St.prp. nr. 1 (2008-2009)

FOR BUDSJETTÅRET 2009 — Utgiftskapittel: 1100–1161 Inntektskapittel: 4100–4150, 5576, 5651 og 5652

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiande del

1 Oversikt over budsjettframlegget på programområde 15 Landbruk og mat

Regjeringa vil medverke til å skape vekst og optimisme i Bygde-Noreg. Landbruket og ressursane knytt til landbrukseigedommane spelar ei viktig rolle for sysselsetjing og busetjing i store delar av landet og regjeringa vil sikre rammevilkår som legg til rette for at næringa kan utvikle seg på ein god måte framover.

Regjeringa vil arbeide for å oppretthalde eit levande landbruk over heile landet, sikre utøvarane i landbruket inntektsutvikling og sosiale vilkår på lik linje med andre grupper, og ha eit sterkt importvern for innanlandsk landbruksproduksjon. Eit levande og variert landbruk over heile landet vil òg medverke til å oppretthalde eit opent kulturlandskap.

Regjeringa sin matpolitikk har som hovudmål at maten skal vere trygg når den når forbrukarane, uavhengig av om den er framstilt innanlands eller er importert.

Regjeringa meiner at miljøomsyn og langsiktig ressursforvaltning må vere integrert i den samla næringspolitikken. Landbruket er ein viktig produsent av miljøgode. Det er viktig å sikre berekraftig ressursforvaltning med miljøomsyn i næringsverksemda og utvikling av dei positive miljøbidraga frå landbruket, m.a. innanfor klima og bioenergi.

Eit aktivt landbruk over heile landet har som føresetnad at jordbruksdrifta har ei tilstrekkeleg lønnsemd i eit mangfald av produksjonar og bruksstorleikar. Det er viktig at det blir gitt eit økonomisk grunnlag som gjer det interessant å drive i ulik skala og i ulike produksjonar.

Jordbruksavtalen for 2008-2009 fører vidare kursendringa i landbrukspolitikken ved å leggje til rette for å gi landbruket eit nødvendig inntektsløft, sikre eit landbruk med ein variert bruksstruktur, oppretthalde eit levande landbruk over heile landet og ha særskilt merksemd på område med svakare utvikling i produksjon og arealbruk.

Jordbruksavtalen legg vidare opp til å styrkje distrikts- og strukturprofilen i verkemidla, styrkje landbrukets miljøprofil, ta vare på kulturlandskapet og leggje ei offensiv ramme for å tilpasse jordbruket til klimautfordringane, samt auke innsatsen for det økologiske jordbruket, med sikte på auka produksjon og forbruk.

Miljøarbeidet omfattar tiltak for auka opptak og reduserte utslepp av klimagassar innan landbruket, vern om jordbruksareal og kulturlandskap, ivaretaking av biologisk mangfald og kulturminne i jord- og skogbruk, bruk og vern av dei genetiske ressursane, reduksjon av forureining, auka satsing på økologisk landbruk, auka skogproduksjon og produksjon av bioenergi og auka satsing på miljøvennleg landbruksproduksjon med omsyn til m.a. opplevingar og friluftsliv.

Regjeringa vil bidra til at landbrukssektoren kan utvikle betre og fleire tiltak for å redusere utslepp av klimagassar og forsterke dei positive klimabidraga som sektoren allereie gir.

Regjeringa vil leggje til rette for auka produksjon og bruk av fornybar energi og auka trebruk i staden for meir energikrevjande materialar for å gi viktige bidrag til energiforsyninga og minske dei menneskeskapte klimagassutsleppa.

Skogbruket er samtidig ei viktig distriktsnæring og det er trebasert næringsverksemd i dei aller fleste kommunane i Noreg. Regjeringa legg til grunn at verdiskapinga i skogsektoren kan aukast ytterlegare innanfor rammene av norske miljømål og legg opp til å styrkje den offensive skogpolitikken som blei innført i 2007.

Kulturlandskap forma av landbruket er viktig for identitet og tilknyting. Sikring av verdifulle jordbruksareal og kulturlandskap har høg politisk prioritet og er viktige element i den nasjonale miljøpolitikken. Kulturlandskapet er viktig som ei ramme for satsing på kultur, lokal mat, friluftsliv og for busetjing og turisme. For regjeringa er det derfor viktig å møte utfordringane ein har knytt til gjengroing, oppsplitting og nedbygging av verdifulle kulturlandskap i mange delar av landet.

