St.prp. nr. 1 (2005-2006)

FOR BUDSJETTÅRET 2006 Svalbardbudsjettet

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiing

1 Innleiing

1.1 Generelt om Svalbard

Svalbard omfattar alle øyar, holmar og skjer mellom 10 og 35 grader austleg lengd og 74 og 81 grader nordleg breidd. Samla landareal er om lag 62 700 km. Territorialfarvatnet rundt Svalbard vart utvida frå 4 til 12 nautiske mil frå 01.01.2004. Rundt 54 pst. av øygruppa er dekt av isbrear. Med sine 39 000 km er Spitsbergen den største av øyane.

Svalbardtraktaten av 9. februar 1920 gav Noreg suverenitet over øygruppa. Sidan 1925 har Svalbard vore ein del av kongeriket Noreg. Sysselmannen er regjeringas øvste representant på Svalbard, og tek vare på statens interesser på øygruppa.

Norsk lovgiving gjeld ikkje fullt ut for øygruppa. Etter svalbardlova § 2 gjeld norsk privatrett, strafferett og lovgivinga om rettspleia utan vidare for Svalbard om ikkje anna er fastsett. Andre lover gjeld ikkje utan når det er fastsett særskilt. Det kan også gis særskilte føresegner for Svalbard. Alle som besøker Svalbard eller oppheld seg på øygruppa, pliktar å følgje dei lovene og reglane som gjeld.

Størsteparten av busetnaden på Svalbard ligg på øya Spitsbergen. I tillegg bur det folk ved dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya. Longyearbyen er det administrative senteret på Svalbard og er i dag òg den største busetnaden. I følgje befolkningsregisteret for Svalbard er det pr. 01.09.2005 totalt 1932 busette i Longyearbyen. I Barentsburg er det registrert 717 busette. Busetnaden her er bygd opp rundt koldrifta til Trust Arktikugol. Den andre russiske busetnaden på Svalbard, Pyramiden, vart fråflytt i april 1998 då Trust Arktikugol avvikla koldrifta si der. I Ny-Ålesund er all verksemd knytt til forsking og forskingsservice. Ifølgje befolkningsregisteret er det til saman 36 heilårs busette her. Ved den polske forskingsstasjonen i Hornsund er det registrert 8 heilårs busette. I Svea, der Store Norske Spitsbergen Grubekompani driv koldrift, er det registrert 8 busette.

1.2 Bakgrunnen for eit eige svalbardbudsjett

Artikkel 8 i Svalbardtraktaten avgrensar høvet til å krevje inn skattar og avgifter på Svalbard og korleis desse midlane skal nyttast. Dette er bakgrunnen for at det blir fremja eit eige svalbardbudsjett.

Justisdepartementet fremjar svalbardbudsjettet som ein eigen budsjettproposisjon samtidig med statsbudsjettet. I hovudsak er det den statlege administrasjonen av Svalbard som er finansiert over svalbardbudsjettet. Dette er dels verksemd på Svalbard underlagt Justisdepartementet, og dels verksemd underlagt andre fagdepartement. Longyearbyen lokalstyre får òg løyvingane sine over svalbardbudsjettet.

Kvart år gis eit tilskot frå statsbudsjettet til dekning av underskotet på svalbardbudsjettet, jf. St.prp. nr. 1 (2005–2006) Justisdepartementet kap. 480. Tilskotet er inntektsført på svalbardbudsjettet kap. 3035.

Svalbardbudsjettet gir òg ei samla oversikt over statlege løyvingar til svalbardformål. Kvart år yter staten eit tilskot for å leggje til rette for nasjonal og internasjonal forsking på Svalbard, miljøforvaltning og til tiltak som drift av sjukehus i Longyearbyen. Slike utgifter blir dekte over det ordinære statsbudsjettet under kapitla til dei enkelte fagdepartementa. Forslag til løyvingar for 2006 er omtalt nærare under punkt 4 nedanfor, jf. også vedlegg 1.

Under behandlinga av St.meld. nr. 9 (1999–2000) Svalbard, slutta Stortinget seg til ønske frå regjeringa om å føre vidare ordninga med eit eige svalbardbudsjett.

2 Mål for norsk svalbardpolitikk

Overordna mål

Regjeringas overordna mål for svalbardpolitikken vart vedtekne i samband med behandlinga av St.meld. nr. 40 (1985–86) om Svalbard. Måla vart gjentekne i St.meld. nr. 9 (1999–2000) Svalbard. Dei er òg lagt til grunn ved den årlege behandlinga av svalbardbudsjettet. Måla er:

  • ei konsekvent og fast handheving av suvereniteten

  • korrekt overhalding av Svalbardtraktaten og kontroll med at traktaten blir etterlevd

  • bevaring av ro og stabilitet i området

  • bevaring av den særeigne villmarksnaturen i området

  • oppretthalding av norske samfunn på øygruppa

Arbeidet med St.meld. nr. 9 vart koordinert av Justisdepartementet, og dei fleste fagdepartementa var involverte. Meldinga inneheldt ei heilskapleg vurdering av norsk svalbardpolitikk. Det vart gjort greie for dei måla, prioriteringane og verkemidla som gjeld spesielt for Svalbard. Stortinget slutta seg i all hovudsak til utgreiinga frå regjeringa. Dette viser at det er stor semje om norsk svalbardpolitikk.

Måla for svalbardpolitikken ligg innafor dei generelle måla i norsk politikk om å sikre nasjonal tryggleik og integritet, overhalde internasjonale rettsreglar og plikter og arbeide for internasjonal avspenning og fred. Dei har sikker forankring i nasjonale interesser og haldningar, og er i samsvar med dei traktatbundne pliktene Noreg tok på seg då suvereniteten over øygruppa vart internasjonalt akseptert. Måla tener derfor til å møte dei internasjonale forventningane som blir stilte. I ei tid då Arktis tiltrekkjer seg aukande interesse, skal svalbardpolitikken medverke til at utviklinga i nordområda kan skje på ein fredeleg måte, og til at konfliktar blir unngått.

Det er viktig å sjå måla i samanheng. Det må vere ei konsekvent handheving av norsk suverenitet innafor ramma av føresegnene i traktaten. Dette har vore ein føresetnad for at dei andre traktatpartane har tillit til at øygruppa ikkje blir utnytta i strid med desse føresegnene.

Hovudmål og delmål

Justisdepartementet har følgjande hovudmål og delmål for sitt arbeid med polarsaker:

Tabell 2.1 Hovudmål og delmål for Justisdepartementet

Hovudmål

Delmål

Heilskapleg forvaltning av norske interesser i ­polarområda

  1. Samordne og koordinere forvaltningas politikk for polarområda

  2. Sikre ei god forvaltning lokalt på Svalbard ­gjennom Sysselmannen

  3. Leggje til rette for eit godt lokaldemokrati i ­Longyearbyen

2.1 Heilskapleg forvaltning av norske interesser i polarområda

Den norske verksemda i polarområda (Svalbard, Jan Mayen og bilanda i Antarktis) stiller ofte forvaltninga overfor utfordringar som ikkje er til stades på fastlandet. Polarområda er òg politisk viktige. Dette gjer det nødvendig å sjå dei enkelte fagetatane si verksemd i desse områda i samanheng og i eit breiare perspektiv. Justisdepartementet har ansvaret for å koordinere og samordne forvaltningas arbeid med polarsaker for å sikre ein heilskapleg norsk politikk i polarområda.

Samordningsarbeidet skjer i hovudsak gjennom Det interdepartementale polarutvalet, jf. pkt. 2.1.1. I tillegg er Sysselmannen ein svært viktig medspelar i arbeidet med å sikre ei god forvaltning av øygruppa, jf. pkt. 2.1.2. Sysselmannen er regjeringas øvste representant på Svalbard, og har sete i Longyearbyen. Han har som hovudoppgåve å medverke til at måla i norsk svalbardpolitikk blir oppfylte. Dette ligg til grunn for all verksemd ved sysselmannskontoret. Sysselmannen har funksjon som både fylkesmann, notarius publicus og politimeister. Han har òg ei viktig oppgåve som miljøforvaltar, og har den lokale kontakten med utanlandske busetnader på Svalbard.

Ein annan viktig medspelar i arbeidet med å utvikle lokalsamfunnet i Longyearbyen, er Longyearbyen lokalstyre, jf. pkt. 2.1.3. Justisdepartementet arbeider derfor for å ha ein god dialog med lokalstyret, og søkjer saman med dei å finne gode løysingar på dei utfordringane lokalsamfunnet står overfor. Samtidig er det òg viktig å leggje til rette for eit godt samarbeid mellom dei lokale styresmaktene på Svalbard. Den auka kompleksiteten gjer dessutan at departementet søkjer å ha ein god dialog med andre lokale aktørar, og med ulike organisasjonar og institusjonar.

Den norske busetnaden på øygruppa har tradisjonelt vore knytt til koldrift. Dette er framleis den næringa som har flest sysselsette. Dei siste åra har det likevel skjedd ein auke i både offentleg og privat verksemd, særleg innan turisme og reiseliv. Aktiviteten har òg auka innafor forsking og høgare utdanning, først og fremst i Longyearbyen og Ny-Ålesund. Samtidig har regjeringa eit ønske om å utvikle Longyearbyen som eit familiesamfunn, men ikkje eit livsløpssamfunn. Denne utviklinga fører mot eit meir komplekst samfunn som igjen opnar for nye interessemotsetnader mellom fleire aktørar. Dette gjer samordninga til ei viktigare og meir krevjande oppgåve enn tidlegare.

