St.prp. nr. 1 (2007-2008)

FOR BUDSJETTÅRET 2008 — Utgiftskapittel: 1–2, 1500–1582, 2445 og 2470 Inntektskapittel: 4510–4550, 5445–5446, 5470 og 5607

Til innhaldsliste

Del 2
Budsjettforslag

Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar

Programkategori 00.10 Det kongelege hus

Utgifter under programkategori 00.10 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

Pst. endr. 07/08

1

H.M. Kongen og H.M. Dronninga

129 182

143 968

145 930

1,4

2

H.H.K. Kronprinsen og H.H.K. Kronprinsessa

16 606

18 529

20 287

9,5

Sum kategori 00.10

145 788

162 497

166 217

2,3

Allmenn omtale

Fornyings- og administrasjonsdepartementet har ansvaret for løyvingane til kongehuset. I tillegg til løyvingane under kap. 1 H.M. Kongen og H.M. Dronninga og kap. 2 H.H.K. Kronprinsen og H.H.K. Kronprinsessa, vert følgjande midlar nytta til kongelege føremål i 2008:

Fornyings- og administrasjonsdepartementet
Kap. 1581 Eigedommar til kongelege føremål 59 457 000
Utanriksdepartementet
Kap. 104 Kongefamilien sine offisielle reiser til utlandet 9 232 000
Forsvarsdepartementet
Div. kapittel (H.M. Kongens adjutantstab)
Kap. 1732 Sjøforsvaret (Kongeskipet og K/B Stjernen) 20 900 000
Justisdepartementet
Kap. 441 Oslo politidistrikt (eskorteteneste) Oppgis ikkje

Kap. 1 H.M. Kongen og H.M. Dronninga

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

01

Apanasje

7 752

7 900

8 256

50

Det Kongelege Hoff

121 430

112 068

122 299

51

Særskilde prosjekt ved Det Kongelege Hoff

24 000

15 375

Sum kap. 1

129 182

143 968

145 930

Post 01 Apanasje

Løyvinga vert nytta til personlege utgifter for H.M. Kongen og H.M. Dronninga, medrekna utgifter i samband med diverse offisielle oppgåver, og til drift og vedlikehald av eigne eigedommar.

Post 50 Det Kongelege Hoff

Løyvinga vert nytta til kongehuset sine utgifter til offisielle oppgåver, drift av organisasjonen, infrastruktur og mindre investeringar til vedlikehald. Løyvingsforslaget tek omsyn til at det er naudsynt å auke bemanninga innanfor IKT-drift, samstundes som bemanninga til hushaldsdrift må aukast når Bygdøy Kongsgard vert teke i bruk.

Løyvinga skal òg dekkje utgifter til jamleg indre vedlikehald og utvikling av dei kongelege eigedomane Det Kgl. Slott, Bygdøy Kongsgard (hovudhuset m/sidebygning og park) og Oscarshall slott.

Post 51 Særskilde prosjekt ved Det Kongelege Hoff

Forslaget til løyving på 15 mill. kroner gjeld interiørprosjektet ved Oscarshall slott, som Det Kongelege Hoff har ansvaret for. Prosjektet har ei totalramme på 45 mill. kroner, og omfattar innvendig rehabilitering av bygget, inkludert sikring og restaurering av kunst, møblar og anna inventar. Rehabiliteringa hadde oppstart i 2007 og tek sikte på å vere klar i 2009, slik at lystslottet kan opnast for publikum. Statsbygg har ansvaret for utvendig rehabilitering og teknisk infrastruktur, sjå omtale under kap. 1581 post 45.

Kap. 2 H.H.K. Kronprinsen og H.H.K. Kronprinsessa

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

01

Apanasje

5 205

5 900

6 166

50

H.H.K. Kronprinsen og H.H.K. Kronprinsessa sin stab mv.

11 401

12 629

14 121

Sum kap. 2

16 606

18 529

20 287

Post 01 Apanasje

Løyvinga skal dekkje kronprinsparet sine personlege utgifter og midlar til løpande drift og vedlikehald av dei private eigedomane.

Post 50 H.H.K. Kronprinsen og H.H.K. Kronprinsessa sin stab mv.

Løyvinga skal dekkje utgifter til kronprinsparet sin stab på Det Kgl. Slott og betening på Skaugum, og dessutan utgifter i samband med kronprinsparet sine offisielle oppgåver. På grunn av auka representasjon, og meir bruk av Skaugum til offisielle føremål, er løyvinga auka for å styrkje bemanninga i staben.

Programområde 01 Fellesadministrasjon

Programkategori 01.00 Administrasjon m.v.

Utgifter under programkategori 01.00 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

Pst. endr. 07/08

1500

Fornyings- og administrasjons­departementet

231 126

263 954

277 099

5,0

1503

Midlar til opplæring og utvikling av tillits­valde

109 180

110 256

115 348

4,6

1506

Noreg.no

35 566

35 344

-100,0

Sum kategori 01.00

375 872

409 554

392 447

-4,2

Kap. 1500 Fornyings- og administrasjonsdepartementet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

01

Driftsutgifter

151 503

154 114

154 232

21

Spesielle driftsutgifter , kan overførast

79 623

109 840

112 867

22

Forskning , kan overførast

10 000

Sum kap. 1500

231 126

263 954

277 099

Betre kunnskap om omstilling

Forvaltningspolitikken skal vere tufta på kunnskap om korleis ulike organisasjons- og styringsformer verkar, kunnskap om korleis endringane innanfor offentleg sektor dei siste åra har verka på sentrale politiske mål og dei røynslene andre land har gjort i sitt fornyingsarbeid. Fornyingsarbeidet skal òg byggje på ei brei deltaking frå relevante fagmiljø, brukarar og dei tilsette sine organisasjonar. Ein vil gå igjennom ulike sider ved tilhøvet mellom departement og underliggjande verksemder. Gjennomgangen har som mål å få fram tiltak og verkemiddel som kan betre den politiske styringa og sikre betre samordning og varetaking av heilskapssynet innanfor dagens varierte struktur.

Med dei til dels omfattande omstillingane som har skjedd innanfor staten dei seinare åra, er det no trong for meir systematisk å hente inn kunnskap om kva for føresetnader som må vere på plass for at omstillingar og innføring av ny teknologi skal gje dei venta effektiviseringsgevinstane. Fornyings- og administrasjonsdepartementet vil evaluere nokre utvalde omstillingar for betre å kunne gje råd i samband med omstillingar og innføring av ny teknologi i statsforvaltninga. Departementet arbeider òg med å utvikle ein rettleiar i utrekning av samfunnsøkonomiske kostnader og gevinstar ved personalmessig omstilling i staten.

Forvaltningsdatabasen er eit register over alle einingar i departementa og alle statlege verksemder som er eller har vore direkte knytte til departementa i åra 1947–2006. Databasen vert nytta til forsking om statsforvaltninga si oppbygging og verkemåte og er viktig for å utvikle ein kunnskapsbasert forvaltningspolitikk i staten. Departementet legg vekt på kunnskapsspreiing om utviklinga i forvaltninga og om organisering og leiing i staten, mellom anna gjennom ulike rettleiarar og utgjevinga av Forvaltningsutsyn.

Styring og leiing for å fremje kvalitet

I styringa og leiinga av underliggjande statlege verksemder legg Fornyings- og administrasjonsdepartementet vekt på omsyn til fagleg kvalitet, at innbyggjarane skal vere nøgde med tenestene, eit arbeidsmiljø som fremjar god helse og ei kontinuerleg oppbygging av kompetansen i verksemda, samstundes som ein har god kostnadskontroll. Ein gjennomgang av ulike modellar for styring og leiing i statlege verksemder, som Statskonsult AS har gjort på oppdrag frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet, syner at leiarar arbeider med fleire av desse kvalitetselementa, men at dei sjeldan vert sette i samanheng. Departementet vil vurdere desse funna i samband med arbeidet med ei leiarplattform for staten. Departementet vil òg gjennomføre ei brukarundersøking blant tilsette i staten om arbeidstilhøva deira. Kunnskapen skal brukast i vidareutviklinga av personal- og leiarpolitikken i statsforvaltninga.

Eit meir inkluderande arbeidsliv (IA)

Fornyings- og administrasjonsdepartementet si oppgåve er å sikre at staten som arbeidsgjevar er eit døme på godt IA-arbeid, og sette i verk tiltak i høve til alle delmåla innanfor IA-avtala.

Avtala om eit meir inkluderande arbeidsliv er vidareført for perioden 2006–2009 med fleire nye verkemiddel for å nå dei måla som vart sette i den førre avtaleperioden.

Kvart departement skal omtale planlagde og gjennomførte tiltak i tillegg til resultatutvikling i høve til eigne måltal på IA-området i det einskilde departementsområdet.

I 2006 var sjukefråværet i staten om lag uendra frå 2005 på 5,6 pst., og det vil verte krevjande å nå målet som er sett på 4 pst. i 2. kvartal for 2009. Fornyings- og administrasjonsdepartementet følgjer utviklinga av sjukefråværet kvart kvartal og informerer alle departementa systematisk.

Staten har ein tiltaksplan som skal få statlege arbeidsgjevarar til å rekruttere fleire tilsette med nedsett funksjonsevne. Tiltaksplanen er ambisiøs og gjev store utfordringar til statlege arbeidsgjevarar. Det er sett eit mål om at minst 5 pst. av alle nytilsette i det statlege tariffområdet skal vere personar med nedsett funksjonsevne. Departementet innhenta data frå statlege verksemder både hausten 2005 og hausten 2006. Rapporteringane viste at måltalet ikkje vart nådd med 2,4 pst. i det fyrste planåret og 1,2 pst. i det andre planåret. Departementet er ikkje nøgd med desse tala og har sett i verk fleire tiltak for å auke rekrutteringa av personar med nedsett funksjonsevne, mellom anna traineeprogram, fagpanel, krav til stillingsannonsering, fylkesvise møte og rettleiing i IA-arbeid. På oppdrag frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet har Arbeidsforskningsinstituttet (AFI) gjennomført ei oppfølgingsundersøking av desse resultata. Målet var å sjå nærare på statlege arbeidsgjevarar sine haldningar og rekrutteringspraksis. AFI konkluderar med at sjølv om tiltaksplanen ikkje har nådd sitt mål på 5 pst. innan mars 2006, så ser det ut til at satsinga har hatt positive effektar.

I mai 2007 starta Fornyings- og administrasjonsdepartementet eit eittårig trainee-program i sentralforvaltninga, for personar med høg utdanning og nedsett funksjonsevne. Programmet som Statskonsult AS gjennomfører, er populært både hos søkjarar og arbeidsgjevarar. Det var 126 søkjarar til dei 17 trainee-plassane. Oppfølginga av tiltaksplanen og delmål to i IA-avtala, som omhandlar personar med nedsett funksjonsevne, vil være eit sentralt tema på fylkesvise møte med statlege arbeidsgjevarar.

Den gjennomsnittlege pensjoneringsalderen i staten steig frå 58,9 år i 2003 og 2004, til 59,4 i 2005 og 60,4 år i 2006 (tala inkluderer særaldersgrenser, uførepensjon, alderspensjon, AFP og førtidspensjon). Ein auke på 18 månader er klårt over det målet som er sett i IA-avtala.

I arbeidet på det seniorpolitiske feltet vil Regjeringa mellom anna leggje vekt på at eldre arbeidstakarar lettare skal bli verande i arbeid. Fleire tiltak er sett igang:

  • staten som arbeidsgjevar samarbeider med Senter for seniorpolitikk om ny nasjonal strategi på det seniorpolitiske området mot 2010

  • delmål tre i IA-avtala, som omhandlar avgangsalder, vil være eit sentralt tema på dei fylkesvise møta med arbeidsgjevarane

  • fridagar for seniormedarbeidarar etter Hovedtariffavtala 2006–2008.

Ved årsskiftet 2006–2007 undersøkte Fornyings- og administrasjonsdepartementet korleis statlege arbeidsgjevarar arbeidde med oppfølging av IA-avtala. I hovudsak viste det seg at statlege leiarar har ei positiv haldning til IA-avtala og tru på dei tiltaka som no er sett i verk. Individuelle oppfølgingsplanar og -samtalar med dei som er sjukemeldte er vurdert som effektive verkemiddel. Om lag halvparten av verksemdene har konkrete planar for å rekruttere personar med nedsett funksjonsevne, og nærare tre firedelar av verksemdene har seniorpolitiske tiltak.

I ein serie møte i alle fylka vil Fornyings- og administrasjonsdepartementet hente inn røynsler frå arbeidslivssentra og lokale toppleiarar for å kartlegge trongen for ytterlegare initiativ. Møta vert gjennomført i samarbeid med hovudsamanslutningane i staten.

Inkludering av innvandrargruppene

Statlege verksemder, som skal tilsette i ledige stillingar, er pålagde å innkalle minst ein kvalifisert søkjar med ikkje-vestleg bakgrunn til intervju. Fornyings- og administrasjonsdepartementet har pålagt departementa å melde tilbake korleis dei følgjer opp dette. Ei kartlegging viste at om lag 1 450 søkjarar med ikkje-vestleg innvandrarbakgrunn vart innkalla i samband med dei nesten 6 300 kunngjeringane av ledige stillingar i perioden, og 327 av dei innkalla fekk stillinga som dei hadde søkt (22 pst. av dei intervjua).

I staten skal det vere nulltoleranse når det gjeld diskriminering. Fornyings- og administrasjonsdepartementet vil følgje opp dette. Med bakgrunn i alvorlege påstandar om diskriminerande haldningar i det offentlege, har Regjeringa sett i verk ei brei og systematisk kartlegging av den faktiske situasjonen når det gjeld etnisk diskriminering innan offentleg sektor. På bakgrunn av kartlegginga vil trongen for meir analyse og kunnskap og aktive tiltak verte vurdert. Tiltak for å auke bevisstgjering og for å styrke arbeidet mot diskriminering vil byggje på resultat av det innsamla datamaterialet.

Staten og tenestemennene sine hovudsamanslutningar har etter Hovudtariffavtala pkt. 5.6 sett av midlar i tariffperioden 2006–2008. Det er gjeve støtte til mellom anna prosjekt som omfattar språkopplæring, opplæringsplassar, informasjonstiltak og haldningsskapande kurs og seminar, jf. omtale under kap. 1523.

Trass i nedgang i arbeidsløysa for personar med innvandrarbakgrunn, er det framleis mange av dei som ikkje har arbeid. Staten vil difor prøve ut eit nytt verkemiddel for å nå målet om full sysselsetjing for innvandrarar. Det skal gjennomførast eit toårig forsøk med moderat kvotering for personar med innvandrarbakgrunn, i ein del statlege verksemder. Leiaropplæring skal gjennomførast som eit administrativt støttetiltak. Det skal òg gjennomførast ei følgjeevaluering for å sjå kva effektar ordninga har med omsyn til rekrutteringsåtferd i forsøksverksemdene. I samband med evalueringa skal bruk av § 9 i forskrift til tenestemannslova, som opnar for å kunne sjå bort frå kvalifikasjonsprinsippet med omsyn til tilsetjing av funksjonshemma/yrkeshemma, undersøkjast nærare.

Forsøk med redusert arbeidstid

Frå hausten 2007 startar forsøka med redusert arbeidstid. Hovudmålet med forsøka og forskinga er å bidra til ei auke i den effektive arbeidsstyrken. Det er teke utgangspunkt i at forsøka med kortare arbeidsdag for eldre arbeidstakarar skjer i statlege verksemder. Forsøka er innretta slik at tenesta som vert utført ikkje vert svekt ved at verksemda får kompensasjon slik at tapte arbeidstimar kan dekkjast opp med fleire tilsette.

Staten er ulik andre sektorar med omsyn til yrke, utdanningsnivå, arbeidsvilkår med meir. Resultat frå forsøka kan dermed ikkje ukritisk overførast til andre typar tilsette og verksemder. Men eit godt gjennomført forsøk i staten bør kunne vere grunnlag for viktige refleksjonar også om moglege tiltak i høve til seniorar for andre sektorar eller for heile arbeidsmarknaden.

Om lag 330 medarbeidarar som er 62 år eller eldre i Skatteetaten, Statens vegvesen, fylkesmannsembeta og to bispedøme har fått tilbod om å arbeide 80 pst. av vanleg arbeidstid med full løn. Verksemdene vil sende fyrste rapportering til Fornyings- og administrasjonsdepartementet i november 2007.

Forsøka vil halde fram til hausten 2009, og målet er å undersøkje om tilpassa arbeidstid kan medverke til at eldre arbeidstakarar ventar med å gå av med pensjon. Forsøka skal dokumenterast og evaluerast for at dei skal gje nyttig ny kunnskap. Eit eksternt kompetansemiljø er gjeve i oppdrag å følgje aktiviteten med analysar og dokumentasjon både ved oppstart, under og etter forsøka. Resultata av forsøka vil gje viktig kunnskap i arbeidet med å utvikle arbeidsgjevarpolitikken i møtet med redusert tilbod av arbeidskraft.

Offentleg elektronisk postjournal – OEP

I 2008 skal ei ny publiseringsteneste på Internett setjast i drift og gje allmenn tilgang til offentleg elektronisk postjournal. Denne tenesta skal kome i staden for den gamle ordninga som skriv seg frå 1993, og som har vore avgrensa til eit utval medieredaksjonar. Tenesta vil medverke til eit meir ope og demokratisk samfunn der det er lett å finne opplysningar om eit dokument i forvaltninga. Samstundes skal ein syte for at personvernet òg vert vareteke.

Alle departementa og Statsministerens kontor vil vere med i den nye tenesta frå starten. Det er òg eit mål at denne tenesta med elektroniske postjournalar seinare skal kunne omfatte store delar av offentleg sektor.

Auka tillit til statsforvaltninga

Fornyings- og administrasjonsdepartementet vil fastsetje retningsliner for utarbeiding av lokale varslingsrutinar i statlege verksemder i samband med dei nye reglane i arbeidsmiljølova. Dei nye reglane pålegg arbeidsgjevar å utarbeide rutinar eller sette i verk andre tiltak som legg tilhøva til rette for intern varsling. Rutinar for varsling er meint å gjere det lettare for tilsette å vite korleis dei skal gå fram dersom dei meiner det er trong for å varsle.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet legg stor vekt på å gjere forvaltninga meir open og inkluderande. Eit tiltak i denne samanhengen var Regjeringa sin innbyggjarkonferanse 2007. På konferansen deltok innbyggjarar frå heile landet, og i alle aldersgrupper. Hensikta med konferansen var å få innspel frå dei som har direkte røynsler med offentleg forvaltning, om korleis ho kan verte meir brukarvenleg og korleis kvaliteten på dei offentlege tenestene kan bli betre.

Betre dokumentasjon av statleg ressursbruk og resultat

I 2006 gjennomgjekk departementet konsekvensanalysar innanfor ulike statlege sektorar. Gjennomgangen viste at det er store manglar når det gjeld kunnskap om samanheng mellom ressursbruk og resultat. Departementet følgjer dette opp mellom anna gjennom arbeidet med StatRes.

StatRes skal gje alle betre informasjon om statleg ressursbruk og kva denne skapar, gjennom å utvikle og formidle kunnskap om ressursbruk, produksjon, kvalitet og resultat. Via Internett skal innbyggjarar, offentleg tilsette, forskarar og andre kunne følgje med i korleis staten sine pengar vert brukte, og dei skal kunne følgje utviklinga i indikatorar knytte til statlege sektorar og verksemder.

Statistisk sentralbyrå utviklar StatRes på oppdrag frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet og i nært samarbeid med involverte fagdepartement og etatar. Prosjektet held seg i stor grad til internasjonale standardar, noko som legg til rette for framtidige samanlikningar med andre land i dei høve det gjev meining. Det er laga ei brukarvenleg løysing med relevante, etterrettelege og oppdaterte data. Den fyrste publiseringa hausten 2007 dekkjar eit overordna nasjonalt nivå og tre pilotområde: spesialisthelsetenesta, høgare utdanning og statleg barnevern. Frå 2008 skal fleire delar av statsforvaltninga inkluderast i StatRes. Samstundes skal dei eksisterande pilotane få betre indikatorar og tal, og den tekniske løysinga skal òg utviklast vidare.

Ny undersøking om tilfredsheit med offentlege tenester

Eit viktig mål for Regjeringa er at alle publikumsretta statlege etatar skal gjennomføre brukarundersøkingar og at resultata som hovudregel skal offentleggjerast. Fornyings- og administrasjonsdepartementet vil i samarbeid med fleire departement og etatar setje i verk ei ny, større undersøking av tilfredsheit med offentlege tenester. Denne skal gje tenesteytarar og styresmakter betre føresetnader for å vidareutvikle kvaliteten på tenestene. Undersøkinga vil medverke til at viktig kunnskap om tenestekvalitet og brukartilfredsheit vert betre kjent og sikre at offentlege tenester vert utvikla i tråd med dei forventningane innbyggjarane har.

Forenkla offentleg innkrevjing

Hausten 2005 vart det sett ned eit offentleg utval med mandat til å vurdere heilskapen i offentleg innkrevjing av midlar, og fremje tiltak og utbetringar. Utvalet skal levere utgreiinga si til Fornyings- og administrasjonsdepartementet 01.11.2007. Departementet vil følgje opp saka i 2008.

Statens kulturhistoriske eigedomar

Prosjektet Statens kulturhistoriske eigedomar starta opp ved årsskiftet 2003/2004 med bakgrunn i eit gjennomført forprosjekt. Fornyings- og administrasjonsdepartementet leier prosjektet som har ei referansegruppe med deltaking frå Miljøverndepartementet, Kunnskapsdepartementet, Kultur- og kyrkjedepartementet, Forsvarsdepartementet, Riksantikvaren, Statsbygg og Statens senter for arkiv, bibliotek og museum. Prosjektet har eige sekretariat som yter stønad til departement og statlege verksemder som deltek i prosjektet.

Føremålet med prosjektet er å utføre ei systematisk vurdering av dei kulturhistoriske verdiane som staten sin eigedomsmasse representerer. Dette vert gjort ved at kvart departement lagar ein landsverneplan for sin sektor. Krav om dette er nedfelt i kongeleg resolusjon av 15.08.2006, Overordna føresegner om forvaltning av statlege kulturhistoriske eigedomar. Ein landsverneplan er ei samla oversikt over ei utvald gruppe kulturminne og kulturmiljø innanfor ein statleg sektor, vurdert i nasjonal samanheng med sikte på at dei skal vernast. I den nemnde resolusjonen vert det òg stilt krav om at det vert laga forvaltningsplanar for eigedomane som vert del av ein landsverneplan.

Det er stor oppslutning om prosjektet. Samla sett er om lag 10 millionar kvadratmeter bygningsmasse eigd av staten, statlege selskap og føretak til vurdering i samband med prosjektet Statens kulturhistoriske eigedomar. Dette er til dømes fire gonger meir enn den bygningsmassen Statsbygg forvaltar.

Prosjektet Statens kulturhistoriske eigedomar (www.statenskulturhistoriskeeiendommer.no) skal mellom anna assistere og koordinere arbeidet med landsverneplanar i dei ulike sektorane, formidle og gje råd om Regjeringa sin strategi for forvaltning av dei kulturhistoriske eigedomane som staten eig og arbeidet med forvaltningsplanar. Dessutan skal prosjektet sikre informasjon og røynsleoverføring mellom deltakarane i prosjektet, og stå for drift og vedlikehald av det nettbaserte eigedomsregisteret med data frå alle deltakarane i prosjektet. Registeret inneheld bilete og informasjon om alle eigedomane i dei ulike sektorane, og utgjer den mest omfattande kartlegginga som nokon gong er gjort av statlege kulturhistoriske eigedomar. Registeret er utforma slik at sider herifrå kan nyttast direkte som sider i ein landsverneplan. Dette vil effektivisere arbeidet vesentleg.

Budsjett

Post 01 Driftsutgifter

Løyvingsforslaget dekkjer mellom anna departementet sine løns- og driftsutgifter. Posten dekkjer òg kjøp av brukarbaserte tenester frå Servicesenteret for departementa.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvingsforslaget skal mellom anna dekkje utgifter til fornyingsarbeidet i departementet, sikring av regjeringsbygningane og områda rundt, gjennomføring av større analysar og forsøk med redusert arbeidstid. I tillegg vert det løyvd midlar til utvikling av e-læringsprogram for nytilsette i staten. Løyvinga til dette skal stillast til disposisjon for Direktoratet for forvaltning og IKT.

Post 22 Forsking

Forsking er viktig for å ha eit kunnskapsgrunnlag for gode politiske avgjerder.

Departementet vil i 2008 førebu og leggje fram forslag til eit særskilt program for forsking retta meir generelt mot fornyingsarbeidet i offentleg sektor. Som pådrivar for fornying i offentleg sektor ynskjer Fornyings- og administrasjonsdepartementet ei langsiktig utvikling av kunnskap om bruk av verkemiddel og effektar.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet vil i dette arbeidet fokusere på dei delane av staten der det er størst trong for kunnskap om fornying, og leggje særleg vekt på dei områda som kan kome fleire sektorar til gode.

Departementet vil etablere nær kontakt med andre departement og forskingsmiljø, mellom andre Noregs Forskingsråd, i samband med utarbeidinga av programmet.

Det skal leggjast stor vekt på formidlingssida i programmet og at resultata skal ha praktisk nytte.

Kap. 1503 Midlar til opplæring og utvikling av tillitsvalde

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

70

Tilskot

85 051

86 127

91 219

71

Bidrag frå arbeidstakarane

24 129

24 129

24 129

Sum kap. 1503

109 180

110 256

115 348

Allmenn omtale

Staten og organisasjonane har i HTA 2006–2008 avtale om at staten skal løyve tilskot til tenestemannsorganisasjonane sine opplærings- og utviklingstiltak. Avtalen vart oppretta etter mønster av tilsvarande avtale mellom LO og NHO, og vidareført i seinare oppgjer. Ordningar er òg etablerte i andre tariffområde i privat sektor og i kommunesektoren.

Etter avtalen skal midlane nyttast som støtte til organisasjonane si opplæring av tillitsvalde i staten, mellom anna i organisasjons- og tillitsvaldarbeid, miljø- og vernearbeid, sjukefråvær, medbestemming, personalpolitiske spørsmål, omstilling, effektivisering og samfunnsøkonomi m.m.

Etter gjeldande tariffavtale er prosentsatsen for tilskot fastsett til totalt 0,24 pst. av årleg utbetalt løn etter hovudregulativet (A-tabell). Summen vert rekna ut når løns- og sysselsettingsstatistikken per 01.10.2007 ligg føre våren 2008, og skal fremjast i eigen proposisjon.

Arbeidstakarane medverkar til finansieringa på 200 kroner per år av bruttoløn etter A-tabellen. Arbeidstakarane sine bidrag kjem fram under post 71, og vert budsjettert i eigen proposisjon. Staten er pliktig til å følgje opp avtalen med tilsvarande opplærings- og informasjonstiltak på arbeidsgjevarsida. Desse utgiftene må dekkjast av budsjetta til kvar av verksemdene.

Kap. 1506 Noreg.no

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

01

Driftsutgifter

29 563

22 344

21

Miside , kan overførast

6 003

13 000

Sum kap. 1506

35 566

35 344

Noreg.no vil frå 1.1.2008 inngå i det nye Direktoratet for forvaltning og IKT. Generell omtale av Noreg.no og Miside står difor under kap. 1521 Direktoratet for forvaltning og IKT.

Rapport

Noreg.no er ein offentleg informasjonsportal og vegvisar med ei viktig oppgåve som folkeopplysar. Dette ansvaret er enno meir sentralt og fokusert etter at Miside vart lansert.

Nettstaden noreg.no

Noreg.no måler bruken av nettportalane norge.no, noreg.no og norway.no mellom anna gjennom talet på sidevisingar. I 2006 registrerte Noreg.no 20,2 mill. sidevisingar. I tillegg vert det registrert kor mange som tek kontakt med Noreg.no på telefon, nettprat, SMS og epost med spørsmål knytte til det offentlege.

I gjennomsnitt hadde noreg.no 73 113 sidetilvisingar dagleg i 2006. Dei mest populære tema i portalen var arbeid, skatt, arbeidssøking, skule og utdanning, i tillegg til bustad og eigedom. Nær 30 000 personar kontakta Noreg.no i 2006 med spørsmål om informasjon og tenester på noreg.no og i det offentlege generelt.

Miside

Miside vart lansert 18. 12. 2006 som ein del av nettstaden Noreg.no. Innbyggjarane kunne ta i bruk Miside etter kvart som dei fekk tilsendt skattekortet med PIN-kodane. Til no har omlag 230 000 personar registrert seg som brukarar av Miside. Etter lanseringa har det kome flest nye tenester innanfor kommunal sektor. Målet er at innbyggjarportalen Miside står fram som innbyggjarane sitt naturlege val for elektronisk dialog med offentleg sektor.

Felles innlogging for offentlege tenester (Minid)

Noreg.no fekk i 2006 òg oppgåva med å etablere og drive den mellombelse innloggingsløysinga til Miside. Fleire andre brukarstader, til dømes Altinn, og mange kommunar har teke innloggingsløysinga i bruk på eigne nettportalar. Per juni 2007 har Minid 300 000 brukarar, 80 000 av desse er brukarar av andre tenester enn Miside, i hovudsak Altinn.

Kvalitet på offentlege nettstader

Noreg.no har eit pådrivaransvar for å oppnå auka kvalitet på offentlege nettstader. I dette ligg oppfølging av offentlege nettstader sin bruk av WAI-standarden og arbeidet knytt til kvalitetsmerking av offentlege nettstader. I 2006 gjennomførte Noreg.no den femte kvalitetsvurderinga der kvaliteten på 691 offentlege nettsider vart testa. Vurderingane vart gjorde etter kor tilgjengeleg, brukartilpassa og nyttig innhaldet var. Resultatet viste at det er ei forbetring i høve til 2005. I statleg sektor er det størst betring på området brukartilpassing, medan dei fylkeskommunale og kommunale nettstadene viste størst betring på området tilkomst.

Offentleg tenestestruktur

Noreg.no overtok ansvaret for det tidlegare LivsIT-prosjektet 01. 01. 2005. Forslag frå to arbeidsgrupper sett ned i 2005 vart brukt som utgangspunkt for gjenoppbygginga av systemet. Det nye systemet har fått namnet Los og er eit klassifiseringssystem for informasjon om offentlege tenester. Målet med Los er mellom anna å gjere det enklare for innbyggjarane å finne fram i det offentlege.

Programkategori 01.10 Fylkesmannsembeta

Utgifter under programkategori 01.10 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

Pst. endr. 07/08

1510

Fylkesmannsembeta

1 300 266

1 089 484

1 113 506

2,2

Sum kategori 01.10

1 300 266

1 089 484

1 113 506

2,2

Inntekter under programkategori 01.10 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

Pst. endr. 07/08

4510

Fylkesmannsembeta

257 550

14 728

15 361

4,3

Sum kategori 01.10

257 550

14 728

15 361

4,3

Hovudmål for fylkesmannsembeta

Fylkesmannen er statens fremste representant i fylket. Fylkesmannen skal setje i verk statleg sektorpolitikk lokalt og regionalt – rettsleg korrekt, heilskapleg og samordna.

For å nå dette målet har Fylkesmannen myndigheit på fleire sentrale politikkområde som skal sjåast i samanheng. Fylkesmannen har ein særleg viktig funksjon i grenseflata mellom statleg sektorpolitikk og kommunalt sjølvstyre, og mellom kommunane og innbyggjarane.

Politikkområda omfattar oppgåver frå til saman 13 departement. Fagområda er nærare omtala i fagproposisjonane til dei respektive departementa. Kvart fagdepartementet er fagleg overordna embeta på det aktuelle fagområdet, medan Fornyings- og administrasjonsdepartementet er administrativt overordna fylkesmannsembeta. Det parlamentariske ansvaret for Fylkesmannens verksemd er dermed delt mellom statsrådane.

I arbeidet med å setje i verk politikken til Regjeringa, skal Fylkesmannen ta hand om fleire funksjonar:

  • vere bindeledd og samordnar mellom stat, kommune og innbyggjarar

  • utøve myndigheit, rettstryggleiks- og kontrollfunksjon

  • ta hand om fornyings- og utviklingsverksemd.

Regjeringa arbeider med ei forvaltningsreform som vil få innverknad for Fylkesmannens rolle og oppgåver frå 2010, jf. St.meld. nr. 12 (2006–2007) «Regionale fortrinn – regional framtid» og Innst.S. nr. 166 (2006–2007). Hovudmåla for Fylkesmannen ligg likevel fast for 2008.

Det er eit mål for Regjeringa at omstillinga som forvaltningsreforma krev, ikkje skal føre til utstøyting frå arbeidslivet eller auka sjukefråvær. For å sikre ein god prosess må embeta vere budd på å starte omstillingsarbeidet allereie i 2008.

Figur 2.1 Årsverk fordelte etter departementsområde.
 Kjelde: fylkesmannsembeta. Data er frå august 2006. I kategorien «andre
 departement» inngår Forsvarsdepartementet, Kultur-
 og kyrkjedepartementet, Samferdselsdepartementet og Utanriksdepartementet.

Figur 2.1 Årsverk fordelte etter departementsområde. Kjelde: fylkesmannsembeta. Data er frå august 2006. I kategorien «andre departement» inngår Forsvarsdepartementet, Kultur- og kyrkjedepartementet, Samferdselsdepartementet og Utanriksdepartementet.

Boks 2.1 Fylkesmannsembeta

  • utfører oppgåver for 13 departement og 9 direktorat/tilsyn

  • har 2213 tilsette som utfører 2068 årsverk (Kjelde: Statens Sentrale Tenestemannsregister 01. 03. 2007)

  • 9 av 18 fylkesmenn er kvinner, mens 36 % av anna leiing i fylkesmannsembeta er kvinner

  • har ei gjennomsnittleg sakshandsam­ingstid for klagesaker etter sosialtenestelova i 2006 på 1,8 månader, mot 1,6 månader i 2005 (og 2,1 månader i 2004)

  • har ei gjennomsnittleg sakshandsamingstid for klagesaker etter plan- og bygningslova på 3,0 månader i 2006, mot 2,6 månader i 2005 (og 3,6 månader i 2004).

Bindeledd og samordnar mellom stat, kommune og innbyggjar

Fylkesmannen skal formidle heilskapleg statleg politikk og forventingar til kommunane, på tvers av alle politikkområda. I den samanhengen er Fylkesmannen bindeledd og samordnar mellom staten og kommunane og skal òg vere meklar mellom ulike statlege sektorar, kommunar og fylkeskommunar.

Fylkesmannen skal medverke til samordning av kommuneretta verksemd i regionale statsetatar. Fylkesmannen skal arbeide for å vidareutvikle møteplassar der Fylkesmannen, fylkeskommunane, kommunane, KS – kommunesektorens Interesse- og arbeidsgjevarorganisasjon og andre regionale aktørar kan møtast og gjensidig utveksle erfaringar, tilbakemeldingar og formidle forventingar.

Fylkesmannen har ansvar for å hjelpe til med kunnskap om bruk av lover og gje rettleiing om generell sakshandsaming i kommunane slik at kvaliteten vert sikra. Fylkesmannen er ein sentral informasjonskanal frå kommunane og innbyggjarane attende til staten og departementa.

Fylkesmannen skal medverke til utveksling av røynsler med samhandling mellom kommunale helse- og sosialtenester og dei andre helsetenestene (spesialisttenester og tannhelsetenesta). Fylkesmannen skal medverke til at gode løysingar vert gjort kjende, og skape møteplassar som stimulerer til auka samarbeid på tvers av sektorar og fagområde.

Oppvekst og levekår for barn og unge har stor innverknad på deira fysiske, psykiske og sosiale utvikling. Gjennom ansvaret for samordning, skal Fylkesmannen gje råd til og motivere kommunane til samarbeid mellom tenester og ulike institusjonar som arbeider for og med barn og unge og deira familiar. Dette gjeld mellom anna helsestasjonar, barnehagar, skular, barnevern og ulike friviljuge organisasjonar.

Fylkesmannens oppgåver i samband med kommune- og fylkesplanlegginga er sentrale verkemiddel for formidling av statleg sektorpolitikk på viktige område. Samstundes skal Fylkesmannen fremje heilskapleg statleg politikk i planleggingsarbeidet og medverke med heilskapleg formidling av statleg arealpolitikk slik at dei nasjonale måla for lokal og regional omstilling og utvikling på kvart område er i samsvar med andre nasjonale mål. I høve til innbyggjarane og næringslivet skal Fylkesmannen som klageinstans sikre at kommunale planvedtak prosessuelt og innhaldsmessig er i samsvar med plan- og bygningslovgjevinga og nasjonale interesser.

Fylkesmannen har ei viktig rolle ved kriser og katastrofar i fred som samordnar av samfunnstryggleiksarbeidet i fylket. Fylkesmannen rettleiar kommunane, og arbeidar nært med Forsvaret og andre statsetatar i dette.

Utøving av myndigheit, rettstryggleiks- og kontrollfunksjon

Fylkesmannen er forvaltnings- og tilsynsstyresmakt etter fleire lover. Fylkesmannen skal føre tilsyn med at kommunane og andre offentlege og private verksemder etterlever nasjonalt regelverk. Fylkesmannen er vidare ein viktig rettstryggleiksinstans for innbyggjarane i klagesaker der kommunane fattar rettsleg bindande vedtak. Innbyggjarane skal oppleve Fylkesmannen som ein uhilda instans, som vektlegg rettstryggleik som grunnlag for vedtaka sine. Ved handsaminga av søknader om fri saksførsel og fritt rettsråd sikrar Fylkesmannen innbyggjarar med mindre god økonomi naudsynt juridisk bistand i saker som har mykje å seie for dei personleg eller for velferda deira.

Fylkesmannsembeta har auka sakshandsamingstida for klagesaker etter sosialtenestelova og plan- og bygningslova, jf. boks 2.1. Talet på klagesaker har òg auka. Rask handsaming av klagesaker er viktig for rettstryggleiken. Fylkesmennene skal difor i 2008 halde fram med arbeidet for ei gjennomsnittleg sakshandsamingstid på under tre månader på desse områda.

Fylkesmannen har ei omfattande og viktig oppgåve med å føre tilsyn på ulike samfunnsområde som er viktige for velferd, helse og tryggleiken til innbyggjarane og for miljøtilhøva i fylket.

