Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.meld. nr. 8 (2008-2009)

Om menn, mannsroller og likestilling

Til innhaldsliste

8 Maskulinitet og vald

8.1 Innleiing

Johan Galtung påpeiker at menn står for 95 % av all vald som blir utøvd i verda. Slik sett er valden kjønna, og slik sett er vald noko som kan vere knytt til mannsrolla og det mannlege.

Samtidig må det understrekast at dette ikkje betyr at alle menn er valdelege. Dei fleste menn utøver ikkje vald og er heller ikkje utsette for vald. Vald inngår ikkje i handlingsrepertoaret til menn flest.

At nokre menn bruker vald også mot sine nærmaste, er eit alvorleg hinder for likestillinga og gjer at ikkje alle kvinner og barn kan kjenne seg trygge for overgrep i sin eigen heim.

At valden er kjønna, betyr ikkje at kvinner ikkje bruker vald, men at menn i større grad enn kvinner utøver vald.

Samtidig som det er vesentleg at valdsovergrep blir omtalte og overgriparen blir dømd og straffa, må samfunnet ta eit ansvar for at menn som gjer seg skuldige i overgrep, får hjelp til å endre eit valdeleg handlingsmønster. Like viktig er det at samfunnet tydeleg signaliserer nulltoleranse for all annan valdsbruk enn den statsapparatet er tillagd etter lova, og arbeider førebyggjande mot vald.

Som eit ledd i den nye handlingsplanen mot vald i nære relasjonar, «Vendepunkt», skal regjeringa utarbeide ein plan for å gjere hjelpe- og behandlingstilbodet til valdsutøvarar landsdekkjande. Kapitlet drøfter arbeidet som skal gjerast for å etablere dette landsdekkjande tilbodet.

8.2 Om menns vald

I all politimeld vald utgjer menn den største kategorien både som offer og utøvarar. Menn utgjer 88 % av alle som blir sikta for brotsverk mot liv, lekam og helse. 1 Når det gjeld drap, er utøvaren mann i over 90 % av tilfella. 2 I 2006 blei det meldt 33 drap. Samanlikna med tidlegare år var det få mannlege og over gjennomsnittleg mange kvinnelege offer. 2006 var uvanleg i og med at over 60 % av drapsofra var kvinner. 3 Den typiske gjerningspersonen er ein norsk mann i alderen 30–40 år som har ein nær relasjon til offeret. Ofte er rusmiddel med i biletet. Offeret er i godt over halvparten av tilfella ei norsk kvinne. Gjennomsnittleg har det vore registrert 38 drap i året på 2000-talet. På 1990-talet låg gjennomsnittet i underkant av 40.

Menn utgjer størstedelen av ofra for politimelde lovbrot, og i 2006 auka også talet på mannlege valdsoffer. Samanlikna med året før auka talet på personoffer for valdskriminalitet med 3 %, hovudsakleg som følgje av at det blei 5 % fleire mannlege offer. 4 Auken heng saman med at fleire har blitt offer for fysisk vald, mens relativt færre har vore utsette for truslar.

Ikkje all opplevd vald blir meld til politiet. Den siste levekårsundersøkinga tilseier at berre 15 % av alle tilfelle av vald og truslar blir politimelde. 5 Stort sett er det to faktorar som avgjer om ein valdsepisode blir meld: alvoret i episoden og relasjonen mellom offer og utøvar. Dess alvorlegare handlinga er, dess meir sannsynleg er det at valden blir meld til politiet. Og vald mellom ukjende blir oftare meld enn vald som blir utøvd i familien eller av folk som kjenner kvarandre. Levekårsundersøkinga i 2004 6 viser at kjønnsforskjellane blir utviska når faktisk valdsbruk og truslar om vald skal rapporterast. Omtrent 5 % av både kvinner og menn rapporterer å ha vore utsette dei siste tolv månadene. Undersøkinga viser at det å bli utsett for vald har ein klar samanheng med alder. Det er langt fleire valdsoffer blant dei aller yngste enn blant eldre, og det gjeld både kvinner og menn. Det er blant dei yngste mennene det er flest valdsoffer med fysiske skadar, men òg blant kvinnene er det dei yngste som har størst risiko for å bli valdsoffer med fysiske skadar. Det er altså omtrent like mange menn som kvinner som melder at dei har vore utsette for vald eller truslar om vald, og aldersfordelinga mellom kjønna er relativt lik. Samtidig er det tydelege kjønnsforskjellar når ofra beskriv kva dei er utsette for. Kvinner opplever i større grad å bli utsette for vald i nære relasjonar og på stader i nærmiljøet. Menn kjem i større grad ut for heilt eller delvis ukjende valdsutøvarar på offentleg stad på kveldstid og i helgane.

Vald er ingen eintydig kategori. Kva som blir oppfatta som vald, skifter mellom kulturar, samfunn og epokar. Det som blir kalla vald i éin epoke, har andre namn til andre tider. Og ikkje minst motsett: Det som i éin epoke ikkje blir oppfatta som vald, kan i andre epokar bli definert og omtalt som det. Dette blir tydeleg om vi går tilbake til 1950- og 1960-talet. Då var det ikkje uvanleg at vaksne slo barn. Korporleg straff i skulesamanheng blei forbode så tidleg som i 1936, men på 1950- og 1960-talet hadde foreldre enno rett til å slå barna sine. Heimelen for å refse barna låg i lov om innskrenking i bruk av lekamleg refsing av 20. juni 1891 nr. 1. Først i 1972 blei denne føresegna oppheva og fysisk straff forbode. Slåstkampar mellom gutar var ikkje uvanleg og blei heller ikkje kalla vald. Slåstkamp var slåstkamp, «gutar var gutar» og slåsting var forventa gutar imellom. I den før omtalte studien av Foldin verneskole på 1950- og 1960-talet går det tydeleg fram at gutar som vegrar seg mot å bruke vald, som ikkje tek ein slåstkamp når det trengst, og som prøver å skape seg ein plass i hierarkiet ved å smiske for dei større gutane, av dei tilsette blir stempla som blaute, ynkelege og feige. 7 Mishandling, både av kvinner og barn, var eit fenomen som på 1950- og 1960-talet blei oppfatta annleis enn det blir i dag. Kvinnemishandling og barnemishandling er omgrep som voks fram etter kvinnekampen på 1970-talet. 8 1950- og 1960-talet var fullt av det vi i dag definerer og forstår som vald, men omgrepet var sjeldan i bruk. Handlingane hadde andre namn på den tida.

Som sagt i innleiinga er dei aller færraste menn valdelege. I vår tid er vald rekna som ei uakseptabel løysing. Å slå barn blir sett på som eit heilt uakseptabelt middel i barneoppsedinga. Det same gjeld alle former for vald i parforhold og nære relasjonar. Slåsting i skulegarden er ikkje lenger ein del av den forventa åtferda gutar imellom, men blir definert som vald. Gutar i vår tid blir som regel ikkje oppfordra til å «slå tilbake» og bruke vald som konfliktløysingsstrategi. Samtidig er det enno slik at det å vere feig og svak (både fysisk og moralsk) for mange står som det fremste kjenneteiknet på det umandige, 9 og dette pregar til dels forventningane til gutar også i dag. Ein skal ikkje vere for tøff, men ein må heller ikkje vere «umandig». Det som kan assosierast med feigskap, veikskap og mangel på sjølvkontroll, står framleis lågt i kurs.