I tillegg til å sikre trygg mat, skal matpolitikken fremje god plantehelse, god helse og velferd hos landdyr og fisk, og forbrukaromsyn som kvalitet og ærleg omsetning.

Det er aukande interesse for helse, ernæring og matkultur. Regjeringa vil møte ønskjer og påverke kunnskap og vanar hos forbrukarane på ein positiv måte, samtidig som ein tek omsyn til forbrukarane sitt eige ansvar og deira valfridom, slik regjeringa m.a. legg opp til i Handlingsplan for bedre kosthold i befolkningen (2007-2011) – Oppskrift for et sunnere kosthold.

Regjeringa legg òg vekt på å fremje verdiskaping og mangfald på matområdet. Merkeordningar skal medverke til større mangfald og utvikling av spesialprodukt. Regjeringa vil arbeide for å skape og utnytte synergiar mellom matpolitikken og andre politikkområde som til dømes ernærings-, forbrukar-, helse-, miljø- og næringspolitikk, samtidig som ein er medviten om at det kan vere interessemotsetnader mellom dei ulike politikkområda.

Det skal leggjast til rette for at det norske landbruket kan dekkje etterspurnaden etter varer det er naturleg grunnlag for å produsere i Noreg. Det er dei store grasbaserte produksjonane og kornproduksjonen som brukar det aller meste av jordbruksareala i Noreg og legg grunnlaget for dei største delane av verdiskapinga. Det må sikrast lønnsemd i desse produksjonane samtidig som matvareindustrien må sikrast råvareprisar som saman med andre tiltak sikrar konkurransekrafta.

Regjeringa legg vekt på nyskapingsevne og høgt kvalitetsnivå på varer og tenester for å sikre god konkurranseevne og marknadstilgang for landbruks- og distriktsnæringane. Det er store unytta moglegheiter når det gjeld å ta i bruk landbruket og bygdene sine samla ressursar på nye måtar, gjerne i samarbeid med andre sektorar. For å sikre den langsiktige utviklinga av landbruks- og matsektoren, er det nødvendig med forsking av høg kvalitet og relevans. Både naturressursane på det enkelte bruket, dei menneskelege ressursane og samarbeidet mellom ulike sektorar inneber nye moglegheiter. Regjeringa vil leggje større vekt på næringsutvikling og innovasjon gjennom eit godt samarbeid mellom dei offentlege aktørane på dette området, forskingsmiljøa og næringa.

Regjeringa ønskjer å auke verdiskapinga og busetjinga i distrikta. Eigedomsressursane, både areal og bygningar, må nyttast betre for å nå dette målet. Politikken skal støtte opp under det tradisjonelle familielandbruket, og samtidig leggje til rette for dei som vil utvikle eigedommen med nye næringar og for dei som vil bu på eit gardsbruk, men hente inntekt frå anna verksemd.

Reindrifta er ei næring som har mange positive element i seg. Den representerer i utgangspunktet ei god og fornuftig ressursutnytting i marginale fjell- og utmarksområde. Den bidrar til eit næringsmangfald, og den er ein sentral berar av samisk kultur. Reindrift som næring, kultur og livsform er på mange måtar unik både i nasjonal og internasjonal samanheng. Den fortener derfor positiv merksemd og regjeringa vil ha merksemd på tiltak som gjer at næringa kan sikrast, utviklast og styrkjast. I tillegg er det viktig å vere medviten på den positive effekten reindrifta har på ivaretaking av næringslivet og offentlege tenester i distrikts Noreg. Fleire stader er det reindrifta som er den sentrale bidragsytaren til levande bygder.

Landbruks- og matdepartementet sitt verkeområde er nært knytt opp til ei rekkje internasjonale prosessar og avtalar. Dette legg føringar for utforminga av mål og verkemiddel.

1.1 Hovudpunkt i budsjettframlegget

Tabellen under syner fordelinga av Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett på dei ulike programkategoriane.

