Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.prp. nr. 1 (2007-2008)

FOR BUDSJETTÅRET 2008 — Utgiftskapittel: 1100–1161 Inntektskapittel: 4100–4150, 5576, 5651 og 5652

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiande del

1 Oversikt over budsjettframlegget på programområde 15 Landbruk og mat

Regjeringa vil medverke til å skape vekst og optimisme i Bygde-Noreg. Landbruket og ressursane knytt til landbrukseigedommane spelar ei viktig rolle for sysselsetjing og busetjing i store delar av landet og regjeringa vil sikre rammevilkår som legg til rette for at næringa kan utvikle seg på ein god måte framover.

Regjeringa vil arbeide for å oppretthalde eit levande landbruk over heile landet, sikre utøvarane i landbruket inntektsutvikling og sosiale vilkår på lik linje med andre grupper, og ha eit sterkt importvern for innanlandsk landbruksproduksjon. Eit levande og variert landbruk over heile landet vil òg medverke til å oppretthalde eit opent kulturlandskap. Regjeringa sin matpolitikk har som hovudmål at maten skal vere trygg når den når forbrukarane, uavhengig av om den er framstilt innanlands eller er importert.

Regjeringa meiner at miljøomsyn og langsiktig ressursforvaltning må være integrert i den samla næringspolitikken. Landbruket er ein viktig produsent av miljøgode. Det er viktig å sikre berekraftig ressursforvaltning med miljøomsyn i næringsverksemda og utvikling av dei positive miljøbidraga frå landbruket, m.a. innanfor klima og bioenergi.

Eit aktivt landbruk over heile landet har som føresetnad at jordbruksdrifta har ei tilstrekkeleg lønnsemd i eit mangfald av produksjonar og bruksstorleikar. Det er viktig at det blir gitt eit økonomisk grunnlag som gjer det interessant å drive i ulik skala og i ulike produksjonar.

Jordbruksavtalen for 2007-2008 fører vidare den kursendringa i landbrukspolitikken som regjeringa byrja gjennom avtalen i 2006, m.a. ved å leggje til rette for ei klar nivåheving i inntektene, sikre eit landbruk med ein variert bruksstruktur, oppretthalde eit levande landbruk over heile landet og ha særskilt merksemd på område med svakare utvikling i produksjon og arealbruk.

Jordbruksavtalen legg vidare opp til å styrkje distrikts- og strukturprofilen i verkemidla, styrkje landbrukets miljøprofil, ta vare på kulturlandskapet, auke beiting med husdyr og styrkje klimatiltaka, samt auke innsatsen for det økologiske jordbruket, med sikte på auka produksjon og forbruk.

Det er viktig å sikre at bøndene har tryggleik ved sjukdom og i krisesituasjonar i form av sikker tilgang på arbeidshjelp, og til låg kostnad for bonden. Regjeringa har lagt til rette for dette gjennom å etablere ei ny landsdekkjande landbruksvikarordning frå 2008, som organiserast gjennom avløysarlaga.

I delar av landet er det svakt inntektsgrunnlag for å drive privat veterinærpraksis. Tilfredsstillande tilgang til veterinærtenester er viktig, både for landbruket og samfunnet generelt. For å sikre at dyreeigarar i heile landet kan få tak i veterinær, har regjeringa gjort framlegg om å gi kommunane ansvar for å sørgje for tilfredsstillande tilgang til tenester frå dyrehelsepersonell. Det blir lagt til rette for at distriktskommunar kan finne gode, lokale løysingar for å trekkje til seg og dra nytte av veterinærkompetanse.

Miljøarbeidet omfattar særleg vern om jordbruksareal og kulturlandskap, ivaretaking av biologisk mangfald og kulturminne i jord- og skogbruk, bruk og vern av dei genetiske ressursane, reduksjon av forureining, auka satsing på økologisk landbruk, auka bruk av bioenergi og auka satsing på miljøvennleg landbruksproduksjon med omsyn til m.a. opplevingar og friluftsliv.

Regjeringa vil bidra til at landbrukssektoren kan utvikle betre og fleire tiltak for å redusere utslepp av klimagassar og forsterke dei positive klimabidraga som sektoren allereie gir.

Regjeringa vil leggje til rette for auka bruk av fornybar energi og auka trebruk i staden for meir energikrevjande materialar for å gi viktige bidrag til energiforsyninga og minske dei menneskeskapte klimagassutsleppa.

Skogbruket er samtidig ei viktig distriktsnæring og det er trebasert næringsverksemd i dei aller fleste kommunane i Noreg. Regjeringa legg til grunn at verdiskapinga i skogsektoren kan aukast ytterlegare innanfor rammene av norske miljømål og legg opp til å vidareføre den offensive skogpolitikken som blei innført i 2007.

Kulturlandskap forma av landbruket er viktig for identitet og tilknyting. Sikring av verdifulle jordbruksareal og kulturlandskap har høg politisk prioritet og er viktige element i den nasjonale miljøpolitikken. Kulturlandskapet er viktig som ei ramme for satsing på kultur, lokal mat, friluftsliv og for busetjing og turisme. For regjeringa er det derfor viktig å møte utfordringane ein har knytt til gjengroing, oppsplitting og nedbygging av verdifulle kulturlandskap i mange delar av landet.

I tillegg til å sikre trygg mat, skal matpolitikken fremme god plantehelse, god helse og velferd hos landdyr og fisk, kvalitet, ærleg omsetning og andre forbrukaromsyn.

Det er aukande interesse for helse, ernæring og matkultur. Regjeringa vil møte ønskjer og påverke kunnskap og vanar hos forbrukarane på ein positiv måte, samtidig som ein tek omsyn til forbrukarane sitt eige ansvar og deira valfridom.

Regjeringa legg òg vekt på å fremme verdiskaping og mangfald på matområdet. Merkeordningar skal medverke til større mangfald og utvikling av spesialprodukt. Regjeringa vil arbeide for å skape og utnytte synergiar mellom matpolitikken og andre politikkområde som til dømes ernærings-, forbrukar-, helse-, miljø- og næringspolitikk, samtidig som ein er medviten om at det kan vere interessemotsetnader mellom dei ulike politikkområda.

Det skal leggjast til rette for at det norske landbruket kan dekkje etterspurnaden etter varer det er naturleg grunnlag for å produsere i Noreg. Det er dei store grasbaserte produksjonane og kornproduksjonen som brukar det aller meste av jordbruksareala i Noreg og legg grunnlaget for dei største delane av verdiskapinga. Det må sikrast lønnsemd i desse produksjonane samtidig som matvareindustrien må sikrast råvareprisar som saman med andre tiltak sikrar konkurransekrafta.

Regjeringa legg vekt på nyskapingsevne og høgt kvalitetsnivå på varer og tenester for å sikre god konkurranseevne og marknadstilgang for landbruks- og distriktsnæringane. Det er store unytta moglegheiter når det gjeld å ta i bruk landbruket og bygdene sine samla ressursar på nye måtar, gjerne i samarbeid med andre sektorar. For å sikre den langsiktige utviklinga av landbruks- og matsektoren, er det nødvendig med forsking av høg kvalitet og relevans. Både naturressursane på det enkelte bruket, dei menneskelege ressursane og samarbeidet mellom ulike sektorar inneber nye moglegheiter. Regjeringa vil leggje større vekt på næringsutvikling og innovasjon gjennom eit godt samarbeid mellom dei offentlege aktørane på dette området, forskingsmiljøa og næringa.

