St.prp. nr. 1 (2007-2008)

FOR BUDSJETTÅRET 2008 — Utgiftskapittel: 200–288 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3288, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

Del 1
Oversikt over budsjettforslag frå Kunnskapsdepartementet

1 Hovudprioriteringar

1.1 Kunnskapsnasjonen Noreg

Regjeringa vil styrkje Noreg som kunnskapsnasjon. Ein sterk kunnskapsnasjon må byggje på eit utdanningssystem som gjer det mogleg for kvar enkelt å få livslang læring, og som medverkar til at samfunnet får den kompetansen som er naudsynt for framtidig velstand og verdiskaping. Samtidig er det naudsynt med ein forskingsinnsats som sørgjer for utvikling av ein kunnskapsbasert og nyskapande økonomi, og ein kompetansepolitikk som medverkar til at kunnskap og kompetanse blir utvikla i arbeidslivet.

Regjeringa legg eit breitt kunnskapssyn til grunn for politikken sin. Kunnskap er tufta på erfaringar og forsking, og omfattar fakta, kritisk tenking og analytiske evner. Kunnskap gjer det enklare for den einskilde å ta sjølvstendige val og å ha innverknad på samfunnet rundt seg. Fri og uavhengig forsking er viktig for ei betre forståing av oss sjølve og tilhøva omkring oss.

Kunnskap er også ein viktig reiskap for inkludering og sosial utjamning. Regjeringa vil ha eit samfunn som byggjer på at vi er forskjellige som menneske, men som samstundes sørgjer for at alle har dei same utsiktene til å lykkast. Regjeringa meiner at barnehage for alle, grunnopplæring av høg kvalitet, gratisprinsippet i skole og høgre utdanning og støtteordningane til Lånekassen er ein føresetnad for dette. Regjeringa ønskjer å styrke den offentlege fellesskolen. Med privatskolelova har Regjeringa bremsa veksten i private skolar med rett til statstilskott.

Øydelegging av miljøet er ei av dei største utfordringane i vår tid. Kunnskap om desse utfordringane må starte tidleg. Regjeringa vil derfor satse på ei tettare kopling mellom utdanning og ei berekraftig utvikling. Gjennom ny kunnskap og nye handlingsmønster er det mogleg å gjere framtida trygg for kommande generasjonar.

Globalisering og internasjonal arbeidsdeling set krav til kunnskapsproduksjonen. Regjeringa har som mål at Noreg skal bli ein av dei leiande, innovative, dynamiske og kunnskapsbaserte økonomiar i verda innanfor dei områda der vi har føremon. Dette krev ein langsiktig kunnskapspolitikk som legg vekt på heilskap.

Det er allereie mangel på kompetent arbeidskraft i mange bransjar og sektorar. Samstundes står mange utanfor arbeidslivet. Dei med låg kompetanse er mest utsette for ikkje å kunne ta del i arbeidslivet. Etter- og vidareutdanning er eit viktig verkemiddel for å få fleire i arbeid. Regjeringa går inn for eit kunnskapsløft for vaksne. Målet er å gjere det mogleg for alle å skaffe seg grunnleggjande kunnskap og kompetanse, anten i utdanningsinstitusjonane eller gjennom opplæring i arbeidslivet.

Målet til regjeringa er å heve ambisjonsnivået i heile utdanningssystemet. Regjeringa ønskjer ein lærande utdannings- og opplæringssektor. Førskolelærarar, lærarar, undervisningspersonale og styresmakter på ulike nivå må ha tilgang til, sjå relevansen av og gjere seg nytte av den kunnskapen som finst. Regjeringa vil gå inn for å styrkje god utdanningsforsking for å utvikle kvaliteten i utdannings- og opplæringssektoren.

1.2 Tidleg innsats for sosial utjamning

Regjeringa fører ein målretta politikk for å redusere forskjellane i samfunnet. Utdanningssystemet er ein av dei viktigaste arenaene for ei slik utjamning. Det er i dag for store forskjellar i den kompetansen elevar og studentar går ut med, og forskjellane har for sterk samanheng med familiebakgrunnen deira. Derfor blir det også for store forskjellar i sjansen for å lykkast i arbeidsmarknaden og samfunnslivet elles seinare i livet. Hausten 2006 la Regjeringa fram St.meld. nr. 16 (2006–2007) …og ingen sto igjen. Tidlig innsats for livslang læring. Dette er første gongen ei regjering presenterer ein gjennomgang av årsakene til at nokre grupper systematisk lykkast mindre enn andre i utdanning og arbeidsliv. Meldinga har eit livslangt læringsperspektiv og tek for seg heile utdanningsløpet, frå barn i førskolealder til vaksne. I meldinga blir det foreslått ei rekkje tiltak i heile utdanningssystemet som vil kunne medverke til sosial utjamning.

Tidleg innsats er ein nøkkel i arbeidet for sosial utjamning. Tidleg innsats betyr både innsats tidleg i livet, og tidleg inngripen når problem oppstår eller blir avdekte i førskolealder, i løpet av grunnopplæringa eller i vaksen alder.

I dei siste åra har vi fått stadig meir kunnskap om korleis dei første barneåra er viktige for seinare læring. Regjeringa ser på barnehagen som den viktigaste arenaen for læring for barn i førskolealder. Barnehagen skal fremje trivsel, livsglede og meistring, og slik leggje grunnlaget for livslang læring og aktiv deltaking i eit demokratisk samfunn. Han skal gi barn grunnleggjande kunnskap på sentrale område, gjere dei kreative og nyfikne og gi dei språkleg og sosial kompetanse og utvikling. Barnehageløftet er derfor ei viktig og prioritert satsing for regjeringa. Måla for Barnehageløftet er full barnehagedekning, høg kvalitet og låg pris.

