St.prp. nr. 1 (2007-2008)

FOR BUDSJETTÅRET 2008 Svalbardbudsjettet

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiing

1 Innleiing

1.1 Generelt om Svalbard

Svalbard omfattar alle øyar, holmar og skjer mellom 10 og 35 grader austleg lengd og 74 og 81 grader nordleg breidd. Samla landareal er om lag 62 700 km. Territorialfarvatnet rundt Svalbard vart utvida frå 4 til 12 nautiske mil frå 01.01.2004. Rundt 54 pst. av øygruppa er dekt av isbrear. Med sine 39 000 km er Spitsbergen den største av øyane.

Svalbardtraktaten av 9. februar 1920 gav Noreg suverenitet over øygruppa. Sidan 1925 har Svalbard vore ein del av kongeriket Noreg. Sysselmannen er regjeringas øvste representant på Svalbard og tek vare på statens interesser på øygruppa.

Norsk lovgiving gjeld ikkje fullt ut for øygruppa. Etter svalbardlova § 2 gjeld norsk privatrett, strafferett og lovgivinga om rettspleia utan vidare for Svalbard om ikkje anna er fastsett. Andre lover gjeld ikkje utan når det er fastsett særskilt. Det kan òg givast særskilte føresegner for Svalbard. Alle som besøker Svalbard eller oppheld seg på øygruppa, pliktar å følgje dei lovene og reglane som gjeld.

Størsteparten av busetnaden på Svalbard ligg på øya Spitsbergen. I tillegg bur det folk ved dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya. Longyearbyen er det administrative senteret på Svalbard og er i dag òg den største busetnaden. I følgje befolkningsregisteret for Svalbard er det pr. 01.09.2007 totalt 2018 busette i Longyearbyen. I Barentsburg er det registrert 525 busette. Busetnaden her er bygd opp rundt koldrifta til Trust Arktikugol. I Ny-Ålesund er all verksemd knytt til forsking og forskingsservice. I følgje befolkningsregisteret er det til saman 37 heilårs busette her. Ved den polske forskingsstasjonen i Hornsund er det registrert 8 heilårs busette. I Svea, der Store Norske Spitsbergen Grubekompani driv koldrift, er det registrert 9 busette.

1.2 Bakgrunnen for eit eige svalbardbudsjett

Artikkel 8 i Svalbardtraktaten avgrensar høvet til å krevje inn skattar og avgifter på Svalbard og korleis desse midlane skal nyttast. Dette er bakgrunnen for at det blir fremja eit eige svalbardbudsjett.

Justisdepartementet fremjar svalbardbudsjettet som ein eigen budsjettproposisjon samtidig med statsbudsjettet. I hovudsak er det den statlege administrasjonen av Svalbard som er finansiert over svalbardbudsjettet. Dette er dels verksemd på Svalbard underlagt Justisdepartementet, og dels verksemd underlagt andre fagdepartement. Longyearbyen lokalstyre får òg løyvingane sine over svalbardbudsjettet.

Kvart år blir det gitt eit tilskot frå statsbudsjettet til dekning av underskotet på svalbardbudsjettet, jf. St.prp. nr. 1 (2007-2008) Justisdepartementet kap. 480. Tilskotet er inntektsført på svalbardbudsjettet kap. 3035.

Svalbardbudsjettet gir òg ei samla oversikt over statlege løyvingar til svalbardformål. Kvart år yter staten eit tilskot for å leggje til rette for nasjonal og internasjonal forsking på Svalbard, miljøforvaltning og til tiltak som drift av sjukehus i Longyearbyen. Slike utgifter blir dekte over det ordinære statsbudsjettet under kapitla til dei enkelte fagdepartementa. Forslag til løyvingar for 2008 er omtalt nærare under punkt 4 nedanfor, jf. også vedlegg 1.

Under behandlinga av St.meld. nr. 9 (1999-2000) Svalbard, slutta Stortinget seg til forslaget om å føre vidare ordninga med eit eige svalbardbudsjett.

2 Mål for norsk svalbardpolitikk

Overordna mål

Regjeringas overordna mål for svalbardpolitikken vart vedtekne i samband med behandlinga av St.meld. nr. 40 (1985-86) om Svalbard. Måla vart gjentekne i St.meld. nr. 9 (1999-2000) Svalbard. Dei er òg lagt til grunn ved den årlege behandlinga av svalbardbudsjettet. Måla er:

  • ei konsekvent og fast handheving av suvereniteten

  • korrekt overhalding av Svalbardtraktaten og kontroll med at traktaten blir etterlevd

  • bevaring av ro og stabilitet i området

  • bevaring av den særeigne villmarksnaturen i området

  • oppretthalding av norske samfunn på øygruppa.

Arbeidet med St.meld. nr. 9 (1999-2000) Svalbard vart koordinert av Justisdepartementet, og dei fleste fagdepartementa var involverte. Meldinga inneheldt ei heilskapleg vurdering av norsk svalbardpolitikk. Det vart gjort greie for dei måla, prioriteringane og verkemidla som gjeld spesielt for Svalbard. Stortinget slutta seg i all hovudsak til utgreiinga. Dette viser at det er stor semje om norsk svalbardpolitikk.

Måla for svalbardpolitikken ligg innafor dei generelle måla i norsk politikk om å sikre nasjonal tryggleik og integritet, overhalde internasjonale rettsreglar og plikter og arbeide for internasjonal avspenning og fred. Dei har sikker forankring i nasjonale interesser og haldningar, og er i samsvar med dei traktatbundne pliktene Noreg tok på seg då suvereniteten over øygruppa vart internasjonalt akseptert. Måla tener derfor til å møte dei internasjonale forventningane som blir stilte. I ei tid då Arktis tiltrekkjer seg aukande interesse skal svalbardpolitikken medverke til at utviklinga i nordområda kan skje på ein fredeleg måte, og til at konfliktar blir unngått.

Det er viktig å sjå måla i samanheng. Det må vere ei konsekvent handheving av norsk suverenitet innafor ramma av føresegnene i traktaten. Dette har vore ein føresetnad for at dei andre traktatpartane har tillit til at øygruppa ikkje blir utnytta i strid med desse føresegnene.

Hovudmål og delmål

Justisdepartementet har følgjande hovudmål og delmål for sitt arbeid med polarsaker:

Tabell 2.1 Hovudmål og delmål for Justisdepartementet

Hovudmål

Delmål

Heilskapleg forvaltning av norsk politikk for polarområda

  1. Samordne og koordinere forvaltningas politikk for polarområda

  2. Sikre ei god forvaltning lokalt på Svalbard gjennom Sysselmannen

  3. Leggje til rette for eit godt lokaldemokrati i Longyearbyen

2.1 Heilskapleg forvaltning av norsk politikk for polarområda

Det er nedfelt i Soria Moria-erklæringa at Regjeringa ser nordområda som Noregs viktigaste strategiske satsingsområde i åra som kjem. Regjeringa har i den samanhengen utarbeidd ein strategi for nordområda som er nærare omtalt i Utanriksdepartementets budsjettproposisjon. Nordområdestrategien skal vere langsiktig og prega av samordning og samarbeid, og omfattar fleire departement sine ansvarsområde.

Svalbard er ein viktig del av nordområda våre, og ei vedvarande satsing på Svalbard i tråd med måla for norsk svalbardpolitikk vil markere at Noreg er til stades i nordområda. Forskingsaktivitetane på øygruppa er viktig, og Svalbard har etter kvart utvikla seg til ein internasjonal plattform for polarforsking, der Noreg gir forskarar frå land over heile verda eineståande høve til arktisk forsking.

Som ei tilpassing til skattereforma på fastlandet, vart skatten i lønnstrekkordninga på Svalbard auka frå 01.01.2006. Det vart samtidig nedsett ei arbeidsgruppe som skulle vurdere skattesystemet på Svalbard. Gruppa leverte rapporten sin 1. mai 2007. Rapporten har vore på høyring. Regjeringa foreslår no endringar i skattesystemet på Svalbard basert på dei tilrådingar som arbeidsgruppa kom med. Forslaga til endringar legg til rette for eit stabilt og enkelt skattesystem. Det er viktig å vere til stades på Svalbard for å sikre ei truverdig og effektiv handheving av Noregs store område i nord både til lands og til havs. Regjeringa ønskjer ei robust busetjing i Longyearbyen. Det er viktig å vidareføre eit levedyktig svalbardsamfunn der miljøforvaltning, forsking, koldrift og reiseliv blir foreina innafor rammer som sikrar at øygruppa blir teken vare på som eitt av verdas best forvalta villmarksområde. Desse målsetjingane inneber òg skattepolitiske utfordringar. Skattesystemet på Svalbard må tilpassast forholda på øygruppa og baserast på løysingar som sikrar konkurransedyktige rammevilkår for investeringar og verksemd på Svalbard. Samtidig må løysingane innpassast i ei større internasjonal ramme, under omsyn til at økonomiske transaksjonar over landegrensene aukar sterkt i omfang. Dei forslaga som no blir fremja ivaretek desse omsyna og legg godt til rette for ei ønskeleg utvikling på Svalbard (for ytterlegare omtale sjå under kap. 4.4 Finansdepartementet).

Justisdepartementet har gjennom leiinga av Det interdepartementale polarutvalet eit overordna ansvar når det gjeld Svalbard, Jan Mayen og bilanda i Antarktis, og møter i denne oppgåva særskilte utfordringar. Dette gjer det nødvendig å sjå dei enkelte fagetatane si verksemd i desse områda i samanheng og i eit breiare perspektiv. Polarutvalet fungerer i denne samanhengen som eit verktøy for Justisdepartementet, som gjennom utvalet har ansvaret for å koordinere og samordne forvaltningas arbeid med polarsaker for å sikre ein heilskapleg norsk politikk i polarområda.

I tillegg til Det interdepartementale polarutvalet, jf. pkt. 2.1.1, er Sysselmannen ein svært viktig medspelar i arbeidet med å sikre ei god forvaltning av øygruppa, jf. pkt. 2.1.2. Sysselmannen er regjeringas øvste representant på Svalbard, og har sete i Longyearbyen. Han har som hovudoppgåve å medverke til at måla i norsk svalbardpolitikk blir oppfylte. Dette ligg til grunn for all verksemd ved sysselmannskontoret. Sysselmannen har funksjon som både fylkesmann, notarius publicus og politimeister. Han har òg ei viktig oppgåve som miljøforvaltar, og har den lokale kontakten med utanlandske busetnader på Svalbard.