Samtidig som samfunnet fordømmer vald, blir valden dyrka i dei ulike massemedia. Paradoksalt nok blir valden der ofte tiljubla. Når den godhjarta helten etter seriar med krenkingar og overgrep mirakuløst reiser seg og slår tilbake, knuser overmakta med velretta spark, kastar skurkane til haiane, skjer halsen over på dei, sprengjer dei i filler og fyller dei med bly, er det mange som frydar seg over slik rettkommen vald. Valden blir hylla som eit ideal og assosiert med styrke, mot og kraft. Og manndom. Valdsutøvarane blir heltar, personar ein gjerne skulle vere. Den valdelege heltemannen blir sett opp til, og i nyare tid gjeld det same for den valdelege heltekvinna. 10

Fleire påpeiker ein ambivalens til vald i Noreg. Vald er negativt og skal motarbeidast. Samtidig finn ein stort tilbod om underhaldningsvald.

Sjølv med atterhald om underrapportering tyder ikkje tal på at vald utgjer noko dominerande trekk ved kvardagslivet til det norske gjennomsnittsparet. Andre undersøkingar viser at kvinner oftare enn menn rapporterar å ha vore utsett for vald i nære relasjonar. Når det gjeld vald utanfor heimen, er menn ifølgje likestillingsgranskinga meir involverte både som offer og utøvarar. Samtidig viser granskinga på same måten som ei rekkje andre norske studiar, 11 at alder spelar ei viktig rolle. Det er i hovudsak blant dei yngste mennene vi finn dei høge tala. Etter fylte 50 år er det dramatisk færre menn som blir involverte i vald ute, og tala for menn og kvinner nærmar seg kvarandre. 12

Ein treng å nyansere koplinga mellom kjønn og makt for å få menn flest til å ta avstand frå vald.

Nedanfor drøftest ulike sider ved valden for å kunne nærme oss dei likestillingsmessige utfordringane samfunnet står overfor. Det er nødvendig å sjå og forstå valden som ein del av maskuliniteten for å kunne få i stand endringar.

8.3 Ulike former for vald

Kva som blir oppfatta som vald, endrar seg som nemnt over tid og i takt med endringar i samfunnet. Men sjølv i ein gitt tidsepoke er ikkje vald nokon eintydig kategori. Vald kan definerast som

«enhver handling rettet mot en annen person, som gjennom at denne handlingen skader, smerter, skremmer eller krenker, får denne personen til å gjøre noe mot sin vilje, eller slutte å gjøre noe den vil.» 13

Samtidig er det slik at vald som kjem inn under straffelova kapittel 22 om liv, lekam og helse, rommar svært ulike sosiale fenomen, sjølv om alle har det til felles at vald er utøvd. Vald mellom ukjende ute på gata er eit anna fenomen enn vald i nære relasjonar, og dei ulike fenomena må forståast i ulike perspektiv. 14 Samanhengen mellom maskulinitet og vald varierer òg mellom dei ulike fenomena.

8.3.1 Vald på offentleg stad

Som vist ovanfor utgjer menn størstedelen av alle offer for politimelde valdslovbrot. Kor stor prosentdel menn som er offer, varierer med type lovbrot. Ut frå hovudlovbrotet er det større kjønnsforskjell i førekomsten av lekamsskading (84 % menn) enn i dei mindre grove lekamskrenkingane (63 % menn) og truslane (55 % menn). 15 Kvinner er på den andre sida sterkt overrepresenterte blant ofra for seksualbrotsverk (88 % kvinner) og mishandling i familieforhold (85 % kvinner), og dette er tema som drøftast nærare nedanfor. Her er det fokusert på vald som skjer på offentleg stad.

Menn kjem i større grad ut for heilt eller delvis ukjende valdsutøvarar på offentlege stader på kveldstid og i helgane. Levekårsundersøkingane viser at 57 % av alle valdstilfelle mot menn skjedde på offentleg stad. 16 Ein del valdsepisodar skjer i tilknyting til uteliv, og her er dei yngste ofra, spesielt unge menn, sterkt overrepresenterte. På desse arenaene og tidspunkta er det å forvente at mange er påverka av alkohol eller andre rusmiddel, og som i dei tidlegare undersøkingane går det fram at gjerningspersonen er påverka i svært mange valdstilfelle. Heile 62 % av gjerningspersonane som utøvde vald mot menn, var påverka av alkohol, viser levekårsundersøkinga.

Risikoen for å bli utsett for vald og truslar heng òg saman med alkoholpåverknad hos offeret. I ei omfangsundersøking av valdsrisikoen hos Oslo-befolkninga 17 fann forskarane at personar som ofte drakk seg rusa, var langt meir utsette for både truslar og vald. Dei fann òg ein samanheng med besøksfrekvens på skjenkjestader, særleg hos menn.

Svært mykje av valden som blir meld til politiet, er vald som unge menn utøver mot og blir utsette for frå andre menn på utelivsarenaen på kveldstid eller i helgane. Politimeistrane i Oslo, Bergen og Trondheim har i 2007 påpeikt at altfor store ressursar i desse byane går med til å halde orden i seine nattetimar med mykje fyllebråk og slåsting.

I del 7.7.1 nemnast at unge gutar kan bruke kriminalitet og vald som ressurs for å se seg sjølv som maskuline. Omtalen gjeld gutar med eit meir omfattande maskulinitetsprosjekt, omtalt som cowboy-maskulinitet, der kriminalitet og vald inngår. Unge gutar og menn utan slike oppfatningar kan imidlertid nytta vald, ikkje minst i situasjonar der dei kjenner seg trua som menn.

Valden kan altså forståast som eit uttrykk for eit maskulinitetsprosjekt. Det kan skiljast mellom tabubelagd og annan vald, skriv Isdal. 18 Den tabubelagde valden er vald som samfunnet fordømmer som forkasteleg: vald mot kvinner og barn eller mot ein som er klart mindre og svakare enn utøvaren. Vald som ikkje er tabubelagd, blir lettare uproblematisk i den forstand at utøvaren ikkje treng å sjå noko gale i det han har gjort. Nokre gonger kan handlinga snarare få utøvaren til å kjenne seg stolt, modig og sterk og gi ei god kjensle av å ha vunne, skriv Isdal.

Vald mellom menn byggjer opp under biletet av ein aggressiv, uredd mannleg identitet. Når menn skal fortelje om denne valden, blir gjerne valdshendingane skildra i detalj. Vald mellom menn kan i visse samanhenger gi godkjenning og respekt, same kven som vinn kampen. 19 Å svare på provokasjon med vald og ikkje rygge ut av konfliktsituasjonar kan for mange, særleg unge menn, demonstrere at ein er ein mann som ikkje er feig og vik unna, men ein mann som toler og tør å både gi og få juling.

Ei oppsamling av fulle, trøytte unge menn ute på byen i seine nattetimar aukar sjansen for at utsegner og kroppsspråk blir oppfatta som provoserande, og desto lågare blir kan hende terskelen for enkelte for å demonstrere ein uredd mannsidentitet.

8.3.2 Vald i nære relasjonar og partnarvald

I ei undersøking av kor sterkt utsett Oslo-befolkninga er for truslar, vald og seksuelle overgrep, 20 sa omtrent like mange menn som kvinner at dei var blitt utsette for partnarvald siste året, men få (2–3 %) var blitt påførte grov og/eller høgfrekvent vald. I eit livsløpsperspektiv seier langt fleire kvinner (12 %) enn menn (3 %) i undersøkinga at dei har vore utsette for grove former for fysisk vald frå ein partnar eller tidlegare partnar.

