St.prp. nr. 1 (2006-2007)

FOR BUDSJETTåret 2007 — Utgiftskapittel: 200–288 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3288, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

Del 1
Oversikt over budsjettforslaget frå Kunnskapsdepartementet

1 Hovudprioriteringar

1.1 Eit kunnskapssamfunn for alle

Å investere i kunnskap og kompetanse er ein føresetnad for å tryggje og utvikle velferdssamfunnet vårt. Kunnskap og dugleik gir menneska høve til å byggje sine eigne liv slik dei ønskjer, og er heilt naudsynt for eit levande demokrati. Kunnskap gir makt og påverknad, og delinga av den er avgjerande for sosial likskap og utjamning.

Regjeringa legg eit breitt kunnskapssyn til grunn for politikken sin. Kunnskap er dugleik, fakta og forsking, men òg danning, kritisk tenking, analytisk evne og refleksjon.

Regjeringa har som mål å styrkje Noreg som kunnskapsnasjon. Alle skal ha høve til å utvikle seg og til å ta i bruk ny kunnskap gjennom heile livet. Utdanning og opplæring er viktige reiskapar for inkludering og sosial utjamning. Mange ungdommar får ikkje del i utdanningssamfunnet på lik linje med andre. Regjeringa vil ha eit samfunn som byggjer på at vi er ulike som menneske, men skal ha like moglegheiter.

Kunnskapssamfunnet skal gi like moglegheiter for kvinner og menn. Noreg har framleis eit for kjønnsdelt utdannings- og arbeidsliv. Barnehage og skole har ei viktig oppgåve i å gi både gutar og jenter røynsler og kunnskap som bryt med dei tradisjonelle kjønnsrollene.

Regjeringa vil satse på kunnskap gjennom å skape gode institusjonar for læring, utdanning og forsking og å stimulere til livslang læring mellom anna gjennom eit tett samarbeid mellom utdanningssystemet og arbeidslivet. Ei satsing på livslang læring inneber òg ei styrking av samanhengane og overgangane mellom dei ulike delane av utdanningssystemet.

Kunnskap må utviklast og oppdaterast gjennom heile livet. Utfordringa er å forvalte dei menneskelege ressursane på ein slik måte at både den enkelte og samfunnet får igjen for investeringane. Regjeringa vil derfor arbeide for å skape eit velfungerande kompetansetilbod som sikrar samfunnet tilgang på den kompetansen det er behov for til einkvar tid, og som sikrar arbeid, utvikling og høve til læring for den enkelte. Rask teknologisk utvikling og globalisering gjer at kunnskap og kompetanse blir utdaterte og må fornyast. Etter- og vidareutdanning er eit av dei viktigaste verktøya for å kvalifisere til eit yrkesliv som stadig blir forandra, både når det gjeld struktur og arbeidsmåtar.

Forsking er viktig som basis for ny kunnskap. Regjeringa vil at Noreg skal vere ein av dei leiande, innovative, dynamiske og kunnskapsbaserte økonomiane i verda på område der vi har særskilte føresetnader. Forsking er vegen til vekst og sysselsetting. Dei landa som investerer tungt i utdanning og forsking, har høgast vekst. Gode velferdsordningar og ein sterk offentleg sektor gir gode rammer for nyskaping.

1.2 Barnehagane – det første steget i eit livslangt læringsløp

Regjeringa har ført over ansvaret for barnehagane til Kunnskaps­departementet. På den måten vil Regjeringa syte for at barnehagar og skole blir sette i større samanheng. Regjeringa ser barnehagar som ein frivillig del av utdanningsløpet og såleis det første steget i eit livslangt læringsløp. Gode barnehagar støttar opp under og gir føresetnad for utvikling i denne delen av barndommen. Dei er viktige pedagogiske tilbod og omsorgstilbod, og ein føresetnad for at foreldra kan delta i arbeidslivet og samstundes vere trygge på at barna har ein god stad å vere. Regjeringa meiner det er viktig å styrkje samanhengen mellom barnehage og skole for å gjere læringsløpet mest mogleg samanhengande. Sosial kompetanse og leik som ei pedagogisk verksemd er viktig i så vel barnehage som i grunnskole, og barn som går i gode barnehagar, utviklar evne og interesse for seinare læring.

Regjeringa har høge mål og fører ein aktiv politikk på barnehageområdet. Gjennom Barnehageløftet skal både kvalitetsutviklinga og utbygginga av sektoren styrkast. Målet er å gje alle som ønskjer det eit godt barnehagetilbod. Frå 1. januar 2006 vart foreldrebetalinga redusert frå 2 750 kroner til 2 250 kroner per månad, samstundes som løyvinga til utbygging av nye barnehageplassar auka betrakteleg. Det har gitt fleire barn enn nokon gong plass i ein barnehage.

Lågare pris, ynskje om heiltidsplass og flyttestraumar i befolkninga er nokre faktorar som verker inn på behovet for barnehageplassar i den ein­skilde kommune. Mange kommunar opplever derfor no ei sterk auke i etterspurnaden etter barnehageplassar. Det er ei utfordring for mange kommunar, som trass i stor innsats framleis har lange ventelister. Kunnskapsdepartementet er i dialog med kommunane om barnehageutbygging. Første prioritet er å skaffe nok barnehageplassar til alle som ønskjer og treng det.

Å stå i kø for ein barnehageplass er kostbart, både for den einskilde og for samfunnet. Full barnehagedekning er derfor det overordna målet for barnehagepolitikken til Regjeringa i 2007.