Regjeringa ønskjer å auke verdiskapinga og busetjinga i distrikta. Eigedomsressursane, både areal og bygningar, må nyttast betre for å nå dette målet. Politikken skal støtte opp under det tradisjonelle familielandbruket, og samtidig leggje til rette for dei som vil utvikle eigedommen med nye næringar og for dei som vil bu på eit gardsbruk, men hente inntekt frå anna verksemd.

Reindrifta sine utfordringar er mange og samansette. Framleis manglar viktige rammevilkår for utøving av god reindrift i delar av Finnmark. Dette er knytt til distrikts- og siidagrenser, beitetider og reintal. Stabile rammevilkår for næringa er ein nødvendig føresetnad for å kunne skape tryggleik innanfor næringa, og for å få eit reintal i balanse med beiteressursane. Med den nye reindriftslova har regjeringa lagt grunnlaget for ein heilskapleg reindriftspolitikk der alle viktige spørsmål blir vurdert i ein samanheng.

Landbruks- og matdepartementet sitt verkeområde er nært knytt opp til ei rekkje internasjonale prosessar og avtalar. Dette legg føringar for utforminga av mål og verkemiddel.

Marknadssituasjonen for matvarer internasjonalt har endra seg mykje det siste året. Det har vore ein sterk prisauke for dei fleste kornvarer og for mjølk og meieriprodukt som tørrmjølk og smør. I den grad desse utviklingstrekka viser seg å vere uttrykk for ein meir varig situasjon, vil dette stille jordbruket og landbrukspolitikken overfor nye utfordringar og moglegheiter.

1.1 Hovudpunkt i budsjettframlegget for 2008

Regjeringa gjer framlegg om eit budsjett for Landbruks- og matdepartementet på om lag 14,5 mrd. kroner.

Hovudsatsinga er knytt til å:

  • leggje til rette for ei klar nivåheving i inntekta i landbruket

  • styrkje distrikts- og strukturprofilen i verkemidla

  • styrkje miljøprofilen i landbruket, ivareta kulturlandskapet og auke beiting med husdyr

  • forbetre velferdsordningane for jordbruket og sikre ei landbruksvikarordning over heile landet

  • føre vidare den sterke satsinga på skogbruk og bioenergi med sikte på auka verdiskaping, positive klimaeffektar og energigevinstar

  • styrkje landbruket sitt bidrag for lågare utslepp av CO2 og auka karbonbinding i skog

  • auke innsatsen for det økologiske jordbruket, med sikte på auka produksjon og forbruk

Vidare er det for 2008 lagt opp til å prioritere følgjande tiltak:

  • Mattryggleik

    • satsing på 15 mill. kroner knytt til eit nasjonalt sporingsprosjekt som skal leggje grunnlaget for elektronisk sporing av mat langs heile matproduksjonskjeda

    • styrkje kartlegginga av framandstoff i villfisk og styrkje tilsynet med serveringsverksemder innanfor ei ramme på 10 mill. kroner

  • Klima, miljø, biologisk mangfald

    • auka forsking for å utnytte potensialet i produksjon av annan generasjons biodrivstoff og anna berekraftig produksjon av bioenergi og biogass

    • etablere eit femårig utviklingsprogram for klimatiltak med ei årleg ramme på 4 mill. kroner

    • styrkje satsinga på verdsarvområda med 3 mill. kroner

    • tryggje det genetiske mangfaldet innan planter med stor verd for den globale matforsyninga gjennom ei løyving på 2,7 mill. kroner til opning og drift av Svalbard globale frøhvelv

    • prioritere regjeringa sitt arbeid med kontroll og forvaltning av framande artar, under dette utvikle kunnskap og handlingsplan for handtering og avgrensing av Iberiaskogsnigel med ei auke i satsinga på 3 mill. kroner

  • Jordbruk og næringsutvikling

    • auke løyvinga til konfliktdempande og førebyggjande tiltak mot rovvilt med 9 mill. kroner over Miljøverndepartementets budsjett

    • etablere ei kompensasjonsordning ved restriksjonar på bruk av beite som følgje av fare for rovviltangrep med 1 mill. kroner

    • etablere eit femårig utviklingsprogram for innlandsfiske med ei årleg ramme på 4 mill. kroner

    • styrkje tilgangen til veterinærtenester i distrikta med om lag 16 mill. kroner. 12 mill. kroner vil bli nytta av kommunane til å finne gode, lokale løysingar

  • Øvrige satsingar

    • følgje opp omstillinga i Bioforsk med ei løyving på 13,2 mill. kroner

    • starte opp arbeidet med renovering av Plantevernbygningen på Ås med ei løyving på 15 mill. kroner i 2008 over Fornyings- og administrasjonsdepartementet sitt budsjett. Regjeringa vil kome tilbake med framlegg av endeleg kostnadsramme før igangsetjing

Nokre av endringane i skatte- og avgiftsopplegget for 2008 medverkar særskilt til ei betre innretning av skatte- og avgiftssystemet for landbruket. Avgiftene på fyringsolje, anleggsdiesel og autodiesel blir auka slik at det blir relativt sett meir lønsamt å bruke bioenergi og biodrivstoff. Jordbruket blir kompensert for auka grunnavgift på fyringsolje ved at nedre grense i jordbruksfrådraget blir auka fra 45 000 kroner til 54 200 kroner i 2008. Samla sett gir dette ein meir miljøriktig skatte- og avgiftspolitikk. For å motverke at det skal løne seg å ta fast eigedom ut av næring for å oppnå redusert skatt på salsgevinstar, foreslår ein at gevinstar frå sal av grunnareal i landbruket blir skattlagt berre som kapitalinntekt slik som før skattereforma dersom samla årleg gevinst er lågare enn 150 000 kroner.

Dei nye takseringsreglane for formuesverdsetting av skog vil bli justert i tråd med dei føresetnadane som blei gitt i samband med statsbudsjettet for 2007. Det visast til St.prp. nr. 1 (2007-2008) Skatte-, avgifts- og tollvedtak for nærmare omtale av korleis dette vil bli gjennomført.

Regjeringa legg vidare opp til at hestehald med rimelege utsikter til å gi økonomisk overskott skal bli behandla som næring i skatte- og avgiftsmessig samanheng. Kriterium og praksis for skattlegginga av hestehald vil bli gjennomgått.

For å kunne behandle ulike typar fast eigedom individuelt når det gjeld endringar i likningstakstar som skal vere grunnlag for formuesskattlegging, blir takseringsreglane endra slik at den tidlegare kategorien anna fast eigedom blir delt opp i dei fire nye kategoriane gardsbruk, forretningseigedom, ubygd tomt og andre eigedommar.

mill. kr

Nemning

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

Pst. endr. 07/08

Programområde 15 Landbruk og mat

15.00 Landbruks- og matforvaltning m.m.:

123,3

122,9

-0,3

15.10 Matpolitikk

1 291,1

1 242,0

-3,8

15.20 Forsking og innovasjon

367,9

361,1

-1,8

15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

12 263,1

12 760,0

4,1

Sum Landbruk og mat

14 045,4

14 486,0

3,1

Sum Landbruks- og matdepartementet

14 045,4

14 486,0

3,1

I det følgjande gjer ein greie for dei viktigaste endringane som budsjettet legg opp til.

