Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.meld. nr. 9 (2001-2002)

Målbruk i offentleg teneste

Til innhaldsliste

1 Innleiing

1.1 Bakgrunn og innhald

Lov av 11. april 1980 om målbruk i offentleg teneste fastset at det minst kvart fjerde år skal leggjast fram ei stortingsmelding om dette temaet. Den førre meldinga vart fremja av regjeringa Bondevik I i desember 1997 og behandla i Stortinget 18. mai 1998, jf. St.meld. nr. 13 (1997-98) og Innst. S. nr. 174 (1997-98).

Meininga med det nemnde lovpålegget er at Stortinget med jamne mellomrom skal få høve til å drøfta korleis det står til med tilhøvet mellom bruk av nynorsk og bokmål i staten, med utgangspunkt i det tilsynsarbeidet Kulturdepartementet har ansvaret for, jf. forskrift av 5. desember 1980 om målbruk i offentleg teneste § 1. Lov og forskrift er trykte som vedlegg 1 til denne meldinga.

Faneparagrafen i mållova slår fast at bokmål og nynorsk er likeverdige målformer og skal vera jamstelte skriftspråk i alle organ for stat, fylkeskommune og kommune. Dei nærmare reglane i lova gjeld likevel berre for statstenesta, ikkje i kommunar og fylkeskommunar. Regelverket om målbruk i staten kan enkelt sorterast i to delar etter kva prinsipp reglane byggjer på.

Det eine prinsippet kjem til uttrykk ved at det er målforma til eit lågare statleg forvaltningsorgan, ein kommune, ein fylkeskommune eller ein privat part som eit statsorgan må retta seg etter i den skriftlege kommunikasjonen sin med desse. Tilsvarande må eit statsorgan i allment informasjonstilfang som i innhald eller med basis i tenestekrinsen til organet har særleg tilknyting til eit avgrensa geografisk område, retta seg etter den eventuelle fleirtalsmålforma som gjeld for dette området. Kva som ligg i omgrepet «fleirtalsmålform», framgår av § 7 i lova, medan omgrepet «tenestekrins» går fram av § 3 i forskrifta.

Det andre prinsippet går ut på at eit statsorgan som hovudregel skal veksla mellom målformene i allment informasjonstilfang som ikkje er knytt til eit geografisk avgrensa område med fleirtalsmålform, slik at det over tid blir ei rimeleg kvantitativ fordeling mellom målformene. For statsorgan som dekkjer heile landet, skal det for tilfang som ikkje gjeld eit geografisk avgrensa område, vera minst 25 pst. av begge målformene. Unntaket er at statlege skjema alltid skal liggja føre og vera tilgjengelege i begge målformer, anten i form av parallellutgåver eller som tospråkleg enkeltutgåve.

Meininga med det nemnde kvoteringspåbodet er fyrst og fremst å sikra at den nynorske målforma er godt synleg i staten, slik at ein oppnår ei viss motvekt til den sterke dominansen av bokmål på dei fleste andre språkbruksarenaer i samfunnet.

Reglane om målbruk i staten bør helst sjåast i ein større språkpolitisk samanheng, og meldinga frå 1997 hadde eit breiare perspektiv enn det som er strengt nødvendig etter lova. Ho tok opp verksemda i Norsk språkråd, fleire aspekt ved temaet språk og teknologi, og ho drøfta følgjene av den tiltakande fristillinga av statleg verksemd for reguleringa av tilhøvet mellom bokmål og nynorsk.

Desse og andre språkpolitiske spørsmål vil det vera naturleg å arbeida vidare med innanfor ramma av ei seinare kulturmelding. Vi viser her til at presset på norsk språk og kultur i kjølvatnet av globaliseringa og den teknologiske utviklinga var eit tema som spesielt vart trekt fram da familie-, kultur- og administrasjonskomiteen i 1999 bad departementet ta til å førebu grunnlaget for ei ny kulturmelding. I den meldinga som no ligg føre, vil dei nemnde spørsmåla berre bli behandla så langt det gjeld status og vidare prosedyre.