(i mill. kr)

Nemning

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

Pst. endr. 08/09

Programområde 15 Landbruk og mat

15.00 Landbruks- og matforvaltning m.m.:

122,8

130,2

6,0

15.10 Matpolitikk

1 242,0

1 334,3

7,4

15.20 Forsking og innovasjon

361,1

382,2

5,8

15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

12 761,1

13 265,6

4,0

Sum Landbruk og mat

14 487,0

15 112,3

4,3

Sum Landbruks- og matdepartementet

14 487,0

15 112,3

4,3

Regjeringa legg opp til eit budsjett under programkategori 15.10 Matpolitikk på 1 334 mill. kroner. I forhold til saldert budsjett 2008 er dette ein auke på om lag 92 mill. kroner. Auken ut over ordinær lønns- og prisvekst skuldast i hovudsak satsingar på matområdet på til saman 42 mill. kroner.

Mattilsynet sitt driftsbudsjett er foreslått styrkt med 27 mill. kroner som vil bli nytta til følgjande oppgåver:

  • styrkje kontrollen med mattryggleik i skjelproduksjonen (8 mill. kroner)

  • styrkje tilsynet med fiskehelse, drikkevatn, småskalaproduksjon og økologisk produksjon (10 mill. kroner)

  • innføre ei ny ordning med sunnheitsmerking av mat og vidareføre arbeidet med ei smilefjesordning ved tilsyn i serveringsverksemder (5 mill. kroner)

  • utvide opningstida for grensekontrollstasjonar i Troms og Finnmark (4 mill. kroner)

Løyvinga til prosjektet for elektronisk sporing av mat aukar med 15 mill. kroner og får ei samla løyving på vel 30,6 mill. kroner i 2009.

Regjeringa gjer framlegg om eit budsjett på 382,2 mill. kroner under programkategori 15.20. Forsking og innovasjon. Det er overført 19,7 mill. kroner til Fiskeri- og kystdepartementet sitt budsjett i samband med etablering av Nofima. Saman med løyvingar over næringsavtalene og midlar frå forskingsavgifter er dei samla midlane til forsking på om lag 550 mill. kroner for 2009.

Hovudsatsingane i forskingspolitikken er:

  • følgje opp klimaforliket i Stortinget med ein styrking av programsatsinga Natur og næring i Noregs forskingsråd med 20 mill. kroner for å sikre eit økonomisk og økologisk berekraftig uttak og foredling av biomasse ved auka bruk av bioenergi.

  • auke løyvinga til programsatsinga RENERGI i Noregs forskingsråd med 10 mill. kroner til utvikling av andregenerasjons biodrivstoff.

  • styrkje grunnløyvinga innanfor primærnæringsarenaen med 3 mill. kroner, kor 1,5 mill. kroner er sett av på Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett.

  • ei løyving på 3 mill. kroner til å sikre god areal- og funksjonsmessig planlegging, faglege synergiar og økonomisk optimale løysingar til oppfølging av Stortinget sitt vedtak om å lokalisere Noregs veterinærhøgskole og Veterinærinstituttet til Ås, og at Noregs veterinærhøgskole skal organiserast saman med Universitetet for miljø- og biovitskap.

  • ei løyving på 10,3 mill. kroner til gjennomføring av det siste året av omstillinga i Bioforsk.

Regjeringa legg opp til eit budsjett under programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak på om lag 13,3 mrd. kroner. Dette er ein auke på om lag 0,5 mrd. kroner i forhold til saldert budsjett 2008. Auken skuldast i hovudsak satsingar innanfor jordbruksavtalen og auka satsing på skog, klima og energitiltak.

Hovudsatsinga på jordbruksavtalen er knytt til å:

  • leggje til rette for ei klar nivåheving i inntekta i landbruket

  • prioritere det grasbaserte husdyrhaldet med sikte på betre å dekkje heimemarknaden med storfe- og sauekjøtt og sikre arealbruk og beiting i grasområda

  • styrkje distrikts- og strukturprofilen i verkemidla

  • auke distriktstilskott med 49,6 mill. kroner

  • styrkje miljøprofilen i landbruket, ivareta kulturlandskapet og leggje ei offensiv ramme for å tilpasse jordbruket til klimautfordringane

