Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.prp. nr. 1 (2006-2007)

FOR BUDSJETTÅRET 2007 — Utgiftskapittel: 1100–1161 Inntektskapittel: 4100–4150, 5576, 5651, 5652

Til innhaldsliste

Del 3
Omtale av særlege tema

3 Sektorovergripande miljøvernpolitikk

Det er ei løpande oppgåve for styresmaktene å sørgje for at det samla offentlege verkemiddelapparatet innrettast mot å nå nasjonale miljøvernpolitiske mål og gir positive miljøeffektar. Miljøarbeidet i kvart departement skal føregå med utgangspunkt i sektorovergripande miljømål som utarbeidast av Miljøverndepartementet og leggjast fram i Stortingsmelding om Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand.

Som andre sektordepartement arbeider Landbruks- og matdepartementet tett med Miljøverndepartementet i utarbeiding av stortingsmeldingar på miljøområdet, til dømes klimahandlingsplanar og Stortingsmelding om Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand som blir lagt fram våren 2007. I 2007 vil departementet leggje fram ein strategi for korleis departementet kan styrkje og utvikle vidare miljøinnsatsen i landbruket, og ved dette følgje opp regjeringa sin miljøvernpolitikk og Soria Moria-erklæringa.

4 Fornying, organisasjons- og strukturendringar i statsforvaltninga

Det har dei siste åra vore gjennomført fleire større organisatoriske endringar i forvaltninga innanfor sektoren. Formålet har m.a. vore å leggje til rette for ei tenleg rolle- og oppgåvefordeling mellom departementet og dei ulike forvaltningsområda og -nivåa, og samtidig sørgje for ei effektiv og brukarretta forvaltning på landbruks- og matområdet. Vidare har departementet for å møte utfordringane innan FoU-sektoren nasjonalt og internasjonalt sett i gang fleire tiltak for fornying av kunnskapsinstitusjonane på landbruks- og matområdet.

Det er eit hovudmål å fornye og utvikle landbruks- og matforvaltninga på ein måte som gir størst mogleg grad av måloppnåing og tillit hos innbyggjarane, samtidig som dei tilsette har arbeidsplassar som er utfordrande og utviklande og som gir tryggleik og deltaking i arbeidssituasjonen. Intensjonen er at omstilling og IKT-utvikling skal gi gevinst i den enkelte verksemd, for brukarane og for forvaltninga samla sett. I tråd med regjeringa sitt fornyingsarbeid vil ein arbeide vidare for å styrkje, fornye og utvikle landbruks- og matforvaltninga, jf. nærmare omtale i kat. 15.00.

5 Likestilling

Næringslivet er avhengig av nyskaping og at ein tek i bruk mangfaldet av ressursar. Det er derfor eit mål at kvinner og menn skal ha like høve til å drive næringsverksemd innanfor landbruk og tilknytte næringar. Utviklinga i landbruket dei siste 5 åra synar at både delen av kvinnelege brukarar og eigarar har vore nokså stabilt. Landbruks- og matdepartementet oppmodar òg kvinner til å starte opp eigne føretak i og i tilknyting til landbruket. Gjennom lengre tid har kvinner blitt prioriterte i forskrifta som styrar tildelinga av pengar til bygdeutvikling.

For å medverke til å utvikle betre statistikk arrangerte Landbruks- og matdepartementet saman med FAO, Fylkesmannens landbruksavdeling i Nord-Trøndelag og Innovasjon Norge eit europeisk seminar med fokus på kjønnsdelt statistikk for å måle utvikling og endring i landbrukssektoren i juni 2006.

Landbruks- og matdepartementet oppretta i 2006 ei arbeidsgruppe saman med næringa for å sjå på likestillinga i landbruket. Arbeidsgruppa skal komme med innspel til jordbruksforhandlingane i 2007.

Landbruks- og matdepartementet har dei siste åra hatt stor merksemd på likestilling i forvaltninga, og utforma i 2000 ein eigen handlingsplan for å auke delen kvinnelege leiarar i departementet og i landbruksforvaltninga. Pr. juni 2006 er kvinnedelen i leiarstillingar i Landbruks- og matdepartementet på 47 pst. I 2000 var talet 22 pst. Tala for underliggjande verksemder kan ein finne i deira årsrapportar.

For ytterlegare omtale av likestillingsvurderinga av statsbudsjettet, syner ein til kap. 1100, 1137, 1149, 1150 og kat. 15.00 og 15.30.

6 Endring av reglane for utanlandsk tilverking av landbruksvarer

Gjeldande forskrift om tollnedsetjing for landbruksvarer som blir gjeninnført etter foredling i utlandet (utanlandsk tilverking), blei sett i verk 1.7.2005. Forskrifta er ikkje ein del av det generelle importvernet for landbruksvarer, men er ei nasjonal ordning innretta på å gi visse lettingar i forhold til dette.

Erfaringane sidan 1.7.2005 syner ein auka bruk av ordninga med utanlandsk tilverking. I første kvartal 2006 blei det til dømes gitt tillating til utanlandsk tilverking og gjeninnføring av om lag 10 000 tonn landbruksvarer. Det meste er kjøttvarer.

For å motverke ei forsterka utvikling i denne retninga, vil regjeringa endre ordninga. Omsynet til forbrukarar og samfunnsøkonomisk effektivitet tilseier imedlertid at det framleis må leggjast til rette for at næringsmiddelbedriftene gis fleksibilitet gjennom ordninga med utanlandsk tilverking.

Forslag til nytt regelverk har nyleg vore på brei høyring.

