønnsroller, lærer ikkje barna godt nok å sjå og forstå seg sjølve uavhengig av kjønn.

Kunnskapsdepartementets handlingsplan for likestilling i barnehagar og i grunnopplæringa (2008–2010) tek sikte på å gjere noko med dette. Auka vekt på forsking synest å vere nødvendig.

Kjønnsstereotypiane pregar oppveksten gjennom media, idrett og kultur. BLD vil invitere til brei drøfting om moglege tiltak for å bryte skadelege stereotypiar. Kroppsideal som aukar risikoen for usunne og uønskte levevanar hos gutar (og jenter), må møtast med tiltak som bevisstgjer ungdommen.

2.7.1 Oppvekst i familien

Nedbygging av kjønnsstereotypiar og tradisjonelle oppfatningar om kjønnsroller må skje i samarbeid og samråd mellom foreldre, barnehage og skule. Barn som opplever stort avvik mellom likestillingspraksis i heimen og uttalte verdiar i skule og barnehage, er ei særlig utfordring. Barne- og likestillingsdepartementet vil vidareføre og byggje ut foreldrerettleiingsprogram som understrekar moderne likestillingsideal. Departementet foreslår i kap. 4 tiltak for å auke foreldra sin bruk av foreldrepermisjonen. Ei jamnare fordeling av omsorgsoppgåvene mellom kvinner og menn er eit vesentleg bidrag til auka likestilling mellom kjønna.

Gjennom pågåande prosjekt som «Bærekraftige familier – likestilt foreldreskap» vil regjeringa arbeide for at samhandlinga mellom dei offentlege tenestene for barn (barnehage, skule, helsestasjon) og dei føresette skal byggje på likebehandling av foreldra (sjå pkt. 5.7.2).

Jo meir likestilte foreldre, jo betre lærer barna om likestilling i praksis.

2.7.2 Gutar i barnehagen

Regjeringa vil gjennomgå verksemda i barnehagane for å sjå til at gutar får same vaksenkontakt, oppfølging og rettleiing som jenter når dei utfaldar seg i aktivitetar i barnehagane. Dette er vareteke, og andre tiltak er foreslått, i den nye handlingsplanen for likestilling i barnehage og grunnopplæring.

Forskinga om kva barnehagen betyr for kjønnssosialiseringa, skal styrkjast.

Barnehagen kan på fleire måtar skape sosial utjamning og leggje til rette for like vilkår for alle barn.

2.7.3 Læringsmiljø og læringsutbyte for gutar

Kunnskapsdepartementet la hausten 2006 fram st.meld. nr. 16 «… og ingen sto igjen. Tidlig innsats for livslang læring». Denne meldinga har eit livslangt læringsperspektiv og tek for seg heile løpet for utdanning frå barn i førskulealder til vaksne. I st.meld. nr. 16 er det derfor lagt vekt på behovet for støtte i språkutviklinga allereie i førskulealder, med oppfølging gjennom konkrete stimuleringstiltak når det er behov for det. Regjeringa vil styrkje forsking som kastar lys over årsakene til dei store forskjellane i læringsutbyte mellom jenter og gutar som avgangsresultata frå grunnskulen har vist dei siste 20 åra. Tiltak for at skulen skal kunne medverke til å jamne ut forskjellar i læringsutbyte, skal setjast i verk på bakgrunn av ny kunnskap om årsakssamanhengar.

Halvparten av skulane som deltok i «Gi rom for lesing! Strategi for stimulering av leselyst og leseferdigheit 2003–2007», arbeidde med eigne tiltak for gutar. Størstedelen av desse tiltaka var utforma med tanke på å betre rammene eller motivasjonen for lesing hos gutar. Mange skular kjøpte inn bøker spesielt berekna på gutar. Evalueringa av strategien viser at det har vore vellykka å setje søkjelys på gutar og lesing, og at det har vore med og gjort leiarar og lærarar meir observante på dei utfordringane leseferdigheiter hos gutar byr på.

På bakgrunn av nærmare analysar av undersøkingar om mobbing blant norske skuleelevar vil regjeringa gjennomføre særlege tiltak retta mot gutar både som mobbeoffer og som mobbarar.