Regjeringa har lagt til rette for ei finansiering av nye barnehageplassar som skal gjere det mest mogeleg trygt og forutsigbart å starte opp og drive barnehagar. Regjeringa har tilført sektoren store auka beløp, slik at alle nye plassar fullt ut blir finansierte frå staten. Inntil full dekning er nådd, skal statstilskottet vere øyremerkt.

Ny rammeplan for barnehagane vart fastsett 1. mars i år og vart satt i verk frå 1. august 2006. Rammeplanen er ein viktig reiskap for å sikre barn eit likeverdig barnehagetilbod med god kvalitet. Kvalitetsutvikling er ein viktig del av Barnehageløftet. I samband med handsaminga av ny lov om barnehagar bad Stortinget Regjeringa komme tilbake med ein plan for kompetanseheving i barnehagesektoren. Regjeringa følgjer opp dette, jf. kategoriomtale 07.30.

Måla i barnehagesektoren kan berre bli nådde dersom det er nok tilgang på godt kvalifiserte medarbeidarar. Søkinga til førskolelærarutdanninga i 2006 viste ein auke på heile 32,1 pst. i forhold til i 2005. Det er viktig at begge kjønn er godt representerte blant dei tilsette.

Det er viktig å sikre eit læringsløp som heng saman, og syte for at skole og barnehage tek opp i seg og er ein del av samfunnsutviklinga. Skole og barnehage skal byggje på sentrale verdiar i samfunnet og samstundes vere institusjonar som inkluderer alle. Regjeringa har sett ned eit utval for å gå igjennom formålet med skolar og barnehagar. Utvalet skal levere innstillinga si innan 1. juni 2007.

1.3 Kvalitet og mangfald i fellesskolen

Ein god skole er avgjerande for ein god oppvekst og for eit solidarisk, demokratisk og produktivt samfunn. Det norske utdanningssystemet har mange gode kvalitetar, men har i for liten grad ein sosialt utjamnande funksjon.

I landrapporten Equity In Education, Thematic Review Norway frå januar 2006 seier OECD at det norske utdanningssystemet har ein god utjamnings­profil når det gjeld finansiering og deltaking. Men OECD er kritisk til det høge talet på elevar med svak kompetanse. OECDs vurdering er at systemet manglar kapasitet for å identifisere og følgje opp den einskilde tidleg i utdanninga, og at dette særleg går ut over elevar frå utsette sosiale grupper.

Eit av dei viktigaste måla for Regjeringa er å bekjempe fattigdom og marginalisering. Skolen og utdanningssystemet er viktige verktøy for å få dette til. Regjeringa vil derfor leggje fram ei stortingsmelding i løpet av hausten om utdanning og sosial utjamning. Meldinga må sjåast saman med den stortingsmeldinga om arbeid, velferd og inkludering som Arbeids- og inkluderingsdepartementet skal leggje fram. Regjeringa tek på denne måten eit samla grep der det som skjer i andre samfunnssektorar, kan sjåast saman med utviklinga i skolen. Ungdom som ikkje gjennomfører vidaregåande opplæring, står i fare for marginalisering.

Elevar og føresette har store utgifter til læremiddel. Regjeringa gjer derfor framlegg om å innføre gratis læremiddel for elevar i vidaregåande opplæring og vil våren 2007 fremme forslag om endring av mellom anna opplæringslova.

Regjeringa har som sentral målsetting å styrkje fellesskolen. Det store fleirtalet av norske barn og ungdom skal få opplæringa si i offentlege skolar som avspeglar mangfaldet i det norske samfunnet. Regjeringa vil leggje fram eit forslag til endring av friskolelova som i hovudsak byggjer på hovudprinsippa i den tidligare privatskolelova.

Regjeringa innfører Kunnskapsløftet etter planen og vidarefører og forsterkar dei hovudtrekka som det var brei semje om i Stortinget under handsaming av St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring. Høg kvalitet gjennom heile opplæringa, auka tilrettelegging for kvar elev, læreplanar med tydelege mål, større metodefridom i undervisninga og satsing på etterutdanning for lærarar, skoleleiarar og instruktørar er nokre av tiltaka. I Kunnskapsløftet er grunnleggjande dugleik for elevane definert som å kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg, kunne lese, rekne og bruke digitale verktøy. I tillegg til dette legg Regjeringa vekt på eit breitt læringssyn som omfattar mellom anna sosial og kulturell kompetanse og motivasjon. Det breie læringssynet er nedfelt i Prinsipp for opplæringa som inngår i Læreplanverket for Kunnskapsløftet.

Eit godt læringsmiljø er viktig for elevanes meistring og motivasjon for læring og for resultata i skolen. Arbeidet for eit godt læringsmiljø er forankra i Strategi for læringsmiljøet i grunnopplæringa2005–2008 med årlege tiltaksplanar og Manifest mot mobbing, som nett er fornya. Departementet vidarefører samarbeidet med andre departement om gjennomføringa av tiltak som er forankra i ulike strategi- og handlingsplanar.

Regjeringa vil utvikle vidare og forbetre det nasjonale systemet for kvalitetsvurdering slik at det blir eit meir presist verktøy for skolen, elevane og dei føresette.

Realfaga i norsk skole og utdanning og utdanningar som krev realfagkompetanse, har sviktande rekruttering, og norske elevar har berre middelmåtige resultat i internasjonale undersøkingar. Dette har vore synleg i lengre tid. Den framtidige velstandsutviklinga vår og framgang i det internasjonale samfunnet krev mellom anna høg kompetanse i realfag. Eit skikkeleg løft for realfaga kan berre skje ved eit tett og nært samarbeid mellom utdanning og arbeidsliv. Regjeringa har følgt opp dette ved blant anna å ha etablert eit toppforum som skal vere ein møteplass mellom arbeidsliv, utdanningsinstitusjonar og departementet. For å sikre at fleire fullfører utdanninga med godt resultat må skolen systematisk følgje opp læringa til elevane, betre kvaliteten og styrkje dialogen mellom grunnskole og vidaregåande opplæring og arbeidslivet.

