St.prp. nr. 1 (2003-2004)

FOR BUDSJETTERMINEN 2004 — Utgiftskapittel: 1400-1471, 2422 og 2465 Inntektskapittel: 4400-4471, 5322 og 5621

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiing

1 Oversiktstabellar

1.1 Regjeringa sin økonomiske politikk

Regjeringa sitt hovudmål for den økonomiske politikken er arbeid til alle, auka verdiskaping, vidareutvikling av det norske velferdssamfunnet, rettferdig fordeling og berekraftig utvikling. Eit sterkt og konkurransedyktig næringsliv er ein føresetnad for å nå desse måla.

På lang sikt er det vekstevna i fastlandsøkonomien som avgjer utviklinga i velferden i Noreg. Den økonomiske politikken må derfor leggje avgjerande vekt på å fremje verdiskaping og produktivitet både i offentleg og privat sektor.

Regjeringa vil følgje retningslinjene for ei forsvarleg, gradvis innfasing av oljeinntektene i økonomien som det var brei semje om ved behandlinga i Stortinget av St.meld. nr. 29 (2000-2001) Retningslinjer for den økonomiske politikken. Den økonomiske politikken må samtidig medverke til ei stabil utvikling i produksjon og sysselsetjing. Retningslinjene inneber at pengepolitikken blir retta inn mot låg og stabil inflasjon. På den måten har pengepolitikken fått ei klar rolle i å stabilisere den økonomiske utviklinga.

Ny informasjon om utviklinga i internasjonal økonomi kan tyde på at veksten er i ferd med å ta seg opp, sjølv om biletet ikkje er eintydig. Det er grunn til å tru at effektane av lettane i pengepolitikken i USA og ei rekkje EU-land gjennom dei siste åra ikkje er uttømte. I USA medverkar også ein ekspansiv finanspolitikk til trekkje opp aktivitetsnivået.

Veksten i norsk økonomi har vore moderat dei siste par åra. Ei monaleg svekt kostnadsmessig konkurranseevne og internasjonal lågkonjunktur har ført til ei svak utvikling i eksporten av tradisjonelle varer og tap av marknadsdelar både heime og ute. Fall i investeringane har gitt negative impulsar mot fastlandsøkonomien.

Vekstutsiktene betra seg likevel gjennom sommarmånadene i år. Lågare renter har truleg medverka til sterk vekst i varekonsumet dei siste månadene. Betra kjøpekraft pga. låg prisstiging og ytterlegare stimulansar frå det låge rentenivået trekkjer i retning av framhalden sterk vekst i privat forbruk. Kombinert med utsikter til sterk oppgang i oljeinvesteringane, medverkar desse faktorane til at veksten i norsk økonomi neste år er venta å ta seg meir opp i 2004 enn det som er lagt til grunn i Revidert nasjonalbudsjett 2003.

Utviklinga i arbeidsmarknaden er prega av den svake veksten i fastlandsøkonomien i år. Sysselsetjinga har falle meir enn lagt til grunn i Revidert nasjonalbudsjett, og arbeidsløysa (AKU) auka markert gjennom første halvår i år. Erfaringa viser at det vil ta tid før sterkare økonomisk vekst slår ut i betring i arbeidsmarknaden. Arbeidsløysa er i Nasjonalbudsjettet til 2004 stipulert til å stabilisere seg mot slutten av inneverande år og bli noko redusert gjennom 2004.

1.2 Utgifter

Miljøverndepartementet har gjennom rasjonaliserings- og effektiviseringstiltak og omprioritering av ressursbruk frå drifts- og utgreiingsoppgåver, frigjort midlar til reelle miljøtiltak. Dette gjer det mogleg i budsjettet for 2004 å halde fram med satsinga på å gjennomføre nasjonalparkplanen, gjennomføre nytt barskogvern, auke kjøpet av friluftsområde, styrkje oppsynsverksemd og skjøtsel i nasjonalparkane, trappe opp oppryddingsarbeidet i forureina sediment og styrkje satsinga på tiltak for å redde villaksen og fjellreven i norsk natur, innanfor om lag dei same rammene som i 2003.

Regjeringa foreslår ei samla løyving til Miljøverndepartementet på 2 637,6 mill. kr. Justert for tekniske endringar/konsekvensjusteringar inneber det praktisk talt ei vidareføring av budsjettrammene for 2003.

Nominelt er budsjettet om lag 143 mill. kr lågare enn saldert budsjett for 2003. Om lag 110 mill. kr av nedgangen skuldast at det i 2004 ikkje blir ført opp tilskot til modernisering av nikkelverket på Kola. Det blir rekna med at framdrifta blir seinka 1 - 1,5 år pga. problem med handteringa av dei store mengdene med svovelsyre som vil bli produsert. 12,6 mill. kr er midlar som er overført til andre departement. Av dette er 10,1 mill. kr overført til Kommunal- og regionaldepartementet saman med ansvaret for m.a. tilskot til kommunal overvaking og kartlegging av biologisk mangfald, og tilskot til heilskapleg vassforvaltning. Utover dette skuldast differansen ein reduksjon i statsoppdraget til Statens Kartverk, som blir dekt inn gjennom ei omorganisering og skarpstilling av Kartverket.

Utgifter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

Pst. endr. 03/04

1400

Miljøverndepartementet (jf. kap. 4400)

385.146

452.350

310.735

-31,3

1410

Miljøvernforsking og miljøovervåking (jf. kap. 4410)

337.280

329.912

326.443

-1,1

Sum kategori 12.10

722.426

782.262

637.178

-18,5

Utgifter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

Pst. endr. 03/04

1425

Vilt- og fisketiltak (jf. kap. 4425)

66.324

61.510

67.500

9,7

1426

Statens naturoppsyn (jf. kap. 4426)

88.950

87.657

92.845

5,9

1427

Direktoratet for naturforvaltning (jf. kap. 4427)

424.287

504.205

511.573

1,5

Sum kategori 12.20

579.561

653.372

671.918

2,8

Utgifter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

Pst. endr. 03/04

1429

Riksantikvaren (jf. kap. 4429)

222.025

228.177

221.580

-2,9

1432

Norsk kulturminnefond (jf. Kap 4432)

200.000

6.500

13.000

100,0

Sum kategori 12.30

422.025

234.677

234.580

0,0

Utgifter under programkategori 12.40 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

Pst. endr. 03/04

1441

Statens forureiningstilsyn (jf. kap. 4441)

644.101

610.444

615.834

0,9

1443

Statens beredskapsansvar mot akutt forureining

63.692

1444

Produktregisteret

12.619

14.640

14.203

-3,0

2422

Statens miljøfond

36.330

16.350

200

-98,8

Sum kategori 12.40

756.742

641.434

630.237

-1,7

Utgifter under programkategori 12.50 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

Pst. endr. 03/04

1463

Regional og lokal planlegging

992

1465

Statens kjøp av tenester i Statens kartverk

379.378

349.254

331.323

-5,1

2465

Statens kartverk (jf. kap. 5491 og 5603)

3.806

9.896

12.000

21,3

Sum kategori 12.50

384.175

359.150

343.323

-4,4

Utgifter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

Pst. endr. 03/04

1471

Norsk Polarinstitutt (jf. kap. 4471)

108.979

109.283

120.320

10,1

Sum kategori 12.60

108.979

109.283

120.320

10,1

1.3 Inntekter

Inntekter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

Pst. endr. 03/04

4400

Miljøverndepartementet (jf. kap. 1400)

5.312

1.375

1.425

3,6

4410

Miljøvernforsking (jf. kap. 1410)

4.668

4.000

4.000

0,0

Sum kategori 12.10

9.980

5.375

5.425

0,9

Inntekter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

Pst. endr. 03/04

4425

Refusjonar frå Viltfondet og Statens fiskefond (jf. kap. 1425)

67.345

61.510

67.500

9,7

4426

Statens naturoppsyn (jf. kap 1426)

301

110

114

3,6

4427

Direktoratet for naturforvaltning (jf. kap. 1427)

14.671

11.339

11.665

2,9

Sum kategori 12.20

82.318

72.959

79.279

8,7

Inntekter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

Pst. endr. 03/04

4429

Riksantikvaren (jf. kap. 1429)

6.918

4.029

4.194

4,1

4432

Norsk kulturminnefond (jf kap 1432)

6.500

13.000

100,0

Sum kategori 12.30

6.918

10.529

17.194

63,3

Inntekter under programkategori 12.40 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

Pst. endr. 03/04

4441

Statens forureiningstilsyn (jf. kap. 1441)

65.027

55.146

58.146

3,6

4444

Produktregisteret (jf kap 1444)

304

5322

Statens miljøfond, avdrag

10.303

14.000

14.000

0,0

5621

Statens miljøfond, renteinntekter

6.702

9.000

7.000

-22,2

Sum kategori 12.40

82.335

78.146

79.146

0,0

Inntekter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

Pst. endr. 03/04

4471

Norsk Polarinstitutt (jf. kap. 1471)

29.585

37.706

34.593

-8,3

Sum kategori 12.60

29.585

37.706

34.593

-8,3

Utgifter fordelte på postgrupper

 

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

Pst. endr. 03/04

01-01

Driftsutgifter

771.049

679.454

695.843

2,4

11-23

Varer og tenester

610.592

564.478

542.199

-3,9

24-24

Driftsresultat

-4.000

-4.000

-100,0

30-49

Nybygg, anlegg mv.