Regjeringa legg opp til eit budsjett under programkategori 15.10 Matpolitikk på om lag 1 242 mill. kroner. I forhold til saldert budsjett for 2007 syner budsjettet ein samla reduksjon på om lag 50 mill. kroner som hovudsakleg skuldast tekniske endringar knytt til flytting av midlar til veterinærdekning til ny post under kap. 1143 og overføring av midlar til kunnskapsstøtte frå Mattilsynet til dei enkelte verksemdene. Mattilsynets budsjett er redusert med 12 mill. kroner, slik at effektiviseringsgevinsten på 100 mill. kroner som matforvaltningsreforma føresette, no er tatt ut. Vidare er det sett av 25 mill. kroner til etablering av eit elektronisk sporingssystem i matproduksjonskjeda, styrkt kartlegging av framandstoff i villfisk og styrking av tilsynet med serveringsstader.

Regjeringa legg opp til eit budsjett på 361,1 mill. kroner under programkategori 15.20 Forsking og innovasjon i 2008. I forhold til saldert budsjett 2007 er endringane hovudsakleg ein reduksjon i løyvinga til omstillingstiltak i Bioforsk på om lag 13 mill. kroner.

Regjeringa legger opp til eit budsjett under programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak på om lag 12,8 mrd. kroner. Dette er ein auke på om lag 497 mill. kroner og endringane er i hovudsak knytt til kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen frå våren 2007 og flytting av midlar til veterinærdekning.

1.2 Overordna mål for landbruks- og matpolitikken

Landbruket spelar ei viktig rolle for busetjing og sysselsetjing i store delar av landet. Landbruket er mangfaldig og omfattar jordbruk, skogbruk, beitebruk og reindrift, og er òg viktig for næringar som reiseliv og kultur og for næringsmiddelindustrien. Landbruket i Noreg har fleire funksjonar: produsere trygg mat og sikre matforsyninga, produsere og levere trevirke og medverke til å oppretthalde kulturlandskapet og sikre sysselsetjing og busetjing over heile landet. Norsk matjord er ein avgrensa ressurs som det er eit nasjonalt ansvar å ta vare på for våre etterkomarar. Målet er å halde ved lag eit levande landbruk over heile landet. Regjeringa vil sikre utøvarane i landbruket ei inntektsutvikling og sosiale vilkår på linje med andre grupper.

Hovudmål for landbruks- og matpolitikken

Ein landbruks- og matpolitikk som held ved lag eit levande landbruk over heile landet. Politikken skal gi grunnlag for auka verdiskaping og livskvalitet basert på ei berekraftig forvaltning av landbruket og bygdene sine ressursar.

Delmål for landbruks- og matpolitikken er:

  • trygge matvarer

  • fremme mangfald og andre forbrukaromsyn i produksjon og omsetning av mat

  • god dyre- og plantehelse og god dyrevelferd

  • ei berekraftig ressursforvaltning med eit sterkt jordvern, bevaring og vedlikehald av kulturlandskapet og sikring av det biologiske mangfaldet

  • berekraftig skogbruk som grunnlag for auka verdiskaping gjennom trebruk, bioenergi og utmarksnæring

  • eit aktivt landbruk som medverkar til sysselsetjing og busetjing over heile landet og som gir grunnlag for auka verdiskaping gjennom ny næringsverksemd

  • nasjonal matforsyning, ein konkurransedyktig matvareindustri og nyskapande og berekraftig produksjon av varer og tenester

  • ei livskraftig reindriftsnæring i balanse med beiteressursane og som medverkar til å halde oppe samisk eigenart

I tillegg har departementet strategiar som er å utvikle:

  • handlingsrom for ein nasjonal landbruks- og matpolitikk innanfor internasjonale avtalar og forhandlingar og eit sterkt importvern for innanlandsk landbruksbasert matvareproduksjon

  • ei open, brukarretta og effektiv landbruks- og matforvaltning med høg kvalitet og stor grad av medverknad

  • forskingsinnsats av internasjonal kvalitet som fremmer ein innovativ og berekraftig landbruks- og matsektor med høg tillit i samfunnet

1.3 Hovudelement i landbruks- og matpolitikken

1.3.1 Matpolitikk

Regjeringa sin matpolitikk har som hovudmål:

  • trygg mat

  • god plantehelse og god helse og velferd hos landdyr og fisk

  • kvalitet, ærleg omsetnad og forbrukaromsyn

Ein legg òg vekt på:

  • sunt kosthald og gode matopplevingar

  • nyskaping, mangfald, matkultur og verdiskaping

  • tilrettelegging for marknadstilgang for norsk sjømat

  • langsiktig matforsyning og miljøvennleg produksjon.

Krava på matområdet blir i stor grad utforma i samsvar med internasjonal utvikling. Dette kjem mellom anna til uttrykk gjennom EØS-avtalen og avtalar knytt til WTO. Hovuddelen av norsk regelverk på matområdet er EØS-basert. Regjeringa legg vekt på ein aktiv europapolitikk, jf. St.meld. nr. 23 (2005-2006) Om gjennomføring av europapolitikken. Aktiv deltaking i internasjonalt arbeid er nødvendig for å påverke utviklinga av standardar og regelverk, for å ivareta norske synspunkt og for å ta del i utveksling og utvikling av kunnskap. Departementa med fagansvar på matområdet har utarbeidd felles prioriteringar for arbeidet retta mot EU.

Ein legg vekt på kontakt med styresmakter i andre land med omsyn til å betre marknadstilgangen for sjømat.

Det faglege ansvaret på matområdet er delt mellom Fiskeri- og kystdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Landbruks- og matdepartementet har administrativt ansvar for Mattilsynet.

Mattilsynet har ei sentral rolle i gjennomføringa av matpolitikken gjennom rettleiing, tilsyn, kartlegging og overvaking langs matproduksjonskjeda og der mat blir omsett til forbrukarane, samt gjennom å ta del i utviklinga av regelverk. Som ledd i utviklinga av regelverk utfører Vitskapskomiteen for mattryggleik uavhengige risikovurderingar for Mattilsynet. Kunnskapen i institusjonar som Bioforsk, Havforskingsinstituttet, Nasjonalt folkehelseinstitutt, Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES) og Veterinærinstituttet er viktig for å gi grunnlag for at forvaltninga av området er godt fagleg og vitskapeleg fundert.

Storparten av etablerings- og omstillingsarbeidet i Mattilsynet blei gjennomført i perioden 2004-2006. Det er ved utgangen av 2007 samla gitt særskilte løyvingar til omstillingstiltak i Mattilsynet på 412,4 mill. kroner sidan 2003. Omstillingstiltaka er ein føresetnad for ei vellukka reform og eit grunnlag for å kunne ta ut effektiviseringsgevinstar. For 2008 blir det gjort framlegg om å vidareføre ei løyving på 15 mill. kroner til omstillingstiltak i Mattilsynet. Det viktigaste arbeidet som framleis går føre seg, er å utvikle og innføre eit nytt fag-/tilsynssystem som etter planen vil vere sluttført i 2009. Det nye systemet er ein viktig del av Mattilsynet sitt arbeid med å få eit meir effektivt og einskapleg tilsyn av høgare kvalitet.

I St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 8 (2002-2003) var det eit mål at etableringa av Mattilsynet og dei andre elementa i matforvaltningsreforma samla sett skulle gi ein effektiviseringsgevinst på minimum 10 pst. Medrekna reduksjonen på 12 mill. kroner i budsjettframlegget for 2008, er det samla gjort særskilte effektiviseringskutt i Mattilsynet sitt budsjett på 100 mill. kroner sidan etableringa. Dette utgjer 10 pst. av den referanseramma effektiviseringsgevinsten blir rekna ut frå. Utover kostnadsreduksjon som følgje av effektivisering i Mattilsynet, gir matforvaltningsreforma ein kostnadsreduksjon gjennom ei meir marknadsbasert laboratorieverksemd. Mattilsynet sitt driftsbudsjett er i perioden 2004 til 2007 i tillegg netto tilført 34,5 mill. kroner til nye eller særskilt prioriterte oppgåver.