Regjeringa er særs oppteken av det store fråfallet i vidaregåande opplæring, særleg i dei yrkesfaglege studieretningane. Ei breitt samansett arbeidsgruppe som departementet oppretta i februar i år, har no komme med innstillinga si. Departementet vurderer framlegga frå arbeidsgruppa. Oppfølging av rapporten vil skje i samarbeid med fylkeskommunane og partane i arbeidslivet.

God språklæring er ein nøkkel for minoritetsbarn og -ungdom til å lykkast i utdanning og arbeidsliv. Regjeringa vil gå gjennom eksisterande forsking, og setje i verk ny forsking om morsmålsopplæringa slik at ein kan få større innsikt i samanhengen mellom morsmålsopplæring og læringsutbyttet til elevane.

Da Stortinget handsama St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring, vart det slått fast at det framleis skal vere obligatorisk opplæring i skriftleg sidemål både på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. Ei arbeidsgruppe som har sett på norskfaget i skolen, peiker på at opplæringa i nynorsk treng merksemd både som hovudmål og sidemål. Det blir utarbeidd ein strategiplan for nynorsk i opplæringa som tek til å gjelde i 2007. Han blir lagd til grunn for arbeidet ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa som er lagd til Høgskolen i Volda. Strategiplanen skal vere eit verkemiddel for å styrkje opplæringa for elevar som har nynorsk som hovudmål, og vidareutvikle fagdidaktikken og grunngivinga for nynorsk som sidemål.

Departementet har beslutta å etablere eit nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa. Ein tilhørande strategiplan for perioden 2007–10 har som mål å styrkje kunst og kultur i grunnopplæringa.

Våren 2007 blir det lagt fram forslag om endringar i friskolelova og fagskolelova. Regjeringa vil i proposisjonane mellom anna drøfte verkeområde for dei to lovene. Finansieringsordninga for fagskoleutdanning blir òg vurdert i samanheng med denne prosessen.

1.4 Ein fagleg sterk universitets- og høgskolesektor

Universitet og høgskolar er motorar i utviklinga av kunnskaps- og forskingsnasjonen Noreg. Ny kunnskap og erkjenning blir skapt, og den kritiske evna blir skjerpa. Det skjer samhandling med det internasjonale vitskapssamfunnet. Dette har verknad for det norske samfunnet og arbeidslivet i vid meining.

Universiteta har hovudansvaret for å utføre den akademiske grunnforskinga i Noreg og for å utdanne forskarar. Universiteta sikrar ein fagleg breidd og djupn i forskinga. Dei vitskaplege høgskolane er fagleg smale og spesialiserte og har eit særskilt ansvar innanfor fagporteføljen sin, knytt til forsking og forskarutdanning. Høgskolane har særskilt ansvar for å drive forsking og utvikling på fagområda der dei gir utdanningstilbod. Ei kjerneoppgåve for utdanningsinstitusjonane er å formidle kunnskap til samfunnet. Regjeringa har som mål å leggje til rette for auka verdiskaping over heile landet. Universiteta og høgskolane er sentrale i dette arbeidet, fordi kompetanse er avgjerande for innovasjonsevna i næringslivet og offentleg sektor.

Alle studentar har krav på ei fagleg fullverdig utdanning. Dei tek opp lån og bruker år av liva sine til å kvalifisere seg til eit yrke. Det er alvorleg dersom utdanninga ikkje er av god kvalitet og ikkje gir gode nok kvalifikasjonar.

Måla i Kvalitetsreforma, som det er tverrpolitisk semje om, skal realiserast. Reforma er under evaluering, og det vil bli lagt fram ein rapport om dette tidleg i 2007. Regjeringa vil følgje denne nøye opp og gjennomføre tiltak dersom evalueringa peiker på at det er naudsynt.

Dei norske universiteta og høgskolane er institusjonar med høg grad av fridom og sjølvstyre. Regjeringa vil at dei offentlege høgre utdanningsinstitusjonane skal vere statsinstitusjonar også i framtida. Stor geografisk spreiing er eit kjennemerke ved norske universitet og høgskolar. Grunngivinga for eit desentralisert system ligg i å sikre eit breit spekter av gode utdanningar og i det å vere sterke kompetanse­miljø i regionen sin. Nærleik til kompetansemiljø skal ikkje berre vere for dei som bor i dei største byane og dei mest folkerike delane av landet. Det er viktig at høgskoletilsette og andre med høg kompetanse er aktive i regionane ved å samhandle og yte fagleg hjelp.

Tilgjenge er eit gode. Samstundes må storleik, spreiing og kvalitet vegast mot kvarandre. Det gjeld både i forsking og utdanning. Universitets- og høgskolestrukturen har i hovudsak lege fast sidan høgskolereforma i 1994. I den same perioden har det skjedd store endringar i samfunnet. Det er derfor viktigare enn nokon gong at Noreg har universitet og høgskolar som er seg bevisste rolla si i samfunnet og kan møte behova for høgre utdanning og forsking. Det er bakgrunnen for at Regjeringa har oppnemnt eit utval som skal vurdere utviklinga og tiltak innanfor norsk høgre utdanning med eit tidsperspektiv på 10–20 år. Utvalet skal leggje fram innstillinga si innan 31. desember 2007. I mandatet til utvalet blir det streka under at institusjonsstrukturen må sikre ein god regional balanse i studietilbod og kompetanse og verke for eit godt samspel med det lokale og regionale arbeids- og samfunnslivet. Institusjonane skal syte for berekraftig økonomisk, sosial og kulturell utvikling i regionane og for heile landet. Dei skal gi eit tilbod som medverkar til å gi yrkesdeltaking for innvandrarar og funksjonshemma, og som motverkar kjønnsskilnader i utdanning og arbeidsliv.