  • forbetre velferdsordningane for jordbruket m.a. ved å auke tilskott til ferie og fritid med 5 pst. og styrkje grunnlaget for ei landbruksvikarordning over heile landet

  • auke innsatsen for det økologiske jordbruket, med sikte på auka produksjon og forbruk med 56 mill. kroner

Regjeringa legg opp til ei samla løyving på 246 mill. kroner til skog, klima og bioenergi. Dette er ein auke på 14 mill. kroner og inneber ei styrking av regjeringa sin offensive skogpolitikk. Auken skal først og fremst gå til klima- og energitiltak, m.a. støtte til produksjon av skogflis. Dette inneber m.a. å:

  • styrkje skogen si rolle i klimasamanheng

  • auke verdiskapinga i skogbruket og frå bioenergiproduksjon

  • prioritere kystskogbruket i forvaltninga av verkemidla i skogpolitikken

Øvrige satsingar er m.a.:

  • styrkje forvaltninga av Svalbard Globale frøhvelv med ei samla løyving på 4,3 mill. kroner

  • ei løyving til tilskott til veterinærdekning og veterinærvakt på 114,2 mill. kroner

  • ei løyving til erstatningar ved tiltak mot dyre- og plantesjukdommar på 45,6 mill. kroner

  • ei løyving til erstatningar ved naturskade på 97 mill. kroner

  • ei løyving på 19,5 mill. kroner i støtte til organisasjonar som arbeider innanfor landbruks- og matpolitiske satsingsområde

1.2 Overordna mål for landbruks- og matpolitikken

Landbruket spelar ei viktig rolle for busetjing og sysselsetjing i store delar av landet. Landbruket er mangfaldig og omfattar jordbruk, skogbruk, beitebruk og reindrift og er òg viktig for næringar som reiseliv og kultur og for næringsmiddelindustrien. Landbruket i Noreg har fleire funksjonar: produsere trygg mat og sikre matforsyninga, produsere og levere trevirke, medverke til å oppretthalde kulturlandskapet og sikre sysselsetjing og busetjing over heile landet. Norsk matjord er ein avgrensa ressurs som det er eit nasjonalt ansvar å ta vare på for våre etterkomarar. Målet er å halde ved lag eit levande landbruk over heile landet. Regjeringa vil sikre utøvarane i landbruket ei inntektsutvikling og sosiale vilkår på linje med andre grupper.

Hovudmål for landbruks- og matpolitikken

Ein landbruks- og matpolitikk som held ved lag eit levande landbruk over heile landet. Politikken skal gi grunnlag for auka verdiskaping og livskvalitet basert på ei berekraftig forvaltning av landbruket og bygdene sine ressursar.

Delmål for landbruks- og matpolitikken er:

  • sikre trygg mat

  • fremje mangfald og andre forbrukaromsyn i produksjon og omsetning av mat

  • fremje god dyre- og plantehelse og god dyrevelferd

  • ei berekraftig ressursforvaltning med eit sterkt jordvern, bevaring og vedlikehald av kulturlandskapet og sikring av det biologiske mangfaldet

  • berekraftig skogbruk som grunnlag for auka verdiskaping gjennom trebruk, bioenergi og utmarksnæring

  • eit aktivt landbruk som medverkar til sysselsetjing og busetjing over heile landet og som gir grunnlag for auka verdiskaping gjennom ny næringsverksemd

  • nasjonal matforsyning, ein konkurransedyktig matvareindustri og nyskapande og berekraftig produksjon av varer og tenester

  • ei livskraftig reindriftsnæring i balanse med beiteressursane og som medverkar til å halde oppe samisk eigenart

I tillegg har departementet strategiar som er å utvikle:

  • handlingsrom for ein nasjonal landbruks- og matpolitikk innanfor internasjonale avtalar og forhandlingar og eit sterkt importvern for innanlandsk landbruksbasert matvareproduksjon

  • ei open, brukarretta og effektiv landbruks- og matforvaltning med høg kvalitet og stor grad av medverknad

  • forskingsinnsats av internasjonal kvalitet som fremjar ein innovativ og berekraftig landbruks- og matsektor med høg tillit i samfunnet

1.3 Hovudelement i landbruks- og matpolitikken

1.3.1 Matpolitikk

Regjeringa sin matpolitikk femner om heile matproduksjonskjeda frå jord og fjord til bord.