Eit godt barnehagetilbod tilbyr barn omsorg og læring og gjer det mogleg for foreldre å ta aktivt del i yrkeslivet eller studere. Målet for regjeringa er derfor at alle som ønskjer barnehageplass, skal få tilbod om det. Eit stort fleirtal av kommunane i landet har nådd målet om full barnehagedekning og tilbyr eit godt utbygd barnehagetilbod. Målet for 2008 er at full barnehagedekning blir halden oppe i desse kommunane, og at full barnehagedekning blir nådd i kommunar som enno ikkje har etablert tilstrekkeleg med barnehageplassar.

Målet til regjeringa er at barnehagane skal gi barn eit pedagogisk tilbod av høg kvalitet. Barnehagen skal gi eit tilrettelagt tilbod til alle barn, også dei med særskilde behov. Det skal leggjast vekt på tidleg innsats, mellom anna gjennom språkstimulering. Eit godt og likeverdig barnehagetilbod kan gi alle barn like sjansar. Eit kvalitativt godt barnehagetilbod er særleg viktig for barn med høg risiko for å oppleve meistringsproblem i skolen.

Eit godt pedagogisk tilbod krev høgt kvalifisert personale. Regjeringa har som mål at talet på pedagogar i barnehagane skal aukast, og vil følgje opp tiltak som er sette i verk i tråd med Strategi for rekruttering av førskolelærere til barnehagen 2007–2010. Eit aktivt likestillingsarbeid i samsvar med rammeplanen for barnehagen er eit ledd i arbeidet for å heve kvaliteten i barnehagesektoren. Målet for 2008 er at barnehagesektoren gjennomfører ei rekkje ulike kompetansetiltak i tråd med strategien for kompetanseutvikling, og at strategien for likestilling i barnehage og grunnopplæring blir gjennomført.

Det er eit mål for regjeringa at alle som ønskjer barnehageplass, skal ha råd til å betale for det. Regjeringa vil derfor føre vidare maksimalgrensa for foreldrebetalinga på same nominelle nivå som i 2007 og auke foreldrefrådraget for pass og stell av barn.

Barnehagen er eit frivillig tilbod. Mange barn går i barnehagen, men ein del gjer det ikkje. Det er ofte dei barna med størst behov som ikkje deltek. Deltakinga blant barn med minoritetsbakgrunn er særleg låg. Det er eit mål for regjeringa at delen minoritetsspråklege barn i barnehage skal aukast.

Det er vidare viktig med eit tilbod som syter for at alle barn, også dei som ikkje går i barnehage, får den stimuleringa og hjelpa dei treng. Som ei oppfølging av St.meld. nr. 16 (2006–2007), greier departementet ut innføring av ei kommunal plikt til å gi språkstimulering til alle barn i førskolealder som har behov for dette, uavhengig av om dei går i barnehage eller ikkje.

Regjeringa ønskjer å fremme heilskap og samanheng i utdanningssystemet. Regjeringa sette i 2006 ned Bostadutvalet, som skulle gå igjennom formålet for barnehagen og grunnopplæringa. Sentralt i mandatet til utvalet var at det skulle leggjast særleg vekt på ei samfunnsutvikling med auka internasjonalisering og mangfald. Utvalet leverte innstillinga si 1. juni 2007 (NOU 2007:6 Formål for framtida).

Våren 2007 la regjeringa fram Ot.prp. nr. 37 (2006–2007) Om lov om endringar i friskolelova (ny privatskolelov). Privatskolelova trådde i kraft 1. juli 2007 og inneber ei tydeleg kursendring samanlikna med politikken til den førre regjeringa. Det er berre nye skolar som driv verksemda si på eit særskilt grunnlag som kan godkjennast med rett til statstilskott etter privatskolelova. Det ligg heller ikkje lenger føre ein rett til godkjenning etter lova, men departementet kan godkjenne nye skolar og driftsendringar etter ei samla vurdering. I den samla vurderinga kan det mellom anna vere relevant å leggje vekt på omsynet til den offentlege skolestrukturen.

Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei stortingsmelding om kvalitet i opplæringa og prioriteringar i bruken av statlege verkemiddel. På grunnlag av meldinga og handsaminga av denne tek departementet òg sikte på å utvikle ein kvalitetsutviklingsstrategi som skal konkretisere ulike verkemiddel og leggje premissar for bruken av utviklingsmiddel.

Det nasjonale kvalitetsvurderingssystemet for grunnopplæringa skal vidareutviklast. Mellom anna vil det vere på plass betre rapporteringsfunksjonar i den reviderte Skoleporten når denne skal takast i bruk frå 2008. Departementet vil òg vurdere omfang og kvalitet på nye nasjonale prøver etter at desse er gjennomførde hausten 2007, og vurdere andre naudsynte justeringar i systemet på bakgrunn av den pågåande evalueringa av systemet.

Det er brei politisk semje om Kunnskapsløftet. Eit hovudmål for Kunnskapsløftet er at alle elevar skal utvikle grunnleggjande dugleik og kompetanse for å kunne ta aktivt del i kunnskapssamfunnet. Den norske skolen skal vere inkluderande og ha plass til alle. I og med innføringa av denne reforma vart det lagt auka vekt på læring, blant anna gjennom tydelege mål for kompetansen til elevane og lærlingane. I tillegg legg Regjeringa vekt på eit breitt kunnskaps- og kompetanseomgrep. Det å lære å lære, motivasjon og sosial kompetanse er viktig for å klare seg godt i skolen og seinare i livet.