I mai 2005 presenterte Norsk Institutt for By- og Regionforsking rapporten «Vold i parforhold – ulike perspektiver». Det er den første landsdekkjande undersøkinga i Noreg som kartlegg omfanget av vald i parforhold. Dei to hovuddelane av rapporten tek føre seg maktbruk og vald blant ektefellar og sambuarar og vald mot kvinner. Eitt av funna i undersøkinga er at bruk av fysisk makt og vald i parforhold har eit betydeleg omfang om ein ser det i eit livslangt perspektiv. Etter fylde 15 år har meir enn fjerdekvar kvinne og meir enn femtekvar mann opplevd at ektefelle eller sambuar minst éin gong har brukt fysisk makt eller trua med vald. 21 Når det gjeld handlingar med stort skadepotensial (partnaren har teke kvelartak, brukt våpen, banka hovudet til offeret mot golv eller gjenstand), er det derimot store forskjellar mellom kvinner og menn. Langt fleire kvinner enn menn har opplevd dette. I underkant av 10 % av kvinnene og vel 2 % av mennene har opplevd slik alvorleg vald frå ein partnar ein eller annan gong i livet.

I overkant av 5 % av både kvinner og menn har vore utsette for fysisk makt og vald minst éin gong det siste kalenderåret. Tabell 8.1 visar truslar og ulike former for maktbruk utøvd av partnar. 22

Tabell 8.1 Erfaringar med truslar og ulike former for maktbruk utøvd av partnar

Partnaren har: Kvinner Menn Kvinner Menn
Siste år Siste år Tidlegare Tidlegare
Trua deg med vald 1,6 0,7 11,5 2,8
Hindra deg i å bevege deg fritt 2,9 1,7 17,5 5,6
Slått deg med flat hand 1,9 3,0 11,8 13,1
Kasta ein hard gjenstand mot deg 1,3 1,8 6,3 8,8
Slått med knytt hand eller gjenstand, sparka 0,9 1,7 8,3 5,3
Teke kvelartak, forsøkt å kvele deg 0,5 0,3 5,6 0,8
Brukt kniv eller anna våpen mot deg 0,1 0,2 2,3 1,5
Banka hovudet ditt mot golv eller gjenstand 0,6 0,2 4,8 0,4
Prøvd å tvinge deg til å ha sex 1,0 0,5 9,0 1,0
Opptredd valdeleg på annan måte 2,5 1,6 15,6 6,7
Minst éi av desse formene 5,7 5,6 27,1 21,8

Mellom 0,1 % og 3,0 % av informantane seier at dei har vore utsette for ei av dei ulike formene for maktbruk frå noverande eller tidlegare partnar i løpet av siste året. Lågast førekomst har bruk av kniv eller anna våpen, som 0,1 % av kvinnene og 0,2 % av mennene seier dei har vore utsette for. Blant menn er slag med flat hand den oftast opplevde forma for maktbruk, mens det å bli hindra i å bevege seg fritt er den forma flest kvinner rapporterer. Ser vi på dei tre kategoriane med stort skadepotensial (partnaren har teke kvelartak, brukt våpen eller banka hovudet til offeret mot golv eller gjenstand), har ei av 10 kvinner og ein av 40 menn vore utsette for dette siste året. Om ein ser på rapportert tidlegare maktbruk er tala der menn gjer overgrep mot kvinner gjennomgåande klart dei største. Unnataket er slag med flat hand og kasting av hard gjenstand.

Vald i nære relasjonar er eit alvorleg samfunnsproblem, og i utgreiinga frå Kvinnevaldsutvalet 23 er omgrepet menns vald mot kvinner og barn i nære relasjonar lagt til grunn for å synleggjere at det primært er menn som utøver vald, og kvinner og barn som blir ramma. Omgrepet vald i nære relasjonar er såleis nært knytt til det som på 1970- og 1980-talet blei omtalt som kvinnemishandling .

Nyare forsking framhevar at partnarvald ikkje er eit eintydig fenomen, men handlar om distinkt forskjellige valdsformer. 24 Partnarvald er ei fellesnemning for heilt ulike former for vald. Eit hovudskilje går mellom det som blir omtalt som patriarkalsk terrorisme , som vi heretter kallar grov, gjenteke vald , og det som blir omtalt som episodisk partnarvald, heretter kalt vald som hender ei gong i blant. Den førstnemnde valdsforma ligg tett opp til det som vanlegvis er omtalt som kvinnemishandling, og dreier seg både om fysisk brutalitet, psykisk terror, systematisk undertrykking, fornedring og maktmisbruk. I all hovudsak er det kvinner det går ut over. Episodisk partnarvald har derimot ingen klar kjønnsprofil og inngår heller ikkje som ingrediens i meir omfattande undertrykkingsregime. Valdsepisodane er som regel ikkje grove og opptrer relativt sjeldan. I første rekke synest dei å handle om sviktande kommunikasjon og dårleg konflikthandtering. 25

Den mest utbreidde valden i nære relasjonar er vald som hender ei eller nokre gongar. Begge partar slår, valden oppstår i samband med konfliktar og kranglar, og det er mest blant yngre par det skjer. I aldersgruppa 20–24 år har tre gonger så mange kvinner som i gruppa 50–54 år vore utsette for maktbruk frå partnaren siste året. Blant menn er fem gonger så mange ramma i dei to yngste aldersgruppene som i dei eldste. 26

Sjølv om denne typen vald i nære relasjonar er mindre grov enn den systematiske mishandlinga, må han ikkje bagatelliserast. Førekomsten tilseier at dette er eit stort problem som sjølvsagt kan opplevast som både krenkjande og vondt av dei som er ramma, understrekar forskarane bak dei to norske omfangsundersøkingane. 27

I motsetning til systematisk mishandling er vald som hender ei eller nokre gongar svært lite utforska, og temaet er i liten grad diskutert i faglitteraturen. Mekanismane bak vald som hender ei eller nokre gongar i parforhold er såleis lite kjende. Koplinga mellom kjønn, makt og vald er langt mindre tydeleg når valden er sporadisk, enn når han er grov og gjenteken. 28

I begge dei nemnde studiane av omfanget av partnarvald i Noreg som no ligg føre, går det fram at vald som hender ei eller nokre gongar er langt meir utbreidd enn gjentekne overgrep. Det er viktig at forskingsfunn om utbreiinga av partnarvald ikkje blir tekne for å dreie seg om utbreiinga av kvinnemishandling. Forskarane bak desse to studiane understrekar at kvinnemishandling er eit alvorleg nok problem som det er, om ein ikkje skal overdrive omfanget. Her påpeiker forfattarane at gjentekne overgrep førekjem i alle land, òg i Noreg, der om lag 2000 kvinner overnattar på krisesentra årleg. Men trass i påstandar som ofte blir framsette, er det lite som tyder på at ein stor del av den kvinnelege befolkninga her til lands lever i eit mishandlingsforhold. Det finst heller ikkje haldepunkt for å seie at denne typen vald aukar i omfang. Tvert om ser det ut til at førekomsten har vore stabil i lang tid. Talet på kvinner som overnattar på krisesentra, har til dømes ikkje variert nemneverdig dei siste 20 åra. 29

Resultata frå den landsomfattande undersøkinga til NIBR konkluderer med at vald mot kvinner i nære relasjonar er eit stort folkehelseproblem. Kvinner som rapporterte vald frå partnaren, opplevde oftare sjølvmordstankar, depresjon, angst og posttraumatiske stressymptom enn andre kvinner. Resultata i denne undersøkinga viser at vald mot kvinner i nære relasjonar kan føre til omfattande helseskadar, men at mange framleis ikkje kontaktar hjelpeapparatet, sjølv ikkje etter fysiske skadar. 30

Ein annan viktig part er barna som blir vitne til vald i nære relasjonar, både episodisk og systematisk vald. Kunnskapen om dei store belastningane barn blir utsette for når dei blir eksponerte for vald i familien, blei framheva i handlingsplanen mot vald i nære relasjonar. 31 Fleire tiltak, mellom anna kompetanseheving i barnevernets fagteam og det treårige nasjonale prosjektet «Barn som lever med vold i familien», er døme på det. For ytterlegare å understreke at barn blir utsette for overgrep når dei blir vitne til vald, er valdsoffererstatningslova endra frå 1.1. 2008 slik at barn som har vore vitne til vald av og mot nærståande person(ar), no får rett til valdsoffererstatning.

