St.prp. nr. 1 (2001-2002)

FOR BUDSJETTERMINEN 2002 — Utgiftskapitla: 200-297 og 2410 Inntektskapitla: 3200-3297, 5310 og 5617

Til innholdsfortegnelse

Del 1
Oversikt over budsjettforslaget frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet

1 Hovudprioriteringar

1.1 Prinsipp, utfordringar og visjonar

I løpet av dei siste tiåra har det skjedd store endringar i samfunnslivet ved at utvikling, formidling og informasjon er blitt ein stadig meir sentral faktor. Etter Statistisk sentralbyrå sine utrekningar består om lag tre fjerdedelar av Noregs nasjonalformue av menneskeleg kapital.

I eit slikt samfunn er det viktig at alle blir sikra ei best mogleg plattform for kunnskapstileigning, uavhengig av økonomisk og sosial status eller alder. Samtidig må ein sikre at samfunnet har eit fleksibelt, tilpassa utdanningssystem. Eit samfunn som er godt lagt til rette for alle, basert på prinsippet om universell utforming, vil redusere behovet for individuelle særløysingar. Dette prinsippet må prege både skolen og samfunnet for øvrig.

Livslang læring er eit viktig prinsipp i utdanningspolitikken til Regjeringa. Satsinga på etter- og vidareutdanning skal medverke til å gi alle vaksne lettare tilgang til kompetanseutvikling. Dette vil òg føre til at norsk næringsliv får eit best mogleg grunnlag for verdiskaping og tenesteyting. Realkompetanseprosjektet er eit døme på korleis ein kan dra nytte av og dokumentere ulik erfaring og kunnskap som er lært på anna vis enn gjennom vanleg opplæring eller utdanning.

Regjeringa legg òg vekt på ei internasjonal orientering i utdannings- og forskingspolitikken. Dette er naudsynt dersom vi skal nå målet om at Noreg skal vere blant dei fremste landa når det gjeld kunnskap og kompetanse. Berre dersom vi maktar å bli ein kunnskapsnasjon med breitt økonomisk fundament, kan vi klare å ta vare på dei verdiane og velferdsordningane vi ønskjer å ha.

Dei overordna prinsippa for utdannings- og forskingspolitikken til Regjeringa er:

  • alle skal ha lik rett til utdanning.

  • eit likeverdig og gratis utdanningstilbod med høg kvalitet er nøkkelen til eit rettferdig samfunn.

  • forsking skal medverke til generering av ny kunnskap og verdiskaping innanfor ei berekraftig utvikling, til kulturell forståing, livskvalitet, demokrati og velferd.

Det er målet til Regjeringa at dei kristne kulturtradisjonane og det kristne verdigrunnlaget blir haldne levande som ein del av vår felles kulturarv. Regjeringa meiner derfor det er viktig med ei open og inkluderande folkekyrkje.

For å realisere dei overordna prinsippa må vi:

  • gi alle høve til å verkeleggjere evnene sine og utvikle kompetansen sin vidare

  • sikre alle tilgang til offentleg og gratis fellesskole med høg kvalitet

  • leggje til rette for fleksibel og tilpassa opplæring og utdanning

  • sjå læring i eit livslangt perspektiv

  • styrkje forskingsinnsatsen og sikre at vi får forsking av høg internasjonal kvalitet

  • sikre alle tilgang til ei allmenn kyrkje som evnar å møte menneska i ulike livsfasar og livssituasjonar

  • ta omsyn til kjønnsperspektivet på alle sektorområde for å fremme likestilling.

Regjeringa legg vekt på at sektorpolitikken skal utformast i lys av dei sentrale drivkreftene i samfunnet – internasjonalisering, individualisering og teknologisering.

I ei stadig opnare verd vil kunnskap knytt til kultur- og kulturforståing bli særs viktig som grunnlag for kommunikasjon både på tvers av landegrensene og innanfor vårt eige, fleirkulturelle samfunn. Morgondagens samfunn vil krevje løft i språkdugleiken, kulturforståinga og den kommunikative kompetansen i befolkninga. Ved å ta del i europeiske program for samarbeid og utveksling innanfor utdanning, til dømes SOKRATES og LEONARDO DA VINCI, blir desse sidene av kompetansebygginga sterkare. Departementet har òg interesse og ansvar for utviklinga utanfor Europa, og det blir lagt vekt på utdanning som ledd i utviklingsstønaden. Førebels er det eit direkte samarbeid med utdanningsdepartementa i Nepal og Zambia.

For dei høgare utdanningsinstitusjonane er det nødvendig å satse på internasjonalisering for å utvikle den faglege kvaliteten. Kvalitetsreforma for høgare utdanning, jf. St.meld. nr. 27 (2000–01) og Innst. S. nr. 337 (2000-01), vil mellom anna leggje til rette for at alle som ønskjer det, skal få høve til eit opphald ved ein lærestad i utlandet som ein del av graden. Det er òg eit mål for Regjeringa at talet på utanlandske studentar i Noreg skal aukast. Som ledd i internasjonaliseringa vil undervisninga i fleire fag ved norske høgare utdanningsinstitusjonar vere på engelsk, også som tilbod til norske studentar. For mellom anna å fremme studentmobilitet, skal alle norske universitet innan utgangen av 2001 ha innført det internasjonale vitnemålstillegget »Diploma supplement» for avslutta, godkjende studium.

Forskinga er internasjonal av natur og utviklar seg gjennom stadig samvirke over grensene. Aktiv norsk deltaking internasjonalt vil fremme Noreg som forskingsnasjon. Regjeringa har som mål å utvikle fleire norske forskingsmiljø på høgt internasjonalt nivå, mellom anna ved hjelp av ei ordning med senter for framifrå forsking og ved satsinga på funksjonell genomforsking.

Det auka mangfaldet i verdier, livsformar og kulturelle uttrykk gjer Noreg til eit stadig mindre homogent samfunn. Samtidig set befolkninga stadig større krav til offentlege tenester, og fleire er i stand til å kjøpe tenester på mange område. Ulike aktørar i utdanningsmarknaden vil såleis i større grad enn i dag kunne sjå skole og utdanning som område for økonomisk forteneste. I tida framover vil det vere ei stor utfordring å sikre alle ein offentleg skole og offentlege utdanningstilbod som er så fleksible, varierte og av så god kvalitet at det tilfredsstiller dei høge krava til tenestene på marknaden. Regjeringa legg derfor stor vekt på å styrkje den tilliten befolkninga har til offentleg tenesteyting.

Den teknologiske utviklinga skjer stadig raskare. For å møte den kompetansen samfunnet og den einskilde treng, må utdanninga bidra til at elevar og studentar meistrar IKT og at dei har tilgang til digitale informasjonskjelder. Samtidig kan IKT vere ei drivkraft til nye måtar å organisere og drive utdanning på. Erfaringar nasjonalt og internasjonalt viser at IKT kan medverke til nye elev- og lærarroller og gjere utdanninga meir tilpassa dei arbeids- og kommunikasjonsmåtane som gjeld i arbeidslivet og samfunnet elles. Regjeringa vil styrkje satsinga på informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i utdanninga, slik at løyvinga til formålet blir om lag 300 mill. kroner i 2002.

Den nye teknologien pregar utdanningssystemet på mange måtar, men ikkje alle tilboda på Internett er like godt tilpassa behova i skolen. Regjeringa vil derfor arbeide for å etablere eit nasjonalt læringsnett for utdanningssektoren. Det skal gi elevar, lærarar og andre aktørar innanfor utdanning tilgang til informasjon og ressursar med sikte på å heve kvaliteten i læringsarbeidet. Læringsnettet skal også vere ein møteplass der ulike aktørar kan samarbeide og utvikle nasjonale løysingar, tilbod og tenester til beste for utdanningssektoren.

For at Noreg skal dra full nytte av IKT-utviklinga, må det satsast intensivt på forsking. IKT-forsking er derfor eit prioritert område i forskingspolitikken til Regjeringa. Eit viktig tiltak for norsk IKT-forsking er etableringa av forskingssenteret «Simula Research Laboratory» på Fornebu. Senteret driver langsiktig forsking på utvalde område innanfor IKT, og vil gjennom denne verksemda medverke til innovasjon og nyskaping i både privat og offentleg sektor.

1.2 Folkekyrkja - arv og ansvar

Det er eit overordna mål for Regjeringa at dei kristne kulturtradisjonane og det kristne verdigrunnlaget blir haldne levande som ein viktig del av vår felles kulturarv. Den norske kyrkja skal vere ei open og inkluderande folkekyrkje som møter menneska i ulike livssituasjonar og livsfasar. Medlemmene av kyrkja skal kunne kjenne at dei hører til i kyrkja og at det er plass for alle. Regjeringa foreslår at løyvinga til Sjømannsmisjonen blir auka med vel 5 mill. kroner.

Den frivillige deltakinga i det kyrkjelege arbeidet er av avgjerande verdi for kyrkja, og Regjeringa vil arbeide for å skape eit breiare engasjement ved kyrkjelege val.