For å utøve tilsyn og kontroll med at verksemdene følgjer lover og reglar, nyttar Fylkesmannen seg av ulike metodar i høve til ulike tilsynsobjekt og tenesteområde. Det er eit mål at Fylkesmannen skal utvikle ei størst mogleg samordna tilsynsverksemd og -metodikk. Fylkesmannen har ei lovfesta rolle som samordnar av statleg tilsyn retta mot kommunane, jf. kommunelova kap. 10A. Praktiske omstende rundt tilsyn og tilsyna sin bruk av reaksjonar skal samordnast, mellom anna for å leggje til rette for vurdering og diskusjon om dei pålegga som tilsyna gjev. Det er eit mål å unngå at tilsyn på ein sektor gjev utilsikta konsekvensar på andre sektorar.

Rapport frå Statens landbruksforvaltning av april 2007 om kontroll av tilskot i landbruket, viser at det er trong for å styrkje Fylkesmannens funksjon som kontrollmyndigheit på området. Kontrollen skal betrast gjennom ei vidareutvikling og tilpassing av oppgåver, regelverk og rutinar.

Fornyings- og utviklingsverksemd

Fylkesmennene skal stimulere til lokalt omstillings- og fornyingsarbeid og medverke til å skape ein kultur for omstilling i kommunane. Fylkesmennene sitt arbeid med omstilling og fornying må òg sjåast i samband med arbeidet knytt til rettleiing, samordning, skjønstildeling og likestilling.

For å nå Regjeringa sine distriktspolitiske mål skal Fylkesmannen gjennom regionale tilpassingar leggje til rette for utvikling av ny næringsaktivitet, auka verdiskaping, miljøtiltak og attraktive bustader parallelt med å oppretthalde eit levande landbruk med ein variert bruksstruktur over heile landet. I den samanhengen er det viktig at innsatsen innan næringsutvikling, innovasjon og forsking vert sett under eitt. Gjennom Regjeringa si satsing på kommunane som samfunns- og næringsutviklarar skal Fylkesmannen framleis medverke til ei vidareutvikling og styrking av landbruket si rolle i dette arbeidet.

Arbeidet med styrking av lokalt miljøvern skal vidareførast. Regjeringa ser dette i samanheng med fornyingsarbeidet i kommunal sektor med sterkare fokus på kommunane si rolle som samfunnsutviklarar. Fylkesmannen skal medverke i gjennomføringa med fagleg støtte og deltaking i nettverkssamarbeid, rettleiing og kompetanseutvikling. Arbeidet skal samordnast med det kommuneretta arbeidet på landbruksområdet.

Handlingsplan for auka tilkomst gjennom universell utforming gjeld for perioden 2005–2009. Fylkesmannen skal integrere universell utforming som strategi i verksemda si og særleg leggje vekt på å rettleie kommunane om universell utforming på alle relevante politikkområde.

Som eit ledd i arbeidet med å sikre god rettstryggleik, rask sakshandsaming og effektiv bruk av ressursar i fylkesmannsembeta, vil det i 2008 verte innført eit elektronisk system for handsaming av søknader om fri rettshjelp. Saksystemet for fri rettshjelp vil, gjennom elektronisk tilgang til ein rekke offentlege organ, kunne stadfeste og kontrollere elektronisk at det er riktige partar, rett dokument og riktige opplysningar i saka. Bruk av saksystemet vil medverke til ei meir effektiv og raskare handsaming av søknader både for advokatar/klientar og for Fylkesmannen.

For å betre grunnlaget for avgjerder internt i forvaltninga, styrkje rettstryggleiken og utvikle kontakten med brukarane, skal embeta bruke stadfesta informasjon (kart) og geografiske informasjonssystem i arbeidet. Det er ein føresetnad at Fylkesmannen og fylkeskartkontora samarbeider, slik at kommunar og andre brukarar opplever ein heilskapleg regional kartpolitikk.

Dei neste tiåra vil Noreg oppleve demografiske endringar med ein gradvis aldrande folkesetnad. Gruppa eldre av ikkje-vestlege innvandrarar vil òg auke i åra som kjem. Fylkesmannen skal førebu kommunane på dei auka oppgåvene dette kan føre til på helse- og sosialtenesta sitt område og sørgje for at dette vert sett på dagsordenen i kommunal planlegging. Fylkesmannen skal gje råd og stimulere til auka brukarstyring og aktiv deltaking frå dei eldre. Den kommunale omsorgstenesta dekkjer etter kvart heile livsløpet, og har dei siste åra fått mange nye brukargrupper med langvarige og samansette problem og lidingar, som krev anna fagleg kompetanse enn heimetenestene tradisjonelt har rådd over. Fylkesmannen skal hjelpe kommunane i det utviklings- og omstillingsarbeidet desse nye utfordringane krev, spesielt i høve til kompetanse og fagleg breidde.

Regjeringa legg vekt på å betre barneverntenesta si evne til å setje inn eigna hjelpe- og omsorgstiltak for barn som vert utsette for omsorgssvikt og mishandling. Fylkesmannen skal gjennom sin kontakt med kommunane stimulere til nytenking, organisasjons- og tiltaksutvikling og kompetanseutvikling i barneverntenesta. Fylkesmannen skal òg bidra til at kontakt og samarbeid mellom det statlege barnevernet og kommunane vert til beste for barn og unge.

Oppgåver på dei einskilde politikkområda

Velferd, helse og personleg tenesteyting

Fylkesmannen skal føre tilsyn med at innbyggjarane får den behandlinga av kommunane som dei i følgje lov og andre føresegner har krav på innan barnevern, rusomsorg, helse- og sosialtenester, utdanning og verjemål. Fylkesmannen skal føre tilsyn med at både kommunale og andre verksemder, mellom andre helseføretaka, rettar seg etter dei plikter som følgjer av lovene. Dette er ikkje minst viktig når det gjeld likeverdige tenester i høve til personar med minoritetsbakgrunn.

Helsetilsynet i fylket skal i 2008 og 2009 gjennomføre eit toårig landsomfattande tilsyn med spesialisthelsetenester til vaksne med psykiske lidingar. Fylkesmannen skal medverke til at opptrappingsplanen for psykisk helse vert gjennomført i tråd med måla. I 2008 er det viktig å leggje til rette for at kommunane kan setje i verk tiltak og arbeidsmåtar som kan verke etter at planperioden er over.

Fylkesmannen skal vere med i utviklinga av kompetanse og kvalitet i sosialtenesta og leggje til rette for utvikling av bustadsosialt arbeid, rettleiing i personleg økonomi og andre oppgåver i kommunane knytt til innsatsen mot fattigdom. Fylkesmannen deltek i NAV-reforma i samarbeid med Arbeids- og velferdsetaten og representantar frå kommunane i fylket. Fylkesmannen si rolle er særleg knytt til kompetanseutvikling i sosialtenesta, deltaking i den regionale samordninga av reforma, og dessutan å gje råd til kommunane i arbeidet med å etablere ei felles statleg og kommunal arbeids- og velferdsforvaltning (NAV-kontor). Fylkesmannen skal mekle i tvistar som hindrar Arbeids- og velferdsetaten og kommunane i å inngå avtale om felles, lokale NAV-kontor, jf. forskrift til arbeids- og velferdsforvaltningslova av 12. mars 2007. Fylkesmannen og Helsetilsynet i fylka skal følgje omorganiseringa når det gjeld integrering av andre sosialtenester med tanke på å identifisere område med fare for svikt.

Fylkesmannen skal, i samarbeid med Sosial- og helsedirektoratet og dei regionale kompetansesentra for rusmiddelspørsmål, hjelpe kommunane å betre kvaliteten på rusarbeidet. Fylkesmannen skal følgje praktiseringa av sals- og skjenkeløyve etter alkohollova i kommunane og hjelpe til med oppgåver i dei kommunale tenestene knytte til Opptrappingsplanen for rusfeltet.

Stortinget har vedteke eit nytt kapittel 4A om helsehjelp utan samtykke i lova om pasientrettar, jf. Ot.prp. nr. 64 (2005–2006) og Innst.O. nr. 11 (2006–2007). Embeta vil verte styrkja over Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjett for å kunne drive med kompetanseoppbyggjande tiltak i høve til kommunane i 2008.

Fylkesmannen skal formidle nasjonale satsingar i folkehelsepolitikken og medverke til samordning av ulike politikkområde som har innverknad på folkehelsa, syte for helsefagleg kunnskap, rådgjeving og rettleiing i folkehelsespørsmål regionalt og lokalt, og delta aktivt i den regionale partnarskapen for folkehelse. Ei av desse nasjonale satsingane er Handlingsplan for betre kosthald i befolkninga (2007–2011) som er ei tverrdepartemental satsing som inneber tiltak innanfor fleire sektorar. Fylkesmannen skal medverke til at tiltaka i planen vert gjennomførde.

I tråd med St.meld. nr. 25 (2005–2006) «Mestring, muligheter og mening» skal Fylkesmannen syte for at dei komande omsorgsutfordringane vert sett på dagsorden i kommunane og initiere og følgje opp det langsiktige planarbeidet i kommunane for å møte desse utfordringane. Fylkesmannen skal gje kommunane bistand i arbeidet med å fornye sjukeheimane og utvikle og styrke heimetenestene og medverke til at kommunane møter dei nye brukarane av omsorgstenestene med større tverrfagleg breidde og meir aktiv omsorg. Vidare skal Fylkesmannen i samarbeid med mellom andre KS og Husbanken sikre at alle tiltaka og delplanane i Omsorgsplan 2015 vert følgde opp som ein heilskapleg plan i tråd med St.meld. nr. 25 (2005– 2006) om omsorgsutfordringane i framtida. I tillegg til kompetanselyftet vert det i 2008, som ein del av Omsorgsplan 2015, sett særskilt fokus på omsorgskjeden for menneske med demens. Samstundes vil Husbanken i samarbeid med Fylkesmannen få ansvaret for den nye investeringsordninga til bygging og fornying av sjukeheimsplassar og omsorgsbustader for dei som treng omsorg og bistand heile døgnet. Fylkesmannen vert styrka med særskilte midlar over Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjett til denne oppgåva.

Oppvekst, barnehagar, utdanning og likestilling

Fylkesmannen skal følgje opp alle kommunane i arbeidet med å dimensjonere for full barnehagedekning. Fylkesmannen skal ha særleg fokus på dei kommunane som ikkje har nådd målet om full barnehagedekning, men òg gjere sitt til at dei kommunane som har nådd full barnehagedekning held denne oppe. Fylkesmannen skal medverke i oppfølginga av barnehagelova, rammeplanen for barnehagar og kompetansestrategien for barnehagesektoren. Fylkesmannen skal forvalte dei statlege midlane til lokale kompetansetiltak. Tilsyn med kommunen som barnehagestyresmakt skal vere ei prioritert oppgåve for Fylkesmannen. Føremålet med tilsynet er å sikre at krava i barnehagelova vert oppfylte og å medverke til å sikre kvaliteten på barnehagetilbodet.

På utdanningsområdet skal tilsyn vere hovudoppgåva for Fylkesmannen i 2008. Rapporteringa frå tilsynet med grunnopplæringa i 2006 og 2007 viser at det er trong for å styrke tilsynet i 2008. Tilsynet skal medverke til at grunnopplæringa vert gjennomført i samsvar med opplæringslova og privatskulelova med tilhøyrande forskrifter. Fylkesmannen skal rette særleg merksemd mot skular og skuleeigarar der det er grunn til å tru at rettane til elevane ikkje er oppfylte. Fylkesmannen skal gjennomføre nasjonalt tilsyn med felles metodikk (systemrevisjon) på utvalde område innanfor utdanningssektoren. Fylkesmannen skal òg følgje opp reforma Kunnskapsløftet, særleg på områda nasjonale prøver og kompetanseutvikling for dei tilsette i grunnopplæringa.

Innan området familierett har Fylkesmannen sakshandsamings- og informasjonsoppgåver etter ekteskapslova og barnelova. Fylkesmannen sine oppgåver på meklingsområdet vert frå 1. januar 2008 overførde til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Fylkesmannen skal framleis føre tilsyn med familievernkontora.

Tilsyn er hovudoppgåva til Fylkesmannen på barnevernområdet. Fylkesmannen skal oppfylle krava i lovverket om individretta og systemretta tilsyn i offentlege og private barneverninstitusjonar. Det er viktig at rettstryggleiken for barn og unge vert sikra i samsvar med regelverket og at embeta prioriterer samtalar med kontroll og oppfølging av barn og unge. Fylkesmannen skal i 2008 gjennomføre landsomfattande tilsyn med kommunale tenester til barn og unge. Tema er korleis helsetenesta, sosialtenesta og barneverntenesta i kommunane samordnar tenester og tiltak i høve til barn og unge som treng hjelp frå alle dei tre tenestene. I 2008 vil revisjonsleiaropplæring og arbeid i tilsynsforum òg vere sentrale oppgåver.

Fylkesmannen skal som ein del av sitt samarbeid med kommunane, rettleie og følgje opp kommunane i arbeidet deira med å betre rutinane og prosedyrane etter kravet om internkontroll med eige verksemd. Fylkesmennene skal òg halde naudsynt oversikt over og føre tilsyn med utviklinga i barneverntenesta i kommunane, og syte for at feil og manglar vert retta opp.

Fylkesmannen skal arbeide aktivt og målretta for å fremje likestilling gjennom å påverke og rettleie kommunane på alle politikkområda.

Arealdisponering og byggjesaker

Fylkesmannen har ansvar for at nasjonal politikk vert formidla og teke vare på i handsaminga av kommunale og regionale planar. I samsvar med St.meld. nr. 26 (2006–2007) «Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand» skal Fylkesmannen medverke til å utvikle eit samfunn som tek vare på viktige felles verdiar og grunnleggjande levevilkår for ulike grupper innan rammene av ei berekraftig utvikling. Det er eit mål for Regjeringa at Fylkesmannen medverkar til å forsterke måloppnåing og til å synleggjere kommunane sitt handlingsrom på plan- og miljøområdet gjennom kompetanseoppbygging i høve til prioriterte kommunar.

Fylkesmannen skal samordne statlege forventingar og interesser i høve til kommunar og fylkeskommunar og er ansvarleg for at regional stat medverkar i regionale planprosessar og i gjennomføring av godkjende planar. Fylkesmannen og regionale statsetatar skal delta i ulike partnarskap for å stimulere den regionale utviklinga.

Fylkesmannen skal leggje til rette for verdiskaping, næringsutvikling, gode bustadar og bumiljø, og gode oppvekst- og levekår i alle delar av landet. Fylkesmannen skal leggje til grunn universell utforming som strategi for inkludering og likeverd på alle relevante område. Arbeidet skal samstundes fremje folkehelse og samfunnstryggleik og sikre vern av verdfulle natur- og kulturmiljø, jordbruksareal, landskap og viktige kvalitetar i omgivnadene.

Det er Regjeringa sitt mål å halvere den årlege omdisponeringa av viktige jordressursar innan 2010 i høve til den gjennomsnittlege omdisponeringa dei siste 10 åra. Fylkesmannen skal medverke til at ivaretaking av viktige landbruksområde vert sett på den politiske dagsorden i kommunane. Regjeringa legg opp til ei meir restriktiv line når det gjeld omdisponering av dyrka og dyrkbar mark. Det er difor viktig at Fylkesmannen følgjer med på kommunane si praktisering av reglane i jord- og konsesjonslovgjevinga, mellom anna i saker om deling, omdisponering og buplikt, og at prisane på landbrukseigedomar vert haldne på eit nivå som tilgodeser ei samfunnsmessig forsvarleg prisutvikling.

Det skal arbeidast for at måla i Regjeringa si satsing på kulturlandskapet vert nådd. Fylkesmannen skal støtte og gje råd til kommunane i arbeidet med å registrere og prioritere viktige område for jordbruk og kulturlandskap. Målet er å hindre attgroing ved både auka og meir målretta beiting, samt skjøtseltiltak tilpassa dei ulike miljøverdiane. Regjeringa har starta arbeidet med å dokumentere og peike ut særleg verdfulle kulturlandskap, og rapporten «Utvalgte kulturlandskap i jordbruket» er ferdigstilt. Arbeidet skal halde fram i 2008. Fylkesmannen vil saman med fylkeskommunen mellom anna få ansvaret for å finne fram til ein til tre aktuelle kulturlandskapsområde i kvart fylke som grunnlag for vidare planlegging og verkemiddelbruk. Fylkesmannen skal vidare ha ei rolle i oppfølginga av verdsarvområda i dei fylka der dette er aktuelt.

Fylkesmannen skal i 2008 ha særleg merksemd på at kommunane tek omsyn til tryggleik og beredskap i planlegginga, og særleg legg vekt på tiltak som reduserer konsekvensar av ekstremhendingar som storm, ras, skred og flom. Kommunane skal oppfordrast til å sjå heilskapleg på ny og gamal reguleringsplanlegging.

Regjeringa vidarefører ein differensiert strandsonepolitikk med eit strengare vern i område der det er sterk konkurranse om areala. Kommunane skal oppfordrast til å sjå på regulerte område på nytt. Fylkesmannen skal ha særleg merksemd på at kommunane skal halde fram med ein streng praksis ved handsaming av plansaker i strandsona og i fjellområda. Vidare skal Fylkesmannen sjå til at kommunane sikrar miljøverdiar og friluftsliv i vassdragsnaturen, gjennom innføring av byggjeforbod nærare innsjøar og vassdrag enn 50–100 meter.

Fylkesmannen skal medverke i arbeidet med å sikre grønstruktur og friområde i byar og tettstader, mellom anna gjennom rettleiing og strengare handheving av Rikspolitiske retningsliner for barn og unge. Ved handsaming av plansaker, skal Fylkesmannen sjå til at kommunane tek omsyn til truga artar. Fylkesmannen skal medverke i arbeidet med å sikre villreinen sitt leveområde gjennom regionale planprosessar, og at kommunar med reindrift sikrar reindrifta sitt areal gjennom planlegging, og at arbeidet byggjer på oppdaterte kommuneplanar.

Fylkesmannen skal leggje til rette for ein differensiert arealpolitikk for å oppretthalde og auke busetjinga i distrikta. Dei nasjonale måla for bygningspolitikken skal takast vare på og formidlast. Dette inneber at Fylkesmannen skal arbeide for god kvalitet i det bygde miljø og for ein god og effektiv byggeprosess både når det gjeld eiga handsaming av klager og når det gjeld sakshandsaminga i kommunane.

Landbruksbasert næringsutvikling, naturressursforvaltning og miljøvern

Regjeringa har som mål å stanse tapet av biologisk mangfald innan 2010. Fylkesmannen skal gjennom sitt arbeid medverke til å nå målet ved å sikre verdiar som er viktige for å ta vare på naturressursar og livsmiljø.

Fylkesmannen skal følgje opp nasjonal strategi for landbruksbasert næringsutvikling «Ta landet i bruk», og gjennom strategiarbeidet målrette næringsutviklingsarbeidet og miljøarbeidet i fylket. Det er vidare viktig å sjå den nasjonale strategien for landbruksbasert næringsutvikling i samanheng med den nye strategien for forsking og forskingsbasert innovasjon i landbruks- og matsektoren. På grunnlag av ei eiga evaluering skal Fylkesmannen i 2008 syte for ei rullering av dei regionale miljøprogramma i landbruket. Fylkesmannen skal vidare arbeide med tiltak for å redusere forureininga frå landbruket.

Regjeringa har sett som mål at 15 % av matproduksjonen og matforbruket skal vere økologisk innan 2015. Fylkesmannen skal medverke i Regjeringa si satsing på dette området mellom anna gjennom å følgje opp tiltak i dei fylkesvise handlingsplanane på økologisk landbruk.

Fylkesmannen skal i 2008 delta i arbeidet med å vidareutvikle «Inn på tunet» som eit tenestetilbod, og følgje opp tiltaka knytte til den nye nasjonale handlingsplanen for Inn på tunet. Fylkesmannen skal vidare støtte opp om arbeidet med utviklinga av Grønt reiseliv i Noreg. Fylkesmannen skal òg medverke i Regjeringa sitt arbeid med berekraftig forvaltning og auka utnytting av skogressursane med sikte på auka bruk av tre og bioenergi mellom anna gjennom deltaking i bioenergiprogrammet og det trebaserte innovasjonsprogrammet i regi av Innovasjon Norge.

I Ot.prp. nr. 68 (2006–2007) er det gjort framlegg om å etablere eit kommunalt ansvar for å syte for tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell. Med atterhald om at Stortinget vedtek lovendringa, vil det nye kommunale ansvaret kome til å gjelde frå 1. januar 2008. Fylkesmannen vil verte styrka over Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett for å handsame søknader frå kommunane om midlar til dei særskilde tiltaka.

Fylkesmannen skal medverke til auka samordning av landbrukspolitiske og miljøpolitiske verkemiddel i område der det kan oppstå konflikt mellom beiteinteresser og vern av rovvilt.

Fylkesmannen skal vidare sikre ei god oppfølging og eit godt samarbeid med rovviltnemndene i regionen. I område der det vert utøvd reindrift skal Fylkesmannen sjå til at reindrifta sine interesser vert vurderte og ivaretekne.

Fylkesmannen skal oppretthalde tempoet i verneplanarbeidet, med mellom anna gjennomføring av marin verneplan, nasjonalparkplanen og skogvern, med tilhøyrande forvaltningsoppfølging. Vidare skal Fylkesmannen arbeide med lakseforvaltning og medverke i implementeringa av ordninga med nasjonale laksevassdrag og laksefjordar. Fylkesmannen skal betre kunnskapen om dei truga artane i sitt fylke og medverke til utarbeiding og gjennomføring av handlingsplanar for truga artar.

Fylkesmannen skal delta i landsomfattande aksjonar, og følgje opp industriverksemder og avfallsanlegg innan sitt myndigheitsområde som eit ledd i styrkinga av tilsynet med prioriterte helse- og miljøfarlege kjemikaliar og farleg avfall. Fylkesmannen vert styrkt med særskilde midlar over Miljøverndepartementet sitt budsjett for å vidareføre karakteriseringa av vassførekomstane og arbeidet med tiltaksprogram og forvaltningsplan for vassregionen, og skal dessutan leie vassregionutval. Arbeidet med grunnforureining og nedlagde avfallsdeponi skal vidareførast, og Fylkesmannen skal følgje opp og setje i verk tiltaksplanar for forureina sediment.

Samfunnstryggleik og beredskap

Fylkesmannen skal ha oversikt over det breie og samansette risiko- og trusselbiletet for regionen. Denne oversikta må vere grunnlaget for vidare beredskapsarbeid for Fylkesmannen, andre statlege etatar og kommunane.

Fylkesmannen skal arbeide med samfunnstryggleik og førebygging av ulukker, kriser og katastrofar, og sikre ei god handtering om hendingar skulle skje. Hendingar skal handterast raskt og effektivt ved bruk av dei regionale ressursane.

Kommunane skal følgjast opp og rettleiast av Fylkesmannen i arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap. Fylkesmannen må leggje til rette for at planar vert oppdaterte og samordna innan og mellom kommunane.

Gjennom Fylkesmannen si planlegging for å sikre at samfunnet er best mogleg budd på å handtere kriser og ulukker, skal risiko- og sårbarheitsanalysar gjennomførast, beredskapsplanar vidareutviklast, og øvingar og opplæring setjast i verk. Riktig dimensjonerte og øva rednings- og beredskapsorganisasjonar er viktige føresetnader for god handtering av ulukker og kriser.

Fylkesmannen skal støtte Miljøverndepartementet, Justis- og politidepartementet og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap i deira arbeid for klimatilpassing, mellom anna ved å medverke til at det vert teke omsyn til den auka faren for naturutløyste hendingar i planlegging og arealforvaltning.

Rapport 2006

Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Fylkesmennene har i 2006:

  • gitt rettleiing og informasjon til sosialtenesta i kommunane

  • teke del i arbeidet med oppfølging av Tiltaksplan mot fattigdom

  • teke del i arbeidet med nedbygging av hinder for personar med nedsett funksjonsevne m.a. gjennom å sjå til at universell utforming brukast som strategisk verkemiddel for betre tilgjenge til helse- og omsorgstenester

  • teke del i arbeidet med samordning av Aetat, trygdeetaten og kommunesektoren (NAV-reformen) på fylkesnivå gjennom informasjon og aktiv deltaking

  • informert om dei økonomiske og juridiske rammevilkåra for opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar og introduksjonsordninga

  • handsama om lag 50 klager (mot 15 klager i 2005) på kommunale vedtak etter lov om norskopplæring og introduksjonsordning for nykomne innvandrarar (introduksjonsloven)

  • gjennomført statsborgarseremoni i Oslo og Akershus, Hedmark, Vest-Agder, Hordaland og Troms. Oppslutninga om ordninga var i 2006 på om lag 20 pst.

Barne- og likestillingsdepartementet

Fylkesmennene har i 2006:

  • ført tilsyn med barnevernsinstitusjonane og barnevernstenesta i kommunane. Kvaliteten i tilsynsarbeidet har betra seg mellom anna som følgje av auka kompetanse i systemrevisjon. I det individretta tilsynet i institusjonane er måloppnåinga no nær 100 pst. Fylkesmennene har òg følgt godt opp systemrevisjonar i institusjonane, og dei kvantitative måla er med få unnatak nådd i fylka

  • gjort ein god innsats i det landsomfattande tilsynet i 2006 som handla om tilsyn med sentrale delar av føreskrifta om barn og unge sine rettar i institusjonane «Vern om den personlege fridomen». Tilsynet viser m.a. at barnevernsinstitusjonane foretar ein del restriksjonar i bebuaranes mogelegheit til å ha kontakt med andre, utan at det vert gjort tilstrekkelige vurderingar av den einskildes individuelle situasjon og/eller at det ikkje vert fatta naudsynte vedtak for å vareta rettstryggleiken rundt avgjerdene. Det er ikkje avdekka store forskjellar mellom statlege og private institusjonar

  • medverka i vesentlig grad til gjennomføring av dei regionale konferansane med kommunane om nye rutinehandbøker og rettleiarar til bruk i dei kommunale barnevernstenestene. Innføring av internkontroll i kommunane var eit sentralt tema på konferansane

  • i trå med behovet for nytenking og organisasjonsutvikling har embeta i 2006 gjeve naudsynt rettleiing til kommunar mellom anna om forsøk om interkommunalt samarbeide i barnevernstenesta og etablering av internkontroll

  • arbeidd med likestillingslovas aktivitetsplikt med sikte på å styrke embetas kunnskap og rettleiingsrolle i høve til kommunane.

Helse- og omsorgsdepartementet

Fylkesmennene har i 2006:

  • gjennomført 168 tilsyn som systemrevisjonar med sosiale tenester. Av desse gjaldt 59 landsomfattande tilsyn med rettstryggleiken ved bruk av tvang og makt overfor einskilde personar med psykisk utviklingshemming og 40 gjaldt landsomfattande tilsyn med habiliteringstenester til barn. Tilsyna ble gjennomførte i 155 kommunar og bydelar. Verksemd og tema for dei siste 69 tilsyna er valt ut frå informasjon som Fylkesmannen har om risiko og sårbarheit i fylket. Tema var mellom anna tenestetilbod til rusmiddelmisbrukarar og sakshandsaming av heimebaserte tenester. I 28 av systemrevisjonane vart det ikkje funne brot på lov eller forskrift

  • gjennomført 244 stadlege tilsyn knytt til vedtak etter sosialtenesteloven kap. 4A om rettstryggleik ved bruk av tvang og makt overfor enkelte personar med psykisk utviklingshemming. I tillegg blei det gjennomført 18 tilsyn med rusinstitusjonar

  • behandla til saman 5 351 klagesaker etter sosialtenestelova. Over 85 %. av sakene blei gjort ferdige innan tre månader. Talet på klagesaker etter sosialtenestelova er fallande i forhold til tidlegare år

  • medverka til ei styrking av folkehelsearbeidet i fylke og kommunar gjennom fagleg rådgjeving og rettleiing på ulike nasjonale tematiske innsatsområde

  • medverka til å handheve alkohollova gjennom klagesakshandsaming. I tillegg kjem rådgiving og rettleiing av kommunane knytt til alkohollova

  • drive rådgiving og informasjonsverksemd overfor helsetenesta, sosialtenesta og pleie- og omsorgstenesta

  • medverka i arbeidet med Opptrappingsplan for psykisk helse gjennom rådgjeving til kommunane, samt medverka til god samhandling på individ- og systemnivå. Fylkesmannen har formidla oversikt og status på feltet til sentrale styresmakter

  • gjennom rådgjeving og rettleiing til kommunane hatt eit tydlig fokus på tenester til eldre.

  • medverka til gjennomføring av tiltaka i Rekrutteringsplan for helse- og sosialpersonell 2003–2006

  • gjennomført opplærings- og informasjonstiltak på rusfeltet, medverka til at kunnskaps- og kompetansetiltaka på fagområdet er forankra i kommunane sine planar, og at kommunal kompetanseheving vert organisert som ein kontinuerleg prosess. Fylkesmannen har òg etablert faglege fora for kommunar med fokus på tverrfagleg tenesteutvikling.

Helsetilsynet i fylka har i 2006:

  • gjennomført 249 tilsyn som systemrevisjonar med helsetenester, av desse 87 med spesialisthelsetenesta og 157 med kommunehelsetenesta. Av dei 249 vart 61 ledd i landsomfattande tilsyn med habiliteringstenester til barn og 25 ledd i landsomfattande tilsyn med tverrfaglege spesialiserte tenester til rusmiddelmisbrukarar

  • avslutta 2 124 tilsynssaker (enkeltsaker om mogeleg svikt i helsetenesta). Det er store forskjellar i saksbehandlingstidene mellom fylka

  • avslutta 867 klagesaker om manglande oppfylling av rettskrav på helsetenester.

Justis- og politidepartementet

Fylkesmennene har i 2006:

  • ført tilsyn med, og halde kurs for, overformynderia i kommunane

  • gjennomført tilsyn og øvingar i kommunane når det gjeld samfunnstryggleik og beredskap

  • ivareteke samordningsansvaret innan regional krisehandtering gjennom øving av eigen krisestab, møter i Fylkesberedskapsrådet og øvingar for Atomberedskapsutvala (ABU)

  • i samarbeid med Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) arbeidd for å styrke varslings- og rapporteringsrutinar på samordningskanal

  • utarbeidd eigen fylkes-ROS med oversikt over risiko- og sårbarheitssituasjonen i fylket, med unnatak av fire embete som er i ferd med å utarbeide dette.

Kommunal- og regionaldepartementet

Fylkesmennene har i 2006:

  • arbeidd for at statleg forvaltning fungerer mest mogleg samordna i sin dialog med kommunane. For å tilpasse arbeidet til lokale forhold og føresetnadar er det lagt vekt på stor grad av fridom i korleis Fylkesmannen løyser samordningsoppgåvene

  • stimulert kommunane i omstillings- og fornyingsarbeidet deira, og medverka til å skape kultur for omstilling i kommunane. Fylkesmannen har i 2006 gitt om lag 97 mill i skjønnsmidlar til 395 utviklingsprosjekt. Prosjekta har vore gjennomført i einskildkommunar og interkommunale samarbeid og har mellom anna omhandla politiske og administrative endringar, utvikling av serviceerklæringar og prosjekt med innbyggjarperspektiv

  • rettleidd kommunane i økonomiforvaltninga. Fylkesmennene kontrollerte og godkjende budsjett og låneopptak for kommunar som er førte opp i Register for vilkårsbunden godkjenning og kontroll (ROBEK). I 2006 blei det satt i verk 88 legalitetskontrollar av budsjett, der 9 ikkje blei godkjend. Av 195 søknader om låneopptak frå ROBEK-kommunane blei 174 godkjend. Embeta følgde òg opp arbeidet med forpliktande plan for omstilling og kostnadsreduksjonar i ROBEK-kommunane. Andre halvår 2006 var det registrert 73 kommunar i ROBEK

  • godkjent til saman 165 kommunale garantiar av dei 170 som det vart fatta vedtak om

  • utført lovlegkontroll av kommunale vedtak. I 2006 blei til saman 96 saker handsama, mens 99 saker blei handsama i 2005. 14 kommunale vedtak vart kjende ugyldige i 2006

  • handsama 4 356 klagesaker etter plan- og bygningslova i 2006. Det var ein auke i både tal saker og sakshandsamingstid i 2006

  • hatt auka fokus på å rettleie kommunane om rapportering av KOSTRA-data innan fristen. Satsinga har gitt gode resultat, heile 382 kommunar (som til saman utgjer 96 % av befolkninga) rapporterte innan fristen.

Kunnskapsdepartementet

Fylkesmennene har i 2006:

  • prioritert arbeidet med full barnehagedekning gjennom møte og samlingar med kommunane og informasjons- og rettleiingsarbeid

  • medverka til at ny barnehagelov og revidert rammeplan vart sett i verk

  • gitt informasjon og rettleiing mellom anna til lokale skoleeigarar

  • ført tilsyn og kontroll med at lover og anna regelverk vert følgde. Rapporteringa viser store variasjonar mellom embeta i kvalitet på tilsynet

  • gjennomført det første felles nasjonale tilsynet på utdanningsområdet med systemrevisjon som metode. Temaet var krav i opplæringslova om at skoleeigar skal ha eit forsvarleg system for vurdering av om krava i lov og forskrift vert oppfylde. Resultata viste at det var avvik i 38 av dei 55 kommunane det vart ført tilsyn med (70 %). Som ei oppfølging av tilsynet er det mellom anna utarbeidd ei skriftleg rettleiing til kommunane

  • medverka til god oppfølging av reforma Kunnskapsløftet mellom anna gjennom informasjonsarbeid, oppfølging av læreplangrupper og innføring av nye læreplanar i grunnopplæringa. Vidare har Fylkesmannen medverka til gjennomføring av Strategi for kompetanseutvikling i grunnopplæringa 2005–2008

  • medverka til oppfølging av nasjonale strategiplanar knytt til mellom anna lesing og rekning

  • utført faste oppgåver knytt til eksamen, klagesakshandsaming (2730 saker) og tilskottsforvaltning.

Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmennene har i 2006:

  • arbeidd for å ivareta dei nasjonale måla i landbrukspolitikken og vore ansvarlege for gjennomføringa av den nasjonale landbrukspolitikken på regionalt nivå

  • vore utviklings- og kompetanseorgan på landbruksområdet generelt, og vidareutvikla kompetansesenterfunksjonen ovanfor kommunane gjennom mellom anna rettleiing, kompetansehevingstiltak og møteverksemd

  • styrkt dialogen med rådmenn og ordførarar og soleis medverka til at landbrukspolitikken i større grad vert sett på den politiske dagsorden i kommunane gjennom møteverksemd, regionale samlingar med mer

  • arbeidd med revidering av dei regionale strategiane for landbruksbasert næringsutvikling og følgd opp strategiane og tilskotsordningane i regionale miljøprogram. Innovasjon Norge, fylkeskommunane, kommunane og næringsorganisasjonane har delteke i arbeidet

  • stimulert til samarbeid og fellestiltak, innovasjon og verdiskaping gjennom nasjonale satsingar som verdiskapingsprogrammet for matproduksjon, trebasert innovasjonsprogram og bioenergiprogrammet

  • arbeidd med å auke avverkinga i skogbruket regionalt

  • utarbeidd tiltak for å redusere forureininga i landbruket

  • medverka til auka samordning av landbrukspolitiske og miljøpolitiske verkemiddel i områder der det har oppstått konflikt mellom beiteinteresser og vern av rovvilt, mellom anna gjennom oppfølging av rovviltnemndene

  • samarbeidd med fylkeskommunar, kommunar og anna statleg forvaltning om utviklingsprosjekt, fylkesplanar, kommuneplanar, og andre strategiske næringsplanar

  • arbeidd for å hindre at kulturlandskap gror igjen og at dyrka jord vert bygd ned, mellom anna gjennom dialog med kommunane og deltaking i planprosessar. Arbeidet er gjort i tråd med målsetjinga om å halvere den årlege omdisponeringa av viktige jordressursar og å vareta spesielt verdifulle kulturlandskap innan 2010

  • hatt eit regionalt ansvar for forvaltning og kontroll av dei direkte tilskota i jord- og skogbruket. Ordningane er ein del av det totale verkemiddelapparatet.

Miljøverndepartementet

Fylkesmennene har i 2006:

  • arbeidd med gjennomføring av verneplanar, mellom anna nasjonalparkplanen og utvida skogvern, og med forvaltning av verneområda

  • medverka i arbeidet med gjennomføring av statleg rovviltpolitikk og -forvaltning

  • medverka i arbeidet med å utrydde lakseparasitten Gyrodactylus salaris i aktuelle fylke arbeidd med kartlegging av biologisk mangfald i kommunane

  • formidla og handsama nasjonal miljøpolitikk i høve til sektormyndigheiter og kommunar, og medverka til samordning av statlege interesser i handsaming av kommunale og fylkeskommunale planar

  • i tråd med Regjeringas politikk, ført ei streng praksis ved handsaming av plansaker i strandsona og fjellområda

  • medverka i gjennomføringa av det femårige utviklingsprogrammet på lokalt miljøvern og samfunnsutvikling

  • hatt auka fokus på universell utforming i høve til planlegging og har rettleia kommunane om dette i samband med kommuneplanar og reguleringsplanar

  • teke hand om rolla som forureiningsstyresmakt, både mot næringsliv og kommunale verksemder. Delteke også i 2006 i tre landsdekkjande og tre regionale kontrollaksjonar. Aksjonane har vist at det framleis er eit stort behov for meir tilsyn, særleg knytt til miljøgifter og farleg avfall

  • gjennomført grovkarakteriseringa av vassdrag og kystområde, arbeidd med å få vannregionmyndigheit og vannregionutval operative

  • arbeidd med nytt regelverk for avløp og mellom anna kursa kommunane i nytt regelverk.

  • sette i gang arbeidet med å gjennomføre tiltaksplanar for forureina sediment i dei prioriterte fjordområda

  • arbeidd med å gi nye løyver til dei avfallsdeponia som skal oppretthalde drifta etter 2009 og vidareført arbeidet med å avslutte dei deponia som ikkje skal drive vidare

  • arbeidd med å hente inn miljødata og formidle miljøtilstand og utvikling

  • i aktuelle fylke, teke del i internasjonalt samarbeid.

Kap. 1510 Fylkesmannsembeta

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

01

Driftsutgifter

1 072 746

1 074 721

1 098 108

21

Spesielle driftsutgifter

227 520

14 763

15 398

Sum kap. 1510

1 300 266

1 089 484

1 113 506

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje ordinære løns- og driftsutgifter for fylkesmannsembeta.