Mattilsynet arbeider framleis med å realisere effektiviseringsgevinstane knytt til matforvaltningsreforma. Særleg viktig er det at Mattilsynet no kjem over frå ein etableringsfase til normal drift, slik at den samla rettleiings- og tilsynsproduksjonen blir auka. Andre viktige utfordringar er arbeidet for å få ein meir fleksibel bruk av ressursar og kompetanse i verksemda og utvikling av eit meir einskapleg tilsyn. I denne samanhengen er det òg nødvendig med betre dokumentasjon av status, utvikling, tilsynsaktivitet og bruk av dei verkemidla tilsynet rår over på ulike område.

Arbeidet for mattryggleik har som mål å redusere risikoen for sjukdommar som kan bli overførte med smittestoff og uønska framandstoff i mat og vatn, både på kort og lang sikt. Maten skal vere trygg når den når forbrukarane, uavhengig av om den er framstilt innanlands eller er importert. Tilsynet skal leggjast opp slik at ein sikrar at sluttprodukta er trygge gjennom innsats i kvar del av matproduksjonskjeda. Det blir vidareført 10 mill. kroner på kap. 1115 Mattilsynet post 01, til særskilte satsingar på matområdet som no skal nyttast til å styrkje kartlegginga av framandstoff i villfisk og til styrkt tilsyn med serveringsverksemder.

Tilsyn med vassverk har avdekka til dels alvorlege manglar og at det er stort potensial for forbetringar i mange vassverk. Det er derfor nødvendig å styrkje tilsynet med vassverk.

Matlova sitt krav er at verksemdene skal kunne dokumentere sporing eitt ledd framover og eitt ledd bakover i matproduksjonskjeda. Evalueringar etter E. coli-saka og andre saker knytt til mattryggleik har vist at det er ønskjeleg å etablere sporingssystem som går utover krava i lova, slik at verksemdene kan trekkje tilbake produkta på effektiv måte og gi riktig og klar informasjon til Mattilsynet og forbrukarane.

Regjeringa starta i 2006 eit prosjekt i samarbeid med Mattilsynet og næringsaktørar i heile matproduksjonskjeda for å leggje grunnlaget for betre system for sporing av mat. Målet er å etablere ein nasjonal, elektronisk infrastruktur for effektiv utveksling av informasjon i matproduksjonskjeda innan utgangen av 2010. Elektroniske løysingar vil leggje grunnlag for betre beredskap, auka mat­tryggleik og auka verdiskaping i alle ledd. Tilgangen og kvaliteten på grunndata er viktig. Ein tek sikte på å leggje til rette for felles elektroniske grunndataregister for matbransjen og matstyresmaktene, innan 2010. Det blir gjort framlegg om ei løyving på 15 mill. kroner på kap. 1115 ny post 23 til arbeidet med å utvikle betre sporing i matproduksjonskjeda.

Merking av mat er eit område som har stor merksemd frå forbrukarane, matvarebransjen og styresmaktene. Regjeringa vil prioritere dette arbeidet, m.a. for at forbrukarane skal få riktig informasjon og for at forbrukarane lettare skal kunne velje sunn mat. I den samanhengen greier ein ut metodar og krav til ernæringsmerking av mat. Det er òg sett i verk arbeid med sikte på utarbeiding av rettleiingsmateriell for næringsaktørar som ønskjer å nytte frivillige merkeordningar om opphavet til matvarer.

Regjeringa la i 2007 fram Handlingsplan for bedre kosthold i befolkningen (2007 -2011). I 2008 er ei av satsingane å auke inntaket av fisk- og sjømat. Regjeringa har fremma ein strategi som skal medverke til auka leveransar av fersk fisk av høg kvalitet til forbrukarane ute og heime.

Smittsame sjukdommar er den enkeltfaktoren som gjennom åra har påført norsk havbruksnæring dei største tapa. Det vil derfor bli lagt vekt på å tryggje ei god fiskehelse. Det er òg viktig å oppretthalde den gode norske dyrehelsa, både som eit grunnlag for trygg og god norsk mat og for eksport mellom anna av avlsmateriale.

I delar av landet er det svakt inntektsgrunnlag for å drive privat veterinærpraksis. Tilfredsstillande tilgang til veterinærtenester er viktig, både for landbruket og samfunnet generelt. Landbruks- og matdepartementet meiner det no er nødvendig med nye tiltak for å sikre at dyreeigarar i heile landet kan få tak i veterinær. Landbruks- og matdepartementet har i Ot.prp. nr. 68 (2006-2007) gjort framlegg om å gi kommunane ansvar for tilfredsstillande tilgang til tenester frå dyrehelsepersonell. Dette omfattar òg ansvar for klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid. Utover overføring av dei midlane som blir nytta til klinisk veterinærvakt, blir det gjort framlegg om ein auke i løyvinga på 16 mill. kroner. Av dette skal om lag 12 mill. kroner nyttast av distriktskommunar til å finne gode, lokale løysingar for å trekkje til seg og dra nytte av veterinærkompetanse. Løyvinga blir øyremerka for å sikre den økonomiske ramma for kommunane sitt nye ansvar, sjå nærmare omtale under kap. 1143 post 60.

Det vil framleis bli lagt vekt på arbeidet for god dyrevelferd, m.a. oppfølging av tiltak omtalt i St.meld. nr. 12 (2002-2003) Om dyrehold og dyrevelferd.

Landbruks- og matdepartementet vil leggje vekt på å ivareta sektoransvaret for regjeringa sitt arbeid med tiltak mot framande skadelege artar. Iberiaskogsnigelen har skapt problem, først og fremst i private hagar i Sør-Noreg. For å styrkje arbeidet med å utvikle kunnskap og utarbeide ein handlingsplan for handtering og avgrensing av denne skadegjeraren, blir det gjort framlegg om ein auke i løyvinga på kap. 1112 post 51 Bioforsk på 3 mill. kroner.

1.3.2 Næringspolitikk

Hovudmålet for landbruks- og matpolitikken er å halde ved lag eit levande landbruk i heile landet. For å nå dette målet er det viktig at ein oppnår ei inntektsutvikling i landbruket på linje med andre grupper i samfunnet.

Jordbruksavtalen i 2007 fører vidare kursendringa i landbrukspolitikken, og gir landbruket eit nødvendig inntektsløft. Avtalen legg til rette for ein inntektsauke på 17 000 kroner pr. årsverk (10 pst.) i 2008, jamført med inntekta i 2007 før oppgjeret. Vidare er det lagt vekt på å styrkje struktur- og distriktsprofilen, prioritere velferdsordningane m.a. ved å etablere ei nasjonal landbruksvikarordning og å styrkje miljøprofilen. Det blir skipa eit eige utviklingsprogram for klimatiltak og tilskott til miljøvennleg behandling av husdyrgjødsel. Tilskotta til økologisk jordbruk blir auka monaleg.

Satsinga på økologisk jordbruk skal medverke til å gjere det norske jordbruket meir berekraftig og til å auke mangfaldet i matvaresektoren. Regjeringa har, jf. Soria Moria-erklæringa, som mål at 15 pst. av matproduksjonen og matforbruket skal vere økologisk innan 2015. Som eit tiltak for å auke det offentlege forbruket av økologisk mat, har Kommunal- og regionaldepartementet og Landbruks- og matdepartementet i samarbeid etablert eit satsingsprogram retta mot kommunar, kalla Økoløft i kommunar. Det vil bli sett av 10 mill. kroner pr. år for 2008 og 2009 år, fordelt likt mellom dei to departementa. Forbruk av økologisk mat er tatt inn som ein del av regjeringa sin Handlingsplan for miljø og samfunnsansvar i offentlige anskaffelser. Det vil òg bli utarbeidd ein handlingsplan for bruk av verkemiddel innanfor departementet sitt ansvarsområde.