Kyrkjebygga våre er konkrete uttrykk for kulturtradisjonar og har vært banda mellom ulike generasjonar i tusen år. Det er eit nasjonalt mål å halde kyrkjene i god stand. Regjeringa vil mellom anna opne for at det kan brukast midlar frå Opplysningsvesenets fond til restaurering og vedlikehald av eldre kyrkjer og kyrkjeinventar. Regjeringen vil og foreslå å løyve 3 mill. kroner til den kyrkjelege verksemda ved Nidarosdomen og auke løyvinga til oppfølging av restaureringsplanen for Nidarosdomen med vel 4 mill. kroner. Ansvaret for kyrkjene og dei lokale kyrkjelege oppgåvene utanom prestetenesta skal, i tråd med hundreårige tradisjonar, framleis liggje til lokalsamfunnet.

Det er framleis eit sentralt mål for Regjeringa å styrkje prestetenesta og ein foreslår derfor å opprette fem nye prestestillingar og ei stilling ved Samisk kyrkjeråd i 2002. Vidare vil ein arbeide for å få fleire kvinner til leiande stillingar i kyrkja.

Arbeidsgivaransvaret for dei kyrkjelege undervisningsstillingane, kateketane, er i det siste året vorte overført frå staten til dei kyrkjelege fellesråda. Regjeringa ser desse endringane som viktige mellom anna i høve til å gi dåpsopplæringa ei sterkare forankring i lokalsamfunnet.

1.3 Ein betre skole

Med sikte på at den offentlege fellesskolen skal vere ein førsteklasses og gratis skole for alle, vil Regjeringa prioritere ei satsing på skolen i den neste fireårsperioden. Satsinga vil bli knytt til desse områda: kvalitet, godt arbeidsmiljø, kvalifiserte og dyktige lærarar, ein rettferdig og gratis skole og ein trygg skolekvardag. Regjeringa si satsing på kvalitetsutvikling i grunnskolen og i den vidaregåande opplæringa utgjer 355 mill. kroner i 2002.

Eit av dei viktigaste prinsippa for Regjeringa er å sikre samfunnet ein offentleg fellesskole der opplæringa både er tilpassa behova til den enkelte og opnar for fellesskap, fleksibilitet og variasjon. Samtidig må basiskunnskapane sikrast, det vil seie grunnleggjande kunnskapar innanfor matematikk og naturvitskap, lesing og skriving, språk og IKT. Vidare må opplæringa gi sosial og kulturell forståing av verdiar i eit demokratisk samfunn. Skolen skal pregast av kvalitet, toleranse og trivsel. I samband med dette arbeidet vil Regjeringa komme med ei ny melding om lærarutdanninga våren 2002.

For at den norske fellesskolen skal bli blant dei beste i verda, må elevane få eit like godt arbeidsmiljø som dei vaksne. Skolane må tilfredsstille dei krava til arbeidsmiljø og tryggleik som følgjer av Forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skolar. Regjeringa vil leggje fram eit forslag til ein lovfesta rett til godt arbeidsmiljø for alle elevar. Regjeringa vil derfor setje kommunane og fylkeskommunane i stand til å satse særskilt på opprusting av skolane våre, gjennom både rehabilitering og nybygg i åra som kjem. Det vil i 2002 bli etablert ei finansieringsordning for opprusting av skoleanlegg som vil setje kommunane og fylkeskommunane i stand til å ta opp rentefrie lån på til saman 15 mrd. kroner over ein periode på 8 år. I 2002 vil utlånsramma vere 2 mrd. kroner.

Fylkeskommunane bør ha ansvar for alle tilboda i den vidaregåande opplæringa. Departementet foreslår å gjere reglane for tilskott til lærebedrifter enklare. Dette inneber at talet på tilskott blir færre og at fylkeskommunane får heile det finansielle ansvaret for tilskott til lærebedrifter. Av omsyn til det samla budsjettopplegget er det foreslått ein reduksjon i satsane til bedrifter som tek inn lærlingar.

Ingen er betre kvalifisert til å gi eit bilete av kva som går føre seg i skolen og opplæringa enn elevar og lærlingar. Derfor har Regjeringa gitt Læringssenteret i oppdrag å utvikle eit elektronisk basert evalueringssystem, «Elevinspektørene – elevenes skolevurdering». Opplegget blir nå prøvd ut av elevar i vidaregåande opplæring og i dei øvste trinna i grunnskolen, etter initiativ frå den einskilde skolen. Elevinspektørane er under utvikling, og vil gradvis bli utvida til å omfatte fleire elevar, fleire grupper av valfrie spørsmål og auka moglegheit for lokale tilpassingar.

For å sikre rekrutteringa til læraryrket vil departementet mellom anna i samarbeid med organisasjonane føre vidare arbeidet med lønns- og arbeidsvilkåra til lærarane. Eit viktig tiltak er å få etablert arbeidstidsordningar i skole og opplæring som gir større lokal fridom i organiseringa av arbeidet, betrar ressursutnyttinga og legg til rette for ei opplæring som er betre tilpassa lokale behov. På bakgrunn av den store dominansen av kvinnelege lærarar vil Regjeringa setje i verk tiltak for å rekruttere fleire mannlege lærarar til skolen.

Regjeringa meiner at alle må få høve til å nytte IKT som reiskap i utdanninga. Forordet til L97 opnar for at IKT-måla i læreplanen for grunnskolen kan gjennomførast gradvis, etter det som er økonomisk mogleg for kommunane. For å sikre meir likeverdige tilbod til elevane i grunnskolen går departementet inn for at dette atterhaldet blir fjerna i løpet av 2002.

Ei rad tiltak er i gang for at lærarar skal få betre kompetanse i IKT, og Regjeringa vil styrkje satsinga på dette området. I løpet av 2002 får lærarar i grunnskolen, den vidaregåande opplæringa og lærarutdanninga nye tilbod om opplæring i å bruke IKT i undervisninga. Tilbodet skal gi lærarane god og grundig opplæring i ulike sider ved pedagogisk og fagleg bruk av IKT.

Elevane sine utgifter til skolebøker i vidaregåande opplæring er høge. Ordninga med gratis læremiddel i vidaregåande opplæring skal byggjast vidare ut med sikte på at alle skal få gratis læremiddel frå hausten 2003. Det er derfor foreslått å løyve 103 mill. kroner til dette formålet i 2002.

Dei aller fleste grunnskoleelevane har eit opphald på leirskole i løpet av skoletida. I dag dekkjer det offentlege utgiftene til undervisninga ved leirskolane, medan elevane ofte må dekkje andre kostnader i samband med leirskoleopphaldet. Leirskolane er eit positivt tilbod som flest mogleg bør få glede av. Regjeringa vil derfor auke dei frie inntektene til kommunane med 25 mill. kroner slik at dei blir i stand til å dekkje alle kostnadene ved leirskoleopphald frå hausten 2002. Det vil bli foreslått ei endring i opplæringslova i samband med dette.

Skolefritidsordninga (SFO) er eit viktig og nødvendig tilbod for mange elevar. Regjeringa vil derfor styrkje innhaldet i ordninga. For å redusere foreldrebetalinga tek Regjeringa sikte på å doble satsane for statstilskottet til SFO i løpet av stortingsperioden.

Som ledd i det samla budsjettopplegget foreslår Regjeringa å avvikle tilskottet til privatåtte skole- og kyrkjebygg og tilskott til landslinjer i vidaregåande opplæring. Dei fylkeskommunane som har mange landslinjer vil bli vurderte særskilt i samband med tildeling av skjønnsmidlar over Kommunal- og regionaldepartementets budsjett.

Dei statlege utdanningskontora skal innlemmast i fylkesmannsembetet i dei respektive fylka, og ein tek sikte på at dette skjer frå 1. januar 2003. I samband med vidareutvikling av rolla til fylkesmannen som instans for rettstryggleik ønskjer Regjeringa å konsentrere aktiviteten til utdanningskontora om tilsyn, klagebehandling og enkelte forvaltningsoppgåver. Dette kan gi rom for ein reduksjon i aktivitetsnivået. Innanfor den statlege utdanningsadministrasjonen foreslås løyvinga til saman redusert med 15 mill. kroner.

1.4 Universiteta og høgskolane som spydspissar i kompetansesamfunnet - Kvalitetsreforma

Universiteta og høgskolane står sentralt i den vidare utviklinga av kompetanse- og kunnskapssamfunnet. Regjeringa ønskjer å betre evna og viljen til omstilling og å leggje til rette for ei meir effektiv kunnskapsoverføring frå universiteta og høgskolane til arbeids- og samfunnslivet. Departementet legg mellom anna opp til å overføre fleire fullmakter til institusjonane, jf. innføringa av nettobudsjettering for ei rekkje høgskolar og delegeringa av fullmakt til å opprette og leggje ned studietilbod som varer i inntil tre år. Ein arbeider vidare med tiltak for å betre styringsevna til institusjonane, til dømes ved tilsetjing av leiarar for avdelingar og grunneiningar på åremål. Departementet vil komme attende til dette i ein særskild lovproposisjon.

For at universitet og høgskolar skal setjast i stand til å førebu Kvalitetsreforma i høgre utdanning, foreslår Regjeringa å løyve 170 mill. kroner til institusjonane. Dette kjem i tillegg til ei vidareføring av 120 mill. kroner i midlar til omstilling som vart løyvde i 2001.