148.231

261.983

288.685

10,2

50-59

Overføringar til andre statsrekneskapar

241.326

228.102

236.602

3,7

60-69

Overføringar til kommunar

82.904

19.200

6.000

-68,8

70-89

Overføringar til private

888.282

1.015.461

868.227

-14,5

90-99

Utlån, avdrag mv.

235.525

15.500

-100,0

Sum under departementet

2.973.907

2.780.178

2.637.556

-5,1

Inntekter fordelte på postgrupper

 

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2002

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

Pst. endr. 03/04

01-29

Sal av varer og tenester mv.

119.970

107.405

107.837

-0,5

50-91

Skattar, avgifter og andre overføringar

91.166

97.310

107.800

10,8

Sum under departementet

211.136

204.715

215.637

4,8

Oversikt over bruk av stikkordet «kan overførast»

Det er føreslått å knyte stikkordet «kan overførast» til dei postane som er viste i tabellen nedanfor. Dette er postar der det knyter seg stor uvisse til utbetalingsår, og for å kunne sikre utbetaling av tilsegn om tilskot gitt i 2003 og tidlegare år, må postane tilføyast stikkordet «kan overførast».

Under Miljøverndepartementet blir stikkordet foreslått knytt til desse postane:

Under Miljøverndepartementet blir stikkordet foreslått knytt til desse postane utanom postgruppe 30-49

 

( i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2003

Forslag 2004

1400

60

Tilskot til lokalt miljøvern

23

1400

72

Miljøverntiltak i nordområda

7.000

1400

73

Tilskot til kompetanseformidling og informasjon om miljøvennleg produksjon og forbruk

26.713

1400

74

Tilskot til AMAP

2.200

1400

75

Miljøvennleg byutvikling

2.226

4.000

1400

76

Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak

1.973

8.371

1400

78

Miljøtiltak til nikkelverka på Kola

24.438

1410

60

Kommunal overvaking og kartlegging av biologisk mangfald

9

1425

61

Tilskot til kommunale vilttiltak

541

6.000

1425

70

Tilskot til fiskeformål

412

5.000

1425

71

Tilskot til viltformål

2.469

28.135

1427

60

Kommunal naturforvaltning

15

1427

70

Tilskot til kalking og lokale fiskeføremål

381

83.200

1427

73

Førebyggjande tiltak mot rovviltskade og omstillingstiltak

955

29.000

1427

74

Tilskot til friluftslivstiltak

51

8.170

1427

76

Tilskot til kulturlandskapstiltak

5

1427

77

Tilskot til naturinformasjonssenter

10.400

1427

78

Friluftsrådas landsforbund og interkommunale friluftsråd

5.300

1429

72

Vern og sikring av freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø

92.080

1429

73

Brannsikring og beredskapstiltak

346

7.953

1429

74

Fartøyvern

19.004

1429

75

Internasjonalt samarbeid

15

900

1441

63

Tilskot til kommunale avløpstiltak

7.106

1441

65

Tilskot til heilskapleg vassforvaltning

3.575

1441

77

Tilskot til innsamling av isolerglasruter som inneheld PCB

1.021

1441

78

Tilskot til energiutnytting frå avgiftspliktige sluttbehandlingsanlegg for avfall

37.500

1465

21

Betaling for statsoppdraget

9.594

331.323

1471

21

Spesielle driftsutgifter

14.000

2422

90

Statens miljøfond, lån

3.802

Tabell 1.1 Oversikt over talet på årsverk pr. 01.03.2003 under Miljøverndepartementet

Kapittel

Nemning

Tal årsverk

1400

Miljøverndepartementet

225

1427

Direktoratet for naturforvaltning

181

1429

Riksantikvaren

128

1441

Statens forureiningstilsyn

250

1444

Produktregisteret

19

2465

Statens kartverk

581

1471

Norsk polarinstitutt

104

Sum

1 488

2 Prioriteringar i Miljøverndepartementet sitt budsjett for 2004

Miljøverndepartementet sitt budsjett er eitt av dei viktigaste verkemidla i miljøvernpolitikken, og omtaler dei viktigaste prioriteringane for 2004. Dette kapittelet gir ein kort gjennomgang av hovudutfordringane i miljøvernpolitikken, og hovudtrekka i Regjeringa sin politikk også utover dei konkrete budsjettsatsingane for neste år. Det er òg gitt ein omtale av miljøsatsingar på budsjetta til andre departement. Budsjettforslaget for Miljøverndepartementet for 2004 er på 2 637,6 mill. kr.

Gjennom omprioriteringar på Miljøverndepartementet sitt budsjett, m.a. større reduksjonar i driftsutgiftene og målretta auke av tilskotspostane på budsjettet, er det mogleg å prioritere styrkt innsats på fleire viktige felt innafor miljøvernet. Satsingane følgjer opp hovudområde som er omtalte i sentrale meldingar og proposisjonar som Regjeringa har lagt fram:

  • St.meld. nr. 12 (2001-2002) Rent og rikt hav

  • St.meld. nr. 15 (2001-2002) Tilleggsmelding til St.meld. nr. 54 (2000-2001) Norsk klimapolitikk

  • St.meld. nr. 23 (2001-2002) Bedre miljø i byer og tettsteder

  • St.prp. nr. 79 (2001-2002) Om nasjonale laksevassdrag og laksefjorder

  • St.prp. nr. 49 (2001-2002) Om samtykke til ratifikasjon av Kyotoprotokollen av 11. desember 1997 til FNs rammekonvensjon om klimaendring av 9. mai 1992

  • St.meld. nr. 25 (2002-2003) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand

  • St.meld. nr. 30 (2002-2003) «Norge digitalt» - et felles fundament for verdiskaping

Regjeringa prioriterer høgt å ta vare på norsk natur, og følgjer opp nasjonalparkplanen, barskogplanen, arbeidet med fylkesvise verneplanar og marin verneplan. Regjeringa har fremja ein strategi for auka skogvern i St.meld. nr 25 (2002-2003) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstandsom vart lagt fram våren 2003. Regjeringa vil løyve meir til kjøp av friluftsområde. Nye nasjonalparksenter vil bli oppretta, og skjøtselstiltak i nasjonalparkane vil bli prioriterte. Det vil bli løyvd meir midlar til Statens naturoppsyn for å styrkje oppsynet i nasjonalparkane. Tiltak for å halde nede lakseparasitten Gyrodactylus salaris, og tiltak for å berge den truga fjellreven, vil òg bli prioriterte. Desse tiltaka blir følgde opp med løyvingsforslag eller tilsegnsfullmakter i budsjettet. I 2004 vil Regjeringa halde fram opptrappinga av arbeidet med forureina sediment, PCB og andre miljøgifter, både gjennom førebyggjande tiltak og i høve til å rydde opp i «gamle synder».

Tar vare på norsk natur

Regjeringa legg stor vekt på å sikre dei nasjonalparkane vi har, og gjennomføre planen for å ta vare på nye område. Som nye nasjonalparkar neste år er planlagt Varangerhalvøya, Reinheimen og Folgefonna, som landskapsvernområde Naustdal/Gjengedal, Geiranger/Herdal, Ålfotbreen, ytre kystsone Flekkefjord og ytre kystsone Kristiansand/Mandal, og utviding av Gutulia nasjonalpark. Nye nasjonalparksenter vil bli oppretta, og forvaltnings- og skjøtselstiltak i nasjonalparkane vil bli prioriterte. Det er lagt inn ein monaleg auke i budsjettet for å styrkje oppsyn i regi av Statens naturoppsyn i nye nasjonalparkar og andre verneområde. For 2004 er det foreslått å løyve meir midlar til kjøp av friluftsområde, mellom anna for å sikre strandperler for allmenta.

Regjeringa vil intensivere arbeidet med skogvernet etter at den førre planen for barskogvern no er fullført, og foreslår auka løyvingar til nytt vern i 2004. Dette gir rom for oppkjøp og vern av område, og midlar til å gjennomføre nye verneprosessar. Frivillig vern som verneform, og aktiv bruk av Statskogareal for å auke skogvernet, vil bli prioritert.

Bevaring av det biologiske mangfaldet

For å ta vare på den norske villaksstamma, vil Regjeringa trappe opp kampen mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris. Dei to siste åra er løyvingane på dette feltet meir enn dobla, og innsatsen vil bli styrkt vidare i 2004. Så langt er parasitten fjerna frå 17 av 42 vassdrag. Truslane mot villaksen gjer at det òg er sett av midlar til overvaking, bevaringstiltak og forsking på villaks. Ordninga med nasjonale laksevassdrag og laksefjordar er komen på plass og vil bli ferdigstilt i 2004/2005.