Ein annan viktig medspelar i arbeidet med å utvikle lokalsamfunnet i Longyearbyen, er Longyearbyen lokalstyre, jf. pkt. 2.1.3. Justisdepartementet arbeider derfor for å ha ein god dialog med lokalstyret, og søkjer saman med dei å finne gode løysingar på dei utfordringane lokalsamfunnet står overfor. Samtidig er det òg viktig å leggje til rette for eit godt samarbeid mellom dei lokale styresmaktene på Svalbard. Den auka kompleksiteten gjer dessutan at departementet søkjer å ha ein god dialog med andre lokale aktørar, og med ulike organisasjonar og institusjonar.

Den norske busetnaden på øygruppa har tradisjonelt vore knytt til koldrift. Dette er framleis den næringa som har flest sysselsette. Dei siste åra har det skjedd ein auke i både offentleg og privat verksemd, særleg innan turisme og reiseliv. Aktiviteten har òg auka innafor forsking og høgare utdanning, først og fremst i Longyearbyen og Ny-Ålesund. Samtidig har Regjeringa eit mål om å oppretthalde Longyearbyen som eit familiesamfunn, men ikkje eit livsløpssamfunn. Denne utviklinga fører mot eit meir komplekst samfunn som igjen opnar for nye interessemotsetnader mellom fleire aktørar. Dette gjer samordninga til ei viktigare og meir krevjande oppgåve enn tidlegare.

Dei siste åra har det skjedd ei aukande desentralisering av ansvar og mynde innafor dei ulike statlege sektorane. Denne omlegginga har gitt særleg store utfordringar i forhold til utøving av norsk politikk på Svalbard. Det har òg skjedd ei endring i den statlege eigarstrukturen i Noreg ved at forvaltningsorgan i større grad enn tidlegare blir organiserte som aksjeselskap. Dette inneber at desse selskapa, til dømes Posten, Avinor og Telenor, har større krav til inntening enn før. Tidlegare har desse selskapa bl.a. vore nytta aktivt i svalbardpolitikken. Den nye organiseringa av selskapa gjer at dette har vorte vanskelegare. Ein må derfor finne nye måtar å leggje til rette for utøving av svalbardpolitikken på.

Aukande turisme og ferdsel på Svalbard synleggjer behovet for å halde oppsyn med og avdekkje eventuelle brot på føresegna om vern av Svalbards natur- og kulturmiljø. Det er òg ei utfordring å skape tryggleik, både ved ferdsel på land og til sjøs. Viktige tiltak i denne samanhengen er Sysselmannens oppsyns- og kontrollverksemd og informasjonsarbeid. Det er ei utfordring å nå ut til dei som besøkjer øygruppa med viktig informasjon på ein god og effektiv måte.

Svalbard og Longyearbyen har mange særtrekk. Likevel ser ein at Longyearbyen på mange område, og i aukande grad, liknar eit fastlandssamfunn. Dette fører til at ein stadig oftare må vurdere om regelverk for fastlandet òg skal gjerast gjeldande for Longyearbyen og Svalbard. Lovgivingstilhøva for Svalbard er spesielle, jf. bl.a. lov 17. juli 1925 nr. 11 om Svalbard (svalbardlova) § 2. Det er derfor ei utfordring å få til ei heilskapleg utvikling av regelverk. Målet er eit tilpassa og oversiktleg regelverk som er tilgjengeleg for alle. Justisdepartementet har fokus på denne problemstillinga.

Høgsterett fatta i 2007 ei avgjerd som gjaldt spørsmål om tvangsoppløysing av eit aksjeselskap med forretningskontor på Svalbard. Eit fleirtal i Høgsterett kom til at selskapet ikkje kunne tvangsoppløysast i medhald av aksjelova § 16-5 første ledd nr. 5, fordi plikta til å sende inn åresrekneskap til rekneskapsregisteret etter rekneskaplova § 8-2 ikkje gjeld for slike selskap. På bakgrunn av avgjerda i Høgsterett er det nødvendig å vurdere behovet for å fastsetje forskrifter om bruken av rekneskapslova, revisorlova og bokføringslova på Svalbard. Arbeidet vil bli følgt opp av Finansdepartementet i samarbeid med Justisdepartementet.

2.1.1 Samordne og koordinere forvaltningas politikk for polarområda

For å sikre ei god forvaltning av Svalbard vart det allereie i 1965 oppretta eit eige Svalbardutval. I 1971 vart ansvarsområdet for utvalet utvida til òg å gjelde Jan Mayen og bilanda i Antarktis. Namnet vart då endra til Det interdepartementale polarutvalet. Hausten 2002 vart det fastsett ny instruks for utvalet (sjå rundskriv G-6/2003). Dette vart gjort bl.a. for å gjere Polarutvalet i stand til betre å møte dei utfordringane ein står overfor med eit meir variert samfunn på Svalbard.

Polarutvalet, som er leia av Justisdepartementet, skal drøfte alle saker som vedkjem forvaltninga av polarområda. Utvalet skal tene regjeringas behov for direkte styring med polarsaker. Polar-utvalet er leia av Justisdepartementet som òg er sekretariat for utvalet, og består elles av representantar frå dei mest sentrale departementa i polar­samanheng (JD, UD, MD, KD, NHD, FIN, SD, FKD), Norsk Polarinstitutt, Sysselmannen på Svalbard og Statsministerens kontor. Utvalet møtest om lag ti gonger i året.

Plikta til å leggje fram saker for Polarutvalet inneber at alle saker som vedkjem utanriks-, miljø-, ressurs-, forskings- og tryggleikspolitikken, kan vurderast i samanheng og opp mot andre viktige omsyn i norsk svalbardpolitikk før det blir treft avgjerd i vedkommande fagdepartement. At saker blir lagt fram for Polarutvalet endrar ikkje vedkommande fagdepartements mynde til å treffe avgjerder eller det konstitusjonelle ansvaret til vedkommande fagstatsråd.

Saker skal leggjast fram for Polarutvalet før avgjerd blir treft i det aktuelle fagdepartementet, og utvalet kan då gi rådgivande uttale til det aktuelle departementet. Dersom det aktuelle departementet vil avgjere saka i strid med uttale frå Justisdepartementet eller Polarutvalet, skal saka leggjast fram for regjeringa.

Riksrevisjonen har gjort ei undersøking av forvaltninga av Svalbard, Dokument nr. 3:8 (2006-2007) Riksrevisjonens undersøkelse av forvaltningen av Svalbard, og rapporten vart overlevert Stortinget 1. juni 2007. Formålet med undersøkinga har vore å vurdere om måla for miljø- og samfunnsutvikling på Svalbard blir nådd, og i kva grad forvaltninga av Svalbard er i tråd med vedtak og føresetnader gitt av Stortinget. Stortinget tek sikte på å behandle rapporten i løpet av hausten 2007.

Sjøtryggleik har i dei seinare åra vore eit prioritert område for Polarutvalet, og utvalet la allereie i 2002 fram ein rapport med forslag til tiltak på området. Rapporten blir følgt opp i dei ulike fagdepartementa, og det blir jamleg gitt tilbakemeldingar til Polarutvalet når det gjeld framdrifta i dette arbeidet. I tillegg har Polarutvalet eit særleg fokus på dei utfordringane som auken i cruiseturismen medfører. Utvalet la derfor i 2005 fram ein ny rapport med forslag til tiltak for å møte desse utfordringane og der ein òg vurderar behovet for ytterlegare tiltak på sjøtryggleikområdet. Rapporten blir følgt opp i dei ulike fagdepartementa, bl.a. tredde ny skipstryggleikslov i kraft 1. juli 2007 og den gjeld på Svalbard. Dette inneber at Noreg kan etablere hamnestatskontroll på Svalbard. I 2008 skal Sjøfartsdirektoratet gjennomføre hamnestatskontrollar i den utstrekninga det er nødvendig. Regjeringa tek òg sikte på å innføre hamne- og farvatnlova på Svalbard frå 1. januar 2008.

Det internasjonale polaråret (IPY) 2007-2008 er ei stor internasjonal satsing innan polarforsking der mange nasjonar deltek og der store ressursar blir sette inn. IPY er planlagt av International Council for Science og World Meteorological Organisation, og er femti år etter det internasjonale geofysiske år i 1957-1958, som blant anna førte til ei formalisering av det internasjonale forskingssamarbeidet i Antarktis (SCAR) og Antarktis-traktaten. Det førre internasjonale polaråret fann stad i 1932-1933. Under IPY vil ein intens tverrfagleg måleinnsats blant anna gi datasett for betre klimamodellar og prognosar, inkludert havstraumar og klimakoplingar mellom låge og høge breiddegrader. Verdas romfartsorganisasjonar vil delta med nye målingar med satellittar i polare baner, kopla mot bakkedata. Regjeringa har vedteke at Noreg skal gå sterkt inn i dette samarbeidet og ta mål av seg til å ha ei førande rolle. For 2008 er det foreslått å setje av 85 mill. kroner over Forskingsrådets budsjett. Løyvinga skal dekkje forsking på vegne av heile departementsfellesskapet. Ein norsk IPY-komité koordinerer det norske arbeidet med Det internasjonale polaråret og er kontaktpunkt mot International Council for Science og World Meteorological Organisation i planlegginga og gjennomføringa av polaråret. Noreg er tildelt sluttkonferansen for IPY og denne vil vere i Oslo i juni 2010. For meir omtale, sjå kap. 4.3 Kunnskapsdepartementet.