Det vert føreslege å overføre 1,125 mill. kroner frå kap. 1510 post 01 til Barne- og likestillingsdepartementet sitt kap. 858 post 01 i samband med at Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet tek over oppgåver knytte til mekling frå 01.01.2008.

I samband med at ei stilling som oppsynsmann hos Fylkesmannen i Oslo og Akershus vert flytta til Statens naturoppsyn, vert det føreslege å overføre 400 000 kroner frå kap. 1510 post 01 til Miljøverndepartementet sitt kap. 1426 post 01.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

I løpet av budsjettåret får Fylkesmannen ekstra oppdrag frå andre departement og direktorat/tilsyn som det ikkje er avsett ressursar til innanfor kap. 1510. Oppdraga er knytte til mellom anna handlingsplanar og prosjekt, eller det vert gjeve ei førebels styrking av eit fagområde gjennom overføring av midlar frå budsjettet til det ansvarlege fagdepartementet. Tilleggsfinansieringa frå andre departement vert ført på kap. 4510 post 01 Inntekter ved oppdrag og post 02 Ymse inntekter.

Kap. 4510 Fylkesmannsembeta

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

01

Inntekter ved oppdrag

17 055

2 263

2 360

02

Ymse inntekter

210 769

12 465

13 001

15

Refusjon arbeidsmarknadstiltak

772

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

8 998

17

Refusjon lærlingar

431

18

Refusjon sjukepengar

19 525

Sum kap. 4510

257 550

14 728

15 361

Post 01 Inntekter ved oppdrag

Det vert vist til omtale under kap.1510 post 21.

Post 02 Ymse inntekter

Det vert vist til omtale under kap.1510 post 21.

Programkategori 01.20 Forvaltnings- og IKT-utvikling

Utgifter under programkategori 01.20 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

Pst. endr. 07/08

1520

Statskonsult

29 000

1521

Direktoratet for forvaltning og IKT

112 943

1522

Servicesenteret for departementa

425 015

412 851

436 247

5,7

1523

Tilskot til kompetanseutvikling

1 746

20 000

20 000

0,0

Sum kategori 01.20

455 761

432 851

569 190

31,5

Inntekter under programkategori 01.20 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

Pst. endr. 07/08

4521

Direktoratet for forvaltning og IKT

5 022

4522

Servicesenteret for departementa

144 718

129 994

135 584

4,3

Sum kategori 01.20

144 718

129 994

140 606

8,2

Kap. 1520 Statskonsult

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

70

Tilskot til restrukturering

9 000

96

Innskudd egenkapital Statskonsult AS

20 000

Sum kap. 1520

29 000

Allmenn omtale

Med verknad frå 01.01.2004 vart Statskonsult endra til eit heileigd statleg aksjeselskap. Det tidlegare Statskonsult sine eigneluter, rettar og plikter vart overførde til Statskonsult AS som tinginnskot for staten. I samband med revidert nasjonalbudsjett 2007 vart det bestemt å avvikle Statskonsult AS som aksjeselskap og føre verksemda vidare i ein interimsorganisasjon med verknad frå 01.07.2007. Frå 01.01.2008 vil interimsorganisasjonen gå inn i Direktoratet for forvaltning og IKT, jf. kap. 1521

Rapport

Selskapet verka i samsvar med føresetnadane for å fremje god forvaltningsutvikling og tilby tenester som evalueringar, utgreiingar, rådgjeving og kompetanseutvikling. Regjeringa såg likevel at eit ordinært forvaltningsorgan ville vere betre eigna til å møte utfordringane innan fornying og IKT.

Kap. 1521 Direktoratet for forvaltning og IKT

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

01

Driftsutgifter

90 660

21

Spesielle driftsutgifter , kan overførast

9 283

22

Miside , kan overførast

13 000

Sum kap. 1521

112 943

Allmenn omtale

Regjeringa ynskjer å styrkje gjennomføringskrafta innan fornyingsarbeidet, IKT, leiing, organisering og omstilling, informasjonspolitikk, innkjøpspolitikk og kompetanseutvikling. Regjeringa og forvaltninga treng eit felles støtteapparat som skal hjelpe departementa og forvaltninga elles, både med operative oppgåver og med analyse og utgreiing på desse fagområda. Opprettinga av Direktoratet for forvaltning og IKT skal møte denne trongen.

Statskonsult AS vart lagt ned 01.07.2007 og Statskonsult interim vart etablert under Fornyings- og administrasjonsdepartementet, med ein interimsdirektør og ein liten stab i tillegg til dei tilsette frå Statskonsult AS. Frå 01.01.2008 vil interimsorganisasjonen gå inn i Direktoratet for forvaltning og IKT, saman med Noreg.no og Ehandelssekretariatet. I tillegg er det òg sett i gang ein prosess for å klårgjere eventuelle oppgåver og ressursar som skal overførast frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet til direktoratet. Regjeringa vil av den grunn kome tilbake med moglege konsekvensar for budsjettet i revidert nasjonalbudsjett for 2008.

I tråd med framlegg frå Regjeringa ved avviklinga av Statskonsult AS og etableringa av eit nytt forvaltningsorgan under Fornyings- og administrasjonsdepartementet, jf. St.prp. nr. 69 (2006–2007) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2007 og Innst. S. nr. 230 (2006–2007), legg Regjeringa nedanfor fram ei konkretisering av føremål, oppgåver og arbeidsform for det nye direktoratet.

Føremål

Føremålet med direktoratet er å medverke til at statsforvaltninga kan kjenneteiknast av kvalitet, effektivitet, brukarretting, openheit og medverknad og at ho er organisert og leidd på ein god og målretta måte, med naudsynleg samordning på tvers av sektorar.

Direktoratet skal bistå i gjennomføringa av forvaltningspolitikken og fornyingsarbeidet til Regjeringa, og styrkje Regjeringa si gjennomføringskraft knytt til IKT. Direktoratet skal òg assistere i oppfølginga av regelverk på innkjøpsområdet, samt vere pådrivar for innføring av elektroniske forretningsprosessar og ehandel i heile den offentlege sektor.

Direktoratet skal støtte det primære lineansvaret for forvaltningsutviklinga gjennom å ta hand om det felles, tverrgåande som trengst (regelverk og fellestiltak), og vere til hjelp for lineleiinga i sektorane og verksemdene, mellom anna med utgreiingar og rådgjevingar når det trengst. Direktoratet si tilnærming skal vere kunnskapsbasert og verke for kontinuerleg utvikling og forbetring av offentleg sektor ved bruk av spisskompetanse og formidling av kunnskap på tvers av sektorar og fagområde. Leveransane skal halde høg kvalitet, bygd på god kompetanse på kvart fagområde og tverrgåande kunnskap om forvaltninga nasjonalt og internasjonalt.

Arbeidsområde og målsetjingar

Direktoratet vil ha fire hovudarbeidsområde med ulike roller, målgrupper og funksjonar. Arbeidsområda med oppgåver og mål for direktoratet er beskrive nedanfor.

1: Medverke til ein god offentleg sektor

For å sikre ei god og effektiv statsforvaltning er det viktig å utvikle, systematisere og formidle kunnskap om forvaltningsutviklinga, organisering, leiing og andre strukturelle verkemiddel som kan nyttast i ei kontinuerleg forbetring og fornying av offentleg sektor. Direktoratet for forvaltning og IKT skal støtte arbeidet med å sikre at organisatoriske endringar er føremålstenlege, gjennomtenkte og effektive, mellom anna gjennom rådgjeving og rettleiing. Direktoratet skal òg sørgje for at det vert utvikla og formidla kunnskap om kva for effektar ulike endringar har på sektorpolitikken, og korleis alternativ organisering og andre verkemiddel fungerer i høve til dei tverrgåande og overordna politiske måla.

Direktoratet skal, i samarbeid med eksterne fag- og forskingsmiljø, sikre kunnskapsutvikling om korleis ulike verkemiddel knytte til organisasjon og leiing i staten verkar.

Andre viktige ansvarsområde er:

  • medverke til gode omstillingsprosessar i staten, mellom anna ved kunnskapsformidling og rådgjeving

  • saman med andre aktørar medverke til å verkeleggjere utgreiingsinstruksens målsetjingar om gode avgjerdsprosessar tufta på kunnskap og fakta

  • medverke til å leggje grunnlaget for og forvalte ein god statleg informasjonspolitikk og gje innbyggjarane rettleiing og råd i kontakten med offentleg sektor.

Direktoratet skal i 2008:

  • støtte og hjelpe departementa i arbeidet med å gjennomføre Regjeringa sin fornyingsstrategi

  • yte hjelp i arbeidet med å gjennomgå forvaltningspolitikken på direktoratet sitt fagområde

  • medverke i arbeidet med brukarretting av statsforvaltninga og utviklinga av brukarundersøkingar som reiskap for mellom anna å sikre betre kvalitet og rettstryggleik i statlege verksemder

  • hjelpe til i arbeidet med å utvikle statens informasjonspolitikk

  • gje innbyggjarane rettleiing og råd i kontakten med offentleg sektor gjennom brukarkontakten og tenestene knytte til Noreg.no.

2: Assistere i ei aktiv personal- og kompetanseutvikling

Direktoratet skal medverke til å styrkje kompetansen og leiarskapen og betre kunnskapsforvaltninga i staten, med fokus på gjennom­gåande regelverk og felles verdiar, og vere ein pådrivar for betre personal-, leiar- og kompetanseutvikling. Direktoratet skal leggje til rette og arrangere kurs og anna opplæring for tilsette og leiarar og tilby metodar, verkty og prosessar for læring og kompetanseutvikling.

Hovudansvarsområde for direktoratet sitt arbeid på dette området er:

  • medverknad til naudsynt tverrgåande kompetanse og forankring av felles verdiar i statsforvaltninga gjennom kurs og andre arenaer for kompetanseoverføring

  • Betring av kompetanse knytt til gjennomgåande regelverk på Fornyings- og administrasjonsdepartementet sitt område

  • utvikling av god leiarskap i statlege verksemder.

Direktoratet skal i 2008:

  • utvikle eit kurs- og kompetansetilbod retta inn mot statens særlege trong

  • gjennomføre tiltak i høve til statlege leiarar på ulike nivå for å vidareutvikle leiarkompetansen på tvers av statsforvaltninga.

3: Leggje til rette for koordinert og kostnadseffektiv IKT-bruk i offentleg sektor

IKT er eit viktig verkemiddel for å nå mål om ei samordna forvaltning som er kjenneteikna av kvalitet, effektivitet, brukarretting, openheit og medverknad.

Regjeringa varsla i St.meld. nr. 17 (2006–2007) «Eit informasjons­samfunn for alle» ei sterkare samordning og styring av IKT i offentleg sektor. Direktoratet skal medverke til god utnytting av IKT i utviklinga av forvaltninga og effektiv elektronisk samhandling med innbyggjarar, næringsliv og internt i forvaltninga.

På IKT-området vil direktoratet primært ha operative oppgåver knytte til gjennomføring av politikken, fyrst og fremst ansvar for å etablere og forvalte felles IKT-løysingar og IKT-standardar for offentleg sektor og medverke til at offentlege verksemder tek desse i bruk.

Direktoratet vil òg ha ansvar for nokre felles nettstader retta mot innbyggjarane. Portalen noreg.no er ein vegvisar for brukarar av offentlege tenester og skal gjere det oversiktleg å finne fram til offentleg informasjon og tenester. Miside er den personlege delen av noreg.no og gjev på ein lettfatteleg måte kvar innbyggjar høve til å få utført offentlege tenester og få innsyn i informasjon om seg sjølv i offentlege register.

Direktoratet skal gjennomføre analysar og utgreiingar som grunnlag for strategiutforming i departementa når det trengst.

Hovudansvarsområde for direktoratet vil vere:

  • å utarbeide forslag til, forankre og sikre gjennomslag for felles forvaltningsstandardar, IKT-arkitektur og retningsliner for IKT i offentleg sektor

  • å etablere og forvalte felles IKT-løysingar og medverke til at offentlege verksemder tek desse i bruk

  • å tilby brukarvenlege nettstader og tenester

  • å medverke til auka brukskvalitet og universell utforming av elektroniske tenester

  • å medverke til overføring av erfaring og læring mellom offentlege verksemder, mellom anna gjennom dokumentasjon og fokus på gevinstrealisering

  • å gjennomføre analysar og utgreiingar som grunnlag for utforming av IKT-strategiar.

Direktoratet skal i 2008:

  • forvalte offentleg elektronisk postjournal

  • forvalte og vidareutvikle tenestetilbodet på portalen noreg.no inklusiv Miside

  • medverke til etablering av felles løysingar for elektronisk ID og signatur for offentleg sektor

  • utarbeide forslag og forvalte ein referansekatalog over forvaltningsstandardar, og forvalte statens standardavtalar for IT

  • medverke til etablering av ein overordna felles IKT-arkitektur

  • medverke til at offentlege verksemder skal bruke felles IKT-standardar og felles IKT-løysingar.

4: Leggje til rette for samfunnstenlege, kostnadseffektive og kvalitetsretta innkjøp

Forvaltningsorganet skal medverke til auka verdiskaping gjennom mest mogleg effektiv ressursbruk ved offentlege innkjøp. Forvaltningsorganet skal òg medverke til at offentlege innkjøp skjer på ein ryddig og samfunnstenleg måte, og arbeide for at miljøbelastinga knytt til offentlege innkjøp vert minimert. Gjennom arbeidet med innføring av heilskaplege elektroniske innkjøpsprosessar i offentleg sektor vil direktoratet medverke til betre, enklare og sikrare offentlege innkjøp.

Mål for direktoratet sitt arbeid på dette området er å medverke til at offentlege innkjøparar følgjer regelverk for offentlege innkjøp og sikrar effektiv og miljøvenleg bruk av offentlege ressursar.

Hovudansvarsområda vil vere:

  • kunnskapsspreiing og informasjon om offentlege innkjøp

  • utvikle, drifte og vere pådrivar for bruk av elektroniske løysingar

  • oppfølging av Regjeringa si handlingsplan for miljø- og samfunnsansvar i offentlege innkjøp. Ein viser til nærare omtale i Miljøverndepartementet sin St.prp. nr 1 (2007–2008) kap. 1447 Miljøomsyn i offentlege innkjøp

  • deltaking i internasjonalt samarbeid for å medverke til standardisering og gjennomføring av offentlege innkjøp på tvers av landegrenser.

Direktoratet skal i 2008:

  • forvalte og vidareutvikle eksisterande tenestetilbod på Ehandel.no og Doffin.no for å sikre kostnadseffektiv og enkel tilgang til e-verktøy som støttar innkjøpsprosessen

  • i samråd med brukarane utvikle verkty som kan gjere innkjøpsprosessen enklare og betre

  • leggje til rette for auka bruk av e-verkty gjennom rettleiing og informasjonsspreiing

  • leggje til rette for realisering av gevinstar frå e-verkty gjennom å synleggjere beste praksis.

Arbeidsform og styring

Regjeringa føreslår at direktoratet vert oppretta som eit ordinært bruttobudsjettert forvaltningsorgan.

Regjeringa legg opp til at direktoratet skal ha ulike roller, målgrupper og funksjonar på kvart arbeidsområde og at direktoratet skal kunne utføre forvaltningsoppgåver for Fornyings- og administrasjonsdepartementet og for departementa og deira underliggjande verksemder. Ei viktig oppgåve for direktoratet vil òg vere å ta opp problemstillingar som gjeld forvaltninga på eige initiativ.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet vil utarbeide retningsliner for direktoratet si prioritering av oppgåver som skal utførast for andre. Det vert lagt til grunn at oppgåvene og det arbeidet direktoratet skal ha med desse er nyttig, fagleg relevant og har overføringsverdi til andre delar av forvaltninga. Departementa skal framleis kunne nytte private konsulentselskap og forskingsinstitutt som i dag. Direktoratet skal ikkje konkurrere om oppdrag i marknaden.

For det nye direktoratet vert det viktig å byggje eksterne samarbeidsrelasjonar med fagmiljø nasjonalt og internasjonalt for å sikre ei brei fagleg tilnærming. Det skal leggjast til rette for mobilitet mellom direktoratet og andre delar av staten, til dømes gjennom ei mogleg hospiteringsordning som sørgjer for at dei tilsette i departementa og statlege verksemder kan hospitere i direktoratet, og omvendt.

Tilhøvet til andre statlege verksemder på området

Regjeringa legg opp til at direktoratet og Senter for statleg økonomistyring ikkje skal byggje opp overlappande kompetanse eller ha tilbod på dei same fagområda, jf. St.prp. nr. 69 (2006–2007). Direktoratet og Senter for statleg økonomistyring bør samarbeide tett, for at kompetansen og tilbodet til dei to etatane skal utfylle kvarandre på ein god måte.

Det trengst òg eit tett samarbeid mellom direktoratet og andre miljø innan IT-standardisering, arkitektur og felles infrastruktur for å sikre at ulike sektorovergripande initiativ er godt koordinerte og i størst mogleg grad utfyller kvarandre.

Når det gjeld IKT- og innkjøpsområda vil direktoratet ha eit breitt nedslagsfelt i heile den offentlege forvaltninga, medan Servicesenteret for departementa framleis skal ha hovudfokus på yting av administrative driftstenester for departementa.

Strategiutvikling

Det vil ta tid før omstillinga til eit nytt direktorat vil gje full effekt. Strategiar, organisering, arbeidsformer og kompetanse må utviklast og endrast før direktoratet kan dekkje alle område like godt. Dette skal det arbeidast vidare med i den komande strategiprosessen for direktoratet.

Budsjett

Post 01 Driftsutgifter

Posten skal dekkje løns- og driftsutgifter. Heilårseffekt på 01-posten ved overføring av Statskonsult AS er rekna ut til 65,1 mill. kroner, når det er gjort fråtrekk for overføring av ressursar knytte til Senter for statleg økonomistyring på 2,9 mill. kroner. Sjå òg St.prp. nr. 1 (2007–2008) for Finansdepartementet.

Det vert gjort framlegg om å overføre dei totale løns- og driftsutgiftene for Noreg.no på 22,3 mill. kroner frå kap 1506 post 01. Det er òg gjort framlegg om å overføre lønsutgifter på 3 mill. kroner for Ehandelssekretariatet frå kap. 1522 post 01.

Direktoratet vil ha om lag 100 tilsette. I tillegg kjem det som ein vurderer å overføre av ressursar og tilsette frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten skal dekkje driftsutgifter knytte opp mot Ehandelssekretariatet på 9,3 mill. kroner som er overførte frå kap. 1522 post 21.

Post 22 Miside

Posten skal dekkje utgifter knytte til vidareutvikling av Miside. Heile løyvinga vert overført frå kap. 1506 post 21.

Kap. 4521 Direktoratet for forvaltning og IKT

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

01

Salg av informasjonstjenester

22

02

Andre inntekter

5 000

Sum kap. 4521

5 022

Post 01 Salg av informasjonstjenester

Heile inntektsløyvinga til Miside vert det føreslege å rammeoverføre frå kap. 4506 post 01 Salg av informasjonstjenester.

Post 02 Andre inntekter

Posten består av inntekter på kontraktar som vart inngått av Statskonsult AS og som direktoratet gjennomfører. Det kan òg verte aktuelt med nokre inntekter frå deltakaravgift på kurs- og kompetansetiltak.

Kurs- og kompetansetiltaka skal underbyggje hovudmåla for direktoratet, og skal som hovudregel dekkjast gjennom ordinær rammefinansiering. Kursa kan likevel ha deltakaravgifter for å hjelpe til med å regulere etterspurnaden og motverke manglande oppmøte. Deltakaravgiftene skal i snitt liggje vesentleg under kostnadene ved å tilby opplæringa.

På grunn av uvisse om storleiken på inntektene har Fornyings- og administrasjonsdepartementet òg føreslege ei fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1521 post 01 Driftsutgifter, med ein sum tilsvarande meirinntekter under kap. 4521 postane 01 og 02, jf. forslag til vedtak II.

Kap. 1522 Servicesenteret for departementa

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

01

Driftsutgifter

334 251

312 538

318 840

21

Spesielle driftsutgifter

9 120

8 900

22

Fellesutgifter for R-kvartalet

66 890

74 839

77 119

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

14 417

16 574

40 288

50

Vidarefakturering av fellestenester

337

Sum kap. 1522

425 015

412 851

436 247

Allmenn omtale

Servicesenteret for departementa skal vere eit kompetent og effektivt verkty for departementa og Statsministerens kontor. Verksemda skal sørgje for administrative fellestenester som er i samsvar med det som trengst, og innhald og kvalitet på tenestene skal vere etter avtale med departementa. Vidare skal verksemda ha eit kostnadsmedvite fagmiljø på tenesteområda.

Servicesenteret for departementa skal mellom anna levere følgjande interne tenester til departementa og Statsministerens kontor:

  • teknisk og fysisk trygging av typen tilgangskontroll og vakt- og resepsjonsteneste

  • sentralbord og basis infrastruktur for datanettverk og telefoni

  • utvikling og drift av regjeringa.no og interne web-tenester

  • IKT (inkludert tryggleik)

  • økonomitenester

  • reinhald, intern postutdeling og kopiteneste

  • produksjon og utsending av publikasjonar i tråd med designprogrammet for departementa

  • bedriftshelseteneste

  • fellesbibliotek.

Servicesenteret for departementa vart skipa 01.01.2006 og har fått eit større ansvar for administrative fellestenester i departementa og Statsministerens kontor enn den tidlegare verksemda, Statens forvaltningsteneste, hadde. Det inneber mellom anna at oppgåver innanfor IKT, løn og rekneskap er samla i Servicesenteret for departementa.

Omlegginga starta i 2006 og vil halde fram til og med 2008. Samlinga av tenestene er venta å ha full effekt i 2010.

Finansieringsmodellen til verksemda er ei blanding av brukar- og løyvingsfinansiering. Det er sett i gang eit arbeid der føremålet er å få på plass ein framtidig modell som skal sørgje for ei effektiv styring og bruk av ressursane. Departementet tek sikte på at ein slik modell vil vere på plass i 2009.

Rapport 2006

Eit av hovudmåla for verksemda i 2006 var å gjennomføre omstillinga innan IKT, løn og rekneskap. I samanheng med omstillinga er om lag 50 årsverk overførte frå departementa.

  • hovudprosjektet for overføringa av IKT og løns- og rekneskapsoppgåver med personalressursar frå departementa vart gjennomført etter planen

  • løns- og rekneskapsoppgåver for 15 departement vart overførte samstundes som ein innførte elektronisk fakturahandsaming

  • etableringa av felles IKT-tenester for 13 departement er sett i gang. I prosjektet «Felles departementsplattform» er det ei forseinking, og innfasing av departementa er utsett i om lag 6 månader.

I tillegg har verksemda arbeidd kontinuerleg med utvikling og levering av tenester. I perioden har det vore fokus på følgjande:

  • nivået på vakthald og tryggleik har vore i samsvar med dei gjeldande trusselvurderingane, medrekna IKT-tryggleik

  • nettstaden regjeringa.no vart lansert i februar 2007 og erstattar Odin. Bruk av syntetisk tale gjer nettsidene meir tilgjengelege for blinde, svaksynte og personar med lesevanskar

  • tenestetilbodet til ei avgrensa brukargruppe på dei sikre datanettverka til departementa er under arbeid. Det er ei kontorstøtteløysing for gradert utveksling av informasjon. Prosjektet har vorte forseinka, i hovudsak som følgje av nye krav frå Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM). Tenesta vil vere klar til bruk for departementa i løpet av 2007

  • nyetableringa av det statlege servicesenteret i Engerdal kommune vart fullført. Det har vore lagt vekt på tiltak når det gjeld kvalitetsforbetringar

  • ei ny løysing for produksjon av Statens personalhandbok inneber at brukarar no har tilgang til både elektronisk og trykt utgåve.

Resultatmål

I 2008 skal Servicesenteret for departementa prioritere følgjande:

  • føre vidare prosessen med å

    • styrkje brukarorienteringa og kvalitetsutviklinga på alle område, mellom anna halde fram med referansemålingar av tenestene og brukarundersøkingar

    • fase systema til departementa inn i eit nytt sentralt driftsmiljø

  • yte fellestenester med vekt på å

    • levere vakthald og tryggleiktenester som er i samsvar med gjeldande trusselvurdering, medrekna IKT-tryggleik.

    • levere IKT-tenester av høg kvalitet, mellom anna basert på fleire standardiserte prosessar

    • levere økonomitenester av høg kvalitet, mellom anna basert på effektive støttesystem og auka elektronisk samhandling

    • vidareutvikle regjeringa.no.

  • styrkje dei infrastrukturelle anlegga i Regjeringskvartalet gjennom å skaffe ny telefonsentral og nytt sikringsanlegg.

Det statlege servicesenteret i Engerdal:

Servicesenteret starta opp 01.03. 2006 med åtte tilsette og føremålet er å levere telefonitenester til statlege verksemder. Følgjande verksemder er brukarar av senteret: Husbanken, Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, Statens Pensjonskasse, Statsbygg, Fylkesmannen i Hedmark, Noregs bank og Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking. Det er òg vedteke at NAV skal gjere bruk av senteret.

Servicesenteret for departementa skal leggje til rette for ei stabil og kostnadseffektiv telefoniteneste for brukarane.

Miljøomtale

Frå og med 2006 vart det betre samordning av avtaler som gjeld handtering av miljøavfall. Det inneber at det har kome i stand ei avtale for handtering av miljøavfall internt i Regjeringskvartalet, og ei avtale for transport ut av kvartalet og levering av miljøavfall til korrekt mottak.

Servicesenteret for departementa har innført eit system for miljøleiing som skal utviklast vidare i samarbeid med departementa.

Budsjett

For budsjettåret 2008 vert pris- og finansieringsmodellen frå 2007 vidareført. Hovuddelen av verksemda vil framleis vere finansiert gjennom løyvinga.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekkjer løns- og driftsutgifter. Posten utgjer alle utgifter til prisa tenester og løyvingsfinansierte tenester. Inntekter frå dei prisa tenestene vert førte på kap. 4522, jf. post 02 og post 06.

Per 01.03.2007 hadde verksemda ei bemanning tilsvarande 455 årsverk.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

E-handelssekretariatet, som har vore administrativt plassert i Servicesenteret for departementa men fagleg direkte styrt frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet, skal leggjast inn i det nye forvaltningsorganet frå 01.01.2008. Sjå kap. 1521 for meir informasjon.

Post 22 Fellesutgifter for R-kvartalet

Løyvinga dekkjer fellesutgifter for Regjeringskvartalet, medrekna husleige for fellesareal og statsforvaltninga sin avtale med Kopinor, og drift og utviklingskostnader knytte til regjeringa.no.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga dekkjer utgifter i samband med vedlikehald og nyinvesteringar av utstyr som vert nytta ved produksjon av fellestenester for departementa. Regjeringa legg fram forslag om å løyve pengar til ekstraordinære tiltak som inneber at verksemda skal skaffe ny telefonsentral og nytt sikringsanlegg for å få tidsriktige teknologiske løysingar.

Kap. 4522 Servicesenteret for departementa

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

02

Diverse inntekter

24 883

2 367

2 469

03

Driftsvederlag, Akademika

267

04

Inntekter, Norsk lysingsblad

74

05

Inntekter frå publikasjonar

440

06

Brukarfinansierte tenester

109 261

126 597

131 701

07

Parkeringsinntekter

1 367

1 030

1 414

15

Refusjon arbeidsmarknadstiltak

777

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

1 395

18

Refusjon sjukepengar

6 254

Sum kap. 4522

144 718

129 994

135 584

Post 02 Diverse inntekter

På posten vert det ført inntekter frå publikasjonar og vederlag for drift av Akademika.

Post 06 Brukarfinansierte tenester

På posten vert det ført inntekter og anna brukarbetaling for tenester som vert leverte til departementa og Statsministerens kontor. I 2007 vert mellom anna følgjande tenester inntektsførte på posten: telefon basisteneste, fjernaksess, rekneskap, løn, DepSak, innkjøp, konferanse- og møterom, hurtigtrykk, einskildekspederingar, massedistribusjon, lagerhald av publikasjonar, pc basisteneste, departementsdrift og -utvikling.

Post 07 Parkeringsinntekter

På posten vert det ført inntekter frå avgiftsførebudde parkeringsplassar i Regjeringskvartalet.

Kap. 1523 Tilskot til kompetanseutvikling

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

70

Tilskot , kan overførast

1 746

20 000

20 000

Sum kap. 1523

1 746

20 000

20 000

Allmenn omtale

I hovudtariffavtalen for 2006–2008 mellom Staten og hovudsamanslutningane vart det i lønsoppgjeret 2006 sett av til saman 40 mill. kroner til kompetanseutvikling for tariffperioden, jf. St.prp. nr. 69 (2005–2006).

Av desse midlane er det sett av 30 mill. kroner til å stimulere til forsøks- og utviklingsprosjekt innanfor ulike kompetansetiltak innan organisasjons- og leiarutvikling, metodar og verkty for kompetanse- og karriereutvikling, kompetanseutvikling for å hindre utstøyting m.a. ved omstillingar, oppfølging av IA-avtalen og til å kunne dra betre nytte av kompetansen til personar med etnisk minoritetsbakgrunn. Vidare er det sett av 10 mill. kroner til felles opplærings- og utviklingstiltak i samarbeidskompetanse og medverknad for leiing og tillitsvalde, med særleg utgangspunkt i Hovudavtalen og Hovudtariffavtalen i staten.

Avsetningen er gjort med ei løyving på 20 mill. kroner i 2006 og 20 mill. kroner i 2007.

Departementet og hovudsamanslutningane fastset retningsliner for avsetningen.

Rapport

30 mill. kroner av midlane vart utlyste til søknad for statlege verksemder gjennom personalmelding nr. 2 – 2007 med søknadsfrist 30. mars 2007. Midlane er på det næraste fordelte.

Programkategori 01.30 Partistøtte

Kap. 1530 Tilskot til dei politiske partia

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

01

Driftsutgifter

301

224

960

70

Tilskot til dei politiske partia sine sentrale organisasjonar

190 259

197 440

211 200

71

Tilskot til dei politiske partia sine kommunale organisasjonar

27 327

26 325

27 457

73

Tilskot til dei politiske partia sine fylkesorganisasjonar

54 977

57 498

59 970

75

Tilskot til partia sine fylkesungdomsorganisasjoner

15 914

16 344

17 047

76

Tilskot til dei politiske partia sine sentrale ungdomsorganisasjonar

6 007

6 106

6 369

Sum kap. 1530

294 785

303 937

323 003

Allmenn omtale

Lov om visse forhold vedrørende de politiske partiene (partiloven) og tilhøyrande føresegner

Den nye partilova (lov 17.06.2005 nr. 102) tro i kraft 1. januar 2006. Målet med lova går fram av § 1 fyrste leddet:

  • «å legge til rette for valg etter lov 28. juni 2002 nr. 57 om valg til Stortinget, fylkesting og kommunestyrer (valgloven) gjennom en offentlig registreringsordning for de politiske partiene,

  • å etablere rammer for partienes finansielle forhold som bidrar til å sikre dem et finansielt grunnlag gjennom offentlige tilskudd og ellers bidra til å øke partienes selvfinansieringsevne og uavhengighet og

  • å sikre offentlighetens rett til innsyn og å motvirke korrupsjon og uønskede bindinger ved at det er åpenhet om finansieringen av de politiske partienes virksomhet.»

Dei administrative oppgåvene i tilknyting til lova ligg til Fornyings- og administrasjonsdepartementet og fylkesmennene. Statistisk sentralbyrå (SSB) skal hente inn, stille saman og offentleggjere informasjon om inntektene til partia.

Departementet har med grunnlag i partilova § 9, § 22 tredje leddet og § 27 fastsett «Forskrift om visse forhold vedrørende de politiske partiene (Partilovforskriften – FOR-2006-03-16-321)». Føresegnene har reglar om registrering av politiske parti, innrapportering av partiinntekter, tilbakehalding av partistøtte og dessutan reglar om Partilovnemnda.

Ved kgl.res. av 3. mars 2006 vart Partilovnemnda oppnemnt med fem medlemer for ein periode på seks år etter § 25 i partilova.

Plikt til å innrapportere inntekter

Kap. 4 i lova om innrapportering av dei politiske partia sine inntekter og inntektskjelder vart sett i verk den 01.07.2005 med verknad frå 01.01.2005. Etter § 18 fyrste leddet pliktar alle registrerte politiske parti, medrekna kvart partiledd som er omfatta av lova, å sende inn årlege inntektsrekneskap etter ein mal i § 19. Ei forenkla innrapportering gjeld dei minste partilaga, det vil seie parti eller partiledd som i rekneskapsåret totalt ikkje har hatt meir enn 10 000 kroner i inntekt etter frådrag av all offentleg stønad. Det krevst i slikt høve berre ei erklæring frå partiet eller partileddet om at inntektene har vore under dette nivået. Frist for innrapportering og erklæringar til SSB er i lova sett til utgangen av juni.

Eit fullt oversyn over populasjonen «politiske parti og partiledd» er ein føresetnad for ei velfungerande og rettvis innrapporteringsordning. Berre slik vil allmenta kunne sjå kven som følgjer opp innrapporteringsplikta i lova og kven som ikkje gjer det. Registrerte politiske parti i Noreg har organisert seg ulikt. Nokre partiledd er førte opp som juridiske personar i Einingsregisteret med særskilt organisasjonsnummer – andre er ikkje det. Det har ut ifrå offentleg statistikk tidlegare ikkje vore mogleg å kartleggje heile populasjonen når det gjeld grunndata. Mellom anna gjennom søknadsordninga for dei politiske partia og kontakt med partia direkte, har SSB registrert at i alt 3 198 parti og partiledd er omfatta av lova. Det faktiske talet kan variere gjennom året.

Departementet har skipa eit eige domene (partifinansiering.no) for offentleggjering av inntektsrekneskap og namn på gjevarar bak gåver over grensene i § 20 i lova. Websida vil verte drifta av SSB. Inntektsrekneskap m.m. for 2006 vart offentleggjort før kommunestyre- og fylkestingsvalet 2007.

Elektronisk system for handtering av søknader

Departementet har i samarbeid med Statistisk sentralbyrå og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane skipa eit prosjekt for å utvikle ei elektronisk søknads- og rapporteringsordning for alle registrerte politiske parti og partilag. Systemet vil gjere det enklare for partia å søkje om stønad. Det vil òg gjere administreringa av partilova meir effektiv for fylkesmannsembeta, SSB og departementet, og dessutan gje betre oversikt over populasjonen «politiske parti». Systemet skal etter planen kunne takast i bruk i 2008.

Partilovnemnda si tilråding om stønad til partia sine ungdomsorganisasjonar

Partilovnemnda har i sak 05-06 av 22.06.2006 uttala seg om departementet sin bruk av partilova §§ 11 og 12 tredje leddet om stønad til ungdomsorganisasjonar. I St.prp. nr. 1 (2005–2006) frå dåverande Moderniseringsdepartementet går departementet si tolking av lova på dette punktet fram på side 68. Vedtaket frå nemnda finst på følgjande lenke: www.partilovnemnda.no

Partilovnemnda har einstemmig tilrådd at ein, inntil Stortinget eventuelt endrar partilova, følgjer ordlyden i § 11 tredje leddet og § 12 tredje leddet.

Dette inneber at det ved tildeling av statleg partistøtte på post 75 Tilskot til partia sine fylkesorganisasjonar og post 76 Tilskot til dei politiske partia sine sentrale ungdomsorganisasjonar, ikkje skal setjast vilkår om at morpartiet har rett til grunnstønad etter §§ 11 og 12 andre leddet i lova.

Europarådet si evaluering av den norske partifinansieringa

Noreg har signert Europarådet (1949) sin strafferettslege konvensjon mot korrupsjon i 1999 og ratifiserte konvensjonen i 2004. Den sivilrettslege konvensjonen mot korrupsjon vart underskriven av Noreg i 1999, men er enno ikkje ratifisert, jf. St.prp. nr. 86 (2006–2007).

GRECO (Group of States against Corruption) vart etablert i 1999 som ein internasjonal samarbeidsavtale og eit verkty for oppfølging under Europarådet. GRECO skal styrkje medlemslanda si evne til å kjempe mot korrupsjon gjennom oppsyn med og oppfølging av at medlemslanda set i verk dei rettslege instrumenta. Dei aller fleste landa i Europa tek del i GRECO-samarbeidet. USA er òg med i dette samarbeidet. Noreg har vore medlem av GRECO sidan 2001. Medlemskapen inneber ei plikt til å delta i evalueringa av medlemslanda og å la seg evaluere på det strafferettslege så vel som det sivilrettslege området.

GRECO har så langt gjennomført to evalueringsrundar. Evalueringane har omhandla iverksetjing av eit utval artiklar i den strafferettslege konvensjonen og i resolusjon 1997/24. Noreg vart evaluert i 2002 og 2004. Frå 01.01.2007 sette GRECO i gang ein tredje evalueringsrunde som òg inneber regulering av openheit rundt finansiering av politiske parti, med referanse til Ministerkomiteens rekommandasjon 2003/4. «Felles reglar mot korrupsjon i finansieringa av dei politiske partia og valkampanjar». Det er venta at ei evaluering av partifinansieringa i Noreg står for tur i 2008 eller 2009. Evalueringa vert gjennomført ved at styresmaktene i landet gjer skriftleg greie for lover og føresegner og korleis arbeidet mot korrupsjon vert gjennomført og prioritert innan partifinansieringa. Eit team sett saman av ekspertar frå medlemslanda og leidd av representantar frå sekretariatet i GRECO, gjennomfører deretter eit landbesøk for å granske og supplere det skriftlege materialet. Eit landbesøk vil òg omfatte møte med parlamentspolitikarar, departement, politi og rettsvesen med fleire. Evalueringa munnar ut i ein rapport som skal handsamast og vedtakast i plenumsmøte i GRECO. Her kan det verte gjeve tilrådingar om nye tiltak til medlemslandet. Tilrådingar må følgjast opp, og medlemslandet må rapportere attende til GRECO innan ein gjeven dato om kva som er gjort for å følgje opp tilrådingane.