Institusjonane vil òg få ei styrking på 350 mill. kroner i samband med Regjeringa sitt forslag til opptrapping av satsinga på forsking. For desse midlane vil Regjeringa opprette og føre vidare rekrutteringsstillingar, opprette ti nye professorat som er øyremerkte for kvinner samt styrke løyvingane til vitskapleg utstyr og strategisk forsking.

Det skal innførast ein ny gradsstruktur med bachelor- og mastergradar som vil omfatte dei fleste studia. Bachelorgraden på lågare nivå har ei normert studietid på tre år, medan mastergraden på høgare nivå har ei normert studietid på to år etter bachelorgraden. Den nye gradsstrukturen legg til rette for meir effektive læringsløp og nye former for evaluering. Evalueringa av studentane skal fremme læringa gjennom jamlege tilbakemeldingar. Det blir innført eit felles system for å rekne ut normert studietid og karakterar, «European credit transfer system» (ECTS). Eit fullt studieår er normert til 60 studiepoeng og avløyser vekttal som mål for normert studietid. Den nye karakterskalaen skal ha seks trinn: frå A til E for bestått, og F for ikkje bestått.

Regjeringa foreslår å innføre eit nytt finansieringssystem for universitet og høgskolar. Systemet inneber eit markert skifte frå aktivitetsstyring av sektoren til resultatstyring. For å stimulere til auka resultatoppfylling vil ein større del av institusjonane si finansiering bli avhengig av oppnådde resultat. Eit nytt prinsipp for finansiering av ein del av undervisningsverksemda, resultatbasert finansiering (RBF), vil innebere at dersom heile sektoren samla sett aukar produksjonen, vil det nye finansieringssystemet isolert sett føre til at budsjettramma til sektoren aukar tilsvarande. Denne komponenten vil i snitt utgjere om lag 25 pst. av institusjonane si budsjettramme. Utgiftene til forskingsverksemd vil dels bli finansiert gjennom resultatbasert omfordeling (RBO) på bakgrunn av objektive kriterium og dels gjennom strategiske forskingsløyvingar. Strategiske forskingsløyvingar vil bli sett i samanheng med opptrappingsplanen for forsking i dei årlege budsjetta og bli fordelte etter ei vurdering av forskings­kvalitet. Samla sett vil den resultatbaserte forskingskomponenten utgjere i snitt om lag 15 pst. av institusjonane si budsjettramme. Den tredje hovudkomponenten i finansieringssystemet, basis­komponenten, utgjer i snitt om lag 60 pst. av institusjonane si budsjettramme, og er m.a. eit uttrykk for ulik grad av særskilde oppgåver, distriktsomsyn og av ulike politiske prioriteringar over tid.

For at lærestadene skal ha eit system som sikrar kvaliteten i undervisning og forsking, vil Regjeringa opprette eit uavhengig akkrediterings- og evalueringsorgan for høgre utdanning i 2002. Studentevaluering skal også vere ein viktig del av kvalitetssikringa til institusjonane.

Den høgre utdanninga må dimensjonerast slik at ho på ein best mogleg måte tek omsyn både til dei ønska studentane har, og til samfunnet sitt behov for tilgang på arbeidskraft. Årskulla som er aktuelle for studium, går no ned. Budsjettramma til høgre utdanning er derfor redusert med om lag 90 mill. kroner i forbindelse med justering av talet på studieplassar. Reduksjonen i studieplassar er teke på område med svikt i søkinga. For å komme samfunnet sitt behov for arbeidskraft i møte har Regjeringa likevel prioritert å føre vidare studieplassar og opptaksnivå på utdanningar der det er ein registrert mangel på personell.

For å betre den økonomiske stillinga ved kunsthøgskolane foreslår Regjeringa å auke løyvinga til desse institusjonane med til saman 4 mill. kroner.

Eit viktig mål med reforma av høgre utdanning er å gi studentane betre høve til å vere heiltidsstudentar. Regjeringa vil derfor styrkje studiefinansieringa med om lag 1000 kroner per månad. Denne auken skal givast som stipend, slik at stipenddelen blir 39 pst. Ein student kan dermed i snitt få utbetalt om lag 80 000 kroner i året.

Regjeringa foreslår at utdanningsstipendet blir knytt til gjennomføringa av studia. Ved studiestart hausten 2002 blir støttebeløpet utbetalt som lån, og etter kvart som studia blir gjennomførte blir delar av lånet gjorde om til stipend. Storleiken på stipendet skal ikkje vere knytt til normert studietid. Studentar som bur heime hos foreldra vil, slik som i dag, få heile støttebeløpet som lån. Sosiale ordningar i utdanningsfinansieringa vil ikkje vere omfatta av konverteringsordninga. Dagens ordningar ved til dømes sjukdom og fødsel blir førte vidare.

Regjeringa foreslår å forenkle dagens støttesystem ved å fjerne ulike særordningar i lov- og forskriftsverket for utdanningsstøtte. Storleiken på lånebeløpet skal ikkje lenger bli vurdert mot inntekt og formue. Vidare vil ein heve fribeløpet for arbeidsinntekt frå dagens grense på 5 200 kroner per månad til 100 000 kroner per år inkludert sommarmånadene. Det blir foreslått ei styrking av løyvingane til Statens lånekasse for utdanning i samband med innføringa av det nye studiestøttesystemet.

1.5 Vaksenopplæring

Livslang læring og tilgang til utdanning i vaksen alder er viktige prinsipp i Regjeringa sin utdanningspolitikk. Satsinga på etter- og vidareutdanning skal medverke til å gi alle vaksne lettare tilgang til kompetanseutvikling. Dette vil òg føre til at norsk arbeidsliv får den kompetansetilførselen som er nødvendig for å sikre grunnlaget for verdiskaping og tenesteyting.

Regjeringa vil føre vidare arbeidet med Kompetansereforma i 2002. Frå 1. august 2002 blir det innført ein individuell rett til grunnskoleopplæring for vaksne som har behov for det. Kompetanseutviklingsprogrammet blir følgt opp med ei løyving på 100 mill. kroner. Arbeidet med dokumentasjon og verdsetjing av realkompetanse samt utvikling av fleksible undervisningsmodeller som er tilpassa vaksne, held fram. Av omsyn til det samla budsjettopplegget er løyvinga til forsking, utviklingsarbeid og fellestiltak i vaksenopplæringa og tilskott til studieforbund foreslått redusert noko i høve til 2001.

Kompetansereforma inneheld ei rekkje viktige tiltak og satsingar. Mellom anna er det vedteke å gi vaksne som treng opplæring på grunnskolenivå og/eller vidaregåande nivå, ein individuell rett til eit tilpassa tilbod. Gjennom bruk av IKT må det leggjast opp til desentraliserte utdanningstilbod.

Det er vidare etablert eit program for kompetanseutvikling som skal medverke til vidareutvikling av, og nyskaping i, marknaden for etter- og vidareutdanning. Sjå nærmare omtale under kategori 07.50 Vaksenopplæring.

Realkompetanseprosjektet skal syte for at den einskilde arbeidstakaren skal få dokumentert og verdsett den samla kompetansen han/ho har. Prosjektet vil på dette viset medverke til effektiv bruk av utdanningsressursane i samfunnet. Departementet vil føre vidare prosjektet i 2002. Det er eit mål at det frå skoleåret 2002-03 skal vere etablert ei nasjonal ordning for vurdering og dokumentasjon av realkompetanse inn mot vidaregåande opplæring. Ordninga skal også inkludere flyktningar og innvandrarar.

1.6 Forsking på høgt internasjonalt nivå

Langsiktig, grunnleggjande forsking er ei av hovedprioriteringane i forskingspolitikken. Budsjettforslaget for 2002 legg opp til ei monaleg styrking av denne forskinga.

Regjeringa foreslår å auke kapitalen i Forskingsfondet med 1 mrd. kroner frå 1. januar 2002, slik at den samla kapitalen blir 11 mrd. kroner. Avkastninga vil i 2002 auke med om lag 322 mill. kroner til vel 525 mill. kroner. Fondsmidlane skal særleg støtte langsiktig, grunnleggjande forsking. Opptrappingsplanen for forsking varslar òg ei styrking av dei direkte løyvingane til forsking i universitets- og høgskolesektoren. Frå 2002 foreslår Regjeringa å kanalisere ein tredjedel av fondsavkastninga direkte til institusjonane i universitets- og høgskolesektoren og to tredjedelar til fordeling gjennom Noregs forskingsråd. Innanfor den delen av fondsavkastninga som Forskingsrådet forvaltar, skal det i 2002 mellom anna nyttast 100 mill. kroner til FUGE – nasjonal plan for funksjonell genomforsking – og til å setje i verk ordninga med senter for framifrå forsking. Sentra vil medverke til auka kvalitet i norsk forsking og gi Noreg fleire forskingsmiljø i verdstoppen.

For å medverke til å rekruttere fleire medisinarar til forsking vil departementet leggje til rette for at det kan opprettast eigne forskarlinjer i medisin ved universiteta i 2002.