Norske skolebarn på barnetrinnet har få timar på skolen samanlikna med barn i mange andre land. Soria Moria-erklæringa slår fast at lengda på skoledagen skal trappast opp frå 21 til 28 undervisningstimar i veka på barnetrinnet.

Utvidinga skal brukast til å auke undervisningstida og til å gi større rom for å arbeide med fag. Dette vil styrkje kvaliteten på opplæringa for alle elevar. Det vil særleg vere viktig for elevar som i liten grad blir følgde opp utanom skoletida. Derfor er ein utvida skoledag eit sentralt verkemiddel både for å auke læringsutbytte for elevane, men også for å utjamne forskjellar i læringsutbytte som ofte har samanheng med familiebakgrunnen til elevane. Det er sett i gang fleire forsøk med utvida skoledag gjennom skoleåret 2007–08.

Regjeringa satsar på ei systematisk oppfølging av barn og unge med særskilde behov. Utvalet for betre læring for barn, unge og vaksne med særskilde behov er sett ned av Regjeringa for å vurdere ulike sider ved spesialundervisninga og den spesialpedagogiske tiltakskjeda. Utvalet skal mellom anna vurdere om systemet sikrar tidleg innsats for førskolebarn, elevar og lærlingar med særskilde opplæringsbehov. Utvalet skal levere innstillinga si sommaren 2009.

Det språklege og kulturelle mangfaldet aukar i det norske samfunnet. Kulturelt mangfald er ikkje berre til gagn for kvar enkelt, men tilfører også viktige ressursar til samfunnet gjennom mellom anna kulturkunnskap og språkkompetanse, som er svært viktige i både nasjonalt og internasjonalt arbeid.

Mange elevar med minoritetsspråkleg bakgrunn klarer seg godt i det norske utdanningssystemet. I den grad det er forskjellar mellom denne gruppa og andre, har det i hovudsak samanheng med andre forhold enn den minoritetsspråklege bakgrunnen. Elevar med minoritetsspråkleg bakgrunn har til dømes ofte foreldre med låg utdanning og inntekt.

Norskkompetanse er naudsynt for å lykkast i barnehage, skole, vidare utdanning og arbeid. God og målretta norskopplæring er derfor viktig både for den enkelte eleven og for samfunnet. Barnehagar, skolar og andre opplæringsinstitusjonar er viktige arenaer for inkludering og deltaking. Mange minoritetsspråklege barn får i dag ikkje tilfredsstillande norskopplæring i skolen. Regjeringa har derfor arbeidd med å forbetre denne opplæringa, mellom anna gjennom nye læreplanar og gjennom fleire tiltak i den reviderte strategien Likeverdig opplæring i praksis!, som kom i februar 2007. Planen skal verke til 2009.

Hausten 2007 vart nye nivåbaserte læreplanar i grunnleggjande norsk og morsmål innførte. Det er også utvikla kartleggingsverktøy som gjer det enklare å avgjere når eleven kan norsk tilstrekkeleg godt til å følgje ordinær læreplan i norsk. Det er dessutan utarbeidd rettleiingsmateriell og tilbod om etterutdanning for lærarar som underviser i grunnleggjande norsk.

Grunnleggjande dugleikar i lesing er viktig for å tileigne seg kunnskap i alle fag i opplæringa. Internasjonale undersøkingar av lesedugleik frå 2003 viser at norske elevar sine resultat ligg om lag på gjennomsnittet med andre land som deltok i undersøkingane. I læreplanane under Kunnskapsløftet er lesedugleik tatt inn i kompetansemåla i alle fag, og i strategien Gi rom for lesing er det sett i verk fleire tiltak for å betre elevanes leselyst og lesedugleik. Hausten 2007 vil resultat frå nye internasjonale undersøkingar som vart gjennomførde i 2006 bli lagt fram. Regjeringa vil følgje opp resultata og vil starte eit eige program for skolebibliotekutvikling.

Fullføring av vidaregåande opplæring er ein viktig føresetnad for å lykkast i seinare utdannings- og yrkesliv. Departementet er derfor særs oppteken av å få fleire elevar og lærlingar gjennom 13 års skolegang. Talet på elevar som ikkje fullfører vidaregåande opplæring, er framleis altfor høgt. Ein av fire elevar manglar fullstendig vitnemål fem år etter at dei byrja opplæringa.

Ei av hovudårsakene til at så mange ikkje kjem seg gjennom vidaregåande opplæring, er manglande grunnleggjande dugleikar frå grunnskolen. Å sørgje for at alle som går ut av grunnskolen kan lese, rekne, uttrykkje seg munnleg og skriftleg og kunne bruke digitale verktøy, er derfor det viktigaste tiltaket. Departementet vil mellom anna innføre eit betre og heilskapleg system for elevvurdering i grunnopplæringa.

For mange elevar går ut av grunnskolen utan gode nok kunnskapar om dei ulike retningane i vidaregåande opplæring og om kva desse gir for sjansar i arbeidslivet seinare. Gode utdanningsval er avhengig av kvalifisert rådgiving. Ei god rådgivingsteneste vil redusere talet på både dei som vel om, og dei som ikkje gjennomfører. Derfor ønskjer Regjeringa å styrkje rådgivingstenesta. Utdannings- og yrkesrådgiving er særleg viktig for elevar med foreldre som av ulike grunnar har lite kjennskap til utdanningssystemet og kva ulike utdanningar seinare gir opning for. Sosialpedagogisk rådgiving er spesielt viktig for dei elevane som på grunn av problem heime eller i nærmiljøet har vanskar med å få fullt utbytte av undervisninga.