Europarådet sine konvensjonar er folkerettsleg forpliktande for dei landa som har ratifisert desse. Rekommandasjonar frå Ministerkomiteen er rådgjevande, og er ikkje juridisk bindande plikter på same vis som føresegna i konvensjonen. Likevel vil det verte lagt stor vekt på slike tilrådingar, og medlemslanda vil streve etter å oppfylle desse av politiske og andre omsyn.

Budsjett

Den nye partilova inneber at all statleg partistøtte vert løyvd over kap. 1530. Stønaden til folkevalde organ på lokalt og regionalt plan (tidlegare post 72 og 74) har sidan 1. januar 2006 gått inn i rammetilskotet til kommunane og fylkeskommunane.

I samband med St.prp. nr. 1 (2005–2006) vart det løyvd monaleg meir på post 70 Tilskot til dei politiske partia sine sentrale organisasjonar for å dempe dei negative verknadene som den nye partilova har ført med seg når det gjeld fordelinga av løyvinga til dei største partia, jf. òg Partifinansieringsutvalet sitt forslag i NOU 2004:25 «Penger teller, men stemmer avgjør». Regjeringa har føreslege å auke løyvinga på post 70 for å kompensere dei største partia betre for fordelingsverknadene av lova. Vidare er det naudsynt å styrkje post 01 Drift, grunna ein vesentleg auke i arbeidsoppgåvene til Partilovnemnda ut over føresetnadene i Ot.prp nr. 84 (2004–2005). I tillegg vil denne posten dekkje skiping av eit elektronisk system for handtering av søknader som nemnt ovanfor.

Post 70 Tilskot til dei politiske partia sine sentrale organisasjonar

Løyvinga er, som tidlegare, øyremerkt registrerte politiske parti og er delt mellom Stemmestønad (9/10) og Grunnstønad (1/ 10).

Det vert føreslege å styrkje posten med 6 mill. kroner for betre å innfri intensjonane i Partifinansieringsutvalget si innstilling om at ikkje noko parti skulle kome dårligare ut etter omlegginga av finansieringssystemet for partia.

Stemmestønad

Stemmestønad vert fordelt som ein fast sats per stemme rekna ut på grunnlag av dei årlege løyvingane og resultatet frå sist føregåande stortingsval.

Grunnstønad

Grunnstønad vert betalt ut til partiet sin hovudorganisasjon dersom partiet fekk minst 2,5 pst. oppslutnad på landsbasis eller vann minst éin stortingsrepresentant ved siste stortingsval. Grunnstønad vert fordelt likt mellom desse partia.

Post 71 Tilskot til dei politiske partia sine kommunale organisasjonar

Løyvinga er, som tidlegare, øyremerkt registrerte politiske parti og vert delt mellom Stemmestønad (9/10) og Grunnstønad (1/10). Det er eit krav om at kommunepartia må ha ein organisasjon i den respektive kommunen for å få stemmestønad og grunnstønad. Fylkesmannen tek hand om utbetalingane.

Stemmestønad

Stemmestønad vert betalt ut frå fyrste stemme utan sperregrense. Satsen vert rekna ut på grunnlag av dei årlege løyvingane og resultatet frå sist føregåande kommunestyreval.

Grunnstønad

Grunnstønad vert løyvd til partia sine kommuneorganisasjonar dersom partiet fekk minst 4,0 pst. oppslutnad i kommunen eller vann minst éin representant ved kommunestyrevalet. Grunnstønad vert fordelt likt mellom desse partia.

Post 73 Tilskot til dei politiske partia sine fylkesorganisasjonar

Løyvinga er, som tidlegare, øyremerkt registrerte politiske parti og vert delt mellom Stemmestønad (9/10) og Grunnstønad (1/10). Det er eit krav om at fylkespartia må ha ein organisasjon i gjeldande fylke for å få stemmestønad og grunnstønad. Fylkesmannen tek hand om utbetalingane.

Stemmestønad

Stemmestønad vert betalt ut frå fyrste stemme utan sperregrense. Satsen vert rekna ut på grunnlag av dei årlege løyvingane og resultatet frå sist føregåande fylkestingsval.

Grunnstønad

Grunnstønad vert løyvd til partia sine fylkesorganisasjonar dersom partiet fekk minst 4,0 pst. oppslutning i kommunen eller vann minst éin representant ved fylkestingsvalet. Grunnstønad vert fordelt likt mellom desse partia.

Post 75 Tilskot til dei politiske partia sine fylkesungdomsorganisasjonar

Etter Partilovnemnda si tilråding i sak 05-06 om stønad til ungdomsorganisasjonane, jf. teksten ovanfor, vil løyvinga verte delt i samsvar med morpartiet sin del av det totale talet på stemmer som gjekk til parti med fylkesungdomsorganisasjon. Fylkesmannen tek hand om utbetalingane.

Post 76 Tilskot til dei politiske partia sine sentrale ungdomsorganisasjonar

Etter Partilovnemnda si tilråding i sak 05-06 om stønad til ungdomsorganisasjonane, jf. teksten ovanfor, vil løyvinga verte delt i samsvar med morpartiet sin del av det totale talet på stemmer som gjekk til parti med sentral ungdomsorganisasjon. Departementet tek hand om utbetalingane.

Programkategori 01.40 Pensjonar m.m.

Utgifter under programkategori 01.40 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

Pst. endr. 07/08

1541

Pensjonar av statskassa

24 572

20 900

23 800

13,9

1542

Tilskot til Statens Pensjonskasse

7 589 954

7 567 000

9 443 000

24,8

1543

Arbeidsgjevaravgift til folketrygda

849 000

829 000

852 000

2,8

1544

Bustadlån for statstilsette

1 084 747

1 900 000

1 300 000

-31,6

1546

Yrkesskadeforsikring

70 711

96 800

85 000

-12,2

1547

Gruppelivsforsikring

70 104

78 700

84 000

6,7

2470

Statens Pensjonskasse

20 028

25 174

31 465

25,0

Sum kategori 01.40

9 709 116

10 517 574

11 819 265

12,4

Inntekter under programkategori 01.40 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

Pst. endr. 07/08

4546

Yrkesskadeforsikring

147 426

165 000

116 000

-29,7

4547

Gruppelivsforsikring

42 939

42 000

43 000

2,4

5470

Statens Pensjonskasse

33 571

40 898

17 059

-58,3

5607

Renter av bustadlånsordninga for statstilsette

360 643

465 000

772 000

66,0

Sum kategori 01.40

584 579

712 898

948 059

33,0

Allmenn omtale

Hovudutfordringar og utviklingstrekk

Staten har sidan 1917 hatt ei lovheimla tenestepensjonsordning for embets- og tenestemennene sine, og for skuleverket. Tenestepensjonsordninga er finansiert gjennom bidrag frå arbeidsgjevar og pensjonstrekk i løna til kvar arbeidstakar. Ytingane frå Statens Pensjonskasse omfattar:

  • alderspensjon

  • uførepensjon

  • enkje- og enkjemannspensjon

  • barnepensjon.

I tillegg administrerer Statens Pensjonskasse:

  • gruppelivsforsikring

  • erstatning ved yrkesskade

  • vartpengar

  • pensjonar av statskassa

  • førtidspensjon

  • avtalefesta pensjon (AFP)

  • bustadlån til tilsette i staten.

Pensjonsytingane vert samordna med ytingane frå folketrygda og andre offentlege tenestepensjonsordningar.

Hovudmål og strategiar

Pensjonsordninga

Hovudmålet med den statlege tenestepensjonsordninga er at tenestepensjonen, saman med ytingar frå folketrygda, skal gje arbeidstakarane i staten eit trygt pensjonisttilvære. Tenestepensjonsordninga er ein sentral del av arbeidstakarane sine løns- og arbeidsvilkår, og medverkar til at staten kan rekruttere og halde på kvalifisert arbeidskraft.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet vil arbeide for å forenkle og harmonisere lov- og regelverket knytt til den statlege tenestepensjonsordninga og slik gjere informasjonen til medlemene enklare.

Oppfølging av Stortingsmelding nr. 5 (2006– 2007) om Pensjonsreforma

Det vert vist til St.meld. nr. 5 (2006–2007) Opptening og uttak av alderspensjon i folketrygda, og Stortinget si handsaming, jf. Innst.S. nr. 168 (2006–2007). I samsvar med inngått pensjonsforlik, ynskjer eit breitt fleirtal på Stortinget at det vert sett i verk ei utgreiing av fleire tilhøve knytte til offentlege tenestepensjonar generelt og Statens Pensjonskasse spesielt. Fornyings- og administrasjonsdepartementet vil medverke til ei slik utgreiing.

Synleggjering av pensjonskostnader

I Statens Pensjonskasse si medlemsdatabase finst detaljert informasjon om dei opptente pensjonsrettane til kvart medlem. Pensjonskassa har til no ikkje hatt ei fullgod utrekning av kva desse opptente rettane gjev av årlege kostnader for staten og korleis dei utrekna kostnadene høveleg kan fordelast mellom arbeidsgjevarverksemdene. Etter planen skal eit nytt system for utrekning av forsikringstekniske oppgjer takast i bruk frå 2008, jf. omtale nedanfor om investeringsprosjektet SFINX. Dette systemet vil gje eit nytt og betre grunnlag for å få fram systematisk kostnadsinformasjon for analyse, planleggings- og styringsmål innanfor statsforvaltninga. I 2008 skal Statens Pensjonskasse og Fornyings- og administrasjonsdepartementet, i samarbeid med etatane og departementa, arbeide vidare med utforminga og distribusjonen av slik kostnadsinformasjon med sikte på meir standardisering av rutinane.

Investerings- og utviklingsprosjekt i Statens Pensjonskasse

Statens Pensjonskasse vil få ein markert auke i arbeidsoppgåvene framover. Det er tre hovudårsaker til veksten:

  • talet på pensjonar vil auke frå ca. 220 000 til ca. 300 000 i løpet av dei neste 10 åra

  • auka krav til individualisert informasjon om framtidige pensjonsrettar både frå medlemer og arbeidsgjevarar

  • auka kompleksitet i utrekna pensjon som følgje av nye karrieremønster, endra familietilhøve og regelverksendringar m.m.

Det vert stilt store krav til verksemda for å kunne møte volumutfordringane, samstundes som kvalitet og service skal oppretthaldast i tenesteleveransane. For å møte desse utfordringane gjennomfører Statens Pensjonskasse tre strategiske utviklingsprogram:

  • program for IKT-utvikling

  • program for elektronisk samhandling

  • program for kvalitet og prosess.

I fornyinga av offentleg sektor er gode IKT-løysingar og interaktive tenester sentrale verkemiddel, jf. eNorge-planen for ein meir open og brukartilpassa offentleg sektor. Utviklingsprogramma i Statens Pensjonskasse medverkar til denne eNorge-satsinga. For 2008 kan det i denne samanhengen nemnast særskilt investeringar relatert til ny plattform for Statens Pensjonskasse sitt pensjonssystem og naudsynte tilpassingar til NAV sitt pensjonsprogram. Når det gjeld sambandet med NAV sitt pensjonsprogram, må Statens Pensjonskasse setje i verk ulike tilpassingar til aktuelle endringar i NAV som følgje av den omfattande datautvekslinga mellom verksemdene i samband med samordning og utbetaling av pensjonar.

I tillegg kjem investering i nytt premieutrekningssystem (SFINX). Denne investeringa er ein føresetnad for betre og raskare forsikringstekniske utrekningar og gjennomføring av fleire og meir omfattande årsoppgjer og premieutrekningar. Systemet skal etter planen takast i bruk i 2008.

Kap. 1541 Pensjonar av statskassa

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

01

Driftsutgifter , overslagsløyving

24 572

20 900

23 800

Sum kap. 1541

24 572

20 900

23 800

Allmenn omtale

Ordninga omfattar visse grupper som ikkje har opptente pensjonsrettar i Statens Pensjonskasse. Pensjonar av statskassa vert utbetalte gjennom Statens Pensjonskasse.

Det er to hovudgrupper som mottek pensjon av statskassa:

  • arbeidstakarar som har hatt statleg tenestetilknyting utan høve til å verte medlemer av Statens Pensjonskasse, kan ytast tilleggspensjon når dei seinare har vorte medlemer og har rett til pensjon derifrå. Det finst særlege retningsliner om pensjon for krigsteneste

  • stadleg tilsette arbeidstakarar ved norske utanriksstasjonar kan gjevast vederlagspensjon av statskassa ut ifrå tilhøva på staden. Denne ordninga vert administrert i samarbeid med Utanriksdepartementet, og pensjonen vert utbetalt gjennom utanrikstenesta.

Budsjett

Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving

Løyvinga skal dekkje forventa utbetalingar til pensjonar av statskassa.

Kap. 1542 Tilskot til Statens Pensjonskasse

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

01

Driftsutgifter , overslagsløyving

6 369 759

7 484 000

8 794 000

22

Sluttoppgjer , overslagsløyving

1 150 000

545 000

70

For andre medlemer av Statens Pensjonskasse , overslagsløyving

70 195

83 000

104 000

Sum kap. 1542

7 589 954

7 567 000

9 443 000

Allmenn omtale

Kapitlet dekkjer utgifter til ytingar som etter lov om Statens Pensjonskasse eller andre lover, skal utbetalast av Statens Pensjonskasse. Vidare dekkjer kapitlet utgifter til avtalefesta førtidspensjon (AFP). Pensjonar frå Statens Pensjonskasse er alderspensjon, uførepensjon, avtalefesta pensjon, enkje-/enkjemannspensjon og barnepensjon.

Rapport

Netto auke i talet på pensjonar var på 7 361 frå 01.01.2006 til 31.12.2006.

Samordning

Det meste av samordningsfrådraga er frådrag for pensjon frå folketrygda. Ytingane frå folketrygda er regulerte med verknad for samordninga. Per 01.05.2007 utgjer grunnbeløpet i folketrygda (G) 66 812 kroner og særtillegget (i pst. av G) 79,33 pst. for einslege og 74,0 pst. for ektefellar.

Overføringar frå statskassa

Differansen mellom utgifter og inntekter utgjer overføringar frå statskassa. Overføringane i 2006 utgjorde 7,6 mrd. kroner, ein auke på 2,1 mrd. kroner frå 2005. Auken kjem i hovudsak av høgare pensjonsutbetalingar i 2006 i høve til året før, og utbetaling av førebels sluttoppgjer til Posten Noreg AS.

Budsjett

Løyvinga for 2008 byggjer på følgjande føresetnader:

  • vekst i talet på pensjonsutbetalingar ekskl. AFP: 3 pst.

  • reduksjon i talet på spesielle førtidspensjonar på 12 pst.

  • vekst i talet på AFP-pensjonar på 15 pst., og ein vekst i gjennomsnittleg utbetalt beløp på 2,5 pst.

  • grunnbeløp i folketrygda: 66 812 kroner frå 01.05.2007

  • utrekningane legg i hovudsak til grunn at dei verksemdene som er medlemer i Statens Pensjonskasse i dag, held fram med medlemskapen.

Finansieringssystemet i Statens Pensjonskasse byggjer på eit utlikningssystem som inneber at dei årlege pensjonsutbetalingane delvis vert dekte av Statens Pensjonskasse sine jamlege inntekter.

Etter § 41 i lov om Statens Pensjonskasse skal den delen av netto pensjonsutgifter som ikkje vert dekt av pensjonsinnskot og fondsavkastning, dekkjast av staten ved årlege tilskot.

I følgje § 16 i lova skal alle medlemene betale innskot med 2 pst. av pensjonsgrunnlaget. Vidare er ei rekkje verksemder pålagde å yte ein del frå arbeidsgjevar. Arbeidsgjevardelen vert rekna aktuarielt for rundt 100 verksemder, og som ein fellessats for grupper, som til dømes skuleverket. Arbeidsgjevardelen vil difor variere frå verksemd til verksemd, eller for ulike grupper av verksemder, avhengig av til dømes lønsnivå, aldersinndeling og pensjonsalder.

Budsjettering og rekneskapsføring er for ca. 40 pst. av medlemene ordna etter ein nettometode, dvs. at ein utelukkande budsjetterer med løn etter frådrag av pensjonsinnskot. Arbeidstakarane i desse institusjonane får utbetalt løn fråtrekt pensjonsinnskotet, men det vert ikkje overført pensjonsinnskot eller arbeidsgjevardel til Statens Pensjonskasse. Statstilskotet må difor i vesentleg grad oppfattast som eit «en bloc-innskot» frå dei verksemdene som ikkje er pålagde å yte innskot direkte.

Tabell 2.1 Inntekter og utgifter til Statens Pensjonskasse.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

Sluttoppgjer 1 150 000 0 545 000
Pensjonsutbetalingar 13 418 407 14 118 295 14 294 853
AFP-pensjonar 997 487 1 075 502 2 787 691
Førtidspensjonar 385 235 397 874 292 290
Yrkesskadeforsikring 8 799 12 377 8 899
Renter pensjonsutbetalingar 16 296 5 181 7 224
Renter refusjonspensjonar 0 1 036 1 101
Avskrivingar 44 117 22 795 22 946
Renter av lån av statskassa 360 643 465 000 772 000
Administrasjonsutgifter 306 590 332 000 345 000
Utgifter i alt 16 687 574 16 430 060 19 077 004
Medlemsinnskot 1 264 736 1 324 741 1 337 983
Arbeidsgivarinnskot inkl. AFP 6 957 960 6 535 226 7 057 643
Refusjon yrkesskade 8 087 14 440 11 091
Kapitalavkastning 353 522 457 000 765 000
Refusjon førtidspensjonar 374 996 400 982 294 746
Refusjonspensjonar andre ordningar 123 420 113 974 152 614
Gebyr Lån 14 898 17 000 15 000
Inntekter i alt 9 097 620 8 863 363 9 634 076
Samla tilskot (utgifter-inntekter) 7 589 954 7 566 697 9 442 928

 Utbetalte AFP-pensjonar for aldersgruppa 65–67 år etter SPKs regelverk er tidlegare rapportert under lina «Pensjonsutbetalingar». Frå 2008 inngår utbetalingane av desse pensjonane under lina «AFP-pensjonar».

Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving

Løyvinga skal dekkje differansen mellom premieinntekter og pensjonar utbetalte for tidlegare opptente rettar for medlemer i Statens Pensjonskasse. Ein forventa auke av utbetalte pensjonar (medrekna AFP-pensjonar) i 2008, samt heilårseffekten av løns- og trygdeoppgjeret i 2007 (medrekna G-regulering av pensjonsytingane) påverkar det utrekna tilskotet.

Post 22 Sluttoppgjer, overslagsløyving

Posten skal dekkje sluttoppgjer for verksemder som melder seg ut av Statens Pensjonskasse i 2008. Løyvingsanslaget gjeld eit førebels estimat for sluttoppgjeret for Mesta (utmeldt frå Statens Pensjonskasse frå 1. januar 2008). Det er knytt stor uvisse til dette anslaget. Den forsikringstekniske sluttoppgjersutrekninga for Mesta vil fyrst liggje føre i løpet av 2. kvartal 2008. Ein tek sikte på at endringar i løyvinga når det gjeld Mesta vert lagt fram i samband med RNB 2008.

Post 70 For andre medlemer av Statens Pensjonskasse, overslagsløyving

Løyvinga skal dekkje differansen mellom premieinntekter og pensjonar utbetalte for tilsette i ikkje-statlege sosiale og humanitære institusjonar som er medlemer av Statens Pensjonskasse.

Kap. 1543 Arbeidsgjevaravgift til folketrygda

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

01

Driftsutgifter , overslagsløyving

833 000

819 000

843 000

70

For andre medlemer av Statens Pensjonskasse , overslagsløyving

16 000

10 000

9 000

Sum kap. 1543

849 000

829 000

852 000

Allmenn omtale

Postane omfattar arbeidsgjevaravgift til folketrygda av berekna arbeidsgjevardel og medlemsinnskot for verksemder som ikkje er pålagde å betale arbeidsgjevardel og medlemsinnskot direkte til Statens Pensjonskasse. Dette omfattar arbeidsgjevaravgift for statsforvaltninga og for andre medlemer i Statens Pensjonskasse som ikkje betaler premie til Pensjonskassa.

Budsjett

Auken i utrekna tilskot i høve til føregåande år kjem av oppdaterte utrekna premiegrunnlag for dei ikkje-premiebetalande medlemsverksemdene i Statens Pensjonskasse. Kapitlet utgjer ei teknisk utrekning av arbeidsgjevaravgifta.

Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving

Posten gjeld utrekna arbeidsgjevaravgift for arbeidsgjevardelen av pensjonsinnskotet og for medlemsinnskotet for statsforvaltninga.

Post 70 For andre medlemer av Statens Pensjonskasse, overslagsløyving

Posten gjeld utrekna arbeidsgjevaravgift for arbeidsgjevardelen av pensjonsinnskotet og for medlemsinnskotet for andre medlemer i Statens Pensjonskasse som ikkje betaler slikt innskot direkte til Statens Pensjonskasse.

Kap. 1544 Bustadlån for statstilsette

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

90

Lån , overslagsløyving

1 084 747

1 900 000

1 300 000

Sum kap. 1544

1 084 747

1 900 000

1 300 000

Allmenn omtale

I hovudtariffavtalen er det reglar om ei låneordning som staten som arbeidsgjevar skal ha for sine tilsette. Statens Pensjonskasse administrerer ordninga.

Ordninga vert finansiert ved hjelp av fondet til Statens Pensjonskasse og ved løyvingar over statsbudsjettet når midlane i fondet ikkje strekk til. Lån vert gjeve for å skaffe bustad eller for å refinansiere bustadlån. Lån vert gjeve mot tryggleik innanfor 80 pst. av marknadsverdien til bustaden. Lånet har ei maksimal nedbetalingstid på 30 år, der tre år kan vere avdragsfrie.

Renta på bustadlån i Statens Pensjonskasse følgjer normrenta, og satsen kan endrast inntil 6 gonger per år. Maksimalt lånebeløp er 1 250 000 kroner.

Rapport

Tal på lån

Summar i mill. kroner

År

Nye lån

Talet på lån totalt

Total utlåns­portef. 31.12.

Brutto utlån

Avdrag

Kapitalbehov

1997 408 19 720 1 153 127 348 -221
1998 1 639 17 941 1 425 473 200 273
1999 9 424 23 970 4 075 2 970 325 2 645
2000 7 411 26 566 6 038 2 768 812 1 956
2001 13 713 34 069 10 624 6 227 1 633 4 594
2002 10 581 38 181 14 293 6 159 2 499 3 660
2003 4 296 33 640 13 108 2 710 3 895 -1 185
2004 2 320 30 467 11 935 1 447 2 620 -1 173
2005 3 947 29 985 12 205 2 529 2 259 270
2006 4 620 29 368 13 300 3 859 2 764 1 095

I 2006 utbetalte Statens Pensjonskasse 4 620 nye lån. Den totale porteføljen av utlån var ved utgangen av 2006 på 13,3 mrd. kroner, noko som utgjer ein auke på om lag 7 pst. frå 2005. Talet på lån er redusert med 2 pst. frå 29 985 til 29 368. Resultatkravet for 2006 var ei sakshandsamingstid på ein månad for søknader om nye lån og refinansiering. For søknader om lån til kjøp av bustad har Statens Pensjonskasse vore à jour med sakshandsaminga i heile 2006. Etter auken av maksimal lånesum i samband med hovudtariffoppgjeret steig sakshandsamingstida for andre søknader over kravet frå 2. tertial og ut året. Ved utgangen av året var handsamingstida for søknader om lån til refinansiering og lån til oppussing/ombygging av bustad utrekna til ca. 4 månader.

Budsjett

Post 90 Lån, overslagsløyving

Løyvinga skal dekkje venta utlån til bustadlån til statstilsette utover det som vert dekt av innbetalte avdrag og fondet til Statens Pensjonskasse.

Overslaget for 2008 er sett på grunnlag av oppdaterte prognoser frå Statens Pensjonskasse. Overslaget for 2007 vart auka med 1,0 mrd. kroner i revidert nasjonalbudsjett, i hovudsak som følgje av ein vesentleg auke i gjennomsnittleg utbetalt beløp per lån.

Kap. 1546 Yrkesskadeforsikring

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

01

Driftsutgifter , overslagsløyving

70 711

96 800

85 000

Sum kap. 1546

70 711

96 800

85 000

Allmenn omtale

Alle som gjer arbeid i teneste for arbeidsgjevar er omfatta av lov av 16. juni 1989 nr. 65 om yrkesskadeforsikring. Staten som arbeidsgjevar er sjølvassurandør, men arbeidstakarar i staten har dei same rettane etter lova som andre arbeidstakarar. Arbeidstakarar som er omfatta av Hovudtariffavtalen i staten er i tillegg dekte av reglane i avtalen om ytingar ved yrkesskadar. Yrkesskadeordninga omfattar personskadar som kjem av arbeidsulykker og sjukdomar som kjem av påverknad frå skadelege stoff eller arbeidsprosessar. Erstatning skal ytast utan omsyn til om nokon har skuld i skaden. Vilkåret er at skaden/sjukdomen skjer i arbeid på arbeidsstaden og i arbeidstida.

Frå 01.01.1996 er yrkesskadeforsikringa i staten basert på eit premiesystem. Dette inneber at det vert kravd ein premie av arbeidsgjevarar kvart år som skal dekkje kostnadene for dei skadane som vert konstaterte dette året, også om skaden vert meldt og gjort opp fleire år seinare. Når Statens Pensjonskasse handsamar saker der skaden vart konstatert før 01.01.1996, utbetalar Statens Pensjonskasse erstatninga for deretter å krevje summen refundert frå den aktuelle arbeidsgjevaren. Skadar konstaterte etter 01.01.1996 vert dekte av innbetalt premie.

Etter lov om yrkesskadeforsikring er staten som sjølvassurandør ansvarleg for ei rekkje andre grupper som er definerte som arbeidstakarar. Dette er grupper som er sysselsette av staten, men som likevel fell utanom tenestemannslova og hovudtariffavtalen.

For nokre grupper av arbeidstakarar, eller personar i arbeidsliknande tilhøve, har krav om yrkesskadeerstatning vorte handsama av dei ulike fagdepartementa. Frå 01.01.2004 skal alle krav om erstatning etter yrkesskadeforsikringslova handsamast av Statens Pensjonskasse.

Statens Pensjonskasse treng fleire års erfaring for å kunne seie noko om skadeomfanget for gruppene sidan det gjeld ei avgrensa risikogruppe og fordi det kan ta fleire år frå skaden oppstår og til han vert meldt. Overføringa vil for 2008 få administrative og økonomiske verknader både for Statens Pensjonskasse og for dei departementa saker vert overførte frå.

Rapport

I 2006 hadde Statens Pensjonskasse 191 utbetalingar i yrkesskadesaker. I omlag 81 pst. av sakene vart erstatningane utbetalte innan fire veker etter at naudsynt dokumentasjon låg føre. Resultatkravet for 2006 var at minst 80 pst. av erstatningane skulle utbetalast innan fire veker.

Budsjett

Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving

Framlegget til løyving på denne posten skal dekkje utgiftene til yrkesskadeutbetalingane i 2008. Løyvinga skal òg dekkje kostnadene til SPK Forvaltningsbedrift for å administrere yrkesskadeordninga, jf. omtalen under kap. 2470.

Kap. 4546 Yrkesskadeforsikring

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

01

Premieinntekter

147 426

165 000

116 000

Sum kap. 4546

147 426

165 000

116 000

Post 01 Premieinntekter

Framlegget til løyving gjeld innbetaling av yrkesskadeforsikringspremie frå alle arbeidsgjevarane som er omfatta av ordninga. Innbetalt premie er monaleg høgare enn venta utbetalt erstatning i 2008. Dette har samanheng med at det ofte kan ta fleire år før skadetidspunktet vert konstatert, og utbetalingane kjem dermed ofte fleire år etter at premien er innbetalt. Overslaget for 2007 vart redusert med 30 mill. kroner i revidert nasjonalbudsjett som følgje av ein generell reduksjon i premiesatsane. Den vidare reduksjonen i 2008-overslaget skuldast endringar i talet på årsverk som inngår i utrekninga.

Kap. 1547 Gruppelivsforsikring

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

01

Driftsutgifter , overslagsløyving

70 104

78 700

84 000

Sum kap. 1547

70 104

78 700

84 000

Allmenn omtale

Løyvinga gjeld § 23 i hovudtariffavtalen.

Rapport

I 2006 vart det utbetalt forsikring etter 194 personar med til saman 70,1 mill. kroner. Eingongsbeløpa vart utbetalte i snitt 4 dagar etter at Statens Pensjonskasse hadde motteke alle opplysningane om kven som hadde rett til å motta summen. Resultatkravet i 2006 var at eingongsbeløpa etter gruppelivsordninga skulle utbetalast innan 7 dagar etter at alle opplysningane var mottekne.

Budsjett

Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving

Løyvinga gjeld erstatningsutbetalingar og kostnadene til SPK Forvaltningsbedrift for å administrere gruppelivsordninga, jf. omtale under kap. 2470.

Kap. 4547 Gruppelivsforsikring

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

01

Premieinntekter

42 939

42 000

43 000

Sum kap. 4547

42 939

42 000

43 000

Post 01 Premieinntekter

Posten gjeld dei verksemdene som betaler gruppelivspremie direkte til Statens Pensjonskasse.

Kap. 2470 Statens Pensjonskasse

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

24

Driftsresultat

-37 021

-25 026

-18 896

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

57 049

50 200

50 361

Sum kap. 2470

20 028

25 174

31 465

Allmenn omtale

Statens Pensjonskasse administrerer den statlege tenestepensjonsordninga og pensjonsordningane for apoteketaten, statsrådar, stortingsrepresentantar, kunstnarisk personale ved Den norske Opera og følgjeperson i utanrikstenesta. Verksemda er i hovudsak regulert i lov om Statens Pensjonskasse, lov om folketrygd, lov om samordning av pensjons- og trygdeytingar, og ulike særlover knytte til dei andre ordningane som Statens Pensjonskasse administrerer.

Det er per 31.12.2006 ca. 938 000 medlemer som er knytte til pensjonsordningane som Statens Pensjonskasse administrerer. Av desse er det om lag 223 000 pensjonistar, 275 000 yrkesaktive medlemer og 440 000 med rett til framtidig pensjon. Medlemene er statstilsette, lærarar i grunnskulen og i den vidaregåande skulen, arbeidstakarar i ein del fristilte statlege verksemder, og dessutan arbeidstakarar i ein del ikkje-statlege ideelle og humanitære verksemder.

Statens Pensjonskasse er ei forvaltningsbedrift. Det er eit klart skilje mellom pensjons- og forsikringsordningane og det administrative apparatet i verksemda som forvaltar og administrerer ordningane. Rekneskapsmessig er det skipa ei eining for pensjons- og forsikringsordningane, SPK Forsikring, og ei eining for administrasjonsapparatet, SPK Forvaltningsbedrift.

Løyvinga under dette kapitlet gjeld for SPK Forvaltningsbedrift som står for økonomien i driftsorganisasjonen. SPK Forvaltningsbedrift har ein aktivitetsbasert økonomimodell der verksemda får betalt for dei tenestene som vert utførte for pensjonsordningane. Fornyings- og administrasjonsdepartementet fastset prisane for tenestene.

Rapport

Statens Pensjonskasse hadde reine pensjonsutbetalingar for 14,41 mrd. kroner i 2006. Inkludert rente- og avskrivingskostnader, vart det utbetalt pensjonar for 14,47 mrd. kroner i 2006. Tilsvarande tal for 2005 var 13,44 mrd. kroner. Dette tilsvarar ein auke i pensjonsutbetalingane på 7,5 pst. frå 2005 til 2006. Dei auka utbetalingane kjem av at det har vorte fleire pensjonistar og verknaden av trygdeoppgjeret 2006. Det vart i 2006 sett i verk totalt 14 683 nye alders-, uføre- og etterlatepensjonar, mot 14 585 i 2005. Det tilsvarer ein auke på 0,7 pst.

Statens Pensjonskasse skal utbetale korrekt utrekna pensjon til rett tid. I 2006 vart alle nye pensjonar som er omfatta av utbetalingsgarantien til Statens Pensjonskasse, utbetalte til rett tid. Utbetalingsgarantien seier at dersom ein søkjer om pensjon i tide, skal pensjonen utbetalast fyrste månaden etter lønsopphøyr. Dette gjeld alderspensjonar, uførepensjonar og etterlatepensjonar.

Statens Pensjonskasse har prioritert arbeidet med å auke kvaliteten i pensjonsutrekninga, dvs. sørgje for korrekt utrekning og utbetaling av pensjon. Av nye pensjonar skal minst 95 pst. utbetalast riktig ved fyrste gongs utbetaling. For 2006 totalt vart resultatet 95 pst. I 2006 vart det utbetalt renter for til saman 16,3 mill. kroner. Av dei totale pensjonsutbetalingane på 14,47 mrd. kroner tilsvarer dette 1,13 promille, noko som er 0,47 promillepoeng betre enn resultatkravet.

For dei andre ordningane som Statens Pensjonskasse administrerer, vert det vist til rapportdelen under dei respektive kapitla.

Statens Pensjonskasse har i all hovudsak gjennomført forsikringstekniske oppgjer innan fastsett frist for verksemder med fiktive fond i pensjonskassa.

Informasjon og service

I satsinga på fornying av offentleg sektor er ein sentral del å leggje til rette for betre informasjon og service frå offentlege verksemder. Vidareutvikling av dei interaktive tenestene er i denne samanhengen eit viktig verkemiddel.

Gjennom utvikling av internettløysingar arbeider Statens Pensjonskasse med å betre tilgang til og flyt av informasjon. Somme arbeidsgjevarar har direkte tilgang til å kontrollere og rette opp eigne data i systemet til Statens Pensjonskasse. Medlemene har høve til å kontrollere si eiga pensjonsopptening, og alle lånesøknader kan sendast elektronisk til Statens Pensjonskasse.

Kundesenteret i Statens Pensjonskasse svara på ca. 78 000 telefonar og 4 500 brev i 2006. I tillegg kom det 7 700 e-postmeldingar mot 7 100 i 2005.

Om lag 96,8 pst. av alle telefonar vart svara på ved fyrstegongs oppringing, mot 97,8 pst. i 2005. Brev vert i hovudsak svara på innan fire veker, eller med førebels svar innan fire veker.

Våren 2007 vart det gjennomført ei brukarundersøking mot aktive medlemer og pensjonistar som gav god tilbakemelding på service, brev og brosjyrar.

Statens Pensjonskasse har prioritert ulike informasjonstiltak knytte til utvikling i pensjonsordninga til dei ulike premiebetalande medlemsverksemdene. Verksemder med tildelte fond får no betre oppfølging og informasjon enn tidlegare.

Kvalitetssikring av medlemsdata

Ei viktig oppgåve for Statens Pensjonskasse er å ta i mot og/eller ta vare på medlemsdata for alle medlemene. Kvar arbeidsgjevar har plikt til å sende inn påkravde medlemsdata til Statens Pensjonskasse. Totalt omfattar dette i overkant av 1 600 arbeidsgjevarar.

Medlemsdata vert nytta til fleire føremål. Dei vert brukte til å rekne ut korrekt pensjonspremie for arbeidsgjevarane, rekne ut korrekt pensjon for pensjonistane, og gje informasjon om framtidig pensjon til medlemene. Vidare er medlemsdata kritisk for utrekning av forpliktingane og andre analyseføremål. Kvaliteten på medlemsdata er heilt sentral for at Statens Pensjonskasse skal kunne vere ein profesjonell, kunderetta aktør.

Kvaliteten på medlemsdata er framleis ikkje god nok. Statens Pensjonskasse har i fleire år arbeidd med å betre kvaliteten på historiske data. I tillegg til det interne arbeidet med å rette opp data, arbeider Statens Pensjonskasse saman med kundane for å betre rutinane for innrapportering.

Statens Pensjonskasse har ein stadig meir omfattande og kompleks systemportefølje som skal støtte opp under kjerneverksemda. For å oppretthalde driftsstabiliteten på denne systemporteføljen må både underliggjande infrastruktur og applikasjonar haldast teknisk oppdaterte, og det må finnast gode driftsrutinar og -verkty. Statens Pensjonskasse har i 2006 fokusert på å sikre ein god underliggjande infrastruktur for systema. Dette arbeidet vert vidareført i 2007 og etablering av gode driftsrutinar vert sett i fokus. På applikasjonsnivå har Statens Pensjonskasse i 2006, gjennom arbeidet med nytt premieutrekningssystem, starta på ei omlegging av eit av dei mest kritiske systema til ny teknisk plattform i verksemda. Arbeidet med oppdatering av mellom anna teknisk plattform vil skje over fleire år, og gjere sitt til å sikre ein god driftsstabilitet i Statens Pensjonskasse.

Resultatmål

Statens Pensjonskasse skal i 2008:

  • utbetale korrekt pensjon til rett tid

  • drive målretta informasjon med særleg vekt på dei rettar og oppgåver/plikter som medlemene og arbeidsgjevarane har

  • vidareføre arbeidet med å sikre driftsstabilitet ved kjerneverksemda sitt datasystem og med det redusere risikoen for problem i samband med tenesteproduksjonen

  • vidareføre arbeidet med å betre kvaliteten i medlemsdatabasen. SPK Forvaltningsbedrift skal sørgje for at medlemsopplysningane som vert henta inn og lagde i medlemsdatabasen, er av tilfredsstillande kvalitet. SPK Forvaltningsbedrift skal òg arbeide vidare med å rydde opp i gamle medlemsdata

  • prioritere arbeidet med informasjon retta mot den premiebetalande delen av medlemsmassen, spesielt knytt til utviklinga i pensjonsordninga for kvar medlemsverksemd

  • prioritere arbeidet med forsikringstekniske utrekningar. Det skal gjennomførast årlege forsikringstekniske oppgjer innan 1. juni for verksemder med fiktive fond

  • vidareføre arbeidet med service mot medlemene og generelt yte god service til enkeltmedlemer og arbeidsgjevarar målt i høve til å vere tilgjengelege ha låge restansar og høg brukartrivsel

  • vidareutvikle informasjonsteknisk verkty for å effektivisere drifta og yte tenester av høg kvalitet til medlemene

  • handsame søknader om nye lån og refinansiering innan ein månad

  • utbetale forsikringsbeløpa under gruppelivsforsikring innan ei veke etter at påkravd dokumentasjon er motteken

  • utbetale minst 80 pst. av erstatningane under yrkesskadeforsikringa innan fire veker etter at påkravd dokumentasjon er motteken.