Dei siste åra har det skjedd ei aukande desentralisering av ansvar og mynde innafor dei ulike statlege sektorane. Denne omlegginga har gitt særleg store utfordringar i forhold til utøving av norsk politikk på Svalbard. Det har òg skjedd ei endring i den statlege eigarstrukturen i Noreg ved at forvaltningsorgan i større grad enn tidlegare blir organiserte som aksjeselskap. Dette inneber at desse selskapa, til dømes Posten, Avinor og Telenor, har større krav til inntening enn før. Tidlegare har desse selskapa bl.a. vore nytta aktivt i svalbardpolitikken. Den nye organiseringa av selskapa gjer at dette har vorte vanskelegare. Ein må derfor finne nye måtar å leggje til rette for utøving av svalbardpolitikken på.

Aukande turisme og ferdsel på Svalbard synleggjer behovet for å halde oppsyn med og avdekkje eventuelle brot på føresegna om vern av Svalbards natur- og kulturmiljø. Det er òg ei utfordring å skape tryggleik, både ved ferdsel på land og til sjøs. Viktige tiltak i denne samanhengen er Sysselmannens oppsyns- og kontrollverksemd og informasjonsarbeid. Det er ei utfordring å nå ut til dei som besøkjer øygruppa med viktig informasjon på ein god og effektiv måte.

Svalbard og Longyearbyen har mange særtrekk. Likevel ser ein at Longyearbyen på mange område, og i aukande grad, liknar eit fastlandssamfunn. Dette fører til at ein stadig oftare må vurdere om regelverk for fastlandet òg skal gjerast gjeldande for Longyearbyen og Svalbard. Lovgivingstilhøva for Svalbard er spesielle, jf. bl.a. lov 17. juli 1925 nr. 11 om Svalbard (svalbardlova) § 2. Det er derfor ei utfordring å få til ei heilskapleg utvikling av regelverk. Målet er eit tilpassa og oversiktleg regelverk som er tilgjengeleg for alle. Justisdepartementet har fokus på denne problemstillinga.

2.1.1 Samordne og koordinere forvaltningas politikk for polarområda

For å sikre ei god forvaltning av Svalbard vart det allereie i 1965 oppretta eit eige Svalbardutval. I 1971 vart ansvarsområdet for utvalet utvida til òg å gjelde Jan Mayen og bilanda i Antarktis. Namnet vart då endra til Det interdepartementale polarutvalet. Hausten 2002 vart det fastsett ny instruks for utvalet (sjå rundskriv G-6/2003). Dette vart gjort bl.a. for å gjere Polarutvalet i stand til betre å møte dei utfordringane ein står overfor med eit meir variert samfunn på Svalbard.

Polarutvalet, som er leia av Justisdepartementet, skal drøfte alle saker som vedkjem forvaltninga av polarområda. Utvalet skal tene regjeringas behov for direkte styring med polarsaker, og vere eit særleg rådgjevande organ for regjeringa. Polarutvalet er leia av Justisdepartementet som også er sekretariat for utvalet, og består elles av representantar frå dei mest sentrale departementa i polar­samanheng (JD, UD, MD, UFD, NHD, FIN, SD, FKD), Norsk Polarinstitutt, Sysselmannen på Svalbard og Statsministerens kontor. Utvalet møtest om lag ti gonger i året. Statssekretærane deltek på to av møta.

Plikta til å leggje fram saker for Polarutvalet inneber at alle saker som vedkjem utanriks-, miljø-, ressurs-, forskings- og tryggleikspolitikken kan vurderast i samanheng og opp mot andre viktige omsyn i norsk svalbardpolitikk før det blir treft avgjerd i vedkommande fagdepartement. At saker blir lagt fram for Polarutvalet, endrar ikkje vedkommande fagdepartements mynde til å treffe avgjerder eller det konstitusjonelle ansvaret til vedkommande fagstatsråd.

Saker skal leggjast fram for Polarutvalet før avgjerd blir treft i det aktuelle fagdepartement, og utvalet kan då gi rådgivande uttale til det aktuelle departementet. Dersom det aktuelle departementet vil avgjere saka i strid med uttale frå Justis­departementet eller Polarutvalet, skal saka leggjast fram for regjeringa.

St.meld. nr. 30 (2004–2005) Muligheter og utfordringer i nord, vart behandla av Stortinget i 2005. Meldinga behandlar utfordringar knytte til utvinning og transport av energiressursar, forvaltning av fiskeressursar i Barentshavet, og samarbeidet om atomtryggleik i nordområda. Som eitt av fleire tiltak for å møte desse utfordringane, foreslår Regjeringa at det blir oppretta eit interdepartementalt nordområdeutval under leiing av Utanriksdepartementet, der alle dei aktuelle departementa tek del. Utvalet vil komme i tillegg til Det inter­departementale polarutvalet, som framleis vil vere regjeringas samordnande organ for Svalbard, Jan Mayen og Antarktis. Utvala vil kvar for seg behandle sakstypar som inngår som element i ein overordna nordområdepolitikk. Det vil derfor vere ei sentral oppgåve å finne fram til samarbeidsmåtar som sikrar at det blir utforma ein samla politikk på området.

Eit prioritert område for Polarutvalet dei seinare åra har vore sjøtryggleik på Svalbard. Ei arbeidsgruppe vurderte spørsmålet i 2002 og la fram ein statusrapport. Kvart enkelt departement følgjer opp dei tiltaka som blir omtala i rapporten på deira område, og melder tilbake til utvalet to gonger i året. Utvalet følgjer nøye med for å sjå til at utviklinga er tilfredsstillande.

I tillegg har Polarutvalet eit særleg fokus på skipsfart generelt og dei spesielle utfordringane ein ser i samband med cruisetrafikken. Utvalet med statssekretærar sette i 2004 ned ei arbeidsgruppe beståande av representantar frå dei mest sentrale departementa for å gå gjennom behovet for ytterlegare tiltak for å betre sjøtryggleiken i farvatna omkring Svalbard, og møte dei utfordringane som cruiseturismen medfører. Arbeidsgruppa la fram sine anbefalingar for Polarutvalet med statssekretærar i mai 2005 og fekk tilslutning til å arbeide vidare med desse. Den vidare oppfølginga av anbefalingane vil skje i dei enkelte fagdepartementa, mens Polarutvalet vil ha eit overordna ansvar for å sikre oppfølginga.

Utvalet har òg fokus på dei utfordringane som auka turisme og friluftsliv på Svalbard skapar. Dette gjeld bl.a. Sysselmannens handheving av gjeldande regelverk. I tillegg er rammevilkåra endra dei siste åra, gjennom etablering av nye verneområde og nytt regelverk. På bakgrunn av dette blir det arbeidd med ein forvaltingsplan som bl.a. omhandlar dei utfordringane ein står overfor, og kva for strategiar Sysselmannen skal leggje opp til for å møte desse. Arbeidet skjer i tett samarbeid med Sysselmannen. Longyearbyen lokalstyre og andre relevante aktørar vil òg bli høyrde.

Det internasjonale polaråret (IPY) 2007-2008 er ei stor internasjonal satsing innan polarforsking der mange nasjonar har gjort kjent at dei vil delta og der store ressursar blir sette inn. Regjeringa ønsker at Noreg skal gå sterkt inn i dette samarbeidet og ta mål av seg til å ha ei førande rolle. Regjeringa foreslår å løyve 5 mill. kr til Forskingsrådet til arbeidet med IPY i 2006. Løyvinga skal dekkje eit norsk sekretariat og investeringar som må vere på plass før sjølve forskinga startar. Løyvinga er fordelt mellom budsjetta til Utdannings- og forskingsdepartementet, Miljøvern­departementet og Justisdepartementet. Polar­utvalet har i den samanhengen sett ned ei interdepartemental arbeidsgruppe for å sikre ei best mulig koordinering.

Dei siste åra har det vore auka aktivitet innan forsking på Svalbard. Koordinering av denne verksemda er blitt stadig viktigare. Polarutvalet har derfor teke initiativ til å revitalisere Svalbard Science Forum (SSF). Målet er å utnytte infrastruktur og faglege ressursar betre, som ein del av arbeidet med å gjere Svalbard til ein leiande stad for internasjonalt forskingssamarbeid innan polarforsking. Dette arbeidet er eit viktig ledd både i forsk­ings- og nordområdepolitikken. I dei seinare åra er det derfor gjort store investeringar i forskingsverksemd og infrastruktur på Svalbard for å leggje til rette for både norsk og internasjonal forskingsverksemd på øygruppa.

Ny-Ålesund peiker seg på mange måtar ut som eit heilt spesielt område i forskingssamanheng. Styresmaktene har gjennom ei årrekkje investert store midlar i infrastrukturen for forskingsverksemda. Regjeringa har som målsetjing å byggje Ny-Ålesund vidare ut som internasjonalt forskingssenter i Arktis, innafor rammene av infrastruktur og anna kapasitet. I 2005 har åtte land ein eigen forskingsstasjon i Ny-Ålesund, og eit nytt marinlaboratorium vart opna i juni i år.