Det er fastset forskriftar med minstestandardar for universitetet og høgskolar i Noreg. Reakkreditering av sjukepleieutdanninga og evaluering av almennlærarutdanninga gir kunnskap om kor det går bra og kor skoen trykkjer. Regjeringa har som følgje av dette styrkja helse- og lærarutdanningane. Utdanningsinstitusjonane spelar ei avgjerande rolle i å utdanne lærarar som kan gi barn og unge den kompetansen dei treng i eit mangfaldig samfunn. Det er derfor viktig at lærarutdanningane blir vidareutvikla. Slik skal dei bli prega av høg kvalitet og relevans. Fleire reakkrediteringar og ei evaluering av andre fagområde er under planlegging og iverksetting.

Endringar i samfunnet og ikkje minst kravet til kvalitet på internasjonalt nivå blir stadig viktigare i ein situasjon der både utdanning og arbeidsliv blir meir og meir internasjonale, og der høgre utdanning og forsking er nøkkel­faktorar i utvikling og konkurranseevne for landet. Ei rekkje fagevalueringar som er gjorde av Noregs forskingsråd med internasjonale ekspertar har peikt på små og fragmenterte fagmiljø som eit problem for kvaliteten i forskinga. Derfor er det eit behov for meir konsentrasjon og betre prioritering av ressursane. Dette må balanserast mot ønsket om å halde oppe ein desentralisert infrastruktur som gir studiesøkjande i alle delar av landet tilgang til utdanning av høg kvalitet, og som gir arbeidslivet nok tilførsel av kompetanse.

Norsk høgre utdanning er i ei rivande utvikling. Universitet og høgskolar har gjort eit framifrå arbeid med gjennomføringa av kvalitetsreforma, med eit mangfald av nye studietilbod og med eit sterkt fokus på nettopp kvalitet. Hovudtrekka i kvalitetsreforma ligg fast. Ny gradsstruktur og eit nytt, felles karaktersystem er på plass. Vidare er eit nasjonalt kvalitetssystem for høgre utdanning under innføring saman med nye ordningar for styring og leiing. Ikkje minst har det skjedd ei omfattande endring av undervisnings- og vurderingsformer med fokus på læring.

Dei private høgskolane er eit viktig alternativ til dei statlege utdanningstilboda, og er naudsynte for å sikre kapasitet på vesentlege område. Mange av dei private høgskolane har også gode fagmiljø som spelar sentrale roller på sine felt. Felles lovverk og same finansieringssystem for private og offentlege høgskolar sikrar stor grad av lik behandling av dei private og dei statlege utdanningsinstitusjonane. Felles lovverk legg dessutan betre til rette for å kunne ha ein nasjonal koordinert politikk for både statlege og private institusjonar, der endringar i regelverket skjer parallelt.

Stortinget har bede Kunnskapsdepartementet gå gjennom økonomien ved dei private høgskolane og komme med ei vurdering av kva som vil vere rimeleg nivå på statlege tilskott til desse institusjonane, sjå kategoriomtale 07.60.

1.5 Forsking for kvalitet og verdiskaping

Regjeringa meiner at forsking er avgjerande for å nå målet om eit kunnskapsbasert og innovativt samfunn. Den siste forskingsmeldinga, St.meld. nr. 20 (2004–2005) Vilje til forskning, dannar grunnlaget for den norske forskingspolitikken. Det inneber at mellom anna grunnforsking og internasjonalisering vil vere høgt prioriterte område. Regjeringa ønskjer at norsk forsking skal gi ny kunnskap og føre til framtidig verdiskaping. Forskingsinnsatsen må derfor vere langsiktig og ha høg kvalitet.

Internasjonalisering av norsk forsking er viktig for kvaliteten i forskinga og for å styrkje innovasjon i norsk næringsliv og offentleg sektor. Regjeringa vil auke satsinga på internasjonalisering av norsk forsking. Deltakinga i EUs rammeprogram for forsking er det mest omfattande internasjonale samarbeidet norske forskarar, forskingsmiljø og næringsliv deltek i. Norske forskarar får dermed tilgang til prosjekt, infrastruktur og nettverk som gjer det mogleg å halde seg fagleg oppdatert og rekruttere dei beste fagfolka. Evalueringa av norsk deltaking i det femte rammeprogrammet var positiv og viste m.a. at den økonomiske returen vil bli om lag på nivå med det som Noreg betaler inn. Utviklinga i det sjette rammeprogrammet viser same tendens. På bakgrunn av det høge faglege og økonomiske utbyttet, ønskjer Regjeringa at Noreg skal delta også i det sjuande rammeprogrammet. Saka vil bli lagt fram for Stortinget, venteleg rundt årsskiftet.

Forsking og miljø- og ressursovervaking i nordområda har mykje å seie for Noreg både politisk, fagleg og forvaltningsmessig. Det internasjonale polaråret 2007–2008 (IPY) er ei stor internasjonal satsing innafor polarforsking der mange nasjonar vil delta og store ressursar blir sette inn. Regjeringa har vedteke at Noreg skal gå sterkt inn i dette samarbeidet og ta mål av seg til å ha ei førande rolle.