Arbeidet med å redde fjellreven frå utrydding blir ytterlegare styrkt i 2004. Det blir arbeidd med eit prosjekt for innfanging og avl av fjellrev for seinare utsetjing i naturen. Raudrevkontroll er eit tiltak som vil bli nærare vurdert. I tillegg driv ein nødvendig overvaking av fjellreven. Gjennomføringa av nasjonalparkplanen er med på å sikre leveområda for fjellreven. Miljøverndepartementet har sidan 2002 stadig auka innsatsen for å ta vare på fjellreven.

Innafor rovdyrforvaltninga vil ein føre vidare arbeidet med å etablere førebyggjande tiltak som skil rovdyr og husdyr. Nivået på rovvilterstatningane blir ført vidare omtrent på same nivå.

Forureina sediment og utslepp til sjø

Det vart i St.meld. nr. 12 (2001-2002) Rent og rikt hav gitt ein brei presentasjon av arbeidet med forureina sediment, og trekt opp ein ny heilskapleg strategi for det vidare arbeidet med opprydding i forureina sediment. Strategien legg opp til at pålegg etter forureiningslova er hovudverkemiddelet der forureinaren er kjend. Det er sett i gang aktivitetar på alle satsingsområda i strategien, m.a. fylkesvise tiltaksplanar, opprydding i fire høgrisikoområde med spreiingsfare, utarbeiding av oversikt over stader der det kan vere forureining frå skipsverft og småbåthamner, og pilotprosjekt som skal skaffe erfaring med konkret oppryddingsarbeid. Det blir i haust oppretta eit nasjonalt råd for forureina sediment. Utover dette føregår det viktige forskings- og overvakingsaktivitetar på feltet. Dette arbeidet vil halde fram med auka innsats. Staten vil medverke med midlar til opprydding i område der det ikkje er mogleg å identifisere dei ansvarlege, eller der det ikkje er rimeleg å påleggje dei ansvarlege dei fulle kostnadane, og til kunnskapsoppbygging og nødvendig overvaking på feltet.

For å betre kunnskapsgrunnlaget om moglege langtidsverknader av utslepp til sjø frå petroleumsverksemda, etablerte Noregs forskingsråd i 2002 eit eige forskingsprogram om langtidsverknader av utslepp til sjø frå petroleumsverksemda (PROOF). Totalbudsjettet for 2004 er 20 mill. kr. Regjeringa vil føre vidare programmet i 2004. Programmet blir finansiert av Olje- og energidepartementet, Miljøverndepartementet (2 mill. kr) og industrien.

Klima

Regjeringa gir høg prioritet til arbeidet med å redusere klimagassutslepp både globalt og nasjonalt. Den vil på den niande Partskonferansen under Klimakonvensjonen i desember 2003 arbeide for at spørsmålet om ytterlegare reduksjonar av klimagassutslepp, og eit meir globalt klimaregime etter første periode av Kyotoprotokollen, blir teke opp. Tilleggsmeldinga om klimapolitikken, som Regjeringa la fram våren 2002, inneheld ein plan for korleis Noreg skal møte utsleppskrava i Kyotoprotokollen. EU vedtok i juli 2003 eit direktiv om handel med klimakvotar. Regjeringa vil leggje fram ei eiga sak om kvotesystemet. Den endelege utforminga av enkeltelementa i dette systemet vil bli sett i lys av EU-direktivet, og utforminga vil skje i nær dialog med industrien. Denne dialogen er allereie godt i gang.

Kulturminne

Eit viktig mål er å redusere tapet av kulturminne og å ta kulturminna i bruk som bidrag til kunnskap og opplevingar for den enkelte, og som ressurs i samfunnsutviklinga. Satsinga på kulturminneområdet held fram. Regjeringa vil særleg prioritere arbeidet med å sikre dei norske verdsarvområda og følgje opp dei nye nominasjonane til verdsarvlista. Regjeringa vil òg prioritere nasjonalt viktige kulturminne, som stavkyrkjene, andre bygningar frå mellomalderen og kulturminne som er freda etter eige vedtak. Regjeringa vil dessutan medverke til å sikre dei kulturminneverdiane som er knytte til kystkulturen, både fartøy og anlegg på land. Regjeringa legg vekt på at tilskotsmidlane i hovudsak skal gå til konkrete tiltak på kulturminna.

Særskilte satsingar i 2004 er:

  • Verdsarvarbeidet;

    • Verdsarvområdet Bergstaden Røros blir i budsjettet for 2004 styrkt med 5,5 mill. kr samanlikna med 2003. Samla innsats til Bergstaden Røros blir etter dette om lag 12,9 mill. kr i 2004. Satsinga vil omfatte ei rad tiltak knytte til aktivitetar som er i gang, som uthusprosjektet i Bergstaden, skjøtsel og istandsetjing i Småsetranområdet, tiltak for å betre tilstanden til dei freda bygningane, auka brannsikringsinnsats, tiltak knytte til bygningar og anlegg etter Røros Kopparverk. Innanfor dei samla midlane som blir prioriterte til Bergstaden Røros, vil det bli øyremerkt 2 mill. kr for å setje i stand Røroskyrkja.

    • Verdsarvområdet Bryggen i Bergen blir i budsjettet styrkt med 2 mill. kr i 2004, samanlikna med 2003.

  • Stavkyrkjeprogrammet; programmet blir ført vidare. Det er avsett 2 mill. kr for styrkje arbeidet med å etablere eit besøkssenter ved Borgund stavkyrkje.

  • Kaupangprosjektet; det vil bli sett av 1 mill. kr til sluttføring av prosjektet i 2004. Det vil bli lagt vekt på formidling av funna frå utgravingane.

  • Kystkultur og fartøyvern; innanfor ramma av tilskotsmidlane på kap. 1429 post 72 vil det bli gjort ei sterkare prioritering av kystkultur. Regjeringa foreslår også tekniske endringar når det gjeld midlar til dette området for å få tydelegare fram kva som er planlagt fordelt av tilskotsmidlar til kystkultur på land, fartøyvernsentra og fartøya. Disse formåla er frå 2004 budsjetterte på ulike postar/underpostar.

Friluftsliv

Regjeringa foreslår å føre vidare satsinga på friluftsliv i 2004, gjennom tiltak for barn og unge, sikring av nye friluftsområde og kvalitetar for friluftslivet, i samsvar med dei hovudutfordringane som går fram av St.meld. nr. 39 (2000-2001) Friluftsliv. Midlane til sikring av strandperler aukar monaleg. Løyvingane til skjøtsel og oppsyn i nasjonalparkar og andre naturvernområde vil òg auke.

Noreg digitalt

Stortinget har behandla St. meld. nr. 30 (2002-2003), «Norge digitalt» - et felles fundament for verdiskaping». Regjeringa går i meldinga inn for å føre vidare arbeidet med å etablere ein geografisk infrastruktur som omfattar fullstendige kartdata over både sjø- og landområda. Det er lagt opp til vidareutvikling av løysingar som tek i bruk digitale kart - på Internett og mobiltelefon, og som kan kombinerast med satellittbaserte posisjoneringssystem.

Modernisering og effektivisering av miljøvernforvaltninga

Miljøvernforvaltninga har gjennom fleire år arbeidd systematisk med å utvikle brukarretta elektroniske tenester. Viktig i 2004 er m.a. å utvikle vidare elektroniske løysingar for forvalting av biologisk mangfald, regelforenkling på forureiningsområdet og forvaltning av kulturminne. Som ledd i arbeidet med enklare planlegging vil ePlansak bli utvikla vidare i 2004 med sikte på meir effektive planprosessar. Med utgangspunkt i reduksjonen av talet på forskrifter på forureiningsområdet frå over 40 til 2 vil det bli utarbeidd eit nytt databasert søkeverktøy for bransjevis regelverksformidling. Utviklinga av Produktregisteret vil halde fram i 2004, mellom anna gjennom samarbeidet om Produktinformasjonsbanken. Dette er ein felles nettstad der brukarane kan finne informasjon om kjemikaliar som menneske og miljø kan komme i kontakt med. Vidare har Regjeringa redusert talet på utval og råd innafor miljøvernforvaltninga frå 16 til 10.

Betre miljø i byar og tettstader

St.meld. nr. 23 (2001-2002) om betre miljø i byar og tettstader vil bli følgt opp gjennom pilotprosjekt på prioriterte område. Dette gjeld mellom anna utprøving av miljøsoner, utvikling av sentrumsområde og omforming av eldre byområde. Det skal prøvast ut nye løysingar i eit samarbeid mellom næringslivet, frivillige organisasjonar, byane og staten.