Budsjett

Post 24 Driftsresultat

 

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

24.1

Driftsinntekter , overslagsløyving

-347 956

-369 558

-388 253

24.2

Driftsutgifter , overslagsløyving

260 385

278 101

314 498

24.3

Avskrivingar

17 685

30 614

37 800

24.4

Renter av staten sin kapital

425

55

24.5

Til investeringsformål

33 571

40 898

17 059

24.6

Til reguleringsfond

-1 131

-5 136

Sum post 24

-37 021

-25 026

-18 896

Underpost 24.1 Driftsinntekter, overslagsløyving

Inntekta til SPK Forvaltningsbedrift er knytt til betaling for dei administrative tenestene som vert utførte for pensjonsordningar og andre produkt i SPK Forsikring.

Ca. 88 pst. av inntekta kjem frå administrasjon av dei ulike pensjonsordningane, der inntekt knytt til den statlege pensjonsordninga etter lov om Statens Pensjonskasse utgjer det aller meste.

Inntektsauken kjem i hovudsak av auka volum og av at dei administrative prisane for 2008 er justerte opp som følgje av kostnadsutviklinga (pris- og lønsvekst) og ei styrking av den IT-relaterte delen av driftsramma.

Underpost 24.2 Driftsutgifter, overslagsløyving

Per 31.12.2006 hadde SPK Forvaltningsbedrift ca. 275 årsverk. Lønskostnader utgjer om lag halvparten av driftskostnadene i verksemda.

Dei auka driftsutgiftene kjem i hovudsak av venta pris- og lønsvekst, og dessutan av ein naudsynt auke i IKT-kostnadene. Inkludert i driftsutgiftene er kostnader knytte til investeringsprosjekta som ikkje kan aktiverast.

Underpost 24.3 Avskrivingar

Statens Pensjonskasse gjer avskrivingar av aktiverte driftsmidlar. Avskrivingane startar året etter kjøpsåret. Det vert nytta lineære avskrivingar der historisk kostpris på aktiverte driftsmidlar vert avskriven med satsar på 15 pst. for inventar og 25 pst. for kontormaskinar (inkludert IKT-utstyr og programvare).

Underpost 24.4 Renter av staten sin kapital

I samsvar med reglane for forvaltningsbedrifter skal det svarast rente for den kapitalen som er investert i bedrifta.

Underpost 24.5 Til investeringsformål

Posten omfattar avsetning til eigenfinansierte investeringar, jf. kap. 5470, post 30.

Underpost 24.6 Til reguleringsfond

Reguleringsfondet skal nyttast til å dekkje svingingar i verksemda sin økonomi mellom ulike år, og til å dekkje effektane av lønsoppgjer og uføresette utgifter i kvart budsjettår. Fondet er ein del av eigenkapitalen til forvaltningsbedrifta. Ein legg til grunn at reguleringsfondet kan brukast til gjenkjøp av mellom anna systemløysingar. Ein gjer vidare framlegg om at det vert gjeve høve til å omdisponere inntil 10 mill. kroner frå reguleringsfondet til investeringsformål, jf. forslag til vedtak III.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga under posten skal gå til dei tre strategiske utviklingsprogramma for kvalitet og prosess, IKT og elektronisk samhandling.

Løyvinga skal særleg dekkje IKT-investeringar relatert til ny plattform for Statens Pensjonskasse sitt pensjonssystem og naudsynte tilpassingar til NAV sitt pensjonsprogram i 2008.

Tabell 2.2 Balanse Statens Pensjonskasse

Rekneskap 2005

Rekneskap 2006

Eigedelar:
Omløpsmidlar
Fordringar 24 151 070 27 869 657
Anleggsmidlar
Driftsmidlar 51 621 011 90 984 638
Sum eigedelar 75 772 081 118 854 295
Gjeld og eigenkapital:
Kortsiktig gjeld
Kortsiktig gjeld 6 859 693 11 709 044
Langsiktig gjeld
Statens renteberande kapital 6 068 407 11 861 525
Sum gjeld 12 928 100 23 570 569
Eigenkapital
Reguleringsfond 17 291 377 16 160 613
Eigenkapital elles 45 552 604 79 123 113
Sum eigenkapital 62 843 981 95 283 726
Sum gjeld og eigenkapital 75 772 081 118 854 295

Kap. 5470 Statens Pensjonskasse

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

30

Avsetning til investeringsformål

33 571

40 898

17 059

Sum kap. 5470

33 571

40 898

17 059

Post 30 Avsetning til investeringsformål

Løyvinga gjeld avsetningar til investeringsformål til inntekt i statsrekneskapen, jf. omtale under kap. 2470, underpost 24.5.

Kap. 5607 Renter av bustadlånsordninga for statstilsette

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

80

Renter

360 643

465 000

772 000

Sum kap. 5607

360 643

465 000

772 000

Allmenn omtale

Kapitlet er budsjettering av renteinntekter knytte til bustadlåneordninga i Statens Pensjonskasse, jf. kap. 1544. Frå 01.05.2007 har renta vore 4,25 pst. Renta vart sett opp til 4,75 pst. frå 1. juli 2007.

Budsjett

Post 80 Renter

Posten gjeld renteinntekter knytte til bustadlåneordninga i Statens Pensjonskasse, jf. kap. 1544.

Auken i utrekna renteinntekter i 2008 i høve til saldert budsjett 2007, kjem mellom anna av oppdaterte prognoser for utlånsveksten i 2007, i tillegg til renteauke. Utlånsveksten i 2007 er forventa å verte høgare enn den løyvde ramma i saldert budsjett, jf. kap. 1544. I utrekna inntekt for 2008 er det lagt til grunn ein vekst i utlånsporteføljen, jf. kap. 1544, og ei utlånsrente på 4,75 pst.

Programkategori 01.50 Konkurransepolitikk

Utgifter under programkategori 01.50 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

Pst. endr. 07/08

1550

Konkurransetilsynet

105 706

83 112

84 209

1,3

Sum kategori 01.50

105 706

83 112

84 209

1,3

Inntekter under programkategori 01.50 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

Pst. endr. 07/08

4550

Konkurransetilsynet

2 937

193

201

4,1

Sum kategori 01.50

2 937

193

201

4,1

Allmenn omtale

Satsinga på handhevinga av konkurranselova og EØS-konkurranselova held fram som før. Sjå meir om dette i omtalen under kap. 1550 Konkurransetilsynet.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet har det overordna ansvaret for gjennomføringa av konkurransepolitikken. Dette inneber mellom anna eit ansvar for:

  • utforming og forvaltning av den norske konkurranselova, pristiltakslova, EØS-konkurranselova, lov om offentlege innkjøp og lov om offentleg støtte med føresegner m.m.

  • gjennomføring av konkurransereglane i EØS-avtala i norsk rett

  • overordna styring av Konkurransetilsynet, inkludert sekretariatet til Klagenemnda for offentlege innkjøp (KOFA)

  • å syte for at det vert lagt tilstrekkeleg vekt på konkurranseomsyn innanfor andre politikkområde.

Det er i hovudsak Konkurransetilsynet som står for den daglege utøvinga av konkurransepolitikken gjennom handheving av konkurranselova og andre føresegner. I det følgjande er det i all hovudsak departementet sitt arbeid på det konkurransepolitiske området som skal omtalast. Verksemda til Konkurransetilsynet vert omtala under kap. 1550.

Føresegner på konkurranseområdet

Konkurranselova

Føremålet med konkurranselova er å fremje konkurranse for å få effektiv bruk av ressursane i samfunnet, med særleg vekt på forbrukarane sine interesser. Viktige trekk ved konkurranselova er:

  • konkurranselova forbyr samarbeid som avgrensar konkurransen mellom føretak og forbyr føretak å utnytte ei dominerande stilling på ein uhøvisk måte

  • konkurranselova gjev Konkurransetilsynet høve til å gje pålegg om gebyr for brot på lova. Gebyret skal liggje på same nivå som dei tilsvarande bøtene EU-kommisjonen kan gje. Perioden frå brotet vert avdekt til reaksjon er korta ned ved at Konkurransetilsynet ikkje lenger må melde brota til påtalemakta

  • konkurranselova opnar for å redusere gebyret for dei som melder frå om brot på konkurranselova og samarbeider med Konkurransetilsynet om oppklåring av brota

  • Konkurransetilsynet skal gripe inn mot føretakssamanslutningar som vil føre til eller forsterke ei vesentleg innskrenking av konkurransen. Meldeplikta for føretakssamanslutningar gjev Konkurransetilsynet høve til å overvake strukturendringar i næringslivet

  • i 2005 evaluerte Konkurransetilsynet meldeplikta for å sikre ei best mogleg tilpassa ordning og ei enklast mogleg innrapportering for næringslivet. Evalueringa viste at for mange føretakssamanslutningar var omfatta av meldeplikta, utan at dette førte til fleire inngrep. Dette resulterte i at meldeplikta vart monaleg innskrenka i 2006, ved at omsetningsgrensene vart dobla. Føremålet med dette var å lette børene for næringslivet, samstundes som Konkurransetilsynet sine ressursar vert utnytta meir effektivt.

EØS-konkurranselova

EØS-avtala er av særskilt konkurransepolitisk rekkjevidd. 19. mai 2005 tok den nye EØS-konkurranselova til å gjelde. Dermed har Konkurransetilsynet fått heimel til å handheve forboda i EØS-avtala mot samarbeid som minskar konkurransen mellom føretak og mot uhøvisk utnytting av ein dominerande posisjon. Lova slår fast ei plikt til å bruke desse føresegnene når det er påkravd. Konkurransereglane i EØS og Noreg svarar til konkurransereglane i EU.

Revidert regelverk om offentlege innkjøp

Offentleg forvaltning i Noreg kjøper varer og tenester for nærare 270 mrd. kroner i året. Føremålet med regelverket for offentlege innkjøp er å sikre at offentlege midlar vert nytta best mogleg gjennom kostnadseffektive innkjøp, mellom anna ved bruk av konkurranse og ved at offentleg sektor ikkje skal gjere skilnad på leverandørar. Regelverket skal òg medverke til at det offentlege opptrer med stor integritet, slik at allmenta har tillit til at offentlege innkjøp skjer på ein samfunnstenleg måte.

Regjeringa har innført eit nytt og betre regelverk for offentlege innkjøp som tok til å gjelde 1. januar 2007. Bruk av elektroniske forretningsprosessar og ehandel er nå jamstelte med tradisjonelle innkjøp. Det er òg innført eigne reglar om gjennomføring av elektroniske auksjonar og rammeavtalar, og ein eigen prosedyre for særleg kompliserte innkjøp. Det er innført ei plikt til å skrive protokoll for alle innkjøp som kostar over 100 000 kroner. Ved innkjøp over denne summen er det òg krav om at alle tilbydarane leverer skatteattest, og at den leverandøren som får kontrakten, leverer HMS-eigenmelding.

Den nye føresegna om gebyr mot ulovlege direkte innkjøp tok til å gjelde 1. januar 2007. Det inneber at oppdragsgjevaren kan straffast med eit gebyr på inntil 15 pst. av verdien på kjøpet dersom kunngjeringsplikta vert brote. Gebyret skal hindre at innkjøparar med vilje eller grovt aktlaust set regelverket til side, og motverke korrupsjonsliknande praksis.

Ei anna nyskaping i regelverket, er eit krav om at innkjøparar skal ta omsyn til universell utforming under planlegginga av innkjøpet. Dette skal føre til at produkt og omgjevnader vert utforma slik at dei kan nyttast av alle, òg av personar med nedsett funksjonsevne.

Regelverket om offentleg støtte

Fornyings- og administrasjonsdepartementet har ansvar for reglane om offentleg støtte. Hovudregelen i EØS-avtalen er at offentleg støtte til næringsverksemd ikkje er tillate. Det er likevel gjort ei rekkje unntak frå hovudregelen, mellom anna støtte til føremål som FoU, miljø, regionar og kompetanseheving. Støttegjevar, det vil seie departement, fylkeskommune eller kommune, har ansvar for at støtte vert gjeve i samsvar med regelverket og for at støtte vert godkjent av ESA når det er påkravd. Fornyings- og administrasjonsdepartementet sikrar norske interesser i saker (notifikasjons- og klagesaker) mellom norske styresmakter og ESA på området og koordinerer sakshandsaminga.

Departementet har òg ansvar for at EU-reglane på feltet vert gjennomførte i norsk rett. I samband med utforminga av nye reglar i EU-kommisjonen arbeider departementet med å sikre norske interesser i prosessen. Det inneber at departementet syter for å klårgjere norske interesser internt og freistar å påverke regelverksutforminga i Kommisjonen ved å delta på arbeidsmøte og gje skriftlege innspel. Ei ny rettleiing for offentleg støtte er utarbeidd av departementet i 2007.

Hovudliner i konkurransepolitikken

Styresmaktene legg rammene for kvar det skal vere konkurranse og korleis konkurransen skal verke på ulike område ved utforming og handheving av konkurranseregelverket og ved utforming av andre offentlege reglar og tiltak som påverkar konkurransen.

Konkurranse gjev i hovudsak positive verknader. Ressursane vert utnytta godt, marknadsaktørane vert meir effektive, og vert dermed meir konkurransedugande på internasjonale marknader. Konkurranse gjev forbrukarane tilbod om varer og tenester av god kvalitet til rett pris.

Samstundes er det viktig å hugse på at konkurranse ikkje alltid er eit riktig verkemiddel for å nå viktige samfunnsmål. For å løyse problem knytte til marknadssvikt som til dømes forureiningar, naturlege monopol som i kraftnettet og tilverking av kollektive gode som vegar, er det påkravd med offentleg styring og kontroll. Marknaden åleine tek heller ikkje tilstrekkeleg omsyn til fordeling av velferd. Difor har Regjeringa i Soria Moria-erklæringa slege fast at ein innan viktige område som helse, omsorg og utdanning, og tryggleik mellom anna i jernbanesektoren, skal byggje på fellesskapsløysingar og styrkje ansvaret til det offentlege.

I mange marknader treng ein ikkje å setje i verk særskilde tiltak for å nå spesielle samfunnsmål. Offentlege tiltak kan gjennomførast for å korrigere marknadssvikt utan stor innverknad på konkurransen. Avgift på forureiningar er eit døme på korrigering av marknadssvikt. I slike marknader vert konkurransen regulert gjennom konkurranselova. I tillegg gjer regelverket for offentlege innkjøp sitt til å stimulere konkurransen.

I omregulerte marknader, som til dømes i telesektoren, er det i tillegg til reglane i konkurranselova særlege konkurransereglar som vert handsama av sektorstyresmaktene. Når marknader vert omregulerte og opna for konkurranse, inneber det ei utviding av det praktiske verkeområdet til konkurranselova. Då er det viktig med ei god samordning mellom sektorstyresmakter og konkurransestyresmaktene for å unngå motstridande politiske signal og ulik handheving av regelverket.

På ein del område er det påkravd å setje i verk offentlege tiltak som grip inn i marknads- og konkurransetilhøva. Det kan til dømes vere konsesjonsordningar som skal sikre at marknadsaktørane har tilstrekkelege kvalifikasjonar, men som gjer det vanskelegare å etablere seg for nye konkurrentar. Her set både konkurranselova og dei offentlege reguleringane rammer for konkurransen.

Konkurransestyresmaktene skal peike på konkurranseskadelege verknader av offentlege reguleringar og føreslå tiltak som kan avgrense dei skadelege verknadene. I mange konkurransesaker vil verknadene vere små for den einskilde forbrukar og større for den næringsdrivande. Dei sistnemnde vil òg drive meir aktiv lobbyverksemd. I utøvinga av konkurransepolitikken må vi difor vere særleg merksame på veginga av omsyn til forbrukarane opp mot næringsomsyn. Dei offentlege tiltaka må òg liggje innanfor rammene av konkurransereglane i EØS-avtala og EØS-regelverket om offentlege innkjøp og offentleg støtte.

Sunne konkurransemarknader vert best sikra gjennom ei streng konkurranselov og eit effektivt tilsyn frå konkurransestyresmaktene. Konkurranselova og EØS-konkurranselova skal motverke handlingar som hindrar marknadsmekanismane i å verke, slik som misbruk av marknadsmakt og konkurranseavgrensande avtalar mellom føretak. Saman med regelverket for offentleg støtte til næringslivet og regelverket for offentlege innkjøp skapar dette ein heilskapleg konkurransepolitikk.

Hovudmål og strategiar

I dei marknadene der Regjeringa ynskjer konkurranse, skal konkurransestyresmaktene føre ein aktiv konkurransepolitikk for å sikre gode og rimelege varer og tenester til forbrukarane og fremje effektivitet i desse marknadene.

For å oppnå dette, arbeider departementet mot desse hovudmåla på det konkurransepolitiske området:

  • konkurranselova, EØS-konkurranselova, regelverket om offentlege innkjøp og regelverket om offentleg støtte skal utviklast i samsvar med internasjonale plikter og vere effektive verkemiddel for å fremje konkurranse

  • etatstyringa av Konkurransetilsynet skal ha klare mål, ei tydeleg oppfatning av rollefordelinga mellom departement og tilsyn, og resultatoppfølging som sikrar ei effektiv utøving av konkurransepolitikken og handheving av lova

  • norske interesser skal takast omsyn til når ESA handsamar klager og notifikasjonar etter regelverket om offentleg støtte

  • departementet og Konkurransetilsynet skal saman syte for at det vert lagt vekt på konkurranseomsyn der Regjeringa ynskjer konkurranse. Mellom anna skal departementet:

    • stimulere til konkurranse og grunnlag for nyetablering ved offentlege innkjøp

    • hindre tildeling av ulovleg offentleg støtte og motverke skadeleg støtte

    • synleggjere omsynet til konkurransen ved offentlege tiltak.

Vidareutvikling av regelverket

Regjeringa vurderer å gjere framlegg om endring av § 21 i konkurranselova. Føresegna gjev rett til å omgjere Konkurransetilsynet si avgjerd i saker om føretakssamanslutningar som har prinsipiell eller stor samfunnsmessig verdi, dersom andre viktige samfunnsomsyn talar for det. Bakgrunnen for vurderingane er eit ynskje om å tydeleggjere handsaminga av desse sakene.

Departementet sendte sommaren 2007 på høring eit framlegg om ny forskrift i medhald av konkurranselova § 16 femte ledd om verksemda til ein forvaltar. Retten tilsynet har til å velje ein forvaltar til å hjelpe til ved gjennomføringa av inngrep mot føretakssamanslutningar vart innført i konkurranselova av 2004. Tilsynet har nytta seg av retten i to tilfelle. Forskrifta skal gje nærare retningsliner om vervet og verksemda til ein forvaltar. Bakgrunnen for reglane om forvaltar er mellom anna ynskja om å konsentrere ressursane til tilsynet om kjerneverksemda. Røynsla syner at oppfølginga av inngrep mot føretakssamanslutningar kan binde opp monalege ressursar og krevje særleg kompetanse som det ikkje er sjølvsagt at tilsynet har.

Departementet har òg bede Konkurransetilsynet greie ut om det skal gjevast ei føresegn om unnatak frå konkurranselova § 10 slik at busselskap kan samarbeide om fylkeskryssande eks­press­bussrutar.

Handheving av forbodsføresegnene i konkurranselova

Det er nå tre år sidan den gjeldande konkurranselova tro i kraft. Lova førte til eit generelt forbod mot konkurransebegrensande samarbeid og at uhøvisk utnytting av dominerande posisjon vart forbode. Tidligare måtte tilsynet gripe inn og forby misbruk av marknadsmakt i kvart høve. Endringane har skapa nye utfordringar for tilsynet og ført til at ein større del av verksemda vert retta inn mot avdekking av lovbrot. Sidan tilsynet kan velje å skrive ut gebyr for lovbrot, i staden for politimelding, vil fleire saker kunne avsluttast i tilsynet.

Inngrep mot føretakssamanslutningar

Konkurranselova av 2004 innebar ein strengare kontroll med føretakssamanslutningar og det vart innført meldeplikt for fusjonar og oppkjøp. Konkurransetilsynet skal gripe inn mot føretakssamanslutningar dersom desse fører til eller styrkjer ein vesentleg avgrensing av konkurransen. Departementet er klageinstans i desse sakene. Tilsynet gjer mange vedtak om gebyr for ikkje melde eller for seint melde føretakssamanslutningar, i 2006 var det 66 slike vedtak.

Internasjonalt arbeid

Konkurransestyresmaktene deltek i EU-kommisjonen og EFTAs overvåkningsorgan si utvikling av nytt konkurranseregelverk og handheving av konkurransereglane i enkeltsaker. EU har etablert eit nettverk av konkurransestyresmakter (European Competition Network) for å gjere handhevinga av konkurransereglane i EU så effektive som mogleg. EFTA-pilaren er ikkje medlem i nettverket. For at konkurransetilsynet i EFTA-landa og EFTAs overvåkningsorgan likevel og i størst mogleg grad skal kunne delta i møter i nettverket, der det vert utveksla konfidensiell informasjon mellom konkurransestyresmaktene, er det teke inn ei føresegn i protokoll 23 EØS som sikrar utveksling av konfidensiell informasjon som er innhenta på grunnlag av artikkel 81 og 82 EF også med EFTA-pilaren.

Konkurransestyresmaktene deltek i samarbeidet i OECD. Tema som særleg har vore handsama i 2007 er konkurransepolitikk i finansmarknadene, samspelet mellom konkurransepolitikk og energipolitikk, samarbeid mellom konkurransestyresmakter og påtalemakt, resultat av konkurransestyresmaktenes arbeid, tiltak mot brot på konkurransereglane ved offentlege anskaffingar og fusjoner og fusjonspolitikk.

Dei nordiske konkurransestyresmaktene har årlege konferansar og drøfter saker av felles interesse.

Prioriterte område

Styrking av Klagenemnda for offentlege innkjøp – KOFA

Klagenemnda er eit uavhengig organ med 10 medlemer oppnemnde av Kongen i statsråd. Nemnda handsamar klager om brot på lov om offentlege innkjøp med forskrifter. Sekretariatet til nemnda ligg i Konkurransetilsynet. Regjeringa har både i 2006 og 2007 gjeve ekstra løyvingar til KOFA.

Med hjelp av ekstra tilsettingar i sekretariatet har restansane i KOFA minka. Frå hausten 2007 skal ressursane i sekretariatet reduserast til eit nivå som ein meiner er tilstrekkeleg for å halde sakshandsamingstida innanfor dei måltala som er sett for gjennomsnittleg sakshandsamingstid for nye saker i perioden etter hausten 2007. Dette vil i seg sjølv betre etterlevinga av reglane. Den sanksjonen om ilegging av gebyr på inntil 15 pst. av ulovleg direkte innkjøp som KOFA har til rådvelde frå 2007, vil òg medverke til betre etterleving av reglane. Sjå elles omtale av KOFA under kap. 1550 Konkurransetilsynet.

Innsats mot konkurransekriminalitet

Brot på konkurranselova (konkurransekriminalitet) fører med seg omfattande kostnader for samfunnet, men er vanskeleg å avdekkje. Konkurransekriminalitet blir kjenneteikna ved at seljarane på ulike måtar koordinerer åtferda si med sikte på å lure kjøparane, som er forbrukarar, offentlege innkjøparar eller private føretak. Regelverket for offentlege innkjøp skal hjelpe til slik at midlane vert nytta på ein best mogleg måte, men det er avdekt alvorlege brot på innkjøpsregelverket. Svært mykje korrupsjon er kjenneteikna ved at representantar for kjøparar tek imot ulike former for ytingar, mot at seljarane slepp å konkurrere om oppdrag i ein fungerande marknad.

Resultatet er auka kostnader for stat og kommune, dårlegare konkurranseevne for norsk næringsliv og svekkja tillit til offentleg forvaltning. Departementet vil difor be Konkurransetilsynet setje inn auka ressursar og styrkje etterforskinga retta mot avdekking av konkurransekriminalitet. Departementet vil òg be Konkurransetilsynet vurdere samanhengen mellom konkurransekriminalitet og brot på regelverket for offentlege innkjøp.

Faktabasert gjennomgang av innretninga på konkurransepolitikken

I budsjettinnstillinga for 2006 frå Næringskomiteen ber fleirtalet i komitéen Regjeringa om å ta ein ny og faktabasert gjennomgang av innretninga på konkurransepolitikken. Departementet følgjer opp dette med å gjennomføre ei evaluering av heving av nasjonal terskelverdi og ei konsekvensutgreiing av eventuelle ytterlegare terskelverdihevingar og innføring av forenkla kunngjeringsplikt for offentlege innkjøp under nasjonal terskelverdi. I tillegg vil departementet gjennomføre ei faktabasert utgreiing av røynsler med konkurranseutsetjing i eit utval av marknader.

Etatstyring av Konkurransetilsynet

Nytt økonomiregelverk og auka fokus på forvaltningsrevisjon har forsterka krava til oppfølging av Konkurransetilsynet sine faglege prioriteringar, ressursdisponeringar og resultatrapportering. Som ein del av arbeidet med å forbetre Konkurransetilsynet si resultatrapportering og synliggjeringa av den nytten konkurransepolitikken har i marknader som er tilrettelagde for konkurranse, er departementet i gang med ei evaluering av etatstyringa av Konkurransetilsynet. Alle sider av etatstyringa av Konkurransetilsynet vert evaluert. Evalueringane er støtta av eksterne utgreiingar.

Oppfølging av visse marknader

Konkurranse er eit viktig verkemiddel for å nå sentrale samfunnsmessige mål om effektiv bruk av ressursane i økonomien. Nokre marknader som har fått særleg stor merksemd i den seinare tida vil bli omtala her.

Tiltaka som konkurransestyresmaktene har gjennomført i innanriks luftfart er eit døme på at auka konkurranse gjev omfattande føremoner som lågare prisar og meir effektiv ressursbruk. Fornyings- og administrasjonsdepartementet fastsette 20.06.2007 ei ny forskrift som kjem i staden for tidlegare vedtak og som gjev eit varig forbod mot opptening av bonuspoeng på innanlandske flyreiser. Forskrifta gjeld frå 01.08.2007 for alle flyselskap med flyreiser innanlands i Noreg. Bakgrunnen for forbodet er at opptening av bonuspoeng bind kundane til eitt selskap på ein måte som svekkjer konkurransen. For å hindre konkurransevriding mellom norske etablerte selskap og utanlandske aktørar er det gjeve eit totalforbod i forskrifta som gjeld alle selskap utan omsyn til marknadsdel.

Regjeringa ynskjer å sikre breidde på talet utgjevingar i bokbransjen og gjere sitt til at mange bokhandlarar kan halde oppe drifta. Dette veg opp mot omsynet om auka konkurranse og lågare bokprisar. Endringane som er gjennomførte i bokmarknaden synest òg å ha ført til ein meir aktiv konkurranse, sjølv om aktørane framleis får høve til å gjennomføre konkurranseavgrensande tiltak i denne marknaden. Frå 01.01.2005 mista bokklubbane eineretten til å gje rabattar på ny norsk litteratur. Under den nye bransjeavtala har alle salskanalane lov til å gje 12,5 pst. rabatt på fastprisen på lærebøker, skjønnlitteratur og sakprosa. Gjeldande unnatak frå § 10 i konkurranselova for samarbeid om faste vidaresalsprisar for lærebøker til høgskular og universitet er vidareført fram til 01.07.2008 ved kongeleg resolusjon av 27. 06. 2007.

Konkurransetilsynet har evaluert effekten av regelverksendringane, og resultata viser at regelverksendringane har verka stimulerande. Ei ny evaluering skal gjennomførast i 2007.

Meierisektoren er av landbrukspolitiske omsyn underlagt eit omfattande og komplisert reguleringssystem. Sjølv om det landbrukspolitiske regelverket har opna for konkurranse, er konkurranseintensiteten framleis låg, og Tine er dominerande i dei fleste produktsegment. Regjeringa har vedteke å endre element i regelverket for marknadsordninga for mjølk med verknad frå 01. 07. 2007. Endringane inneber at Konkurransetilsynet må bruke meir ressursar på å følgje opp konkurransen i meierisektoren.

Kap. 1550 Konkurransetilsynet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

01

Driftsutgifter

79 017

78 112

79 209

22

Flyttekostnader , kan overførast

21 661

23

Klagenemnda for offentlege innkjøp

5 028

5 000

5 000

Sum kap. 1550

105 706

83 112

84 209

Generell omtale

Konkurransetilsynet skal føre tilsyn med konkurransetilhøva i norsk økonomi. Det rettslege grunnlaget for tilsynet si verksemd er konkurranselova og EØS-konkurranselova. Tilsynet skal mellom anna føre kontroll med føretakssamanslutningar og handheve forboda mot misbruk av dominerande stilling og mot konkurranseavgrensande samarbeid.

Rapport

Handheving av forboda i konkurranselova

Konkurransetilsynet har meldt 46 saker om brot på forbodsføresegnene til politiet sidan 1986. Samla er det ilagt bøter på 125 mill. kroner. Dei fleste sakene gjeld samarbeid mellom konkurrentar. Det er vesentleg at tilsynet sitt arbeid på dette området gjev ein avskrekkande effekt slik at aktørane i næringslivet avstår frå kartellverksemd. Tilsynet prioriterer difor dette arbeidet innanfor gjevne rammer.

I 2006 skreiv Økokrim ut førelegg på til saman 36 mill. kroner, og fekk gjennomført inndraging på 5,6 mill. kroner mot ni entreprenørar i asfaltbransjen og byggebransjen. Sakene, som vart melde til politiet av Konkurransetilsynet, gjaldt grove brot på konkurranselova for mellom anna ulovleg marknadsdeling og pris- og anbodssamarbeid. Skanska og Veidekke har vedteke dei utmålte førelegga på til saman nærare 18 mill. kroner. Konkurransetilsynet har innvilga lemping etter konkurranselova i ei sak. Saka er framleis under etterforsking.

I den seinare tida har tilsynet mellom anna pålagt opphøyr av samarbeidet om ekspressbussruta Kystbussen som trafikkerer strekninga Bergen – Stavanger. Årsaka til vedtaket er at Kystbussen er det einaste ekspressbusstilbodet på strekninga, og at samarbeidet mellom anna omfattar pris og kapasitet. Konsekvensen var at samarbeidspartane Tide og Veolia ikkje konkurrerte om ekspressbusstransport på strekninga, noko som kunne føre til høgare prisar, mindre innovasjon og mindre effektiv drift. Departementet har no bede Konkurransetilsynet greie ut om det skal gjevast ei føresegn om unnatak frå konkurranselova § 10 slik at busselskap kan samarbeide om fylkeskryssande ekspressbussruter.

Vidare har tilsynet vurdert å gripe inn mot daglegvarekjedene si utveksling av prisinformasjon kvar veke gjennom analysebyrået ACNielsen. Slik informasjonsutveksling kan redusere konkurransen mellom partane. Etter å ha vorte orientert om tilsynet sine vurderingar, har partane sjølve valt å endre praksis. Det vert ikkje lenger mogleg å sjå prisane for kvar kjede og rapportane vil no berre kome kvar fjerde veke. Dermed vert informasjonen som vert utveksla mindre detaljert og mindre fersk, og som følgje av dette mindre eigna til å avgrense konkurransen.

Med konkurranselova av 2004 har det vorte innført eit forbod mot misbruk av marknadsdominans. Tilsynet har gjort vedtak i to store saker om brot på dette forbodet: SAS-Braathen si prisåtferd på ruta Oslo-Haugesund og mogleg misbruk av marknadsmakt frå TINE si side i samband med årsavtalar med daglegvarekjedene. SAS tok saka om prisåtferd til Oslo tingrett, som konkluderte med at SAS ikkje hadde brote konkurranselova sitt forbod mot misbruk av marknadsdominans. Tilsynet har anka denne domen til lagmannsretten. TINE har òg gått rettens veg med saka om årsavtalane.

Korrupsjon og kartell vert ofte avslørt etter tips frå offentlege innkjøparar. Konkurransetilsynet legg difor vekt på å gjere offentlege innkjøparar medvitne om dei moglegheitene dei har til å avsløre ulovleg kartellverksemd. Kor viktig dette er, går fram av at offentlege innkjøp utgjer over 270 mill. kroner i året. På eit seminar som KOFA heldt for offentlege innkjøparar, la tilsynet vekt på at medvitne innkjøparar kan ha ein preventiv effekt på ulovleg kartellsamarbeid.

Kontroll med føretakssamanslutningar

Verksemder og andre næringsdrivande har plikt til å melde frå til tilsynet om føretakssamanslutningar i form av fusjonar, oppkjøp og avtalar som fører til kontroll i andre selskap. I 2005 vart i alt 623 føretakssamanslutningar melde til Konkurransetilsynet. Seks selskap fekk gebyr fordi dei ikkje melde frå slik dei har plikt til å gjere. Våren 2006 gjorde tilsynet vedtak om gebyr til 28 selskap til. Det høgste gebyret var på 90 000 kroner. Til saman har tilsynet gjeve over 2 mill. kroner i gebyr på dette området. I vurderinga av storleiken på gebyra, tek tilsynet omsyn til omsetnaden til føretaka og til kor grovt lovbrotet er, og kor lenge det har vara. Det vert òg lagt vekt på at gebyra skal ha ein preventiv effekt. I etterkant av at Konkurransetilsynet har gjeve desse gebyra, har talet på meldingar auka med om lag 45 pst.

Frå 01.01.2007 har reglane vorte endra slik at meldeplikta berre gjeld når dei involverte føretaka har ein samla årleg omsetnad i Noreg på minst 50 mill. kroner og begge føretaka omset for meir enn 20 mill. kroner årleg.

  • våren 2006 varsla Konkurransetilsynet forbod mot fusjonen mellom Gilde og Prior. Tilsynet meinte at fusjonen ville føre til vesentleg mindre konkurranse i fjørfemarknaden, fordi Gilde ikkje lenger ville vere ein potensiell konkurrent til Prior i denne marknaden. Tilsynet gjorde seinare vedtak om å forby fusjonen. Vedtaket vart påklaga til departementet, som var ueinig i tilsynet si vurdering av at Gilde var ein potensiell konkurrent til Prior, og gjorde om vedtaket

  • hausten 2006 forbaud Konkurransetilsynet Falck Danmark sitt oppkjøp av Viking Redningsteneste. Etter oppkjøpet ville Falck/Viking få ein svært stor marknadsdel i bedriftsmarknaden, medan NAF framleis ville vere den største aktøren i abonnementsmarknaden. Vedtaket vart påklaga til departementet, som i januar 2007 påla Falck å selje Viking Redningsteneste

  • våren 2007 forbaud Konkurransetilsynet den planlagde fusjonen mellom Trøndertaxi AS og Sør-Trøndelag Taxi AS. Tilsynet meinte at ein allereie svekt konkurranse i marknaden for drosjetransport i Sør-Trøndelag vil verte enda meir svekt ved ein fusjon. Trøndertaxi AS er den største aktøren i marknaden for drosjetransport i Sør-Trøndelag. Vedtaket vart påklaga til departementet som opprettheldt tilsynet sitt vedtak

  • våren 2007 sette Konkurransetilsynet strenge vilkår for å godkjenne Findus Norge AS sitt oppkjøp av Gro Industrier AS. Findus fekk plikt til å levere råvarer til eksisterande og eventuelle nye konkurrentar i marknaden for blanding og pakking av fryste grønsaker til marknaden for daglegvarehandel og storhushaldning. Findus kan ikkje levere til dårlegare vilkår enn det Gro Industrier AS gjer i dag. Grunnen til inngrepet var at konkurransen i den aktuelle marknaden allereie var vesentleg svekt og at talet på større tilbydarar gjekk frå tre til to. Findus vart den klart største aktøren med Norrek som den einaste større konkurrenten.

Offentlege reguleringar og reguleringsreform

Etter konkurranselova § 9e skal Konkurransetilsynet peike på konkurranseregulerande verknader av offentlege tiltak, eventuelt ved å leggje fram forslag med sikte på å styrke konkurransen og å gjere det lettare for nye konkurrentar å kome inn på marknaden. Tilsynet har teke opp ei rekkje saker på dette grunnlaget.

Konkurransetilsynet har stilt seg positiv til eit lovforslag om felles pensjonskasser, der fleire uavhengige føretak kan gå saman om å etablere ei felles pensjonskasse for pensjonsordningane sine. Marknaden for pensjonsordningar til private føretak har historisk sett vore prega av få tilbydarar. Det vert difor viktig å stimulere til auka konkurranse ved å leggje til rette for nye aktørar i marknaden.

Konkurransetilsynet har ved fleire høve bede om at tinglysingsgebyret vert redusert for å medverke til auka konkurranse om bustadlån. Lågare gebyr gjer at det er lettare å flytte lånet til ein annan bank, og legg til rette for auka konkurranse mellom bankane. Det gjer det òg lettare for nye bankar å etablere seg innan bustadlån.

Konkurransetilsynet publiserte i samarbeid med dei andre nordiske konkurransestyresmaktene i 2006 rapporten «Competition in Nordic Retail Banking». Undersøkingane viste at forbrukarar ofte opplever at det er krevjande å gjere ei direkte samanlikning mellom bankane sine tilbod. Rapporten tilrådde difor at det vert etablert ein internettportal som skal hjelpe forbrukarane å samanlikne bank- og forsikringsprodukt. Rapporten slår òg fast at kundemobiliteten i den nordiske bankmarknaden er etter måten låg. Dette kan verke avgrensande på konkurransen og det vert difor oppfordra til tiltak som minkar kundane sine ulemper ved byte av bank. Finansdepartementet har bede ei arbeidsgruppe vurdere tiltak og ordningar som kan medverke til å redusere ulempene ved bankbyte og auke konkurransen i sektoren.

I 2006 gjennomførte Konkurransetilsynet på oppdrag frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet ei vurdering av konkurransetilhøva i marknaden for skadeforsikring. Undersøkingane viste at særnorske krav til kapitaldekning kan vere etableringshindrande. Konkurransetilsynet tilrådde ei vurdering av om desse krava kan seinkast. Med bakgrunn i endra EU-direktiv om kapitaldekningskrav gjorde Finansdepartementet i 2006 framlegg om endringar i det norske regelverket. I den samanhengen uttalte departementet at ein vil leggje stor vekt på konkurransemessige omsyn ved utarbeiding av endelege føresegner.