I Innst. S.nr. 196 (1999–2000) Svalbard, slutta Stortinget seg til ei vidare utvikling av Ny-Ålesund som forskingsstasjon. Det vart uttalt at dette ville kunne føre til at området rundt Ny-Ålesund måtte vernast som forskingsområde ved til dømes å setje grenser for anna verksemd i området. For å følgje opp desse signala, har Polarutvalet i ei eiga arbeidsgruppe utgreidd mogelege verkemiddel for å gi forskinga nødvendig vern. Utvalet anbefalte å stengje delar av Kongsfjorden for fiskeriaktivitet, gjennom ei forskrift til svalbardlova. Regjeringa har derfor fremja ein odelstingsproposisjon om endring i § 4 i svalbardlova, for å få på plass heimel for å kunne fastsetje ei slik forskrift. I lovframlegget vart det foreslått at Kongen kan gi reglar om grenser for verksemd som vil kunne vere til skade for forsking i bestemte område av særleg verdi for forsking på Svalbard.

Eit anna viktig område er innhenting av statistikk om Svalbard. I dag gjeld ikkje statistikklova på Svalbard. To arbeidsgrupper har konkludert med at det er ønskeleg å gjere lova gjeldande for lettare å kunne følgje utviklinga på Svalbard. Ein må òg ha tilgang til fleire sentrale offentlege register på Svalbard, og arbeidsgruppene har derfor foreslått å gjere lovene om Enhetsregisteret og foretaksregistre gjeldande. Dette arbeidet er no i gang i dei respektive departementa.

Justisdepartementet og Polarutvalet har òg ansvar for Jan Mayen og bilanda i Antarktis. På bakgrunn av dette deltek Justisdepartementet bl.a. i prosessane som går føre seg i regi av Arktisk Råd. Det internasjonale samarbeidet om Antarktis skjer innafor ramma av Antarktistraktaten og inneber årlege møte mellom traktatpartane. Lovgivingssituasjonen for dei norske bilanda i Antarktis er spesiell og krev særskilt vurdering i samband med lovgivingsarbeid.

2.1.2 Sikre ei god forvalting lokalt på Svalbard gjennom Sysselmannen

Sysselmannen er administrativt underlagt Justisdepartementet, og får sine løyvingar over svalbardbudsjettet. I enkelte fagsaker er han likevel underlagt andre departement. Som offentleg organ er Sysselmannen tillagt ei rekkje styresmaktoppgåver innafor ulike saksområde, til dømes forureining, barnevern, skjenkeløyvesaker, brannvern o.a. Fagkompetansen og svalbardkunnskapen hos Sysselmannen representerer ei viktig støtte i departementas arbeid med svalbardspørsmål.

Justisdepartementet har som mål at dei mange og ulike oppgåvene som sysselmannskontoret skal løyse, blir utførte på ein god og effektiv måte. Departementet arbeider for å ha ein god styringsdialog med Sysselmannen, bl.a. gjennom etatsstyringsmøte og tildelingsbrev, samt rapporteringssystem i samband med dette. I tillegg til den formelle konktakten, legg ein vekt på å ha ei brei kontaktflate og ein jamleg og tett dialog.

Både politifagleg og miljøfagleg ekspertise er samla i Sysselmannens organisasjon. Dette mogleggjer eit godt fagleg informasjonsarbeid og ei effektiv etterforsking av miljøkriminalitet. Auke i turisme og ferdsel på Svalbard viser at ein treng å halde oppsyn med og dermed avdekkje moglege brot på føresegna om vern av Svalbards natur- og kulturmiljø, jf. pkt. 2.1.

Sysselmannen har ansvar for redningsberedskapen på Svalbard. I dette arbeidet er førebygging viktig. Sysselmannen har i 2005, i samarbeid med Norsk Polarinstitutt, Svalbard Reiseliv, Universitetssenteret på Svalbard og Longyearbyen Røde Kors, laga ei brosjyre om dei viktigaste faktorane for tryggleik, som ein må ta omsyn til ved ferdsel i felt på Svalbard. Ei rekkje redningsaksjonar som har vore gjennomførte dei siste åra, viser at ein òg er avhengig av lokale frivillige. Sysselmannen søkjer stadig å uvikle dette samarbeidet. Som eit ledd i dette vil Sysselmannen utvide eit lagerbygg i sjøområdet i Longyearbyen for å samordne eige redningsutstyr og transportressursar, utstyret til Longyearbyen Røde Kors Hjelpekorps, og ei nedpakka kirurgisk eining frå Universitetssjukehuset Nord-Noreg. Dette vil hjelpe til å spare tid i utrykkingsfasen og til å betre samhandlinga både i akuttfasen og i det daglege arbeidet. Sysselmannen har vidare gjennom den nye avtala med Airlift AS om helikopterteneste, to helikopter med avansert redningsutstyr. Dette er med på å auke redningsberedskapen, jf. omtale av kap. 6.

Med omsyn til Sysselmannens mangfald av oppgåver er informasjonsarbeidet svært viktig. Som eit ledd i dette har Sysselmannen ei ny heimeside på Internett, både i norsk og engelsk versjon. Det blir òg arbeidd med ein russisk versjon. Sysselmannen har òg ein relativt stor produksjon av trykksaker. Det er bl.a. utarbeidd fleire informasjonshefte dei seinare åra. Å vere synleg på øygruppa og ha god kontakt med publikum er viktig for sysselmannskontoret. Det er samtidig viktig å utvikle nye måtar å nå ut med informasjon på.

Sysselmannen er involvert i arbeidet med etablering av Svalbard forskingspark, særleg knytt til informasjonssenteret i Svalbardporten og til eit kulturhistorisk magasin, jf. omtale av kap. 5. Forskingsparken skal stå ferdig hausten 2005, med offisiell opning våren 2006. For meir omtale av forskingsparken viser ein til pkt. 4.3.

2.1.3 Leggje til rette for eit godt lokaldemokrati i Longyearbyen

Longyearbyen lokalstyre får si løyving over svalbardbudsjettet. I samband med utarbeiding av budsjettet får departementet innspel frå lokalstyret. Det blir òg arrangert jamlege kontaktmøte. På desse møta blir bl.a. viktige saker og aktuelle problemstillingar diskuterte.

Lokalstyret har ansvar for å utøve mynde på utvalde saksområde, for offentleg tenesteyting og for utviklingsoppgåver innafor eit geografisk avgrensa område; gardsnummer 22 bruksnummer 1 Longyeardal. Dette inneber bl.a. samfunns- og arealplanlegging, økonomiplanlegging, næringsarbeid, statistikkproduksjon, utvikling og samordning av samfunnstenester retta mot barn, ungdom og vaksne, barnevern, sosialrådgiving, ungdomsarbeid og barnehagar.

I tillegg kjem oppgåver som politisk sekretariat og sekretariat for forliksrådet. Slik Longyearbyen lokalstyre er organisert ligg strategiske oppgåver, utøving av mynde og bestilling av tenester i lokalstyrets eigen organisasjon. I tillegg har Longyearbyen lokalstyre ansvar for all infrastruktur i samfunnet som ikkje er tillagt andre, og for at sentrale samfunnstenester i Longyearbyen blir utførte. Sjølve tenesteproduksjonen blir kjøpt frå andre, og då i hovudsak av Svalbard Samfunnsdrift AS, der lokalstyret eig 100 pst. av aksjane.

Longyearbyen lokalstyre har vedteke ei omorganisering som skal setjast i verk frå 2006. Då blir Svalbard Samfunnsdrift AS eit reindyrka teknisk selskap, mens oppvekst, kultur og fritid blir organisert i to føretak direkte under Longyearbyen lokalstyre.

Svalbard har eit eige forliksråd, og har høve til å ha eigen konfliktsrådmeklar.

Myndet til å fastsetje forskrifter om bygningsvesenet på Svalbard, er for Longyearbyen arealplanområde delegert til Longyearbyen lokalstyre. Lokalstyret vedtok i 2004 ei eige byggjesaksforskrift for Longyearbyen.

Det er snart fire år sidan Longyearbyen lokalstyre vart oppretta. I samarbeid med lokalstyret har Justisdepartementet sett i gang ei evaluering av lokaldemokratiet med NIBR (Norsk institutt for by- og regionforskning) som utførande forskingsinstitusjon. Arbeidet skal vere ferdig innan 01.02.2006.

Longyearbyen lokalstyre har ansvaret for Svalbard museum som blir ein del av Svalbardporten i Svalbard forskingspark, jf. omtale under pkt. 4.3 og omtale av kap. 3.

3 Forslag til svalbardbudsjett for 2006

Budsjettramma på svalbardbudsjettet for 2006 er 188,3 mill. kr. Dette er 6,9 mill. kr eller 3,5 pst. nedgang i forhold til vedteke budsjett for 2006.

Underskotet på svalbardbudsjettet for 2006 er stipulert til 96,5 mill. kr og blir dekt inn gjennom eit tilskot over Justisdepartementets budsjett kap. 480 Svalbardbudsjettet post 50 Tilskot. Tilskotet frå statsbudsjettet utgjer den største inntektsposten på svalbardbudsjettet. Storleiken på tilskotet har variert frå år til år, og har vore auka ved ekstraordinære tilskotsbehov. Tilskotet som er foreslått for 2006 utgjer 51,2 pst. av dei venta inntektene.

Bortsett frå statstilskotet er skattar og avgifter frå Svalbard den største inntektsposten, jf. omtala under kap. 3030. Skatteinntektene for 2006 er rekna til 87,6 mill. kr. Dette er ein auke på 33 mill. kr eller 60,5 pst. i forhold til vedteke løyving for 2005. Inntektene frå skattar og avgifter utgjer 46,5 pst. av dei samla inntektene over svalbardbudsjettet. Auken skuldast at skatteanslaget over forventa inntekt er heva, at skatteprosenten er heva frå 8 til 12 pst., og ein generell auke i aktiviteten på Svalbard.