3 Hovudutfordringar i miljøvernpolitikken

Politikk for berekraftig utvikling

I Nasjonal strategi for bærekraftig utvikling, som Regjeringa la fram i juni 2002, er det overordna målet formulert slik:

«Den overordnede målsetningen for det norske samfunnet, og for verdenssamfunnet, er at utviklingen skal være økologisk, økonomisk og sosialt bærekraftig. Grunnlaget for vedvarende bruk av naturen og dens ressurser skal bevares. Innenfor disse rammene skal vi fremme en stabil og sunn økonomisk utvikling og et samfunn med høy livskvalitet, og bidra til at også verdens fattige får mulighet til materiell velferd og økt livskvalitet.»

Politikk for ei berekraftig utvikling er å forvalte dei menneskelege ressursane, dei menneskeskapte ressursane og natur- og miljøressursane slik at kommande generasjonar skal ha eit minst like godt grunnlag for framtidig velferd som vi har.

Dei største miljøtruslane verda står overfor i dag er:

  • Aukande konsentrasjon av klimagassar i atmosfæren. Vitskapen finn stadig sterkare indikasjonar på aukande temperatur og endringar i klimaet som følgje av menneskeleg aktivitet, og særleg bruk av fossilt brensel.

  • Rask reduksjon i det biologiske mangfaldet på jorda, som følgje av avskoging, ørkenspreiing, innføring av framande arter, skadelege landbruksmetodar og press på nøkkelområde for biologisk mangfald. Det biologiske mangfaldet er grunnlaget for produksjon av mat, klede, medisinar og andre livsnødvendige produkt. Biologisk mangfald styrkjer òg motstandskrafta i økosystema mot bråe endringar.

  • Stadig veksande bruk og aukande utslepp av helse- og miljøfarlege kjemikaliar, som berre svært sakte let seg bryte ned i naturen og derfor hopar seg opp i næringskjedene. Dette trugar både det biologiske mangfaldet, matforsyninga og helsa til kommande generasjonar.

Regjeringa følgjer no opp den nasjonale strategien med ein handlingsplan for berekraftig utvikling - Nasjonal Agenda 21 - som eit eige kapittel i Nasjonalbudsjettet for 2004. I handlingsplanen har ein sju hovudsatsingar: Internasjonalt samarbeid for ei berekraftig utvikling og kamp mot fattigdom; Klima, ozonlaget og langtransportert luftforureining; Biologisk mangfald og kulturminne; Naturressursar; Helse- og miljøfarlege kjemikaliar; Berekraftig økonomisk utvikling; Samiske perspektiv i miljø- og ressursforvaltinga. Tre av dei sju områda er miljøtruslar, i tråd med prioriteringa ovanfor. Regjeringa legg i handlingsplanen opp til å føre vidare arbeidet gjennom eit fast statssekretærutval leia av Finansdepartementet, ved å setje ned eit eige utval for å vidareutvikle eit sett indikatorar for berekraftig utvikling, og ved å styrkje og vidareutvikle samarbeidet med alle sektorar og samfunnsaktørar, som næringsliv, lokalforvaltning og frivillige organisasjonar.

Internasjonal innsats for miljøvern

Dei alvorlegaste miljøutfordringane er globale, og å løyse dei krev eit forpliktande internasjonalt samarbeid. Det er nødvendig å byggje ut og styrkje det internasjonale miljøsamarbeidet. Noreg har teke initiativ til dette, m.a. gjennom framlegg om å styrkje miljøprogrammet i FN (UNEP), etablere eit internasjonalt vitskapspanel for miljøendringar og støtte til utviklingsland i gjennomføringa av internasjonale miljøavtaler.

FN-toppmøtet om berekraftig utvikling i Johannesburg (WSSD) hausten 2002 var den viktigaste milepælen i internasjonalt miljøvernsamarbeid sidan konferansen i Rio i 1992. Avgjerdene på toppmøtet, som er reflekterte i den politiske erklæringa og handlingsplanen, vil vere førande for det internasjonale miljøvernsamarbeidet framover. Fokus vil særleg vere på områda klima, energi, tap av arter, kjemikaliar, handel og miljø og berekraftig produksjon og forbruk. I tillegg vil utviklinga av eit godt styresett på alle nivå vere avgjerande for å oppnå målet om ei berekraftig utvikling. Frå norsk side vil det særleg bli fokusert på gjennomføringa av Agenda 21, oppfølginga av den nasjonale handlingsplanen for berekraftig utvikling - Nasjonal Agenda 21 - og FN sine Millenniumsmål.

EØS-avtala gjer EU til vår viktigaste samarbeidspartnar på miljøområdet - som på dei fleste andre område. Gjennom EØS-avtala kan vi påverke miljøvernpolitikken og det tilhøyrande regelverket i EU, noko Regjeringa vil utnytte og utvikle.

Formannskapet i Kommisjonen for berekraftig utvikling (CSD)

Noreg vil leie arbeidet i Kommisjonen for berekraftig utvikling (CSD) fram til og med neste sesjon i CSD i april 2004. Det norske formannskapet vil leggje stor vekt på å revitalisere CSD som FNs overordna policyorgan for berekraftig utvikling, og at Kommisjonen effektivt overvakar gjennomføringa av vedtaka frå Toppmøtet om miljø og utvikling i Johannesburg i 2002. Dette gjeld særleg innafor dei tre områda CSD har valt å prioritere fram til 2005; vatn, sanitær og busetnad.

Vatn- og sanitærområdet

CSD skal medverke til å gjennomføre dei overordna måla verdssamfunnet har om å halvere talet på fattige i verda innan 2015, ved å fokusere på Tusenårsmål 7, «miljømålet» som m.a. seier «halvere andelen mennesker uten tilgang på sikkert drikkevann innen 2015 og oppnå betydelig bedring i leveforholdene for minst 100 millioner mennesker som bor i slumområder innen 2020.»

Dette målet vart på WSSD i Johannesburg supplert med følgjande mål: «Halvere antall mennesker uten tilgang på sanitærløsninger innen 2015» og «Innen 2005 stoppe ikke bærekraftig bruk og utnyttelse av vannressursene og utarbeide nasjonale vannressursplaner.»

Utrekningar viser at 1,2 milliardar menneske manglar tilfredsstillande vassforsyning og 2,5 milliardar manglar tilfredsstillende sanitærløysingar i verda i dag. Vass- og sanitærtiltak er i følgje Verdsbanken truleg dei mest effektive tiltaka for å redusere fattigdommen. For å medverke til å nå spesielt helsemåla, er det utbreidd semje om at sanitærtiltak er spesielt viktige. Arbeidet med å nå målet når det gjeld vatn er godt i gang, mens arbeidet med å nå sanitærmålet ligg langt etter.

På vatn- og sanitærområdet er det overordna målet for det norske CSD-formannskapet å medverke til at dei fattigaste landa integrerer vatn, sanitær og miljø i utviklingsstrategiane sine, inklusive fattigdomsstrategiar (PRSPar), slik at dette dannar grunnlaget for ei berekraftig oppnåing av vatn- og sanitærmåla innan 2015. Det vil òg vere viktig å medverke til at målet om å utarbeide integrerte planar for vassforvaltning (IWRM-planar) innan 2005 blir oppnådd. Gjennomføring av desse planane er ein føresetnad for at 2015-måla kan realiserast på ein berekraftig måte. Oppnår ein dette målet, kan det vise verdssamfunnet at det er mogleg å nå måla. Når ein ikkje 2005-målet, kan dette føre til redusert oppslutning om gjennomføringa av 2015-måla. Vidare vil ein frå norsk side leggje vekt på at CSD medverkar til at det blir utvikla langsiktige finansieringsstrategiar for vassinfrastruktur, spesielt i utviklingslanda. Det vil også bli fokusert på godt styresett som ein føresetnad for å nå desse måla.

Busetnadsområdet

På busetnadsområdet er det overordna målet for det norske CSD-formannskapet å medverke til å betre levetilhøva for den store og kraftig aukande slumbefolkninga i byområda i verda. Det er viktig å gjere synleg behovet for ei monaleg utbygging av vatn og sanitære tenester, spesielt i slumområde i utviklingsland. Det norske formannskapet vil medverke til at det blir sett eit søkelys på urettvis utkasting og verkemiddel som kan sikre fattige retten til bustad og tryggleik mot utkasting. Vidare vil ein frå norsk side leggje vekt på at CSD medverkar til å synleggjere gode eksempel på finansieringsordningar for bustader til fattige, og korleis ein kan oppnå betre integrering av busetnadsspørsmål i landa sine overordna og lokale utviklings- og fattigdomsstrategiar.

Grøn stat

Grøn stat er eit prosjekt for å integrere miljøomsyn i drifta av statlege verksemder gjennom eit enkelt system for miljøleiing, integrert i det generelle styringssystemet. Målet er at innan utgangen av 2005 skal alle statlege etatar og verksemder ha innført miljøleiing som ein integrert del av styringssystemet. Slik skal verksemdene enklare kunne ta miljøomsyn i eiga drift og oppfylle pliktene sine etter lov om offentlege kjøp og ny lov om miljøinformasjon.

