St.prp. nr. 1 (2006-2007)

FOR BUDSJETTÅRET 2007 — Utgiftskapitler: 1300-1380 Inntektskapitler: 4300-4380, 5611, 5618-5619, 5622-5624

Til innholdsfortegnelse

Del 1
Innleiing og oversikt

1 Overordna utfordringar og hovudmål

Regjeringa vil ta heile landet i bruk. Samferdsel er ein grunnleggande føresetnad for busetnad, næringsutvikling og ressursutnytting. Noreg har spreidd busetnad og store avstandar, og Regjeringa vil redusere avstandskostnadene. Det set store krav til transportsystemet.

Hovudmåla i samferdselspolitikken er knytt til auka trafikktryggleik, regional utvikling, ein meir miljøvenleg transport og eit meir effektivt og tilgjengeleg transportsystem i heile landet.

Transportinfrastruktur er eit offentleg ansvar. Både transporttid, regularitet og transportkostnader er avhengig av infrastruktur. Difor er utbygging av infrastruktur avgjerande for vekst og utvikling i lokalsamfunn og næringsliv.

Regjeringa sin samferdselspolitikk er forankra i Soria Moria-erklæringa. Under handsaminga av Nasjonal transportplan 2006-2015 vedtok Stortinget at dei årlege løyvingane både til veg- og jernbaneføremål skulle aukast med 1 mrd. kr, utover det Regjeringa Bondevik II hadde foreslått. Regjeringa si opptrapping starta gjennom auka løyvingar i St. prp. nr. 1 Tillegg nr. 1 (2005-2006) og i Revidert nasjonalbudsjett 2006. I budsjettet for 2007 foreslår Regjeringa å auke løyvingane til veg og jernbaneføremål med i overkant av 2,1 mrd. kr frå saldert budsjett 2006.

Regjeringa har eit klart mål om å løfte vedlikehaldet av samferdselsinfrastrukturen. I Nasjonal transportplan 2006-2015 vert til dømes etterslep på vedlikehald på riksvegane talfesta til 11 mrd. 2003-kroner. Dette etterslepet har auka over fleire år grunna manglande prioritering i tidlegare budsjett. Med Regjeringa sitt budsjett for 2007 er snuoperasjonen på vedlikehald godt i gang, og etterslepet vil ikkje auke ytterlegare.

Det vert vidare lagt vekt på å sikre rasjonell og effektiv framdrift på oppstarta prosjekt, både i veg- og jernbanesektoren. Det er god samfunnsøkonomi i meir heilskapleg bruk av ressursane.

Vegnettet er avgjerande for samferdselstilbodet totalt sett, særleg i distrikta. Stamvegnettet må halde ein gjennomgåande god standard. Omfattande utbygging av lengre strekningar blir vidareført. Regjeringa ønskjer dessutan å satse meir offensivt på det sekundære riksvegnettet. Riksvegane er særleg avgjerande for å utløyse verdiskaping i distrikta. Det er også eit stort behov for opprusting av fylkesvegnettet og dei kommunale vegane. Dette legg Regjeringa til rette for gjennom ei vesentleg styrking av kommuneøkonomien.

Rassikring er eit særlig prioritert område for Regjeringa, fordi det aukar den daglege tryggleiken i mange lokalsamfunn.

Riksvegferjene er ein del av vegnettet, og ferjetilbodet er grunnleggjande for busetnad og næringsliv i mange lokalsamfunn. Regjeringa har som mål å redusere utgiftene for folk som er avhengig av ferjetilbodet. Ivaretaking av kvalitet og omfang på tilbodet kombinert med høge oljeprisar har vore ei medverkande årsak til at løyvingane til ferjeformål er foreslått høgare enn nivået i Nasjonal transportplan 2006-2015.