Gjennom «Strategi for læringsmiljøet i grunnopplæringa 2005–2008» og tiltaksoversikta for skuleåret 2007–2008 har det vert arbeidd for å betre det fysiske og psykososiale elevmiljøet. Utdanningsdirektoratet skal i samarbeid med Helsedirektoratet evaluere ressursboka Samliv og seksualitet , og det skal gjerast ein gjennomgang av samlivs- og seksualundervisninga i grunnopplæringa. På bakgrunn av dette arbeidet skal materialet analyserast i forhold til Kunnskapsløftet med tilvising til dei aktuelle læreplanane. I utarbeidinga av dette ressursmateriellet skal òg temaet arbeid mot mobbing og trakassering på grunn av kjønn og seksuell orientering styrkjast.

Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet støttar Russens organisasjons­komité (ROK) i samband med ein ungdomskampanje om seksualitet, kjønnsrelatert mobbing og grensesetjing. Kampanjen retter seg mot alle elevar i vidaregåande opplæring, men med eit særleg fokus på russekulla. Kampanjen gir informasjon om seksualitet, søker å førebyggje seksuelle overgrep og oppfordre til klar grensesetjing når det gjeld eigen seksualitet. Prosjektet starta hausten 2007 og skal halde fram til sommaren 2009.

Nettstaden Skolenettet.no har eigne sider om seksualitet og samliv. Sidene har informasjon retta mot elevar og lærarar. Det er òg lagt ut informasjons- og undervisningsmateriell.

2.7.4 Organisert fritid

Regjeringa vil ta initiativ til eit samarbeid med Landsrådet for norske ungdomsorganisasjonar for å vurdere tiltak med sikte på å jamne ut kjønnsforskjellar i medlemsmassen i organisasjonane.

Regjeringa vil gjennom Den kulturelle skulesekken ha eit spesielt fokus på forskjellar på korleis gutar og jenter bruker kulturelle uttrykk.

Fotnotar

1.

Engelsk forfattar, 1608 - 1674

2.

Ung i Oslo 2006.

3.

Jf. Nielsen 2006.

4.

Lyng 2004.

5.

Schreiner 2006.

6.

Mossige 2001.

7.

Lorentzen 2004a.

8.

Brusdahl 2008.

9.

Ung i Oslo 2006.

10.

Rossholt 2003.

11.

Kvalheim I.L. «Sats på barnehagen!»

12.

Lov om barnehager 2005.

13.

Sjå til dømes Aukrust 2006a; Løge 2005; Dickinson og Tabors 2002.

14.

Handlingsplan for likestilling i barnehage og skole

15.

Vintervold 2007

16.

Hegna 2007.

17.

Øia 2007.

18.

Borg m.fl. 2008.

19.

PIRLS 2006.

20.

Buland m.fl. 2006.

21.

Øia 2007.

22.

Sst.

23.

Martin m.fl. 2004.

24.

Ericsson 1999.

25.

Bakken m.fl. 2008.

26.

Evensen og Wagle 2003.

27.

Connoly 1998.

28.

Haug 2004; Oxford Research 2005.

29.

PISA-undersøkinga 2003.

30.

Eliasson 2007.

31.

Helseth 2007.

32.

Menckel og Witkowska 2002.

33.

Tiby og Sörberg 2006.

34.

Duncan 1999.

35.

The Baltic Sea Regional Study on Adolescents’ Sexuality 2007.

36.

Sjå til dømes Spencer m.fl. 1999.

37.

Lødding 2004.

38.

Hægeland og Kirkebøen 2006.

39.

Buland m.fl. 2006.

40.

Kulturell skulesekk for framtida 2007-2008

41.

Vaage 2002.

42.

Enjolras 2008.

43.

Wollebæk m.fl. 2000.

44.

NIF 2007.

45.

Synovate MMI 2007.

46.

Wollebæk m.fl. 2000.

47.

Sivesind og Ødegård 2003.

48.

Klomsten 2007.

49.

Ung i Oslo 2006.

50.

Drotner 1999.

51.

Torgersen 2004.

52.

SSB 2006c.

53.

SSB 2006d.

54.

«..og ingen sto igjen» 2006-2007.

Til toppen
Til forsida av dokumentet