Ei attraktiv fag- og yrkesopplæring med høg kvalitet er viktig for samfunnsutviklinga. Regjeringa har derfor sett ned eit offentleg utval som skal vurdere den framtidige innretninga av fag- og yrkesopplæringa. Utvalet skal leggje fram sine tilrådingar hausten 2008.

Det er framleis ei utfordring å oppnå likestilling i barnehagar og i opplæringssektoren. I barnehagane skal det arbeidast for å tilsetje fleire menn, og i grunnopplæringa må særleg gutanes læringsresultat betrast. Tradisjonelle kjønnsroller er framleis styrande for val av fag og yrke, noko som medverkar til å oppretthalde ein kjønnsdelt arbeidsmarknad. Det er ei utfordring for grunnopplæringa å arbeide for å motverke dette. Departementet vil leggje fram ein strategi for likestilling i barnehage og grunnopplæring.

Tilsyn er eit viktig verkemiddel for å kontrollere om rettane for elevane blir oppfylde. Det nasjonale tilsynet i 2006 avdekte at mange kommunar ikkje har gode nok system for å kunne ta hand om ansvaret sitt som skoleeigar. Utdanningsdirektoratet og fylkesmannen har følgt opp resultata overfor kommunane, mellom anna gjennom skriftleg rettleiing. Det nasjonale tilsynet våren 2007 viste at mange kommunar heller ikkje har gode nok system for å følgje opp den retten elevane har til tilpassa opplæring og spesialundervisning. Departementet meiner det er naudsynt med eit målretta og effektivt tilsyn. Nasjonalt tilsyn vil også bli gjennomført i 2008.

1.3 Kvalitet i høgre utdanning og forsking

I samsvar med målet til Regjeringa om at Noreg skal vere eit av dei mest nyskapande landa i verda, er det naudsynt med eit utdannings- og forskingssystem av høg kvalitet. Eit godt utbygd og veldrive utdanningssystem støttar opp under utviklinga av eit nyskapande og kunnskapsbasert næringsliv, medan høg kvalitet i forskinga er føresetnader for ei god samfunnsutvikling, nyskaping og fornying.

Høgre utdanning medverkar til inkludering i arbeidslivet, betre økonomi, betre helse og større deltaking i samfunnet. Prinsippet om gratis utdanning og støtteordningane til Lånekassen sikrar at alle har likt høve til å ta høgre utdanning uavhengig av sosial bakgrunn, og medverkar slik til å auke kvar einskild sin sjanse til sjølvrealisering. Regjeringa meiner at dei tiltaka som er sette i verk med Kvalitetsreforma, medverkar til å gjere høgre utdanning meir tilgjengeleg for nye grupper.

Målet med Kvalitetsreforma er å heve kvaliteten på norsk høgre utdanning og forsking. Ei forskingsbasert evaluering av Kvalitetsreforma vart overlevert departementet i januar 2007 av Noregs forskingsråd. Regjeringa følgjer opp evalueringa av Kvalitetsreforma med ei eiga melding til Stortinget der ein legg fram resultata og drøftar dei viktigaste utfordringane for utdanninga ved universiteta og høgskolane.

Institusjonane har ansvar for at dei tilbyr utdanning og forsking av høg kvalitet, samstundes som dei utøver samfunnsrolla si. Institusjonelt fagleg sjølvstyre ved universitet og høgskolar og individuell akademisk fridom for den einskilde vitskaplege medarbeidar, saman med god leiing og styring, er avgjerande for at institusjonane skal kunne løyse oppgåvene sine på ein uavhengig og kritisk måte. Utvalet for å utrede akademisk fridom har vurdert eventuell lovfesting av individuell akademisk fridom. I tråd med tilrådinga frå utvalet har Regjeringa fremma forslag for Stortinget om å endre universitets- og høgskolelova, slik at ho også heimlar den individuelle akademiske fridommen.

Utdanning av høg kvalitet er ein føresetnad for at arbeidslivet får den naudsynte kompetansen. Ein del av ansvaret til utdanningsinstitusjonane er å kommunisere med studentar og arbeids- og samfunnslivet, slik at dei kan sikre at utdanningane er relevante for behova i arbeidslivet. Det er særleg viktig at utdanningsinstitusjonane kan kommunisere så klart som mogleg kva læringsmål studia har, og det læringsutbyttet ein kan vente etter avslutta studium. Som del av oppfølginga av Bolognaprosessen blir det utvikla eit rammeverk for dette (kvalifikasjonsrammeverk).

Institusjonsstrukturen i høgre utdanning har lege fast sidan høgskolereforma i 1994. Samstundes har samfunnet gått gjennom store endringar. Det er viktig at universitets- og høgskolesektoren er tilpassa dei krava og utfordringane den møter i samtida. Regjeringa har derfor sett ned Utval for høgre utdanning (Stjernøutvalet) som skal vurdere utviklinga og komme med forslag til tiltak innanfor norsk høgre utdanning med eit tidsperspektiv på 10–20 år. Utvalet skal levere innstillinga si innan 31. desember 2007.

Forsking skal gi ny kunnskap, føre til framtidig verdiskaping og medverke til å løyse viktige utfordringar i samfunnet. For å oppnå dette må forskinga vere god. Høg kvalitet i forskinga er derfor eit overordna mål for dei offentlege forskingsløyvingane. Regjeringa er oppteken av kvalitet i breidda, at forskingsløyvingane skal fremme forsking av god kvalitet, uavhengig av fagområde.

Samstundes skal nokre særskilt gode miljø få vilkår som gjer at dei kan hevde seg i verdstoppen. Å byggje opp kunnskapsmiljø av høg kvalitet er òg sentralt for dei særskilte strategiske satsingane i forskings- og næringspolitikken, til dømes innanfor områda klima, miljø og energi og marin og maritim sektor.