Eit godt kollektivtilbod og overføring av gods frå veg til sjø og bane er viktig for å redusere problem knytt til miljø, knappe areal og trafikktryggleik. Gjennom eit historisk høgt nivå på løyvingane til godsterminalar og kryssingsspor, samt fjerning av el-avgifta, legg Regjeringa forholda til rette for ein auke i godstransport på bane og for billegare og meir effektiv transport for næringslivet.

I byar og bynære område må kollektivtrafikken bli eit reelt alternativ til bruk av privatbil og ein sentral del av transportsystemet. I distrikta må kollektivtilbodet utviklast til å vere meir brukartilpassa.

Gang- og sykkelvegar er eit satsingsområde for Regjeringa. Det er eit mål at fleire arbeidsreiser skjer på sykkel, særleg i byane.

I tråd med Soria Moria-erklæringa vil Regjeringa i 2007 styrke jernbana vesentleg. I budsjettet for 2007 er det prioritert ei langt raskare utbygging av jernbanenettet rundt dei største byane enn tidlegare budsjett har gitt rom for. Dette sikrar ikkje berre ei raskare styrking av banestrekningar med stort potensiale for passasjervekst, det inneber også reduserte byggekostnader og betydelege samfunnsøkonomiske gevinstar.

Regjeringa arbeider aktivt for å utvikle bruk av miljøvenlege køyretøy. Det skjer m.a. gjennom utskifting av gamle riksvegferjer med gassferjer og ved støtte til utvikling av alternative drivstoff i transportsektoren, til dømes biodrivstoff og hydrogen. Regjeringa fjerna i Revidert nasjonalbudsjett 2006 eingongsavgifta for hydrogenkjøretøy. Regjeringa foreslår ei større omlegging av bilavgiftssystemet som vil stimulere til kjøp av meir miljøvenlege bilar. Samferdsledepartementet arbeider også med eit klassifiseringssystem for personbilar som skal gjere det enklare for forbrukaren å samanlikne kor miljøvenlege køyretøya er.

Luftfart er ein sentral del av transporttilbodet, særleg i delar av distrikts-Noreg. Både kortbanenettet og stamrutenettet er ein viktig del av infrastrukturen. Ordninga med at overskotsflyplassar betaler for dei ulønsame flyplassane er ei bærebjelke i eit godt landsdekkande tilbod. Regjeringa ønskjer å behalde dagens flyplasstruktur. Dei løyvingane som Regjeringa foreslår til kjøp av bedriftsøkonomisk ulønnsamme flyruter gjev m.a. rom for å redusere maksimalprisen på kortbanerutene i Finnmark og Nord-Troms.

Posttenestene er ei avgjerande brikke i infrastrukturen som må fungere for å sikre busetnad og næringsutvikling. Regjeringa skal sikre likeverdige kvalitetstenester til same pris over heile landet. Det inneber m.a. grunnleggande banktenester, seksdagars omdeling av post og einskapsporto.

Regjeringa skal sikre at heile landet har kvalitativt likeverdige og billige teletenester. Det er ei viktig oppgåve å sikre verksam konkurranse i marknaden. Samstundes vil Regjeringa stimulere til betre mobildekning over heile landet.

Regjeringa skal verkeleggjere den digitale allemannsretten. Målet om at alle husstandar og private og offentlege verksemder skal ha tilgang til eit framtidsretta høghastighetsnett til likeverdig pris i heile landet ligg fast.

Regjeringa vil nå målet for samferdselspolitikken både gjennom auka løyvingar over statsbudsjettet, gjennom bruk av alternativ finansiering, samt meir effektiv bruk av tilgjengelege ressursar.

2 Oversikt over budsjettforslaget

Utgifter fordelt på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Betegnelse

Regnskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

Administrasjon m.m.

1300

Samferdselsdepartementet

132 343

142 700

145 300

1,8

1301

Forskning og utvikling mv.