Betre kvalitet er eit hovudmål for forskingspolitikken. Norsk forsking har i dag ein sterk posisjon innanfor fleire område, og det finnst mange gode enkeltmiljø. Likevel er det eit potensial for forbetringar. Regjeringa vil arbeide for ei ytterlegare styrking av kvaliteten i norsk forsking og for at det skal bli fleire norske miljø i internasjonal toppklasse. Samstundes skal det satsast på tiltak for auka kvalitet i breidda. For å styrkje langsiktig, grunnleggjande forsking i næringslivet har Regjeringa etablert ei ny ordning kalla Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI), og etter ei internasjonal evaluering er 14 senter peikte ut innafor ei rekkje ulike fagområde og næringar. Ordninga blir finansiert med midlar frå Fondet for forsking og nyskaping, på same måte som Senter for framifrå forsking (SFF). SFF-ordninga vil bli utvida frå 2007.

Høg kvalitet i forskinga er viktig for å få fram gode, relevante og tillitvekkjande resultat. Tilliten til forsking er avhengig av at forskinga går føre seg på ærleg vis og i samsvar med god vitskapleg praksis. I juni 2006 vedtok Stortinget eit forslag til lov om handsaming av etiske spørsmål og ærleg ferd i forsking, jf. Ot.prp. nr. 58 (2005–2006). I 2007 vil det bli oppretta eit nytt nasjonalt utval som skal granske påstandar om fusk i forsking. Det regionale komitésystemet for medisinsk forskingsetikk har eksistert i 20 år og har fått ei sterkt aukande arbeidsmengd. For å avhjelpe situasjonen er det oppretta ein ny komité i helseregion sør. På bakgrunn av forslag frå ei arbeidsgruppe går Regjeringa inn for at det regionale systemet blir vesentleg styrkt frå 2007.

For meir omtale av forskingspolitikken, sjå del III, kap. 5 Forsking og utvikling i statsbudsjettet.

1.6 Budsjettprioriteringar

Barnehagar

Barnehagar er ei hovudprioritering for Regjeringa. Regjeringa vil prioritere utbygging av nye barnehageplassar i statsbudsjettet for 2007. Regjeringa har i budsjettet for 2007 lagt til rette for den høgaste utbygginga av barnehageplassar nokosinne. Gitt ein usikker prognose for talet på barn på venteliste ved inngangen til 2007, vil ei utbygging av dette omfanget innebere at målet om full barnehagedekning innan utgangen av 2007 kan bli nådd. Totalt foreslår Regjeringa å auke løyvinga av dei statlege tilskottsordningane til barnehageplassar med om lag 3,2 mrd. kroner nominelt i forhold til saldert budsjett for 2006. Det er sett av nær 1,24 mrd. kroner knytte til utbygging av nye barnehage­plassar i 2007. Regjeringa foreslår vidare ei reell auke i løyvingane til barnehagar med noko over 1,6 mrd. kroner frå saldert budsjett 2006 for å sikre fullfinansiering av barnehageplassar som vart etablerte i 2005 og 2006.

Av løyvinga til auken i kapasiteten i sektoren i 2007 er det sett av 914 mill. kroner til utbygging av ordinære barnehageplassar. For å auke kapasiteten i barnehagesektoren ytterlegare foreslår Regjeringa å opprette for ei særskilt tilskottsordning for å leggje til rette ei etablering av faste barnehageplassar i mellombels lokale. Regjeringa foreslår å løyve til saman 322 mill. kroner til dette formålet.

Regjeringa foreslår at foreldrebetalinga blir ført vidare på same nivå som i 2006. Dette inneber at foreldrebetalinga skal utgjere kr 2 330 per månad og kr 25 630 på årsbasis for ein heiltidsplass.

Grunnopplæringa

Regjeringa foreslår å styrkje grunnopplæringa med om lag 400 mill. kroner i 2007. I tillegg blir det foreslått å vidareføre løyvinga til kvalitetsutvikling i grunnopplæringa med i underkant av 1 mrd. kroner.

Regjeringa foreslår å løyve 373 mill. kroner til gratis læremiddel for elevar i vidaregåande opplæring. Regjeringa har lagt vekt på å finne ei ordning som i best mogleg grad stimulerer til utviklingsorienterte og kvalitetsmedvitne skoleeigarar og skolar. Ordninga vil bli innførd for Vg2 hausten 2007, Vg3 i 2008 og Vg1 i 2009. Ein viktig føresetnad er også tilrettelegginga av Kunnskapsløftet for lokal valfridom når det gjeld bruk av læremiddel. For elevane skal læring vere utfordrande, interessant og motiverande, og Regjeringa kjem dette i møte ved å leggje til rette for auka bruk av digitale læremiddel. På den måten kan elevane tileigne seg læring på nye måtar og sjå nye dimensjonar av det dei skal lære.

Regjeringa foreslår å utvide ordninga med rentekompensasjon for investeringar i skoleanlegg med ytterlegare 2 mrd. kroner i 2007. Ordninga blir derfor styrkt med 39 mill. kroner. Med dette er det fasa inn 15 mrd. kroner. Det betyr at heile investeringsramma er fasen inn to år før det som var planlagt.