Sektoransvar på miljøområdet

Miljøvernpolitikken byggjer på at alle samfunnssektorar og aktørar har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for verksemda si. Prinsippet om sektoransvar i miljøvernpolitikken vart utvikla og slått fast som norsk politikk m.a. i St.meld. nr. 58 (1996-97) Miljøvernpolitikk for en bærekraftig utvikling («MIBU-meldinga») og er vidareutvikla i stortingsmeldingane om Regjeringa sin miljøvernpolitikk og riket sin miljøtilstand i 1999, 2001 og 2003.

For å konkretisere sektoransvaret, har departementa i åra 1998-2002 utarbeidd miljøhandlingsplanar for sine ansvarsområde. Basert på dei nasjonale resultatmåla har departementa utarbeidd arbeidsmål som skal gjere tydeleg det politiske ansvaret, effektivisere bruken av verkemiddel og medverke til måloppnåing og resultatoppfølging. Planane viser korleis departementa ved hjelp av dei verkemidla dei rår over og ut frå ei felles forståing av miljøtruslar, utfordringar og moglegheiter kan medverke til å nå dei måla Regjeringa har sett seg i miljøvernpolitikken. Miljøverndepartementet arbeider med å vidareutvikle sektoransvarsprinsippet på grunnlag av erfaringane med dei sektorvise miljøhandlingsplanane.

Kunnskapsbasert miljøvernpolitikk

Arbeidet for berekraftig utvikling krev eit godt kunnskapsgrunnlag om naturressursar og miljø. Kartlegging, overvaking og forsking gir ny kunnskap, samtidig som ulike aktørar må dele kunnskap om samanhengar og truslar. Oppbygging av kunnskap gjennom forsking og overvaking har vore viktig for mange nyvinningar på miljøområdet, til dømes for det forpliktande internasjonale samarbeidet for reduksjon av sur nedbør.

Miljøforskinga gjer oss merksame på nye miljøtruslar og set søkelyset på samanhengar mellom menneskeleg aktivitet og miljøtilstanden. Forskingsresultat er derfor viktige for utviklinga av miljøvernpolitikken, så vel nasjonalt som internasjonalt. Forskinga er òg eit viktig fundament for å utvikle miljøovervakinga, ved at denne kan skje målretta og kostnadseffektivt.

4 Dei viktigaste saksområda i miljøvernpolitikken

Klimapolitikken

Det langsiktige målet i Klimakonvensjonen er å stabilisere konsentrasjonen av klimagassar på eit nivå som vil hindre farleg menneskeskapt påverknad av klimasystemet. Kyotoprotokollen frå 1997 er eit viktig første steg mot dette målet. Noreg ratifiserte Kyotoprotokollen i mai 2002, som eitt av dei første industrilanda. Noreg vil arbeide aktivt for å starte prosessen for ytterlegare reduksjonar og eit meir globalt klimaregime etter 2012. Regjeringa vil arbeide for at dette blir teke opp under den niande Partskonferansen under Klimakonvensjonen. Regjeringa fekk i juni 2002 tilslutning i Stortinget til tilleggsmeldinga om norsk klimapolitikk. Regjeringa vil leggje fram ei eiga sak om kvotesystemet. Den endelege utforminga av enkeltelementa i dette systemet vil bli sett i lys av EUs direktiv og utforminga vil skje i nær dialog med industrien. Denne dialogen er allereie godt i gang.

Regjeringa arbeider også med andre tiltak, til dømes tiltak for å auke bruken av avfall som erstatning for fossilt brensel, utvikling av miljøvennleg energiteknologi og styrking av ENOVA.

Biologisk mangfald og vern

På møtet i Johannesburg vart det vedteke å redusere tapet av biologisk mangfald innan 2010. Aldri har ei regjering teke vare på så mykje av norsk natur på så kort tid som denne regjeringa. Frå Regjeringa si tiltreding i 2001 og til utløpet av 2002 vart det oppretta 178 verneområde. I 2003 er det verna landarealet auka ytterlegare. Pr. august har denne Regjeringa oppretta i alt 214 verneområde. Det utgjer 7 840 km2.

For 2003 er det pr. 1. september oppretta 31 nye naturreservat, 4 nye landskapsvernområde og ein ny nasjonalpark (Møysalen). I tillegg er tre nasjonalparkar (Femundsmarka, Børgefjell og Øvre Pasvik) og eit landskapsvernområde (Femundslia) utvida. Arbeidet med å gjennomføre nasjonalparkplanen vil ha høg prioritet.

Ein viktig del av det biologiske mangfaldet i Noreg er i skog. Barskogvernet er no gjennomført i tråd med Stortinget si behandling av St.meld. nr. 40 (1994-95) Opptrapping av barskogvernet fram mot år 2000.Regjeringa legg stor vekt på å følgje opp med løyvingar til erstatningsoppgjer for dei verneområda som er gjennomførte. I St.meld. nr 25 (2002-2003) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand som vart lagt fram våren 2003, la Regjeringa fram ein strategi for framtidig vern av skog. Regjeringa ønskjer å auke skogvernet, både for å ivareta viktig biologisk mangfald, og for å sikre framtidig eksport av norske trebaserte produkt til miljømedvitne marknader. I dette arbeidet legg Regjeringa stor vekt på å redusere konfliktnivået. Frivillig vern som verneform, og aktiv bruk av Statskogareal for å auke skogvernet, vil bli prioritert.

Noreg arbeider med å utvikle eit nytt forvaltningssystem for biologisk mangfald jf. St.meld. nr. 42 (2000-2001). I dette inngår å etablere ein artsdatabank i løpet av 2003, og å etablere eit nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald i tida fram til 2007. Dette er dei viktigaste elementa som Stortinget har bede om i samband med etablering av forvaltningssystemet.

Kampen mot helse- og miljøfarlege kjemikaliar

Arbeidet med helse- og miljøfarlege kjemikaliar er eit satsingsområde for Regjeringa. Fordi problema knytte til helse- og miljøfarlege kjemikaliar i stor grad er internasjonale, er det internasjonale arbeidet på kjemikalieområdet blitt meir sentralt dei seinare åra. Regjeringa legg opp til å vidareutvikle og intensivere innsatsen for å påverke utviklinga av kjemikalieregelverket i EU, og å vere pådrivar for internasjonale avtaler om forbod og grenser for bruk av miljøgifter regionalt og globalt.

Eit sentralt nasjonalt resultatmål er å redusere utslepp av helse- og miljøskadelege kjemikaliar, og stanse eller vesentleg redusere utslepp av konkrete, prioriterte stoff innan år 2000, 2005 eller 2010. Den delen av målet som gjeld resultat innan år 2000, er etter miljøvernforvaltninga sitt syn oppfylt så langt det er mogleg. Regjeringa foreslo i St.meld. nr. 25 (2002-2003) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand at dette resultatmålet blir utvida, slik at det i tillegg til prioritetslista omfattar alle miljøgifter som oppfyller spesifiserte kriterium for helse- og miljøfare. Fleire stoff kan dermed falle inn under målet, dersom ny kunnskap identifiserer dei som alvorlege miljøgifter.

I St.meld. nr. 25 (2002-2003) vart det òg lagt fram fleire andre initiativ og tiltak for å intensivere arbeidet med helse- og miljøfarlege kjemikaliar. I St.meld. nr. 12 (2001-2002) Rent og rikt hav vart det lagt fram ein heilt ny strategi for det vidare arbeidet med opprydding av forureina sediment. Denne politikken blir følgt opp aktivt og vil vere høgt prioritert i 2004, saman med arbeidet med opprydding i forureina grunn.

Reint og rikt hav

I St.meld. nr. 12 (2001-2002) Rent og rikt hav foreslo Regjeringa ein ny og meir heilskapeleg havmiljøpolitikk. Regjeringa er allereie i gang med å gjennomføre denne politikken, og vil også prioritere dette arbeidet i 2004. Regjeringa sitt forslag om å utvide territorialgrensa frå 4 til 12 nautiske mil er vedteke i Stortinget, og trer i kraft 1. januar 2004. Dette gir høve til å leie skipstrafikken lenger ut frå kysten enn i dag. Regjeringa ser dette som eit viktig tiltak, særleg i lys av den auka oljetransporten frå Russland. Regjeringa varsla i havmiljømeldinga at det vil bli etablert heilskaplege, økosystembaserte forvaltningsplanar for alle norske havområde. Som eit første steg vil Miljøverndepartementet i samarbeid med andre aktuelle departement utvikle ein heilskapleg forvaltningsplan for Barentshavet. Formålet med forvaltningsplanen er å etablere rammevilkår som gjer det mogleg å balansere næringsinteressene knytte til fiskeri, sjøtransport og petroleumsverksemd innanfor ramma av ei berekraftig utvikling. Forvaltningsplanen vil etablere miljøkvalitetsmål og rammer for påverknad i dei enkelte delane av Barentshavet, og på den måten gi føringar for kva krav som må stillast til verksemd i dei ulike delane av havområdet. Planen skal baserast på utgreiingar av konsekvensar av petroleumsverksemd, fiskeri og sjøtransport, som er under utarbeiding av respektive Olje- og energidepartementet og Fiskeridepartementet. I tillegg er Miljøverndepartementet i ferd med å gjennomføre ei utgreiing av konsekvensar for Barentshavet av ytre påverknader, slik som klimaendringar og langtransporterte forureiningar.