Veksten i marknaden og etterspurnaden etter økologiske produkt har halde fram i 2006 og 2007. Samtidig var omleggingstakta låg i 2006, og det var ein stagnasjon i utviklinga på produksjonssida. I budsjettet for 2007 og 2008 er løyvingane over jordbruksavtalen i større grad retta mot å auke den økologiske produksjonen. Foreløpige tal for 2007 tyder på at dette har gitt gode resultat i form av auka interesse for omlegging til økologisk drift.

Skogbruket er ei viktig distriktsnæring og det er trebasert næringsverksemd i dei aller fleste kommunane i Noreg. Skogbruket gir òg eit viktig bidrag til sysselsetjing og inntekt på mange gardar. Auka bruk av fornybar energi og auka trebruk i staden for meir energikrevjande materialar vil gi viktige bidrag til energiforsyninga og minske dei menneskjeskapte klimagassutsleppa. Skog bind karbon og er derfor viktig i klimasamanheng. Skogen er òg leveområde for mange artar, er rik på kulturminne og er ei viktig kjelde for friluftsliv og opplevingar.

Regjeringa vil føre vidare den offensive skogpolitikken som blei innført i 2007. Dei økonomiske verkemidla som blir sett inn er på om lag same nivå som i 2007, og grunnstamma i verkemiddelbruken er skogfond, tilskotta til nærings- og miljøtiltak, tilskott til skogbruksplanlegging, bioenergitiltak og tiltak for auka bruk av tre.

Det er ein føresetnad at forvaltninga av skogressursane skjer etter prinsippa om berekraftig skogbruk. Skognæringa og miljørørsla reviderte hausten 2006 Levende Skog sine standardar for eit berekraftig skogbruk.

Departementet legg elles stor vekt på skogen si rolle i klimasamanheng, og vil arbeide aktivt for å auke dei positive gevinstane av å plante skog og bruke trevirke til m. a. konstruksjonar og energi. Statens forureiningstilsyn sin klimagassrekneskap viser at skogen i Noreg årleg tek opp om lag 25-30 mill. tonn CO2. Dette svarer til ca. 50 pst. av dei totale norske utsleppa av klimagassar. Departementet vil auke innsatsen for å framskaffe kunnskap om korleis klimaet påverkar skogen.

Ressurstilgangen frå skog og kulturlandskap representerer eit stort potensial for framtidig norsk produksjon av annan generasjon biodrivstoff. På dette området er det nødvendig med forsking og teknologiutvikling.

Det er eit mål at kvinner og menn skal ha like reelle høve til å eige ein landbrukseigedom, til å overta og busetje seg, og til å drive næringsverksemd innanfor landbruket og i næringar knytt til landbruket. Det er òg eit mål å gi barn og unge forståing for langsiktig forvaltning av ressursane som kjelde til inntekt og velferd.

Arbeidsgruppa med representantar frå departementet og næringa har utvikla ein strategi for likestilling i landbruket. I strategien er det målsetjing om 40 pst. kvinner på alle område i landbrukssektoren. Som eit resultat av arbeidet med strategien blir det oppretta eit program for likestilling og rekruttering.

Auka innovasjon i landbruket er ei føresetnad for auka mangfald og lønnsemd i produksjonen av varer og tenester frå sektoren. Landbruks- og matdepartementet vil føre ein innovasjonspolitikk som er kunnskapsbasert og som tek utgangspunkt i regionale fortrinn og moglegheiter, og der det er næringslivet som i all hovudsak definerer moglegheitene. Regionale styresmakter må leggje til rette for eit samarbeid med kunnskapsmiljø og næringsliv for å bidra til auka innovasjon. Dette er nærmare omtalt og drøfta i Strategi for forskning og forsk­ningsbasert innovasjon 2007-2012 som blei fastsett våren 2007, jf. òg kat. 15.20.

Departementet har utarbeidd ein nasjonal strategi for næringsutvikling - Ta landet i bruk!. Strategien gjeld frå 2007 til 2009. I den nye strategien er det lagt vekt på utvikling av levande bygder med eit moderne og livskraftig landbruk, samt auka og lønnsam produksjon av andre varer og tenester. Satsing på økologisk landbruk er i større grad enn tidlegare inkludert i den nasjonale strategien.

Innovativ og marknadsorientert produktutvikling er sjølve fundamentet for auka matmangfald og verdiskaping. Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon realiserer prosjekt som er med å gi auka verdiskaping for primærprodusentane og til å styrkje konkurranseevna til små og mellomstore matbedrifter.

Matprodusentane er avhengig av både forsking og utvikling i den eine enden av verdikjeda og daglegvaremarknaden og forbrukarane i den andre enden av verdikjeda. Departementet legg vekt på forbrukarane sine ønskje og preferansar som ein viktig premiss for næringsutviklinga i landbruket.

I landbruks- og matpolitikken er det òg viktig å utnytte synergiar og stimulere til samspel som kan fremme norsk matkultur, reiseliv, kulturlandskap og medverke til god helse og betre livskvalitet. Landbruket har òg mykje å bidra med når det gjeld lokal kulturhistorie, kulturlandskap, matkultur, jakt og fiske. Regjeringa ønskjer å synleggjere desse verdiane og medverke til samarbeid mellom landbruk og andre næringar og sektorar.

Departementet sin strategi for næringsutvikling femner òg tresatsing og trebruk. Dette er eit område der innovasjon og produktutvikling er særs viktig. Strategien støttar opp om næringa sitt mål om auka trebruk opp mot 0,75 m3 trevirke pr. innbyggjar pr. år, og tiltaka er m.a. eit trebasert innovasjonsprogram som blei sett i gang i 2006.

Inn på tunet-tenester bør bli ein viktig og prioritert del av tenestetilbodet innan helse-, omsorgs- og utdanningssektoren. Dette blir no følgt opp gjennom m.a. kvalitetssikringssystem og auka kunnskap og kompetanse i næringa. Det er i denne samanhang grunn til å nemne at skogen er ein viktig arena som læringsmiljø. Skogen er i enkelte prosjekt brukt aktivt i opplegg for arbeidstrening for å få folk tilbake i fast arbeid. Departementet meiner det er positivt at slike opplegg blir utvikla vidare.

Som ei oppfølging av Soria Moria-erklæringa deltek departementet i arbeidet med å utvikle nasjonalparkane og andre større verneområde som ein ressurs for lokalsamfunna og for lokal verdiskaping.

Departementet vil bidra i arbeidet med å utforme strategiar og tiltak for å sikre ei framtidsretta utvikling i fjellområda, der bevaring av unike særpreg kan einast med moglegheitene for å utvikle attraktive og konkurransedyktige næringar.

Departementet vil òg bidra til kompetanseoppbygging hos grunneigarane for utvikling av småskala vasskraftverk som kan bli ei viktig næringsverksemd for norske bønder. Saman med satsinga på bioenergi vil dette gi landbruket enda sterkare fotfeste som produsent av grøn energi.

Nasjonalt er det tatt initiativ til etablering av eit erfarings- og kompetansenettverk for utvikling av natur- og kulturparkar. Konkretisering av natur- og kulturpark som modell for nærings- og lokalsamfunnsutvikling og som nasjonalt verkemiddel vil vere sentrale tema for nettverket.