Regjeringa ønskjer å styrkje arbeidet mot fattigdom og for integrering og inkludering av innvandrarar. Regjeringa ønskjer at fleire innsette i fengsel skal få tilbod om opplæring og vil nytte 10 mill. kroner til dette. I samband med Handlingsplan for integrering og inkludering av innvandrarar foreslår departementet å løyve 6 mill. kroner til utviklingsprosjekt ved skolar som har meir enn 25 pst. minoritetsspråklege elevar, av desse vil 3 mill. kroner bli øyremerkte skolar i Groruddalen. Bydelen har mange barn, og blant dei er det eit stort tal minoritetsspråklege barn. Formålet med ordninga er å stimulere skolar med mange framandspråklege elevar til å handtere dei spesielle utfordringane som desse skolane har på ein god måte og å betre utbyttet elevane har av opplæringa. I tillegg vil det bli sett i gang eit prosjekt for å følgje opp barn på grunnlag av språkleg kartlegging på helsestasjonen. Prosjektet retter seg mot barn som har forseinka eller avvikande språkutvikling, og gjeld barn som har behov for oppfølging basert på den språklege kartlegginga på helsestasjonen. Regjeringa foreslår å nytta 5 mill. kroner til dette tiltaket. Av dette skal 2 mill. kroner nyttast til tiltak i Groruddalen.

Regjeringa foreslår å løyve om lag 1,4 mrd. kroner til gjennomføringa av Kunnskapsløftet i 2007. Av dette vil til saman 986 mill. kroner bli løyvde til kvalitetsutvikling i grunnopplæringa, jf. kap. 226. Om lag 670 mill. kroner av løyvinga over kap. 226 blir prioriterte til kompetanseutvikling. Dette gir rom for oppfølging av Strategi for kompetanseutvikling 2005–2008 og andre høgt priorterte tiltak som allereie er sette i gang i tråd med intensjonane i reforma. Av løyvinga til kompetanseutvikling vil 375 mill. kroner gå direkte til skoleeigar. Innføring av nye læreplanar i alle fag krev ei raskare utskifting av læremidla enn normalt. Det er derfor vidareført 400 mill. kroner som blei løyvd innanfor veksten i dei frie inntektene til kommunane i kompensasjon for meirutgifter i samband med utskifting av læremiddel i grunnskolen i 2006.

Av omsyn til den samla budsjettbalansen foreslår Regjeringa ein reduksjon i løyvinga til folkehøgskolar med 20 mill. kroner. Dette vil føre til lågare statsstøtte til skolane frå hausten 2007.

Kompetansepolitikken

Regjeringa foreslår å auke løyvingane til Program for basiskompetanse i arbeidslivet med 10 mill. kroner til 35 mill. kroner. Programmet er eit tiltak for å nå målet om at alle skal ha høve til å tileigne seg dei grunnleggjande dugleikane som er naudsynte for å kunne møte krava i samfunns- og arbeidslivet.

Regjeringa foreslår å løyve 142 mill. kroner til norsk deltaking i EUs handlingsprogram for livslang læring. Programmet er ei vidareføring og samling av dagens EU-program på utdanningsområdet. Det nye programmet inneber ein auke på om lag 40 mill. kroner i høve til dei eksisterande EU-programma. Hovudformålet for det europeiske utdanningssamarbeidet er å utvikle kvaliteten, den interkulturelle dialogen og den europeiske dimensjonen i utdanningssystema i deltakarlanda.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til studieforbund med 58 mill. kroner i høve til saldert budsjett for 2006. Regjeringa legg med dette løyvingsmessig til rette for at aktiviteten i studieforbunda i 2007 kan haldast oppe på same nivå som i 2005.

Senter for studiar av Holocaust og livssynsminoritetars stilling i Noreg vart offisielt opna i august 2006. For å gjere senteret i stand til å nå dei høge ambisjonane som er sette for forskings- og formidlingsverksemda ved senteret, foreslår Regjeringa å auke driftstilskottet til senteret med 3 mill. kroner i 2007. Det årlege driftstilskottet til senteret er etter dette 20,6 mill. kroner.

For å styrkje aktiviteten ved Falstadsenteret foreslår ein å auke løyvinga til senteret med 3 mill. kroner i 2007. Det statlege tilskottet til Falstadsenteret utgjer etter dette 12,6 mill. kroner.

Høgre utdanning

Den resultatbaserte undervisningskomponenten i finansieringssystemet for universitetet og høgskolar justerast årleg for endringar i avlagde studiepoeng og talet på utvekslingsstudentar. På denne bakgrunn aukar undervisningskomponenten med 68,9 mill. kroner frå 2006 til 2007.

Av omsyn til det samla budsjettopplegget foreslår Regjeringa å redusere budsjettramma for universitet og høgskolar med 274,3 mill. kroner i 2007. Budsjettreduksjonen er teke i basisløyvinga til universitet og høgskolar og ikkje i form av eit kutt i studieplassar. Reduksjonen er fordelt med 180,2 mill. kroner på universiteta, og 94,1 mill. kroner på høgskolane. Delar av budsjett­reduksjonen er fordelte på dei institusjonane som ikkje retta seg etter pålegget frå Stortingets om studieplasskutt i budsjettet for 2005. Budsjett­reduksjonen må òg sjåast i samanheng med avsetningsnivået i sektoren.

For å betre integrering og inkludering av innvandrarar, blir det foreslått å løyve 6 mill. kroner til ei permanent tolkeutdanning. Dette vil mellom anna vere med på å sikre innvandrarar sine rettar i rettssystemet.

Regjeringa foreslår at støtta frå Lånekassen blir prisjustert med 1,75 pst. frå undervisningsåret 2007–08, tilsvarande den forventa auken i konsumprisindeksen.