Svalbardbudsjettet er i stor grad eit driftsbudsjett. Ein stor utgiftspost er Sysselmannens transportteneste (kap. 6), som bl.a. inkluderer utgifter til redningshelikopter. Sysselmannen på Svalbard inngjekk ny avtale om rednings- og tenestehelikopter gjeldande frå 01.04.2004. Andre store utgiftspostar er løyving til Sysselmannens ordinære drift (kap. 5) og Statens bygningar i Longyearbyen (kap. 20). For 2006 er det òg foreslått å løyve 3,5 mill. kr til dekning av Telenors samfunnspålagte oppgåver på Svalbard. Over kap. 3 Longyearbyen lokalstyre blir det løyvd midlar til drift av lokalstyret og tilskot til drift og utbygging av offentlege tenester og infrastruktur som Longyearbyen lokalstyre har ansvaret for.

Ei oversikt over inntekter og utgifter og ei oversikt over utgiftene fordelte på postnivå er gitt i punkt 5 nedanfor. I del II er det gitt ei nærare omtale av dei enkelte budsjettkapitla.

4 Forslag til løyvingar til svalbardformål frå andre departement over statsbudsjettet (jf. vedlegg 1)

For 2006 er det foreslått løyvd netto om lag 308 mill. kr over statsbudsjettet til svalbardformål. Dette talet omfattar tilskotet til svalbardbudsjettet over Justisdepartementets kap. 480 og utgiftene til Svalbard som blir dekte over budsjetta til dei andre departementa, jf. vedlegg 1. Inntektene frå Svalbard som går inn på budsjetta til dei andre departementa er trekte frå, jf. vedlegg 1. Tilsvarande tal i 2005 var om lag 357 mill. kr.

4.1 Miljøverndepartementet

Sysselmannen utøvar miljøvernmyndet for Svalbard. Etaten har ei eiga miljøvernavdeling og er lokal fagetat for Miljøverndepartementet. Departementet har òg delegert mynde på sentrale område til Direktoratet for naturforvaltning (DN), Statens forureiningstilsyn (SFT) og Riksantikvaren. Saman med Norsk Polarinstitutt, som er fagleg rådgivar for forvaltninga i polare spørsmål, representerer den faglege kompetansen og forvaltningserfaringa i desse direktorata ei vesentleg støtte til Sysselmannens miljøvernarbeid.

Over budsjettet til Miljøverndepartementet har det dei siste åra vore løyvd i gjennomsnitt om lag 80 mill. kr til svalbardformål. Det meste av dette går til miljøvernarbeid på Svalbard; om lag 51 mill. kr går til Norsk Polarinstitutts verksemd på Svalbard, resten bl.a. til Direktoratet for naturforvalting og Statens kartverk. Sjå oversikt over løyvingane i vedlegg 1. Det blir òg løyvd midlar til miljøvernarbeid over svalbardbudsjettet kap. 5 Sysselmannen og kap. 9 Kulturminnetiltak, jf. omtale i del II. Denne løyvinga inkluderer bl.a. 0,5 mill. kr til prosjektmidlar som frå 2005 vart overført til svalbardbudsjettet frå Miljøverndepartementets budsjett. Det er teke sikte på å halde oppe nivået på løyvinga over Miljøverndepartementets budsjett i 2006.

I 2005 vart kulturhistorisk materiale frå Svalbard tilbakeført frå Nederland til Svalbard i samband med bygginga av det kulturhistoriske magasinet i Longyearbyen. Vidare starta arbeidet med eit nytt verneområde og tiltak for å ta vare på verneverdige fossil.

Miljøvernarbeidet vil i 2006 ha særleg fokus på ei effektiv gjennomføring av svalbardmiljølova med tilhøyrande forskrifter, og vidareutvikling av forvaltningsplanar som eit verkemiddel for å styrkje verneområdet. Vidare skal forhold knytte til gamle synder og avfallshandtering følgjast opp. Dei effektane den aukande ferdsla har på utsette og sårbare kulturminne og på naturmiljøet skal overvakast. Viktige leveområde for vilt skal sikrast mot inngrep, forstyrring eller annan påverknad frå lokal verksemd.

Departementet legg òg opp til at arbeidet med eit nytt verneområde og tiltak for å ta vare på verneverdige fossil skal ferdigstillast i løpet av 2006. Det vil òg bli lagt vekt på å følgje nøye den delen av den aukande turismen som kan truge den sårbare naturen på Svalbard. Miljøverndepartementet tek i 2006 sikte på å fremje forslag til tiltak som kan sikre dyreliv, vegetasjon og kulturminne innafor verneområda betre vern mot påverknad som følgje av cruiseturismen.

Miljøverndepartementet tek sikte på, med heimel i lov 15. juni 2001 nr. 79 (svalbardmiljølova) § 98 å opprette Svalbard miljøfond i 2006. Fondet vil i utgangspunktet vere sett saman av midlane frå eit gebyr for tilreisande på Svalbard, gebyr for jakt- og fiskekort som departementet tek sikte på å gjere gjeldande frå 01.01.2006, og verdien av flora og fauna som er handtert i strid med lova, miljøerstatning fastsett av Sysselmannen og tvangsmulkt. Midlane skal nyttast til tiltak som har til formål å verne miljøet på Svalbard, bl.a. kartlegging, overvaking og gjenoppretting av miljøtilstanden, skjøtsel, informasjons- og opplæringstiltak.

Når det gjeld omtale av arbeidet med forskingsparken, viser ein til kap. 4.3.

Norsk Polarinstitutt

Norsk Polarinstitutt er underlagt Miljøverndepartementet. Instituttet har ei omfattande verksemd på Svalbard, med bl.a. forsking, miljøovervaking, topografisk og geologisk kartlegging, forskingsservice, drift av forskingsstasjonar, ettersyn av fyr, miljøretta kunnskapsformidling og informasjon. Polarinstituttet yter òg logistisk bistand til norsk og utanlandsk forskingsverksemd på Svalbard.

Polarinstituttet har ei mangfaldig forskingsverksemd på øygruppa. Dei driv ein forskingsstasjon i Ny-Ålesund, luftmålestasjon på Zeppelinfjellet, og avdelingskontor og feltlager i Longyearbyen. Kvart år gjennomfører instituttet ein stor sommarekspedisjon på Svalbard, og ei rekkje mindre ekspedisjonar gjennom året. Instituttet brukar òg monalege ressursar på rådgiving i miljøspørsmål overfor sentrale og lokale forvaltningsorgan, konsekvensutgreiingar og miljøovervaking på øygruppa.

I dei siste åra har Norsk Polarinstitutt styrkt si forskings- og overvakingsverksemd som er særleg viktig for forvaltinga av øygruppa. Instituttet har òg styrkt rådgivingskapasiteten sin overfor dei sentrale styresmaktene og Sysselmannen og den norske vertskapsrolla for forskingsaktivitet på Svalbard.

I 2006 flytter Norsk Polarinstitutt inn i Svalbard Forskingspark saman med UNIS og Svalbard Museum. For 2006 er det stipulert at omlag 70 mill. kr av løyvinga til Norsk Polarinstitutt over Miljøverndepartementet sitt kap. 1471 Norsk Polarinstitutt er relatert til Svalbard, jf. vedlegg 1. I tillegg kjem tilskotet frå svalbardbudsjettet, jf. omtalen av kap. 17.

4.2 Nærings- og handelsdepartementet

Staten har eigarinteresser i fleire selskap på Svalbard. Nedanfor følgjer ei omtale av dei selskapa Nærings- og handelsdepartementet har interesser i. Nokre av dei får overført statlege midlar.

Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS

Store Norske-konsernet består av morselskapet Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (SNSK) og dei heileigde dotterselskapa Store Norske Spitsbergen Grubekompani AS (SNSG), Store Norske Gull AS og Store Norske Boliger AS. Staten eig 99,94 pst. av aksjane i SNSK. Kolverksemda skjer gjennom SNSG. I 2004 produserte gruveselskapet i alt 2,9 mill. tonn kol netto, som er uendra frå året før. Oppnådde kolprisar var om lag 37 pst. høgare enn i 2003. Ved utgangen av 2004 hadde SNSG 265 tilsette, mot 233 ved inngangen til året. Store Norske Gull AS vart etablert i 2003 og har som formål å undersøkje og drive gullfelt på Svalbard. Store Norske Boliger AS forvaltar konsernets bustadmasse i Longyearbyen og i Svea.

Konsernet hadde i 2004 driftsinntekter på 1 315 mill. kr og eit årsresultat på 228 mill. kr. Tilsvarande tal i 2003 var 945 mill. kr og 64 mill. kr. Morselskapet SNSK fekk i 2004 eit årsresultat på 32 mill. kr. Av dette er 107 mill. kr utdelt som utbyte til aksjonærane.

Kolverksemda til Store Norske har i mange år vore halden oppe med statlege tilskotsløyvingar. Bakgrunnen for den økonomiske støtta har i hovudsak vore dei nasjonale omsyna som gjer seg gjeldande på Svalbard. Arbeidsplassane knytte til kolgruvedrifta har medverka vesentleg til stabil, heilårleg norsk aktivitet og busetnad.