8.3.2.1 Kven rammar kvinnemishandling?

I forsking med eit kjønnsperspektiv på vald kan vald utøvd av menn forståast i samanheng med ein hierarkisk maktstruktur i samfunnet der menn er overordna kvinner (patriarkalsk struktur). Denne samfunnsordenen gjer til at somme menn etablerer og bevarer ein dominerande posisjon overfor kvinna dei lever saman med, ved å bruke ulike former for makt og kontroll. Mannleg dominans eller makt kjem då til uttrykk gjennom vald og overgrep, også seksuelle overgrep. Også gjennom kontrollerande åtferd utøver mannen dominans over kvinna. Eit kjønnsperspektiv på vald handlar med andre ord om koplinga mellom kjønn, makt, kontroll og seksualitet. 32

Mishandlingsrelasjonar er ikkje likestilte. Dei er leivningar frå ei føydal tid då mannen eigde familien og hadde moralsk og juridisk rett til å gjere som han ville med den. Menneskerettane gjeld òg for kvinner og barn. Alle har rett til å vere trygge, òg privat.

Eit anna viktig poeng som kjem fram i begge undersøkingane, er at valden ikkje ser ut til å ramme blindt i sosial forstand. Ingen sjikt av befolkninga går fri, men problemet er langt meir utbreidd blant personar med svake levekår. Oslo-undersøkinga viser at valden er langt meir utbreidd blant vanskelegstilte grupper som arbeidsledige, sosialhjelpsmottakarar, uføretrygda og andre med dårlege økonomiske levekår. 33 Tilsvarande funn kjem fram i den landsomfattande undersøkinga: Maktbruk i parforhold er meir utbreidd blant kvinner og menn med ulike former for levekårproblem. Blant kvinner og menn som fekk sosialhjelp siste året, eller som seier å ha mykje dårlegare råd enn folk flest, er prosentvis over dobbelt så mange kvinner utsette for maktbruk frå mannleg partnar siste året som i resten av utvalet. Også i gruppene som fekk trygdeytingar eller hadde vore arbeidslause i siste treårsperioden, er vesentleg fleire kvinner utsette for maktbruk frå mannleg partnar enn i utvalet elles. 34

Ser vi på dei som oppsøkjer krisesentra, viser det seg at talet på personar er relativt stabilt, mens gruppene blant kvinner som oppsøkjer sentra, endrar seg. Tal frå 2006 viser at det er ein klar auke i talet på kvinner med innvandrarbakgrunn som oppsøkjer krisesentra, og av desse har omtrent 90 % bakgrunn frå ikkje-vestlege land. 35 Nesten ein tredjedel av kvinnene er gifte med norske menn utan innvandrarbakgrunn.

I samfunnsdebatten om personar med etnnisk minoritetsbakgrunn er det ein tendens til at kultur blir brukt som forklaring på vald, og i NOU 2003:31«Retten til et liv uten vold» blir det åtvara mot dette. På ein konferanse arrangert av Kvinnevaldsutvalet i samarbeid med minoritetsrepresentantar frå Kontaktutvalet mellom innvandrarar og styresmaktene (KIM) blei det uttrykt bekymring over tendensen til å «etnifisere» vald. Det blei påpeikt at ei slik tilnærming kan falle saman med rasistiske mønster, og at ein kan komme i skade for å oversjå dei mange fellestrekka vald mot kvinner har på tvers av sosial, kulturell og religiøs tilknyting. Eit slikt fokus på bestemte grupper kan òg medføre at ein slepp å sjå ubehagelege sider ved eigen kultur, samtidig som det forsterkar marginaliseringa av minoritetar. Eit felles arbeid for å komme alle former for vald mot kvinner og barn i nære relasjonar til livs, også dei som gjer seg gjeldande blant minoritetar, blei understreka som viktig. Det blei teke til orde for at dette må skje utan stigmatisering. 36

Dette er viktige påpeikingar, men dei må sjåast i lys av det som tidlegare er referert frå Arnlaug Leira om kvifor menn nytter vald mot partnaren. Samtidig kan det vere grunn til å sjå nærmare på kor vidt det kan vere slik at enkelte grupper menn i det norske samfunnet i større grad enn andre er prega av den antikke og føydale kjønnskoden med maskulin dominans og kvinneundertrykking. Dette vil i så fall ikkje berre gjelde undergrupper av innvandrarmenn, men like mykje delar av gruppa etnisk norske menn som gifter seg med kvinner med ikkje-vestleg opphav og delar av gruppa etnisk norske menn som gifter seg med kvinner med etnisk norsk bakgrunn.

8.3.2.2 Kvifor blir valden utøvd?

Systematisk mishandling er det i all hovudsak menn som står bak. I den konteksten er koplinga mellom kjønn, makt og vald tydeleg. Valden er voven inn i eit maskulint kontrollregime som held den kvinnelege parten fast i ein underordna posisjon. Føresetnaden for mannsregimet er at mannen er fysisk overlegen. Når kvinner bruker vald mot ein valdeleg og kontrollerande mannleg partnar, er det rimeleg å sjå på valden som sjølvforsvar, og slik vald har som regel langt mindre alvorlege konsekvensar. 37

Tidlegare er det vist til at menns vald mot andre menn kan vere ledd i eit identitetsprosjekt som går ut på å stadfeste seg sjølv som den tøffe, uredde mannen. Menns vald mot kvinner, derimot, er ikkje ein type handling som gir positiv utteljing for den maskuline identiteten. Å «slå dei som er mindre enn seg» er snarare rekna som feigt og umandig. Menn som utøver systematisk vald mot den kvinnelege partnaren sin, ser ut til å skape ei anna form for mannsidentitet, nemleg den dominerande mannen.

Eit mannleg identitetsprosjekt som vald mot kvinner kan tene til, er å stadfeste kvinna som underordna mannen i familien. Menn fortel om vald mot kvinner på ein annan måte enn dei fortel om vald mot andre menn. I forteljingar om kvinnemishandling blir ofte sjølve valdshendingane nedtona, og ein alvorleg mishandlingsepisode kan til dømes bli forklart med at «det sprakk» for han. 38 Vald mot kvinner er ein type handling som ikkje gir positiv utteljing med omsyn til maskulin identitet. Derfor må sjølve handlinga nedtonast. Det maskuline prosjektet er her retta mot konsekvensane av valden, ikkje mot valdshandlingane i seg sjølve. Det desse mennene oppnår med valdshandlingane, er å få viljen sin igjennom og å stadfeste ein posisjon som overordna kvinna i samlivet. 39

At ein del menn uttrykkjer dominans gjennom vald mot kvinner, er ein regel som gjeld heile samfunnet, påpeiker Holter. 40 Men samanhengane mellom kjønn, makt og vald er ikkje enkle. Det er ikkje nødvendigvis «patriarkane», mennene med makt, eller dei «harde» mennene som slår. Valden er rett nok eit uttrykk for eit samfunnsforhold, nemleg at menn er overordna og kvinner underordna, men ofte er det dei relativt makteslause mennene som tyr til vald. Det er velkjent frå studiar av maktsystem at det ikkje er blant dei mektige, men blant dei makteslause at makta viser seg frå si verste side.