Våren 2007 fremma regjeringa eit forslag til ny reindriftslov. Lova blei vedteke av Stortinget og sett i kraft 1. juli 2007. Ny lov må sjåast i samanheng med regjeringa og Stortinget sine overordna mål for reindriftspolitikken, dvs. ei økonomisk, økologisk og kulturelt berekraftig reindrift. Ny lov støttar betre opp om desse måla. I dette ligg òg ei lovmessig ramme som sikrar større grad av internt sjølvstyre i næringa, samtidig som dette blir kombinert med ei oppfølging frå styresmaktene som er nødvendig for å leggje til rette for at reindrifta er berekraftig. I den samanheng vil departementet særleg leggje vekt på at det blir fastsett distrikts- og siidagrenser, beitetider og høgaste reintal for den enkelte siida. Reindrift er ei særs arealkrevjande næring. Inngrep og uro innanfor reinbeiteområda har auka dei siste tiåra. Regjeringa vil derfor vidareføre innsatsen for å finne fram til tiltak som kan redusere dette problemet.

1.3.3 Miljø- og ressurspolitikk

Landbruket er basert på næringsaktivitet på mange felt. Landbruket skal ha legitimitet i befolkninga. Folk skal vere trygge på at landbruket byggjer på oppdatert kunnskap om korleis miljøverdiane kan bli tekne vare på og utvikla vidare. Miljø- og ressurspolitikken i landbruket er omfattande og femner mange ulike tiltak og bruk av verkemiddel i ulike former. Arbeidet er tufta på planar og program og konkrete miljøomsyn i næringsverksemda.

Sikring av verdifulle jordbruksareal og kulturlandskap er høgt politisk prioritert og viktige element i den nasjonale miljøpolitikken. For å ta vare på viktige kulturlandskap og verne om dyrka og dyrkbar jord, arbeider regjeringa aktivt for at den årlege omdisponeringa av dei mest verdifulle jordressursane skal halverast innan 2010. Regjeringa vil òg at dei spesielt verdifulle kulturlandskapa skal vere dokumenterte og ha fått ei særskilt forvaltning innan 2010, og at område som gror igjen må skjøttast med tanke på næring og rekreasjon.

Dyrka og dyrkbar jord er grunnleggjande for å sikre matforsyninga på kort og lang sikt. Som følgje av klima, terrengtilhøve og jordsmonn er berre 3 pst. av arealet i Noreg dyrka mark. Dei siste 50 åra har den årlege omdisponeringa av jordressursar vore monaleg. Departementet meiner det framleis er nødvendig med sterk merksemd kring jordvern både lokalt og sentralt dersom det skal vere mogleg å nå målet, og ein legg opp til ei restriktiv linje for arealdisponering.

Kulturlandskap forma av landbruket er viktig for identitet, tilknyting, busetjing og turisme. Det er utfordringar knytt til gjengroing, oppsplitting og nedbygging av verdifulle kulturlandskap i mange delar av landet. Ordninga med beitetilskott og dei regionale miljøprogramma er styrkt for å auke beiting og for betre kunne skjøtte kulturlandskapa.

Verkemiddel i nasjonale og regionale miljøprogram for landbruket skal bidra til at jordbruksproduksjonen fører til minst mogleg forureining og tap av næringsstoff. Departementet legg opp til ei vidare satsing på å redusere forureininga av fosfor og nitrogen til vassdrag og kystområde, og vil òg halde fram med arbeidet for å redusere bruken av plantevernmiddel.

Regjeringa opprettar eit utviklingsprogram for klimatiltak i jordbruket over jordbruksavtalen, og under dette skal ein greie ut tiltak for å redusere lystgassutslepp og auke kunnskapen om biogassproduksjon. Eit sentralt klimatiltak i jordbruket er å stimulere til auka produksjon av biogass gjennom m.a. å leggje til rette for at jordbruket og kommunal sektor finn løysingar for å bruke matavfall og gjødsel til produksjon av elektrisk kraft, varme eller drivstoff.

Regjeringa sine klimamål for 2020 inkluderer opptak av CO2 i skog. Departementet vil arbeide vidare med styrking av tiltaka for å vedlikehalde og utvikle skogressursane, m.a. med sikte på å auke bindinga i skog. Departementet vil òg føre arbeidet med tresatsingstiltak vidare og legg vekt på at bruk av tre i varige konstruksjonar og treprodukt forlengjer bindinga av CO2. Auka bruk av biomasse til bioenergi vil elles vere eit av dei store satsingsområda til departementet i åra som kjem.

Landbruket arbeider med grunnlag i naturen si produksjonsevne, og tiltaka i landbruket verkar inn på det biologiske mangfaldet. I 2008 vil departementet føre vidare deltakinga i det nasjonale programmet for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald, og føre vidare satsinga på tiltak knytt til miljøplanar for enkeltbruk, skogbruksplanlegging med miljøregistreringar, miljøretta tilskott o.a.

Departementet vil halde fram med kartleggings- og registreringsarbeid retta mot verdifull genetisk variasjon innan skogtre, innan trua kulturplanter og innan trua husdyrrasar. Å ta vare på genetiske ressursar og sikre ei berekraftig forvaltning av desse er grunnleggjande for å halde oppe eit biologisk mangfald og mattryggleik, livskvalitet og velferd i framtidige generasjonar.

Departementet vil etablere eit globalt sikringslager for frø på Svalbard, som skal opnast i februar 2008, jf. kap. 1139.

Departementet skipa i 2006 eit nasjonalt genressurssenter knytt til Norsk institutt for skog og landskap. Senteret skal medverke til ei meir kraftfull og samordna forvaltning av genressursane innan husdyr, skogtre og kulturplanter.

1.3.4 Eigedoms- og busetjingspolitikk

Landbruket spelar ei viktig rolle for busetjing og sysselsettjing. Regjeringa vil arbeide for at heile landet skal takast i bruk. Dette krev at ressursane blir tekne i bruk på ein betre måte enn i dag. Bruken av verkemidla i eigedoms- og busetjingspolitikken må støtte opp under dette målet. Eigedoms- og busetjingspolitikken skal støtte opp om det tradisjonelle familielandbruket med garden som buplass og arbeidsplass. Det må dessutan leggjast til rette for dei som vil utvikle eigedommen med nye næringar.

Det finst om lag 180 000 landbrukseigedommar. Om lag 125 000 av dei er utan aktiv drift, men med bygningsmasse. Landbrukseigedommane har eit monaleg busetjingspotensial som departementet ønskjer kan bli utnytta til beste for viktige fellesskapsverdiar i sårbare lokalsamfunn.

Eit sentralt verkemiddel i busetjingspolitikken er buplikta. Buplikta sikrar at mange bruk som elles lett vil bli selt til fritidsføremål, blir tekne over av eigarar som vil bu på bruket og utnytte dei ressursane som er der. Viktig er òg det arbeidet som mange kommunar gjer for å få til busetjing. Departementet vil stimulere til forsking og kunnskap om korleis verkemidla innan eigedoms- og busetjingspolitikken verkar.

Kommunane si rolle i å gjennomføre eigedoms- og busetjingspolitikken er sentral. Lover, retningslinjer og kommunane si praktisering må samla sett leggje til rette for ønskt utvikling. Departementet arbeider med ein gjennomgang av fleire verkemiddel med sikte på å gjere dei meir målretta i forhold til auka verdiskaping og ønskjet om ei tenleg lokal utvikling basert på eigedomsressursane i landbruket.

Det blei vedteke endringar i jordlova i 2006, og endringane blei sette i kraft frå 2007. I samband med departementet si orientering om endringane blei kommunane bedne om å føre ein strengare praksis ved søknad om frådeling.