Det vil bli iverksett eit nytt regelverk med verknad frå 1.1.2007, basert på krav til nasjonal eigenproduksjon.

7 Marknadsordning for mjølk – kontrollsystem og verdivurdering av Tine

Spørsmålet om kontrollsystem i meierisektoren blei omtalt i St.prp. nr. 69 (2004-2005) om jordbruksoppgjøret 2005, der det blei føreslått å erstatte etterrekninga med eit normert kapitalavkastningskrav retta mot vidareforedling av mjølk hos Tine.

Hausten 2005 gjennomførte Landbruks- og matdepartementet høyring av forslag til utforming og regelverk for ei ordning med kapitalavkastningskrav retta mot den mjølkebaserte verksemda hos Tine BA, kombinert med eit forslag om avvikling av etterkontroll- og etterrekningsordninga. I lys av det negative synet på forslaget som høyringsinstansane hadde, avgjorde Landbruks- og matministeren at ordninga med etterkontroll og etterrekning skulle bli vidareført til 1.1.2007.

I januar d.å. bestemte regjeringa at det skal bli gjort ei verdivurdering av Tine. Finansdepartementet, Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Fornyings- og administrasjonsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet har i samarbeid arbeidd med å førebu verdivurderinga. Ein tek sikte på at verdivurderinga av Tine kan liggje føre i løpet av 2007.

På bakgrunn av dette meiner regjeringa det er for tidleg å avvikle systemet med etterkontroll og etterrekning alt frå 2007. Regjeringa legg til grunn at systemet blir vidareført inntil vidare, fram til ein har fått utgreia ei ordning som kan erstatte det kontrollsystemet ein har i dag. Verdivurderinga vil inngå i ei slik utgreiing.

8 Oppmodingsvedtak

Vedtak nr. 288, 17. mars 2005

«Stortinget ber Regjeringen utrede muligheten for å innføre regelverk som sikrer forbrukerne ytterligere datomerking på matemballasjen, og orientere Stortinget om utfallet av utredningen på egnet måte».

Matdepartementa Fiskeri- og kystdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet tinga og har mottatt ei utgreiing frå Mattilsynet om moglegheitene for å innføre ytterlegare datomerking for mat. Problemstillinga har vore til utgreiing i dei tre departementa. Helse- og omsorgsministeren blei i brev av 29.3.2006 frå Familie og kulturkomiteen på Stortinget bedt om ei vurdering av Dokument nr. 8:44 (2005-2006) om å gi forbrukarane informasjon om produksjons- og nedfrysingsdato på emballasjen for matvarer og informasjon om matvarene sitt opphav.

Dei to Dokument nr. 8 forslaga omhandlar til dels dei same spørsmåla, og matdepartementa har derfor sett desse i samanheng ved utarbeiding av vurderinga til Stortinget i saka. I brev av 15.5.2006 svarte Helse- og omsorgsminister Sylvia Brustad Familie og kulturkomiteen på Stortinget vedrørande Dokument nr. 8:44 og viste her til at svaret òg omhandla forslag framsett i Dokument nr. 8:35 (2004-2005) I brevet av 15.5.2006 oppmodar Helse- og omsorgsministeren bransjeorganisasjonane om å utvikle frivillige system for merking av pakke og innfrysingsdato. Samtidig vil Landbruks- og matdepartementet, saman med Mattilsynet, halde fram arbeidet med å freiste å få innlemma reglar om merking av pakke- og innfrysingsdato i EUs reviderte merkedirektiv.

Vedtak nr. 350, 19. mai 2005

«Stortinget ber Regjeringen nedsette et utvalg, også med uavhengige representanter, for å gjennomgå størrelse på og antall vaktområder for veterinærer, samt en tilpasning av bemanning av områdene etter behov. Utvalgets arbeid bør være avsluttet innen oktober 2005 og må ta utgangspunkt i de økonomiske rammene for den vedtatte avtalen».

Det vises til oppfølging av dette oppmodingsvedtaket i St.prp. nr. 66 (2005-2006).

Vedtak nr. 574, 17. juni 2005

«Stortinget ber Regjeringen utvikle nasjonale strategier for økt avvirkning av skog»

Arbeidet med oppfølging av oppmodingsvedtaket blei først omtalt i St.prp. nr. 1 (2005-2006) frå Landbruks- og matdepartementet. I 2005/2006 har departementet gjennomført utgreiingsarbeid med sikte på å kartleggje faktorar som påverkar hogst av skog. Fylkesmennene og fylkeskommunane blei på nyåret 2006 invitert til å gi innspel om dei regionale utfordringane for skogbruket og aktuelle tiltak. I St.prp. nr. 1 (2006-2007) frå Landbruks- og matdepartementet blir ulike tiltak for skogbasert verdiskaping omtalt, under dette m.a. tilrettelegging for auka lønnsemd i skogbruket, auka bruk av tre og auka bruk av bioenergi. Regjeringa tek sikte på å følgje opp arbeidet dei komande åra. Arbeidet med auka skogbasert verdiskaping er omtalt i kat. 15.30 og m.a. i kap. 1149 og kap. 1150.

9 Omtale av tilsetjingsvilkår for leiarar i heileigde statlege verksemder

Statskog SF

Utgifter til:

Kr

Lønn, styrehonorar

825 000

Pensjonsutgifter

139 646

Anna godtgjersle1

129 000

1 Anna godtgjersle gjeld fri bil, kollektiv ulykkesforsikring og avisabonnement

Staur Gård AS

Utgifter til:

Kr

Lønn, dagleg leiar

468 846

Pensjonsutgifter

55 890

Til toppen
Til forsida av dokumentet