For å stimulere til auka kvalitet i forskinga og til auka rekruttering til matematikk og naturvitskap, vil Regjeringa opprette eit fond for utdeling av ei ny internasjonal matematikkpris. Fondet skal ha ein kapital på 200 mill. kroner frå 2002. Prisen skal få namn etter den norske matematikaren Niels Henrik Abel.

For nærmare omtale av den samla forskingssatsinga til Regjeringa, sjå kap. 2 Forsking og utvikling i statsbudsjettet.

2 Forsking og utvikling i statsbudsjettet

Innleiing

Forsking er eit av dei viktigaste satsingsområda til Regjeringa. Regjeringa foreslår å auke den samla forskingsinnsatsen over statsbudsjettet med om lag 1,7 mrd. kroner. Av dette tilsvarer om lag 400 mill. kroner påløpt skattelette, etter at det er etablert ei ordning med skattefrådrag for FoU-investeringar for næringslivet. I tillegg vil Regjeringa auke kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping med 1 mrd. kroner slik at den samla kapitalen blir 11 mrd. kroner. Regjeringa foreslår å opprette eit fond for utdeling av ei ny internasjonal matematikkpris, med ein kapital på 200 mill. kroner frå 1. januar 2002. Ei viktig prioritering i 2002-budsjettet er langsiktig, grunnleggjande forsking, særleg gjennom ei styrking av dei direkte løyvingane til universiteta og høgskolane. Vitskapleg utstyr, forskarrekruttering og strategiske forskingsløyvingar er sentrale tiltak. Andre hovudprioriteringar i 2002-budsjettet er marin forsking og funksjonell genomforsking.

Bakgrunn

I samband med Revidert nasjonalbudsjett 2001 la Regjeringa fram ein opptrappingsplan for forskingsløyvingane, jf. Innst. S. nr. 325 (2000–2001) og St.prp. nr. 84 (2000–2001). Regjeringa har som mål at FoU-innsatsen i Noreg innan 2005 minst skal vere på OECD-snittet, målt som del av BNP. For å nå dette målet må den samla forskingsinnsatsen i Noreg styrkjast med minst 10 mrd. kroner frå 2002 til 2005. Dette tilseier at dei offentlege løyvingane til forsking må styrkjast med om lag 4 mrd. kroner innan 2005, dvs. i gjennomsnitt 1 mrd. kroner per år. Ein føresetnad for at målet skal nåast er ei monaleg styrking av forskingsinnsatsen i næringslivet.

I Noreg vart det brukt 20,3 mrd. kroner på forsking og utviklingsarbeid (FoU) i 1999, som er det siste året det finst offisiell statistikk for. FoU-utgiftene utgjorde da 1,7 pst. av bruttonasjonalproduktet (BNP). Til samanlikning var OECD-gjennomsnittet på om lag 2,2 pst., medan gjennomsnittet for dei nordiske landa var om lag 2,8 pst. FoU-statistikken for 1999 viser at offentlege kjelder finansierte 42,1 pst. av den samla FoU-innsatsen i Noreg, mens næringslivet stod for 49 pst. og utanlandske og andre kjelder 8,8 pst.

Veksten i dei offentlege forskingsløyvingane skal i all hovudsak komme på dei prioriterte områda i forskingspolitikken. Desse områda er langsiktig, grunnleggjande forsking i kunnskapsallmenningen og fire tematiske satsingar: marin forsking, medisinsk og helsefagleg forsking, informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) og forsking i skjeringsfeltet mellom miljø og energi.

Forsking er eit verkemiddel som kan brukast innanfor alle sektorar, og ansvaret for den offentleg finansierte forskinga er fordelt mellom dei ulike departementa. Budsjettproposisjonane til dei ulike departementa inneheld såleis meir detaljert omtale av dei forskjellige forskingssatsingane.

Overslag over FoU-løyvingar i statsbudsjettet

Kvart år utarbeider Norsk institutt for studiar av forsking og utdanning (NIFU) ein statsbudsjettanalyse. Statsbudsjettanalysen viser at om lag 135 kapittel i statsbudsjettet i større eller mindre grad blir nytta til å finansiere forsking. Med utgangspunkt i NIFUs data, som seier kor stor del av løyvingane som blir nytta til FoU, er det mogleg å rekne ut eit overslag over dei samla FoU-utgiftene på statsbudsjettet.

Eit slikt overslag viser at dei samla FoU-løyvingane i forslaget til statsbudsjett for 2002 er om lag 11,9 mrd. kroner, jf. tabellen under. Dette er ein auke på om lag 12 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2001. I tillegg til den direkte auken over budsjettet, kjem provenyverknaden av ei ny ordning med skattefrådrag for FoU-investeringar, jf. omtale nedanfor.

Overslag over løyvingane1 til forsking over statsbudsjettet (i mill. kroner).

Departement

Saldert ­budsjett 2001

Forslag 2002

Endring 2001/2002 (i pst.)

Utanriksdepartementet

371

389

5

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet

4 802

5 514

15

Kulturdepartementet

63

67

6

Justisdepartementet

18

19

6

Kommunal- og regionaldepartementet

170

77

-542

Sosial- og helsedepartementet

648

718

11

Barne- og familiedepartementet

37

41

11

Nærings- og handelsdepartementet

1 980

1 915

-33

Fiskeridepartementet

471

825

75

Landbruksdepartementet

379

398

5

Samferdsledepartementet

162

184

14

Miljøverndepartementet

381

389

2

Arbeids- og administrasjonsdepartementet

198

400

102

Finansdepartementet

59

57

-3

Forsvarsdepartementet

487

502

3

Olje- og energidepartementet

282

290

3

Statsbankane

132

156

18

Totalt

10 6404

11 941

12

1Tala er nettotal, dvs. korrigerte for bruttobudsjettering. Fordi universiteta f.o.m. 2001 er nettobudsjetterte, er det ikkje lenger meiningsfullt å ha separate tal for brutto- og nettoløyvingar, slik det sist vart gjort i St.prp. nr. 1 (1999–2000).

2 Den store reduksjonen skriv seg i hovudsak frå overføringartil Arbeids- og administrasjonsdepartementet og statsbankane.

3 Reduksjonen skriv seg frå at tilskottsordningaFUNN er foreslått avvikla og erstatta av ei skatteordningutanfor statsbudsjettet.

4Den store auken skriv seg frå auka byggjeløyvingar og frå overføringar frå Kommunal- og regionaldepartementet

5Departementet har teke omsyn til NIFUs SND-undersøking. Summen for FoU i 2001 er derfor 25 mill. kroner lågare enn i NIFUs rapport 3/2001 «Forskning og høyere utdanning i statsbudsjettet for 2001».

Det blir berekna FoU-andelar av løyvingar til bygg som blir nytta til forskingsformål. Den store auken på budsjettet til Arbeids- og administrasjonsdepartementet skriv seg i hovudsak frå auka byggjeløyvingar til m.a. Teoribygget i Tromsø, Urbygningen i Oslo og Bygg for biologiske basalfag i Bergen

Prioriteringar i 2002-budsjettet

Prioriteringane i 2002-budsjettet tek utgangspunkt i dei prioriterte felta i forskingspolitikken, jf. over. Avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping aukar med ca. 322 mill. kroner til vel 525 mill. kroner i 2002. Fondsavkastninga skal styrkje langsiktig, grunnleggjande forsking generelt og dei langsiktige delane av dei fire tematiske satsingane. Frå og med 2002-budsjettet foreslår Regjeringa at ein tredjedel av avkastninga (i 2002 175 mill. kroner) skal kanaliserast direkte til universiteta og høgskolane, medan to tredjedelar av avkastninga (350 mill. kroner) framleis skal fordelast av Noregs forskingsråd.

Ei hovudprioritering i 2002-budsjettet er styrking av dei direkte grunnforskingsmidlane til universitet og høgskolar, jf. opptrappingsplanen for forsking. Kanalisering av ein del av avkastninga frå Forskingsfondet direkte til institusjonane i universitets- og høgskolesektoren medverkar til denne styrkinga. Av desse midlane vil 100 mill. kroner bli nytta til avansert vitskapleg utstyr ved universiteta medan 75 mill. kroner skal nyttast til rekruttering. Regjeringa vil med Kvalitetsreformen gjennomføre ei rekkje strukturendringar som vil forbetre rammetilhøva for forskingsverksemda ved universitet og høgskolar. Innføringa av eit nytt finansieringssystem som delvis skil mellom løyvingane til forsking og undervisning skal sikre stabilitet for den langsiktige forskingsverksemda. I samband med innføringa av eit nytt finansieringssystem vil departementet i tillegg prioritere 70 mill. kroner i strategiske forskingsmidlar til institusjonane i 2002, jf. nærmare omtale under kategori 07.60.

Frå 2002 set Regjeringa av 200 mill. kroner til Niels Henrik Abels minnefond. Fondet skal finansiere ein ny internasjonal pris i matematikk. Prisen skal delast ut kvart år til framståande matematikkforskarar. Ein slik pris vil kunne stimulere til auka kvalitet i forskinga og til auka rekruttering til matematikk og naturvitskap.