Forsking av god kvalitet er avhengig av at det finst tilstrekkeleg mange gode forskarar på alle fagområde. Næringslivet og offentleg sektor etterspør i aukande grad forskarkompetanse. For å sikre rekruttering av forskarar vil departementet auke talet på nye rekrutteringsstillingar i høve til nivået i dag. Departementet ønskjer òg å etablere ei ordning med nasjonale forskarskolar for å heve kvaliteten i forskarutdanninga. Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei melding til Stortinget i 2008 der behova for satsing i forskarutdanninga blir drøfta. På mange fagområde manglar det oppdatert vitskapleg utstyr. Oppdatert utstyr og infrastruktur er viktig for å heve kvaliteten i forskinga, og for å gjere norsk forsking attraktiv i internasjonal samanheng. Departementet vil derfor auke løyvingane til innkjøp av utstyr.

Det er eit mål at dei statlege høgskolane skal vere sentrale aktørar i regional utvikling og nyskaping og støtte næringsliv og offentleg verksemd. For å støtte kompetanseutviklinga i høgskolesektoren har Kunnskapsdepartementet utvikla fleire nasjonale verkemiddel kanalisert gjennom Noregs forskingsråd. Desse verkemidla er Strategiske høgskoleprosjekt, Praksisretta FoU for barnehagesektoren, grunnopplæring og lærarutdanning og programsatsinga Verkemiddel for regional FoU og innovasjon.

Det er eit viktig mål å auke talet på kvinner i det faste forskarpersonalet i universitets- og høgskolesektoren. Komité for integreringstiltak–Kvinner i forsking er vidareført for ein ny treårsperiode for å hjelpe institusjonane med å innlemme likestillingsarbeidet i den strategiske og langsiktige utviklinga av forskingsmiljøa.

Noreg har slutta seg til EUs sjuande rammeprogram for forsking, teknologisk utvikling og demostrasjonsaktivitetar (2007–13). Med ei samla økonomisk ramme på 50,5 mrd. euro blir dette verdas største samarbeids- og konkurransearena innanfor forsking. Ved å delta her vil Noreg kunne styrkje kvaliteten på eiga forsking, få impulsar til innovasjon og verdiskaping og samarbeide med andre om å møte globale kunnskapsutfordringar på viktige område. Førebelse tal frå Noregs forskingsråd tyder på at norske forskingsmiljø har fått god utteljing i det sjette rammeprogrammet. Regjeringa har som mål at norske aktørar skal hevde seg like godt eller betre i det sjuande rammeprogrammet.

Forsking og overvaking i nordområda er viktig for Noreg både politisk, fagleg og forvaltningsmessig. Regjeringa går inn for å løyve til saman over 320 mill. kroner til Det internasjonale polaråret 2007–08 (IPY) over ein fireårsperiode. IPY er ei stor internasjonal satsing innanfor polarforsking der mange nasjonar er aktive, og der store ressursar blir sette inn. Satsinga er særleg knytt til meteorologi og klimaforsking, men finansierer også anna grunnforsking som nyttar dei særeigne vilkåra for forsking i polarområda. Dei fleste norske prosjekta omfattar samarbeid med Russland, USA og Canada, og mykje av arbeidet finn stad på Svalbard.

Gjennom EØS-midlane er det oppretta eit nytt forskingsfond på til saman 120 mill. kroner for polsk-norsk forskingssamarbeid innanfor områda helse og miljø. Fondet vil støtte felles polsk-norske forskingsprosjekt, workshops og seminar som kan styrkje samarbeidet mellom dei to landa.

Kavli-prisane er tre internasjonale vitskaplege prisar for framifrå forsking på felta astrofysikk, nanovitskap og nevrovitskap. Prisane blir for første gong delte ut i 2008 med eit prisbeløp på 1 mill. USD for kvar pris. I tillegg til å gi ei påskjønning til framifrå forsking på dei tre forskingsfelta, skal Kavli-prisane auke merksemda om forsking generelt og medverke til auka internasjonalt samarbeid mellom forskarar.

Tilliten til forsking er avhengig av at forskinga går føre seg på ærleg vis og i samsvar med god vitskapleg praksis. Lov om handsaming av etiske spørsmål og ærleg atferd i forsking (forskingsetikklova) med forskrift er sett i verk frå 1. juli 2007. Det er dessutan oppnemnt eit utval som skal granske påstandar om fusk i forsking (Granskingsutvalet).

Det er oppretta ein ny regional komité for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk i 2007, slik at det no er sju komitear. Medlemstalet i kvar komité er auka, mellom anna for å styrkje den medisinske kompetansen. Regjeringa har lagt fram ein proposisjon om ny helseforskingslov, jf. Ot.prp. nr. 74 (2006–2007). Som følgje av desse forslaga vil dei regionale komiteane få meir omfattande oppgåver, og Regjeringa går inn for at det regionale systemet blir styrkt frå 2008.

1.4 Budsjettprioriteringar

Barnehagar

Barnehagar er ei hovudprioritering for regjeringa. Totalt foreslår regjeringa å auke løyvinga til barnehagar med om lag 3,6 mrd. kroner nominelt i høve til saldert budsjett 2007. Dette omfattar løyvingar til utbygging av nye plassar i 2008, løyvingar som sikrar fullfinansiering av barnehageplassar som vart etablerte i 2006 og 2007, og vidareføring av maksimalgrensa for foreldrebetalinga for ein heiltidsplass i barnehage på same nominelle nivå som i 2007.