164 658

171 200

174 500

1,9

Sum kategori 21.10297 001313 900319 8001,9

Luftfartsformål

1310

Flytransport

461 817

480 600

475 900

-1,0

1311

Tilskudd til regionale flyplasser

47 804

16 600

17 200

3,6

1313

Luftfartstilsynet

212 606

169 100

148 400

-12,2

1314

Statens havarikommisjon for transport

37 412

32 300

37 300

15,5

Sum kategori 21.20759 639698 600678 800-2,8

Vegformål

1320

Statens vegvesen

13 771 601

13 655 300

14 849 500

8,7

1322

Svinesundsforbindelsen AS

146 953

Sum kategori 21.3013 918 55413 655 30014 849 5008,7

Særskilte transporttiltak

1330

Særskilte transporttiltak

363 393

449 500

424 500

-5,6

Sum kategori 21.40363 393449 500424 500-5,6

Jernbaneformål

1350

Jernbaneverket

4 565 646

4 545 200

5 466 900

20,3

1351

Persontransport med tog

1 502 000

1 577 000

1 598 500

1,4

1354

Statens jernbanetilsyn

26 547

33 700

34 800

3,3

1355

BaneService AS

221 718

Sum kategori 21.506 315 9116 155 9007 100 20015,3

Samferdselsberedskap

1360

Samferdselsberedskap

30 334

Sum kategori 21.60

30 334

Sum programområde 2121 684 83221 273 20023 372 8009,9

Post og telekommunikasjoner

1370

Posttjenester

326 000

1380

Post- og teletilsynet

203 683

241 800

226 600

-6,3

Sum kategori 22.10

529 683

241 800

226 600

-6,3

Sum programområde 22

529 683

241 800

226 600

-6,3

Sum utgifter

22 214 515

21 515 000

23 599 400

9,7

Inntekter fordelt på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Betegnelse

Regnskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

Administrasjon m.m.

4300

Samferdselsdepartementet

4 262

2 100

2 200

4,8

Sum kategori 21.104 2622 1002 2004,8

Luftfartsformål

4312

Oslo Lufthavn AS

388 854

389 000

388 800

-0,1

4313

Luftfartstilsynet

97 202

93 500

97 100

3,9

4314

Statens havarikommisjon for transport

128

5619

Renter av lån til Oslo Lufthavn AS

382 213

338 600

294 400

-13,1

5622

Aksjer i Avinor AS

151 500

40 000

339 000

747,5

Sum kategori 21.201 019 897861 1001 119 30030,0

Vegformål

4320

Statens vegvesen

661 318

328 300

420 000

27,9

4322

Svinesundsforbindelsen AS

25 000

5624

Renter av Svinesundsforbindelsen AS

30 000

Sum kategori 21.30661 318328 300475 00044,7

Jernbaneformål

4350

Jernbaneverket

615 553

391 200

384 700

-1,7

4354

Statens jernbanetilsyn

314

5611

Aksjer i NSB AS

116 000

328 000

182,8

5623

Aksjer i BaneService AS

669

1 400

4 400

214,3

Sum kategori 21.50

616 536

508 600

717 100

41,0

Sum programområde 212 302 0131 700 1002 313 60036,1

Post og telekommunikasjoner

4380

Post-og teletilsynet

177 818

173 600

179 400

3,3

5618

Aksjer i Posten Norge AS

516 400

216 000

471 000

118,1

Sum kategori 22.10

694 218

389 600

650 400

66,9

Sum programområde 22

694 218

389 600

650 400

66,9

Sum inntekter

2 996 231

2 089 700

2 964 000

41,8

Regjeringa Stoltenberg II foreslår eit samferdselsbudsjett for 2007 på om lag 23,6 mrd. kr, ein auke på 9,7 pst. eller om lag 2,1 mrd. kr frå saldert budsjett 2006.