Dei siste åra har det vore auka aktivitet innan forsking på Svalbard. Koordinering av denne verksemda er blitt stadig viktigare. Polarutvalet tok derfor initiativ til å revitalisere Svalbard Science Forum (SSF). Målet er å utnytte infrastruktur og faglege ressursar betre, som ein del av arbeidet med å gjere Svalbard til ein leiande stad for internasjonalt forskingssamarbeid innan polarforsking. Dette arbeidet er eit viktig ledd i både forskings- og nordområdepolitikken. I dei seinare åra er det derfor gjort store investeringar i forskingsverksemd og infrastruktur på Svalbard for å leggje til rette for både norsk og internasjonal forskingsverksemd på øygruppa.

Ny-Ålesund peiker seg på mange måtar ut som eit heilt spesielt område i forskingssamanheng. Styresmaktene har gjennom ei rekkje år investert store midlar i infrastrukturen for forskingsverksemda. Regjeringa har som målsetjing å byggje Ny-Ålesund vidare ut som internasjonalt forskingssenter i Arktis, innafor rammene av infrastruktur og annan kapasitet. I 2007 har 8 land ein eigen forskingsstasjon i Ny-Ålesund.

I Innst. S.nr. 196 (1999-2000) Svalbard, slutta Stortinget seg til ei vidare utvikling av Ny-Ålesund som forskingsstasjon. Det vart uttalt at dette ville kunne føre til at området rundt Ny-Ålesund måtte vernast som forskingsområde ved til dømes å setje grenser for anna verksemd i området. Polarutvalet nedsette ei arbeidsgruppe for å utgreie mogelege verkemiddel for å følgje opp desse signala. På bakgrunn av blant anna arbeidsgruppas anbefaling, vedtok Stortinget hausten 2005 ein odelstingsproposisjon om endring i svalbardlova § 4, som gir Kongen heimel i forskrift til å gi reglar om grenser for verksemd som vil kunne vere til skade for forsking i bestemte område på Svalbard. I forlenginga av dette arbeidet fremja Justisdepartementet i 2007 ein kongeleg resolusjon som fastsette ei forskrift om permanent stenging av delar av Kongsfjorden for fiskeriaktivitet. Justisdepartementet vil i 2008 gå i gang med å vurdere behovet for ytterlegare vern av forskningaktiviteten i Ny-Ålesund, til dømes i forhold til skipstrafikken i området.

Regjeringa vedtok i 2006 å etablere Svalbard globale frøkvelv, som skal vere eit sikringslager for dublettar av frø frå frøsamlingar frå heile verda. Spesielt matvekstar av stor verdi for matforsyninga skal takast vare på. Lokaliseringa til Svalbard er eigna på grunn av permafrost, stabile politiske forhold og god infrastruktur i eit vitskapleg miljø. Bygget skal stå ferdig hausten 2007 medan den formelle opninga vil vere 26. februar 2008. Frøkvelven er finansiert over budsjetta til Landbruks- og matdepartementet, Miljøverndepartementet og Utanriksdepartementet.

Eit anna viktig område er innhenting av statistikk om Svalbard. Statistikklova vart gjort gjeldande for Svalbard frå 01.01.2007. Gjennom dei halvårlege møta i sentralt statistikkforum, leia av Justisdepartementet, følgjer ein utviklinga av statistikksituasjonen på Svalbard.

Justisdepartementet og Polarutvalet har òg ansvar for Jan Mayen og bilanda i Antarktis. Det internasjonale samarbeidet om Antarktis skjer innafor ramma av Antarktistraktaten og inneber årlege møte mellom traktatpartane. Lovgivingssituasjonen for dei norske bilanda i Antarktis er spesiell og krev særskilt vurdering i samband med lovgivingsarbeid. Justisdepartementet deltek dessutan i prosessane som går føre seg i regi av Arktisk Råd. Arktisk Råd er det einaste sirkumpolare samarbeidsorganet som omfattar alle dei arktiske landa. Noreg har i perioden 2006-2008 formannskapet. Oppfølging av klimaendringar og heilskapleg forvaltning av dei arktiske havområda er to av hovudprioriteringane under det norske formannsskapet.

2.1.2 Sikre ei god forvaltning lokalt på Svalbard gjennom Sysselmannen

Sysselmannen er administrativt underlagt Justisdepartementet, og får løyvingane sine over svalbardbudsjettet. I enkelte fagsaker er han likevel underlagt andre departement. Sysselmannen har myndigheit som politimeister og fylkesmann. Som offentleg organ er Sysselmannen tillagt ei rekkje styresmaktoppgåver innafor ulike saksområde, til dømes forureining, barnevern, skjenkeløyvesaker, brannvern o.a. Fagkompetansen og svalbardkunnskapen hos Sysselmannen representerer ei viktig støtte i departementas arbeid med svalbardspørsmål.

Justisdepartementet har som mål at dei mange og ulike oppgåvene som sysselmannskontoret skal løyse, blir utførte på ein god og effektiv måte. Departementet arbeider for å ha ein god styringsdialog med Sysselmannen, bl.a. gjennom etatsstyringsmøte og tildelingsbrev, og rapporteringssystem i samband med dette. I tillegg til den formelle konktakten legg ein vekt på å ha ei brei kontaktflate og ein jamleg og tett dialog.

Både politifagleg og miljøfagleg ekspertise er samla i Sysselmannens organisasjon. Dette mogleggjer ei god fagleg forvaltning av plan- og enkeltsaker, eit godt informasjonsarbeid og ei effektiv etterforsking av miljøkriminalitet. Auke i turisme og ferdsel på Svalbard viser at ein treng å halde godt oppsyn med, og dermed avdekkje moglege brot på føresegna om vern av Svalbards natur- og kulturmiljø, jf. pkt. 2.1.

Sysselmannen har ansvar for redningsberedskapen på Svalbard. Det vert utført om lag 50 redningsaksjonar i året og i dette arbeidet er førebygging viktig. Sysselmannen arbeidar også for heile tida å ha ei best mogleg samhandling med friviljuge i redningstenesta. Som eit ledd i dette har Sysselmannen utvida sitt lagerbygg i Sjøområdet i Longyearbyen for å samordne eige redningsutstyr og transportressursar, utstyret til Longyearbyen Røde Kors Hjelpekorps, og ei nedpakka kirurgisk eining frå Universitetssjukehuset Nord-Noreg. Dette vil hjelpe til å spare tid i utrykkingsfasen og til å betre samhandlinga både i akuttfasen og i det daglege arbeidet.

Ei god informasjonssverksemd er viktig for at Sysselmannen skal løyse oppgåvene sine på tilfredsstillande vis. For å nå ut til publikum, jobbar ein mellom annan kontinuerleg med vidareutvikling av Sysselmannen si webside, med trykksaker og anna informasjonsmateriell og med å ha eit ope og konstruktivt forhold til media. Å vere synleg på øygruppa og ha god kontakt med publikum er viktig for sysselmannskontoret.

Sysselmannen er representert i Svalbard forskingspark, knytt til informasjonssenteret i Svalbardporten og til eit kulturhistorisk magasin. Forskingsparken vart offisielt opna våren 2006.

2.1.3 Leggje til rette for eit godt lokaldemokrati i Longyearbyen

Longyearbyen lokalstyre får løyvinga si over svalbardbudsjettet. Ved utarbeiding av budsjettet får departementet innspel frå lokalstyret. Det blir òg arrangert jamlege kontaktmøte. På desse møta blir bl.a. viktige saker og aktuelle problemstillingar diskuterte.

Lokalstyret har ansvar for å utøve mynde på utvalde saksområde, for offentleg tenesteyting og for utviklingsoppgåver innafor eit geografisk avgrensa område; gardsnummer 22 bruksnummer 1 Longyeardal. Dette inneber bl.a. energiforsyning, samfunns- og arealplanlegging, kart- og delingsforretningar, byggjesaksbehandling, veg, vatn, avløp, renovasjon, kai, brannvern, økonomiplanlegging, næringsarbeid, statistikkproduksjon, utvikling og samordning av samfunnstenester retta mot barn, ungdom og vaksne, barnevern, sosialrådgiving, ungdomsarbeid, barnehagar, og drift av skulen.

Longyearbyen lokalstyre har frå januar 2006 organisert verksemda si slik at strategiske oppgåver, utøving av mynde og overordna bestillarfunksjon blir ivaretekne i lokalstyrets eigen administrasjon. Sjølve driftsoppgåvene for samfunnet blir i hovudsak ivaretekne gjennom to kommunale føretak – eit for oppvekst og eit for kultur og fritid, og eit aksjeselskap med ansvar for teknisk infrastruktur – Bydrift Longyearbyen AS (tidlegare Svalbard Samfunnsdrift AS) der Longyearbyen lokalstyre eig 100 pst. av aksjane. I tillegg kjem oppgåver som politisk sekretariat og sekretariat for forliksrådet.

Ansvaret for styring og drift av Longyearbyen skule vart overført til Longyearbyen lokalstyre frå 2007. I den samanhengen vart det rammeoverført lønns- og driftsmidlar til svalbardbudsjettet frå Kunnskapsdepartementets budsjett, for å sikre vidareføring av dei tilboda skulen gir.

Myndet til å fastsetje forskrifter om bygningsvesenet på Svalbard er for Longyearbyen arealplanområde delegert til Longyearbyen lokalstyre. Lokalstyret vedtok i 2004 ei eiga byggjesaksforskrift for Longyearbyen.

På oppdrag frå Justisdepartementet og Longyearbyen lokalstyre har Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR) evaluert lokaldemokrati­et på Svalbard. Rapporten «Demokrati i motvind» låg føre i mars 2006, og synte at halvparten av innbyggjarane i Longyearbyen var motstandarar av lokalstyreordninga. I tillegg såg rapporten på den lokalpolitiske deltakinga og verknaden av reforma for tenestetilbodet. Deltakinga ved det siste valet var forholdsvis låg, men rapporten synte at innbyggjarane er aktive i lokalpolitiske samanhengar utanom valet. Det gjeld særleg folk som har budd lenge på Svalbard, og folk som er kritiske til lokalstyreordninga. Justisdepartementet og Longyearbyen lokalstyre arbeider saman om å vidareutvikle lokaldemokratiet i Longyearbyen. Det er mellom anna innført ei ordning med halvårlege kontaktmøte mellom justisministeren og Longyearbyen lokalstyre. Longyearbyen lokalstyre ønskjer å følgje opp evalueringa frå 2006 i samband med lokalstyrevalet hausten 2007, og vil engasjere NIBR til dette. Valtidspunktet er sett til oktober etter eit sterkt ønske frå dei lokale aktørane.