Isolert blir vald ofte knytt til omgrepet ære . Dette må truleg tolkast ut frå dei nemnde førestellingane nokre menn har om å vere overordna og ha rett til å dominere, ikkje som eit eige kulturelt akseptabelt grunnlag for å bruke vald.

8.3.2.3 Arbeid mot menns vald mot kvinner i nære relasjonar

Regjeringa har arbeidd på ulike måtar for å motverke denne valden – sjå boks 8.1–8.3.

Boks 8.1 Handlingsplan mot vold i nære relasjoner (2008-2011) «Vendepunkt»

I november 2007 vart Handlingsplan mot vold i nære relasjoner (2008-2011) «Vendepunkt» lansert. Planen inneheld 50 konkrete tiltak under følgjande hovudinnsatsområder:

  • Ofre for vald i nære relasjonar skal sikrast naudsynt hjelp og vern.

  • Valdsspiralen skal brytast ved å styrka tilbodet om behandling til valdsutøvarar.

  • Ofre for vald i nære relasjonar skal få eit tilbod om tilrettelagte samtalar med valdsutøvar (restorative justice).

  • Samarbeidskompetansen og kunnskapen i hjelpeapparatet skal styrkjast.

  • Forskning og utviklingsarbeid skal setjast i verk og førast vidare.

  • Vald i nære relasjonar skal gjerast meir synleg.

  • Vald i nære relasjonar skal førebyggjast gjennom å endre haldningar.

Justis- og politidepartementet har det koordinerande ansvaret for gjennomføringa av handlingsplanen. Gjennomføringa skjer i samarbeid med Barne- og likstillingsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet. Ein oversikt over status for arbeidet med handlingsplanen finst på Justis- og politidepartementet sine heimesider.

Boks 8.2 Valdtektsutvalets utgreiing

Seksuelle overgrep høyrer til dei mest krenkjande og traumatiserande lovbrota eit menneske kan bli utsett for og representerer ei særleg utfordring både for rettsapparatet og helsetenesta. Det er urovekkjande at så få saker blir melde og endar med fellande dom. Det er dessutan urovekkjande at helsetenestetilbodet til valdtekne er varierande med omsyn til kvalitet, innhald og organisering av tenesta rundt om i landet. Ifølgje tal frå politiet er det meldt 9,6 % fleire valdtekter i 2007 enn i 2006, og 28,6 % fleire i 2007 enn i 2003. I 2007 blei det meldt 1014 valdtekter og valdtektsforsøk (STRASAK 2007).

1. september 2006 sette Justisdepartementet ned eit utval som skal utgreie situasjonen for personar som har vore utsette for valdtekt (Valdtektsutvalet). Arbeidet tok utgangspunkt i Soria Moria-erklæringa, der regjeringa set seg som mål å styrkje situasjonen for valdtektsutsette. Utvalet har mellom anna vurdert førebyggjande tiltak og tiltak for å bidra til at ofra blir møtte av offentlege instansar på ein betre og meir samordna måte. Utvalet leverte si innstilling 24. januar 2008 og har mellom anna foreslått desse tiltaka:

  • Etablere ei ny sentral, landsdekkjande spesialeining i politiet med ansvar for seksualisert vald (SEPOL). Utvalet foreslår at eininga skal vere operativ 24 timar i døgnet i nært samarbeid med politidistrikta. I tillegg til å kvalitetssikre enkeltsaker skal SEPOL sikre nødvendige rutinar for informasjonsutveksling, saksbehandling og analyse.

  • Utvide rådgivingskontora for kriminalitetsoffer (RKK) til ein landsdekkjande støttefunksjon for valdtektsoffer. Kontora bør òg utvidast med støttefunksjonar for å vareta behova til valdtekne med spesielle behov.

  • Opprette SO-team i kvart politidistrikt med minst ein taktisk og ein teknisk etterforskar og ein jurist med utdanning og kompetanse innanfor seksuelle overgrep. Eit SO-team er sett saman av fagpersonar med spesialkompetanse på saksfeltet seksuelle overgrep.

  • Heve kompetansen i rettsapparatet, på overgrepsmottaka, i lærarutdanninga og helse- og sosialutdanninga med meir.

  • Innføre gratis helsehjelp ved overgrepsmottak.

  • Innføre gratis oppfølging hos psykolog eller psykiater ut over akutthjelp i eitt år frå behandlinga startar, uavhengig av om hjelp blir ytt av spesialist med eller utan avtale med det offentlege.

  • Gi høve til å få saksdokumenta omsette og reise og opphald dekt i samband med ei eventuell rettssak når valdtekta skjer i utlandet.

  • Innføre obligatorisk opptak av avhøyr i valdtektssaker, også avhøyr av den fornærma.

  • Setje i verk forsking for å kartleggje omfanget av valdtekt og forske på unge som forgrip seg, og på sedskapsdømde generelt.

  • Opprette ein nettportal for informasjon om valdtekt og kontakt med politiet og hjelpeapparatet.

  • Utvalet opnar for at det kan setjast i gang eit prøveprosjekt med tilrettelagd samtale mellom offer og gjerningsmann.

Boks 8.3

Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) blei etablert 1. januar 2004. Fem departement – Barne- og likestillingsdepartementet, Justisdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Forsvarsdepartementet – står bak opprettinga av senteret. Målet er å samle og styrkje kompetanse om vald, familievald og seksuelle overgrep, flyktninghelse og tvungen migrasjon, stressmeistring og kollektive belastningssituasjonar. Oppgåvene til senteret er forsking, utviklingsarbeid, utdanning, rettleiing og rådgiving. Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress har ei sentral rolle i gjennomføringa av tiltak i regjeringa sin handlingsplan om vald i nære relasjonar (2008–2011). Det er òg etablert fem regionale ressurssenter på valds- og traumefeltet. Sentra skal støtte tenesteapparatet med informasjon, rettleiing og kompetanseutvikling og etablere nettverk mellom alle relevante samarbeidspartar i regionen. Tiltak for seksuelt misbrukte barn, psykososialt arbeid for flyktningar og sjølvmordsførebyggjande arbeid inngår i sentra.

8.4 Menn som offer for vald og seksuelle overgrep

Gutar og menn som offer for vald i nære relasjonar og seksuelle overgrep blir i liten grad tematisert i den offentlege debatten. Søkjelyset er i langt større grad retta mot kvinner, sidan det er dei som utgjer fleirtalet av overgrepsofra.

Den alvorlege og gjentekne valden i nære relasjonar som er omtalt ovanfor, har vore kalla patriarkalske overgrep og er i all hovudsak kjenneteikna av at det er menn som er utøvarar og kvinner som er offer. Denne valden dreier seg både om fysisk brutalitet og psykisk terror, og om systematisk undertrykking, fornedring og maktmisbruk. Også seksuelle overgrep og valdtekt rammar fleire kvinner enn menn, og også her er dei fleste utøvarane menn. Sjølv om fleire kvinner enn menn blir utsette for alvorleg og gjenteken vald i nære relasjonar og for seksuelle overgrep og valdtekt, blir også menn ramma av slike overgrep. Dei blir òg offer for vald på offentleg stad, som vist ovanfor. Heller ikkje desse offeropplevingane blir tematiserte i særleg grad.