Klagenemnda for offentlege innkjøp – KOFA

KOFA vart etablert i 2003 fordi Stortinget og regjeringa ville auke etterlevinga av regelverket om offentlege innkjøp. Målet med ordninga var å etablere ein alternativ modell for tvisteløysing, der leverandørane fekk ei rask og rimeleg klagemoglegheit på eit lågt konfliktnivå. Offentlege innkjøp utgjer mellom 200 og 300 mrd. kroner i året. Reglane for offentlege innkjøp skal sikre reell konkurranse om leveransar til stat og kommune, slik at desse pengane vert utnytta mest mogleg effektivt. Konkurransetilsynet overtok ansvaret for sekretariatet for KOFA våren 2005.

I 2006 vart klagenemndforskrifta endra. Endringane inneber mellom anna at klagenemnda no kan gje gebyr på inntil 15 pst. av kontraktverdien i klagesaker som gjeld ulovlege direkte innkjøp. I det fjerde driftsåret 2006 mottok klagenemnda 158 saker. Dette er langt mindre enn tidlegare då det kom inn 260–280 saker i året. Sakene som no kjem inn er på den andre sida meir omfattande og dermed meir arbeidskrevjande.

Regjeringa har auka løyvingane slik at KOFA har kunne auka bemanninga. På grunn av dette er talet på handsama saker i månaden meir enn dobla i 2. halvår 2006. I januar 2007 hadde gjennomsnittleg sakshandsamingstid gått ned frå 405 dagar til 281 dagar. Departementet har bestemt at før hausten 2007 er omme, skal gjennomsnittleg sakshandsamingstid ikkje vere over tre månader. Tilsynet reknar vidare med at etterslepet i form av talet på uoppgjorte saker vil verte avvikla hausten 2007. Bemanninga i sekretariatet vil deretter reduserast til eit nivå som sikrar sakshandsamingstid i samsvar med dette.

Kvalitetssikring av verksemda

Konkurransetilsynet har i 2006 halde fram med arbeidet med å utvikle system og rutinar for å måle og synleggjere resultatet av konkurransepolitikken. Tilsynet samarbeider med departementet om gjennomføring av etatstyringsprosjektet, som har som hovudmål å utvikle styringsdialogen mellom departementet og Konkurransetilsynet, mellom anna gjennom utvikling av formålstenlege rutinar for resultatevaluering.

I mai 2006 sluttførte tilsynet arbeidet med ei omfattande eigenevaluering av alle delar av eigen organisasjon. Det vert systematisk arbeidd vidare med innføring og bruk av Balansert Målstyring som verkty for strategisk styring og med dette utvikling av tydelege resultatmål og aktivitetar for å oppnå måla. Det er knytte konkrete forbetringsaktivitetar til alle overordna mål, og aktivitetsplanen vert følgd opp i leiargruppa.

For å møte utfordringane med innføring av forbodslov, har Konkurransetilsynet satsa sterkt på å effektivisere sakshandsaminga. Det har vorte innført nye rutinar for prioritering av saker og det er lagt ned mykje ressursar i dokumentasjon av alle sakshandsamingsprosessar og utvikling av nytt kjeldearkiv.

Konkurransetilsynet har i 2006 teke i bruk dei fyrste elementa i tilsynet sin nye verksemdsportal, som har fått namnet «Telegrafen». Gjennom Telegrafen har tilsynet fått tilgang til ny infrastruktur og programvare som plattform for det vidare arbeidet med intern effektivisering i verksemda. Tilsynet sine nye internettsider vart sett i produksjon 1. februar 2007, og representerer eit stort framsteg med omsyn til moglegheiter for betre dialog med brukarane.

Flytting

Konkurransetilsynet gjennomførte i 2006 flyttinga til Bergen. Tilsynet har vore nøydd til å balansere trongen for å bygge ned verksemda i Oslo med trongen for å halde på erfarne medarbeidarar. Ein har lukkast med dette gjennom aktiv bruk av individuelle verkemiddel.

Alle tilsette i Oslo har hatt tilbod om å flytte med til Bergen, og 16 medarbeidarar hadde ved utgangen av 2006 nytta seg av tilbodet. 12 av desse var tilsette i tilsynet før Stortinget gjorde sitt flyttevedtak. I tillegg er det inngått flytteavtale for 13 medarbeidarar som har avtale om pendling frå Oslo ut 2007. Alle desse representerer kritisk kompetanse som tilsynet har hatt trong for å halde på for ein lengre periode.

For dei som har valt å ikkje flytte med til Bergen, har Konkurransetilsynet sidan sommaren 2003 gjennomført ei rekkje tiltak med sikte på å gjere omstillingsprosessen lettare for dei det gjeld, og for å styrke moglegheitene for at desse skal få anna arbeid. Ved utgangen av 2006 var det ingen tilsette som hadde gått ut i arbeidsløyse. Tilsynet hadde ved utgangen av 2006 fire personar på heiltids jobbsøking.

Resultatmål og krav

Konkurransetilsynet skal handheve konkurranselova og EØS- konkurranselova effektivt for å få til velfungerande konkurranse mellom føretak. Sentrale verkemiddel er konkurranselova sine forbod mot konkurranseavgrensande avtalar og utilbørleg utnytting av dominerande stilling, i tillegg til inngrep mot konkurranseavgrensande føretakssamanslutningar. Konkurransetilsynet skal peike på konkurranseavgrensande verknader av offentlege reguleringar og fremje forslag til tiltak for å bøte på skadelege verknader. Regelverket for offentlege innkjøp skal stimulere til konkurranse og leggje til rette for nyetableringar.

Regjeringa ynskjer ikkje ei kommersialisering av viktige velferdsområde som utdanning, helse og omsorg.

Desse fire arbeidsområda vil vere dei viktigaste for det arbeidet Konkurransetilsynet skal gjere i 2007:

  • handheving av konkurranselova med tilhøyrande forskrifter og oppfølging av EØS-konkurranselova

  • synliggjere resultata av Konkurransetilsynet sitt arbeid

  • følgje opp intensjonane med flyttinga av Konkurransetilsynet til Bergen

  • sikre nok ressursar til sekretariatsarbeidet for Klagenemnda for offentlege innkjøp.

Budsjett

Post 01 Driftsutgifter

Konkurransetilsynet hadde per 01.07.2007 tal på tilsette svarande til 88 årsverk. Posten dekkjer løns- og driftsutgifter for vanleg drift i Konkurransetilsynet.

Post 23 Klagenemnda for offentlege innkjøp

Posten dekkjer løn og driftsutgifter til sekretariatet for KOFA. Vidare vert det dekt honorar og andre utgifter for medlemene av nemnda.

Kap. 4550 Konkurransetilsynet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

02

Ymse inntekter

100

193

201

03

Lovbrotsgebyr

1 490

16

Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar

730

18

Refusjon sjukepengar

617

Sum kap. 4550

2 937

193

201

Post 02 Ymse inntekter

Posten gjeld inntekter for gebyr i tilknyting til Klagenemnda for offentlege innkjøp.

Post 03 Lovbrotsgebyr

Gebyr kan mellom anna ileggjast ved brot på konkurranselova sitt forbod mot samarbeid som avgrensar konkurransen, utilbørleg utnytting av dominerande stilling og påbodet om alminneleg melding av føretakssamanslutningar. Etter at EØS-konkurranselova av 2004 vart sett i verk, kan Konkurransetilsynet òg gje gebyr ved brot på dei tilsvarande føresegnene i EØS-avtalen artikkel 53 og 54.

Ved dei alvorlegaste brota kan det ileggjast gebyr på inntil 10 pst. av den årlege omsetnaden til eit føretak.

For å tvinge fram oppretthalding av enkeltvedtak etter konkurranselova av 2004, kan Konkurransetilsynet gje tvangsmulkt som går til tilhøvet er retta. Det same gjeld for å sikre at pålegg om å gje opplysingar etter krava i lova vert oppfylte.

Det er uvisst kor stor den samla summen for gebyr og tvangsmulkt kan verte. Det er difor ikkje gjort framlegg om løyving på denne posten.

Programkategori 01.60 IKT-politikk

Utgifter under programkategori 01.60 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

Pst. endr. 07/08

1560

Spesielle IKT-tiltak

138 891

152 546

60 899

-60,1

1561

Internasjonalt IKT-samarbeid og utviklingsprogram

6 441

10 500

22 500

114,3

1562

Elektronisk samhandling og forenkling av forretningsprossesar

1 400

1 400

1 400

0,0

1563

IKT-tryggleik

4 000

4 000

4 000

0,0

Sum kategori 01.60

150 732

168 446

88 799

-47,3

IKT er grenseoverskridande og grip inn på alle sektorar og samfunnsområde. Med god vilje til koordinering gjev dette store moglegheiter for gevinstar ved samordna utnytting av dei samla ressursane i samfunnet.

I desember 2006 la Regjeringa fram St.meld. nr. 17 (2006–2007) Eit informasjonssamfunn for alle (IKT-meldinga) for Stortinget. Meldinga var handsama i Stortinget 16.04.2007, jf. Innst.S. nr. 158 (2006–07).

Eit sentralt poeng i IKT-meldinga er trongen for fellesløysingar og fellesinnsats. Det kan gje store gevinstar både for brukarane, som får enklare og betre tenester, og for det offentlege gjennom lågare kostnader. Ei godt døme på dette er Miside-prosjektet som er eit samarbeidsprosjekt mellom fleire etatar i offentleg sektor. Innbyggjarportalen Miside (www.miside.no), tilbyr innbyggjarane ein felles nettstad for dialog med det offentlege, og gjev innbyggjarane moglegheit til å få utført mange offentlege tenester på ein stad. Ei velfungerande Miside-løysing er difor viktig i arbeidet for å brukarorientere offentleg sektor sitt elektroniske tenesteinnhald på internett.

I IKT-meldinga synleggjer Regjeringa at ho òg er oppteken av at alle skal kunne delta i informasjonssamfunnet, og ynskjer å bruke IKT aktivt til å redusere skilnadene i samfunnet. Det er ei stor oppgåve å byggje ned digitale skilje og auke den digitale kompetansen. Det er tendensar til at til dømes eldre menneske, og menneske med lågare utdanning og inntekt, ikkje alltid kan nyttiggjere seg dei moglegheitene informasjonssamfunnet gjev. Dette er ei utfordring Regjeringa tek på alvor, som gjeld mange fagdepartement, og som forutset godt samarbeid med eksterne aktørar og organisasjonar. Eit døme på slikt samarbeid er foreininga Seniornett sitt arbeid med eldre og IKT.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet har ansvaret for å forme IKT-politikken og leggje til rette for at ein skal kunne handtere dei utfordringane informasjonssamfunnet står framfor. I arbeidet framover vil departementet leggje vekt på følgjande konkrete initiativ for å sikre samordnande løysingar på IKT-området:

  • sterkare prioritering av arbeidet for å redusere digitale skilje gjennom å sikre universell utforming, tilgang til IKT-baserte tenestetilbod for alle, og auka satsing på digital kompetanse

  • samordna tilgang til offentlege e-tenester for innbyggjarane og bedriftene gjennom felles portalar, som Miside og AltInn

  • utvikling av fellesløysingar for elektronisk ID og elektronisk signatur

  • sikring av at offentlege IKT-løysingar kan kommunisere gjennom bruk av felles, opne standardar og samordna IKT-arkitektur

  • prioritering av nasjonale tiltak knytte til personvern, informasjonstryggleik, datavern og –misbruksfare

  • samordne det førebuande arbeidet med informasjonstryggleik på tvers av sektorane

  • auke innsatsen for utvikling og arbeid med offentlege e-tenester gjennom etableringa av Direktorat for forvaltning og IKT.

Kap. 1560 Spesielle IKT-tiltak

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

22

Samordning av IKT-politikken , kan overførast

20 102

30 899

50 899

50

Breiband , kan overførast

118 789

121 647

10 000

Sum kap. 1560

138 891

152 546

60 899

Budsjett

Post 22 Samordning av IKT-politikken, kan overførast

Løyvinga dekkjer utgifter til samordning av IKT-politikken.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet utformer IKT-politikken og har eit hovudansvar for at innsats og prioriteringar på IKT-området støttar opp om ein heilskapleg politikk og fremjar utviklinga på IKT-området. Samordningsansvaret som departementet har for IKT-politikken inneber m.a. å:

  • vere pådrivar i høve til andre departement på IKT-området og støtte opp om aktivitetar i regi av desse departementa

  • identifisere og følgje opp sektorovergripande spørsmål knytte til informasjonssamfunnet og initiere og koordinere tiltak av tverrgåande karakter

  • arbeide for samordning av IKT-arkitekturen i offentleg sektor medrekna standardisering og felles grunndata

  • samordne breibandspolitikken

  • vere pådrivar for utviklinga av elektroniske tenester i offentleg sektor

  • følgje opp Nasjonale retningsliner for informasjonstryggleik for å medverke til utbreiing av ein tryggleikskultur for heile det norske samfunnet

  • arbeide for å etablere ein offentleg infrastruktur for elektronisk ID og elektroniske signaturar, og sjå til at den vert teke i bruk.

  • arbeide for etablering av universelt utforma IKT-løysingar i samfunnet

  • utarbeide oversikter og statistikk for utvikling av den samla IKT-politikken

  • koordinere internasjonal deltaking på IKT-området

  • tilrettelegge for meir vidarebruk av offentleg informasjon

  • arbeide for auka bruk av fri programvare i offentleg sektor og stimulere framvekst av løysingar basert på fri programvare.

Allmenn omtale

Regjeringa meiner at utvikling og gjennomføring av ein heilskapleg og samordna IKT-politikk trengst for å nå målet om eit informasjonssamfunn for alle. St.meld. nr. 17 (2006–2007) varslar av den grunn eit sterkare samarbeid og sterkare styring av IKT i offentleg sektor. Direktoratet for forvaltning og IKT vil på IKT-området primært ha operative oppgåver knytte til gjennomføring av politikken (jf. nytt kap. 1521).

Fagansvarleg departement har gjennom åra utarbeidd IKT-planar for mange sektorar. eNoreg-planane la grunnlag for ei offensiv tilnærming til IKT-utfordringane som samfunnet sto framfor på ulike område. Dette er ført vidare med eit meir heilskapleg perspektiv i IKT-meldinga. Meldinga gjev retninga for mange område av IKT-politikken i åra som kjem, til dømes digital inkludering og deltaking i informasjonssamfunnet, døgnopen elektronisk forvaltning, IKT-tryggleik, IKT-forsking, kunnskapsorientert næringsliv og personvern.

Resultatrapport

eNoreg 2009

Fyrste undervegsrapporten for eNoreg 2009 vart offentleggjort i oktober 2006, og rapporten viser at det er ei markant utvikling med omsyn til å nå måla. Vi er i fremste rekkje internasjonalt mellom anna når det gjeld tilgang til Internett, offentlege tenester på nett, spreiing av mobilteknologi, bruk av IKT i industri og næringsliv, gode offentlege register og effektive betalingsløysingar. Bruken av offentlege digitale tenester har vorte ein naturleg del av kvardagen til innbyggjarane og verksemdene.

For kommunesektoren har eNoreg 2009 vore ein rettleiande overbygning. Kommunesektoren, ved KS, la fram ein eigen IKT-plan, eKommune 2009, hausten 2005. Dei to planane er godt samkjørte. Innan kommunesektoren har det vore ei positiv utvikling i IKT-bruken dei siste tre-fire åra. Kommunane har ansvar for hovuddelen av tenestene til innbyggjarane. Mykje tyder på at den positive utviklinga har halde fram, og skote fart i 2006. Men det er vesentlege skilnader kommunane imellom når det gjeld IKT-bruk, og det står mykje att før alle moglegheiter er utnytta. Kommunane står òg framfor viktige utfordringar når det gjeld bruk av IKT innanfor tunge sektorar som helse og omsorg og utdanning, og når det gjeld å utvikle elektroniske tenester til innbyggjarar og næringsliv.

Arkitektur og opne standardar

Realiseringa av ei døgnopen elektronisk forvaltning krev at det vert etablert overordna nasjonale rammer med auka fokus på samarbeid på tvers ved etablering av IKT-løysingar. Det er difor trong for å etablere ein overordna IKT-arkitektur for offentleg sektor som set rammevilkåra for IKT-utviklinga i offentlege verksemder og sektorar. Ein overordna IKT-arkitektur vil skape ei meir koordinert utvikling av offentleg IKT-infrastruktur, og klarleggje grenseflater, ansvarstilhøve og retningsliner for offentleg IKT-utvikling. For at IKT-systema i offentleg sektor skal kunne samhandle seg imellom og med omverda på ein effektiv måte, må dette skje på ein føreseieleg måte for alle partar. Ein viktig måte å oppnå dette på, er gjennom standardisering. Regjeringa har vedteke ein overordna politikk for bruk av opne IKT-standardar i offentleg sektor. Det er etablert eit standardiseringsråd som gjev departementet tilrådingar på dette området. Rådet har laga eit forslag til ein referansekatalog over IKT-standardar til bruk i offentleg sektor. Katalogen omfattar IKT-standardar som er obligatoriske og/eller tilrådde for offentlege verksemder. Det fyrste temaet i katalogen er bruken av opne dokumentformat for publisering av informasjon til publikum. Det skal gjerast utgreiingsarbeid på ei rekkje andre område.

Fri programvare

Regjeringa ynskjer at offentlege verksemder i større grad tek i bruk løysingar baserte på fri programvare. Grunnen til dette er mellom anna at bruk av fri programvare kan gjere det mogleg med gjenbruk av løysingar på tvers av offentlege verksemder, og at framvekst av denne type løysingar kan vere med på å styrkje konkurransen innanfor programvaremarknaden. Fornyings- og administrasjonsdepartementet har i 2007 løyva 2 mill. kroner til Nasjonalt kompetansesenter for fri programvare, og har i tillegg støtta fleire prosjekt der fri programvare er nytta.

Utveksling av persondata

I 2006 vart det nedsett ei departemental arbeidsgruppe som i juni 2007 la fram ein rapport med framlegg til tiltak for å betre dagens folkeregister. Mål for arbeidet er å sikre god kvalitet på registerinnhaldet og kostnadseffektiv elektronisk samhandling i og med offentleg sektor. Rapporten frå arbeidsgruppa med framlegg til tiltak vert truleg sendt på høyring og handsama i Regjeringa i 2008.

Elektronisk ID og signatur i offentleg sektor

Ei arbeidsgruppe som er sett ned av departementet, leverte vinteren 2007 eit framlegg til ny strategi for eID og e-signatur i offentleg sektor. Framlegget har vore på ei omfattande høyring samstundes med høyringa av framlegget om eit nytt nasjonalt ID-kort som vert fremma av Justisdepartementet. Strategiframlegget tilrådde mellom anna bruk av nasjonalt ID-kort for tilgang til offentlege tenester på nett. Departementet er no i gang med å sluttføre ein ny strategi for bruk av elektronisk ID og signatur i offentleg sektor. Strategien skal vere på plass hausten 2007.

Nasjonale retningsliner for å styrkje informasjonstryggleik i Noreg

Førmålet med å gje ut nasjonale retningsliner for informasjonstryggleik er å skape ei sams forståing for kva slag tryggleiksutfordringar vi står framfor på IKT-området, og identifisere kvar det trengst å gjere ein ekstra innsats for å styrkje informasjonstryggleiken i Noreg. Dei siste åra har det skjedd ei utvikling som fører med seg at samfunnet har vorte meir sårbart ved svikt i IKT-infrastrukturen. Nettkriminalitet er eit veksande fenomen og det er i større grad vinningsføremål som ligg bak. Sterk auke i nettbruk, og nye måtar å bruke nettet på, har ført med seg sterkare trong for kunnskapsspreiing og medvitsgjering kva gjeld IKT-tryggleik.

Retningslinene skal såleis medverke til god trygging av kritisk infrastruktur og støttesystem for kritiske samfunnsfunksjoner, høg kompetanse og fokus på forsking om informasjonstryggleik, og dessutan utvikling av tryggleikskultur ved bruk av informasjonssystem og ved elektronisk informasjonsutveksling.

Koordineringsutval for førebyggjande IKT-tryggleik (KIS) vil ha eit ansvar for å halde oversikt over gjennomføringa av tiltak på innsatsområda, og kan via Fornyings- og administrasjonsdepartementet rapportere til Regjeringa om samla status når det trengst.

Retningslinene skal gjelde for perioden 2007–2010.

Vidarebruk av offentleg informasjon

Offentlege data kan vere ei viktig kjelde til verdiskaping og utvikling av kunnskapsbaserte næringar.

EU-direktiv 2003/98/EF om vidarebruk av offentleg informasjon er gjennomført i norsk lovgjeving gjennom føresegner i ny offentleglov med forskrifter, som trer i kraft 01.01.2008. Føremålet med direktivet er å leggje til rette for vidarebruk av informasjon frå offentleg sektor. Eit grunnprinsipp er at det ikkje skal diskriminerast mellom ulike aktørar som ynskjer å vidarebruke offentleg informasjon, mellom anna er det fastsett ein hovudregel om forbod mot einerettsavtalar og et øvre pristak.

Digital deltaking og inkludering

Det er ei målsetting for Regjeringa er at alle skal kunne ta del i informasjonssamfunnet. Som det går fram av Stortingsmelding nr. 17 legg Regjeringa tre prinsipp (tilkomst, universell utforming, digital kompetanse) til grunn for sitt arbeid med digital inkludering. Dette er prioriterte oppgåver for Fornyings- og administrasjonsdepartementet i 2008, som vil verte følgt opp i nært samarbeid med dei aktuelle fagdepartementa, eksterne organisasjonar og foreiningar.

Universell utforming

Universell utforming er eit prinsipp for Regjeringa sitt arbeid med digital inkludering. Arbeidet med universell utforming er ei viktig utfordring på alle samfunnsområda, og trengst for å skape naudsynte rammevilkår slik at alle skal kunne delta i informasjonssamfunnet.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet arbeider saman om eit framlegg om lovfesting av krav om at all IKT retta mot allmenta skal vere universelt utforma. Arbeidet er ei oppfølging av det arbeidet som Syseutvalet starta opp (NOU 2005:8 Likeverd og tilgjengelighet) og vart sendt på høyring sommaren 2007. Det er gjort framlegg om at lovkravet skal takast inn i ny lov om diskriminering og tilgang. I tilknyting til lovarbeidet er ein no i gang med arbeidet med å skaffe fram standardar/retningsliner på ei rekkje teknologiområde knytte til IKT, og ein er òg i gang med arbeidet med å utarbeide indikatorar. Målet er at ei avgjerd om universell utforming av all IKT retta mot allmenta, kan tre i kraft 01. 01. 2011. Det er i dag både ein kompetansetrong i forvaltninga, og ein informasjonstrong ut mot marknaden med omsyn til eit slikt krav.

eNoreg-Forum

eNoreg-forum er oppretta som ein arena for dialog og debatt omkring viktige spørsmål om informasjons- og kunnskapssamfunnet. eNoreg-forum har medlemer frå privat sektor, interesseorganisasjonar, fagforeiningar og FoU-miljø og er leia av Forny­ings- og administrasjonsministeren. Forumet vart oppretta i mars 2006 med funksjonstid til 1. juli 2007 og har ført viktige diskusjonar om mellom anna digital kompetanse og generelle innspel knytte til utvikling av Stortingsmelding nr. 17 (2006–2007). Fornyings- og administrasjonsdepartementet skal vidareføre forumet med eit nytt mandat og ny samansetjing hausten 2007, og forumet vil spele ei viktig rolle i den vidare politikkutforminga.

Koordineringsorganet for eForvaltning

Koordineringsorganet for eForvaltning vart etablert som eit rådgjevande organ i desember 2004. Koordineringsorganet gjev tilrådingar på områda elektroniske tenester, IKT-arkitektur, elektronisk autentisering/signatur og IKT-tryggleik i offentleg sektor. Koordineringsorganet var viktig for å skape eit godt samspel i samband med etableringa av Miside, og spelar no mellom anna ei viktig rolle i arbeidet med å skape aksept for felles standardar og arkitektur.

Koordineringsutvalet for førebyggjande informasjonstryggleik.

Koordineringsutvalet for førebyggjande informasjonstryggleik (KIS) vart stifta i mai 2004. Utvalet har representantar frå seks departement, Statsministerens kontor og ti direktorat. Utvalet sitt arbeid omfattar alt frå alminneleg førebyggjande IKT-tryggleik til spørsmål kring tryggleiken i riket, vitale nasjonale tryggingsinteresser og kritiske samfunnsfunksjonar. Utvalet skal koordinere vidare­utvikling av tryggingsregelverket på IKT-området, få fram felles standardar, normer, metodar og verkty for IKT-tryggleik og skape betre samordning av tilsynspraksisen. Utvalet skal òg drøfte aktuelle spørsmål som har med risiko og misbruksfare å gjere, og mellom anna medverke til koordinering av informasjonstiltak og planlegging av tryggingstiltak. Utvalet har ingen operative funksjonar.

Resultatmål

Fornyings- og administrasjonsdepartementet vil i 2008 særleg ha merksemda retta mot oppfølginga av Stortingsmelding nr. 17 (2006–07) Eit informasjonssamfunn for alle. Kvart fagdepartement er ansvarleg for å nå målsetjingane i stortingsmeldinga og eNorge2009-planen på sine område.

I tråd med meldinga ynskjer departementet mellom anna å styrkje arbeidet med å realisere ei døgnopen elektronisk forvaltning. Gode og sikre offentlege elektroniske tenester trengst for å kunne realisere dette målet.

Arkitektur og opne standardar

Departementet vil arbeide for å få etablert ein overordna IKT-arkitektur for offentleg sektor. Med IKT-arkitektur meiner vi eit rammeverk for oppbygging av IKT-system og samhandling mellom systema. For å sikre betre elektronisk samhandling i det offentlege, må det etablerast nokre overordna og sektorovergripande arkitekturprinsipp som skal gje føringar til IKT-utviklinga i offentleg sektor. IKT-arkitekturen skal baserast på ein såkalla tenesteorientert IKT-arkitektur.

Eit sentralt område er utvikling av felles IKT-komponentar for offentleg sektor. Det desentraliserte ansvaret for utvikling av elektroniske tenester må støttast opp av tiltak og fellesløysingar på tvers av sektorgrenser og forvaltningsnivå. Felleskomponentane skal kunne brukast i elektronisk tenesteproduksjon i offentlege verksemder. Arbeidet med å etablere ein overordna IKT-arkitektur og felles IKT-komponentar vil vere eit langsiktig arbeid.

Eit anna område departementet vil ha fokus på, er ein vesentleg forsterka innsats rundt bruk av opne standardar. For å leggje til rette for ei stadig meir kompleks elektronisk samhandling mellom individ, applikasjonar og IT-system, vil departementet i 2008 halde fram med å styrkje arbeidet med å etablere forvaltningsstandardar for offentleg sektor som er baserte på opne standardar. Standardiseringsrådet for IKT i det offentlege, som vart etablert av departementet i 2006, har no gjeve sine tilrådingar om kva som bør verte forvaltningsstandardar for offentlege verksemder i form av ein referansekatalog. Over tid er det venta at systematisk bruk av opne standardar skal føre til ei betre og meir effektiv data- og informasjonsutveksling i og med offentleg sektor. Dette vil vere positivt for tenesteytinga og tenesteutviklinga i det offentlege, og vil tene både næringsliv og innbyggjarar på ein god måte. Vidare vil opne standardar gje meir lik tilgang til offentlege tenester uavhengig av type teknologiplattform, reduksjon av leverandørbindingar og betre konkurranse og dessutan ein auka valfridom ved IT-kjøp. Opne standardar er òg viktig for å leggje til rette for opne systemarkitekturar og auka bruk av fri programvare. Løyvinga på 10 mill. kroner til opne standardar og fri programvare er ført vidare i 2008.

Elektronisk ID og signatur i offentleg sektor

Målet med arbeidet er at elektronisk ID (eID) vert gjort tilgjengeleg for dei fleste innbyggjarane, og kan nyttast av alle statlege og kommunale tenester på nett. Dette er eit viktig vilkår for realisering av elektronisk forvaltning på ein brukarvenleg måte. Ein heilskapleg strategi for korleis eID skal gjerast tilgjengeleg for innbyggjarane og takast i bruk av alle statlege og kommunale verksemder med tenester på nett, trengst for å kunne hauste gevinstar av elektronisk forvaltning. Gjennomføring av strategien startar i 2008. I fyrste omgang skal eID på mellomhøgt nivå distribuerast til innbyggjarane. Det skal òg etablerast ei felles løysing for bruk av eID. Løysinga skal gjere det mogleg å verifisere eID på ulike tryggleiksnivå og tilby pålogging med ein eID til mange tenester. Tiltak på dette området må koordinerast med vidareutvikling av dei offentlege tenesteportalane Altinn og Miside. Vidare må tiltaka koordinerast med eventuell utvikling av eit nasjonalt ID-kort for innbyggjarar i regi av Justisdepartementet. Til arbeidet med eID er det løyvd 20 mill. kroner i 2008.

Digital deltaking og inkludering

Ei målsetjing for Regjeringa er at alle skal kunne ta del i informasjonssamfunnet, men statistikk syner at det framleis er skilje mellom innbyggjarane knytte til faktorar som inntekt, utdanning og alder (SSB 2007, Nøkkeltall for informasjonssamfunnet 2006).

I IKT-meldinga er digital kompetanse trekt fram som eit særs viktig tema og departementet har i den vidare oppfølginga sett i gang fleire konkrete initiativ. Til dømes vil departementet setje i gang tiltak som rettar seg mot kvinner med minoritetsbakgrunn. Eit fokus på kvinner med minoritetsbakgrunn er viktig både for å kunne identifisere barrierar mot bruk av IKT, og minst like viktig for å utløyse dei ressursane som finst i denne gruppa. Det vert òg særs viktig å dokumentere røynsler frå denne typen tiltak. Kan hende er det røynsler som ein kan nytte i høve til andre delar av samfunnet òg.

Andre prosjekt knyter seg til tema som nye brukarmønstre og medievanar, bruk av IKT og nye digitale medium i barnehagane, eldre på nett, kor viktig IKT er når det gjeld økonomi, vekst og produktivitet. Gjennom desse prosjekta ynskjer departementet å få eit betre kunnskapsgrunnlag på viktige samfunnsområde, samstundes som dei kan danne eit utgangspunkt for dialog og debatt med engasjerte miljø også utanfor offentleg forvaltning.

Universell utforming

Universell utforming er viktig for å få eit informasjonssamfunn der alle kan delta. Departementet vil ha ein styrkt innsats rundt utvikling av universelt uforma IKT-standardar på utvalde område for å førebu dei krava som vil verte føreslege i lov om diskriminering og tilkomst på IKT-området.

Fri programvare

Fri programvare er òg eit område departementet vil ha stor fokus på. Arbeidet vil vere knytt til å vurdere vilkåra for å kunne føre ein preferansepolitikk for fri programvare. I tillegg vil departementet vurdere etablering av generelle prinsipp om at programvare som vert utvikla på oppdrag frå det offentlege, skal gjerast tilgjengeleg som fri programvare. Departementet vil framleis ha fokus på auka kompetanse om fri programvare, jf. omtalen av «Nasjonalt kompetansesenter for fri programvare».

Nasjonalt kompetansesenter for fri programvare

Den største barrieren for auka bruk av fri programvare i offentlege verksemder knyter seg til kompetanse. Det er difor trong for å styrkje kunnskapen om fri programvare hos avgjerdstakarar og IKT-fagfolk i offentlege verksemder.

Nasjonalt kompetansesenter for fri programvare vart etablert sommaren 2007. Initiativtakarane bak senteret er Buskerud fylkeskommune, Rådet for Drammensregionen, Høgskulen i Buskerud, Troms fylkeskommune, KS og IKT-Noreg.

Nasjonalt kompetansesenter for fri programvare har som mål å betre kompetansen og informasjonstilgangen knytt til fri programvare, for såleis å fremje bruken av fri programvare. Kompetansesenteret si målgruppe er hovudsakeleg offentleg sektor, men skal òg vere ei drivande kraft for heile nasjonen.

Nasjonalt kompetansesenter for fri programvare skal mellom anna ha ei rolle som tilretteleggjar og pådrivar for at:

  • fri programvare skal kvalitetssikrast og gjerast tilgjengeleg for alle

  • det skal finnast rettleiing og informasjonstenester knytte til fri programvare

  • det skal haldast internasjonale, nasjonale og regionale konferansar og seminar

  • det skal byggjast og drivast kompetansenettverk

  • det skal etablerast kurs og studietilbod innanfor fri programvare

  • det skal utviklast, finansierast og realiserast innovasjonsprosjekt

  • det skal initierast nyskaping og bedriftsetablering.

Senteret skal arbeide i lag med tilsvarande senter i andre land, relevante utdannings- og forskingsmiljø nasjonalt og internasjonalt, verksemder som har spisskompetanse innan fri programvare, og med lokale næringshagar, kunnskaps- og forskingsparkar.

Av løyvinga på 10 mill. kroner til opne standardar og fri programvare, løyver departementet 4 mill. kroner til Nasjonalt kompetansesenter for fri programvare i 2008.

Betre elektronisk samhandling mellom kommunal sektor og staten – nytt 3-årig program

Det vert stadig meir elektronisk samhandling i offentleg sektor, og kompleksiteten i denne samhandlinga er stor. Alle kommunane tek sjølvstendige avgjerder på IKT-området. KS oppgjev at det i kvar kommune finst 80–100 ulike IKT-system. Det er òg store IKT-utfordringar i grenseflata mellom kommunane og dei statlege etatane. Statsetatane har mellom anna ulike krav og forventingar til kommunane på IKT-området, jf. til dømes pleie og omsorg, og utdanning. Samstundes er det auka forventingar om fleire og meir samanhengande elektroniske tenester frå både kommunane og frå statlege etatar. Samla sett gjev dette store utfordringar, men òg eit stort potensiale for gevinst gjennom ombruk av data og felles løysingar.

Eit betre IKT-samspel i kommunal sektor og mot statleg sektor vil krevje ein samordna innsats. Fornyings- og administrasjonsdepartementet vil difor starte opp eit 3-årig utviklingsprogram som skal støtte opp under konkrete prosjekt for betre samordning på IKT-området i grenseflata mellom kommunal sektor og staten. I 2008 vert det sett av minimum 5 mill. kroner til dette arbeidet. Arbeidet vil òg utgjere ein mogleg mekanisme for kommunal implementering av felles offentlege forvaltningsstandardar, arkitektur­prinsipp og ev. fellesløysingar. Tiltaket er i tråd med signal som er gjeve i IKT-meldinga. Sekretariatsfunksjonen for utviklingsprogrammet vert lagt til Direktoratet for forvaltning og IKT.

Mogeleg innføring av elektronisk faktura til staten

Det sendast kvart år eit stort antall fakturaer frå privat sektor til statlige verksemder, og frå staten til privatpersonar. Ein overgang til bruk av elektronisk faktura kan gi store innsparingar for alle som det får verknad for. For at samfunnet skal kunne hente ut ein slik gevinst, må det etablerast ein kritisk masse av verksemder som bruker elektronisk faktura. Det må òg takast i bruk felles standardar.

Våren 2007 blei det sett ned ei interdepartemental gruppe med representantar frå Finansdepartementet, Nærings- og handelsdepartementet og Fornyings- og administrasjonsdepartementet, som skal utgreie eit mogeleg pålegg om bruk av elektronisk faktura ved fakturering til staten. Danmark har allereie gjennomført og Sverige vedteke liknande pålegg, og med utgangspunkt i det skal gruppa vurdere mogelege lov- og forskriftsheimlar, nødvendige standard og merkantil infrastruktur som må til for å gjennomføre dette i Norge. Gruppa skal levere utgreiinga si rundt årsskiftet.

Post 50 Breiband, kan overførast

Allmenn omtale

Høykom-programmet sin siste vedtekne programperiode var 2005–2007. Sidan breibandsdekninga no nærmar seg 100 pst. og det enno ikkje er klårt kor høg dekninga vil vere etter at dei prosjekta som er sett i gang er ferdige, vil programmet i 2008 primært drive oppfølging av prosjekter som er sett i gang. Fornyings- og administrasjonsdepartementet vil ut frå ei vurdering av behov og ved hjelp av interne omprioriteringar, kunne bidra med ytterlegare midlar til breiband i 2008. Departementet tar sikte på å avvikle HØYKOM-sekretariatet i NFR i 2008.

Resultatrapport

Gjennom programperioden 2005–2007 har det framleis vore område med særskilt trong for stimulering av breibandsutviklinga. Regjeringa gjorde difor framlegg om ytterlegare 100 mill. kroner til breiband gjennom Høykom i revidert budsjett for 2007.

Arbeidet med kunnskapsdanning og dokumentasjon av erfaringar er vidareført. Det er innanfor programmet gjeve stønad til utvikling av effektive rettleiingstenester og formidling av røynsler og resultat, medrekna gevinstar. Programmet har hatt stor utløysande effekt, god geografisk spreiing og gjeve opphav til omfattande samarbeid i det offentlege og i nokon grad med private. Resultatmåla til programmet (ordinære Høykom og Høykom-distrikt) for 2006 var:

Implementere elektroniske publikumstenester

Det store fleirtalet av desse prosjekta dreier seg om offentleg tenesteyting. I tillegg til å implementere tenester innretta mot publikum, har mange av desse prosjekta eit internt effektiviseringsaspekt.

Utvikle samarbeidsrelasjonar

I alt var over 400 ulike aktørar i offentleg og privat sektor involvert i Høykomprosjektet i 2006. Om lag 280 av desse aktørane var samarbeidspartnarar i prosjekt som var nye i 2006.

Prosjekt der private verksemder er involverte

Private verksemder inngår fyrst og fremst i prosjekta som leverandørar av IKT-løysingar og ulike konsulenttenester. Mange Høykomprosjekt fører òg til positive lokale ringverknader for næringslivet, til dømes ved at breibandsnett vert tilgjengeleg på stader som tidlegare mangla eit slikt tilbod. Fleire av prosjekta etablerer offentlege tenester på nett som òg rettar seg mot private verksemder.

Geografisk spreiing

Prosjekter, lokalisert i alle fylka, har motteke løyvingar i 2006.

Prosjekt med forventa kvantitative nytteeffektar

48 prosjekt har i 2006 rapportert på planlagde gevinstar ut frå ein eigen standardisert metodikk. Ein stor part av prosjekta ventar seg gevinstar i form av reduserte timeverk. Ein ventar dei største innsparingane i form av redusert manuell publikumskontakt ved innføring av digital serviceportal (100%), men òg elektronisk postmottak og elektronisk sending er forventa å gje høg prosentvis reduksjon i talet på timeverk (14–70%).