Forsking

Forsking er viktig for Regjeringa. Regjeringa foreslår å auke kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping med 10 mrd. kroner til 60 mrd. kroner. Med den renta som er i dag, vil dette gi ei auka avkastning på om lag 440 mill. kroner i 2008.

Auka internasjonalisering av norsk forsking er ei sentral prioritering i forskingspolitikken. Regjeringa ønskjer at Noreg skal delta i EUs sjuande rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling og foreslår å løyve 184 mill. kroner til dette. Det internasjonale polaråret 2007–2008 er også ei viktig prioritering i 2007, og Regjeringa foreslår å auke løyvingane til dette med 80 mill. kroner.

Forslaget til budsjett inneber også ei prioritering av det forskingsetiske arbeidet. Regjeringa foreslår å styrkje dette med til saman 9,5 mill. kroner. Av dette skal 7,1 mill. kroner gå til å styrkje dei regionale komiteane for medisinsk forskingsetikk.

Regjeringa foreslår òg å auke løyvinga til ordninga med offentleg gåveforsterking av private donasjonar til grunnforsking med 30 mill. kroner. Frå og med 2007 gjeld ordninga ikkje berre donasjonar frå verksemder og privatpersonar, men også gåver frå andre private givarar.

For å styrkje langsiktig, grunnleggjande forsking i næringslivet er det etablert ei ny ordning kalla Senter for forskingsdriven innovasjon. Ordninga har til formål å byggje opp eller styrkje norske forskingsmiljø som arbeider i tett samspel med innovativt næringsliv, samt å støtte langsiktig forsking som fremmer innovasjon og konkurransekraft i næringslivet. Forskingsrådet har peikt ut 14 senter som i snitt vil få 10 mill. kroner kvar i inntil åtte år. Ordninga blir finansiert gjennom avkastninga frå Fondet for forsking og nyskaping.

Auka avkastning frå Forskingsfondet vil i 2007 mellom anna også bli nytta til å styrkje tematiske satsingsområde med til saman 80 mill. kroner, forskingsrådsprogrammet Brukarstyrt innovasjonsarena med 20 mill. kroner og satsinga Strategiske høgskoleprosjekt med 10 mill. kroner.

2 Oversikt over forslaget til budsjett for Kunnskapsdepartementet

Utgifter fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

Administrasjon

200

Kunnskapsdepartementet

179 929

192 699

203 841

5,8

204

Foreldreutvalet for grunnskolen

5 857

5 751

7 192

25,1

206

Samisk utdanningsadministrasjon

28 549

29 453

30 572

3,8

Sum kategori 07.10214 335227 903241 6056,0

Grunnopplæringa

220

Utdanningsdirektoratet

190 278

183 410

190 327

3,8

222

Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat

140 077

129 946

115 056

-11,5

225

Tiltak i grunnopplæringa

1 741 398

1 772 246

1 002 966

-43,4

226

Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

742 898

949 419

986 941

4,0

227

Tilskott til særskilde skolar

54 460

56 176

61 513

9,5

228

Tilskott til frittståande skolar o.a.

1 909 742

2 031 539

2 191 621

7,9

229

Andre tiltak

9 988

11 000

11 418

3,8

230

Kompetansesenter for spesial­undervisning

674 419

639 657

623 267

-2,6

Sum kategori 07.205 463 2605 773 3935 183 109-10,0

Barnehagar

231

Barnehagar

14 848 438

18 023 293

21,4
Sum kategori 07.3014 848 43818 023 29321,4

Andre tiltak i utdanninga

248

Særskilde IKT-tiltak i utdanninga

99 389

249

Andre tiltak i utdanninga

2 163

Sum kategori 07.40101 552

Tiltak for å fremme kompetanse-utvikling

251

Fagskoleutdanning

266 187

252

EUs handlingsprogram for livslang læring

141 652

253

Folkehøgskolar

535 405

552 627

552 374

0,0

254

Tilskott til vaksenopplæring

184 352

131 688

189 496

43,9

255

Tilskott til freds- og menneskerettssentra o.a.