Hovudmåla er å:

  • sikre trygg mat

  • fremje forbrukaromsyn

  • fremje god plantehelse og god helse og velferd hos landdyr og fisk

Ein legg òg vekt på:

  • sunt kosthald og gode matopplevingar

  • nyskaping, mangfald, matkultur og verdiskaping

  • tilrettelegging for marknadstilgang for norsk sjømat

  • langsiktig matforsyning og miljøvennleg produksjon.

Aktiv deltaking i internasjonalt arbeid er nødvendig for å påverke utviklinga av standardar og regelverk, for å ivareta norske synspunkt og for å ta del i utveksling og utvikling av kunnskap. Krava på matområdet blir i stor grad utforma i samsvar med internasjonal utvikling. Dette kjem m.a. til uttrykk gjennom EØS-avtalen og avtalar knytt til WTO. Hovuddelen av norsk regelverk på matområdet er EØS-basert. Regjeringa legg vekt på ein aktiv europapolitikk, jf. St.meld. nr. 23 (2005-2006) Om gjennomføring av europapolitikken. Departementa med fagansvar på matområdet har utarbeidd felles prioriteringar for arbeidet retta mot EU.

Ein legg vekt på god kontakt med styresmakter i andre land. Dette er m.a. viktig med omsyn til å betre marknadstilgangen for sjømat.

Det faglege ansvaret på matområdet er delt mellom Fiskeri- og kystdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Landbruks- og matdepartementet har administrativt ansvar for Mattilsynet.

Mattilsynet har ei sentral rolle i gjennomføringa av matpolitikken gjennom rettleiing, tilsyn, kartlegging og overvaking langs matproduksjonskjeda og der mat blir omsett til forbrukarane, samt gjennom å ta del i utviklinga av regelverk. Som ledd i utviklinga av regelverk utfører Vitskapskomiteen for mattryggleik uavhengige risikovurderingar for Mattilsynet. Kunnskapsstøtte frå institusjonar som Bioforsk, Havforskingsinstituttet, Nasjonalt folkehelseinstitutt, Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES) og Veterinærinstituttet er viktig for å gi grunnlag for at forvaltninga av området er godt fagleg og vitskapeleg fundert.

Storparten av etablerings- og omstillingsarbeidet i Mattilsynet blei gjennomført i perioden 2004-2006. Det viktigaste arbeidet som framleis går føre seg er å utvikle og innføre eit nytt tilsynssystem (MATS) som etter planen vil bli sluttført i 2009. Det nye systemet er ein viktig del av Mattilsynet sitt arbeid med å få eit meir effektivt og einskapleg tilsyn av betre kvalitet. MATS er òg viktig for å få betre dokumentasjon av status, tilsynsaktivitet og ressursbruk. MATS gir nye sjølvbeteningsløysingar og skjematenester for brukarane.

I St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 8 (2002-2003) var det eit mål at etableringa av Mattilsynet og dei andre elementa i matforvaltningsreforma samla sett skulle gi ein effektiviseringsgevinst på minimum 10 pst. Det er samla gjort effektiviseringskutt i Mattilsynet sitt budsjett på 100 mill. kroner sidan etableringa. Dette utgjer 10 pst. av den referanseramma effektiviseringsgevinsten blir rekna ut frå. Utover kostnadsreduksjon som følgje av effektivisering i Mattilsynet, gir matforvaltningsreforma ein kostnadsreduksjon gjennom ei meir marknadsbasert laboratorieverksemd.

Mattilsynet har dei siste åra arbeidd målretta med å auke effektiviteten og heve kvaliteten på verksemda. Det er gjort tilpassingar i bemanninga for å følgje opp effektiviseringsføresetnadene, for å få betre budsjettmessig handlefridom i det daglege arbeidet, og for å kunne møte hendingar som krev særskilt innsats. Organisasjonsendringar har lagt til rette for auka effektivitet og betre styring. Bruken av tid til styring og administrasjon er redusert sidan 2006. Regelverket er forenkla ved at ei rekkje plikter til å søkje godkjenning er teke bort. Endringane har frigjort ressursar til utøvande tilsyn og rettleiing. Aktiv rettleiing og utøvande tilsyn i dei enkelte verksemdene er kjerneprodukta til Mattilsynet, og tilsynet vil føre vidare arbeidet for å styrkje det utøvande rettleiings- og tilsynsarbeidet ved distriktskontora.