Ved søknad om konsesjon skal det skje ei vurdering av prisen på den eigedommen som er omsett. Ei kartlegging av kommunane sin praksis viste at det var store variasjonar med omsyn til kva for pris kommunane aksepterte, og at prisane på kjøp av landbrukseigedom har auka mykje i dei seinare åra. Med bakgrunn i dette vil regjeringa vurdere tiltak som kan gjere priskontrollen meir målretta.

Ei kartlegging frå 2006 av kommunane sin praksis i saker som gjeld søknad om fritak frå buplikt viste at det blei gitt fritak frå buplikt i mange saker. Kartlegginga viste òg at grunngjevinga for at fritak blei gitt er knytt til ei rekkje ulike moment, m.a. den tilknytinga søkjaren har til eigedommen, og livssituasjonen hans. Med sikte på å leggje til rette for meir målretta føresegner om buplikt på landbrukseigedom, arbeider departementet med forslag til endringar i odelslova og konsesjonslova.

1.3.5 Internasjonal forhold for næringspolitikken i landbruket

Landbruks- og matdepartementet sitt verkeområde er knytt nært opp til ei rekke internasjonale prosessar og avtalar. Dette legg føringar for utforminga av mål og verkemiddel innanfor heile landbruks- og matpolitikken. Det er ei målsetjing å arbeide aktivt internasjonalt for å ta vare på nasjonale interesser og samtidig arbeide konstruktivt i dei internasjonale prosessane.

Norsk landbruk og næringsmiddelindustri møter aukande internasjonal konkurranse på heimemarknaden, m.a. som følgje av internasjonale handelsavtalar som WTO og EU-avtalar. Slik auka konkurranse stiller norsk landbruk og næringsmiddelindustri overfor utfordringar om marknadsdelane skal kunne oppretthaldast.

Spesielt viktig for landbruket og næringsmiddelindustrien er WTO-forhandlingane som kom i gang i Doha i 2001. Dei viktigaste forhandlingsområda for landbruk har vore marknadstilgang for landbruksvarer, bruk av nasjonal landbruksstøtte og bruk av eksportsubsidiar. Det skulle vidare takast særleg omsyn til u-landa ved utforming av det nye regelverket.

Frå norsk side har det i forhandlingane vore eit mål å sikre at det i framtida blir rom for å utforme ein nasjonal landbrukspolitikk som i tillegg til produksjon og handel òg tek omsyn til andre verdiar som kulturlandskap, biologisk mangfald og distriktsomsyn. Eit viktig siktemål er å sikre grunnlaget for ein aktiv jordbruksproduksjon i alle delar av landet. Dette krev gode løysingar for marknadstilgang og nasjonal landbruksstøtte.

Noreg og EU har hatt innleiande møte om nye forhandlingar om utvida handel med landbruksvarer etter artikkel 19 i EØS-avtalen. Desse forhandlingane vil frå norsk side bli vurdert i samanheng med WTO-forhandlingane. Til grunn for artikkel 19-forhandlingane ligg at desse skal førast innanfor ramma av den nasjonale landbrukspolitikken og vidare vere til fordel for begge partar.

Innanfor ramma av EFTA er det forhandla ferdig ein frihandelsavtale med Egypt og Canada. Det er i gang forhandlingar med Thailand, Gulfstatane, Peru og Colombia. Desse frihandelsavtalane omfattar gjensidige konsesjonar óg for landbruksvarer.

Ei ny forskrift om utanlandsk tilverking av landbruksvarer tok til å gjelde frå 1.7.2007. Dette er nærmare omtala i Del III.

1.4 Forsking og innovasjon

Forsking og forskingsbasert innovasjon er sentrale verkemiddel for å oppfylle landbruks- og matpolitiske målsetjingar. Målsetjinga er at landbruks- og matforskinga skal medverke med forskingsinnsats av internasjonal kvalitet, som fremmer ein innovativ og berekraftig landbruks- og matsektor med stor tillit i samfunnet. Departementet gjer framlegg om 361,1 mill. kroner til forskingsaktivitet innan landbruks- og matområdet i 2008.

Ein målretta forsking- og innovasjonspolitikk har vore viktig for utviklinga av landbruket og matvareproduksjonen. Mellom anna er kunnskap frå forsking grunnlaget for at Noreg i dag er nær sjølvforsynt med korn.

Forskingspolitikken omfattar eit breitt spekter av utfordringar då landbruks- og matsektoren både omhandlar fleire komplekse verdikjeder, og ulike samfunns- og miljøkonsekvensar relatert til desse. Forskinga skal danne grunnlag for auka konkurransekraft i sektoren, og medverke til utvikling av nye marknader, produkt og tenester. Samtidig skal forskinga medverke med kunnskap om ressursforvaltning og løysing av miljøutfordringar, og leggje grunnlag for at samfunnet har høg tilit til norsk mat, matproduksjon og dyrehald.

Landbruks- og matdepartementet vil prioritere å føre ein forskingspolitikk som er tett knytt til innovasjonspolitikken. Forsking og forskingsbasert innovasjon er eit av dei viktigaste verkemidla for å auke konkurransekrafta og verdiskapinga i landbruks- og matsektoren. Kunnskapselementet utgjer ein aukande del av vare- og tenestetilbodet i sektoren, og ein kontinuerleg tilførsel av kunnskap frå forsking er viktig for å realisere næringane sine moglegheiter i framtida. Departementet vil medverke til å styrkje samarbeidet mellom aktørane i landbruksnæringa og forskingsmiljøa samt å leggje til rette for kommersialisering av forskingsresultat i sektoren.

Departementet vil vidare medverke til å auke det internasjonale forskingssamarbeidet i sektoren. Internasjonalt forskingssamarbeid medverkar til auka kvalitet og fornying i norsk forsking og er særleg viktig for inntak av ny kunnskap innanfor heile landbruks- og matsektoren.

Forskingsmidlar over Landbruks- og matdepartementet er sentrale for å utløyse næringslivsfinansiert forsking. Til dømes utløyste dei 50 mill. kronene som Forskingsrådet løyva til brukarstyrte forskingsprosjekt over Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett for 2006 òg om lag 95 mill. kroner til forsking frå næringslivet.

Landbruks- og matsektoren er òg ein stor brukar av andre generelle forskingsmidlar med løyvingar over statsbudsjettet. Til dømes hadde ca. 350 av dei 1 800 godkjente SkatteFUNN-prosjekt som blei godkjende i 2006 ein tematikk retta mot matsektoren. Kostnadane pr. prosjekt var i snitt på over 1,3 mill. kroner.

Landbruks- og matdepartementet har utarbeidd ein ny strategi for forsking og forskingsbasert innovasjon for perioden 2007-2011. Strategien presenterer Landbruks- og matdepartementet sine forskingspolitiske mål, og er retningsgjevande for prioriteringar og styring av landbruks- og matforskinga i perioden. For å nå næringa og forvaltninga sine mål legg Landbruks- og matdepartementet m.a. opp til å prioritere forsking innanfor landbruket sin rolle i produksjonen av ulike former for bioenergi, inklusive utvikling av annan generasjon biodrivstoff. Landbruks- og matdepartementet legg vekt på korleis klimaendringar påverkar landbruket og relaterte næringar, kunnskap som kan gjere landbruket meir klimanøytralt, og kunnskap for meir miljøvennleg og trygg handtering av ulikt organisk avfall. Departementet har òg høg prioritet på forsking knytt til utfordringar ved sporing av mat i matvarekjedene. Desse og andre prioriterte område er nærmare omtale under kap. 1137 Forsking og innovasjon.