Budsjettet til samferdselsformål inneber eit kraftig løft av løyvingane til både veg og jernbane i samsvar med Soria Moria-erklæringa. Budsjettforslaget totalt for Statens vegvesen og Jernbaneverket tilsvarer eitt års oppfølging av Stortingets vedtak ved behandlinga av Nasjonal transportplan (NTP) for 2006-2015. For å snu den uønskte trenden med aukande etterslep i vedlikehaldet, er det i budsjettet for 2007 avsett meir midlar til vedlikehald både for veg og jernbane enn lagt til grunn i Stortinget sitt NTP-vedtak. Budsjettforslaget for Jernbaneverket inneber eit historisk løft for jernbaneinfrastrukturen i Noreg. Vegbudsjettet inneber eit stort løft av innsatsen samanlikna med dei seinare åra, særleg for vedlikehald.

Med budsjettforslaget til veg og jernbane har Regjeringa gjort ein snuoperasjon for å få auka løyvingane til veg- og jernbaneinfrastruktur i samsvar med Stortinget sitt NTP-vedtak for 2006-2009.

Samla budsjettforslag til administrasjon m.m., som m.a. omfattar Samferdselsdepartementet sitt driftsbudsjett samt departementet si satsing på forsking og utvikling mv. er på 319,8 mill. kr, om lag same realnivå som i saldert budsjett 2006.

Til Samferdselsdepartementet sitt driftsbudsjett er det avsett 105,4 mill. kr, til departementet si deltaking i internasjonale organisasjonar er det avsett 18,4 mill. kr, mens det er avsett 2,3 mill. kr til departementet sitt arbeid med vernebuing, der alle tre løyvingane er om lag på same realnivå som saldert budsjett 2006. Det er foreslått 18,7 mill. kr til Trygg Trafikk og 0,5 mill. kr til Syklistenes Landsforening.

Det er foreslått eit samla budsjett på 174,5 mill. kr til Samferdselsdepartementet sitt arbeid med forsking og utvikling mv., som er på om lag same realnivå som i saldert budsjett 2006. Innsatsen til departementet på forsking og utvikling har auka mykje dei siste fem/seks åra, og Regjeringa vidarefører det høge nivået på forskingsinnsatsen i 2007. Det meste av forskingsmidlane går til tele- og transportforsking og ulike program i regi av Norges forskingsråd. Post 70 Tilskot til rasjonell og miljøvenleg transport og post 50 Samferdselsforsking er slått saman i budsjettforslaget for 2007. Dette fordi midlane over begge postane i hovudsak går til Norges forskningsråd.

Samla budsjettforslag til luftfartsformål er på 678,8 mill. kr, ein nedgang på 2,8 pst. frå saldert budsjett 2006. Årsaka til nedganen er i hovudsak lågare budsjett for Luftfartstilsynet fordi flyttinga av tilsynet til Bodø i hovudsak er fullførd i 2006.

Det er avsett 475,9 mill. kr til statleg kjøp av innanlandske flyruter, som skal leggje til rette for uendra flyrutetilbod i store delar av kjøpsområdet. I budsjettforslaget er det teke høgde for at maksimaltakstane skal reduserast med 20 pst. samanlikna med nivået i dag i den nye avtaleperioden i Nord-Troms og Finnmark med verknad frå 01.04.2007. Regjeringa ønskjer med dette å redusere gapet mellom prisnivået på tilbodsrutene og dei kommersielle stamrutene, og tiltaket er viktig for ein landsdel med særleg store avstandsulemper.

Som for 2006 blir det ikkje foreslått løyvd statleg tilskot til Avinor sine regionale flyplassar for 2007. Dette har bl.a. samanheng med Avinor sin økonomi, som gir grunnlag for kryssubsidiering frå dei lønsame til dei ulønsame lufthamnene. Det er foreslått avsett 17,2 mill. kr som tilskot til ikkje-statlege flyplassar, som er om lag på same nivå som i saldert budsjett 2006.

Til Luftfartstilsynet er det budsjettert med 148,4 mill. kr, som er 12,2 pst. lågare enn saldert budsjett 2006. Årsaka er lågare flyttekostnader. Det er avsett 8,8 mill. kr til flyttekostnader for 2007, som er siste år med eiga flytteløyving.