Introduksjon av framande og skadelege organismar via utslepp av ureinsa ballastvatn frå skip nær kysten, kan gi store skadar på våre marine økosystem og næringar. Noreg arbeider aktivt for at den internasjonale konvensjonen om ballastvatn skal gjerast ferdig og bli vedteken under FN sin skipsfartsorganisasjon IMO i februar 2004. Regjeringa vil leggje vekt på ei rask gjennomføring av konvensjonen i norsk rett.

Ei viktig utfordring i våre havområde er trusselen om radioaktiv forureining. Noreg vil arbeide for å styrkje det internasjonale regelverket for transport av kjernebrensel og radioaktivt avfall, og vil markere sterk motstand mot eventuell frakt av slikt materiale til Russland gjennom norske farvatn.

Utvidinga av den norske territorialgrensa frå 4 til 12 nautiske mil frå grunnlinja skal òg omfatte Svalbard. Å utvide vernegrensa tilsvarande utvidinga av territorialgrensa vil vere i tråd med verneformåla for dei fem store verneområda oppretta ved kgl.res. av 1. juni 1973: Nordaust-Svalbard naturreservat, Søraust-Svalbard naturreservat, Sør-Spitsbergen nasjonalpark, Forlandet nasjonalpark og Nordvest-Spitsbergen nasjonalpark.

Miljøverndepartementet har på denne bakgrunnen starta eit planarbeid med sikte på å utvide dei fem nemnde verneområda på Svalbard til 12 nautiske mil. Forslaget til utviding blir sendt på høyring. Det er i utgangspunktet ikkje teke sikte på å gjere endringar i eksisterande verneforskrift, utover dei nødvendige endringane som må gjerast i føresegnene om avgrensing.

Arbeidet med bevaring av det marine biologiske mangfaldet må òg få auka merksemd.

Vern om kulturminna

For å styrkje verneinnsatsen og skape meir effektive samarbeidsformer mellom offentleg og privat sektor, vart det i 2002 oppretta eit kulturminnefond. Midlar frå fondet skal utløyse midlar til vern av kulturminne frå privatpersonar, næringsliv og andre. Fondet er operativt frå 2003 med ei avkastning på 6,5 mill. kr. For 2004 blir avkastninga dobla til 13 mill. kr, og den vil komme mange private eigarar av kulturminne til gode. Regjeringa legg til grunn at kulturminne og kulturmiljø kan vere utgangspunkt for auka verdiskaping, og vil arbeide vidare med dette perspektivet og mellom anna leggje til rette for betre samarbeid med næringslivet, til dømes handverksbedrifter, reiselivet med meir. Kulturminnefondet vil vere ein viktig medspelar i dette arbeidet.

I budsjettet for 2004 er det gjort ei prioritering av arbeidet med å sikre verdsarvområda. Det vil innanfor ramma bli gjort ei sterkare prioritering av midlar til å sikre andre nasjonalt viktige kulturminne, mellom anna stavkyrkjene og kystkulturen.

5 Budsjettvise satsingar på andre departement sine område

For å oppnå ei berekraftig utvikling må miljøomsyn integrerast i alle delar av samfunnet. Dette stiller krav både til utforminga av den overordna økonomiske politikken og til politikken i dei einskilde sektorane. Samstundes må tiltak og verkemiddel i sektorane samordnast på ein slik måte at dei samla effektane trekkjer i retning av lågare miljøbelastning og redusert ressursbruk. Alle departement har derfor ansvar for at aktiviteten på deira område ikkje gir unødige miljøbelastningar, og for å drive miljøarbeid i tråd med Regjeringa sine overordna miljøvernpolitiske mål.

Nedanfor er gitt eit tabelloversyn over utgifter til miljøverntiltak i statsbudsjettet for 2004, fordelt på departement. Regjeringa har valt å leggje følgjande kriterium til grunn for å avgrense miljøverntiltak:

  • utgiftene må i sin heilskap nyttast til miljøforbetringar, eller

  • miljøomsynet må vere avgjerande for at tiltaket/prosjektet blir gjennomført, eller

  • utgiftene skal motverke negative miljøeffektar av sektorpolitiske tiltak elles (førebyggjande tiltak)

Kvart departement gjer òg greie for sine miljøsatsingar i 2004 i sine eigne budsjettproposisjonar. For nærare omtale blir det vist til desse.

Omfanget av styresmaktene sitt arbeid på miljøvernområdet kan ikkje målast berre ut frå storleiken på dei enkelte departementa sine budsjett. Arbeid for eit betre miljø omfattar òg avgjerder som ikkje har direkte konsekvensar for utgiftssida i budsjetta. Dette kan vere å hindre miljøskadelege inngrep i naturen, innføring av reformer og regelendringar som skal gjere det lettare å ta miljøomsyn i offentleg og privat planlegging, og skatte- og avgiftsordningar innretta mot miljøskadeleg produksjon og forbruk. Det vil dessutan alltid vere eit monaleg innslag av skjønn i slike oppstillingar. Mange tiltak har fleire grunngjevingar og skal medverke til å nå ulike mål, noko som kan gjere det vanskeleg å skilje ut miljødelen på ein eintydig måte. Tala i tabellen må derfor tolkast med varsemd.

Dei samla utgiftene til miljøtiltak på statsbudsjettet for 2004 er 15 352,5 mill. kr. Dette er ein liten auke frå 2003, då løyvingane utgjorde 15 103 mill. kr.

Fiskeridepartementetsitt budsjett er avsett vel 518 mill. kr til miljøtiltak i 2004, om lag same sum som i 2003. Å følgje opp tiltak som er skisserte i Havmiljømeldinga (St.meld. nr. 12 (2001-2002)) vil vere eit viktig satsingsfelt for departementet i 2004. Mellom anna skal det lagast ein plan for å komme til livs lakselus og rømming frå oppdrettsanlegg. Dette gjeld både tekniske krav til oppdrettsanlegg, internkontroll og nye førebyggjande tiltak.

I samarbeid med veterinærstyresmaktene skal det arbeidast vidare for å stogge utbreiinga av sjukdommar og parasittar i havbruket.

Kystdirektoratet og Fiskeridirektoratet vil vidareføre si deltaking i utvikling av verneplanar, m.a. kystverneplanar, marine verneplanar, fredingsprosessar, kartlegging av marint biologisk mangfald og marinøkologisk planlegging.

Landbruksdepartementet fører vidare innsatsen på om lag same nivå som i 2003. Størstedelen av departementet sine miljørelaterte utgifter på til saman 3 111 mill. kr går over Jordbruksavtala (over 80 prosent). Av dette igjen utgjer kulturlandskapstilskotet den største einskildposten med 1 939 mill. kr.

Miljøinnsatsen vil i 2004 særleg vere knytt til:

  • biologisk mangfald

  • kulturlandskap

  • miljøprogram

  • økologisk jordbruk

  • miljønytte ved auka bruk av trevirke

  • bioenergi

Sjølv om arbeidet med integrering av miljøomsyn har komme langt i landbruket, er det likevel naudsynt å halde ein høg profil når det gjeld oppbygging av kunnskap og kartfesting av miljøkvalitetar. Departementet vil derfor òg i 2004 så langt råd er ta del i arbeidet med å utvikle eit nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald og etablering av ein artsdatabank.

Samferdselsdepartementet sitt budsjett er det sett av 5 114,7 mill. kr til miljørelaterte tiltak i 2004, mot 4 697 mill. kr i 2003. Den største enkeltposten er vedlikehald og investeringar i jernbanenettet (inkl. drift og vedlikehald på Gardermobanen), der det blir brukt i overkant av 3 mrd. kr. Arbeidet med nytt dobbeltspor for jernbanen på strekninga Sandvika-Asker går vidare. Også i 2004 vil staten medverke økonomisk til bygging av T-baneringen i Oslo, der den første etappen vart opna i august i år, og til opprusting av T-banen. Desse investeringane er viktige for å sikre eit stabilt og kapasitetssterkt kollektivtrafikktilbod i eit område der det er særleg ønskeleg å overføre større delar av trafikken til miljøvennlege transportformer. Under kapitlet Særskilte transporttiltak blir det innført ei insentivordning for betre kollektivtransport, og det er sett av pengar til utgreiingar under eit nytt samordningsorgan for kollektivtransport i det sentrale austlandsområdet. Desse tiltaka vil gi ei meir heilskapleg forvaltning og meir samordna og effektiv bruk av verkemidla.