Svalbard museum var fram til 01.01.2006 ein del av Longyearbyen lokalstyres organisasjon. Då vart Svalbard Museum organisert som ein eigen stiftelse, med Sysselmannen på Svalbard, Universitetssenteret på Svalbard (UNIS), Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS, Norsk Polarinstitutt og Longyearbyen lokalstyre som stiftarar. Svalbard museum flytte inn i nye lokale i Svalbard forskingspark i 2006.

3 Forslag til svalbardbudsjett for 2008

Regjeringa ønskjer å bevare eit stabilt og robust norsk familiesamfunn i Longyearbyen på Svalbard for å sikre norsk nærvær i Nordområda. Regjeringa innførte derfor i 2007 eit særskilt skattefrådrag på Svalbard tilsvarande 13 mill. kroner og eit eige svalbardtillegg i barnetrygda tilsvarande 1,3 mill. kroner (Barne- og likestillingsdepartementets budsjett). Regjeringa har i revidert nasjonalbudsjett 2007 auka tilskotet til Svalbard med 20 mill. kroner til etablering av ei robust, framtidsretta og miljøvennleg reservekraftløysing i form av eit sentralt plassert dieselkraftanlegg som seinare skal kunne konvertere til biodiesel. Det resterande investeringsbehovet er føresett dekt av Longyearbyen lokalstyre i form av brukarbetaling gjennom eit påslag i straumprisen.

Regjeringa foreslår å innføre eit nytt skattesystem på Svalbard frå 2008 som tilsvarer ein inntektsreduksjon og auka tilskot til Svalbard på 14 mill. kroner. Skattesatsen i lønnstrekkordninga på Svalbard er foreslått redusert frå 12 til 8 pst. for inntekter under 12 G, og auka til 22 pst. for inntekter over 12 G. Det særskilte skattefrådraget for inntektsåra 2006 og 2007 blir ikkje ført vidare. Enkeltpersonføretak skal ikkje lenger berekne personinntekt, men netto overskot frå verksemda blir skattlagt som lønnsinntekt. Skattesatsen for alminneleg inntekt blir auka frå 10 til 16 pst., og botnfrådraget i alminneleg inntekt blir auka frå 10 000 til 20 000 kroner.

Budsjettramma på svalbardbudsjettet for 2008 er 221,2 mill. kroner. Dette er 5,6 mill. kroner eller 2,6 pst. auke i forhold til vedteke budsjett for 2007.

Underskotet på svalbardbudsjettet for 2008 er stipulert til 143,5 mill. kroner og blir dekt inn gjennom eit tilskot over Justisdepartementets budsjett kap. 480 Svalbardbudsjettet post 50 Tilskot. Tilskotet frå statsbudsjettet utgjer den største inntektsposten på svalbardbudsjettet. Storleiken på tilskotet har variert frå år til år, og har vore auka ved ekstraordinære tilskotsbehov. Tilskotet som er foreslått for 2008 utgjer 64,9 pst. av dei venta inntektene.

Bortsett frå statstilskotet er skattar og avgifter frå Svalbard den største inntektsposten, jf. omtala under kap. 3030. Skatteinntektene for 2008 er rekna til 73,6 mill. kroner. Inntektene frå skattar og avgifter utgjer 33,3 pst. av dei samla inntektene over svalbardbudsjettet. Ei omtale av dei føreslegne skatteendringane i 2008 er gitt under kap. 4.4 Finansdepartementet.

Svalbardbudsjettet er i stor grad eit driftsbudsjett. Ein stor utgiftspost er Sysselmannens transportteneste (kap. 6), som bl.a. inkluderer utgifter til redningshelikopter. Andre store utgiftspostar er løyving til Sysselmannens ordinære drift (kap. 5) og Statens bygningar i Longyearbyen (kap. 20). For 2008 er det òg foreslått å løyve 3,5 mill. kroner til dekning av Telenors samfunnspålagte oppgåver på Svalbard. Over kap. 3 Longyearbyen lokalstyre blir det løyvd midlar til drift av lokalstyret og tilskot til drift og utbygging av offentlege tenester og infrastruktur som Longyearbyen lokalstyre har ansvaret for.

Ei oversikt over inntekter og utgifter og ei oversikt over utgiftene fordelte på postnivå er gitt i punkt 5 nedanfor. I del II er det gitt ei nærare omtale av dei enkelte budsjettkapitla.

4 Forslag til løyvingar til svalbardformål frå andre departement over statsbudsjettet (jf. vedlegg 1)

For 2008 er det foreslått løyvd netto om lag 371 mill. kroner over statsbudsjettet til svalbardformål. Dette talet omfattar tilskotet til svalbardbudsjettet over Justisdepartementets kap. 480 og utgiftene til Svalbard som blir dekte over budsjetta til dei andre departementa, jf. vedlegg 1. Inntektene frå Svalbard som går inn på budsjetta til dei andre departementa er trekte frå, jf. vedlegg 2. Tilsvarande tal i 2007 var om lag 331 mill. kroner.

4.1 Miljøverndepartementet

Sysselmannen utøvar miljøvernmyndet for Svalbard. Etaten har ei eiga miljøvernavdeling og er lokal fagetat for Miljøverndepartementet. Departementet har òg delegert mynde på sentrale område til Direktoratet for naturforvaltning (DN), Statens forureiningstilsyn (SFT) og Riksantikvaren. Saman med Norsk Polarinstitutt, som er fagleg rådgivar for forvaltninga i polare spørsmål, representerer den faglege kompetansen og forvaltningserfar­inga i desse direktorata ei vesentleg støtte til Sysselmannens miljøvernarbeid.

Over Miljøverndepartementets budsjett vil det bli løyvd om lag 90 mill. kroner til svalbardformål. Om lag 70 mill. kroner av dette går til Norsk Polarinstitutts verksemd på og rundt Svalbard. Resten går til Direktoratet for naturforvalting, Statens kartverk og til forsking og overvaking bl.a. i regi av Noregs forskingsråd. Sjå oversikt over løyvingane i vedlegg 1. Det blir òg løyvd midlar til miljøvernarbeid over svalbardbudsjettet kap. 5 Sysselmannen og kap. 9 Kulturminnetiltak, jf. omtale i del II. I 2006 vart det kulturhistoriske magasinet i den nybygde Svalbard forskningspark i Longyearbyen teke i bruk. Noko av det kulturhistoriske materialet vart òg gjort tilgjengeleg for publikum i det nyopna Svalbard museum.

Miljøvernarbeidet vil i 2008 ha særleg fokus på lokale forureiningar til luft, jord og vatn. Vidare vil arbeidet med å verne store delar av Svalbard kystfarvatn mot potensiell forureining, og regulering av turismen i verneområda i Nordaust-Svalbard bli styrkt. Det skal òg arbeidast for å leggje til rette ei effektiv miljøovervaking og målretta forskingsverksemd på Svalbard som set oss i stand til å følgje og dokumentere utviklinga i miljøtilstanden, oppdage nye miljøproblem tidleg og gjere prioriteringar av miljøtiltak, og å følgje opp forpliktingar ein har i forhold til internasjonale avtaler. Dei effektane den aukande ferdsla har på utsette og sårbare kulturminne og på naturmiljøet skal overvakast, og viktige leveområde for vilt skal sikrast mot inngrep, forstyrring eller annan påverknad frå lokal verksemd.

Svalbards miljøvernfond er oppretta med heimel i Svalbardmiljølova § 98. Fondet er avgifts­finansiert, og skal bestå av midlar frå miljøgebyr for tilreisande til Svalbard, gebyr for jakt- og fiskekort, gebyr for felling eller hausting av flora og fauna (eller verdien av dette) som er handtert i strid med lova, miljøerstatning fastsett av Sysselmannen eller tvangsmulkt. Midlane kan bare brukast til tiltak som har som mål å verne miljøet på Svalbard.

Fastbuande på Svalbard er unntekne frå plikta til å betale miljøgebyr og det er derfor lagt opp til ei refusjonsordning for denne gruppa. Svalbard likningskontor står for det praktiske arbeidet med refusjonen av gebyret til fastbuande på vegne av Svalbards miljøvernfond. Det er inngått ei avtale mellom likningskontoret og miljøvernfondet fram til 2009 som blant anna regulerer den godtgjeringa likningskontoret skal ha for denne oppgåva.

Det er oppretta eit styre for fondet som skal tildele midlar til ulike prosjekt etter søknad. Først i 2008 vil fondet ha sitt første ordinære år og vere fullt operativt. Sekreteriatet er lagt til Sysselmannen.

Norsk Polarinstitutt

Norsk Polarinstitutt er underlagt Miljøverndepartementet. Instituttet har ei omfattande verksemd på Svalbard, med bl.a. forsking, miljøovervaking, topografisk og geologisk kartlegging, forskingsservice, drift av forskingsstasjonar, ettersyn av fyr, miljøretta kunnskapsformidling og informasjon. Polarinstituttet yter òg logistisk støtte til norsk og utanlandsk forskingsverksemd på Svalbard.

Polarinstituttet driv ein forskingsstasjon i Ny-Ålesund og luftmålestasjon på Zeppelinfjellet. Instituttet har eit avdelingskontor i Svalbardporten i Longyearbyen og driv der samtidig eit feltlager i samarbeid med UNIS. Kvart år gjennomfører instituttet ein stor sommarekspedisjon på Svalbard, og ei rekkje mindre ekspedisjonar gjennom året. Instituttet brukar òg betydelege ressursar på rådgiving i miljøspørsmål overfor sentrale og lokale forvaltningsorgan og miljøovervaking på øygruppa.

I dei siste åra har Norsk Polarinstitutt styrkt forskings- og overvakingsverksemda si, som er særleg viktig for forvaltinga av øygruppa. Instituttet har òg styrkt rådgivingskapasiteten sin overfor dei sentrale styresmaktene og Sysselmannen og den norske vertskapsrolla for forskingsaktivitet på Svalbard.