Regjeringa foreslår ei samla, nasjonal satsing på funksjonell genomforsking (FUGE). Satsinga er tverrsektoriell og vil styrkje biologisk grunnforsking så vel som marin og medisinsk forsking. Satsinga skal administrerast av Noregs forskingsråd. Av den delen av fondsavkastninga som blir kanalisert gjennom Forskingsrådet, foreslår Regjeringa at 100 mill. kroner skal nyttast til FUGE i 2002. For meir omtale av FUGE-satsinga, sjå omtale under kategori 07.70 på budsjettet til Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet.

Regjeringa foreslår ei monaleg styrking av den marine forskinga. Ei hovudprioritering er å auke løyvingane til Norsk institutt for fiskeri- og havbruksforsking AS (Fiskeriforsking) og Noregs forskingsråd til forsking knytt til torsk som oppdrettsart, med vekt på avl og genetikk. Det er viktig å sikre at forskingsresultata raskt kan setjast om til næringsutvikling, samtidig som meir langsiktig forsking på feltet blir styrkt. Satsinga på torskeoppdrett er nærmare omtalt i budsjettproposisjonen til Fiskeridepartementet. I tillegg er det over budsjettet til Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet gjort framlegg om å opprette ei professor- og to stipendiatstillingar ved Universitetet i Tromsø innanfor avl på og genetikk hos torsk.

Havbruksstasjonane i Austevoll, Matre og Kårvika er nedslitte og umoderne. Fiskeridepartementet vil bidra til at arbeidet med oppgradering av stasjonane blir starta opp. I budsjettforslaget er det òg lagt vekt på å auke løyvinga til vitskapleg utstyr og forvaltningsretta FoU ved Havforskingsinstituttet. Ei vesentleg satsing i 2002 er å finansiere bygginga av det nye forskingsfartøyet etter «G.O.Sars».

Løyvingane til ressursforsking er foreslått auka for å følgje opp dei nasjonale og internasjonale forpliktingane for forvaltning av fisk og sjøpattedyr. Fiskeridepartementet foreslår vidare å styrkje den generelle løyvinga til Noregs forskingsråd og tilskottet til Fiskeriforsking, og å styrkje arbeidet med trygg mat og fôr ved Fiskeridirektoratets Ernæringsinstitutt. Det er dessutan eit auka fokus på marin forsking over budsjettet til Landbruksdepartementet. Innsatsen er retta mot forsking på fiskehelse og fôr med rette eigenskapar. Landbruksdepartementet er vidare oppteke av behovet for å overføre forskingsbasert kunnskap til havbruksnæringa. Over budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet er det ein auke i løyvingane til marin bioteknologi. Regjeringa vil dessutan medverke til at det blir oppretta eit nytt selskap for marinbiologisk oppdragsforsking i Bergen, jf. omtale i budsjettproposisjonane til Nærings- og handelsdepartementet, Fiskeridepartementet og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet.

Som eit ledd i satsinga på medisinsk og helsefagleg forsking, foreslår Regjeringa mellom anna ei styrking av løyvingane til klinisk forsking ved regionsjukehusa og til ei satsing på aldersforsking i regi av Noregs forskingsråd over budsjettet til Sosial- og helsedepartementet. I tillegg foreslår Regjeringa å auke løyvingane til bioteknologisk forsking knytt til medisin og helse. For å auke rekrutteringa av medisinarar til forsking, vil det bli oppretta ei såkalla «forskarlinje» i medisin ved universiteta i 2002, jf. nærmare omtale under kategori 07.60 på budsjettet til Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet. Medisinsk og helsefagleg forsking er òg høgt prioritert innanfor budsjettet til Landbruksdepartementet. Det er naudsynt å fokusere på samanhengen mellom den maten folk et og helsetilstanden, og å få til betre koordinering mellom næringsmiddelforskinga og den medisinske forskinga.

Innanfor informasjons- og kommunikasjonsteknologisk forsking foreslår Regjeringa mellom anna også i budsjettforslaget for 2002 å auke løyvinga til telekommunikasjonsforsking over budsjettet til Samferdsledepartementet. Vidare vil Regjeringa auke løyvinga til eit senter for IKT-forsking på Fornebu (Simula-senteret) over budsjetta til Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og Nærings- og handelsdepartementet og auke satsinga på breiband m.a. gjennom HØYKOM-programmet på budsjettet til Nærings- og handelsdepartementet.

Regjeringa foreslår å styrkje forsking i skjeringsfeltet mellom miljø og energi ved å auke løyvingane til klimaforsking, inkludert forsking om og utvikling av reinseteknologi for gasskraftverk, over budsjetta til Miljøverndepartementet og Olje- og energidepartementet. Også brukarstyrt og samfunnsvitskapleg petroleumsforsking blir prioritet innanfor auken på budsjettet til Olje- og energidepartementet. Også for Landbruksdepartementet er klima- og energiforsking prioritert. Forskinga er m.a. knytt til verknader av og tilpassing til klimaendringar, og korleis aktivitetar innanfor landbruket verkar på klimagassrekneskapen. Det er vidare behov for å vurdere auka bruk av biomasse frå landbruket til energiføremål.

For å stimulere til auka FoU-innsats i norsk næringsliv, og særleg i små og mellomstore verksemder, foreslår Regjeringa å innføre ei ordning med skattefrådrag for FoU-investeringar frå verksemdene. Ordninga skal erstatte tilskottsordninga FUNN (Forsking og utvikling i eit nyskapande næringsliv), som vart oppretta 1. juli 2001. Årleg provenyverknad vil vere om lag 400 mill. kroner når verksemdene har tilpassa seg ordninga. Sjå meir omtale i skatte- og avgiftsproposisjonen til Finansdepartementet.

Forskarrekruttering

For å auke FoU-innsatsen til gjennomsnittleg OECD-nivå og betre kvaliteten i norsk forsking, må forskarrekrutteringa aukast. Høgt kvalifisert personale er ein nøkkelressurs i utviklinga av eit avansert norsk kunnskapssamfunn. Alle delar av norsk forsking er avhengige av at universitet og høgskolar blir vidareutvikla som spennande og utfordrande møtestader for nye forskargenerasjonar, og at tilgangen på personar med vitskapleg skolering og kompetanse er god.

Målet til Regjeringa for perioden 2001–2005 er at auken i talet på rekrutteringsstillingar skal vere minst 150 dei første to åra og auke til minst 200 per år dei neste åra. I 2001 vart det løyvt midlar til om lag 260 nye doktorgradsstipendiatstillingar og om lag 85 postdoktorstillingar over kategori 07.60 på budsjettet til Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet. For å betre tilgangen på forskarrekruttar ytterlegare foreslår Regjeringa å opprette 158 nye doktorgradsstipendiatstillingar ved universitet og høgskolar i 2002, og vidareføre dei stillingane som vart oppretta i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2001. Dei nye stillingane vil bli finansierte etter nye satsar, sjå omtale under kategoriane 07.60 og 07.70 på budsjettet til Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet. I tillegg kan universiteta m.a. også nytte dei strategiske forskingsmidlane til å opprette rekrutteringsstillingar. Det vil òg komme nye midlar til rekrutteringsstillingar gjennom den delen av avkastninga frå Forskingsfondet som blir kanalisert gjennom Noregs forskingsråd og gjennom auka forskingsløyvingar på budsjetta til andre departement.

I 2002 skal alle nye rekrutteringsstillingar finansierte gjennom Forskingsrådet fullfinansierast. Dette vil styrkje budsjetta til universitet og høgskolar. Regjeringa foreslår å opprette ei eiga forskarlinje i medisin i 2002 for å styrkje rekrutteringa av medisinarar til forsking, jf. omtale under kategori 07.60. Regjeringa vil òg leggje fram ei vurdering og drøfting av rekrutteringssituasjonen i universitets- og høgskolesektoren, sett i lys av den kraftige auken som er planlagt i både undervisnings- og forskingsinnsats dei nærmaste åra, jf. Innst. S. nr. 337 (2000–2001), sjå også kategori 07.60.

Målsetjinga om likestilling i norsk forsking er ikkje nådd. Likestilling føreset at begge kjønna er nokolunde likt representerte på dei ulike nivåa i forskingssystemet – frå stipendiatstillingar til høgre vitskaplege stillingar. Målet til Regjeringa er å auke kvinneprosenten i disiplinar og på fagområde med få kvinner, særleg naturvitskap og teknologi, og å auke kvinneprosenten i faste vitskaplege stillingar, særleg toppstillingar. På bakgrunn av dette vil Regjeringa frå hausten 2002 opprette 10 nye professorat som er øyremerkte for kvinner.

Noregs forskingsråd

I 2001 blir meir enn 30 pst. av statlege midlar til forsking, eller til saman om lag 3,3 mrd. kroner, kanaliserte gjennom Forskingsrådet, som dermed er ein viktig reiskap for å gjennomføre forskingspolitikken. I 2001 er nivået på løyvingane frå departementa til Forskingsrådet for første gong reelt sett høgare enn i startåret 1993. Forskingsrådet får løyvingar frå alle departementa, med unnatak av Forsvarsdepartementet. Det er stor skilnad på storleiken på løyvingane frå dei ulike departementa, jf. tabellen under.