Arbeidet for mattryggleik har som mål å redusere risikoen for sjukdommar som kan bli overført med smittestoff og framandstoff i mat eller drikkevatn, både på kort og lang sikt. Produksjon og omsetning må finne stad under gode hygieniske forhold slik at smittestoff og framandstoff ikkje blir overført til menneske med mat eller drikkevatn.

Generelt er mattryggleiken i Noreg god. Tilsynet med vassverk har avdekka til dels alvorlege manglar og at det er nødvendig med forbetringar i mange norske vassverk, særleg i mindre vassverk. Mattilsynet har laga ein nasjonal handlingsplan som legg vekt på styrking av tilsynet med drikkevatn.

Matlovgivinga krev at verksemdene skal kunne dokumentere sporing eitt ledd framover og eitt ledd bakover i matproduksjonskjeda. Kravet til å ha system for sporing er viktig dersom helseskadelege produkt kjem ut i marknaden. Evalueringar etter E. coli-saka og andre saker knytt til mattryggleik har vist at det er ønskjeleg å etablere sporingssystem som går utover krava i lova. Regjeringa starta i 2006 eit prosjekt i samarbeid med Mattilsynet og næringsaktørar i heile matproduksjonskjeda for å leggje grunnlaget for betre system for sporing av mat (eSporingsprosjektet). Målet er å leggje til rette for etablering av ein nasjonal, elektronisk infrastruktur for effektiv utveksling av informasjon i matproduksjonskjeda innan utgangen av 2010. Tilgangen og kvaliteten på grunndata er viktig. Ein viktig del av prosjektet er derfor å betre kvaliteten på, tilgangen til og samordninga av grunndata. Elektroniske løysingar vil leggje grunnlag for betre beredskap, auka mattryggleik og auka verdiskaping i alle ledd. Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga på kap. 1115 post 23 til arbeidet i eSporingsprosjektet med 15 mill. kroner til om lag 30,6 mill. kroner i 2009.

Merking av mat er eit viktig forbrukaromsyn som har stor merksemd frå forbrukarane, matvarebransjen og styresmaktene. Regjeringa vil prioritere dette arbeidet, m.a. for at forbrukarane skal få riktig informasjon og for at forbrukarane lettare skal kunne velje sunn mat.

Som ledd i oppfølginga av Handlingsplan for bedre kosthold i befolkningen (2007-2011) – Oppskrift for et sunnere kosthold, er eit forslag til ei ordning med frivillig sunnheitsmerking av matvarer sendt til høyring. Forslaget er utarbeidd i samarbeid med svenske og danske styresmakter. Med utgangspunkt i høyringa tek ein sikte på å etablere ei slik ordning i 2009.

Handlingsplanen legg opp til å auke inntaket av fisk og sjømat. Regjeringa har fremja ein strategi som skal medverke til auka leveransar av fersk fisk av høg kvalitet til forbrukarane. Som ledd i dette arbeidet blir det arbeidd med å innføre merking av fangst- og slaktedato for fersk fisk i Noreg.

Det blir arbeidd vidare for å betre merkinga av opphavet til matvarer, hovudsakleg gjennom frivillige ordningar. Det blir òg arbeidd med sikte på å innføre krav om merking av opphav på storfekjøtt i serveringsverksemder.

Produksjonen av varer med genmodifisert innhald er aukande på verdsbasis. Dette gjer det vanskelegare å få tilgang til visse GMO-frie innsatsvarer. Departementa legg derfor vekt på å støtte opp under og påverke utviklinga av regelverk i EU slik at ein får minst mogleg innblanding av GMO i tradisjonelt GMO-frie innsatsvarer. Det er i dag ikkje godkjent nokon GMO-vekst for dyrking i Noreg, og ein vil halde fram med ei svært restriktiv linje.