Innleiingvis vil departementet likevel skissera nokre overordna språkpolitiske mål og kort drøfta dei generelle rammene for ein samla offentleg språkpolitikk.

1.2 Mål og rammer for språkpolitikken

Den norske språksituasjonen er kjenneteikna av eit rikt mangfald av dialektar, også kalla målføre, og av to offisielle variantar av skriftspråket, bokmål og nynorsk. Desse blir kalla målformer. Verken omfattande talemålsvariasjon eller det å leva med fleire offisielle skriftmål jamsides er likevel noko særkjenne for dette landet. Det er tvert imot det normale; einspråklege statar er unntaket.

Meir spesielt er det at dei to skriftmåla våre ligg kvarandre så nær, og at den normerte valfridomen innanfor kvar av dei er så stor. Det er heller ikkje vanleg at språkpolitikk har handla så mykje om normering av skriftspråket som her til lands. Det har vore spørsmål om korleis dei to målformene skulle normerast både kvar for seg og i høve til kvarandre. Den vide valfridomen innanfor både bokmål og nynorsk er dels ei følgje av ein medveten politikk for å nærma målformene til kvarandre, eventuelt slik at dei til slutt kunne smelta saman til eit sams norsk skriftspråk.

Tanken på ei slik samansmelting er ikkje lenger aktuell politikk og ikkje vidare tilnærming heller. Dersom ein likevel ser for seg berre eitt norsk skriftmål her i landet, er føresetnaden i røynda ei marginalisering av nynorsk som levande skriftspråk.

Det er eit språkpolitisk mål å hindra ei slik utvikling, slik at nynorsk kan tryggja og styrkja posisjonen sin både som eit levande bruksspråk og som eit likeverdig offisielt skriftmål ved sida av bokmål.

Med dei utfordringane vi ser i kjølvatnet av internasjonaliseringa og den teknologiske utviklinga, må vi i tillegg stilla opp som det overordna språkpolitiske målet å verna og styrkja norsk språk i det heile, slik at både bokmål og nynorsk kan bestå som fullverdige bruksspråk i alle delar av samfunnslivet, inn i det nye informasjonssamfunnet.

Desse målsetjingane følgjer naturleg av det regjeringa har formulert som ein del av det politiske grunnlaget sitt i Sem-erklæringa. Det heiter her at Samarbeidsregjeringa vil verna og halda i hevd dei to norske skriftspråka våre og halda fast ved norsk skriftkultur som ein berebjelke i kulturlivet vårt.

Dette byggjer på den erkjenninga at språk er noko meir enn eit instrument for effektiv kommunikasjon. Det er òg eit organisk uttrykk for ein kultur og ein identitet som folk og nasjonar verda over kjenner ein naturleg trong til å dyrka og forsvara. I Noreg er bokmål og nynorsk språklege uttrykk for to ulike tradisjonar, to ulike kulturar, som opphavleg stod mot kvarandre og kjempa om nasjonalt hegemoni.

Gradvis er konfliktelementet i desse sosiale og kulturelle motsetnadene nedtona, og bokmål og nynorsk må i dag oppfattast som integrerte delar i ein nasjonal felleskultur, som eit uttrykk for eit kulturelt mangfald som det ville vera eit stort tap å gi avkall på.

Jamvel om tilnærming mellom bokmål og nynorsk ikkje lenger er aktuell normeringspolitikk, må vi rekna med at målformene framleis vil påverka kvarandre på ulike måtar, mellom anna i ordtilfang og ordleggingsmåte. Men den påverknaden det her er tenkt på, vil vera ein funksjon av utviklingstendensar som i liten grad kan styrast av offentlege tiltak. Det går klare grenser for i kva grad språk og språkutvikling er noko som kan og bør dirigerast av offentlege styresmakter i det heile.