8.4.1 Det problematiske offeromgrepet

Å sjå på seg sjølv og bli sett på som offer er ei sak med to sider. Å bli sett på som offer fritek for skuld. Dette var eit viktig element for kvinnerørsla i arbeidet med å synleggjere den private valden på 1970-talet. Da slost kvinnerørsla for at kvinner skulle ha rett til å bli sett som offer og ikkje som infame og provoserande kjerringar eller flørtande jenter som dreiv mannen til vald eller overgrep. I staden for å sjå på valden som eit samspel mellom to partar, fekk kvinnerørsla fram at dette handla om overgrep og at det var snakk om ein relasjon mellom ein gjerningsmann og eit offer.

Samtidig er offerrolla belastande. 41 Eit offer blir sett på som passivt, hjelpelaust og stakkarsleg, og negative assosiasjonar som ufri, øydelagd, tapar og utrygg hefter ved ordet. Offerstatusen kan altså vere nyttig, men retten til å vere offer er ikkje uproblematisk. Det blir sagt at det finst få rettar utan plikter, og retten til å vere offer inneber ei plikt til å vere stakkarsleg og svak og eit passivt objekt. 42

Å bli sett på som eit passivt objekt er rekna som svært problematisk, og derfor er offeromgrepet blitt problematisk i eit feministisk perspektiv. Ein studie av informantar frå Krisesentersekretariatet viser at informantane er kritiske til å snakke om valdsutsette kvinner som «offer». 43

Mange kvinner tek altså avstand frå offeromgrepet. For menn blir det ikkje mindre problematisk. Omgrepet er feminint assosiert, og alle dei negative assosiasjonane står i kontrast til biletet av ein «skikkeleg mann». I ein studie av valdtekne menn 44 kjem det fram at dei følte skuld og skam etter overgrepet og heldt det skjult for omverda.

Det er problematisk for menn å bli utsette for overgrep frå andre menn. Og dersom mannen er offer for overgrep frå ei kvinne, blir ikkje situasjonen betre. Ein mann som blir slått og trakassert av ei kvinne kan lett bli oppfatta som ein latterleg figur, og det blir problematisk for han å stå fram som offer i ein slik situasjon. Å vere offer blir ein altfor sterk kontrast til forventninga om å verke mannleg. Å vere offer er å bli krenkt og miste verdigheit. For menn inneber ein slik situasjon også tap av manndom.

8.4.2 Offer for vald i nære relasjonar

Rapporteringa frå krisesentra i 2007 45 viser at fire menn overnatta på krisesentra det året. At så få menn overnatta, heng saman med at krisesentra primært skal vere eit tilbod til mishandla kvinner. Dei fleste sentra held fast ved kvinner og barna deira som målgruppe og tek ikkje imot menn til overnatting.

Ved krisesentra kan brukarane òg få møte til samtalar og få råd og rettleiing. I 2007 utgjorde menn 5 % av alle dagbrukarane, og desse i alt 95 mennene var på 45 dagbesøk på 24 av dei 51 krisesentra som tok imot dagbesøkjande. 46

Som nemnt i avsnitt 8.3.2 viser omfangsundersøkingane, 47 når ein ser partnarvald under eitt, at omtrent like mange menn som kvinner seier å ha vore utsette for slik vald det siste året. Den landsdekkjande undersøkinga 48 viser at i overkant av 5 % av både kvinner og menn minst éin gong har opplevd fysisk makt og vald frå partnaren det siste kalenderåret. Ser vi på kategoriane med stort skadepotensial (kvelartak, bruk av våpen, hovudet dunka mot golv eller gjenstand), har 8,4 % kvinner (1 av 10) og 2,2 % (1 av 40) menn vore utsette for dette. I ein rapport frå Reform – «Menn utsatt for vold i nære relasjoner« 49 – blir det slått fast at kanskje så mange som 300 menn årleg har eit potensielt behov for hjelp eller bistand etter å ha vore utsette for vald i nære relasjonar. Reform blir kontakta både på dagtid og kveldstid, mellom anna via Mannstelefonen, og på bakgrunn av denne kontakten veit ein litt om behova til desse mennene. Av rapporten går det fram

  • at den psykososiale situasjonen er slåande lik den som blir skildra av kvinner som er utsette for partnarvald

  • at mange er på leiting etter ein stad dei kan få hjelp

  • at fleire blir buande hos valdsutøvaren i mangel av butilbod som tek imot menn som er utsette for vald i nære relasjonar

  • at den utsette viser ein påtakeleg redsel for ikkje å bli trudd

  • at terskelen for å søkje hjelp er så høg at pårørande som oftast tek kontakt først

Reform slår fast at om gutar og menn skal få høve til å søkje hjelp for situasjonen dei er komne i, må eit spesifikt tilbod til denne gruppa både etablerast og gjerast kjent, samtidig som det må arbeidast for å fjerne tabua som knyter seg til denne typen vald. I rapporten heiter det:

«Menn og gutter utsatt for vold i nære relasjoner synes å ha en påtakelig redsel for ikke å bli trodd og en høy terskel for å søke hjelp. Gruppen synes å ha behov for at deres problem får større samfunnsmessig aksept, og at tabuet motarbeides. Slik kan deres terskel for å søke hjelp bli lavere. Det er både behov for en utvikling av en samfunnsmessig forståelse og utvikling av et eksisterende språk for at alvorlig vold i parforhold eller i familierelasjoner kan ramme gutter og menn, og at de kan trenge hjelp.»

8.4.3 Offer for seksuelle overgrep

Gutar og menn blir òg utsette for seksuelle overgrep og valdtekt. I ei undersøking blant elevar i avgangsklassar ved vidaregåande skular melde 22 % av jentene og 8 % av gutane at dei hadde vore utsette for eit mildt seksuelt overgrep. 50 Milde krenkingar omfattar uønskte seksuelle hendingar som mellom anna tukling. Meir alvorlege krenkingar var alle andre former for uønskt sex, medrekna valdtekt og valdtektsforsøk. Slike alvorlege krenkingar melde 15 % av jentene at dei hadde opplevd, mens det tilsvarande talet for gutane var 7 %. Av jentene rapporterte 9 % om erfaringar med valdtekt eller valdtektsforsøk. Under 1 % av gutane rapporterte om slike hendingar.

Undersøkinga viser at erfaringar med seksuelle overgrep gav auka risiko for sjølvdestruktiv åtferd som sjølvmordsforsøk, sjølvskading og eteforstyrringar, utagerande åtferd, problem knytte til seksualitet i form av tidleg seksuell debut, sex mot betaling og det å tvinge andre til å ha sex (gjaldt berre grove seksuelle overgrep). I tillegg auka risikoen for psykiske problem i form av dårleg sjølvbilete (gjaldt berre grove seksuelle overgrep), angst, depresjon og dissosiasjon.

Eit overraskande funn i denne undersøkinga er at mange gutar rapporterte at dei hadde vore utsette for overgrep frå ei kvinne. Dette gjaldt halvparten av gutane som svarte at dei var blitt utsette for ei uønskt seksuell handling.

Tal frå Senteret for seksuelt misbrukte menn viser at meir enn ein fjerdepart av mennene som oppsøkjer senteret, melder at overgriparen er ei kvinne. I 2006 gjaldt dette 26,5 % av mennene.