Til Statens havarikommisjon for transport er det avsett 37,3 mill. kr, som er ein auke på 15,5 pst. frå saldert budsjett 2006. Auken heng saman med at det i budsjettforslaget er lagt til rette for å utvide kommisjonen sitt ansvarsområde til også å omfatte sjøtransport med verknad frå 01.07.2008.

Til vegformål som for 2007 er identisk med budsjettet til Statens vegvesen, er det foreslått løyvd 14 849,5 mill. kr, ein auke på 1 194,2 mill. kr eller 8,7 frå saldert budsjett 2006. Budsjettforslaget samla sett tilsvarer eitt års oppfølging av Stortinget sitt NTP-vedtak.

Regjeringa ønskjer å snu trenden med aukande vedlikehaldsetterslep. Budsjettet til trafikktilsyn, drift og vedlikehald er på 6 770,4 mill. kr og inneber ein auke med 11,2 pst. eller 681,2 mill. kr frå saldert budsjett 2006. Samanlikna med budsjettforslaget for 2006 frå Regjeringa Bondevik II, auka Regjeringa innsatsen på vedlikehald både i St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 1 (2005-2006) og i St.prp. nr. 66 (2005-2006). I budsjettet for 2007 prioriterer Regjeringa på ny innsatsen på vedlikehald. Innsatsen på vedlikehald aleine er foreslått auka med om lag 500 mill. kr eller om lag 25 pst. frå saldert budsjett 2006. Det er lagt opp til at det skal bli nytta om lag 800 mill. kr til asfaltlegging i 2007, om lag 200 mill. kr meir enn i saldert budsjett 2006.

Som vederlag til OPS-prosjekta er det avsett 340 mill. kr for 2007 i samsvar med forpliktingane til staten i desse prosjekta. To av dei tre OPS-prosjekt er no opna, og det er inngått kontrakt for det tredje prosjektet.

Det er for 2007 avsett i alt 6 274,7 mill. kr til veginvesteringar (summen av postane 30, 31, 35 og 60), ein auke på 5,4 pst. eller 322 mill. kr frå saldert budsjett 2006.

Post 30 Riksveginvesteringar og post 60 Forsøk må vurderast i samanheng. Det er for 2007 avsett 5 563,7 mill. kr til riksveginvesteringar inkl. forsøk, som er ein auke på 4,9 pst. eller 258,2 mill. kr frå saldert budsjett 2006. Det er store bindingar i budsjettet som følgje av prosjekt som er sett i gang med små oppstartsløyvingar frå førre regjering. Det er lagt vekt på å sikre rasjonell framdrift for desse. Det vil ikkje gi rom for å sette i gang bygging av nye store prosjekt på stamvegnettet. Det er planlagt anleggsstart i 2007 på følgjande større prosjekt (over 100 mill. kr) på øvrige riksvegar:

  • Rv 108 Ny Kråkerøyforbindelse, Fredrikstand kommune i Østfold

  • Rv 255 Jørstad - Segalstad bru, Lillehammer/Gausdal kommunar i Oppland

  • Rv 306 Kirkebakken - Re grense, Horten kommune i Vestfold

  • Rv 38 Eklund - Sannidal, Kragerø kommune i Telemark

  • Rv 7 Hardangerbrua, Ulvik/Ullensvang kommunar i Hordaland

  • Rv 17 Tverrlandet - Godøystraumen, Bodø kommune i Nordland

Rassikring er eit område som Regjeringa legg særleg vekt på. Det er vanskeleg å skilje skarpt mellom reine rassikringsprosjekt og andre prosjekt som også gir rassikringsgevinst. Til direkte rassikring (post 31) er det budsjettert med 321 mill. kr for 2007, ein auke på 21 pst. eller 55,8 mill. kr frå saldert budsjett 2006. Følgjande større prosjekt (over 100 mill. kr) med rassikringsgevinst vil bli starta opp i 2007:

  • Rv 5 Langs Kjøsnesfjorden (Hammarsgrova - Stølsneset), Jølster kommune i Sogn og Fjordane

Totalt er det planlagt om lag 480 mill. kr i statlege løyvingar til tiltak med rassikringsgevinst i 2007.