Regjeringa foreslår, på grunnlag av ein prognose for kva som vil vere etterspurnaden etter barnehageplassar ved utgangen av 2008, å setje av 372 mill. kroner til drift og utbygging av nye barnehageplassar i 2008. Løyvingsforslaget vil leggje til rette for at alle barn som er forventa å ønskje barnehageplass i 2008, skal få plass.

Vidare vil Regjeringa setje av om lag 2,3 mrd. kroner av den totale løyvinga for å sikre fullfinansiering av barnehageplassar som vart etablerte i 2006 og 2007. Dette er medrekna ei vidareføring av midlar løyvde i revidert nasjonalbudsjett for 2007.

Regjeringa foreslår at foreldrebetalinga for ein heiltidsplass blir ført vidare på same nominelle nivå som i 2007. Dette inneber at foreldrebetalinga skal utgjere kr 2 330 per månad og kr 25 630 på årsbasis for ein heiltidsplass. Dette vil gi ein realnedgang i maksimalprisen på kr 100 per månad per barn samanlikna med ei foreldrebetaling basert på forventa pris- og kostnadsauke i kommunesektoren i 2008. Det er foreslått å løyve 249 mill. kroner til dette formålet.

Regjeringa foreslår vidare å auke foreldrefrådraget for pass og stell av barn frå kr 5 000 til kr 15 000 for kvart barn ut over det første. Tiltaket vil medverke til reduserte utgifter til barnepass for foreldre med fleire barn i barnehage og/eller skolefritidsordning, jf. St.prp. nr. 1 (2007–2008) Skatte-, avgifts- og tollvedtak.

Departementet foreslår å nytte om lag 66 mill. kroner til kvalitetsutvikling i barnehagane i 2008. Dette gir rom for oppfølging av tiltak i samband med Strategi for kompetanseutvikling i barnehagesektoren (2007–2010)og Strategi for rekruttering av førskolelærere til barnehagen (2007–2011). Vidare blir det foreslått å etablere 125 nye studieplassar for førskolelærarutdanning.

Grunnopplæringa

Regjeringa foreslår å styrkje grunnopplæringa med om lag 790 mill. kroner i 2008 i høve til saldert budsjett 2007. I tillegg blir det foreslått å vidareføre løyvinga til kvalitetsutvikling i grunnopplæringa med om lag 1 mrd. kroner.

Regjeringa foreslår å utvide timetalet på barnetrinnet med til saman fem uketimar à 60 minutt på barnetrinnet frå hausten 2008. Det er foreslått å løyve 275,7 mill. kroner til dette i 2008.

Regjeringa vil endre opplæringslova slik at retten til opplæring skal gjelde alle vaksne over 25 år og ikkje bare vaksne som er fødde i 1978 eller seinare. Regjeringa tek sikte på å fremme forslag om ei slik lovendring våren 2008. Det er foreslått å løyve 21 mill. kroner til dette i 2008.

Hausten 2008 blir ordninga med gratis læremiddel utvida til å gjelde for vidaregåande trinn 3. Ordninga vart innført for vidaregåande trinn 2 hausten 2007. Skoleeigar har ansvar for å halde elevane med nødvendige trykte og digitale læremiddel. Regjeringa foreslår å løyve 223 mill. kroner i kompensasjon til skoleeigar i 2008 for innføring av gratis læremiddel for vidaregåande trinn 3. I tillegg blir det gitt eit ikkje-behovsprøvd stipend gjennom Statens lånekasse for utdanning som skal vere med på å dekkje utgifter som elevane har til andre læremiddel og nødvendig individuelt utstyr.

Regjeringa foreslår å løyve ytterlegare 218 mill. kroner i 2008 til innføring av gratis frukt og grønt. Ordninga gjeld for både reine ungdomsskolar (8.–10. trinn) og kombinerte skolar (1.–10. trinn) og er ei oppfølging av revidert nasjonalbudsjett 2007. Forsøka med utvida skoledag, skolemat, leksehjelp og fysisk aktivitet blir vidareført i 2008. Regjeringa foreslår å løyve 20 mill. kroner til dette tiltaket, som òg er ei oppfølging av revidert nasjonalbudsjett 2007.

Regjeringa legg vekt på å styrkje kompetansen til lærarar, instruktørar og skoleeigarar. Kompetanse for utvikling–Strategi for kompetanseutvikling i grunnopplæringen 2005–2008 blir ført vidare i 2008. Departementet foreslår å setje av 375 mill. kroner til kompetanseutvikling i 2008, og midlane skal gå direkte til skoleeigar.

Stortinget vedtok i samband med revidert nasjonalbudsjett 2007 å auke ressursane til rådgiving i vidaregåande opplæring, spesielt retta mot ungdomstrinnet, med 11 mill. kroner. Det vart òg løyvd 4 mill. kroner til å etablere partnarskap for karriererettleiing i alle fylkeskommunane. I 2008 foreslår Regjeringa å vidareføre tiltaka ved å løyve 37,5 mill. kroner.

Regjeringa foreslår å auke støtta til utviklingsprosjekt ved skolar som har meir enn 25 pst. minoritetsspråklege elevar, frå 6 mill. kroner i 2007 til 7 mill. kroner for 2008. I tillegg foreslår Regjeringa å auke løyvinga til Språkløftet med 1 mill. kroner til 6 mill. kroner. Språkløftet skal sikre at barn som peikar seg ut med behov for ekstra stimulering etter språkkartlegging på helsestasjonen, skal få tilbod om nærmare utgreiing, diagnostisering og vidare oppfølging.