For 2008 er omlag 70 mill. kroner av løyvinga til Norsk Polarinstitutt over Miljøverndepartementets kap. 1471 Norsk Polarinstitutt relatert til Svalbard, jf. vedlegg 1. I tillegg kjem tilskotet frå svalbardbudsjettet, jf. omtala av kap. 17.

4.2 Nærings- og handelsdepartementet

Staten har eigarinteresser i fleire selskap på Svalbard. Nedanfor følgjer ei omtale av dei selskapa Nærings- og handelsdepartementet har interesser i. Nokre av dei får overført statlege midlar.

Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS

Store Norske-konsernet består av morselskapet Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (SNSK) og dei heileigde dotterselskapa, Store Norske Spitsbergen Grubekompani AS (SNSG) og Store Norske Gull AS. Store Norske Boliger AS er eit heileigd dotterselskap av SNSG. Staten eig 99,94 pst. av aksjane i SNSK. Kolverksemda skjer gjennom SNSG. Ved utgangen av 2006 hadde SNSK-konsernet 384 tilsette. Store Norske Gull AS vart etablert i 2003 og har som formål å undersøkje og drive gullfelt på Svalbard. Styret i SNSK foreslo i brev av 14. februar 2007 å endre vedtektene til selskapet slik at selskapet òg kan gjere bruk av kompetansen sin utanfor Svalbard. Etter Nærings- og handelsdepartementet sitt syn var den foreslåtte endringa av vedtektene av ein slik grunnleggjande karakter at saka måtte leggjast fram for Stortinget. I St.prp. nr. 69 (2006-2007) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringar i statsbudsjettet 2007, vart det foreslått å gi vedtektene til Store Norske eit tillegg, slik at selskapet òg får høve til å drive verksemd i Finmark og Troms. Stortinget slutta seg til dette 15. juni 2007 ved behandlinga av Innst. S.nr. 230 (2006-2007).

I tråd med dette vart det på ordinær generalforsamling i SNSK 29. juni 2007 vedteke ein ny formålsparagraf for selskapet. Vedtektenes § 1 fekk eit tillegg med følgjande ordlyd: «Selskapet kan utnytte sin kompetanse innan miljøvennlig ressursutnytting på Svalbard og i Finmark og Troms.»

Store Norske Boliger AS har sidan 2002 vore eit dotterselskap av gruveselskapet SNSG. Bustadselskapet forvaltar konsernets bustader i Longyearbyen. Det er starta opp ein prosess for å omorganisere eigarskapet til Store Norske Boliger AS slik at selskapet blir eit 100 pst. eigd dotterselskap av Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS. Bakgrunnen for omorganiseringa er at ein ønskjer å skjerme bustadene i Longyearbyen mot forretningsrisikoen til gruveselskapet.

Konsernet hadde i 2006 driftsinntekter på 1 267 mill. kroner og eit negativt årsresultat på 77,5 mill. kroner. Tilsvarande tal i 2005 var 1 139 mill. kroner og 46 mill. kroner. Forverringa av resultatet skuldast problema med drifta i 2006 etter brannen i Svea Nord-gruva, lågare skadebot for stogg i produksjonen enn året før og auka avskrivingar som følgje av større investeringar i 2005. Høgare bemanning i konsernet har òg ført til større kostnader. I motsett retning trekkjer høgare sal av kol i 2006 samanlikna med 2005. Konsernet selde 2,4 mill. tonn kol i 2006. Selskapet tek sikte på eit årleg produksjonsvolum på 3,3 mill. tonn kol for 2007 og åra framover. For å klare dette må selskapet halde oppe produksjonsnivået frå hausten 2006. Morselskapet SNSK fekk i 2006 eit årsresultat på 7,3 mill. kroner.

Kolverksemda til Store Norske har i mange år vore halden oppe med statlege tilskotsløyvingar. Bakgrunnen for den økonomiske støtta har i hovudsak vore dei nasjonale omsyna som gjer seg gjeldande på Svalbard. Arbeidsplassane knytte til kolgruvedrifta har medverka vesentleg til stabil, heilårleg norsk aktivitet og busetnad.

Selskapet starta hausten 2001 produksjonsdrift i eit nytt gruveområde kalla Svea Nord. Ved Stortingets behandling 19. desember 2001 av prosjektet, jf. St.prp. nr. 2 Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS og Svea Nord-prosjektet og Innst. S. nr. 67 (2001-2002), vart det lagt til grunn at gruvedrifta etter dette skal drivast ut frå bedriftsøkonomiske føresetnader og uavhengig av statleg støtte i framtida. Formålet med statleg eigarskap i SNSK og SNSG er å medverke til at samfunnet i Longyearbyen blir halde oppe og utvikla vidare på ein måte som understøttar dei overordna måla i norsk svalbardpolitikk. I tillegg skal selskapet drivast etter bedriftsøkonomiske prinsipp og med sikte på marknadsmessig avkastning på investert kapital.

SNSK vil, etter at gruveverksemda er skilt ut i dotterselskapet SNSG, elles konsentrere verksemda si rundt Longyearbyen og satse på utvikling av selskapets eigedommar og andre bergrettar selskapet har på Svalbard.

30.07.2005 braut det ut brann i hovudstollen i Svea Nord-gruva. Arbeidet med å sløkkje brannen vart sett i gang straks og etter kvart med bistand frå ekstern ekspertise. Etter åtte månaders driftsstans vart produksjonen i Svea Nord-gruva starta opp att 1. april 2006. Forsikringsoppgjeret er framleis uavklart. Dette har ført til ein anstrengt økonomisk situasjon for selskapet. Kravet mot forsikringsselskapa er på om lag 821 mill. kroner, men det er berre utbetalt 230 mill. kroner. Tvist om forsikringsoppgjeret er ført inn for domstolane og hovudforhandling er sett til 26. september 2007.

Kings Bay AS

Staten eig alle aksjane i Kings Bay AS. Det er foreslått å løyve 25 mill. kroner til Kings Bay AS i 2008, til drift og investeringar, nødvendige utgifter til administrasjonen av AS Bjørnøen, og kostnader knytte til gjennomføringa av Luftfartstilsynets nye krav til tryggleik ved flyplassen i Ny-Ålesund. Kings Bay AS eig grunn og anlegg i Ny-Ålesund og har ansvar for infrastrukturen på staden. Gjennomsnittleg tal på tilsette i 2006 var 23.

Kings Bay AS skal særleg ha som mål å yte tenester til og fremje forsking og vitskapeleg verksemd, og medverke til å utvikle Ny-Ålesund som ein internasjonal arktisk naturvitskapleg forskingsstasjon. Selskapets driftskonsept er å leige ut fasilitetar til forskarar, og tilby kost og losji og ei rekkje andre tenester under opphaldet. I hovudsak skjer dette gjennom fleirårige kontraktar med forskingsinstitusjonar frå ei rekkje land.

Investeringane som er gjort dei siste åra har resultert i at Ny-Ålesund i dag står fram som ein svært god og funksjonell base for internasjonal forsking og miljøovervaking. Ny-Ålesund har utvikla seg til å bli ein forskingsstasjon med ein svært avansert miljøprofil og eit internasjonalt senter for forsking på klima- og miljørelaterte problemstillingar.

Det internasjonale aspektet er ein kvalitet ved Ny-Ålesund ved at internasjonale forskarar kan møtast og samarbeide om forsking. Norske, tyske, britiske, italienske, franske, japanske, sørkoreanske og kinesiske forskingsstasjonar har etablert seg permanent i Ny-Ålesund. I tillegg nyttar andre norske og utanlandske forskingsinstitusjonar staden. Rundt 20 land har kvart år forskingsprosjekt i Ny-Ålesund.

I juni 2005 vart det nye arktiske marinlaboratoriet opna i Ny-Ålesund. Den internasjonale interessa for marinlaboratoriet er stor, og det er gjort forpliktande leigetilsegn for dei ti første åra for ei rekkje land og institusjonar. Generelt er oppfatninga at globale endringar i klimaet først vil kunne observerast i polarregionane på grunn av endringar i isforholda og fordeling av varme atlantiske og kalde arktiske vassmassar. Kongsfjorden-Krossfjorden, der marinlaboratoriet ligg, er ein godt eigna stad for å drive slik forsking. Marinlaboratoriet er det nordlegaste i verda og er strategisk plassert på randa av Polhavet. Den framtidsretta utforminga gjer at laboratoriet blir funksjonelt for marin eksperimentell forsking på høgt nivå, og laboratoriet vil bli ein viktig brikke i nasjonale og internasjonale marine forskingsnettverk.

Den aukande interessa for å etablere og utvide forsking på staden stiller krav til korleis selskapet legg forholda til rette. Forskingsaktivitet og tilrettelegging av infrastrukturen er prioritert i samsvar med intensjonen i strategisk plan for staden, utvikla av selskapet og Norsk Polarinstitutt i fellesskap. Anna næringsverksemd må tilpassast dei rammene som forskingsverksemda krev.

I forlenginga av behandlinga av den strategiske planen for Kings Bay AS, slutta Det interdepartementale polarutvalet i august 2004 seg til eit forslag om å arrangere eit høgt profilert internasjonalt symposium i Ny-Ålesund. Symposiet vart første gongen arrangert i mars 2006 i Ny-Ålesund. Symposiet har som mål å bringe sentrale personar innan politikk, næringsliv, forsking og forvalting saman for å diskutere viktige spørsmål innan miljø- og samfinnsutvikling.

I samband med ny operativ godkjenning av flyplassen til Kings Bay AS i Ny-Ålesund av 1. oktober 2006, har Luftfartstilsynet stilt ei rekkje nye krav til tryggleiken. Krava er baserte på internasjonale EU-reglar som vil gjelde for alle kortbaneflyplassar i Noreg. Kings Bay har fått frist til 1. oktober 2008 med å ivareta krava. Nokre av krava gjeld betre lyssetjing og instrumentering. Desse kostnadene er førebels rekna ut til om lag 2 mill kroner. Det største og mest kostnadskrevjande arbeidet vil knytte seg til utbetring av tryggleikssona på og rundt sjølve rullebana. Dette vil innebere omfattande flytting av massar og arronderingar av sidene på rullebana. Kostnadene er vurderte til om lag 8 mill. kroner. Førebels er dei samla kostnadene ved utbetringa av flyplassen vurdert å utgjere 10 mill. kroner.