Selskapet starta hausten 2001 produksjonsdrift i eit nytt gruveområde kalla Svea Nord. Ved Stortingets behandling 19. desember 2001 av prosjektet, jf. St.prp. nr. 2 Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS og Svea-Nordprosjektet og Innst. S. nr. 67 (2001–2002), vart det lagt til grunn at gruvedrifta etter dette skal drivast ut frå bedriftsøkonomiske føresetnader og uavhengig av statleg støtte i framtida. Formålet med statleg eigarskap i SNSK og SNSG er, gjennom ringverknadene av selskapets aktivitetar, å medverke til at samfunnet i Longyearbyen blir halde oppe og utvikla vidare på ein måte som understøttar dei overordna måla i norsk svalbardpolitikk. I tillegg ønskjer staten ei akseptabel årleg avkastning på den eigenkapitalen som er investert i dei to selskapa.

SNSK vil, etter at gruveverksemda er skilt ut i dotterselskapet SNSG, elles konsentrere verksemda si rundt Longyearbyen og satse på utvikling av selskapets eigedommar og andre bergrettar selskapet har på Svalbard.

30.07.2005 braut det ut brann i hovudstollen i Svea Nord-gruva. Arbeidet med å sløkkje brannen vart sett i gang straks og etter kvart med bistand frå ekstern ekspertise. Brannen blir etterforska av Sysselmannen på Svalbard og Arbeidstilsynet. Det er teke målingar av avgassane frå gruva kontinuerleg sidan brannen starta. Pr. 07.09.2005 tyder målingane på at brannen er sløkt. Røykdykkarar har etter dette jamleg vore inne i gruva for å måle gassar og temperatur. Når temperaturen i gruva har gått ned vil det bli gjennomført inspeksjonar av Arbeidstilsynet, Bergvesenet og Statens forurensningstilsyn mfl., og desse vil komme med sine respektive vurderingar. Nærings- og handelsdepartementet har understreka overfor leiinga i selskapet at ein ikkje må setje i gang verksemd i Svea Nord-gruva, verken oppryddingsarbeid eller ny drift, utan at det på forsvarleg måte er teke omsyn til tryggleiken. Nærings- og handelsdepartementet vil ha ein vidare dialog med selskapet om dette og dei økonomiske føresetnadene for vidare drift.

Kings Bay AS

Staten eig alle aksjane i Kings Bay AS. Det er foreslått å løyve 13 mill. kr til Kings Bay AS i 2006, til drift og investeringar. Ny-Ålesund er ein sentral base for naturvitskapleg forskingsverksemd på Svalbard. Kings Bay AS eig grunn og anlegg i Ny-Ålesund og har ansvar for infrastrukturen på staden. Gjennomsnittleg tal på tilsette i 2004 var 21.

Vedtektene for Kings Bay AS fastslår at selskapets verksemd særleg skal ha som mål å yte tenester til og fremje forsking og vitskapeleg verksemd, og medverke til å utvikle Ny-Ålesund som ein internasjonal arktisk naturvitskapleg forskingsstasjon. To av medlemmene i styret blir valde etter forslag frå respektive Utdannings- og forskingsdepartementet og Miljøverndepartementet.

Norske, tyske, britiske, italienske, franske, japanske, sørkoreanske og kinesiske forskingsstasjonar har etablert seg permanent i Ny-Ålesund. I tillegg nyttar andre norske og utanlandske forskingsinstitusjonar staden utan å drive permanent forsking.

Den aukande interessa for å etablere og utvide forsking på staden stiller krav til korleis selskapet legg forholda til rette. Forskingsaktivitet og tilrettelegging av infrastrukturen er prioritert i samsvar med intensjonen i strategisk plan for staden, utvikla av selskapet og Norsk Polarinstitutt i fellesskap. Anna næringsverksemd må tilpassast dei rammene som forskingsverksemda krev.

Det nye arktiske marinlaboratoriet som vart opna i juni 2005 vil vere unikt gjennom plasseringa si og tilknytinga til det internasjonale forskingsmiljøet i Ny-Ålesund. Den internasjonale interessa for marinlaboratoriet er stor, og ei rekkje land har allereie forplikta seg til å delta i prosjektet, sjå omtale under pkt. 4.3.

I samband med Stortingets behandling av St.meld. nr. 9 (1999–2000) Svalbard, understreka utanrikskomiteen i si innstilling at ein vidare vekst innan forsking må skje innafor rammer som er forsvarlege for miljøet. I tråd med dette slutta komiteen seg til at Ny-Ålesund blir utvikla vidare som ein «grøn» forskingsstasjon, og føresette at Kings Bay AS syter for nødvendige tiltak for å redusere miljøverknadene av verksemda i Ny-Ålesund-området til eit minimum.

Bergvesenet med Bergmeisteren for Svalbard

Etaten administrerer Bergverksordninga for Svalbard, fastsett ved kgl. res. 7. august 1925 og utfyllande reglar for petroleumsverksemda. Desse reglane regulerer tilgangen til mineralressursane på Svalbard. Etter forskrift 28. juni 2002 nr. 650 om konsekvens og avgrensing av planområda på Svalbard, har etaten ei viktig rolle i samband med konsekvensutgreiingar i saker som gjeld bergverks- og gruvedrift. I slike saker skal etaten, i samråd med Sysselmannen, fastsetje utgreiingsprogram og sluttdokument.

Bergvesenet med Bergmeisteren for Svalbard tildeler utmål, gir råd, rettleiing og oversikt over funn og førekomstar av geologisk art på Svalbard, og fører tilsyn med opningar knytte til nedlagte gruveverksemder. For å sikre at bergverksaktiviteten skjer i samsvar med dei miljøkrava som gjeld, bl.a. gjennom svalbardmiljølova, gir etaten informasjon om miljøregelverket og dei krav som er stilte.

Følgjande verksemdsidé er utarbeidd for etaten: Bergvesenet med Bergmeisteren for Svalbard skal arbeide for at Noregs mineralressursar blir forvalta og utnytta til beste for samfunnet. Ut frå denne verksemdsideen er det fastsett følgjande hovudmål for den delen av etaten si verksemd som er retta utover:

  • effektivt å forvalte gitte fullmakter, og vere sakkyndig organ i saker som gjeld mineralnæringa

  • arbeide for å redusere miljøkonsekvensane av mineraluttak, og medverke til ei balansert miljøforvaltning

  • arbeide for auka verdiskaping innan mineralnæringa

  • arbeide for auka forståing av den verdien mineralnæringa har for samfunnet

For 2006 vil etaten prioritere saksbehandling og tilsynsverksemd. Etaten vil informere om miljø­regelverket og sjå til at undersøkingar og uttak av mineral blir gjennomførte slik at også ressurs- og miljøaspekt blir tekne vare på. Det blir elles vist til nærare omtale av etaten under kap. 906 Bergvesenet med Bergmeisteren for Svalbard i Nærings- og handelsdepartementets St.prp. nr. 1 (2005–2006).

Svalbard Reiseliv AS

Det vart i St.meld. nr. 9 (1999–2000) Svalbard, vist til at det er viktig at delar av oppgåvene til Svalbard Næringsutvikling blir førte vidare. Dette gjeld statistikkproduksjon, arbeidet med å leggje til rette for eit miljøtilpassa reiseliv og ansvaret for vertskapsfunksjonane innan reiselivet som tidlegare vart utførte av avdelinga Info-Svalbard. I stortingsmeldinga vart det vidare vist til at regjeringa tek sikte på å gi reiselivsnæringa sjølv eit større ansvar for utviklinga av næringa på Svalbard. Etter dialog mellom Nærings- og handelsdepartementet og Svalbard Reiselivsråd vart Svalbard Reiseliv AS etablert i 2001, med sikte på å føre vidare hovudoppgåvene til Info-Svalbard.

Svalbard Reiseliv AS er eigd av Svalbard Reiselivsråd, som er ei samanslutning av eit breitt spekter av aktørar med interesser knytte til reiselivet på Svalbard.

Målet med tilskotet til Svalbard Reiseliv AS er å medverke til auka verdiskaping og betre lønsemd for reiselivet ved å informere, profilere og marknadsføre Svalbard som reisemål.

Det er ei viktig oppgåve for Svalbard Reiseliv AS å leggje vekt på å utvikle eit miljøtilpassa reiseliv i tråd med det overordna målet for regjeringa og reiselivsnæringa.

I 2004 vart det registrert 77 926 gjestedøgn ved overnattingsverksemder i Longyearbyen. Dette er ein auke på 9,7 pst. samanlikna med året før då det vart registrert 71 049 gjestedøgn. Nordmenn står for om lag 75 pst. av gjestedøgna. I alt kom det 31 004 gjester til Svalbard i 2004, noko som var ein auke på 11,2 pst. sett i høve til året før. I tillegg kjem gjester som ikkje nyttar overnattingsverksemdene, og cruisepassasjerar. Svalbard Reiseliv AS har i samarbeid med reiselivsbransjen arbeidd aktivt dei seinare åra for å auke talet på turistar til Svalbard i mørketida. Det har vore ei positiv utvikling i talet på ferie- og fritidsreisande i månadene februar, april og oktober.

Det er foreslått å løyve eit tilskot på 1,2 mill. kr til Svalbard Reiseliv AS over statsbudsjettet for 2006.