Til Bjørvika-prosjektet er det avsett 390 mill. kr i statleg løyving for 2007 i samsvar med finansieringsopplegget for prosjektet.

Til riksvegferjedrifta er det foreslått eit budsjett på 1 464,4 mill. kr, ein auke på 8,1 pst. frå saldert budsjett 2006. Årsaka til auken er m.a. at ferjebudsjettet er kompensert for verknaden av innføringa av ei NOx-avgift. Samferdselsdepartementet legg til grunn om lag same rutetilbod i 2006 som i 2007. I 2007 vil dei to riksvegferjesambanda Aukan - Vinsternes i Møre og Romsdal og Hufthamar - Austevollhella i Hordaland bli avløyste av fast vegsamband. Det er foreslått ein takstauke på 3,8 pst. frå 01.01.2007.

Til særskilde transporttiltak er det avsett 424,5 mill. kr. Av dette er 107,2 mill. kr avsett til belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bilbruk i byane, mens 50 mill. kr er sett av til tiltak for å betre tilgjenge på transportområdet innanfor ansvarsområdet til kommunane (BRA-programmet). Til kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen - Kirkenes er det sett av 267,3 mill. kr basert på avtalen mellom staten og Hurtigruten Group ASA.

Regjeringa foreslår at den bemanninga som gjeld tryggleiken på skipa som trafikkerer Kystruta Bergen - Kirkenes, kjem inn under ordninga med nettoløn frå 01.07.2007. Saman med innføringa av avgift på utslepp av NOx og gjeninnføringa av ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift, gir dette endringar i rammevilkåra for Hurtigruten Group. Staten vil forhandle endringar i avtalen med Hurtigruten Group basert på nye rammevilkår.

Til jernbaneformål samla er det foreslått eit budsjett på 7 100,2 mill. kr, ein auke på 15,3 pst. eller 944,3 mill. kr frå saldert budsjett 2006. Auken sikrar at løyvinga til jernbaneinfrastruktur for 2007 er i samsvar med eitt års oppfølging av Stortinget sitt NTP-vedtak.

Til Jernbaneverket er det foreslått løyvt 5 466,9 mill. kr, ein auke på 20,3 pst. eller 921,7 mill. kr frå saldert budsjett 2006 noko som er ei historisk høg satsing på jernbaneinfrastrukturen i Noreg. Forslag til investeringsbudsjett for Jernbaneverket inneber ein auke på 50,3 pst. eller 742,6 mill. kr frå saldert budsjett 2006. Også til drift og vedlikehald er det avsett ein monaleg auke frå saldert budsjett 2006.

Til drift og vedlikehald av jernbanenettet er det avsett 3 175,8 mill. kr for 2007, ein auke på 8,1 pst. eller 238,6 mill. kr. Avsett sum til vedlikehald aleine inneber ein auke på om lag 15 pst. frå saldert budsjett 2006. Den auka innsatsen på vedlikehald er viktig for å vareta ei sikker og driftsstabil avvikling av togtrafikken.

Til investeringar i linja er det foreslått eit budsjett på 2 219,6 mill. kr. Regjeringa legg stor vekt på å gjennomføre jernbaneprosjekt med rasjonell framdrift. Det er for 2007 avsett 490 mill. kr til parsellen Lysaker-Sandvika og 325 mill. kr til Lysaker stasjon i Vestkorridoren, for å sikre at desse viktige jernbaneprosjekta kan gjennomførast raskt. Det er også avsett 270 mill. kr til utbygginga av dobbeltspor mellom Sandnes og Stavanger. I budsjettforslaget er det teke høgde for fullføring i 2007 av utbygginga av togradiokommunikasjonssystemet, GSM-R, og til utbygginga av fjernstyring og ATC på Nordlandsbanen på strekninga Mosjøen-Bodø.