Høgre utdanning og forsking

Den resultatbaserte undervisningskomponenten i finansieringssystemet for universitet og høgskolar blir årleg justert for endringar i avlagde studiepoeng og talet på utvekslingsstudentar. På denne bakgrunnen aukar undervisningskomponenten med 42,4 mill. kroner frå 2007 til 2008.

Regjeringa foreslår å auke kapasiteten med 125 nye studieplassar innanfor førskolelærarutdanningane.

Som ledd i den maritime strategien foreslår Regjeringa å løyve 17 mill. kroner til ulike kompetanseutviklingstiltak i maritim sektor.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til bygging av studentbustader nominelt med om lag 40 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2007. Dette gir ei løyving på om lag 153 mill. kroner til bygging av studentbustader i 2008. Dette vil gi om lag 670 nye hybeleiningar, avhengig av kor i landet dei blir bygde.

Som del i Nordområdestrategien til Regjeringa foreslår departementet å løyve 3 mill. kroner til EnergiCampus Nord. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, universiteta i Tromsø og Stavanger og høgskolane i Finnmark og Narvik.

Frå juni 2007 er Noreg offisiell deltakar i EUs sjuande rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling. Programmet er det mest omfattande internasjonale samarbeidet Noreg deltek i. Regjeringa foreslår å løyve 342 mill. kroner til auka kontingent til rammeprogrammet i 2008.

Regjeringa foreslår vidare å auke kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping med 6 mrd. kroner til 66 mrd. kroner frå 1. januar 2008. Det vil gi om lag 300 mill. kroner i auka avkastning frå 2009.

Regjeringa foreslår å løyve om lag 112 mill. kroner til 350 nye stipendiatstillingar frå hausten 2008. I tillegg foreslår departementet å etablere ei ordning med nasjonale forskarskolar gjennom Noregs forskingsråd. Formålet er å betre kvaliteten på og gjennomføringa av forskarutdanninga i Noreg. Totalt budsjett for ordninga i 2008 blir på 10 mill. kroner.

For å betre utstyrssituasjonen ved høgskolane foreslår Regjeringa ei eingongsinvestering på om lag 38 mill. kroner i statsbudsjettet for 2008.

Samlingane ved universitetsmusea representerer ei organisert kunnskapsoppbygging, og er ofte den eldste og mange gonger òg den einaste dokumentasjonen på eit gitt område. Eit offentleg utval la våren 2006 fram ei utgreiing som tilrådde at formidlinga, forskinga og arbeidet med bevaring, sikring og digitalt tilgjenge i desse musea må styrkjast. Departementet foreslår derfor å løyve 40 mill. kroner til desse tiltaka i 2008.

DigForsk AS driv digitalisering av data frå arkiv og museum. DigForsk, som er eigd av Universitetet i Oslo, skal drive på grunnlag av inntekter frå universitetsmusea. For at musea skal kunne oppretthalde arbeidet med digitalisering av data, foreslår departementet å løyve 2 mill. kroner til dette arbeidet.

Dei regionale komiteane for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk vil få meir omfattande oppgåver i samband med ny helseforskingslov. Regjeringa går derfor inn for å styrkje komiteane med 5 mill. kroner i 2008.

Studiefinansiering

Regjeringa foreslår at støtta frå Lånekassen blir prisjustert med 2,5 pst. frå undervisningsåret 2008-09, tilsvarande den forventa auken i konsumprisindeksen.

Vidare foreslår Regjeringa å løyve 69,1 mill. kroner i startløyving til moderniseringa av IKT-systema i Lånekassen. Målet med moderniseringa er å betre servicen overfor kundane, mellom anna gjennom kortare saksbehandlingstid, fleire interaktive tenester og betre tilgjenge på telefon og e-post. Vidare vil moderniseringa auke fleksibiliteten og redusere risikoen i høve til dagens system.

2 Oversikt over forslaget til budsjett for Kunnskapsdepartementet

Utgifter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

Pst. endr. 07/08

Administrasjon

200

Kunnskapsdepartementet

204 104

203 841

210 633

3,3

204

Foreldreutvalet for grunnskolen

6 177

7 192

-100,0

206

Samisk utdanningsadministrasjon

29 423

30 572

-100,0

Sum kategori 07.10239 704241 605210 633-12,8

Grunnopplæringa

220

Utdanningsdirektoratet

202 144

190 327

191 541

0,6

221

Foreldreutvalet for grunnskolen

7 371

222

Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat

140 068

115 056

118 544

3,0

223

Samisk utdanningsadministrasjon

31 887

225

Tiltak i grunnopplæringa

1 783 302

1 002 966

1 010 418

0,7

226

Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

940 368

986 441

1 018 133

3,2

227

Tilskott til særskilde skolar

57 234

61 513

64 150

4,3

228

Tilskott til private skolar o.a.

2 050 710

2 191 621

2 530 465

15,5

229

Andre tiltak

11 000

11 418

11 909

4,3

230

Kompetansesenter for spesial­undervisning

667 323

623 267

640 013

2,7

Sum kategori 07.205 852 1495 182 6095 624 4318,5

Barnehagar

231

Barnehagar

15 593 637

18 023 293

21 584 258

19,8

Sum kategori 07.30

15 593 637

18 023 29321 584 25819,8

Tiltak for å fremme kompetanse­utvikling

252

EUs handlingsprogram for livslang læring

141 652

186 646

31,8

253

Folkehøgskolar

552 627

572 374

592 986

3,6

254

Tilskott til vaksenopplæring

158 228

189 496

192 722

1,7

255

Tilskott til freds- og menneskerettssentra o.a.