Fordeling av løyvingar på 2001-budsjettet til Noregs forskingsråd, fordelt på områda (i mill. kroner).1 Tilsegnsfullmakter er inkluderte.

Departement

Totalt

BF

IE

KS

MH

MU

NT

Anna2

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet3

713,0

17,9

223,1

106,4

44,8

247,8

73,0

Nærings- og handelsdepartementet3

927,3

32,7

455,3

62,7

9,0

0,5

349,4

17,6

Olje- og energi­departementet3

181,4

100,2

5,9

11,1

63,5

0,7

Fiskeridepartementet

216,9

207,0

2,0

5,0

2,9

Landbruksdepartementet

288,3

260,1

10,5

14,9

2,8

Miljøverndepartementet

207,1

22,7

6,3

2,0

174,4

1,7

Arbeids- og administrasjons­departementet4

20,0

19,9

0,1

Barne- og familie­departementet

18,7

17,8

0,9

0,1

Finansdepartementet

8,1

5,5

2,0

0,6

Justisdepartementet

2,8

2,8

Kommunal- og regionaldepartementet4

79,6

55,1

20,2

4,0

0,3

Kulturdepartementet

1,9

1,9

Samferdsledepartementet

67,2

32,0

14,7

0,3

20,0

0,3

Sosial- og helse­departementet

138,1

4,0

25,5

104,1

1,0

3,0

0,5

Utanriksdepartementet

70,8

5,0

64,3

1,5

Fondet for forsking og nyskaping

204,2

37,0

4,0

29,0

28,0

19,5

42,0

44,7

Diverse inntekter

74,9

16,5

20,4

18,1

3,1

5,5

1,7

9,7

Totalt

3220,2

571,2

695,6

468,7

258,9

342,4

727,4

155,9

1Forklaring til tabellen: BF: Bioproduksjon og foredling, IE: Industri og energi, KS: Kultur og samfunn, MH: Medisin og helse, MU: Miljø og utvikling, NT: Naturvitskap og teknologi.

2Midlar til tverrgåande strategiarbeid, informasjon, vitskapleg utstyr m.m.

3I tillegg er det løyvt 173,2 mill. kroner til administrasjon over budsjettet til Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og til saman 288,5 mill. kroner til dei særskilde forvaltningsoppdraga HØYKOM, FUNN-ordninga og Demo 2000 over budsjetta til Nærings- og handelsdepartementet og Olje- og energidepartementet.

4Programløyvingar som Arbeidsmiljø-og tryggleiksavdelinga i Arbeids- og administrasjonsdepartementet har overteke ansvaret for, er oppførte under budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet.

Kilde: Noregs forskingsråd (revidert per 1. september 2001).

Tabellen nedanfor viser ein oversikt over løyvingsforslag for dei største bidragsytande departementa i 2002-budsjettet. Korrigert for tekniske endringar vil desse løyvingane få ein samla nominell auke på om lag 12,4 pst. i høve til 2001. Den delen av avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping som blir kanalisert gjennom Forskingsrådet er inkludert i dette.

Løyvingar til Noregs forskingsråd frå dei største bidragsytarane (i 1 000 kroner).

Kap./post

Departement

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

285/52 og 55

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet

807 797

885 613

920/50

Nærings- og handelsdepartementet

922 500

939 000

1830/50

Olje- og energidepartementet

180 700

214 100

1023/50

Fiskeridepartementet

210 000

234 500

1137/50

Landbruksdepartementet

120 212

131 214

1410/51 og 52

Miljøverndepartementet

114 314

127 118

Div. kap.

Sosial- og helsedepartementet

130 300

142 100

286/50

Fondet for forsking og nyskaping

203 500

350 462

Sum

2 689 323

3 024 107

Den faglege løyvinga frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet til Forskingsrådet skal sikre kvalitet og fornying i grunnforskinga samt tilstrekkeleg og effektiv forskarrekruttering av høg kvalitet. Forslaget til løyving for 2002 er 705,8 mill. kroner. Dette er ein nominell auke på ca. 3,4 pst. i høve til året før, korrigert for tekniske endringar og kompensasjon for meirverdiavgiftsreforma. I tillegg kjem forslaget til administrasjonsløyving på 179,8 mill. kroner.

Løyvinga frå Nærings- og handelsdepartementet til Forskingsrådet får ein nominell auke på 2,2 pst., korrigert for tekniske endringar. I samsvar med prioriteringane i forskingspolitikken vil departementet styrkje den strategiske forskinga innanfor næringsretta IT-forsking, bioteknologi og materialteknologi.

Den generelle løyvinga frå Olje- og energidepartementet er foreslått auka nominelt med 7,4 pst., eller 13,4 mill. kroner. I tillegg kjem midlar til prosjektretta teknologiutvikling i petroleumssektoren, jf. under. Auken er ei oppfølging av satsinga på forsking i skjeringsfeltet mellom energi og miljø. Auken vil i hovudsak bli lagd til brukarstyrt petroleumsforsking og forsking på utvikling av reinseteknologi for gasskraftverk. Også samfunnsvitskapleg petroleumsforsking blir prioritert. Løyvinga til prosjektretta teknologiutvikling i petroleumssektoren er frå 2002 flytta frå kap. 2441 post 50 til kap. 1830 post 50. Løyvinga er foreslått redusert frå 50 til 20 mill. kroner i 2002.

Løyvinga frå Fiskeridepartementet til Forskingsrådet får ei nominell styrking på 24,5 mill. kroner, dvs. 11,7 pst. i høve til 2001. I tråd med FoU-strategien til Fiskeridepartementet «FoU innen fiskeri og havbruk, havner og infrastruktur for sjøtransport», vil mellom anna havbruksforsking knytt til torsk og andre artar, trygg sjømat, marint fôr til oppdrettsfisk og grunn- og basisløyvingar til forskingsinstitutta bli prioritert i 2002.

Den generelle løyvinga frå Landbruksdepartementet til Forskingsrådet over kap. 1137 post 50 får ein nominell auke på 9,2 pst. i høve til 2001. Den nyutvikla handlingsplanen for landbruksforsking vil utgjere grunnlaget for prioriteringane i åra 2002–2005. I tråd med planen skal opptrappinga fordelast over sju innsatsområde: Trygge matvarer, Spesialiserte landbruksprodukt, Kollektive gode, Biologisk mangfald, Klima og energi, Økologisk landbruk og Kunnskapsgrunnlag for politikkutforming. Dei sju prioriterte innsatsområda er utvikla på bakgrunn av dei tematiske satsingane i Forskingsmeldinga og satsingsområda i Langtidsplanen for landbruksforsking.

Løyvingane frå Miljøverndepartementet til Forskingsrådet over kap. 1410 postane 51 og 52 får ein nominell auke på 6,5 pst. i høve til 2001, korrigert for tekniske endringar. Auken skriv seg m.a. frå ei styrking av marin forsking og forsking i skjeringsfeltet mellom miljø og energi, som er to av dei fire tematiske satsingane i forskingspolitikken. Løyvinga skal dekkje forsking innanfor mest alle resultatområda til Miljøverndepartementet. Forsking innanfor klimaendringar, vern og bruk av biologisk mangfald samt helse- og miljøfarlege kjemikaliar skal vektleggjast.

Løyvinga frå Sosial- og helsedepartementet til Forskingsrådet er foreslått auka nominelt med om lag 9,1 pst. i høve til saldert budsjett 2001. Løyvinga går til program og satsingar innanfor om­rådet Medisin og helse og til velferdsforsking innanfor området Kultur og samfunn. For 2002 er styrkinga i hovudsak tiltenkt ei satsing på aldersforsking.

Avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping skal styrkje langsiktig, grunnleggjande forsking generelt og dei meir langsiktige delane av dei fire tematiske satsingane: marin forsking, IKT, medisin og helse og forsking i skjeringsfeltet mellom miljø og energi. Av avkastninga skal 100 mill. kroner nyttast til ei satsing på funksjonell genomforsking. Avkastninga vil òg bli nytta til senter for framifrå forsking. Avkastninga over kap. 286 post 50 aukar med om lag 147 mill. kroner i høve til 2001 til 350,5 mill. kroner. I tillegg blir 175 mill. kroner i fondsavkastning kanaliserte direkte til institusjonane i universitets- og høgskolesektoren. Auken skriv seg frå at kapitalen vart utvida med 3,5 mrd. kroner frå 1. januar 2001 og ytterlegare 2,5 mrd. kroner frå juli 2001.

I tillegg får Noregs forskingsråd løyvingar frå ei rekkje andre departement. Desse løyvingane er øyremerkte for spesielle forskingsprogram og institutt.

Sjå også nærmare omtale av Noregs forskingsråd under kategori 07.70.

3 Fornying av offentleg sektor

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet tek del i fleire av prosjekta i Regjeringa si omfattande reform for fornying av offentleg sektor. Prosjektet «Betre skole» og reforma i høgre utdanning er omtalte under dei respektive kapitla. Dei øvrige prosjekta som departementet tek del i, er omtalte nedanfor.

Nasjonal vitnemålsbase (NVB)

Det er no etablert ein nasjonal base for vitnemål i høgre utdanning. Denne vil gjere inntak til universiteta og høgskolane enklare. Det er i dag samla inn over 30 000 vitnemål til basen. Ytterlegare 25 000 skal inn ved skoleslutt i år.