Bergvesenet med Bergmeisteren for Svalbard

Etaten administrerer Bergverksordninga for Svalbard, fastsett ved kgl. res. 7. august 1925 og utfyllande reglar for petroleumsverksemda. Desse reglane regulerer tilgangen til mineralressursane på Svalbard. Etter forskrift 28. juni 2002 nr. 650 om konsekvens og avgrensing av planområda på Svalbard, har etaten ei viktig rolle i samband med konsekvensutgreiingar i saker som gjeld bergverks- og gruvedrift. I slike saker skal etaten, i samråd med Sysselmannen, fastsetje utgreiingsprogram og sluttdokument.

Bergvesenet med Bergmeisteren for Svalbard tildeler utmål, gir råd, rettleiing og oversikt over funn og førekomstar av geologisk art på Svalbard, og fører tilsyn med opningar knytte til nedlagte gruveverksemder. For å sikre at bergverksaktiviteten skjer i samsvar med dei miljøkrava som gjeld, bl.a. gjennom svalbardmiljølova, gir etaten informasjon om miljøregelverket og dei krav som er stilte.

Følgjande verksemdsidé er utarbeidd for etaten: Bergvesenet med Bergmeisteren for Svalbard skal arbeide for at Noregs mineralressursar blir forvalta og utnytta til beste for samfunnet. Ut frå denne verksemdsideen er det fastsett følgjande hovudmål for den delen av etaten si verksemd som er retta utover:

  • effektivt å forvalte gitte fullmakter, og vere sakkyndig organ i saker som gjeld mineralnæringa

  • arbeide for å redusere miljøkonsekvensane av mineraluttak, og medverke til ei balansert miljøforvaltning

  • arbeide for auka verdiskaping innan mineralnæringa

  • arbeide for auka forståing av den verdien mineralnæringa har for samfunnet.

For 2008 vil etaten prioritere saksbehandling og tilsynsverksemd. Etaten vil informere om miljøregelverket og sjå til at undersøkingar og uttak av mineral blir gjennomførte slik at også ressurs- og miljøaspekt blir tekne vare på. Det blir elles vist til nærare omtale av etaten under kap. 906 Bergvesenet med Bergmeisteren for Svalbard i Nærings- og handelsdepartementet sin St.prp. nr. 1 (2007-2008).

Svalbard Reiseliv AS

Svalbard Reiseliv AS er eigd av Svalbard Reiselivsråd, som er ei samanslutning av eit breitt spekter av aktørar med interesser knytte til reiselivet på Svalbard. Målet med tilskotet til Svalbard Reiseliv AS er å medverke til auka verdiskaping og betre lønsemd for reiselivet ved å informere, profilere og marknadsføre Svalbard som reisemål.

Det er ei viktig oppgåve for Svalbard Reiseliv AS å leggje vekt på å utvikle eit miljøtilpassa reiseliv i tråd med det overordna målet for regjeringa og reiselivsnæringa.

I 2006 vart det registrert 83 049 gjestedøgn ved overnattingsverksemder i Longyearbyen. Dette er ein auke på 8,5 pst. samanlikna med året før då det vart registrert 76 570 gjestedøgn. Nordmenn står for om lag 73 pst. av gjestedøgna. I alt kom det 33 284 gjester til Svalbard i 2006, noko som var ein auke på 13,8 pst. sett i høve til året før. I tillegg kjem gjester som ikkje nyttar overnattingsverksemdene, og cruisepassasjerar. Svalbard Reiseliv AS har i samarbeid med reiselivsbransjen arbeidd aktivt dei seinare åra for å auke talet på turistar til Svalbard i mørketida. Talet på yrkesreisande har gått ned med 7 pst. samanlikna med 2005, mens talet på ferie- og fritidsreisande har auka igjen etter å ha gått ned dei siste åra.

Det er foreslått å løyve eit tilskot på 2 mill. kroner til Svalbard Reiseliv AS over statsbudsjettet for 2008.

Svalbard Satellittstasjon

Svalbard Satellittstasjon (SvalSat) vart offisielt innvigd i juni 1999. Stasjonen ligg i nærleiken av Longyearbyen. SvalSat les ned data for sivile formål frå satellittar i polare baner og styrer også desse satellittane. Kongsberg Satellite Services AS, som er eigd 50 pst. av Norsk Romsenter og 50 pst. av Kongsberg Aerospace & Defence Systems AS, eig infrastrukturen og står for drifta av SvalSat og Tromsø Satellittstasjon. I tillegg eig selskapet to antenner. NASA har bygd ei antenne som blir nytta av fleire av deira satellittar. Den europeiske organisasjonen for meteorologisatellittar (EUMETSAT) har bygd to antenner. Vidare har Telenor bygd ei telekommunikasjonsantenne på SvalSat. Norsk Romsenter og Kongsberg Satellite Services AS arbeider for å skaffe fleire kundar til SvalSat. Svalsat er verdas mest kostnadseffektive nedlesingsstasjon for satellittar i polare baner.

Bygginga av ei antenne for IPO, som er ei avdeling i den sivile amerikanske vêrvarslingstenesta National Oceanic and Atmospheric Administration (NOAA) er avslutta. Kongsberg Satellite Services AS har inngått ein kontrakt med IPO om framtidige nedlesings- og dataoverføringstenester. Kontrakten har gjort det mogleg for Norsk Romsenter å etablere eit fiberkabelsamband mellom Andøya og Longyearbyen. Fiberkablane tilbyr samtidig generelle breibandstenester til Longyearbyen.

Forskrift 11. juni 1999 nr. 664 om etablering, drift og bruk av jordstasjon for satellitt regulerer bl.a. verksemda ved Svalbard Satellittstasjon. Sysselmannen på Svalbard skal føre kontroll med at verksemda skjer i samsvar med Svalbardtraktaten.

Svalbard Rakettskytefelt

Andøya Rakettskytefelt A/S har etablert Svalbard Rakettskytefelt (SvalRak) i Ny-Ålesund. Anlegget stod ferdig i 1997. Infrastrukturen på SvalRak er eigd av Andøya Rakettskytefelt A/S. Formålet med SvalRak er oppskyting av forskingsrakettar. Som følgje av lokaliseringa nær den magnetiske nordpol­en gir målingane frå rakettane resultat av stor vitskapleg verdi. Det er utført fleire oppskytingar og dei siste vart gjennomførte ved årsskiftet 2003-2004.

4.3 Kunnskapsdepartementet

Det har vore ein større auke i forskings- og utdanningsverksemda på øygruppa det siste tiåret. Regjeringas nordområdestrategi peikar på at Svalbard er ein viktig arena for internasjonalt utdannings- og forskingssamarbeid i nordområda.

Universitetssenteret på Svalbard

Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS) vart oppretta som statleg aksjeselskap 29.11.2002 og er ein viktig del av nordområdesatsinga. Selskapet avløyste stiftelsen Universitetsstudia på Svalbard, som vart oppretta av dei fire norske universiteta i 1994. I budsjettet for 2006 vart det løyvd 1,4 mill. kroner til ti nye studieplassar, slik at talet på studieplassar som Kunnskapsdepartementet finansierer er 125.

Studiet skal ha ein internasjonal profil, og det blir teke sikte på at ein stor del av studentane skal vere utanlandske. Studentaktiviteten i 2006 utgjorde 113 årsekvivalentar. I 2006 var om lag 45 pst. av studentane frå utlandet. Om lag 45 pst. var kvinner. Det er no totalt 12 stipendiatstillingar ved UNIS. Nordlysobservatoriet/Kjell Henriksen-observatoriet vart opna sommaren 2007. I budsjettet til Kunnskapsdepartementet er det for 2008 foreslått å løyve 78,7 mill. kroner på kap. 281 post 74 Tilskot til UNIS.

Noregs forskingsråd

Noregs forskingsråd driv ei rekkje forskingsprogram som involverer forsking på og i havområda omkring Svalbard. Slike program er NORKLIMA, Havet og kysten og Romforskingsprogrammet. Desse programma blir finansierte ved løyvingar frå ei rekkje departement og budsjettkapittel. Det er vanskeleg å seie på førehand kor stor del av desse løyvingane som kjem forsking på Svalbard til gode. Forskingsrådet har gjort eit overslag som viser at det for 2006 vart løyvd om lag 70 mill. kroner til polarforsking innanfor desse programma, der forsking på Svalbard kan dreie seg om omlag 25 mill. kroner.

NORKLIMA er deltakar i ERA-NET (EUROPOLAR) som ønskjer å fremje samarbeid mellom europeiske polarforskingsprogram og å syte for eit samarbeid innan den europeiske forskingsstrukturen for polarforsking.

Om lag 14 mill. kroner av den ordinære faglege løyvinga til Noregs forskingsråd for 2008, kap. 285 post 52, går til tiltak som gjeld Svalbard direkte. Noregs forskingsråd har ansvaret for å finansiere ei betre samordning av forskinga på Svalbard, bl.a. gjennom driftsløyving til Svalbard Science Forum. Forskingsrådet gir vidare stipend for utjamning av meirkostnader ved å leggje forskingsverksemd til Svalbard og søker å styrkje samarbeidet mellom Noreg og Russland og mellom NFR og National Science Foundation innan polarforsking ved særskilte avsette løyvingar.

Det internasjonale polaråret (IPY) 2007-2008 er ei stor internasjonal satsing innan polarforsking der meir enn 60 nasjonar deltek og der store resursar blir sette inn. Den internasjonale IPY-nemnda har peikt ut 218 hovudprosjekt. Av desse gjeld 166 forsking og 52 utdanning og informasjon. Noreg er deltakar i 50 av prosjekta med finansiering over den generelle IPY-løyvinga til Forskingsrådet, og leier ti av desse forskingsprosjekta. I tillegg deltek ei rekkje norske institusjonar og enkeltforskarar i prosjekt finansierte av eigne løyvingar. Regjeringa ønskjer at Noreg skal gå sterkt inn i dette samarbeidet og ta mål av seg til å ha ei førande rolle. Det har frå og med 2006 gått føre seg ei grundig planlegging av den norske IPY-deltakinga, og mange forskingsprosjekt med relevans for Svalbard har fått løyving. Regjeringa går inn for å løyve til saman over 320 mill. kroner til IPY over ein fireårsperiode.