På landbruks- og matområdet er det dei siste åra gjennomført fleire tiltak for å etablere større, meir robuste og konkurransedyktige forskings­institusjonar. Målsetjinga er at forskingsmiljøa skal kunne møte dei ulike brukarane sine behov på ein betre måte, vere internasjonalt konkurransedyktige og sikre god forskingskvalitet på kort og lang sikt. Departementet vil sikre ein sterk og fagleg kompetent instituttsektor som kan medverke til å møte behova i næringane, regionane og i forvaltninga.

I Stortinget si behandling av St.prp. nr. 69 (2006-2007) er det vedteke at AKVAFORSK AS, Fiskeriforskning AS, Matforsk AS og Norconserv AS skal inngå i NOFIMA AS frå seinast 1.1.2008. Staten ved Fiskeri- og kystdepartementet skal eige meir enn 50 pst. av aksjane. Landbruks- og matdepartementet legg stor vekt på at ein gjennom etableringa av NOFIMA AS vil leggje til rette for monalege synergiar mellom landbruks- og fiskerisektoren, både innanfor næringsmiddelindustrien og dei biologiske faga knytt til produksjon av dyr og fisk.

1.5 Oppmodingsvedtak

I denne proposisjonen blir følgjande oppmodingsvedtak omtalt:

Vedtak nr. 219 , Møte 12.12.2006

«Stortinget ber Regjeringen om å bevilge kr 250 000 i støtte til prosjektet «Slipp oss til - ungdom inn i landbruket» innenfor de ufordelte midlene på kap. 1138 post 70.»

Vedtak nr. 218 , Møte 12.12.2006

«Stortinget ber Regjeringen om å bevilge kr 100 000 i støtte til Dyrevernalliansen innenfor de ufordelte midlene på kap. 1138 post. 70.»

Utgifter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

Pst. endr. 07/08

Landbruks- og matforvaltning m.m.:

1100

Landbruks- og matdepartementet:

128 883

123 260

122 922

-0,3

Sum kategori 15.00 128 883 123 260 122 922 -0,3

Matpolitikk

1112

Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet:

139 156

141 308

155 897

10,3

1115

Mattilsynet:

1 215 534

1 149 805

1 086 120

-5,5

Sum kategori 15.10 1 354 690 1 291 113 1 242 017 -3,8

Forsking og innovasjon

1137

Forsking og innovasjon:

340 675

367 873

361 111

-1,8

Sum kategori 15.20 340 675 367 873 361 111 -1,8

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

1138

Støtte til organisasjonar m.m.:

19 080

23 890

26 190

9,6

1139

Genressursar, miljø- og ressursregistreringar:

34 216

31 355

32 855

4,8

1141

Kunnskapsutvikling m.m. innan miljø- og næringstiltak i landbruket:

77 903

102 193

105 587

3,3

1143

Statens landbruksforvaltning:

205 265

216 049

322 586

49,3

1144

Ressursforvaltning og miljøtiltak i landbruket:

7 931

6 097

6 097

0,0

1146

Norsk institutt for jord- og skogkartlegging:

41 330

1147

Reindriftsforvaltninga:

53 069

57 427

59 100

2,9

1148

Naturskade - erstatningar og sikring:

113 353

88 665

89 038

0,4

1149

Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket:

328 456

41 945

41 945

0,0

1150

Til gjennomføring av jordbruks­avtalen m.m.:

10 985 347

11 580 872

11 956 856

3,2

1151

Til gjennomføring av reindrifts­avtalen:

98 764

92 500

97 000

4,9

1161

Statskog SF - forvaltningsdrift:

23 104

22 126

22 726

2,7

Sum kategori 15.30

11 987 818

12 263 119

12 759 980

4,1

Sum utgifter

13 812 066

14 045 365

14 486 030

3,1

Inntekter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

Pst. endr. 07/08

Landbruks- og matforvaltning m.m.:

4100

Landbruks- og matdepartementet:

5 772

460

16 030

3 384,8

Sum kategori 15.00 5 772 460 16 030 3 384,8

Matpolitikk

4112

Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet:

18 061

18 458

18 278

-1,0

4115

Mattilsynet:

688 015

129 763

125 697

-3,1

Sum kategori 15.10 706 076 148 221 143 975 -2,9

Næringsutvikling, ressurs­forvaltning og miljøtiltak

4138

Støtte til organisasjonar m.m:

2 300

4143

Statens landbruksforvaltning:

36 973

31 298

32 644

4,3

4146

Norsk institutt for jord- og skogkartlegging:

14 043

4147

Reindriftsforvaltninga:

772

32

33

3,1

4150

Til gjennomføring av jordbruks­avtalen m.m.:

138 405

112 000

96 000

-14,3

5576

Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet

163 005

715 800

718 838

0,4

Sum kategori 15.30 353 198 859 130 849 815 -1,1

Forretningsdrift

5651

Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet:

1 418

750

950

26,7

5652

Innskottskapital i Statskog SF:

7 300

8 500

5 000

-41,2

Sum kategori 15.40

8 718

9 250

5 950

-35,7

Sum inntekter

1 073 764

1 017 061

1 015 770

-0,1

1.6 Oversikt over bruk av stikkordet «kan overførast»

Under Landbruks- og matdepartementet blir stikkordet foreslått knytt til desse postane utanom postgruppe 30-49

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2007

Forslag 2008

1138

70

Støtte til organisasjonar

19 347

1138

71

Internasjonalt skogpolitisk samarbeid - organisasjonar og prosessar

1

6 843

1139

70

Tilskott til miljø- og ressurstiltak

2

15 170

1139

71

Tilskott til genressursforvaltning

1

17 685

1143

70

Tilskott til beredskap i kornsektoren

350

1143

74

Tilskott til prosjekt innan planteforedling og oppformering

3

14 628

1144

77

Miljøretta prosjektarbeid m.m.

6 097

1147

71

Omstillingstiltak i Indre Finnmark

5

9 870

1147

82

Radioaktivitetstiltak

3 000

1148

70

Tilskott til sikringstiltak m.m.

26

9 038

1149

71

Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket

34

38 674

1150

70

Marknadsregulering

202 600

1150

74

Direkte tilskott

6 955 469

1150

77

Utviklingstiltak

194 930

1150

78

Velferdsordningar

1 640 454

1151

75

Kostnadssenkande og direkte tilskott

49 200

Løyvingar blir i stor grad tildelt prosjekt som ikkje blir avslutta ved årsskiftet. Det kan dermed kome utbetalingar i påfølgjande år.

Når det gjeld løyvingane under kap. 1150 og 1151 inngår desse i den samla ramma som blir fastsett i næringsavtalane mellom staten og næringsorganisasjonane. Ein mindre del av desse løyvingane kjem normalt ikkje til utbetaling i budsjettåret, utan at dette bryt med kravet om realistisk budsjettering innanfor budsjettåret. Dette skuldast dels at ein på førehand ikkje kan berekne med full visse når tilskotta kjem til utbetaling, og dels at departementet fastset satsane slik at risiko for overskriding av budsjettet blir redusert. Fordi midlane utgjer ein del av den samla ramma for næringsavtalane, finn departementet det mest rett å føre desse over til avtaleforhandlingane i neste år. Stortinget blir såleis i proposisjonane om jordbruksoppgjeret/reindriftsavtalen orientert om storleiken på midlane som er ubrukte i budsjettåret som var og korleis partane ønskjer å nytte desse i den nye avtaleperioden.

Til toppen
Til forsida av dokumentet