Svalbard Satellittstasjon

Svalbard Satellittstasjon (SvalSat) vart offisielt innvigd i juni 1999. Stasjonen ligg i nærleiken av Longyearbyen. Den direkte statlege finansieringa av prosjektet utgjorde 28 mill. kr. SvalSat les ned data for sivile formål frå satellittar i polare baner og styrer også desse satellittane. Kongsberg Satellite Services AS, som er eigd 50 pst. av Norsk Romsenter og 50 pst. av Kongsberg Aerospace & Defence Systems AS, eig infrastrukturen og står for drifta av SvalSat og Tromsø Satellittstasjon. I tillegg eig selskapet to antenner. NASA har bygd ei antenne som blir nytta av fleire av deira satellittar. Den europeiske organisasjonen for meteorologisatellittar (EUMETSAT) har bygd to antenner. Vidare har Telenor bygd ei telekommunikasjonsantenne på SvalSat. Norsk Romsenter og Kongsberg Satellite Services AS arbeider for å skaffe fleire kundar til SvalSat. Svalsat er verdas mest kostnadseffektive nedlesestasjon for satellittar i polare baner.

Bygginga av ei antenne for IPO, som er ei avdeling i den sivile amerikanske vêrvarslingstenesta National Oceanic and Atmospheric Administration (NOAA) er avslutta. Kongsberg Satellite Services AS har inngått ein kontrakt med IPO om framtidig nedlesings- og dataoverføringstenester. Kontrakten har gjort det mogleg for Norsk Romsenter å etablere eit fiberkabelsamband mellom Andøya og Longyearbyen. Fiberkablane tilbyr samtidig generelle breibandstenester til Longyearbyen.

Forskrift 11. juni 1999 nr. 664 om etablering, drift og bruk av jordstasjon for satellitt regulerer bl.a. verksemda ved Svalbard Satellittstasjon. Sysselmannen på Svalbard skal føre kontroll med at verksemda skjer i samsvar med Svalbardtraktaten.

Svalbard Rakettskytefelt

Andøya Rakettskytefelt A/S har etablert Svalbard Rakettskytefelt (SvalRak) i Ny-Ålesund. Anlegget stod ferdig i 1997, og investeringane i anlegget var på om lag 7,4 mill. kr. Infrastrukturen på SvalRak er eigd av Andøya Rakettskytefelt A/S. Formålet med SvalRak er oppskyting av forskingsrakettar. Som følgje av lokaliseringa nær den magnetiske nordpolen gir målingane frå rakettane resultat av stor vitskapleg verdi. Det er utført fleire oppskytingar og dei siste vart gjennomførte ved årsskiftet 2003–2004.

4.3 Utdannings- og forskingsdepartementet

Det har vore ein større auke i forskings- og utdanningsverksemda på øygruppa det siste tiåret, og Svalbard er blitt sentral for både nasjonal og internasjonal forsking i Arktis.

Svalbard forskingspark

Forskingsparken er ferdig hausten 2005. Forskingsparken samlar dei akademiske miljøa i Longyearbyen. Dei akademiske miljøa får ein felles infrastruktur med samordna service for feltundersøkingar og publikumsaktivitetar. Sambruket i ein park vil gi betre og meir økonomisk utnytting av arealet. Etablering av eit kulturhistorisk magasin i samband med Svalbard Museum vil gi betre høve til å formidle kulturhistorie på Svalbard både til fastbuande og til besøkjande. Samlokalisering av akademiske miljø i Longyearbyen vil skape faglege synergieffektar og gjere tilhøva betre for publikum og lokalbefolkninga som nyttar tenestene hos desse verksemdene. Etableringa av Forskingsparken vil derfor ha mykje å seie både for lokalsamfunnet i Longyearbyen og for Svalbard.

Arbeidet med å etablere ein forskingspark på Svalbard har vore eit samarbeidsprosjekt som har involvert fleire departement og andre offentlege instansar. Utdannings- og forskingsdepartementet arbeider med utviding av Universitetssenteret på Svalbard (UNIS), og Miljøverndepartementet med nye areal for Norsk Polarinstitutt. Justisdepartementet og Longyearbyen lokalstyre arbeider med nye lokale for Svalbard Museum. Justisdepartementet arbeider òg saman med Sysselmannen på Svalbard og Riksantikvaren med stiftinga av eit kulturhistorisk magasin. Sysselmannen har òg gått saman med Svalbard Museum om å samlokalisere og utvikle eit felles senter for miljøinformasjon.

Kostnadsramma for prosjektet er på 426,5 mill. kr (pr. sluttføringsdato). Det blir foreslått ei løyving til sluttføring av prosjektet på 33,5 mill. kr i 2006. Sjå også kap. 2445 post 31 under Moderniseringsdepartementets budsjett.

Polar klimaforsking

I 2002 vart det etablert eit femårig forskingsprogram kalla «Polar klimaforsking», som blir finansiert av midlar frå Fondet for forsking og nyskaping over Utdannings- og forskingsdepartementet sitt budsjett kap. 286 post 50. For 2006 er det sett av om lag 25 mill. kr til formålet og om lag ein tredel av satsinga gjeld forsking knytt til Svalbard. Forskingsaktiviteten vil for det meste gå føre seg i havområda kring Svalbard, men det vil òg bli noko aktivitet på land.

Universitetssenteret på Svalbard

Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS) vart oppretta som statleg aksjeselskap 29.11.2002. Selskapet avløyste stiftelsen Universitetsstudia på Svalbard, som vart oppretta av dei fire norske universiteta i 1994.

I budsjettet for 2006 er det foreslått å løyve 1,4 mill. kr til ti nye studieplassar, slik at talet på studieplassar som Utdannings- og forskingsdepartementet finansierer kjem opp i 125. Studiet skal ha ein internasjonal profil, og det blir teke sikte på at ein stor del av studentane skal vere utanlandske. I 2003 utgjorde studentaktiviteten 119-årsekvivalentar, og om lag 60 pst. av studentane var utanlandske. Studentaktiviteten i 2004 utgjorde 126 årsekvivalentar. Også i 2004 var om lag 60 pst. av studentane frå utlandet. Om lag 50 pst. var kvinner. Regjeringa foreslår å opprette to nye stipendiatstillingar i 2006, samtidig med at heilårsverknaden for to stillingar oppretta i 2005 er lagt inn i ramma. Det er no totalt tolv stipendiatstillingar ved UNIS. Regjeringa foreslår òg å løyve 2,5 mill. kr til utstyr ved Nordlysobservatorium på Svalbard i 2006. I budsjettet til Utdannings- og forskings­departe­mentet er det for 2006 foreslått å løyve 94 mill. kr på kap. 281 post 74 Tilskot til UNIS.

Noregs forskingsråd

Rundt rekna 14 mill. kr av den ordinære faglege løyvinga til Noregs forskingsråd for 2006, kap. 285 post 52, går til tiltak som gjeld Svalbard direkte. Dette er ein auke på 7,5 mill. kr samanlikna med 2005. Av denne auken skal 5,5 mill. kr bl. a. nyttast til betre samordning av forsking på Svalbard, styrking av driftsløyvinga til Svalbard Science Forum, stipend for utjamning av meirkostnader ved å leggje forskingsverksemd til Svalbard, styrking av samarbeidet mellom Noreg og Russland om polarforsking og til utstyr til det nye marinlaboratoriet i Ny-Ålesund.

Det internasjonale polaråret (IPY) 2007–2008 er ei stor internasjonal satsing innan polarforsking der mange nasjonar har gjort kjent at dei vil delta og der store resursar blir sette inn. Regjeringa ønsker at Noreg skal gå sterkt inn i dette samarbeidet og ta mål av seg til å ha ei førande rolle. Regjeringa foreslår å løyve 5 mill. kr til Forskingsrådet til arbeidet med IPY i 2006. Løyvinga skal dekkje eit norsk sekretariat og investeringar som må vere på plass før sjølve forskinga startar opp. Løyvinga er fordelt mellom budsjetta til Utdannings- og forskingsdepartementet, Miljøverndepartementet og Justisdepartementet. 2 mill. kr av denne summen er sett av under Utdannings- og forskingsdepartementets budsjett.

I budsjettet for 2005 ligg det inne 1 mill. kr for å styrkje samarbeidet mellom Noreg og Russland innafor polarforsking, og 2 mill. kr til samarbeidsavtala mellom Noregs forskingsråd og National Science Foundation. I tillegg vil midlar frå andre program under Forskingsrådet (bl.a. «Norklima-programmet», «Romforskingsprogrammet», «Marine ressursar, miljø og forvaltning») og frå ulike forskarinitierte prosjekt, finansiere forsking på eller knytt til Svalbard.

Det nye marinbiologiske forskingslaboratoriet i Ny-Ålesund vart opna 01.06.2005. Det er eit internasjonalt konsortium av forskingsinstitusjonar som står bak planen og har gjort avtale om den seinare bruken. Kings Bay AS prosjekterte og har ført opp bygget. Sjå nærare omtale i budsjettproposisjonen frå Nærings- og handelsdepartementet. I 2006 vil inntil 3 mill. kr av løyvinga under «Norklimaprogrammet» gå til prosjekt knytt til forsking på Svalbard, av dette 2 mill. kr til det nye marinlaboratoriet i Ny-Ålesund.

Marinlaboratoriet i Ny-Ålesund og Svalbard forskingspark, vil gi gode tilhøve for å vidareutvikle konseptet om å gjere Svalbard til eit verdsleiande område for internasjonalt forskingssamarbeid.

Det er vanskeleg å seie kor stor del av dei midlane Forskingsrådet disponerer til ulike program og prosjekt som kan klassifiserast som forsking på eller i tilknyting til Svalbard. For å betre informasjonen om dette gjennomførde Norsk institutt for studiar av utdanning og forsking (NIFU) i 2003 ein analyse av kor store ressursar som blir nytta til polarforsking generelt og til forsking på Svalbard spesielt (Rapport 82003 Norsk polarforskning – forskning på Svalbard). Rapporten viser bl.a. at det i 2002 vart utført om lag 415 årsverk i norsk polarforsking. Av desse var om lag 13 pst. utført på Svalbard. Norsk forsking utgjorde 48 pst. av den totale verksemda på Svalbard. Det samla talet på forskardøgn fordelte seg i 2002 med 11 500 forskardøgn i Longyearbyen, 10 000 i Ny-Ålesund og 6 000 andre stader. I Longyearbyen dominerte norsk forsking, mens det var overvekt av utanlandske forskardøgn i Ny-Ålesund.