For 2007 er det frå Kunnskapsdepartementet, Miljøverndepartementet og Justisdepartementet løyvd 85 mill. kroner til norsk deltaking i IPY. Regjeringa legg opp til å vidareføre løyvinga på same nivået i 2008. Løyvinga skal dekkje forsking på vegner av heile departementsfellesskapet. Av praktiske omsyn er likevel løyvinga samla under Kunnskapsdepartementets budsjett, kap. 286, post 50. Det er vanskeleg på førehand å seie kor stor del av desse løyvingane som kjem forsking på Svalbard og i havområda omkring til gode.

Forskingsrådet har frå 2006 arbeidd med å revitalisere Svalbard Science Forum (SSF) for å styrkje informasjonen om og samordninga av forsking på Svalbard. SSF held til i den nye Forskingsparken i Longyearbyen og kontoret er leid av ein forskingskoordinator. SSFs viktigaste oppgåve i 2006 har vore å arbeide fram ei nettside med informasjon om kva for forskingsprosjekt som har vore og som er i gang på Svalbard. Nettsida har vore vellukka og har hatt mange brukarar. SSF har òg til oppgåve å informere om å leggje til rette for forsking på Svalbard. SSF har vidare arbeidd med å fordele stipend til forskarar og studentar. Stipenda skal kompensere for dei meirkostnadene det er å drive forsking på Svalbard.

Forskingsrådet har gitt NIFU STEP i oppdrag å gjennomføre ei ny undersøking om mengda av norsk polarforsking og om kor mykje av denne forskinga som er knytt til Svalbard. Ei tilsvarande undersøking vart gjennomført i 2001. Den nye undersøkinga vil derfor vere viktig for å syne utviklinga.

Longyearbyen skule

Utgiftene til Longyearbyen skule har til og med 2006 vorte dekte over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Med verknad frå 01.01.2007 vart ansvaret for styring og drift av skulen med tilhøyrande tenester lagt til Longyearbyen lokalstyre, og utgiftene til skulen blir dekte frå kap. 3 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre på svalbardbudsjettet.

Meteorologiske tenester

Kunnskapsdepartementet finansierer drifta av dei meteorologiske stasjonane på Bjørnøya og Hopen over Meteorologisk institutts budsjett. Utgifter knytte til husleige for statens bygningar på Bjørnøya og Hopen vart frå 2005 ført over kap. 19 Statens bygningar på Bjørnøya og Hopen på svalbardbudsjettet. Instituttet har òg flyvêrteneste ved Svalbard lufthamn på oppdrag frå Avinor.

EISCAT

EISCAT (European Incoherent Scatter Radar) er ein internasjonal organisasjon som ved hjelp av store radarinstallasjonar driv atmosfæreforsking, bl.a. på nordlys og ozon. Informasjonen som radarane gir har òg verdi for navigering, satellittposisjonering, telesamband med meir. Radarane kan òg gi førehandsinformasjon om partikkelutbrot frå sola, som kan få store uheldige konsekvensar for ulik infrastruktur på landjorda.

Det er inngått ei ny samarbeidsavtale for EISCAT som gjeld i fem år frå 01.01.2007. Noreg og dei andre nordiske landa har etter den nye avtala teke på seg ein større del av observasjonstida. Kina har kome til som nytt medlem, og Institut fur Atmosphärenphysik, Kuhlungsborner, Leibniz er blitt tysk partnar frå 2007.

For 2008 vil den norske kontingenten for EISCAT vere på 4,8 mill. kroner.

Barnehagar

Ved utgangen av 2006 gjekk 106 barn i barnehage i den norske busetnaden på Svalbard, fordelt på to ordinære barnehagar. Lov 17. juni 2005 nr. 64 om barnehager (barnehagelova) gjeld ikkje for Svalbard. Kongen har i medhald av § 25 høve til å fastsetje forskrift om å gi lova verknad for Svalbard. Det er ikkje fastsett slik forskrift, men barnehagedrifta på Svalbard er regulert gjennom vilkår stilte for statstilskot til drift av barnehagane på Svalbard over kap. 231 Barnehagar post 60 Driftstilskott til barnehagar på Kunnskapsdepartementet sitt budsjett.

Vilkår stilte til tilskotet tek utgangspunkt i føresegnene i barnehagelova så langt dei passar. Dette inneber til dømes at barnehagane må halde seg til gjeldande krav til personale, lokale og uteområde, og arbeide i samsvar med Rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen. Eigarane av barnehagane på Svalbard sender søknad om statstilskot til Longyearbyen lokalstyre. Longyearbyen lokalstyre kontrollerer at opplysningane i søknadene er korrekte og søkjer om statstilskot på vegner av barnehagane. Det er Kunnskapsdepartementet som behandlar søknadene og betaler ut tilskotet.

4.4 Finansdepartementet

Det er ei eiga skattelov for Svalbard. Gjennom lov 29. november 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard (svalbardskattelova) er dei alminnelege føresegnene om likningsforvaltning og skatteinnkrevjing i stor grad gjort gjeldande for Svalbard for inntekt som blir likna.

Regjeringa foreslår endringar i skattesystemet for Svalbard. Endringane vil gjere skattesystemet for Svalbard meir tidsmessig og betre tilpassa det ordinære norske skattesystemet og internasjonale rammevilkår. Ein foreslår at endringane vert gjennomførte frå og med inntektsåret 2008. Dei endringane som er foreslått er i stor grad i samsvar med forslaga frå Arbeidsgruppa for utgreiing av svalbardskatt. Regjeringa foreslår endringar på tre hovudområde:

  • ordninga med brutto lønnsskattelegging (lønnstrekk) blir modifisert. Som utgangspunkt skal det trekkjast skatt ved lønnstrekk med 8 pst., i tillegg av trygdeavgift for tilsette som er medlemmer av den norske folketrygda. For samla årsinntekt over 12 gonger folketrygdas grunnbeløp, skal det trekkjast skatt med ein høgare sats på 22 pst.

  • I selskaps- og kapitalskattelegginga blir det lagt opp til ein annan satsstruktur. For slik inntekt foreslår ein skattesats på 16 pst. Samtidig foreslår ein at det generelle botnfrådraget i alminneleg inntekt blir dobla, frå kr 10 000 til kr 20 000. Det skal framleis ikkje reknast skjerming for personlege selskapsdeltakarar som er heimehøyrande på Svalbard, og fritaksmetoden skal framleis nyttast på Svalbard.

  • For sjølvstendig næringsdrivande foreslår ein ei endring ved at desse ikkje lenger skal rekne personinntekt etter skjermingsmetoden. I staden skal netto næringsoverskot skattleggast med same skatte- og trygdeavgiftssatsar som lønn.

Frå og med inntektsåret 2007 vart det på Svalbard gitt eit eige svalbardtillegg i barntrygda. Det er lagt til grunn at dette tillegget skal vidareførast for å ivareta omsyn til barnefamiliar på Svalbard.

Arbeidsgruppa for utgreiing av svalbardskatt drøfta særskilt den praksisen som har utvikla seg knytt til vilkåra for skatteplikt til Svalbard og pendling mellom bustad på fastlandet og arbeidsstad på Svalbard. Finansdepartementet vil ikkje foreslå noko innstramming av praksis i spørsmålet om pendling til fastlandet. Det er likevel lagt opp til å nedsetje ei hurtigarbeidande interdepartemental arbeidsgruppe som vil vurdere spørsmålet om pendling mellom Svalbard og fastlandet, og forholdet til svalbardskattereglane. Gruppa vil vurdere ulike sider ved ei eventuell innstramming av praksis, under dette korleis behovet for kontroll kan takast vare på. Etter Finansdepartementet si vurdering er det også føremålstenleg at ei slik gruppe ser på korleis ei slik normalisering for utanlandske busettingar bør gjennomførast.

For ytterlegare omtale av dei foreslåtte skatteendringane, sjå omtale i Ot.prp. nr. 1 (2007-2008) og St.prp. nr. 1 (2007-2008) Finansdepartementet.

Svalbard likningskontor

Svalbard likningskontor vart etablert i Longyearbyen i september 1998. Likningsrådet for Svalbard, som vart oppretta i medhald av den tidlegare skattelova for Svalbard frå 1925, vart formelt avvikla pr. 01.11.1998. Svalbard har eiga likningsnemnd og overlikningsnemnd. Funksjonane som fylkesskattekontor og fylkesskattenemnd for Svalbard er lagt til Troms fylkesskattekontor og Troms fylkesskattenemnd.

Ved forskrift 4. februar 1994 nr. 111 om register over befolkninga på Svalbard vart det etablert befolkningsregister for Svalbard. Frå desember 1999 er befolkningsregisteret administrert av Svalbard likningskontor.

I samband med etableringa av Svalbard miljøfond skal Svalbard likningskontor stå for det praktiske arbeidet med refusjonen av gebyret til fastbuande, sjå omtale under kap. 4.1.

I tillegg til å administrere befolkningsregisteret og å utføre likning etter svalbardskattelova, skal likningsforvaltninga rekne ut kolavgift etter lov 17. juli 1925 nr. 2 om avgift av kol, jordoljer og andre mineral og bergarter som blir utførte frå Svalbard.

Løyvingane til likningskontoret går over svalbardbudsjettet. Sjå omtale under kap. 22 Likningsforvaltninga for Svalbard.

4.5 Samferdselsdepartementet

Telenor AS tilbyr telenett og teletenester til Svalbard. Tidlegare gjekk teletrafikken mellom fastlandet og øygruppa via satellittsamband. Frå januar 2004 har Svalbard fått samband med fastlandet via fiberkabel. Kabelen er primært etablert for å betre kommunikasjonen til og frå jordstasjonsverksemda på Svalbard, men lokalsamfunnet vil òg kunne nytte kapasitet i kabelen. Norsk Romsenter AS har teke initiativ til og eig kabelen, mens Telenor er gitt ansvaret for drifta. Sommaren 2005 vart det etablert ein ny radiolink mellom Ny-Ålesund og Longyearbyen med vesentleg høgare kapasitet enn tidlegare. Dette inneber at Ny-Ålesund kan nytte kapasiteten i fiberkabelen betre. Dekning av eventuelle meirkostnader for Telenor ved å tilby samfunnspålagte teletenester for Svalbard er regulert i ei eiga avtale mellom Telenor og Justisdepartementet.