For å følgje opp forskrift om grenseverdiar for støy, vil Statens vegvesen og Jernbaneverket i perioden 2002 - 2005 bruke om lag 650 mill. kr til støytiltak langs riksvegar og jernbane. Statens vegvesen har i 2004 sett av om lag 280 mill. kr i statlege midlar til miljøtiltak, som i hovudsak vil gå til støytiltak. Med nokre få unnatak vil grenseverdiane vere oppfylte langs riksvegane i løpet av 2004. Jernbaneverket har i budsjettet for 2004 prioritert å oppfylle støykrava i grenseverdiforskrifta.

Arbeidet med å avdekkje og å motverke miljøkriminalitet er ei viktig oppgåve for Justisdepartementetog heile justissektoren. På Justisdepartementet sitt budsjett er det sett av om lag 55 mill. kr til miljøformål i 2004. Politiet sitt viktigaste mål er å redusere miljøkriminalitet gjennom førebyggjande verksemd, oppsynsverksemd og rask og adekvat reaksjon på brot på miljøvernlovgivinga. Meldingar til politiet av alvorleg miljøkriminalitet skal ha høg prioritet i politiet sitt arbeid. For politiet er det ei sentral oppgåve å få til eit godt samarbeid med andre etatar, institusjonar, organisasjonar og forvaltning på miljøsektoren.

Politidirektoratet vil ta initiativ til å opprette eit sentralt tverretatleg samarbeidsforum for å samordne prioriteringar og målsetjingar på miljøfeltet.

Miljøkoordinator- og miljøkontaktordninga i politidistrikta skal vidareutviklast. Som følgje av politireform 2000 må det i mange distrikt utarbeidast nye sårbarheitsanalysar.

Sysselmannen på Svalbard har viktige oppgåver knytte til miljøvernforvaltning og miljøinformasjon.

Utanriksdepartementet sitt budsjett er det sett av 1 627 mill. kr til miljøtiltak i 2004, mot 1 544 mill. kr i 2003. Budsjettauken i miljøsatsinga kjem i første rekkje av større løyvingar til det bilaterale utviklingssamarbeidet, der miljø og miljøforvaltning i utviklingslanda står sentralt, og av nye finansieringsordningar for bistand til dei ti nye EØS-landa frå 1. mai 2004. Her er òg miljø eit prioritert innsatsområde.

Det tverrsektorielle perspektivet, konkretisert i det overordna målet om ei berekraftig utvikling, har stått sentralt i internasjonalt miljøarbeid sidan Rio-konferansen i 1992. Toppmøtet i Johannesburg i 2002 stadfesta denne tankegangen, mellom anna gjennom prioriteringa av tiltak innanfor områdane vann, energi, landbruk og biologisk mangfald («WEHAB»-områdane, med unntak av helse). Gjennom utviklingssamarbeidet gir Regjeringa allerede omfattande støtte til disse områdane. Innsatsen innanfor disse områdane utgjer i dag til saman mellom 600 og 700 mill. kr. Regjeringa vil auke den samla tilleggssatsinga på WEHAB-områdane med ytterlegare 375 mill. kr for perioden 2003-2005.

Olje- og energidepartementet sitt budsjett er det sett av 397 mill. kr til miljøtiltak i 2004, mot 585 mill. kr i 2003. Overføringa til Energifondet er redusert med 149 mill. kr i høve til saldert budsjett 2003. Dette vil bli kompensert mellom anna ved ein auke i påslaget på overføringstariffen frå 0,3 til 0,8 øre pr. kWh, og Energifondet sine samla inntekter i 2004 vil vere på om lag same nivå (590 mill. kr) som i 2003. Tilskot til infrastrukturtiltak for Naturgass er redusert med 16 mill. kr i høve til 2003. Det er sett av 3 mill. kr til energimerkeordninga i 2004.

Forsvarsdepartementet sitt budsjett aukar miljøløyvingane med om lag 10 mill. kr grunna større løyvingar til Kystvakta.

Tabell 5.1 Miljøverntiltak i statsbudsjettet 2004

(i mill. kroner)

Departement:

Saldert budsjett 2003

Forslag 2004

Arbeids- og administrasjonsdepartementet 12

156,0

156,0

Barne- og familiedepartementet

4,0

4,0

Finansdepartementet

18,2

18,2

Fiskeridepartementet

513,3

518,6

Forsvarsdepartementet

438,9

448,8

Justisdepartementet

49,3

55,3

Utdannings- og forskingsdepartementet

429,7

448,5

Kommunal- og regionaldepartementet

87,0

73,5

Kultur- og kyrkjedepartementet

494,2

529,0

Landbruksdepartementet

3 158,0

3 111,0

Miljøverndepartementet 3

2 600,6

2 465,9

Nærings- og handelsdepartementet

227,6

277,0

Olje- og energidepartementet

585,0

397,0

Samferdsledepartementet

4 697,0

5 114,7

Helsedepartementet 4

100,5

107,9

Utanriksdepartementet 5

1 544,0

1 627,0

Sum alle departementa

15 103,0

15 352,5

Tala omfattar ikkje Statsbygg/rehabilitering av verneverdige statlege bygningar. Enøk-tiltak i regi av Statsbygg er tekne med.

2  Omfattar òg utgifter til drift av fylkesmannen si miljøvernavdeling

3  Miljøverndepartementet sine budsjettal inkluderer i denne samanhengen berre halvparten av utgiftene til Statens Kartverk. Årsaka til dette er at denne etaten tenar ei rekkje formål i tillegg til dei miljøfaglege.

4 Etter delinga av det dåverande Sosial- og helsedepartementet i 2002 er det berre Helsedepartementet som rapporterar miljøtiltak i budsjettet.

5 Norsk bistandspolitikk byggjer på standardar som er fastsette i OECD/DAC. Definisjonen av miljøverntiltak avvik noko frå Miljøverndepartementet sin definisjon.

For ei meir detaljert beskriving av miljøverntiltak på andre departement sine budsjett, blir det vist til omtale i budsjettproposisjonane frå dei enkelte departementa. Denne omtala omfattar:

  • ei beskriving av utfordringar knytte til miljø- og ressursforvaltninga på departementet sitt ansvarsområde

  • ei beskriving av mål for departementet sitt arbeid med desse utfordringane

  • ein rapport om oppnådde resultat i 2002

  • ei beskriving av tiltak i budsjettforslaget for 2004 som er retta mot ressurs- og miljøomsyn.

6 Fornying, organisasjons- og strukturendringar

6.1 Organisering

Miljøverndepartementet er overordna styresmakt for Statens Kartverk, Statens forureiningstilsyn, Direktoratet for naturforvaltning, Riksantikvaren, Norsk Polarinstitutt og Produktregisteret. Det statlege miljøvernarbeidet blir regionalt ivareteke av miljøvernavdelingane hos Fylkesmannen og sysselmannen på Svalbard. Etatar som Statens strålevern, Sjøfartsdirektoratet og Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) har oppgåver innanfor miljøvernområdet som Miljøverndepartementet styrer.

Det har ikkje vore store endringar i organiseringa av miljøvernforvaltninga i perioden, men organisasjonen til Statens kartverk er under stor omlegging, jf. St.meld. nr. 30 (2002-2003) Norge digitalt - et felles fundament for verdiskapning. Dei økonomiske og personellvise konsekvensane er gjort greie for under programkategori 12.50 om Kart og geodata.

Årsverksoversikt

Ei samla årsverksoversikt pr. 01.03.2003 fordelt på Miljøverndepartementet og underliggjande etatar finst i tabell under kap. 1 Oversiktstabellar.

6.2 Oversikt over fornyingsarbeidet

Enklare regelverk

Siktemålet med forenkling av regelverket er auka brukarorientering og reduksjon i talet på forskrifter. Rydding og samordning av regelverk gjer det meir tilgjengeleg for den enkelte brukar, noko som igjen kan spare tid og gi vinst for miljøet. Miljøverndepartementet arbeider med å samordne 40 forskrifter til to; ei forureiningsforskrift og ei produktforskrift. Eit forskriftsutkast er no sendt på høyring. Som ein del av forenklingsarbeidet er 27 forskrifter på kjemikalieområdet allereie samanslått til 3 forskrifter.

Miljøverndepartementet arbeider med ei industriforskrift som vil erstatte fleire hundre utsleppsløyve ved at den stiller standard forureiningskrav til støy, støv og lukt, og spesifikke bransje- og prosesskrav.

SFT har sendt ut på høyring forslag til ny forskrift om utslepp frå avløpsanlegg. Forslaget dekkjer heile avløpssektoren og opphevar fem eksisterande forskrifter. Miljøverndepartementet tek sikte på å fastsetje denne forskrifta i løpet av våren 2004.

Miljøverndepartementet ser på høvet til å effektivisere avløpssektoren, og har motteke ein rapport frå SFT/NORVAR med ei vurdering av mulegheitene for ei slik effektivisering. Rapporten vil inngå i grunnlaget for det vidare arbeidet i departementet med dette spørsmålet.