37 521

256

Vox - Nasjonalt senter for læring i arbeidslivet

53 810

55 136

52 300

-5,1

257

Program for basiskompetanse i arbeidslivet

24 490

35 421

44,6

258

Analyse og utviklingsarbeid

38 574

41 986

37 083

-11,7

259

Kompetanseutviklingsprogrammet

20 778

Sum kategori 07.501 099 106805 9271 045 84729,8

Høgre utdanning og fagskole­utdanning

260

Universitetet i Oslo

3 173 663

261

Universitetet i Bergen

1 879 648

262

Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet

2 568 846

263

Universitetet i Tromsø

1 101 942

264

Noregs handelshøgskole

249 963

265

Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo

86 883

268

Noregs idrettshøgskole

113 637

269

Noregs musikkhøgskole

150 534

270

Studium i utlandet og sosiale formål for elevar og studentar

141 205

196 791

181 126

-8,0

271

Universitet

10 229 793

10 557 653

3,2

272

Vitskaplege høgskolar

873 983

908 902

4,0

273

Statlege kunsthøgskolar

246 379

274

Statlege høgskolar

7 389 146

275

Høgskolar

7 896 521

8 224 948

4,2

276

Fagskoleutdanning

274 705

285 144

3,8

278

Universitetet for miljø- og biovitskap

472 108

279

Noregs veterinærhøgskole

202 309

281

Fellesutgifter for universitet og høgskolar

872 724

870 963

763 121

-12,4

282

Privat høgskoleutdanning

621 428

Sum kategori 07.6019 270 41520 342 75620 920 8942,8

Forsking

283

Meteorologiformål

267 662

251 967

255 026

1,2

285

Noregs forskingsråd

1 153 592

1 312 000

1 310 534

-0,1

286

Fondet for forsking og nyskaping

3 841 438

14 707 760

10 939 560

-25,6

287

Forskingsinstitutt og andre tiltak

131 209

134 030

140 937

5,2

288

Internasjonale samarbeidstiltak

668 613

902 735

807 529

-10,5

Sum kategori 07.706 062 51417 308 49213 453 586-22,3

Utdanningsfinansiering

2410

Statens lånekasse for utdanning

25 896 416

26 626 430

28 492 010

7,0

Sum kategori 07.80

25 896 416

26 626 430

28 492 010

7,0

Sum programområde 07

58 107 598

85 933 339

87 360 344

1,7

Sum utgifter

58 107 598

85 933 339

87 360 344

1,7

Utgifter fordelte på postgrupper

 

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

01-29

Driftsutgifter

2 861 332

2 969 966

2 977 772

0,3

30-49

Nybygg, anlegg o.a.

47 332

135 220

59 437

-56,0

50-59

Overføringar til andre statsrekneskapar

24 153 091

25 155 686

26 174 956

4,1

60-69

Overføring til kommunesektoren

1 560 751

16 334 034

18 786 813

15,0

70-89

Overføring til private

9 517 861

10 428 113

11 081 366

6,3

90-99

Utlån, avdrag o.a.

19 967 231

30 910 320

28 280 000

-8,5

Sum under departementet

58 107 598

85 933 339

87 360 344

1,7

Inntekter fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

Administrasjon

3200

Kunnskapsdepartementet

8 260

2 873

2 982

3,8

3204

Foreldreutvalet for grunnskolen

724

244

253

3,7

Sum kategori 07.108 9843 1173 2353,8

Grunnopplæringa

3220

Utdanningsdirektoratet

23 500

17 417

17 079

-1,9

3222

Statlege grunn- og vidaregåande ­skolar og grunnskoleinternat

13 673

5 294

6 493

22,6

3225

Tiltak i grunnopplæringa

31 267

26 400

24 120

-8,6

3230

Kompetansesenter for spesial­undervisning

74 401

55 611

53 724

-3,4

Sum kategori 07.20142 841104 722101 416-3,2

Tiltak for å fremme kompetanse­utvikling

3256

Vox - Nasjonalt senter for læring i arbeids­livet

8 018

9 100

9 446

3,8

Sum kategori 07.508 0189 1009 4463,8

Høgre utdanning og fagskole­utdanning

3281

Fellesutgifter for universitet og høgskolar

19 497

10

10

0,0

Sum kategori 07.6019 49710100,0

Forsking

3283

Meteorologiformål (jf. kap. 283)

89

3286

Fondet for forsking og nyskaping

1 989 017

2 134 060

2 653 460

24,3

3287

Forskingsinstitutt og andre tiltak

21 570

21 500

21 500

0,0

3288

Internasjonale samarbeidstiltak

3 530

5 073

3 445

-32,1

Sum kategori 07.702 014 2062 160 6332 678 40524,0

Utdanningsfinansiering

5310

Statens lånekasse for utdanning

11 962 652

13 139 594

14 052 098

6,9

5617

Renter frå Statens lånekasse for utdanning

2 977 372

3 146 220

4 243 000

34,9

Sum kategori 07.80

14 940 024

16 285 814

18 295 098

12,3

Sum programområde 07

17 133 570

18 563 396

21 087 610

13,6

Sum inntekter

17 133 570

18 563 396

21 087 610

13,6

Inntekter fordelte på postgrupper

 

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

01-29

Sal av varer og tenester o.a.

201 120

130 769

134 273

2,7

50-89

Skatter, avgifter og andre overføringar

5 127 014

5 431 627

7 043 337

29,7

90-99

Utlån, avdrag o. a.

11 805 436

13 001 000

13 910 000

7,0

Sum under departementet

17 133 570

18 563 396

21 087 610

13,6

3 Oppfølging av oppmodingsvedtak frå Stortinget

I denne proposisjonen omtaler Kunnskapsdepartementet følgjande oppmodingsvedtak:

Vedtak nr. 320, 1. april 2004:

«Stortinget ber Regjeringa fremme forslag som sikrer at studiefinansieringsordningane ikkje påfører studentar ekstra utgifter som er knytte til nedsett funksjonsevne.»

Vedtak nr. 153, 13. desember 2004:

«Stortinget ber Regjeringen legge til rette for å etablere et kiropraktorstudium i Norge.»

Vedtak nr. 333, 9. mai 2005:

«Stortinget ber Regjeringen komme tilbake til Stortinget med en egen sak vedrørende organisering og finansiering av ulike former for videregående opplæring i utlandet. Det forutsettes at saken også omhandler studietur for 10. trinn i grunnskolen.»

Vedtak nr. 494, 2. juni 2005:

«Stortinget ber Regjeringen kartlegge barnepassvirksomhet i asylmottakene og vurdere om denne virksomheten skal inngå i lov om barnehager.»

Vedtak nr. 536, 16. juni 2005:

«Stortinget ber Regjeringen i statsbudsjettet for 2006 fremme forslag om en opptrappingsplan for den offentlige forskningsinnsatsen fram mot 2010. Det må foretas evalueringer i de årlige budsjetter av den samlede forskningsinnsatsen og utviklingen av det offentlige og næringslivets andel.»

Vedtak nr. 189, 14. desember 2005:

«Stortinget ber Regjeringen legge fram resultatene av evalueringen av Kvalitetsreformen i høyere utdanning som egen sak.»