På kort sikt er målsetjinga med basen å effektivisere opptak til universitet og høgskolar. Årleg søkjer 70 000–80 000 til Samordna opptak, og vitnemål frå vidaregåande opplæring er i hovudsak den dokumentasjonen ein legg til grunn ved opptaket til dei ulike studiestadene. Med elektronisk tilgang til vitnemåla blir sakshandsaminga av den einskilde søknaden vesentleg redusert. På lengre sikt, når òg andre kompetansebevis kjem med, kan basen hjelpe andre brukarar, eksempelvis Statistisk sentralbyrå, Lånekassen og A-etat.

Statens lånekasse for utdanning

Statens lånekasse for utdanning har starta eit pilotprosjekt organisert som eit samarbeid mellom Lånekassen, høgskolane på Gjøvik og Lillehammer og Ergo Group. Ei gruppe andre- og tredje årsstudentar har fått «Smart-kort» og sender sine søknader elektronisk til Lånekassen. Søknadene blir behandla elektronisk. Svaret på behandlinga får dei gjennom nettsvar eller på papir i form av utbetalingsdokument. På sikt er det ønskeleg at studentane får svar elektronisk, og at pengane overførast direkte til deira bankkonto. Utviding til større studentgrupper er avhengig av framdrifta i moderniseringa av IKT-systema i Lånekassen.

Målet er at informasjonssystemmet til Lånekassen skal vere mest mogleg robust mot endringar i regelverket for tildeling av støtte. I tillegg skal Lånekassen vere open for kundane på Internett heile døgnet – eit tiltak som vil gjere livet enklare for studentane.

Tilskottsforvaltninga i Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har sett i gang ein fullstendig gjennomgang av tilskottsordningane til departementet med sikte på å oppnå ein meir formåls- og kostnadseffektiv tilskottsforvaltning. Prosjektet vil sjå på om det lar seg gjere å redusere talet på tilskottsordningar og delegere fleire tilskottsordningar til underliggjande forvaltningsnivå. Dette inngår som ledd i arbeidet med å forenkle forvaltninga i departementet, gjere ordningane meir brukarvennlege, minske detaljstyringa frå sentralt nivå, forenkle rutinane og redusere bruken av administrative ressursar til tilskottsforvaltning.

Fornying av den statlege utdanningsadministrasjonen

Departementet har byrja ein gjennomgang av den statlege utdanningsadministrasjonen. Måla for denne gjennomgangen er at ressursbruken i utdanningsadministrasjonen skal bli meir effektiv og oppgåveløysinga bli meir oversiktleg på nasjonalt nivå og på institusjonsnivå. Fleire arbeidsoppgåver skal delegerast til det nivået som utfører oppgåvene på ein mest mogleg kvalitativ og effektiv måte. Utdanningsadministrasjonen skal bli meir fleksibel med sikte på å takle nye utfordringar og oppgåver. Det er òg eit siktemål at departementet skal bli sterkare innanfor strategisk arbeid for å utvikle ein framtidsretta politikk og fungere betre som sekretariat for politisk leiing. I første fase har ein særleg vurdert forholdet mellom departementet og statens utdanningskontor, Læringssenteret, VOX-Vaksenopplæringsinstituttet og kompetansesentra for spesialundervisning. Dette arbeidet vil bli fullført innan utgangen av 2001.

Opprydding og forenkling av forskriftsverket

Departementet arbeider kontinuerleg med å forenkle talet på sentrale forskrifter. I løpet av de siste to åra har om lag 50 forskrifter vorte fjerna.

4 Miljø

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet medverker i miljøpolitikken med å gi innsikt i komplekse samanhengar i naturen, korleis menneske påverkar desse samanhengane, og korleis livskvalitet og helse er avhengig av miljøtilhøva. Departementet vil gjennom opplæring, høgre utdanning og forsking fremme ei meir berekraftig utvikling.

Miljøhandlingsplanen, som vart lagt fram høusten 2000, er ein del av regjeringas miljøvernpolitikk. Tiltaka i planen er på eit overordna og generelt nivå. Departementet tar difor sikte på å utarbeide årlege onkrete handlingsplanar som vil vise kva som skal gjennomførast, og kven som skal ha ansvar for at tiltaka blir gjennomført.

Regjeringa vil etablere ein artsdatabank frå 2002. Artsdatabanken blir lokalisert til Trondheim og knytt til Vitskapsmuseet ved Noregs teknigsk-naturvitskaplege universitet.

5 Bruk av stikkordet «kan overførast»

Under Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet blir stikkordet foreslått knytta til desse postane utanom postgruppe 30-49:

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2001

Forslag 2002

0202

70

Tilskott til læremiddel o.a.

960

33 813

0221

60

Tilskott til verkemiddeltiltak i Nord-Noreg

1 036

17 982

0221

63

Tilskott til skolefritidsordningar

-

434 915

0224

68

Det samiske utdanningsområdet

312

30 938

0226

21

Særskilde driftsutgifter

-

355 268

0228

21

Særskilde driftsutgifter

20 627

-

0229

62

Kompensasjon for meirutgifter i samband med mellombels lokale

23 163

-

0243

60

Tilskott til kommunar og fylkeskommunar

5 597

82 600

0249

21

Særskilde driftsutgifter

7 766

-

0248

21

Særskilde driftsutgifter

-

193 709

0259

21

Særskilde driftsutgifter

43 809

100 718

0260

70

Tilskott til Senter for studium av Holocaust og livssynsminoritetane si stilling i Norge

40 000

-

0270

75

Tilskott til bygging av studentbustader

69 498

192 453

0281

60

Tilskott til RiT 2000

740

-

0281

79

Tilskott til RiT 2000

-

190 923

0281

76

Tilskott til NORDUnet

5 804

33 632

0283

72

Internasjonale samarbeidsprosjekt

323

49 129

0294

79

Til disposisjon for departementet

210

500

6 Oversikt over forslaget til budsjett for Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet

Utgifter fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

Pst. endr. 01/02

Administrasjon

0200

Kyrkje-, utdannings- og forskings­departementet (jf. kap. 3200)

166 904

150 362

157 133

4,5

0202

Læringssenteret (jf. kap. 3202)

46 191

109 609

109 015

-0,5

0203

Statens utdanningskontor (jf. kap. 3203)

142 417

109 601

106 127

-3,2

0204

Foreldreutvalet for grunnskolen (jf. kap. 3204)

5 060

5 169

5 395

4,4

0206

Samisk utdanningsadministrasjon

24 593

25 954

25 687

-1,0

0210

Tilskott til trudomssamfunn m.m. og privatåtte skole- og kyrkjebygg

91 414

115 567

96 359

-16,6

Sum kategori 07.10

476 579

516 262

499 716

-3,2

Grunnskolen og vidaregåande opplæring

0221

Grunnskolen (jf. kap. 3221)

1 305 699

1 334 956

1 899 923

42,3

0222

Statens grunnskolar og grunn- skoleinternat (jf. kap. 3222)

49 316

48 979

41 767

-14,7

0223

Vidaregåande opplæring

214 122

0224

Fellestiltak i grunnskolen og vidaregåande opplæring

238 906

0226

Kvalitetsutvikling i grunnskolen og vidaregåande opplæring

355 268

0228

Kvalitetsutvikling i grunnskolen

238 405

316 373

-100,0

0229

Andre formål i grunnskolen

534 069

578 842

-100,0

0232

Statlege skolar med opplæring på vidaregåande nivå (jf. kap. 3232)

103 121

Sum kategori 07.20

2 127 489

2 279 150

2 853 107

25,2

Vidaregåande opplæring

0231

Tilskott til vidaregåande opplæring

293 573

279 526

-100,0

0232

Statlege skolar med opplæring på vidaregåande nivå (jf. kap. 3232)

158 231

153 154

-100,0

0234

Tilskott til lærebedrifter m.m.

302 555

325 522

-100,0

0238

Kvalitetsutvikling i vidaregåande opplæring (jf. kap. 3238)

82 381

84 163

-100,0

0239

Andre formål i vidaregåande opplæring

251 451

261 100

-100,0

Sum kategori 07.30

1 088 191

1 103 465

-100,0

Andre tiltak i utdanninga

0240

Private skolar mv.