Det er innanfor Jernbaneverket sitt budsjett for 2007 avsett i storleiken 450 mill. kr til prosjekt og tiltak med særleg nytte for godstrafikken. Dette omfattar m.a. avsette midlar til Ganddal godsterminal, ombygging av Brattøra godsterminal, ombygging av Alnabru godsterminal, og ei rekkje mindre tiltak som aukar kapasiteten på jernbanenettet. Regjeringa foreslår også å sette av midlar til ombygging av Ski stasjon og dobbeltspor Bergen stasjon-Fløen.

Til statleg kjøp av persontransporttenester med tog er det avsett 1 598,5 mill. kr, som skal dekkje direkte statleg kjøp av persontransporttenester med tog frå NSB AS, samt godtgjersle til NSB Anbud AS for togdrifta på Gjøvikbanen. Samferdselsdepartementet er i ferd med å inngå ein ny rammeavtale med NSB AS om kjøp av persontransporttenester med tog i Noreg. Avtalen vil også ta høgde for at Samferdselsdepartementet har inngått to avtalar med svenske styresmakter og selskap om grenseoverskridande trafikk. Departementet legg til grunn at den nye avtalen med NSB skal gi eit betre togtilbod for dei reisande.

Regjeringa foreslår fritak frå el-avgift for skinnegåande transport frå 01.01.2007. Avgiftsletten som kan knytast til kjøpet til staten av persontransporttenester med tog vil bli teke omsyn til i avtalen mellom staten og NSB om kjøp for 2007. For kommersielle persontogprodukt og godstog vil fritaket for el-avgift gi direkte kostnadsinnsparingar for operatørane.

Samla budsjettforslag for post og telekommunikasjonar er på 226,6 mill. kr, ein nedgang på 6,3 pst. frå saldert budsjett 2006. Nedgangen skuldast lågare flyttekostnader i Post- og teletilsynet i samband med flyttinga av tilsynet til Lillesand.

Det er som for 2006 ikkje foreslått løyving til statleg kjøp av posttenester for 2007. Regjeringa har til vurdering spørsmålet om Posten Norge AS si plikt til å tilby grunnleggjande banktenester i heile ekspedisjonsnettet, og Samferdselsdepartementet vil kome tilbake til Stortinget med denne saka på ein eigna måte.

Til Post- og teletilsynet er det budsjettert med 226,6 mill. kr. Nedgangen frå saldert budsjett 2006 skuldast lågare flyttekostnader. Det er avsett 14,7 mill. kr i flyttekostnader for 2007, som er siste år med særskild løyving.

Når det gjeld inntektene under Samferdselsdepartementets ansvarsområde, har Regjeringa budsjettert med eit samla utbytte på om lag 1,1 mrd. kr frå selskap eigd av Samferdselsdepartementet. Dette fordelt med 339 mill. kr frå Avinor AS, 328 mill. kr frå NSB AS, 3 mill. kr frå BaneService AS og 471 mill. kr frå Posten Norge AS.

Regjeringa er oppteken av å vurdere ulike gebyrordningar i staten, slik at desse i utgangspunktet skal tilsvare kostpris for tenesta. I denne samanhengen har Regjeringa redusert inntektskravet til Statens vegvesen. Dette vil gi rom for å redusere prisen for m.a. førarprøven og utskriving av førarkort.

3 Diverse tabellar

Garantiordningar og -fullmakter

(i 1000 kr)

Dato siste St.vedtak

Ansvar pr. 31.12.2005

Totalramme (tak) for nytt og gammalt ansvar i 2006

Totalramme (tak) for nytt og gammalt ansvar i 2007

Lån til ferjer i riksvegsamband

07.12.2004

737 465

1 015 000

950 000

Drift av øvingsbaner for motorvognførarar

03.06.1981

3 000

3 000

3 000

AS Fastlandsfinans

10.06.1988

100 000

70 000

35 000

Sum

840 465

1 088 000

988 000

Det har aldri vore utbetalingar (tap) under nokon av garantiordningane.