Røynslespreiing

Programmet sitt informasjonsarbeid er i stor grad basert på å spreie røynsler og god praksis frå programporteføljen gjennom rapportar, brosjyrar, foredrag og fagartiklar. Det Høykom-finasierte Kompetansesenteret for breibandsbruk, www.hoyvis.no har i 2006 på ein god måte hjelpt til med å handtere kunnskapsspreiing og trong for rettleiing hos kommunar og andre offentlege verksemder over heile landet.

Særskilde resultatindikatorar for Høykom distrikt/infrastruktur

Kommunar som inngår i samarbeidsprosjekt med andre kommunar

15 av dei 19 prosjekta innanfor Høykom-distrikt/infrastruktur i 2006 er prosjekt der fleire kommunar samarbeider enten i regi av regionråd, fylkeskommune eller anna interkommunalt samarbeid. 123 kommunar samarbeidde aktivt gjennom desse infrastrukturprosjekta under Høykom-distrikt i 2006.

Tal på nye breibandsliner

Løyvingane til 19 breibandsprosjekt i september 2006 medverka, i følgje tal frå søkjarane, til at nær 30 000 nye husstandar fekk tilbod om breiband.

BTV-ordninga

Som del av eit forsøk med oppgåvedifferensiering har eit eige regionråd for fylka Buskerud, Telemark og Vestfold (BTV-regionen) hatt ansvar for vedtak om Høykom-prosjekt i eigen region. Det var 9 prosjekt under BTV ordninga i 2006.

Mål og strategiar

2007 var siste virkeår av programperioden 2005–2007. Tildelinga frå Høykom i september 2007 av 100 mill. kroner frå RNB 2007 inneber oppfølging som vil vare inn i 2008. Programmet sine aktivitetar i 2008 vil vere å følgje opp desse prosjekta som er i gang, medverke til å måle verknadene av prosjekta og å summere og synleggjere kunnskap frå prosjekta.

Kap. 1561 Internasjonalt IKT-samarbeid og utviklingsprogram

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

70

Tilskudd til internasjonale program , kan overførast

6 441

10 500

22 500

Sum kap. 1561

6 441

10 500

22 500

Budsjett

Allmenn omtale

Forslaget til løyving gjeld program i regi av EU som Noreg kan ta del i etter EØS-avtalen, og som er knytt til utviklinga av informasjonssamfunnet og elektronisk forvaltning. Løyvingsforslaget dekkjer programkontingentar og andre utgifter til følgjande EU-program:

  • CIP (rammeprogram for konkurranseevne og innovasjon)

  • IDABC (Elektroniske tenester mellom forvaltning, næringsliv og innbyggjarar)

  • ENISA (Europeisk nettverks- og informasjonstryggleiksbyrå).

Noreg si deltaking i det omfattande europeiske samarbeidet på IKT-området, irekna statistisk samarbeid og politiske samarbeidsarenaer, er i hovudsak knytt til desse programma. Løyvinga dekkjer òg tilskot til andre IKT-relaterte aktivitetar og samarbeidsområde og dekning av utgifter til nasjonale ekspertar i EU-kommisjonen og nasjonale oppfølgingsaktivitetar.

For å hjelpe til at aktuelle norske miljø kan dra nytte av EU-programma IDABC og CIP og medverke til norsk utteljing i prosjektløyvingar, har Fornyings- og administrasjonsdepartementet for 2007 bede Noregs forskingsråd vere nasjonalt kontaktsenter.

CIP – EUs rammeprogram for konkurranseevne og innovasjon – IKT-politisk støtteprogram (2007–2013)

Mål og strategiar

Noreg slutta seg i 2007 til EU sitt nye rammeprogram for konkurranseevne og innovasjon (CIP), jf. St.prp. nr. 50 (2006–2007). CIP er eit omfattande program med nye og meir samlande grep for å realisere Lisboa-prosessen, og for å sikre vekst og sysselsetjing gjennom å fremje konkurranseevne og innovasjon. Programmet omfattar fleire politikkområde og omfattar tre sjølvstendige delprogram med eigne budsjettliner og styringsgrupper:

  • entreprenørskaps- og innovasjonsprogrammet (hovudansvar Nærings- og handelsdepartementet)

  • energiprogrammet (hovudansvar Olje- og energidepartementet)

  • IKT-programmet (hovudansvar Fornyings- og administrasjonsdepartementet).

Sjølv om delprogramma på fleire måtar synes ulike i innretningane sine, vil Regjeringa sikre at det vert etablert ordningar for samarbeid og integrering slik at dei nasjonale initiativa er best mogleg samordna, ikkje minst fordi bruk av IKT står sentralt i alle delprogramma.

IKT-delen av CIP består mellom anna av ei vidareføring av EU-programma Modinis og eTEN som Noreg tidlegare har teke del i under EØS-avtalen. I tillegg vil den tematiske vidareføringa av EU-programmet eContent (Nærings- og handelsdepartementet sitt budsjettkapittel, jf. St.prp. nr. 61 (2004–2005) bli innlema i IKT-programmet frå 2009. Det IKT-politiske støtteprogrammet har som føremål å framskunde utviklinga av eit konkurransedyktig, innovativt og inkluderande informasjonssamfunn.

EU legg sterk vekt på verdien av IKT som verkemiddel for fornying av offentleg sektor og som drivar for økonomisk vekst. IKT-programmet er kopla nært til prioriteringar innan EU sin strategiske overbygning for informasjonssamfunnet, det såkalla i2010-initiativet. Arbeidet skjer i tett samarbeid med EU/EØS-landa og blir koordinert gjennom CIP-programmet. Noreg deltek aktivt i vidareutvikling og implementering gjennom ulike fora knytte til i2010-initiativet.

IKT-programmet har eit særleg fokus på finansiering av større pilotprosjekt med sikte på utvikling av paneuropeiske elektroniske løysingar. Utlysingane i 2007 vart knytte til mellom anna offentlege elektroniske innkjøp, elektronisk identi­fikasjon, og elektroniske tenester innan helsesektoren.

I tillegg til dei større transnasjonale pilotane, vil ei rekkje tematiske nettverk etablerast innan ulike IKT-politiske fagområde. Programmet finansierer òg samarbeid om statistikk og analysar av IKT-utviklinga.

På IKT-området ligg Noreg langt framme, med ei rekkje gode offentlege og private IKT-løysingar. På fleire område av IKT-politikken ser EU til Noreg, mellom anna innan områda eHelse og eGovernment. Gjennom deltaking i programmet ynskjer Regjeringa mellom anna å få til ei meir strategisk tilnærming til IKT- og forvaltningsutvikling. For næringslivet gjev deltaking høve til å vise produkta sine i ein europeisk samanheng og etablere nye marknader.

Programdeltakinga fører òg med seg dekning av tre nasjonale ekspertar i Europakommisjonens generaldirektorat for informasjonssamfunnet (DG INFSO) og dekning av oppfølgingsaktivitetar nasjonalt.

Resultatrapport 2006

CIP-programmet starta opp i 2007 og varer ut 2013. Samstundes var det aktivitet knytt til forlauparane MODINIS og eTEN. Begge programma vart formelt avslutta i 2006, men fleire prosjekt heldt fram i 2007 og 2008. I 2006 fokuserte MODINIS på å utvikle erfaringsgrunnlag og erfaringsoverføring mellom landa. Gjennom arbeidet med referansetesting i tilknyting til i2010, vart det gjennomført nasjonale undersøkingar om IKT-utviklinga i Noreg samanlikna med landa i EU.

eTEN har til no vore EU sitt program for å fremje telekommunikasjonsbaserte nettverk basert på elektroniske tenester med ein europeisk dimensjon. Programmet finansierer utvikling og implementering av nettbaserte tenester retta mot folkesetnad og næringsliv i Europa innanfor tema som eHealth, eGovernment, eLearning, inkludering, tryggleik og små og mellomstore verksemder. Fleire norske verksemder tok del i eTEN-programmet i 2006.

ENISA

Det europeiske nettverks- og informasjonstryggleikbyrået (ENISA) vart formelt oppretta i mars 2004. ENISA har som føremål å betre EU si evne til å adressere og respondere på nettverks- og informasjonstryggleiksproblem. Noreg deltek i ENISA sitt Management Board med representantar frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet og Samferdselsdepartementet. Dei årlege kostnadene for deltaking i ENISA vert delte likt mellom dei to departementa.

Elektroniske tenester mellom forvaltning, næringsliv og innbyggjarar (IDABC) (2005–2009)

Mål og strategiar

EU-programmet IDABC (Interoperable Delivery of European eGovernment Services to public Administrations, Businesses and Citizens) skal fremje elektroniske tenester mellom forvaltningane, næringsliv og innbyggjarar. Programmet er det tredje i rekkja og skal vare ut 2009. Noreg tek del i programmet frå og med 2006, jf. St.prp. nr. 54 (2005–2006).

IDABC tek hand om infrastruktur og standardar for utveksling av informasjon innan offentleg forvaltning og med næringsliv og innbyggjarar. Programmet set normer for samhandlinga innan EU/EØS og medverkar til fellesløysingar på fleire sektorar.

IDABC er ei vidareføring av tidlegare IDA-program. Dei har vortne evaluerte, og framheva som nokre av EUs mest vellukka program. IDABC-programmet støttar utviklinga av e-forvaltingstenester og underliggjande infrastruktur på to måtar:

  • programmet utviklar og implementerer prosjekter innan elektroniske tenester som er vedtekne av dei ulike fagsektorane og som skal gjennomførast av EU og medlemslanda i samarbeid. I arbeidsprogrammet for 2007 var det 41 konkrete prosjekt

  • programmet utviklar òg ei rekkje tverrgåande prosjekt til felles nytte for medlemslanda. I 2007 var det 25 slike horisontale prosjekt, til dømes informasjonsportalen Your Europe, etablering av eit sikkert elektronisk nettverk (TESTA) mellom administrasjonane i medlemslanda, etablering av standardar for felles dokumentformat i Europa o.a.

IDABC (2005–2009) har eit EU-budsjett på 148,7 mill. euro. Noreg har teke del i programmet frå 2006. Finansiering av den norske deltakinga, går fram av omtalen i St.prp. nr. 1 (2006–2007) Fornyings- og administrasjonsdepartementet.

Resultatrapport 2006

Noreg har teke del i tidlegare IDA-program sidan 1997. Det var i 2006 stor aktivitet både innan dei horisontale aktivitetane og innan dei særskilte sektorprosjekta.

Særleg viktig for Noreg var førebuingane til overgangen til ei ny sikker plattform for elektronisk kommunikasjon, det såkalla sTESTA-nettverket. sTESTA er ein horisontal aktivitet innan IDABC som har som målsetjing å etablere eit sikkert nettverk mellom administrasjonar i deltakarlanda. Det skal etablerast eit felles aksesspunkt til kvart land, og dette er avgjerande for den kommunikasjonen ei rekkje statlege verksemder har med EU-land.

Budsjett

Løyvinga skal dekkje norsk deltaking i IKT-delen av CIP-programmet pluss norsk deltaking i EU-programmet IDABC og EU-byrået ENISA. Løyvinga vil dekkje estimert årskontingent for norsk deltaking, utgifter til nasjonale ekspertar ved Europakommisjonen og nasjonal oppfølging.

Kap. 1562 Elektronisk samhandling og forenkling av forretningsprosessar

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

70

Tilskot NorStella

1 400

1 400

1 400

Sum kap. 1562

1 400

1 400

1 400

NorStella sitt arbeid som pådrivar for betre elektronisk samhandling i og med offentleg sektor, og forenkling av forretningsprosessar i næringslivet nasjonalt og internasjonalt, er viktig for heile samfunnet. NorStella har ei tredelt oppgåve:

  1. å mobilisere norsk næringsliv og offentleg sektor til å påverke utviklinga av relevante standardar internasjonalt

  2. å ta vare på norske interesser og formidle norske synspunkt i ulike typar av standardiseringsarbeid internasjonalt

  3. å oppmode til at nye felles standardar vert tekne i bruk i næringslivet og i offentleg sektor.

Resultatrapport

NorStella har i 2006:

  • vore «leiar» for eit stort EU-prosjekt for standardiserte meldingar gjennom heile transportkjeda. NorStella si rolle i dette arbeidet har vore å sikre at UN/CEFACT syter for at desse standardane blir globale, og dessutan sikre at norske verksemder får ta del i denne utviklinga

  • vore med i Fornyings- og administrasjonsdepartementet sitt Standardiseringsråd

  • teke del i ei faggruppe for fri programvare, som har laga ein Referansekatalog for fri programvare/open source.

Det vart inngått ein samarbeidsavtale mellom Standard Norge og NorStella gjeldande frå 1.3.2007. Formålet er betre koordinering av det internasjonale arbeidet og betre samordning av konkrete prosjekter.

Målsetjingar med tilskotet

Tilskotet til NorStella i 2008 skal nyttast til å:

  • sikre deltaking i nasjonale og internasjonale fora relatert til stiftinga sitt ansvar som informasjonsformidlar, og som pådrivar for bruk av internasjonale (de facto eller godkjende) standardar i næringslivet og i offentleg sektor

  • gjennomføre prosjekt som nyttar slike standardar – implementeringsprosjekt. Typiske eksempel er EU-prosjektet for standardiserte meldingar innan sjøtransport (ShortSeaXML) som NorStella leier, og det arbeidet verksemda gjer for bygg- og anleggsbransjen gjennom BIT-programmet

  • fortsette kunnskapsspreiing om den samfunnsøkonomiske verdien av standardar for elektronisk samhandling.

Kap. 1563 IKT-tryggleik

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

70

Tilskot til Norsk senter for informasjonssikring (NORSIS)

4 000

4 000

4 000

Sum kap. 1563

4 000

4 000

4 000

Norsk senter for informasjonssikring

Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS) har som overordna mål å betre tryggleiken og gjere informasjons- og kommunikasjonsteknologi i samfunnet mindre sårbar. NorSIS skal gjere brukarane medvitne om trugslar og sårbare punkt. NorSIS skal òg opplyse om sikringstiltak og påverke til gode haldningar gjennom kompetanseutvikling, informasjonsutveksling og rådgjeving av førebyggjande art. NorSIS si målgruppe er primært små og mellomstore verksemder i privat sektor, og offentleg sektor inkludert kommunane. NorSIS skal dessutan så langt som mogleg møte innbyggjarane med hjelp når det trengst. Informasjon frå NorSIS skal vere «open», og alle samfunnsgrupper skal kunne dra nytte av NorSIS sine tenester (web, rettleiingar, rapportar, kurs, konferansar o.a.) NorSIS samarbeider med og nyttar media i stor grad for å nå målgruppa, som er omfattande. NorSIS arbeider òg for å auke tryggleikskompetansen hos innbyggjarane generelt.

Resultatrapport

Senteret har i perioden hatt vidfemnande møteverksemd med verksemder og samarbeidspartnarar i målgruppa. Senteret har òg halde ei rekkje kurs og foredrag. Verksemda har utvikla fleire haldningsskapande produkt (rettleiingar o.a.) som har vorte lagt ut på www.norsis.no. NorSIS har hyppig kontakt med media, og vert jamleg brukt som ein ressurs av journalistar frå fjernsyn, radio og aviser i samband med saker som gjeld informasjonstryggleik.

For å styrkje innsatsen på kommunal sektor, har NorSIS etablert eit formelt samarbeid med Foreningen Kommunal Informasjonssikkerhet (KInS). Dette samarbeidet gjer at NorSIS i enda større grad når ut med informasjon, råd og rettleiing til kommunar som treng hjelp til å styrkje informasjonstryggleiken.

Mål og strategiar

NorSIS skal saman med NorCERT (Norwegian Computer Emergency Response Team) i Nasjonal sikkerhetsmyndighet spele ei viktig rolle i samband med nasjonal koordinering av varsling og rådgjeving for informasjonstryggleik. NorSIS skal gjennom sitt arbeid mellom anna:

  • fremje ein tryggleikskultur hos brukarar av informasjonssystem og nettverk gjennom å auke merksemda deira omkring risikoar og trongen for rutinar, tiltak og prosedyrar

  • spreie kunnskap om sårbare data og risikoar for å auke medvitet om trongen for god informasjonstryggleik

  • etablere og vidareutvikle arenaer for informasjonsutveksling om informasjonstryggleik på tvers av sektorar

  • utarbeide råd og rettleiingar og dessutan gje informasjon om konkrete tiltak med tanke på å førebu eller oppdatere system og nett mot ulike trugslar

  • knyte kontakt med tilsvarande kompetansemiljø nasjonalt og internasjonalt.

Programkategori 01.70 Personvern

Utgifter under programkategori 01.70 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

Pst. endr. 07/08

1570

Datatilsynet

24 264

25 059

25 443

1,5

1571

Personvernnemnda

1 600

Sum kategori 01.70

24 264

25 059

27 043

7,9

Personvern er å verne om den personlege integriteten og privatlivet til det einskilde menneske. Det er brei semje om at personvern er ein grunnleggjande rett som det er viktig å verne om. Samstundes gjer den teknologiske og samfunnsmessige utviklinga at personvernet vert sett under press, og ynskja om å registrere og handsame personopplysningar er stadig aukande.

For å vere førebudd til å møte dei utfordringane personvernet vert utsett for, har Regjeringa oppretta ein personvernkommisjon, sjå St.meld. nr. 17 (2006–2007) Eit informasjonssamfunn for alle (IKT-meldinga). Kommisjonen skal gjere ei heilskapleg vurdering av dei utfordringane personvernet møter i samfunnet, og kartleggje og vurdere verkemidla vi har i dag for å ta vare på personvernet. Kommisjonen kan òg foreslå nye verkemiddel, men skal ikkje revidere personopplysningslova. Arbeid med lova ligg til Justisdepartementet, som har lovansvar for personopplysningslova. Personvernkommisjonen skal levere rapporten sin til Fornyings- og administrasjonsdepartementet innan 15.12.2008.

Datatilsynet skal sjå til at personvernet vert teke tilfredstillande omsyn til når personopplysningar vert handsama. Tilsynet held eit høgt aktivitetsnivå, og arbeidet i etaten er omfatta av stor interesse. Fleire undersøkingar dei seinare åra viser at innbyggjarane har låg kjennskap og merksemd om personvern. Datatilsynet legg difor vekt på informasjonsarbeid. Departementet har løyvd særskilde midlar til Datatilsynet for å styrkje informasjonsverksemda, med vekt på informasjonstiltak retta mot barn og unge og mot verksemder som handsamar personopplysningar.

Regjeringa la fram IKT-meldinga hausten 2006. Meldinga peiker på dei mange personvernutfordringane, og viser til ei rekkje tiltak Regjeringa vil setje i verk for å ta vare på personvernet. Mellom anna vert det vist til informasjonstiltak retta både mot innbyggjarane og næringslivet. Støtte til arbeid med å utvikle og fremje bruk av personvernfremmande teknologi er eit satsingsområde for Regjeringa. For å tryggje sentrale personvernomsyn ved utarbeiding av nytt regelverk, arbeider departementet dessutan med ein rettleiar til Utgreiingsinstruksen som gjeld personvernkonsekvensar.

Kap. 1570 Datatilsynet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

01

Driftsutgifter

24 264

25 059

25 443

Sum kap. 1570

24 264

25 059

25 443

Allmenn omtale

Gjennom tilsyn og sakshandsaming skal Datatilsynet kontrollere at lover og forskrifter for handsaming av personopplysningar vert følgde, og at feil og manglar vert retta. Tilsynet skal halde seg orientert og informere om den nasjonale og internasjonale utviklinga i handsaming av personopplysningar. Vidare skal Datatilsynet identifisere farar for personvernet og gje råd om korleis ein kan unngå eller motverke dei. Deltaking i råd og utval er difor ein viktig del av arbeidet til Datatilsynet. Som høyringsinstans i saker som kan ha konsekvensar for personvernet, har Datatilsynet òg innverknad på samfunnsutviklinga.

Departementet si satsing på å styrkje informasjonsverksemda i Datatilsynet, særleg retta mot barn og unge og verksemder, er eit godt døme på korleis etaten når fram til viktige brukargrupper, mellom anna med kampanjen «du bestemmer». Kampanjen er omtala i rapportdelen.

Datatilsynet hjelper bransjeorganisasjonar med å utarbeide bransjevise normer for framferd, og gjev bransjar og verksemder råd om sikring av personopplysningar. Datatilsynet motiverer og hjelper verksemder til å velje sine eigne personvernombod. Datatilsynet har òg ei viktig ombodsrolle. Personar som tek kontakt med tilsynet, får råd og informasjon. Publikum vert i fyrste rekkje nådd gjennom aktiv mediekontakt og publisering på eigen nettstad. For å skape merksemd og interesse omkring personvernspørsmål, deltek Datatilsynet aktivt i den offentlege debatten.

Nokre prinsipp står sentralt i oppbygginga av personvernlovgjevinga. Prinsippa byggjer på eit grunnleggjande ideal om at alle skal ha råderett over personopplysningar om seg sjølve.

Blant dei sentrale prinsippa er:

  • handsaming av personopplysningar skal vere sakleg grunngjeve. Opplysningane skal samlast inn til klåre og legitime føremål, og brukast i samsvar med desse

  • registrering av personopplysningar skal i størst mogleg grad vere basert på friviljug, tydeleg og informert samtykke. Opplysningar i offentlege register der registrering er pliktig, skal vere lovheimla

  • ved innhenting av personopplysningar har alle rett til uoppfordra å få vite om det er friviljug eller obligatorisk å gje frå seg personopplysningane, kva føremål opplysningane skal brukast til og om dei vil verte utleverte til andre

  • den som er ansvarleg for at data vert registrerte skal hjelpe den registrerte med å gje innsyn i kva for opplysningar som er lagra, kva dei skal brukast til og kvar dei er henta frå

  • opplysningar som vert registrerte skal vere korrekte. Ukorrekte opplysningar skal endrast, slettast eller sperrast. Overskotsinformasjon og opplysningar som ikkje lenger trengst for føremålet med registreringa, skal slettast

  • informasjonstryggleiken skal takast vare på

  • innbyggjarane skal ha krav på å kunne ferdast anonymt. Når nye teknologiske løysingar vert tekne i bruk, skal retten til anonym ferdsel takast vare på.

Det skjer ei stadig meir omfattande registrering og intensiv bruk av personopplysningar. Ny teknologi gjer det mogleg å registrere og lagre store mengder personopplysningar mellom anna i samband med utvikling av nye tenester. Krav om gode offentlege tenester som er tilpassa kvar einskild, effektiv sakshandsaming, innsyn og openheit kan i nokre tilfelle kome i konflikt med personvernet. Det er ei stor utfordring å finne fram til rutinar, praktiske løysingar og til dømes bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi som tek omsyn til personvernet og samstundes medverkar til betre tenester og ein meir effektiv offentleg sektor.

I 2005 vart det undersøkt korleis innbyggjarane og offentlege og private verksemder stiller seg til personvern. Personvernundersøkinga viste at folk stoler på at andre tek vare på personvernet deira, og at fleirtalet trur at dei fleste verksemdene i Noreg følgjer krava i personopplysningslova. Dei fleste verksemdene kjenner på si side ikkje til krava til informasjonstryggleik og krava dei har etter lova til å gje informasjon til dei personane opplysningane gjeld.

Justisdepartementet, i samarbeid med Fornyings- og administrasjonsdepartementet, reviderer no personopplysningslova og -forskrifta.

Rapport

St.meld. nr. 8 (2006– 2007) Om Datatilsynet og Personvernnemnda sine årsmeldingar for 2005 gjev utfyllande informasjon.

Tilsynsaktiviteten

Tilsynsverksemda er eit verkemiddel i Datatilsynet sitt arbeid med å fremje eit godt personvern i samfunnet. I tillegg til å kontrollere om verksemdene etterlever regelverket, er tilsyn òg ein viktig kanal for dialog og kunnskapsoverføring. Datatilsynet gjennomførte 150 tilsyn i 2006.

Informasjonsverksemda

Kommunikasjon vert vektlagd som verkemiddel, mellom anna gjennom mediekontakt, Datatilsynet si heimeside og ei juridisk svarteneste på telefon og e-post. Med bakgrunn i personvernundersøkinga har Datatilsynet utarbeidd ein handlingsplan for målretta informasjon om plikter og rettar innan personvern. I samarbeid med Utdanningsdirektoratet og Teknologirådet utvikla Datatilsynet i 2006 ein eigen nettstad «www.dubestemmer.no». Det vart sendt ut materiell til alle ungdomsskular og vidaregåande skular, som har meldt tilbake at det òg trengs informasjon utover den gruppa materiellet er retta inn mot. I 2007 er Datatilsynet tildelt ekstra midlar for å gjennomføre fleire informasjonsprosjekt. Prosjekta handlar om å auke merksemda om personvern gjennom kunstnariske uttrykksformer og å utvide kampanjen «du bestemmer».

Internkontroll

I undersøkingane retta mot verksemder og einskilde personar i 2005 kom det fram at det var ein stor skilnad mellom tilliten til handsaming av personopplysningar i verksemdene og den faktiske etterlevinga av regelverket. Særleg vart pliktane om internkontroll og informasjonssikring i liten grad etterlevd.

Datatilsynet starta difor hausten 2006 eit informasjonstiltak om internkontroll og informasjonssikring. Dette tiltaket inkluderte utarbeiding av temahefte, rettleiingar, malar og støtteverkty.

Som ein del av prosjektet kontakta Datatilsynet ulike verksemder gjennom e-post for direkte oppfølging. Det vart vidare arrangert tre seminar i ulike byar om temaet internkontroll og informasjonssikring. Prosjektet vart avslutta våren 2007.

Fristar for sakshandsaminga

Målet om sakshandsaming innan 5 veker for enkle saker og 10 veker for kompliserte saker vart i hovudsak nådd. Det er gjennomført stikkprøver som viser at tidsbruken ikkje overstig desse fristane.

Høyringsfråsegner

Datatilsynet gav 123 høyringsfråsegner. Fleire var svært ressurskrevjande med svarfristar så korte at det i nokre tilfelle vart vurdert om det var tilrådeleg å gje tilsvar. Datatilsynet si oppfatning er at det sjeldan vart teke omsyn til merknader som vart gjeve i høyringsfråsegner.

Internasjonalt arbeid

Datatilsynet merkar i aukande grad eit internasjonalt engasjement i personvernspørsmål. EU, Europarådet, OECD o.a. set i dag standarden for mykje av den personverntenkinga som vert gjeldande her til lands. Det er difor viktig for Datatilsynet å kunne delta i internasjonale fora.

Resultatmål

Datatilsynet skal i 2008:

  • gjennomføre minst 130 tilsyn innan prioriterte område

  • medverke til at personvernet vert tilstrekkeleg vektlagt, mellom anna ved å delta i råd, utval og samarbeidsfora nasjonalt og internasjonalt og gjennom høyringsfråsegner

  • vidareføre satsinga på kommunikasjonstiltak for å skape merksemd og gje kunnskap om plikter og rettar etter personvernlovgjevinga

  • handsame enkle saker innan 5 veker og kompliserte saker i gjennomsnitt innan 10 veker.

Budsjett

Post 01 Driftsutgifter

Løyvingsforslaget dekkjer løns- og driftsutgifter.

Kap. 1571 Personvernnemnda

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

01

Driftsutgifter

1 600

Sum kap. 1571

1 600

Personvernnemnda vart oppretta i 2001 med heimel i personopplysningslova, lov av 14. april 2000 nr. 31.

Personvernnemnda er klageorgan for vedtak fatta av Datatilsynet. Personvernnemnda skal handsame klager på vedtak som Datatilsynet fattar i medhald av personopplysningslova og andre lover. Personvernnemnda fattar fortløpande vedtak etter mottatte klager. I 2006 handsama nemnda 15 klagesaker. Det vart etablert eit fast sekretariat i 2006.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvingsforslaget dekkjer utgifter til sekretariat for nemnda og godtgjersle til medlemene i nemnda. Utgiftene i samband med personvernnemnda har til og med 2007 vorte dekte over kap. 1500 Fornyings- og administrasjonsdepartementet, post 01 Driftsutgifter.

Programkategori 01.80 Statsbygg

Utgifter under programkategori 01.80 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

Pst. endr. 07/08

1580

Byggjeprosjekt utanfor husleigeordninga

1 142 085

1 500 236

1 561 616

4,1

1581

Eigedomar til kongelege føremål

113 072

84 765

59 457

-29,9

1582

Utvikling av Fornebuområdet

72 003

57 500

44 500

-22,6

1583

Utvikling av Pilestredet Park

7 421

2445

Statsbygg

1 100 801

1 248 804

1 094 404

-12,4

Sum kategori 01.80

2 435 382

2 891 305

2 759 977

-4,5

Inntekter under programkategori 01.80 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

Pst. endr. 07/08

4581

Eigedomar til kongelege føremål

337

120

125

4,2

5445

Statsbygg

1 020 589

1 335 555

900 000

-32,6

5446

Sal av eigedom, Fornebu

30 908

7 400

-100,0

Sum kategori 01.80

1 051 834

1 343 075

900 125

-33,0

I 2008 vert det gjort framlegg om ein reduksjon i løyvinga under kategori 01.80 Statsbygg. Hovudårsaka er at fleire større byggje- og utviklingsprosjekt no er i sluttfasen. Særleg gjeld dette Prosjekt Nytt Operahus, der Den Norske Opera startar innflyttinga i desember 2007.

Allmenn omtale

Statsbygg skal ta hand om dei ambisiøse målsetjingane til Regjeringa innan miljøvenleg bygging, energieffektive løysingar og arkitektonisk kvalitet. Statsbygg skal dessutan vere leiande når det gjeld universell utforming, og sikre tilkomst for alle i bygningane dei forvaltar.

Statsbygg skal tilby gode og funksjonelle lokale til statlege verksemder. Statsbygg skal gje råd ved kjøp og leige av lokale, vere byggherre på vegne av departementa, syte for god forvaltning av eigedomane i den statlege husleigeordninga og sikre statlege interesser i større eigedomsutviklingsprosjekt.

Statsbygg er ei forvaltningsbedrift og har om lag 700 tilsette, hovudkontor i Oslo og regionkontor i Porsgrunn, Bergen, Trondheim, Tromsø og Oslo. Inntektene til Statsbygg er i hovudsak leigeinntekter frå statlege verksemder, og utgjer om lag 2,7 mrd. kroner. Samla investeringsbudsjett for 2007 er om lag 3,1 mrd. kroner.

Hovudutfordringar og utviklingstrekk

Fornying og omstilling av offentleg sektor kan føre med seg trong for omorganisering og nye lokale. Dette set store krav til Statsbygg når det gjeld rask og fleksibel oppfølging ved ynske om endringar. Statsbygg må difor halde fram med å utvikle rådgjevingskompetansen i høve til departementa og andre statlege verksemder. Dette gjeld mellom anna assistanse i samband med vurdering av trong for nye lokale, marknadsundersøkingar, alternativvurderingar og kostnadsanalysar.

På byggherresida er den viktigaste utfordringa å sikre god styring av kostnader, kvalitet og framdrift i prosjekta. Marknaden er prega av sterkt aukande prisar som følgje av høg aktivitet i byggebransjen. Dette gjev Statsbygg store utfordringar i gjennomføringa av byggeprosjekta, ikkje minst fordi kostnadsrammene i prosjekta vert fastsette lenge før arbeida vert kontraherte. Det vert difor lagt stor vekt på risikostyring i alle fasar av prosjektgjennomføringa.

I alle byggeprosjekta vert det arbeidd systematisk med å implementere krava til universell utforming (tilkomst for alle). Det er laga ein handlingsplan for å sikre funksjonshemma tilkomst i bygningar som Statsbygg forvaltar.

Innanfor eigedomsforvaltninga er dei sentrale utfordringane å tilpasse eigedomsmassen til det brukarane treng, syte for effektiv arealbruk, redusere energibruken og unngå bruk av miljøfarlege stoff.

Dei viktigaste utfordringane innan eigedomsutviklinga er å skaffe stabile rammer over tid, avklare eventuell statleg trong for eigedomen, gjennomføre ryddige prosessar ved sal av eigedom og syte for bindande planavklaringar der både statlege og lokal ynskje vert rimelig balanserte og sikra.

Hovudmål og strategiar

Innanfor vedtekne rammer for økonomi, kvalitet og framdrift skal Statsbygg:

  • syte for rådgjeving og utgreiing i statleg sivil sektor i samband med leige av lokale og planlegging av byggjeprosjekt

  • utføre byggherretenester i statleg sivil sektor ved å organisere, planleggje og gjennomføre byggjeprosjekt innanfor vedtekne rammer

  • sikre kostnadseffektiv drift og eit verdiivaretakande vedlikehald av eigedomane

  • syte for at universell utforming og omsynet til miljø, arkitektur og kulturhistoriske verdiar vert vurdert og sikra

  • syte for miljøriktig materialbruk, som mellom anna inneber å unngå bruk av tropisk tømmer

  • syte for effektiv utnytting av dei eigedomane Statsbygg forvaltar, gjennom eigedomsutvikling, kjøp og sal

  • ta hand om statlege interesser i større eigedomsutviklingsprosjekt gjennom å gje råd, organisere, planleggje og gjennomføre slike prosjekt, og på denne måten realisere verdiar som vert frigjorde ved ny bruk av statlege eigedomar

  • gjennom si verksemd medverke til effektivisering av byggje-, anleggs- og eigedomsnæringa (BAE-næringa).

Mål og resultatkrav for 2008

Fornyings- og administrasjonsdepartementet set følgjande krav til Statsbygg sitt arbeid i 2008:

Mål

Resultatindikatorar

Resultatkrav 2008

God budsjettdisiplin

Sluttkostnad i prosent av styringsramma på byggjeprosjekta under kap. 1580, 1581 og 2445.

Sluttkostnaden på prosjekta skal samla sett ikkje overskride styringsramma med meir enn 1 pst.

Overføring av unytta løyvingar til neste budsjettermin under kap. 1580, 1581, 1582 og 2445.

Overføringane til neste budsjettermin skal ikkje overstige 7,5 pst. av disponibel løyving.

Tilfredsstillande avkastning på totalkapitalen

Resultat før finanskostnader i prosent av gjennomsnittleg investert kapital for året.

Minimum 6 pst. rentabilitet av totalkapitalen.

Prosentdel utleigde areal i forhold til totalarealet.

98 pst.

Nøgde leigetakarar

Prosentdel leigetakarar som er nøgde med Statsbyggs eigedomsforvaltning.

95 pst.

Effektiv energibruk i bygningar forvalta av Statsbygg

Klimakorrigert energiforbruk

210 kWh/kvm

Ivaretaking av samfunnsmessige føringar

Rapport om ivaretaking av miljø1, arkitektur, kulturminne, universell utforming m.m

Rapport som viser om Statsbygg oppfyller kvalitative føringar

1 Rapport som gjeld miljøarbeid er gjeve under del III.

Rapport

Nedanfor følgjer rapportering på dei resultatkrava som vart sett for Statsbygg i perioden 2003–2006:

Mål: God budsjettdisiplin – riktig styring innanfor kostnadsramma

Resultatindikator:

Sluttkostnad i prosent av styringsramma (gjeld både kap. 1580 Byggjeprosjekt utanfor husleigeordninga og kap. 2445 Statsbygg).

Resultatkrav 2006:

Sluttkostnad på prosjekta skal samla sett ikkje overskride styringsramma med meir enn 1 pst.

2003 2004 2005 2006
1,1 pst -6,0 pst -8,7 pst -4,4 pst

Av i alt sju ferdigstilte bygg under kap. 1580 og 2445 har fire prosjekt fullført på styringsramma, to prosjekt har fullført under styringsramma, og eitt prosjekt har overskride styringsramma. Høgskulen i Nesna oversteig styringsramma med 2,2 pst. som følgje av dårlege grunntilhøve. Dette svarar til Statsbyggs uvisseavsetjing i prosjektet. Samla sett var det ei total innsparing i høve til styringsrammene på 4,4 pst. for ferdigstilte bygg i 2006.

Mål: God budsjettdisiplin – låge overføringar frå ein termin til den neste

Resultatindikator:

Overføring av unytta løyvingar til neste budsjettermin under kap. 1580, 1581, 1582 og 2445.

Resultatkrav 2006:

Overføringane til neste budsjettermin skal ikkje overstige 7,5 pst av disponibel løyving.
2003 2004 2005 2006
7,0 pst 0,3 pst 6,9 pst 12,9 pst

Overføring av prosjektløyvingar frå 2006 til 2007 var på 12,9 pst. Målsettinga på 7,5 pst. er dermed ikkje oppnådd. Årsaka er press i leverandørmarknaden og til tider mangel på enkelte byggjevarer, som har ført til ei seinare framdrift i prosjekta enn opphavleg planlagd, og dermed ei auke i overføringane av ubrukte midlar.

Mål: Tilfredsstillande avkastning på totalkapitalen

Resultatindikator:

Resultat før finanskostnader i prosent av gjennomsnittleg investert kapital for året

Resultatkrav 2006:

Minimum 6 pst rentabilitet av totalkapitalen
2003 2004 2005 2006
6,3 pst 6,3 pst 6,9 pst 6,6 pst

Rentabiliteten av totalkapitalen er definert som resultat før finanskostnader i prosent av gjennomsnittleg investert kapital for året. Rentabiliteten av totalkapitalen var i 2006 på 6,6 pst. Målsettinga på 6 pst. er nådd.

Mål: Tilfredsstillande avkastning på totalkapitalen – høg utleigegrad

Resultatindikator:

Prosentdel utleigde areal i forhold til totalarealet.

Resultatkrav 2006:

98 pst
2003 2004 2005 2006
98,4 pst 97,6 pst 97,5 pst 98,6 pst

Statsbygg hadde i 2006 ein utleigegrad på 98,6 pst.

Dette er bra kapasitetsutnytting av den samla eigedomsmassen. Ein må rekne med at lokale står tomme i periodar ved rehabilitering, klargjering, avhending, ferdigstilling av eigedomar, bygningar og anna.

Mål: Nøgde leigetakarar

Resultatindikator:

Prosentdel leigetakarar som er nøgde med Statsbyggs eigedomsforvaltning1

Resultatkrav 2006:

95 pst

1 Med nøgde meiner ein heilt nøgd, svært nøgd eller ganske nøgd.

2003 2004 2005 2006
95,0 pst 95,2 pst 94 pst

I 2006 vart det gjennomført målingar for å få vite kva kundane meinte om Statsbyggs eigedomsforvaltning i 2006. Målingane viste at 94 pst. av kundane var nøgde. Dette er litt under kravet på 95 pst. Det ligg ikkje føre samanliknbare tal for 2005.