Som ledd i gjennomføringa av EU-forordninga om ozonreduserande stoff (forordning (EF) 2037/2002), nytta Miljøverndepartementet høvet til å samle regelverket om ozonreduserande stoff slik at talet på forskrifter kunne reduserast frå sju til ei. For brukarane av regelverket representerer derfor den nye forskrifta ei forenkling. I samband med reduksjonen av forskriftene under forureiningslova - frå 40 til 2 - er det òg gjort framlegg om å leggje ozonforskrifta under den nye produktforskrifta.

Regjeringa har i løpet av perioden redusert talet på råd og utval på departementet sine område frå 16 til 10.

Enklare planlegging

Ved endring av plan- og bygningslova er det med verknad frå 1. juli 2003 innført nye reglar om fristar i planlegginga når det gjeld motsegn til og behandling av reguleringsplanar. Det blir utarbeidd forskrift om redusert gebyr dersom ikkje kommunen held fristen for behandling av private reguleringsplanar. Departementet vil som ledd i arbeidet med å effektivisere plan- og byggjesaksbehandlinga alt hausten 2003 leggje fram ein odelstingsproposisjon med endringar i føresegnene slik at ein berre kan fremje motsegn eller klage på same forholdet ein gong. Det vil i 2004 bli fremja endringar i føresegnene om konsekvensutgreiingar som følgje av EU-direktiv på området. Fristen for å innarbeide nødvendige føresegner i norsk rett er 27. juni 2004.

ePlansak

Arbeidet med å leggje til rette for elektronisk plansaksbehandling både hos private planleggjarar og i kommunane er godt i gang. I 2004 vil det bli utvikla prototypar for saksbehandling, som vil medverke til meir effektiv kommunikasjon mellom planleggjarar og kommunen som forvaltningsorgan. Det vil òg bli lagt vekt på å få fram rettleiing om innhald og utforming av planar i digital form. Når desse hjelpemidla blir tekne i bruk, vil dei nye reglane om tidsfristar lettare kunne følgjast opp.

Omstrukturering av Statens kartverk

Statens kartverk vil få eit hovudansvar for å gjennomføre dei fleste tiltaka som er foreslått i kartmeldinga. Eit hovudgrep vil vere å etablere Noreg digitalt som driftsløysing, der datainnhald, medverkande partar, økonomi og avtaler blir avklarte, slik at Noreg digitalt er fullt ut operativt og inne i budsjetta til medverkande etatar frå 2005. Statens kartverk skal i 2004 halde fram arbeidet med skarpstilling. Kartverket vil følgje opp St.meld. nr. 30 (2002-2003) om norsk kartpolitikk ved å effektivisere verksemda, mellom anna ved å redusere talet på distriktskontor frå 18 til 12 og redusere bemanninga sentralt og regionalt. Dette skal etter kvart gi rom for auka kjøp av tenester, og større fleksibilitet i arbeidet med produksjon av data.

Arbeidet med innføringa av tinglysinga i Statens kartverk blir ført vidare.

Vidareutvikling av produktregisteret

Produktregisteret, Giftinformasjonen og GRIP (Senter for berekraftig produksjon og forbruk) samarbeider om ein felles internettportal for formidling av informasjon om kjemikaliar (Produktinformasjonsbanken). I tillegg samarbeider Produktregistertet og Giftinformasjonen om å utarbeide elektronisk deklarering av farlege kjemikaliar. Vidare samarbeider dei nordiske produktregistra om deklarering og formidling av data.

Grøn stat

Grøn stat er eit prosjekt for å integrere miljøomsyn i drifta av statlege verksemder gjennom eit enkelt system for miljøleiing, integrert i det generelle styringssystemet. Fire hovudsatsingsområde er peikte ut: innkjøp, transport (IKT), energi og avfallshandtering. Tilsvarande prosjekt er sette i gang i fleire OECD-land. Miljøleiing blir i aukande grad brukt også i det private næringslivet.

Målet er at innan utgangen av 2005 skal alle statlege etatar og verksemder ha innført miljøleiing som ein integrert del av styringssystemet. Gjennom prosjektet skal verksemdene enklare kunne ta miljøomsyn i eiga drift og oppfylle pliktene sine etter lov om offentlege kjøp og ny lov om miljøinformasjon.

7 Rapport om likestilling i miljøvernforvaltninga

Den likestillingspolitiske satsinga i miljøvernforvaltninga er innarbeidd i sentrale styringsdokument, slik som tildelingsbrev med tilhøyrande rapportering frå underliggjande etatar mot Regjeringa sine måltal for kvinner i leiande stillingar. Den likestillingspolitiske satsinga i Miljøverndepartement er elles innarbeidd i lønns- og personalpolitikken. Eitt av fire hovudmål i Miljøverndepartementet sin lønnspolitikk er at den skal medverke til likestilling mellom kjønna. Rekrutteringspolitikken i Miljøverndepartementet er òg tilpassa målet om balanse mellom kvinner og menn på ulike stillingsnivå.

Departementet har ei god fordeling mellom kvinner og menn i departementet, totalt og på ulike stillingsnivå, slik at særskilte tiltak for 2004 ikkje er påkravde.

Fordelinga av kvinner og menn i Miljøverndepartementet

Miljøverndepartementet har i dag ei overvekt av kvinner, med fordelinga 57% kvinner og 43% menn.

Det er framleis ei viss overvekt av menn i leiarstillingar. På mellomleiarnivået er fordelinga 44% kvinner og 56% menn. Fordelinga når det gjeld toppleiarstillingar i departementet er 47% kvinner og 53% menn.

I gruppa rådgivar/saksbehandlar er det 54% kvinner og 46% menn. I stillingskategoriane konsulent og førstekonsulent er det 66% kvinner og 34% menn.

I kategorien kontorstillingar er fordelinga 11% menn og 89% kvinner.

Miljøverndepartementet sine underliggjande etatar

Statens forureiningstilsynlegg vekt på å ha ei jamn kjønnsfordeling i leiarstillingar og har ved tilsetjingar lagt stor vekt på å finne kvalifiserte kvinner. I mellomleiarstillingar har SFT overvekt av kvinner (vel 60%). I toppleiinga i etaten er 50% kvinner. SFT legg òg vekt på lik lønn for arbeid av lik verdi og same utteljing for kompetanse og erfaring. I personalpolitikken i SFT og i tilpassingsavtala er det innarbeidd eit eige kapittel om likestilling.

Statens kartverk nyttar moderat kjønnskvotering ved nytilsetjingar og interne opprykk. Kartverket tilbyr fagleg vidareutvikling for kvinner gjennom oppgåvefordeling, til dømes innanfor prosjektleiing og -deltaking. Kartverket fordeler ressursar ved lokale lønnsforhandlingar slik at kvinner alltid blir tildelte ein del av potten som er prosentvis større enn talet kvinner i etaten. Kartverket planlegg å setje opp meir konkrete mål for likestillingsarbeidet og å lage eit oppfølgingssystem for å vise om måla blir nådde.

Riksantikvaren legg vekt på å oppnå jamn kjønnsfordeling i leiargrupper og seksjonar innanfor rammene av likestillingslova. For tida er det nokså lik kjønnsfordeling både på leiar- og saksbehandlarnivå i etaten. Det blir lagt vekt på tiltak som fremjar lik lønn for tilsvarande arbeid, uavhengig av kjønn. Kjønn skal ikkje tilleggjast vekt ved tildeling av arbeidsoppgåver.

Norsk polarinstitutt arbeider med ein handlingsplan for likestilling som er venta ferdigstilt i løpet av hausten 2003. Ein vil prioritere og fokusere tiltak innanfor områda rekruttering og tilsetjing, arbeids- og lønnsvilkår og informasjon.

Direktoratet for naturforvaltning utarbeidde ein likestillingsplan i 2000. Evalueringa av planen viste at det var ei viss overvekt av menn i stillingsgruppene seniorrådgivar/rådgivar/prosjektleiar. Under dei lokale lønnsforhandlingane sist år vart det prioritert å skape ein betre balanse mellom kvinner og menn i desse stillingskategoriane, og med positive resultat. Det vil framleis bli fokusert på dette i dei kommande lokale lønnsforhandlingane. Direktoratet har også i arbeidet for auka bruk av naturen hatt kvinner som målgruppe, m.a. gjennom konferansen Fjellenes kvinner på Røros i 2002, som avslutning på Fjellenes år.

Integrering av kjønnsperspektiv og likestilling i departementet sine arbeidsområde

Fylkesplanlegginga er eit samla system for offentleg planlegging i fylket. Kjønns- og likestillingsperspektivet kan integrerast i planarbeidet i fylket. I godkjenninga av fylkes(del)planar er det vurdert å ta med kjønnsperspektivet som eit «sjekkpunkt». Dette kan vere formulert som ei forventning frå staten si side.

Til forsida