Bestillingsfullmakter

(i mill. kr)

Kap.

Nemning

Fullmakt

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

1350

Jernbaneverket

Materiell

700

700

1380

Post- og teletilsynet

Materiell

4

4

Bruk av stikkordet «kan overførast» på andre postar enn 30-49

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Betegnelse

Overført til 2006

Forslag 2007

1301

50

Samferdselsforskning

2 837

146 300

1301

71

Tilskudd til arbeids- og utdanningsreiser for funksjonshemmede

13 410

11 600

1311

71

Tilskudd til ikke-statlige flyplasser

737

17 200

1313

22

Flyttekostnader

1 519

8 800

1320

23

Trafikktilsyn, drift og vedlikehold av riksveger m.m.

6 770 400

1320

29

Vederlag til OPS-prosjekter

340 000

1320

60

Forsøk

15 220

867 000

1320

72

Kjøp av riksvegferjetjenester

1 464 400

1350

23

Drift og vedlikehold

48 335

3 175 800

1350

25

Drift og vedlikehold av Gardermobanen

20 397

71 500

1380

22

Flyttekostnader

14 818

14 700

For kap. 1301, postane 50 og 71 kan ein forklare stikkordet med at prosjekt/tiltak som får tilskot frå løyvingar over desse postane, går over fleire år. Tilskot blir i hovudsak utbetalt etter framdrift. At kap. 1311, post 71 er overførbar, skuldast at delar av dette tilskotet blir utbetalt på etterskot.

For kap. 1320, postane 23, 29, 60 og 72 og kap. 1350, postane 23 og 25, skuldast stikkordet at løyvingane heilt eller delvis blir nytta til byggje- og anleggsarbeid som går over fleire år, og/eller materiellinnkjøp. Innanfor Statens vegvesen og Jernbaneverket sine budsjett er det dessutan i stor grad mogleg å omdisponere midlar mellom dei ulike postane. Det er difor naturleg at også postar utover 30-postane er gjort overførbare.

Når det gjeld flyttekostnadene for høvesvis Luftfartstilsynet og Post- og teletilsynet, kap. 1313, post 22 og kap. 1380, post 22, så har stikkordet samanheng med at det er vanskeleg å periodisere kostnadene nøyaktig.

Budsjettendringar på utgiftskapittel ift. saldert budsjett 2006

(i 1000 kr)

Kap.

Post

St.prp. nr.

Innst. S. nr.

Saldert budsett 2006

Endring

Revidert budsjett

1310

70

66

205

480 600

-43 000

437 600

1313

01

66

205

134 500

5 000

139 500

1313

22

66

205

34 600

25 000

59 600

1320

23

66

205

6 089 200

292 200

6 381 400

1320

29

66

205

258 400

75 000

333 400

1320

30

66

205

4 420 100

108 000

4 528 100

1320

31

66

205

265 200

40 000

305 200

1320

72

66

205

1 355 000

1 000

1 356 000

1350

23

66

205

2 937 200

117 000

3 054 200

1350

30

66

205

1 477 000

11 500

1 488 500

Budsjettendringar på inntektskapittel ift. saldert budsjett 2006

(i 1000 kr)

Kap.

Post

St.prp. nr.

Innst. S. nr.

Saldert budsett 2006

Endring

Revidert budsjett

5622

80

66

205

40 000

-13 600

26 400

4320

01

66

205

18 800

116 200

135 000

4320

03

66

205

0

40 000

40 000

4320

04

66

205

9 500

-9 500

0

4322

90

66

205

0

32 000

32 000

5624

80

66

205

0

23 000

23 000

4350

01

66

205

33 500

-13 500

20 000

5611

82

66

205

116 000

130 000

246 000

5623

85

66

205

0

3 500

3 500

5618

80

66

205

216 000

-216 000

0