Den viktigaste typen av verkemiddel i ein offentleg språkpolitikk vil difor vera avgrensa til å forma rammevilkår av ulike slag som gjer at språket har eit godt jordsmonn å veksa i. Skal eit språk haldast i hevd, må det brukast, og faren for at norsk som det naturlege bruksspråk blant nordmenn etter kvart vil bli trengd til sides av engelsk innanfor sentrale delar av samfunnslivet, synest i dag å framstå som den største utfordringa. I fleire samanhengar vil nynorsk vera særleg utsett i så måte, fordi dette er den minst utbreidde målforma, og fordi det av den grunn er meir krevjande å sikra gode rammevilkår.

Tradisjonelt har uttrykket språkvern vore nytta om det å forsvara eit språk mot det presset som kjem utanfrå, medan språkdyrking meir gir assosiasjonar i retning av tiltak for å utvikla språket innanfrå. Begge desse omgrepa er nytta i lov om Norsk språkråd frå 1971, der det i innleiinga heiter at det skal «opprettes et råd for språkvern og språkdyrking». I det fyrste punktet som spesifiserer kva rådet skal arbeida med, finn vi ei tilsvarande todeling, jamvel om det er verneaspektet som kjem mest direkte til uttrykk:

«Norsk språkråd skal verne om den kulturarv som norsk skriftspråk og talespråk representerer, fremme tiltak som kan øke kunnskapen om norsk språk, dets historie og egenart, fremme toleranse og gjensidig respekt i forholdet mellom alle som bruker norsk språk i dets forskjellige varianter, og verne om den enkelte borgers rettigheter når det gjelder bruken av språket.»

Departementet meiner at desse lovformuleringane framleis dekkjer ganske godt det som bør vera innhaldet i ein språkpolitikk for framtida. Det kan likevel hevdast at det ligg noko visst defensivt i uttrykket språkvern, og at språkstyrking vil vera ei betre programerklæring. Skal eit nasjonalspråk som det norske «vernast», må det fyrst og fremst skje ved at språket får utvikla seg slik at det blir i stand til å møta nye utfordringar og nye uttrykksbehov i eit omskifteleg samfunn. I arbeidet i Norsk språkråd er dette omgrepsskiftet i ferd med å slå gjennom, og rådsmøtet i 2001 vedtok ein plan for arbeidet i perioden 2001-2003 som er kalla Plan for styrking av norsk språk.

Med denne endringa kan det kanskje seiast at omgrepa språkvern og språkdyrking langt på veg smeltar saman. Likevel bør språkdyrking framleis kunna vera eit gangbart uttrykk ved sida av språkstyrking. Ved å halda fast ved språkdyrking vil ein òg kunna leggja til rette for å gi språkleg kvalitet ein meir framskoten plass som eit mål å streva mot i den offentlege språkpolitikken.

Arbeidet for styrking av norsk språk må i utgangspunktet byggja på eit føre-var-prinsipp. Samstundes trengst det eit meir systematisk arbeid for å skaffa fram eit best mogleg kunnskapsgrunnlag med tanke på å finna ut meir om kva tiltak som kan vera mest formålstenlege. Truleg er det eit breitt register av tiltak som må til for at det til saman skal gi resultat som monnar. Den handlingsplanen Norsk språkråd har sett i verk for å styrkja norsk språk, og som er spekka med aktuelle tiltak, vil vera ein viktig reiskap i det vidare arbeidet.

Norsk språkråd hadde på årsmøtet i 2001 ei førebels drøfting av behovet for ein eigen språkkommisjon for å sjå på den samla norske språksituasjonen på nytt. Det vart avgjort at saka skulle utgreiast vidare fram til rådsmøtet i 2002. Departementet stiller seg positivt til dei tankane som her ligg til grunn, men finn det ikkje naturleg å vurdera eit slikt spørsmål før den nemnde utgreiinga er gjennomført og behandla.

Til toppen
Til forsida av dokumentet