Ingen tidlegare nasjonale eller kjende internasjonale studiar har vist ein så høg prosentdel gutar og menn som melder ein kvinneleg overgripar. Forskjellen kan komme av ulikskapar i dei undersøkte utvala og undersøkingsopplegga. Men forskjellen kan òg spegle endringar over tid i biletet av overgripar og offer. Forskjellen kan vere uttrykk for at fleire kvinner er overgriparar overfor menn no enn tidlegare. Ei anna mogleg forklaring er at menn har fått ein lågare terskel når dei rapporterer om slike forhold, og altså i større grad enn for nokre år sidan opplever og rapporterer slike hendingar som overgrep.

At fleire gutar rapporterer uønskte seksuelle hendingar, kan òg vere uttrykk for eit aukande medvit blant gutar når det gjeld å ha styring over eiga seksuell lyst og ulyst.

Risikoen for seksuelle overgrep mot gutar og menn er eit fenomen vi i dag har altfor mangelfull kunnskap om, og forskingsinnsatsen på området må aukast.

8.4.4 Offer for vald på offentleg stad

Den valden flest menn opplever, er vald på offentleg stad frå heilt eller delvis ukjende valdsutøvarar på kveldstid og i helgane, jamfør avsnitt 8.3.1. Sett i forhold til omfanget av denne valden får ikkje ofra mykje merksemd, og det er forska lite på temaet. Ei ny undersøking 51 bøter på denne mangelen. Formålet med studien var å få auka innsyn i dei psykiske reaksjonane etter såkalla tilfeldig vald, der gjerningspersonen oftast er ukjend. Undersøkinga viser at heile 33 % av utvalet har fått ei posttraumatisk stressliding etter valdsepisoden. 44 % viser symptom på angst og depresjon i den akutte fasen like etter valdshendinga. Vidare er søvnproblem, mareritt, spenning, irritasjon og isolasjon vanlege reaksjonar.

Undersøkinga avdekte òg at ofra for tilfeldig vald opplevde det som vanskeleg å stå fram då det har danna seg eit svart-kvitt bilete av offeret som ein «ung, rusa mann som nærmast har seg sjølv å takke». Slike haldningar førte til at mange av ofra lét vere å fortelje om overfallet til familien eller kollegaer av frykt for å bli dømde som uansvarlege.

Mange av ofra i undersøkinga opplevde at dei ikkje blei følgde godt nok opp av helsevesenet, og intervjuobjekta følte seg gløymde, oversett og dårleg varetekne sjølv om dei sleit med store problem. Undersøkinga viser at det er behov for eit tilbod til alle som har vore utsette for vald, uavhengig av kjønn og om gjerningsmannen er i familie eller ikkje. Det må vere eit tilbod som gjer det mogleg å ta tak i og følgje opp dei som får sterke reaksjonar etter ei slik hending, og ofra må få høve til å arbeide med reaksjonane sine.

8.5 Strategiar og tiltak for å dempe valdelege haldningar og handlingar, særleg hos gutar og menn

Ei viktig årsak til at vi ikkje har oppnådd full likestilling, er vald som menn brukar mot kvinner og barn.

Dei profesjonelle aktørane på fagfeltet snakkar ofte om vald nytta av menn mot kvinner som om det var snakk om ein eintydig type vald nytta av ei eintydig gruppe menn. Mennene er forskjellige, og valden deira er forskjellig både i omfang, grad og systematikk. Heller ikkje handlar menns vald mot kvinner i dag berre om mannen som utøvar vald mot kona eller sambuaren. Det handlar òg om prostitusjon og menneskehandel.

Vald i nære relasjonar handlar dessutan om identitetsbiletet hos menn. Jenter og gutar har ulike toleransegrenser for aggresjon og brutalitet. Det påverkar forståinga av kva som er gangbar underhaldning. Klientane hos Alternativ til Vold opplever ofte alternativa til vald som «uattraktive» i starten, fordi dei kjennest som ein trussel mot det mannlege sjølvbiletet deira.

Dei fleste gutar og menn har ikkje noko valdsproblem og utøvar ikkje vald, verken i eller utanfor nære relasjonar. Det er utøvaren av valden som har ansvaret for valdshandlinga. Men alle menn har eit kollektivt ansvar for å ta tydeleg stilling mot vald på arbeidsplassen, blant venner og i sitt eige sosiale nettverk.

Vald handlar ikkje berre om kvinneundertrykkande haldningar som uttrykk for manglande likestilling. Vald handlar òg om nærværet av vald, toleransen for vald og i kva grad valden er normalisert i livet til ein mann. Valden kan vere situasjonsbestemt eller knytt til eigne valdstraume hos den enkelte.

For denne regjeringa har innsats mot vald, medrekna vald utøvd i nære relasjonar, høgaste prioritet. Gjennom handlingsplanen «Vendepunkt» set regjeringa i verk ei rekkje tiltak for å førebyggje vald. I handlingsplanen ligg det hjelpe- og behandlingstiltak overfor offer for vald, men òg tilbod til valdsutøvarar.

I eit likestillingsperspektiv, og med særleg fokus på gutar og menn, blir desse strategiane sentrale i det vidare arbeidet:

  • Greie ut samanhengen mellom den kommersielle valden og valdelege haldningar og handlingar, særleg hos gutar og menn

  • Utvikle landsdekkjande hjelpe- og behandlingstilbod for gutar og menn med valdelege haldningar og handlingar

  • Drive haldningsskapande arbeid blant menn og i mannsdominerte miljø

  • Drive førebyggjande innsats i grunn- og vidaregåande opplæring

8.5.1 Greie ut samanhengen mellom den kommersielle valden og valdelege haldningar og handlingar, særleg hos gutar og menn

Den kommersielle valden og måten han særskilt rettar seg mot gutar og menn på, kan ha stor innverknad. Likestillingsgranskinga spør mellom anna om respondentane liker å sjå valdsfilmar på film, TV og Internett. Mens meir enn ein av tre menn seier at dei liker slik underhaldning, seier færre enn ei av ti kvinner det same. Undersøkingar av mediebruk hos barn i regi av Kultur- og kyrkjedepartementet viser at gutar i langt større grad enn jenter bruker spel eller Internett på ein måte der vald og action inngår som vesentlege element. Statens institutt for forbruksforsking summerar opp at leiker retta mot gutebarn ofte fokuserer på vald, mens det så å seie ikkje førekjem når målgruppa er jenter.

Å førebyggje tidleg er viktig. Regjeringa meiner at ein òg må sjå nærmare på graden av årsakssamanheng mellom den kommersialiserte valden, som marknadsmessig særleg rettar seg mot gutebarn, gutar og menn, og utøvd mobbing og vald slik det går fram av skule- og kriminalstatistikk. Regjeringa vil derfor sette i verk ei utgreiing om kva den kommersielle valden har å seie, set i samanheng med andre moglege årsaker til valdelege haldningar og bruk av vald hos grupper av unge gutar og menn.

8.5.2 Utvikle landsdekkjande hjelpe- og behandlingstilbod for gutar og menn med valdelege haldningar

Soria Moria-erklæringa slår fast at behandlingstilbodet til valdsutøvarar skal vidareutviklast og gjerast landsdekkjande. Vidare går det fram at Alternativ til Vold skal ha ei sentral rolle i ei slik etablering.

Som eit første trinn i arbeidet med å utvikle eit landsdekkjande tilbod har Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) på oppdrag frå aktuelle departement kartlagt eksisterande tilbod. Kartlegginga viste at dei fleste hjelpe- og behandlingstilboda til vaksne valdsutøvarar blir gjennomførte i regi av kriminalomsorga, og at få av tilboda er opne for personar som ikkje samtidig er klientar i kriminalomsorg, psykisk helsevern eller rusomsorg. Geografisk er tilboda sentrerte i Sør-Noreg og på Austlandet. I dei tre nordlegaste fylka er det berre to opne tilbod.