1 098 571

1 199 129

1 316 313

9,8

0243

Kompetansesenter for spesialundervisning (jf. kap. 3243)

792 370

782 556

803 150

2,6

0244

Nasjonalt læremiddelsenter (jf. kap. 3244)

63 170

0248

Særskilde IKT-tiltak i utdanninga

196 604

0249

Andre tiltak i utdanninga

121 949

183 926

52 349

-71,5

Sum kategori 07.40

2 076 060

2 165 611

2 368 416

9,4

Vaksenopplæring

0253

Folkehøgskolar

373 502

405 950

408 993

0,7

0254

Tilskott til vaksenopplæring (jf. kap. 3254)

818 105

719 700

903 707

25,6

0256

VOX - Vaksenopplæringsinstituttet (jf. kap. 3256)

70 242

65 028

65 260

0,4

0258

Forsking, utviklingsarbeid og fellestiltak i vaksenopplæringa

87 484

86 646

80 063

-7,6

0259

Kompetanseutviklingsprogrammet

6 191

100 000

100 718

0,7

Sum kategori 07.50

1 355 524

1 377 324

1 558 741

13,2

Høgre utdanning

0260

Universitetet i Oslo

2 752 824

2 244 296

2 553 165

13,8

0261

Universitetet i Bergen

1 684 197

1 359 245

1 552 737

14,2

0262

Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet

2 174 333

1 739 929

2 011 902

15,6

0263

Universitetet i Tromsø

955 280

776 906

865 846

11,4

0264

Noregs handelshøgskole

206 381

185 206

184 254

-0,5

0265

Arkitekthøgskolen i Oslo (jf. kap. 3265)

43 488

60 207

51 728

-14,1

0268

Noregs idrettshøgskole

100 401

90 660

82 625

-8,9

0269

Noregs musikkhøgskole (jf. kap. 3269)

93 334

92 202

98 242

6,6

0270

Studium i utlandet og sosiale formål for elevar og studentar

370 719

394 065

370 887

-5,9

0273

Statlege kunsthøgskolar (jf. kap. 3273)

154 698

157 964

198 804

25,9

0274

Statlege høgskolar (jf. kap. 3274)

5 864 722

5 880 048

6 111 311

3,9

0278

Noregs landbrukshøgskole

500 524

507 381

339 471

-33,1

0279

Noregs veterinærhøgskole (jf. kap. 3279)

232 647

212 318

226 583

6,7

0281

Fellesutgifter for universitet og høgskolar (jf. kap. 3281)

683 213

790 924

695 430

-12,1

0282

Privat høgskoleutdanning

369 581

395 794

418 021

5,6

Sum kategori 07.60

16 186 342

14 887 145

15 761 006

5,9

Forsking

0283

Det norske meteorologiske institutt (jf. kap. 3283)

345 510

345 013

355 882

3,2

0285

Noregs forskingsråd

782 249

807 797

885 613

9,6

0286

Fondet for forsking og nyskaping (jf. kap. 3286)

1 090 000

3 703 500

1 350 462

-63,5

0287

Forskingsinstitutt og andre tiltak

101 349

87 529

296 706

239,0

0288

Internasjonale samarbeidstiltak

332 688

92 070

130 005

41,2

Sum kategori 07.702 651 7965 035 9093 018 668-40,1

Utdanningsfinansiering

2410

Statens lånekasse for utdanning (jf. kap. 5310)

14 915 780

15 909 453

19 037 813

19,7

Sum kategori 07.80

14 915 780

15 909 453

19 037 813

19,7

Den norske kyrkja

0294

Kyrkjeleg administrasjon (jf. kap. 3294)

305 748

283 249

229 998

-18,8

0295

Presteskapet (jf. kap. 3295)

581 530

587 462

532 285

-9,4

0297

Nidaros domkyrkje m.m. (jf. kap. 3297)

28 068

26 988

31 643

17,2

0299

Opplysningsvesenets fond

35 314

41 500

-100,0

Sum kategori 07.90

950 660

939 199

793 926

-15,5

Sum programområde 07

41 828 421

44 213 518

45 891 393

3,8

Sum utgifter

41 828 421

44 213 518

45 891 393

3,8

Utgifter fordelte på postgrupper

 

(i 1 000 kr)

Post-gruppe

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

Pst. endr. 01/02

01-29

Driftsutgifter

17 733 202

10 829 446

8 403 055

-22,4

30-49

Nybygg, anlegg o.a.

709 225

382 705

229 902

-39,9

50-59

Overføringar til andre statsrekneskapar

982 493

7 225 365

12 662 091

75,2

60-69

Overføring til kommunesektoren

3 058 161

2 939 507

2 922 012

-0,6

70-89

Overføring til private

10 402 533

11 267 287

9 864 125

-12,5

90-99

Utlån, avdrag o.a.

8 942 807

11 569 208

11 810 208

2,1

Sum under departementet

41 828 421

44 213 518

45 891 393

3,8

Inntekter fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

Pst. endr. 01/02

Administrasjon

3200

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet (jf. kap. 200)

7 017

721

2 500

246,7

3202

Læringssenteret (jf. kap. 202)

10 708

18 935

19 503

3,0

3203

Statens utdanningskontor (jf. kap. 203)

27 631

11 351

11 655

2,7

3204

Foreldreutvalet for grunnskolen (jf. kap. 204)

219

206

212

2,9

Sum kategori 07.10

45 575

31 213

33 870

8,5

Grunnskolen og vidaregåande opplæring

3221

Grunnskolen (jf. kap. 221)

48 114

24 395

46 388

90,2

3222

Statens grunnskolar og grunn- skoleinternat (jf. kap. 222)

2 401

340

350

2,9

3232

Statlege skolar med opplæring på vidaregåande nivå (jf. kap. 232)

5 951

Sum kategori 07.20

50 515

24 735

52 689

113,0

Vidaregåande opplæring

3232

Statlege skolar med opplæring på vidaregåande nivå (jf. kap. 232)

17 089

12 721

-100,0

3238

Kvalitetsutvikling i vidaregåande opplæring (jf. kap. 238)

924

2 060

-100,0

Sum kategori 07.30

18 013

14 781

-100,0

Andre tiltak i utdanninga

3243

Kompetansesenter for spesial- undervisning (jf. kap. 243)

63 960

47 083

48 505

3,0

3244

Nasjonalt læremiddelsenter (jf. kap. 244)

13 183

Sum kategori 07.40

77 143

47 083

48 505

3,0

Vaksenopplæring

3254

Tilskott til vaksenopplæring (jf. kap. 254)

99 286

57 112

20 074

-64,9

3256

VOX - Vaksenopplæringsinstituttet (jf. kap. 256)

22 694

17 658

18 188

3,0

Sum kategori 07.50

121 980

74 770

38 262

-48,8

Høgre utdanning

3260

Universitetet i Oslo (jf. kap. 260)

777 196

3261

Universitetet i Bergen (jf. kap. 261)

466 517

3262

Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (jf. kap. 262)

496 926

3263

Universitetet i Tromsø (jf. kap. 263)

234 721

3264

Noregs handelshøgskole (jf. kap. 264)

39 809

19 609

-100,0

3265

Arkitekthøgskolen i Oslo (jf. kap. 265)

4 465

4 666

4 671

0,1

3268

Noregs idrettshøgskole (jf. kap. 268)

23 992

13 760

-100,0

3269

Noregs musikkhøgskole (jf. kap. 269)

3 265

1 491

1 500

0,6

3273

Statlege kunsthøgskolar (jf. kap. 273)

7 590

4 665

5 792

24,2

3274

Statlege høgskolar (jf. kap. 274)

663 089

419 991

325 453

-22,5

3278

Noregs landsbrukshøgskole (jf. kap. 278)

188 886

183 342

-100,0

3279

Noregs veterinærhøgskole (jf. kap. 279)

93 140

77 332

81 999

6,0

3281

Fellesutgifter for universitet og høgskolar (jf. kap. 281)

21 130

277

1 285

363,9

Sum kategori 07.60

3 020 726

725 133

420 700

-42,0

Forsking

3283

Det norske meteorologiske institutt (jf. kap. 283)

150 652

142 928

147 214

3,0

3286

Fondet for forsking og nyskaping (jf. kap. 286)

85 598

203 500

525 462

158,2

Sum kategori 07.70

236 250

346 428

672 676

94,2

Utdanningsfinansiering

5310

Statens lånekasse for utdanning (jf. kap. 2410)

5 231 060

5 566 066

5 448 554

-2,1

5617

Renter frå Statens lånekasse for utdanning (jf. kap. 2410)

4 086 522

4 941 000

5 451 800

10,3

Sum kategori 07.80

9 317 582

10 507 066

10 900 354

3,7

Den norske kyrkja

3294

Kyrkjeleg administrasjon (jf. kap. 294)

31 657

6 835

19 300

182,4

3295

Presteskapet (jf. kap. 295)

39 896

18 057

5 899

-67,3

3297

Nidaros domkyrkje m.m. (jf. kap. 297)

12 417

7 713

8 945

16,0

3299

Opplysningsvesenets fond (jf. kap. 299)

35 313

41 500

-100,0

Sum kategori 07.90

119 283

74 105

34 144

-53,9

Sum programområde 07

13 007 067

11 845 314

12 201 200

3,0

Sum inntekter

13 007 067

11 845 314

12 201 200

3,0

Inntekter fordelte på postgrupper

 

(i 1 000 kr)

Post-gruppe

Nemning

Rekneskap 2000

Saldert budsjett 2001

Forslag 2002

Pst. endr. 01/02

01-29

Sal av varer og tenester o.a.

3 504 548

1 090 342

768 278

-29,5

30-49

Inntekter i samband med nybygg, anlegg o.a.

27 475

5 710

-100,0

50-89

Skatter, avgifter og andre overføringar

4 363 871

5 318 262

6 123 922

15,1

90-99

Utlån, avdrag o. a.

5 111 173

5 431 000

5 309 000

-2,2

Sum under departementet

13 007 067

11 845 314

12 201 200

3,0