39 021

42 100

7,9

256

Vox - Nasjonalt senter for læring i arbeidslivet

54 366

52 300

53 734

2,7

257

Program for basiskompetanse i arbeidslivet

24 540

35 421

36 944

4,3

258

Analyse og utviklingsarbeid

34 251

37 083

37 160

0,2

Sum kategori 07.50824 0121 067 3471 142 2927,0

Høgre utdanning og fagskole­utdanning

270

Studium i utlandet og sosiale formål for studentar

157 727

181 126

223 714

23,5

271

Universitet

10 231 193

10 557 653

11 992 902

13,6

272

Vitskaplege høgskolar

873 983

908 902

967 089

6,4

275

Høgskolar

7 900 521

8 241 528

7 944 588

-3,6

276

Fagskoleutdanning

274 705

285 144

304 083

6,6

281

Fellesutgifter for universitet og høgskolar

895 154

763 621

823 854

7,9

Sum kategori 07.6020 333 28320 937 97422 256 2306,3

Forsking

283

Meteorologiformål

239 634

255 026

262 832

3,1

285

Noregs forskingsråd

1 317 600

1 310 534

1 315 338

0,4

286

Fondet for forsking og nyskaping

14 709 003

10 939 560

6 939 560

-36,6

287

Forskingsinstitutt og andre tiltak

132 717

140 937

153 673

9,0

288

Internasjonale samarbeidstiltak

896 782

807 529

1 165 103

44,3

Sum kategori 07.7017 295 73613 453 5869 836 506-26,9

Utdanningsfinansiering

2410

Statens lånekasse for utdanning

26 065 096

28 492 510

29 754 909

4,4

Sum kategori 07.80

26 065 096

28 492 510

29 754 909

4,4

Sum utgifter

86 203 617

87 398 924

90 409 259

3,4

Utgifter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

Pst. endr. 07/08

01-29

Driftsutgifter

3 032 239

2 977 772

3 094 362

3,9

30-49

Nybygg, anlegg o.a.

61 792

59 437

130 024

118,8

50-59

Overføringar til andre stats­rekneskapar

25 139 468

26 174 956

27 140 743

3,7

60-69

Overføring til kommunesektoren

17 091 992

18 786 813

22 343 311

18,9

70-89

Overføring til private

10 174 481

11 119 946

12 269 119

10,3

90-99

Utlån, avdrag o.a.

30 703 645

28 280 000

25 431 700

-10,1

Sum under departementet

86 203 617

87 398 924

90 409 259

3,4

Inntekter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

Pst. endr. 07/08

Administrasjon

3200

Kunnskapsdepartementet

10 567

2 982

3 110

4,3

3204

Foreldreutvalet for grunnskolen

450

253

-100,0

Sum kategori 07.1011 0173 2353 110-3,9

Grunnopplæringa

3220

Utdanningsdirektoratet

23 941

17 079

17 814

4,3

3221

Foreldreutvalet for grunnskolen

264

3222

Statlege grunn- og vidaregåande skolar og grunnskoleinternat

13 766

6 493

6 771

4,3

3225

Tiltak i grunnopplæringa

19 000

24 120

20 690

-14,2

3230

Kompetansesenter for spesialundervisning

78 197

53 724

53 522

-0,4

Sum kategori 07.20134 904101 41699 061-2,3

Tiltak for å fremme kompetanse­utvikling

3256

Vox - Nasjonalt senter for læring i arbeidslivet

7 764

9 446

9 852

4,3

Sum kategori 07.507 7649 4469 8524,3

Høgre utdanning og fagskole­utdanning

3281

Fellesutgifter for universitet og høgskolar

2 529

10

10

0,0

Sum kategori 07.602 52910100,0

Forsking

3286

Fondet for forsking og nyskaping

2 135 303

2 653 460

3 084 460

16,2

3287

Forskingsinstitutt og andre tiltak

21 513

21 500

21 500

0,0

3288

Internasjonale samarbeidstiltak

3 525

3 445

4 043

17,4

Sum kategori 07.702 160 3412 678 4053 110 00316,1

Utdanningsfinansiering

5310

Statens lånekasse for utdanning

12 597 490

14 052 098

15 449 200

9,9

5617

Renter frå Statens lånekasse for utdanning

3 260 528

4 243 000

6 113 000

44,1

Sum kategori 07.80

15 858 018

18 295 098

21 562 200

17,9

Sum inntekter

18 174 573

21 087 610

24 784 236

17,5

Inntekter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

Pst. endr. 07/08

01-29

Sal av varer og tenester o.a.

181 778

134 273

132 641

-1,2

50-89

Skatter, avgifter og andre overføringar

5 550 141

7 043 337

9 343 395

32,7

90-99

Utlån, avdrag o. a.

12 442 654

13 910 000

15 308 200

10,1

Sum under departementet

18 174 573

21 087 610

24 784 236

17,5

3 Oppfølging av oppmodingsvedtak frå Stortinget

I denne proposisjonen omtaler Kunnskapsdepartementet følgjande oppmodingsvedtak:

Vedtak nr. 402, 2. juni 2005:

«Stortinget ber Regjeringen legge frem sak om statlig finansiering av opplæring innenfor kriminalomsorgen.»

Vedtak nr. 475, 7. juni 2007:

«Stortinget ber Regjeringen vurdere ulike tiltak som kan få unge som har avbrutt skolegangen uten å ha gjennomført, tilbake til et opplæringsprogram. I den forbindelse bes det blant annet vurdert hvordan elevbedrifter kan benyttes.»

Vedtak nr. 545, 14. juni 2007:

«Stortinget ber Regjeringen komme tilbake til Stortinget med en egen sak om tilskuddsordningene når gjennomgang av utregningsmodellen for skolene er gjennomført.»