Mål: Effektiv energibruk i bygningar forvalta av Statsbygg

Resultatindikator:

Klimakorrigert energiforbruk

Resultatkrav 2006:

210 kWh/kvm
Indikator 2003 2004 2005 2006
Talet på eigedomar 159 167 158 177
Brutto golvareal i kvm 1 484 532 1 544 351 1 305 601 1 578 515
Årleg energiforbruk (MWh) 284 668 307 539 259 369 308 141
Klimakorrigert energiforbruk (kWh/ kvm/år) 201,4 210,6 212,4 211,4

Resultatkravet for 2006 var at energiforbruket ikkje skulle overstige 210 kWh/kvm, BTA (bruttoareal). Kravet gjeld gjennomsnittleg energibruk med bygningane i normal dagleg bruk. Resultat frå 2006 for Statsbygg sine 177 registrerte eigedomar var 211,4 kWh/kvm. Dette er ein reduksjon på 0,5 pst. i høve til 2005. Hovudårsaka til at målsetjinga for 2006 ikkje er nådd er at bygningane er i bruk stadig større delar av døgnet.

I 2006 vart det gjennomført kompetansegjevande enøk-kurs for driftspersonell og sett i verk ei rekkje tiltak for å redusere energibruken. Ei nærare analyse av korleis brukstida for bygningane har utvikla seg, er starta opp.

Mål: Ivaretaking av samfunnsmessige føringar

Arkitektur

Statsbygg skal leggje til rette for god arkitektur i alle prosjekt, både som byggherre, eigedomsutviklar og forvaltar. Det er lagt vekt på auka bevisstgjering av samspelet mellom utomhusareal, bygningar og interiør.

I 2007 er det sett i gang ei evaluering av konkurranseformer for kontrahering av arkitektar og rådgjevarar. Evalueringa skal avdekkje bruk av ressursar og krav til dokumentasjon ved kontrahering og oppfølging.

Kulturminnevern

Gjennom den daglege forvaltninga og drifta av eigedomane har Statsbygg ansvar for at dei kulturhistoriske verdiane vert tekne vare på. Statsbygg er òg byggherre for mange utviklings- og rehabiliteringsprosjekt på staten sine kulturhistoriske eigedomar. Kulturminnevern er eit prioritert område for Statsbygg, og det vert arbeidd kontinuerleg for å auke medvitet og kompetansen hos dei tilsette når det gjeld tilrettelegging for levande bruk av kulturhistoriske eigedomar. Det vert lagt vekt på oppfølging av St.meld. nr. 16 (2004–2005) «Leve med kulturminner», gjennom auka fokus på det potensialet for verdiskaping som er knytt til dei kulturhistoriske eigedomane som Statsbygg forvaltar. Gjennom utarbeiding av verneplanar for andre sektorar vert òg verneverdiane i Statsbygg sin eigen eigedomsmasse kartlagde. Dette legg grunnlag for framtidige vurderingar knytte til vern, vedlikehald, ombygging og bruk.

Universell utforming

Universell utforming vil seie at alle skal få lik tilgang til dei bygga Statsbygg forvaltar. Ny handlingsplan for universell utforming for perioden 2007–2010 er utarbeidd av Statsbygg. Om lag 6 pst. av midlane til vedlikehald av eigedomane vil vere øyremerka tiltak for universell utforming. I 2006 vart det gjennomført tiltak for 21 mill. kroner, som er 7 pst. av midlane til vedlikehald. Statsbygg er i sluttfasen i arbeidet med å utvikle eit nytt og betre system for registrering av tilkomst i bygga. I løpet av 2007 vil det vere mogleg å få oversikt over tilkomst til publikumsrelaterte bygningar på Internett.

Miljø

Statsbygg arbeider aktivt med miljøspørsmål både som byggherre, eigedomsforvaltar, eigedomsutviklar og rådgjevar. Statsbygg har dei siste to åra etablert eit miljøstyringssystem. I 2006 vart verksemda sertifisert etter ISO 14001. Statsbygg er med dette den største offentlege byggherren som er miljøsertifisert etter denne standarden. Eit av prinsippa i miljøstandarden ISO 14001 er at ein kontinuerleg skal betre miljønivået på alle plan innanfor verksemda. For å halde på sertifikatet må Statsbygg arbeide aktivt og målbevisst med miljøaspektet i åra framover.

Det er utarbeidd tydelegare miljøkrav i kontraktdokumenta, slik at eksterne rådgjevarar og entreprenørar tek betre omsyn til miljøkrava til Statsbygg. 2006 var det fyrste året ein hadde månadleg miljørapportering frå alle byggjeprosjekt om oppnåing av miljømål, bruk av farlege stoff og avfallshandtering. Dette er gått inn i miljørekneskapen til Statsbygg, som jamleg vert evaluert. Det vert arbeidd med ein utviklingsplan som skal gjere Statsbygg i stand til å vere i front for utviklinga på miljøfeltet.

Kap. 1580 Byggjeprosjekt utanfor husleigeordninga

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

30

Prosjektering av bygg , kan overførast

9 869

15 316

15 316

31

Igangsetjing av byggjeprosjekt , kan overførast

24 301

15 000

33

Vidareføring av byggjeprosjekt , kan overførast

1 078 748

1 407 400

1 443 600

36

Kunstnarisk utsmykking , kan overførast

10 046

12 520

12 000

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

14 121

65 000

75 700

70

Tilskot til Hovedstadsaksjonen

5 000

Sum kap. 1580

1 142 085

1 500 236

1 561 616

Allmenn omtale

Løyvingsforslaga gjeld investeringar i bygg utanfor husleigeordninga der Statsbygg er byggherre, medan oppdragsgjevaren sjølv skal forvalte eigedomen etter at prosjektet er ferdigstilt.

Budsjett

Post 30 Prosjektering av bygg, kan overførast

Posten vert nytta til prosjektering av prioriterte byggjesaker som ikkje har øyremerkt prosjekteringsløyving. I 2008 er det mellom anna lagt opp til å nytte midlane til prosjektering av Universitetet i Tromsø Medisin og helsefag Trinn 2 og til å vidareføre prosjekteringa av universitetsutbygginga i Gaustadbekkdalen i Oslo. I tillegg skal det nyttast midlar til koordinering av statleg planarbeid for delar av terminalområdet i Groruddalen i Oslo.

Post 31 Igangsetjing av byggjeprosjekt, kan overførast

Posten vert nytta til igangsetjing av prioriterte byggjeprosjekt etter fullført forprosjekt. Det er foreslått å løyve 15 mill. kroner til igangsetjing av eit prosjekt som gjeld renovering av Plantevernbygningen i Ås fase 2.

Renovering av Plantevernbygningen fase 2

Fase 1 av renovering av Plantevernbygningen på Ås hadde ei kostnadsramme på 135 mill. kroner og vart ferdigstilt i 2004. Fase 2 omfattar mellom anna nasjonalt plantevernbibliotek, kantine og kontor. Ein gjer framlegg om ei startløyving på 15 mill. kroner i 2008 til fase 2, og vil kome attende med framlegg om endeleg kostnadsramme for prosjektet før igangsetjing.

Post 33 Vidareføring av byggjeprosjekt, kan overførast

Posten omfattar løyvingar til å vidareføre prosjekt som Stortinget har vedteke å starte opp i tidlegare år, og skal sikre optimal framdrift i desse prosjekta. Oversikten nedanfor viser korleis forslaget til løyving fordeler seg på dei ulike prosjekta.

Tabell 2.3 Oppstarta byggjeprosjekt under kap. 1580 (i mill. kr)

Prosjekt

Kostnadsramme per 1.7.2008

Styrings- ramme per 1.7.2008

Løyvd tidlegare

Forslag 20082

Bygg under KKD:
Prosjekt Nytt Operahus1 4 356,0 3 686,0 3 335,0 492,0
Bygg under KD:
UiB, Studentsenter 352,4 322,8 342,8 9,6
UiO, Institutt for informatikk II (IFI II) 1037,1 953,0 309,4 330,0
UMB, Sørhellinga 216,9 206,7 119,6 82,0
Bygg under JD:
Halden fengsel 1 435,6 1 353,1 214,5 530,0
Samla forslag post 33 1 443,6

1 Prisbasis per 01.07.08. Justering av kostnads- og styringsramma er i tråd med føresetnadene i St.prp. nr. 48 (2001–2002).

2 Budsjettforslaget er basert på at sluttløyving i byggjeprosjekta vert gjeve i fyrste garantiåret.

Kostnadsrammene for dei ulike prosjekta vert kalkulerte etter gjennomført forprosjekt og fastsette slik at det skal vere 85 pst. sannsynleg at kostnadsrammene vert haldne. Gjennomføringa av prosjekta skal likevel vere basert på ei styringsramme som gjev rom for 50 pst. risiko for overskridingar. Differansen mellom kostnadsramma og styringsramma utgjer uvisseavsetjinga i prosjekta.

Prosjekt Nytt Operahus

Prosjektet går tidhøveleg heilt etter planen. Innflytting for Den Norske Opera er planlagt sett i gang i desember 2007, men allereie i august/september tok Operaen i bruk delar av bygget. Opningsframsyninga er sett til 12.04.2008. Prosjektet har vore grensesprengande på fleire område. Det er montert avansert teaterteknisk utstyr og trearbeida i den store salen set svært høge krav til overflatehandsaming og geometrisk utforming.

Kledning av fasadar, som omfattar granitt og marmor, metall og glas, vart i all hovudsak avslutta ved årsskiftet 2006/2007. Utomhusareala vert avslutta i løpet av hausten 2007. Året 2007 elles har vore prega av omfattande innreiings- og installasjonsarbeid.

Kostnadsramma er på 4 356 mill. kroner i prisnivå per 01.07.2008. Siste overslag på sluttkostnaden er 3 836 mill. kroner i prisnivå per 01.07.2008. Dette er godt under kostnadsramma, men 150 mill. kroner høgare enn styringsramma. Statsbygg er difor gjeve løyve til å disponere ytterlegare 150 mill. kroner av den resterande uvisseavsetjinga på 670 mill. kroner.

Dei viktigaste årsakene til endringa skriv seg frå to tilhøve:

  • kapasitetsproblem og uvanleg sterk prisstigning i byggjebransjen sidan 2004

  • kompleksiteten i operaprosjektet har gjeve omfattande endringar og tillegg i entreprisane i sluttfasen.

Prosjektet er elles omtala i budsjettproposisjon frå Kultur- og kyrkjedepartementet. For nærare omtale av brukarutstyr, sjå omtale under post 45.

Universitetet i Oslo, Institutt for informatikk 2 (IFI2)

Lokala for informatikkstudentane er for små i høve til studenttalet og vert difor utvida med nybygg i Gaustadbekkdalen i Oslo. Gjennomføringa av IFI2 vil realisere eit heilskapleg miljø for informatikkstudia. IFI2 har ei brutto arealramme på 28 251 kvm, inkludert parkeringsareal.

Indeksregulert fram til september 2006 er kostnadsramma på 979,3 mill. kroner og styringsramma på 900,7 mill. kroner. Dei første kontraheringane i prosjektet viste høgare prisar enn berekna. Som følgje av auken i kostnader vart 55 mill. kroner av uvisseavsetjinga utløyst i januar 2007. Etter at tilbod for hovuddelen av dei resterande entreprisane er komen inn, er uvisseanalysen for prosjektet oppdatert i juni 2007. Analysen viser at det neppe er mogleg å gjennomføre prosjektet innanfor kostnadsramma. Marknadssituasjonen har allereie ført til lengre byggetid enn planlagt. Ved å gjere bruk av dei tilboda som no ligg føre på fleire entreprisar kan ein unngå at byggetida og kostnadene aukar ytterlegare. Regjeringa har difor gjeve Statsbygg høve til å teikne kontraktar for prosjektet som går ut over den ramma Stortinget har vedtatt. I kontraktane er det tatt atterhald om samtykke frå Stortinget. Det er lagt fram ein eigen proposisjon for Stortinget med framlegg til ny kostnads- og styringsramme for IFI2. I framlegget til bevilgning til IFI2-prosjektet i St.prp. nr. 1 (2007–2008) er det lagt til grunn at kostnadsramma for prosjektet vert auka til 1 080 mill. kroner.

Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB), Sørhellinga

Det trengst store forbetringar for å ta att etterslep i vedlikehald av bygningane ved UMB og tilpasse dei til dagens krav til undervisnings- og forskingsbygg. I ei samla vurdering av trongen for vedlikehald og renovering er rehabilitering av Sørhellinga-bygget, som vart oppført i 1979–80, gjeve fyrsteprioritet. Etter ombygginga skal heile Institutt for naturforvaltning få plass i bygningen. Bruttoarealet er på 10 170 kvm og inkluderer nye tekniske rom som vert lagt på taket.

Rivingsarbeidet vert gjort hausten 2006, og byggjestart var i januar 2007. Bygget vil venteleg stå ferdig våren 2008. Kostnads- og styringsramma er på 216,9 og 206,7 mill. kroner per 01.07.2008. Prosjektet er elles omtala i budsjettproposisjonen frå Kunnskapsdepartementet.

Halden fengsel

Halden fengsel skal oppførast på ei 300 mål stor tomt med ein bygningsmasse på 27 500 kvm. Fengselet vil få 251 plassar.

Halden fengsel har i 2007 fått auka kostnads- og styringsramma, jf. St.prp. nr. 84 (2006–2007) Om Halden fengsel. Ny kostnads- og styringsramme i prisnivå 01.07.2008 er 1 384,1 og 1 305,1 mill. kroner. Auken i kostnadene kjem som følgje av at prisstiginga i byggjemarknaden har vore høgare enn det som vart lagt til grunn i den tidligare godkjende kostnadsramma.

Det har i 2007 vore gjennomført detaljprosjektering og dessutan kontrahering av dei største byggje- og tekniske entreprisane. Byggjestart var i juni 2007, og fengselet skal overleverast til Justisdepartementet i april 2010. Prosjektet er elles omtala i budsjettproposisjonen frå Justis- og politidepartementet.

Studentsenteret ved Universitetet i Bergen

Studentsenteret i Bergen har ei kostnadsramme på 352,4 mill. kroner. Bygget vert ferdigstilt hausten 2007. Som følgje av uventa omstende rundt fundamenteringsarbeidet og manglar i prosjekteringsgrunnlaget, vil totalkostnaden for prosjektet overstige kostnadsramma. Regjeringa kjem attende til saka på ein eigna måte.

Gaustadbekkdalen – avtale om infrastruktur

Statsbygg og Oslo kommune har forhandla fram ein avtale om bygging av veg og annan infrastruktur knytt til etablering av statlege verksemder ved Universitet i Oslo og i Gaustadbekkdalen. Avtalen erstattar tidlegare vegavtale mellom Oslo kommune og Staten om bygging av gjennomfartsveg med tunnel (jf. St.prp. nr. 58 (1995–96)), og avsluttar alle statlege infrastrukturpliktar i høve til Oslo kommune i området.

Den nye avtalen omfattar tilkomst til universitetsområdet og Gaustadbekkdalen frå Ring 3, gang- og sykkelveg, grøntområde og tilskott til bekkeopning og miljøgate. Tiltaka i avtalen vert finansiert gjennom bidrag frå eksisterande og framtidige byggjeprosjekt i området. Samla kostnadsoverslag er på 34 mill. kroner. Om lag 6 mill. kroner vil kome frå byggjeprosjekt under kap. 1580. Om lag 12 mill. kroner vert aktivert på ubygd eigedom på kap. 2445, der det vert planlagt 70–80 000 kvm bygg for Universitetet i Oslo. Resten av kostnadene vert refunderte av andre eigarar i området. Tiltaka i avtalen vert gjennomførte i perioden 2009–2012.

Post 36 Kunstnarisk utsmykking, kan overførast

Løyvinga skal nyttast til kunstnarisk utsmykking av statlege bygg, utanom Prosjekt Nytt Operahus som blir handtert av Kultur- og kyrkjedepartementet. Ettersom midlar til kunstnarisk utsmykking ikkje vert tekne med ved utrekninga av husleige, gjeld løyvinga òg byggjeprosjekt som vert finansierte over kap. 2445 Statsbygg. Tildelinga til kvart prosjekt skjer etter føresegnene som er gjeve i kongeleg resolusjon av 05. 09. 1997, der ulike typar bygg er klassifiserte i fem kategoriar. Dei midlane som vert løyvd til kunstnarisk utsmykking til prosjekta tilsvarar frå 0,5 til 1,5 pst. av kostnadsramma, avhengig av kva kategori bygget tilhøyrer.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga gjeld brukarutstyr til Prosjekt Nytt Operahus. Store delar av kontraheringa av brukarutstyret er gjennomførde. Montering og installering av utstyret vert gjennomført hausten 2007 og tidleg i 2008. Kostnads- og styringsramme per 01.07.2008 er 178,7 og 165,7 mill. kroner.

Kap. 1581 Eigedomar til kongelege føremål

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

01

Driftsutgifter

22 165

20 685

21 224

30

Ekstraordinært vedlikehald, Bygdøy Kongsgard , kan overførast

78 319

49 500

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

12 588

14 580

38 233

Sum kap. 1581

113 072

84 765

59 457

Allmenn omtale

Statsbygg tek hand om Stiftsgarden i Trondheim, Gamlehaugen i Bergen, Det Kgl. Slott, Bygdøy Kongsgard og Oscarshall slott i Oslo. For eigedomane i Trondheim og Bergen har Statsbygg ansvaret for bygningar, interiør og utomhusareal. For eigedomane i Oslo har Statsbygg ansvaret for ytre vedlikehald, tekniske installasjonar og større vedlikehaldsarbeid. Det er inngått skriftlege avtalar mellom Det Kongelege Hoff og Statsbygg. Avtalane skal sikre klare ansvarstilhøve innanfor eigedomsforvaltninga.

Budsjett

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje Statsbygg sine kostnader til forvaltning, drift og vedlikehald av statlege eigedomar som vert nytta til kongelege føremål.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga skal dekkje større vedlikehalds- og om­byggingsarbeid av investeringsmessig karakter. Prioriterte tiltak i perioden er vidareføring av oppgraderinga ved Oscarshall slott og rehabilitering av taket på Det Kongelege Slott.

Oscarshall slott er eigd av staten og underlagt H.M. Kongens disposisjonsrett. Rehabilitering av bygningsmassen ved Oscarshall slott starta i 2007, og siktemålet er at rehabiliteringa skal vere ferdig i 2009. Anlegget har høg antikvarisk og kulturhistorisk verdi. Prosjektet vert utført i nært samarbeid med antikvariske styresmakter.

Etter avtale mellom Statsbygg og Det Kongelege Hoff er Statsbygg ansvarleg for utvendig rehabilitering og teknisk infrastruktur.

Kap. 4581 Eigedomar til kongelege føremål

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

01

Ymse inntekter

337

120

125

Sum kap. 4581

337

120

125

Post 01 Ymse inntekter

Posten omfattar inntekter frå husleige og omvisning ved Stiftsgarden og Gamlehaugen.

Kap. 1582 Utvikling av Fornebuområdet

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

21

Spesielle driftsutgifter , kan overførast

1 187

1 500

1 000

30

Investeringar, Fornebu , kan overførast

54 629

56 000

43 500

70

Erstatningar og oppgjer , kan overførast

16 187

Sum kap. 1582

72 003

57 500

44 500

Allmenn omtale

Kapitlet omfattar løyvingar til Statsbygg si administrering av prosjektet, investeringar i infrastruktur og opprydding i forureina grunn i samband med utvikling av dei statlege eigedomane på Fornebu i Bærum kommune.

Rapport

Utviklingsprosjektet på Fornebu vert i hovudsak avslutta i 2007. Opprydding i forureiningar og salet av statens tomter er avslutta.

Utbygginga av vegar, teknisk infrastruktur og grøntområde vert vidareført etter planen. Det meste vil vere ferdigbygd i 2008, men noko vil stå att til seinare år i påvente av at andre utbyggjarar får avslutta prosjekta sine. Alle dei offentlege vegane vert overleverte til Statens vegvesen eller Bærum kommune innan utgangen av 2008, medan det vil stå att noko arbeid på grøntområda.

Prosjektet legg stor vekt på ombruk av massar frå eige attvinningsanlegg på området. Attvinningsanlegget tek imot massar frå utbygginga og produserer ferdigvarer til bruk ved bygging av vegar, anlegg for vatn og avløp og grøntområde på Fornebu. Ved avslutta produksjon er det sidan starten i 2001 produsert 259 000 tonn jord, 494 000 tonn pukk/betong/stein og 103 000 tonn ombruksasfalt på anlegget.

Budsjett

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Løyvinga skal dekkje Statsbygg sine administrative utgifter i samband med arbeidet med etterbruk av Fornebu. For 2008 gjeld dette utgifter knytte til ymse etterarbeid etter prosjektavsluttinga, som intern administrasjon og kjøp av juridiske tenester ved oppfølging av avtalar.

Post 30 Investeringar, Fornebu, kan overførast

Løyvinga skal dekkje Statsbygg sine oppryddingstiltak, naudsynte investeringar i infrastruktur i området, kostnader som er knytte til frådeling av tomter etter regulering, og utgifter til drift og vedlikehald av statens eigedomar på Fornebu.

Kap. 1583 Utvikling av Pilestredet Park

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

21

Spesielle driftsutgifter , kan overførast

-540

30

Investeringar, Pilestredet Park , kan overførast

7 961

Sum kap. 1583

7 421

Allmenn omtale

Kapitlet vart oppretta for å gje oversikt over staten sine investeringar og driftsutgifter ved utviklinga av området til det tidlegare Rikshospitalet i Oslo, no Pilestredet Park, jf. St.prp. nr. 1 (1999–2000). Statsbygg sitt prosjekt vart avslutta i 2006 og gjennomført innanfor kostnadsramma.

Rapport

Utbygginga av infrastrukturen og uteområda i Pilestredet Park er gjennomførte i takt med utbygginga elles i området. Eit miljøoppfølgingsprogram som gjeld for heile området, har lege til grunn for utbygginga. Programmet utgjer eit rammeverk for miljømedviten satsing og har vore grunnlaget for planlegging og bygging. Alle planlagde sal av statlege eigedomar i Pilestredet Park er gjennomførte. Staten v/Statsbygg har motteke fleire miljø- og arkitekturprisar for prosjektet. I 2007 vart Statsbygg og Oslo kommune tildet Statens byggjeskikkpris for Pilestredet Park. Prisen vil bli gjeven til sameige Pilestredet Park og skal gå til tiltak for universell utforming av uteområda.

Budsjett

Kostnadsramma for prosjektet var på 149,8 mill. kroner per 01.07.2006, og midlane vart sluttløyvde i 2006.

Kap. 2445 Statsbygg

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

24

Driftsresultat

-313 702

-346 422

-447 422

30

Prosjektering av bygg , kan overførast

58 776

72 971

54 971

31

Igangsetjing av ordinære byggjeprosjekt , kan overførast

17 122

70 000

32

Igangsetjing av kurantprosjekt , kan overførast

44 954

130 500

38 000

33

Vidareføring av ordinære byggjeprosjekt , kan overførast

373 962

472 400

280 000

34

Vidareføring av kurantprosjekt , kan overførast

478 020

730 300

909 800

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

113 255

89 068

89 068

49

Kjøp av eigedomar , kan overførast

328 414

99 987

99 987

Sum kap. 2445

1 100 801

1 248 804

1 094 404

Allmenn omtale

Kap. 2445 omfattar Statsbygg sitt driftsbudsjett, som mellom anna omfattar administrasjon, drift og vedlikehald av eigedomane. I tillegg inneheld kapitlet investeringsbudsjett med løyvingar til byggjeprosjekt som skal inngå i den statlege husleigeordninga.

Statsbygg organiserer, planlegg og gjennomfører for tida om lag 220 større og mindre prosjekt i ulike fasar. Inntektene til Statsbygg er i hovudsak leigeinntekter frå statlege verksemder, og utgjer om lag 2,7 mrd. kroner. Samla investeringsbudsjett for 2007 er om lag 3,1 mrd. kroner. Dette gjeld både investeringar på eigedomar Statsbygg forvaltar (innanfor husleigeordninga) og på eigedomar som vert forvalta av andre statlege verksemder (utanfor husleigeordninga), jf. kap. 1580 og 1581.

Statsbygg er i stor grad ein innkjøpsorganisasjon. Dette gjeld særleg i byggjeprosjekta, der så godt som alle innsatsfaktorane vert kjøpte etter konkurranse i marknaden. Innan eigedomsforvaltninga vert om lag 70 pst. av dei utførte tenestene kjøpte. Eigenproduksjonen innanfor eigedomsforvaltninga utgjer med andre ord om lag 30 pst., og omfattar i hovudsak eige driftspersonell med ansvar for den daglege drifta på eigedomane.

Budsjett

Post 24 Driftsresultat

 

(i 1 000 kr)

Underpost

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

24.1

Driftsinntekter , overslagsløyving

-2 570 889

-2 650 929

-2 719 876

24.2

Driftsutgifter , overslagsløyving

866 495

961 116

966 976

24.3

Avskrivningar

386 399

398 445

397 399

24.4

Renter av staten sin kapital

53 379

61 800

51 327

24.5

Til investeringsformål

1 020 589

880 000

900 000

24.6

Til reguleringsfondet

-69 675

3 146

-43 248

Sum post 24

-313 702

-346 422

-447 422

Resultatrekneskapen omfattar berre den delen av drifta som kjem inn under Statsbygg sitt eige kapittel (kap. 2445 Statsbygg) i statsrekneskapen. På same måte omfattar balansen berre dei bygningane som Statsbygg forvaltar, der nesten alle er inntektsgjevande eigedomar innanfor statens husleigeordning.

Underpost 24.1 Driftsinntekter, overslags­løyving

Inntektene er i hovudsak husleige frå statlege leige­takarar og inntekter frå sal av eigedomar.

Underpost 24.2 Driftsutgifter, overslagsløyving

Driftsutgiftene dekkjer utgifter til drift, planlagt vedlikehald og administrasjon og forvaltning av eigedomsmassen.

Statsbygg har ansvar for å forvalte einskilde ikkje-inntektsgjevande eigedomar utan særskild løyving. Utgifter til forvaltning, drift og vedlikehald av denne eigedomsmassen vert dekt av midlar frå dei inntektsgjevande eigedomane.

Underpost 24.3 Avskrivingar

Alle aktiva som kan avskrivast, vert avskrivne lineært, men med ulik avskrivingstid. Innanfor alle avskrivingsgruppene vert avskrivingane rekna ut og førde fyrste gongen året etter ferdigstilling eller overtaking. Nedanfor følgjer ei nærare spesifisering:

  • nybygg og kjøpte inntektsgjevande eigedomar vert avskrivne lineært over 60 år

  • ombygging og ekstraordinært vedlikehald vert avskrive lineært over 30 år

  • alle eigedomar som var forvalta av Statsbygg før omgjeringa til forvaltningsbedrift vart i 1999 aktiverte i balansen. Desse eigedomane vart avskrivne frå og med år 2000. Avskrivingstida for desse eigedomane er sett til 40 år

  • i 2001 vart alle utanlandseigedomane som Statsbygg har teke over drifta av aktiverte i balansen. Avskrivingstida varierer, basert på ei vurdering av forventa brukstid

  • tomter, bustader og ikkje inntektsgjevande bygg vert bokførte i balansen til kostpris og ikkje avskrivne

  • andre driftsmiddel vert aktiverte i balansen ved kjøp, med beløpsgrense og avskrivingstid i samsvar med tilrådingane i rekneskapslova.

Underpost 24.4 Renter av statens kapital

Løyvinga er i samsvar med gjeldande retningsliner for utrekning av renter i statlege forvaltningsbedrifter.

Underpost 24.5 Til investeringsformål

Posten dekkjer avsetning til investeringsføremål, jf. omtale under kap. 5445 post 39.

Underpost 24.6 Til reguleringsfondet

Fondet vert nytta til å kompensere eventuelle avvik i driftsinntekter og driftsutgifter. Vidare skal fondet nyttast til å dekkje skadetilfelle på dei eigedomane Statsbygg forvaltar. I høve til fullmakt til å overskride gjevne løyvingar, kan Statsbygg òg nytte midlar frå fondet til å utvide ramma for investeringsbudsjettet under kap. 2445 Statsbygg, jf. framlegg til vedtak V og IX.

Post 30 Prosjektering av bygg, kan overførast

Løyvinga dekkjer prosjektering av bygg fram til fullført forprosjekt og omfattar prosjekt som ikkje har øyremerkt prosjekteringsløyving.

Post 31 Igangsetjing av ordinære byggjeprosjekt, kan overførast

Posten vert nytta til igangsetjing av prosjekt som skal leigast ut og forvaltast av Statsbygg, der leigetakaren må ha heil eller delvis husleigekompensasjon. I 2008 gjer ein framlegg om å løyve 70 mill. kroner til å setje i gang eit byggjeprosjekt for å samle fleire departement i regjeringskvartalet.

Utviding av Regjeringskvartalet – R6

Det er utarbeidd eit forprosjekt for å setje i stand eigedomane i Keysersgate 6–8 og Teatergata 9 til bruk for Helse- og omsorgsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet. R6 skal leggje grunnlag for eit godt og rasjonelt fysisk og elektronisk tryggleiksnivå og ein effektiv logistikk. Lokala i R6 vil kome i staden for leigelokale som departementa har andre stader enn i Regjeringskvartalet, og gjere det mogleg å innplassere Miljøverndepartementet i Regjeringskvartalet. Prosjektet har eit bruttoareal på 21 162 kvm. R6 vil i tillegg til kontorlokale for dei to departementa omfatte redundant datarom for Servicesenteret for departementa som skal tene heile Regjeringskvartalet.

På grunnlag av forprosjektet og ekstern kvalitetssikring (KS2) gjer ein framlegg om ei kostnadsramme på 870 mill. kroner og ei styringsramme på 800 mill. kroner for prosjektet R6.

Post 32 Igangsetjing av kurantprosjekt, kan overførast

Løyvinga omfattar midlar til byggjestart for prosjekt som skal forvaltast av Statsbygg, der leigetakaren eller det ansvarlege fagdepartementet dekkjer den tilhøyrande husleiga innanfor eksisterande økonomiske rammer (kurante byggjeprosjekt). Prosjekta vert gjennomførde med bakgrunn i husleigeavtalar mellom Statsbygg og leigetakarane. Ordninga vert regulert i det tilhøyrande forslaget til fullmakt til å gjennomføre byggjeprosjekt utan framlegging av eiga kostnadsramme for Stortinget (kurantordninga), jf. framlegg til vedtak VIII.

Post 33 Vidareføring av ordinære byggjeprosjekt, kan overførast

Løyvinga omfattar vidareføringsløyvingar til ordinære prosjekt som Stortinget tidlegare har vedteke å setje i gang. Bygga skal leigast ut og forvaltast av Statsbygg. Løyvinga for 2008 skal sikre framdrifta i desse prosjekta:

Tabell 2.4 Ordinære byggjeprosjekt under kap. 2445

(i mill. kr)

Prosjekt

Kostnadsramme per 01.07.2008

Styringsramme per 01.07.2008

Løyvd tidlegare

Forslag 20081

Bygg under KD:

Høgskulen i Vestfold 666,3 544,1 146,0 70,0
Samisk vitskapsbygg, Kautokeino 335,6 310,5 122,6 84,0
Bygg under FAD:
Regjeringa sitt representasjonsanlegg 303,3 276,8 156,8 117,0
Regjeringskvartalet fellesarbeid 9,0
Sum samla forslag post 33 280,0

1 Budsjettforslaget er basert på at sluttløyving i byggeprosjekta vert gitt i fyrste garantiåret, og ikkje som tidlegare når bygget vert ferdigstilt.

Kostnadsrammene for nye prosjekt vert kalkulerte på bakgrunn av eit gjennomført forprosjekt og fastsette slik at det skal vere 85 pst. sannsynleg at kostnadsramma vert halden. Gjennomføringa av prosjekta skal likevel baserast på ei styringsramme som gjev rom for 50 pst. risiko for overskridingar. Differansen mellom kostnadsramma og styringsramma utgjer uvisseavsetninga i prosjektet.

Høgskolen i Vestfold

Høgskulen i Vestfold skal samlast på Bakkenteigen i Horten kommune. Bruttoarealet for utbygginga er på 15 850 kvm, som vert knytt til eksisterande anlegg. Utbygginga har ei kostnadsramme på 666,3 mill. kroner og styringsramme på 544,1 mill. kroner per 01.07.2008. Det er bygd vegkryss og parkeringsareal. Byggestart for hovudbygningen er utsett som følgje av marknadssituasjonen. Byggjestart er no planlagt i 1. kvartal 2008. I så fall kan bygget stå ferdig ved semesterstart våren 2010.

Samisk vitskapsbygg i Kautokeino

Samisk vitskapsbygg i Kautokeino fekk oppstartsløyve ved Stortinget si handsaming av St.prp. nr. 1 (2005–2006). Bygget har ei arealramme på 8 637 kvm. Bygget vil romme Samisk høgskule, Nordisk Samisk Institutt, Samisk Arkiv, Sametinget si opplærings- og språkavdeling, Samisk spesialpedagogisk støtte, Kompetansesenter for rettane til urfolk og Internasjonalt fag- og formidlingssenter for reindrift. Føremålet med å samle desse samiske institusjonane er ynsket om å få ein synergieffekt for samisk språk, kultur, forsking og utdanning. Detaljprosjektet og grunnarbeida er ferdigstilte. Byggjestart er utsett på grunn av marknadssituasjonen og ferdigstilling av prosjektet er berekna til mai 2009.

Kostnads- og styringsramma er på 335,6 og 310,5 mill. kroner per 01.07.2008. Prosjektet er nærare omtala i Kunnskapsdepartementet sin budsjettproposisjon.

Regjeringa sitt representasjonsanlegg

Regjeringa sitt representasjonsanlegg fekk oppstartsløyve i samband med Stortinget si handsaming av St.prp. nr. 65 (2003–2004). Anlegget omfattar eigedomen Inkognitogate 18, Riddervoldsgate 2, delar av Parkveien 45, samt hagen i Parkveien 45 og 47 i Oslo. Inkognitogate 18 skal huse statsministeren. Prosjektet hadde byggestart i november 2006. Anlegget skal vere ferdig hausten 2008. Kostnads- og styringsramma per 01.07.2008 er 303,3 og 276,8 mill. kroner.

Post 34 Vidareføring av kurantprosjekt, kan overførast

Løyvinga vert nytta til vidareføring av kurantprosjekt som er starta opp i tidlegare budsjetterminar. Løyvinga skal sikre optimal framdrift i pågåande prosjekt. Kurantprosjekta er kjenneteikna ved at brukaren eller det ansvarlege fagdepartementet dekkjer den tilhøyrande husleiga innanfor sine gjeldande økonomiske rammer. Prosjekta inkluderer så vel tilpassing/rehabilitering av eksisterande lokale som tilbygg og nybygg. Det er for tida 46 slike byggjeprosjekt.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga skal dekkje kostnader til mindre ombyggingar, utvidingar, brukartilpassingar og installering av tekniske anlegg av investeringsmessig karakter. Løyvinga omfattar tiltak på alle eigedomar som Statsbygg forvaltar innanlands og utanlands.

Post 49 Kjøp av eigedomar, kan overførast

Løyvinga vert nytta til kjøp av eigedomar og tomter i tilknyting til aktuelle byggjeprosjekt.

Tabell 2.5 Statsbyggs balanse

Rekneskap 2005

Rekneskap 2006

Overslag 2007

Overslag 2008

Eigedelar:
Omløpsmidlar 469 093 417 243 443 168 430 206
Sum omløpsmidlar 469 093 417 243 443 168 430 206
Inntektsgivande eigedomar:
Bygg under arbeid 3 067 800 1 023 761 1 200 230 1 642 069
Ferdigstilte bygg/eigedomar 15 785 254 18 846 509 19 807 675 20 614 313
Sum inntektsgivande eigedomar 18 853 054 19 870 270 21 007 905 22 256 382
Ikkje-inntektsgivande eigedomar:
Bygg under arbeid 62 721 63 837 63 837 63 837
Ferdigstilte bygg/eigedomar 83 630 83 630 83 630 83 630
Obligasjonar/leigebuarinnskot 30 865 30 865 30 248 29 643
Sum ikkje-inntektsgivande eigedomar 177 216 178 332 177 715 177 110
Inventar og utstyr 14 977 24 778 26 455 26 452
Sum anleggsmidlar 19 045 247 20 073 380 21 212 075 22 459 943
Sum eigedelar 19 514 340 20 490 623 21 655 243 22 890 149
Gjeld og eigenkapital:
Kortsiktig gjeld 157 505 175 360 157 505 157 505
Renteberande gjeld staten 1 126 254 1 132 653 1 130 812 1 323572
Ikkje renteberande gjeld staten 259 774 260 889 260 889 260 889
Sum langsiktig gjeld 1 386 028 1 393 542 1 391 701 1 584 461
Reguleringsfond 311 559 241 884 164 930 118 643
Eigenkapital elles 17 659 248 18 679 837 19 941 107 21 029 540
Sum eigenkapital 17 970 807 18 921 721 20 106 037 21 148 183
Sum gjeld og eigenkapital 19 514 340 20 490 623 21 655 243 22 890 149

Kap. 5445 Statsbygg

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

30

Sal av eigedom

455 555

39

Avsetning til investeringsformål

1 020 589

880 000

900 000

Sum kap. 5445

1 020 589

1 335 555

900 000

Post 39 Avsetning til investeringsformål

Under denne posten er det ført avsetningar til investeringsformål til inntekt i statsrekneskapen, jf. omtale under kap. 2445 post 24, underpost 24.5.

Kap. 5446 Sal av eigedom, Fornebu

 

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

01

Leigeinntekter, Fornebu

386

40

Salsinntekter, Fornebu

30 522

7 400

Sum kap. 5446

30 908

7 400

Post 40 Salsinntekter, Fornebu

Dei siste eigedomane vart selde i 2006. Inntekter under denne posten vil i 2008 berre omfatte innbetalingar i samband med infrastrukturbidrag frå andre deltakarar i prosjektet og eventuelt etteroppgjer frå tidlegare sal.

Til toppen
Til forsida av dokumentet