Svalbard Science Forum (SSF) har til oppgåve å betre samordninga av den norske og internasjonale forskinga på Svalbard. Løyvinga til SSF er derfor styrkt slik at forumet kan nyttiggjere seg ei fulltids sekretærstilling. SSF vil også i 2006 etablere ein nettportal og skipe til eit seminar med det emnet å gjere samordninga av den internasjonale forskinga betre.

Longyearbyen skule

Utgiftene til Longyearbyen skule blir dekte over budsjettet til Utdannings- og forskingsdepartementet, over kap. 222 Statens grunnskuler og grunnskuleinternat. For 2006 er det foreslått løyvd om lag 25 mill. kr til skulen på Svalbard. I dette ligg òg dei løyvingane som er knytte til husleige og drift av lokale og tenestebustader for dei tilsette. Etter planen skulle ansvaret for styring og drift av Longyearbyen skule bli overført til Longyearbyen lokalstyre frå 01.01.2006. Justisdepartementet samarbeider med Utdannings- og forskingsdeparte­-mentet og Moderniseringsdepartementet om saka, som viser seg å vere noko meir tidkrevjande enn venta. Arbeidet med overføringa held fram og vil venteleg finne stad 01.01.2007.

Meteorologiske tenester

Utdannings- og forskingsdepartementet finansierer drifta av dei meteorologiske stasjonane på Bjørnøya og Hopen og flyvêrteneste ved Svalbard lufthamn over budsjettet til Meteorologisk institutt. For 2006 vil løyvinga til desse formåla vere om lag 10,2 mill. kr.

EISCAT

EISCAT (European Incoherent Scatter Radar) er ein internasjonal organisasjon som ved hjelp av store radarinstallasjonar driv atmosfæreforsking, bl.a. på nordlys og ozon. Informasjonen som radarane gir har òg verdi for navigering, satellittposisjonering, telesamband med meir. Ein av desse radarane er EISCAT Svalbard radar i Longyearbyen. For 2006 vil Noregs kontingent til EISCAT vere om lag 2,7 mill. svenske kr. EISCAT arbeidar med å vidareføre EISCAT-avtala, som går ut i 2006. Den nye avtala vil kunne føre til at Noreg tek på seg ein større del av observasjonstida ved radarane og dermed ein noko høgre kontingent. Noreg vil i ein ny avtale vederlagsfritt overta radaranlegga dersom EISCAT-organisasjonen i framtida blir oppløyst, jf. omtale om dette i St.prp. nr. 65 (2004–2005) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2005.

4.4 Finansdepartementet

Det er ei eiga skattelov for Svalbard. Gjennom lov 29. november 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard (svalbardskattelova) er dei alminnelege føresegnene om likningsforvaltning og skatteinnkrevjing i stor grad gjort gjeldande for Svalbard for inntekt som blir likna. For lønn gjeld ei eiga lønnstrekkordning med endeleg skattetrekk ved utbetalinga. Personar som er busette på Svalbard og selskap som er heimehøyrande der, har på visse vilkår alminneleg skatteplikt til Svalbard. Personar og selskap har avgrensa skatteplikt til Svalbard for inntekt vunne ved arbeid eller verksemd under opphald på Svalbard, og for formue og inntekt av fast eigedom der.

Svalbard likningskontor

Svalbard likningskontor vart etablert i Longyearbyen i september 1998. Likningsrådet for Svalbard, som vart oppretta i medhald av den tidlegare skattelova for Svalbard frå 1925, vart formelt avvikla pr. 01.11.1998. Svalbard har eiga likningsnemnd og overlikningsnemnd. Funksjonane som fylkesskattekontor og fylkesskattenemnd for Svalbard er lagt til Troms fylkesskattekontor og Troms fylkesskattenemnd.

Ved forskrift 4. februar 1994 nr. 111 om register over befolkninga på Svalbard vart det etablert befolkningsregister for Svalbard. Frå desember 1999 er befolkningsregisteret administrert av Svalbard likningskontor.

I tillegg til å administrere befolkningsregisteret og å utføre likning etter svalbardskattelova, skal likningsforvaltninga rekne ut kolavgift etter lov 17. juli 1925 nr. 2 om avgift av kol, jordoljer og andre mineral og bergartar som blir utførte frå Svalbard.

Løyvingane til likningskontoret går over svalbardbudsjettet. Sjå omtale under kap. 22 Likningsforvaltninga for Svalbard.

4.5 Samferdselsdepartementet

Telenor AS tilbyr telenett og teletenester til Svalbard. Tidlegare gjekk teletrafikken mellom fastlandet og øygruppa via satellittsamband. Frå januar 2004 har Svalbard fått samband med fastlandet via fiberkabel. Kabelen er primært etablert for å betre kommunikasjonen til og frå jordstasjonsverksemda på Svalbard, men lokalsamfunnet vil òg kunne nytte kapasitet i kabelen. Norsk Romsenter AS har teke initiativ til og eig kabelen, mens Telenor er gitt ansvaret for drifta. Sommaren 2005 vart det etablert ein ny radiolink mellom Ny-Ålesund og Longyearbyen med vesentleg høgare kapasitet enn tidlegare. Dette inneber at Ny-Ålesund kan nytte kapasiteten i fiberkabelen betre. Dekning av eventuelle meirkostnader for Telenor ved å tilby samfunnspålagte teletenester for Svalbard er regulert i ei eiga avtale mellom Telenor og Justisdepartementet.

Posten Noreg AS utfører samfunnspålagte posttenester på Svalbard. Underskotet ved denne tenesta er dekt gjennom løyvinga til statleg kjøp av posttenester over Samferdselsdepartementets budsjett. I 2006 er einerettsoverskotet til Posten nok til å dekkje meirkostnadene ved ulønsame posttenester, og det vil dermed ikkje vere behov for særskilt løyving over kap. 1370, post 70 i 2006. Posten reknar med eit behov på 2 mill. kr til ulønnsame posttenester på Svalbard i 2006. Dette vil bli dekt av einerettsoverskotet.

4.6 Barne- og familiedepartementet

Barnetrygd

Lov 8. mars 2002 nr. 4 om barnetrygd er gjort gjeldande for personar som er medlemmer i folketrygda etter lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd § 2-3, og som oppheld seg på Svalbard. Det vart i 2004 utbetalt barnetrygd til om lag 345 barn busette på Svalbard. I 2006 er det venta at 4,5 mill. kr vil gå til dekning av utgifter til barnetrygd for busette på Svalbard over kap. 845 Barnetrygd, post 70 Tilskot.

Kontantstøtte

Lov 26. juni 1998 nr. 41 om kontantstøtte til småbarnsforeldre, er på same måten som barnetrygdlova gjort gjeldande for Svalbard. Det er for 2006 rekna ut at om lag 0,45 mill. kr vil gå til kontantstøtte over kap. 844 Kontantstøtte, post 70 Tilskot.

Barnehagar

Ved utgangen av 2004 var det 103 barn i barnehage i den norske busetnaden på Svalbard. Desse barna gjekk i til saman tre barnehagar, ein familiebarnehage og to ordinære barnehagar som alle ligg i Longyearbyen.

Lov 17. juni 2005 nr. 64 om barnehagar (barnehagelova) gjeld ikkje for Svalbard. Kongen har i medhald av § 25 høve til å fastsetje forskrift om å gi lova verknad på Svalbard, men heimelen er ikkje blitt brukt. I praksis er det likevel intensjonane i barnehagelova som er styrande for barnehagedrifta, og det er ingen vesentlege skilnader mellom drift av barnehagar i Longyearbyen og på fastlandet.

Barnehagane på Svalbard får statstilskot til drift over Barne- og familiedepartementets budsjettkapittel 856 Barnehagar, post 60 Driftstilskot til barnehagar. Barnehagedrifta i Longyearbyen er i dag regulert gjennom vilkår stilte for dette tilskotet, og vilkåra tek utgangspunkt i føresegnene i barnehagelova så langt dei passar. Dette inneber tildømes at barnehagane må halde seg til gjeldande krav til personale, lokale og uteområde, og arbeide i samsvar med Rammeplan for barnehagar.

Frå og med 2006 vil driftstilskotet til barnehagar på fastlandet bli lagt om slik at tilskot til eksisterande barnehagar blir fordelt i kommuneramma og tilskot til nye plassar blir tildelt gjennom ei ordning med øyremerkt statleg tilskot over Barne- og familiedepartementets budsjett. Når det gjeld Svalbard, vil driftsmidlar til eksisterande barnehagar framleis bli fordelte frå Barne- og familiedepartementet utanom kommuneramma.

Barnehageeigarane søkjer om statstilskot. Longyearbyen lokalstyre kontrollerer at opplysningane i søknadene er korrekte og søkjer om driftstilskot på vegner av barnehagane. Det er Barne- og familiedepartementet som behandlar søknadene og utbetalar tilskotet. Vidare gjennomfører Sysselmannen synfaring og tilsyn med barnehagane etter avtale med Barne- og familiedepartementet. Dei sistnemnde oppgåvene blir utførte av barnehagekonsulenten i Longyearbyen lokalstyre. Barne­hagekonsulenten har også rettleiingsansvar for barnehagane.