Kartleggingsrapporten frå NKVTS er følgd opp i handlingsplanen mot vald i nære relasjonar, «Vendepunkt» (2008–2011), der det går fram at det skal leggjast til rette for fleire og betre tilbod til personar som utøvar vald. Det skal utviklast ein gjennomføringsplan for å opprette eit landsdekkjande tilbod til valdsutøvarar som er tilpassa situasjonen og behova deira. Fleire tilbod skal vere opne, og det skal leggjast til rette for å styrkje hjelpe- og behandlingstilbodet innanfor familievern, psykisk helsevern og dei allereie etablerte tilboda som har behandling av valdsutøvarar som sitt hovudområde. Hjelpe- og behandlingstilbodet til menn må ha eit mangfaldsperspektiv, og det må tilbydast både samtalegrupper og meir spesialiserte tenester, alt etter kva valdsutøvaren treng. Tilbodet må leggjast til rette for unge og vaksne, både dei som sjølve ønskjer hjelp til å førebyggje og unngå vald, og dei som allereie er valds- og overgrepsdømde. I tillegg er det viktig at tilbodet er tilrettelagt for menn med ulik etnisk bakgrunn.

Som eit ledd i utbygginga av eit landsdekkjande tilbod vert det i 2008 etablert ytterlegare tre behandlingstilbod under leiing av Alternativ til Vold, høvesvis i Stavanger, Kristiansand og Arendal. Desse tilboda kjem i tillegg til eksisterande verksemd i Oslo, Drammen, Asker og Bærum, Vestfold og Langesund. Den nasjonale spreiinga av tilbodet om sinnemeistringsmodellen frå St. Olavs Hospital, avdeling Brøset, vert vidareført slik det framgår av tiltak 18 i handlingsplanen mot vald i nære relasjoner (2008-2011) «Vendepunkt».

I 2009 er det lagt opp til at det skal opprettast fire nye tilbod i regi av Alternativ til vold i Hordaland, Nordland, Troms og Hedmark/Oppland. I tillegg vert familievernet styrka med 2 millionar kroner for å utvida tilbodet til valdsutøvarar i region nord, i samarbeid med Alternativ til vold. Også REFORM – ressurssenter for menn, og deira gruppetilbod om meistring av sinne, skal styrkast. Med denne styrkinga i 2009 vil hjelpe- og behandlingstilbodet til valdsutøvarar bli tilnærma landsdekkjande.

8.5.3 Haldningsskapande arbeid blant menn og i mannsdominerte miljø

Mannspanelet seier i sitt konklusjonsnotat at etablerte gute- og mannstiltak bør styrkjast og utviklast. Den internasjonale kampanjen Kvite band er eit døme på ei grasrotrørsle blant menn som skal fremje nulltoleranse for vald, og som bør styrkjast og utviklast.

8.5.4 Førebyggjande innsats i grunnskule og vidaregåande opplæring

Elevundersøkingane måler jamleg førekomsten av fysisk og psykisk mobbing i skulen. Nyleg framlagde tal viser at meir enn 6 % av elevane no blir mobba jamleg, trass i tiltaka som blir gjennomførte som ledd i «Manifest mot mobbing». Igjen er det gutar som både seier å mobbe mest, og som blir mest mobba. Unntaket er seksuell trakassering, som jenter peiker på som eit større problem enn gutar. Mobbing i skulen er òg peikt på som ei utfordring i skulen i St.meld. nr. 16 (2006–2007) «… og ingen sto igjen», der det òg heiter at mobbing har eit kjønnsaspekt. Det manglar likevel tiltak særskilt retta mot gutar.

Regjeringa vil ta initiativ til å utvikle eit tydelegare kjønnsperspektiv i det førebyggjande arbeidet mot vald, som mellom anna går føre seg gjennom oppfølging av Manifest mot mobbing.

Som eit tiltak i Handlingsplan mot vold i nære relasjoner (2008-2011) skal det utviklast eit prøveprosjekt for vidaregåande opplæring med særleg fokus på familierelasjonar, kommunikasjon og konflikthandtering. Prosjektet skal utviklast som eit samarbeid mellom familievern og skule, og skal vere eit tilbod til skular i nokre regionar, gjennom utvalde familievernkontor.

8.5.5 Tiltak i forhold til gutar og menn som vert utsette for vald

Med støtte frå Barne- og likestillingsdepartementet skal Kirkens ressurssenter mot vold og seksuelle overgrep arrangere ein internasjonal konferanse om seksuelle overgrep mot gutar og menn i januar 2009. Konferansen er mynta på fagpersonar og andre som arbeider med, eller ønskjer kunnskap om, overgrepsproblematikk sett i lys av kjønnsperspektiver.

Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) skal gjennomføre ei undersøking om vald og overgrep mot menn i nære relasjonar, og deira hjelpebehov. Resultata av undersøkinga skal danne grunnlag for vidare metode- og tiltaksutvikling.

Fotnotar

1.

Kriminalstatistikk 2007, tabell 15.

2.

s.st.

3.

SSB 2007e

4.

s.st

5.

Stene 2005.

6.

SSB 2004c

7.

Jon 2007.

8.

Skjørten 1988; Skjælaaen 1980.

9.

Liliequist 1999.

10.

Isdal 2000:73.

11.

Stene 2003; Haaland, Clausen mfl. 2005.

12.

Likestillingsgranskinga s. 257.

13.

Isdal 2000:36.

14.

Jon 1994.

15.

SSB 2007. Ofre for lovbrudd anmeldt 2006, http://www.ssb.no/emner/03/05/lovbruddo/.

16.

Stene 2006.

17.

Pape og Stefansen 2004.

18.

Isdal 2000:159.

19.

Newburn og Stanko 1994; Dobash og Dobash 1998. Her frå NOU 2003:31.

20.

Pape, Stefansen m. fl. 2004.

21.

Haaland og Clausen 2005 – http://www.retriever-info.com/services/archive.html.

22.

Haaland, Clausen og Schei 2005:59.

23.

NOU 2003:31.

24.

Pape og Stefansen 2006 – læreboka.

25.

Stefansen mfl., http://www.dagbladet.no/kultur/2005/11/15/449363.html.

26.

Haaland, Clausen og Schei 2005:63.

27.

Stefansen mfl.

28.

Pape og Stefansen 2006 – læreboka.

29.

Stefansen mfl.

30.

Haaland, Clausen og Schei 2005.

31.

«Vendepunkt»

32.

NOU 2003:31.

33.

Pape og Stefansen 2004:69.

34.

Haaland, Clausen og Schei 2005:69.

35.

Nørgaard 2007.

36.

NOU 2003:31.

37.

Pape og Stefansen 2006:216.

38.

Skjørten 1994, Isdal 2000.

39.

Dobash og Dobash 1998. Her frå NOU 2003:31.

40.

Holter 2002:216.

41.

Eggebø 2007.

42.

Ericsson 1993:76.

43.

Eggebø 2007.

44.

Almedal og Danielsen 1994.

45.

Hirsch og Nørgaard 2008.

46.

Sst.

47.

Pape og Stefansen 2004; Haaland, Clausen og Schei 2005.

48.

Haaland, Clausen og Schei 2005.

49.

Bredesen Norfjell 2008.

50.

Stefansen og Mossige 2007.

51.

Johansen 2007.

Til toppen
Til forsida av dokumentet