Posten Noreg AS utfører samfunnspålagte posttenester på Svalbard. Posten reknar med at tenestene vil gå i balanse i 2008. Eit eventuelt underskot vil bli belasta over ei eventuell løyving til statleg kjøp av posttenester over Samferdselsdepartementets budsjett.

4.6 Barne- og likestillingsdepartementet

Barnetrygd

Lov 8. mars 2002 nr. 4 om barnetrygd er gjort gjeldande for personar som er medlemmer i folketrygda etter lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd § 2-3, og som oppheld seg på Svalbard. Det vart i 2006 utbetalt barnetrygd til om lag 350 barn busette på Svalbard. I 2008 er det venta at 5,9 mill. kroner vil gå til dekning av utgifter til barnetrygd for busette på Svalbard over kap. 845 Barnetrygd, post 70 Tilskot.

Som eit tiltak overfor barnefamiliane for å oppretthalde eit robust familiesamfunn i Longyearbyen, vart det innført eit svalbardtillegg på kr 3 840 i barnetrygda (tilsvarande finnmarkstillegget) frå og med 2007. Tiltaket blir ført vidare i 2008.

Kontantstøtte

Lov 26. juni 1998 nr. 41 om kontantstøtte til småbarnsforeldre, er på same måten som barnetrygdlova gjort gjeldande for Svalbard. Det er for 2008 rekna ut at om lag 0,8 mill. kroner vil gå til kontantstøtte over kap. 844 Kontantstøtte, post 70 Tilskot.

Barnevernet

Forskrift 1. september 1995 nr. 772 om å gjere lov om barneverntenesta gjeldande på Svalbard regulerer fordelinga av ansvar og dekninga av utgifter til barneverntiltak overfor barn og unge som oppheld seg på Svalbard. Barneverntenesta sine oppgåver etter barnevernlova er utførte av Longyearbyen lokalstyre, jf. delegasjonsvedtak frå departementet av 21. desember 2001. Statleg regional barnevernstyremakt ved region nord har ansvaret for å yte tenester til barnet i samsvar med lova § 8-2. Fylkesmannen i Troms skal føre tilsyn med barneverntenesta på Svalbard og elles utføre dei oppgåvene som følgjer av barnevernlova § 2-3 tredje ledd.

4.7 Helse- og omsorgsdepartementet

Longyearbyen sjukehus gir helsetenester til den norske befolkninga på Svalbard og alle som ferdast på og rundt øygruppa. Den russiske busetnaden i Barentsburg har eiga helseteneste som er eigenfinansiert, jf. reglane i Bergverksordninga for Svalbard.

Longyearbyen sjukehus er eit akuttmedisinsk beredskapssjukehus og yter 1. og 2. linjetenester, dvs. tenester tilsvarande eit helsesenter på fastlandet. Ved større ulykker må det tilkallast hjelp frå fastlandet. Personell frå sjukehuset skal innafor beredskapsordninga til sjukehuset bemanne Sysselsmannens redningshelikopter ved ambulanseoppdrag.

Frå 2002 vart Longyearbyen sjukehus lagt under det regionale helseføretaket Helse Nord RHF. Organisatorisk er Longyearbyen sjukehus tilknytt Universitetssjukehuset i Nord-Noreg HF. Som følgje av omlegginga er løyvingane til sjukehuset lagt inn i ramma til Helse Nord RHF, jf. kap. 732, post 75.

Helselovene er ikkje gjort gjeldande for Svalbard, men det finst ein eigen lege- og sunnhets­forskrift for Svalbard som er frå 1928. Helse- og omsorgsdepartementet har no starta eit arbeid med å vurdere helselovgivinga på Svalbard.

4.8 Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Statsbygg forvaltar hovuddelen av dei statlege eigedommane i Longyearbyen, bl.a. Svalbard forskingspark, Svalbard kyrkje, Sysselmannens administrasjonsbygning, post- og bankbygget, fleire lagerbygningar og 110 bustader. Statsbygg forvaltar òg dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya, og Norsk Polarinstitutts forskingsbygg (Sverdrupstasjonen) i Ny-Ålesund. Statsbygg har avtale med Universitetssjukehuset i Nord-Noreg HF om drifta av sjukehuset i Longyearbyen.

Dei meteorologiske stasjonane på Bjørnøya og Hopen, Longyearbyen skule og Svalbard kyrkje vart innlemma i husleigeordninga frå 01.01.2004. Drifts- og vedlikehaldskostnader for desse eigedommane er dekte over kap. 2445 Statsbygg under Fornyings- og administrasjonsdepartementet.

Nytt Nordlysobservatorium og Svalbard globale frøkvelv blir ferdigstilte i 2007. Longyearbyen skule og bustadene som høyrde til skolen, vart overførte til Longyearbyen lokalstyre 01.01.2007.

4.9 Kultur- og kyrkjedepartementet

På Kultur- og kyrkjedepartementets budsjett for 2008 er det foreslått avsett midlar til velferdstiltak på Svalbard. Det er over kap. 320 Allmenne kulturformål, post 74 Tilskot til tiltak under Norsk kulturråd foreslått eit tilskot på 146 000 kroner til kulturtiltak. Norsk kulturråd forvaltar tilskotet som blir kanalisert gjennom Longyearbyen lokalstyre.

Vidare er det over kap. 326 Språk-, litteratur- og bibliotekformål, post 78 Ymse faste tiltak, foreslått eit tilskot på 247 000 kroner til bibliotekteneste på Svalbard i 2008. Bydrift Longyearbyen har driftsansvar for Longyearbyen folkebibliotek, men Longyearbyen lokalstyre yter tilskot til drifta.

Svalbardposten mottek pressestøtte etter reglane i forskrift om produksjonstilskot til dagspressa. Tilskotet blir rekna ut etter opplagstala til avisene, og tilskotet det enkelte år blir ikkje fastsett før i oktober same året. Svalbardposten fekk 360 000 kroner i produksjonstilskot i 2006. Tilskotet for 2007 vil venteleg bli om lag det same.

Svalbard kyrkje

Svalbard kyrkje betener alle som bur på øygruppa. Forutan den norske busetjinga i Longyearbyen og Ny-Ålesund inkluderer dette òg befolkninga i Barentsburg, Hornsund og Svea, og dessutan fangstfolk og andre som overvintrar rundt om på Svalbard.

Kyrkja har som mål at også utanlandske busette på Svalbard skal få tilgang til kyrkjelege tenester. Ein søkjer å leggje praktisk til rette for at befolkninga i Barentsburg og i Hornsund òg kan dra nytte av prestar som høyrer heime i deira eigne kyrkjesamfunn.

Kyrkja på Svalbard utfører alminnelege tenester så som gudstenester, dåp, konfirmasjon, vigsel, sørgjegudstenester og sjelesorg i tillegg til anna kyrkjeleg verksemd utført av prest og kateket. Peisestova i kyrkja vert driven av hushaldsstyraren og er ein samlingsstad for kyrkja sitt arbeid for busetjinga, gjester og turistar.

I Longyearbyen har kyrkja eit utstrekt samarbeid med skule, barnehagar og sjukehus. Soknepresten har sete i LRS (lokal redningssentral), og samarbeidet mellom kyrkja og Sysselmannen er godt.

5 Oversikt over forslag til løyvingar på svalbardbudsjettet for 2008

Følgjande oversikt viser rekneskapstal for 2006, vedteke budsjett for 2007 og forslag til løyving over svalbardbudsjettet for 2008. Inntektene er eksklusive tilskotet frå statsbudsjettet.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

Utgifter

189 498

215 683

221 247

Inntekter

122 096

91 774

77 760

Utgifter under programkategori 06.80 fordelt på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

Pst. endr. 07/08

0001

Svalbard kyrkje

3 344

3 350

3 600

7,5

0002

Tilskot til kulturelle formål m.m.

860

960

960

0

0003

Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

60 923

86 954

88 800

2,1

0005

Sysselmannen (jf. kap. 3005)

27 811

25 800

26 250

1,7

0006

Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 3006)

62 902

65 700

67 600

2,9

0007

Tilfeldige utgifter

4 065

4 100

4 100

0

0009

Kulturminnetiltak

2 062

2 100

2 100

0

0011

Bergmeisteren

1 119

1 310

1 310

0

0017

Refusjon til Norsk Polarinstitutt

2 750

2 750

2 800

1,8

0018

Fyr og radiofyr

3 400

3 400

3 450

1,5

0019

Statens bygningar på Bjørnøya og Hopen

5 436

5 600

5 950

6,3

0020

Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 3020)

12 532

11 159

11 700

4,8

0022

Likningsforvaltninga for Svalbard

2 294

2 500

2 627

5,1

Sum kategori 06.80

189 498

215 683

221 247

2,6

Utgifter under programkategori 06.80 fordelt på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

Pst. endr. 07/08

01-23

Driftsutgifter

124 108

124 519

128 087

2,9

30-49

Nybygg, anlegg m.v.

857

500

600

20

50-58

Overføringar til andre statsrekneskapar

2 750

2 750

2 800

1,8

70-89

Overføringar til private

61 783

87 914

89 760

2,1

Sum under departementet

189 498

215 683

221 247

2,6

Inntekter under programkategori 06.80 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2006

Saldert budsjett 2007

Forslag 2008

Pst. endr. 07/08

3005

Sysselmannen (jf. kap. 5)

11 397

300

250

-16,7

3006

Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 6)

1 289

1 100

1 100

0

3020

Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 20)

2 819

2 784

2 820

1,3

3030

Skattar og avgifter

106 590

87 590

73 590

-16

3035

Tilskot frå statsbudsjettet

67 002

123 909

143 487

15,8

Sum kategori 06.80

189 098

215 683

221 247

2,6

Til forsida