Etter Barne- og familiedepartementets oppfatning fungerer ordninga med forvaltning av statstilskotet og drift av barnehagane tilfredsstillande.

Barnevernet

Frå 01.01.2004 vart fylkeskommunane sine oppgåver på barnevernområdet overførte til statleg styresmakt. Dette inneber bl.a. at ansvaret for etablering og drift av barneverninstitusjonar, ansvaret for rekruttering og formidling av fosterheim og for at fosterheimane får nødvendig opplæring og generell rettleiing ligg til statleg styresmakt.

Forskrift 1. september 1995 nr. 772 om lov om barneverntjenestens anvendelse på Svalbard regulerer fordelinga av ansvar og dekninga av utgifter til barneverntiltak overfor barn og unge som oppheld seg på Svalbard. Gjennom forskrifta hadde opphavleg Fylkesnemnda i Troms og Finnmark, Troms fylkeskommune og Fylkesmannen i Troms fått utvida sitt ansvar på barnevernområdet til Svalbard. Som ein konsekvens av at fylkeskommunane sine oppgåver på barnevernområdet skulle overførast til statleg styresmakt, vart det behov for å endre forskrift om lov om barneverntjenesten. Ved forskriftsendring 28. november 2003 vart forskrifta § 3 endra, slik at ansvaret på Svalbard for rekruttering og formidling av fosterheimar, og for at fosterheimane får nødvendig opplæring og generell rettleiing, vart overført frå Troms fylkeskommune til statleg regional barnevernstyresmakt ved region nord. Endringa trådde i kraft 01.01.2004.

4.7 Helse- og omsorgsdepartementet

Longyearbyen sjukehus gir helsetenester til den norske befolkninga på Svalbard og alle som ferdast på og rundt øygruppa. Den russiske busetnaden i Barentsburg har eiga helseteneste som er eigen­finansiert, jf. reglane i Bergverksordninga for Svalbard.

Longyearbyen sjukehus er eit akuttmedisinsk beredskapssjukehus og yter 1. og 2. linjetenester, dvs. tenester tilsvarande eit helsesenter på fastlandet. Ved større ulykker må det tilkallast hjelp frå fastlandet. Frå 1993 har det vore stasjonert eit redningshelikopter på Svalbard. Personell frå sjuke­huset skal innafor beredskapsordninga si bemanne helikopteret ved ambulanseoppdrag.

Frå 2002 vart Longyearbyen sjukehus lagt under det regionale helseføretaket Helse Nord RHF. Organisatorisk er Longyearbyen sjukehus tilknytt Universitetssjukehuset i Nord-Noreg HF. Som følgje av omlegginga er løyvingane til sjukehuset lagt inn i ramma til Helse Nord RHF, jf. kap. 732, post 75.

4.8 Moderniseringsdepartementet

Statsbygg forvaltar hovuddelen av dei statlege eigedommane i Longyearbyen, bl.a. Longyearbyen skule, Svalbard kyrkje, Sysselmannens administrasjonsbygning, post- og bankbygget, fleire lagerbygningar og 139 bustader. Statsbygg forvaltar òg dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya, og Norsk Polarinstitutts forskingsbygg (Sverdrupstasjonen) i Ny-Ålesund. Statsbygg har avtale med Universitetssjukehuset i Nord-Noreg HF om drifta av sjukehuset i Longyearbyen.

Dei meteorologiske stasjonane på Bjørnøya og Hopen, Longyearbyen skule og Svalbard kyrkje vart innlemma i husleigeordninga frå 1.januar 2004. Drifts- og vedlikehaldskostnader for desse eigedommane blir dekte over Moderniseringsdepartementet kap. 2445 Statsbygg.

Tankanlegget på Bjørnøya vart utbetra i 2005. Eit tilbygg for ungdomstrinnet ved Longyearbyen skule vart ferdig i 2005. Rehabilitering av den gamle delen av skulen er venta avslutta i 2006.

Drift av bustadene for dei tilsette på skulen blir dekt over kap. 20.

4.9 Kultur- og kyrkjedepartementet

På Kultur- og kyrkjedepartementet sitt budsjett for 2006 er det foreslått avsett midlar til velferdstiltak på Svalbard. Det er over kap. 320 Allmenne kulturformål, post 74 Tilskot til tiltak under Norsk kulturråd foreslått eit tilskot på 134 000 kr til kulturtiltak. Norsk kulturråd forvaltar tilskotet som blir kanalisert gjennom Longyearbyen lokalstyre.

Vidare er det over kap. 326 Språk-, litteratur- og bibliotekformål, post 78 Ymse faste tiltak, foreslått eit tilskot på 155 000 kr til bibliotekteneste på Svalbard i 2006. Svalbard Samfunnsdrift AS har driftsansvar for Longyearbyen folkebibliotek, men Longyearbyen lokalstyre yter tilskot til drifta.

Kultur- og kyrkjedepartementet gir pressestøtte til Svalbardposten. Svalbardposten fekk 310 000 kr i produksjonstilskot i 2005. Tilskotet for 2006 vil avhenge av opplagstala til avisa, og blir endeleg fastsett i oktober d.å. Utbetaling av tilskot skjer etter reglane i forskrift om produksjonstilskot til dagspressa.

Svalbard kyrkje

Svalbard kyrkje betener alle som bur på øygruppa. Forutan den norske busetjinga i Longyearbyen og Ny-Ålesund inkluderer dette òg befolkninga i Barentsburg, Hornsund og Svea, og dessutan fangstmenn og andre som overvintrar rundt om på Svalbard.

Kyrkja har som mål at også utanlandske busette på Svalbard skal få tilgang til kyrkjelege tenester. Ein søkjer å leggje praktisk til rette for at befolkninga i Barentsburg og i Hornsund òg kan dra nytte av prestar som høyrer heime i deira eigne kyrkjesamfunn.

Kyrkja på Svalbard utfører alminnelege tenester så som gudstenester, dåp, konfirmasjon, vigsel, sørgjegudstenester og sjelesorg. Peisestova i kyrkja er dessutan samlingsstad både for kyrkjelege aktivitetar og for lokalbefolkninga. Den er òg mykje besøkt av turistar.

I Longyearbyen har kyrkja eit utstrekt samarbeid med skule, barnehagar og sjukehus. Soknepresten har sete i LRS (lokal redningssentral), og samarbeidet mellom kyrkja og Sysselmannen er godt.

I april 2005 vart kyrkjebygget gjenopna etter ei omfattande rehabilitering og ombygging. Kyrkja får si løyving over svalbardbudsjettet, jf. omtale av kap. 1.

5 Oversikt over forslag til løyvingar på svalbardbudsjettet for 2006

Følgjande oversikt viser rekneskapstal for 2004, vedteke budsjett for 2005 og forslag til løyving over svalbardbudsjettet for 2006. Inntektene er eksklusive tilskotet frå statsbudsjettet.

(i 1 000 kr)

Rekneskap

2004

Saldert budsjett 2005

Forslag

2006

Utgifter

168 208

195 245

188 330

Inntekter

90 701

59 330

91 771

Utgifter under programkategori 06.80 fordelt på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2004

Saldert budsjett 2005

Forslag 2006

Pst. endr. 05/06

0001

Svalbard kyrkje

1 776

3 144

3 250

3,4

0002

Tilskot til kulturelle formål m.m.

960

960

960

0,0

0003

Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

51 530

66 810

60 923

-8,8

0005

Sysselmannen (jf. kap. 3005)

21 370

26 240

26 600

1,4

0006

Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 3006)

57 952

62 200

63 800

2,6

0007

Tilfeldige utgifter

4 196

4 100

4 100

0,0

0009

Kulturminnetiltak

2 053

2 050

2 050

0,0

0011

Bergmeisteren

1 386

1 430

1 290

-9,8

0017

Refusjon til Norsk Polarinstitutt

2 700

2 700

2 750

1,9

0018

Fyr og radiofyr

3 350

3 350

3 400

1,5

0019

Statens bygningar på Bjørnøya og Hopen

0

5 450

5 353

-1,8

0020

Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 3020)

18 685

14 656

11 454

-21,8

0022

Likningsforvaltninga for Svalbard

2 252

2 155

2 400

11,4

Sum kategori 06.80

168 208

195 245

188 330

-3,5

Utgifter under programkategori 06.80 fordelt på postgrupper

 

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2004

Saldert budsjett 2005

Forslag 2006

Pst. endr. 05/06

01-23

Driftsutgifter

112 744

123 875

123 597

-0,2

30-49

Nybygg, anlegg m.v.

274

900

100

-88,9

50-58

Overføringar til andre statsrekne- skapar

2 700

2 700

2 750

1,9

70-89

Overføringar til private

52 490

67 770

61 883

-8,7

Sum under departementet

168 208

195 245

188 330

-3,5

Inntekter under programkategori 06.80 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2004

Saldert budsjett 2005

Forslag 2006

Pst. endr. 05/06

3005

Sysselmannen (jf. kap. 5)

1 483

200

200

0,0

3006

Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 6)

1 264

1 100

1 100

0,0

3020

Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 20)

3 136

3 440

2 881

-16,3

3030

Skattar og avgifter

72 813

54 590

87 590

60,5

3035

Tilskot frå statsbudsjettet

90 701

135 915

96 559

-28,9

Sum kategori 06.80

169 397

195 245

188 330

-3,5

Til forsida