Klimaendringar og den aukande importen av planter og plantemateriale aukar risikoen for introduksjon av framande/nye planteskadegjerarar. Klimaendringar kan òg føre til at sjukdommar hos fisk og landdyr blir meir utbreidde. Denne uviklinga vil departementa følgje aktivt opp i 2009.

Ein vil leggje vekt på å følgje opp sektoransvaret for regjeringa sitt arbeid med tiltak mot framande skadelege artar.

Smittsame sjukdommar er den enkeltfaktoren som gjennom åra har påført norsk havbruksnæring dei største tapa. Utviklinga i sjukdomssituasjonen gir grunn til uro. Ein vil derfor styrkje arbeidet for å fremje god fiskehelse.

Det vil framleis bli lagt vekt på arbeidet for god dyrevelferd, m.a. oppfølging av tiltak omtalt i St.meld. nr. 12 (2002-2003) Om dyrehold og dyrevelferd. Det blir òg lagt vekt på å vidareutvikle samarbeidet mellom Mattilsynet, andre offentlege aktørar og landbruket sitt eige organiserte nettverk for å førebyggje og avdekkje store lidingar hos dyr som følgje av manglande fôring, stell og omsorg. Regjeringa vil hausten 2008 leggje fram for Stortinget eit utkast til ny lov om dyrevelferd. Med denne lova vil ein få eit betre grunnlag for å følgje opp utfordringane knytt til dyrevelferd hos landdyr og fisk.

1.3.2 Næringspolitikk

Hovudmålet for landbruks- og matpolitikken er å halde ved lag eit levande landbruk i heile landet. For å nå dette målet er det viktig at ein oppnår ei inntektsutvikling i landbruket på linje med andre grupper i samfunnet.

Jordbruksavtalen i 2008 fører vidare kursendringa i landbrukspolitikken, og gir landbruket eit historisk inntektsløft. Avtalen legg til rette for ein inntektsauke på 31 500 kroner pr. årsverk (17 pst.) i 2009, jamført med inntekta i 2008 før oppgjeret. Vidare er det lagt vekt på å styrkje struktur- og distriktsprofilen, forbetre velferdsordningane og å styrkje miljøprofilen.

Regjeringa har, jf. Soria Moria-erklæringa, som mål at 15 pst. av matproduksjonen og matforbruket skal vere økologisk innan 2015. I 2008 er om lag 5 pst. av jordbruksarealet i økologisk produksjon.

Økologiske produkt utgjer i overkant av 1 pst. av total omsetnad av matvarer i Noreg. Veksten i marknaden og etterspurnaden etter økologiske produkt har halde fram i 2007 og 2008. Løyvingane over jordbruksavtalen er derfor særleg retta inn mot å auke den økologiske produksjonen.

I 2007 auka òg omleggingstakta for gardsbruk over til økologisk produksjon vesentleg samanlikna med dei siste tre åra. Omleggingstakta er likevel mindre enn auken i etterspurnaden.

For å nå målet om 15 pst. forbruk, er det nødvendig at det offentlege kan gå føre som forbrukar av økologisk mat. I 2008 sette Landbruks- og matdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet i gong det toårige prosjektet Økoløft i kommunar. Målet med prosjektet er å auke forbruket av økologisk mat i kommunane og å kople dette mot lokal produksjon.

Noreg har rike skogressursar av høg kvalitet. Skogbruk og vidareforedling av tre er viktige distriktsnæringar, og auka bruk av tre og bioenergi er viktig for å nå måla i både miljø- og distriktspolitikken, under dette òg klimapolitikken, jf. skogomtalen og avsnittet om landbruk og klima. Den offensive skogpolitikken som blei innført i 2007 vil bli styrkt gjennom ein samla auke i løyvingane til skog- og energiformål på 14 mill. kroner. Dette er først og fremst ei satsing for å styrkje skogen si rolle i klimasamanheng.

Skogane er eit av dei viktigaste økosystema våre og leveområde for ei mengd planter og dyr, nokre av dei truga eller sårbare. Det er viktig å forvalte skogressursane berekraftig slik at ein tek vare på viktige miljøverdiar samtidig som ressursane kan takast i bruk for auka aktivitet og verdiskaping til nytte både lokalt og nasjonalt.

Det er ein føresetnad at forvaltninga av skogressursane skjer etter prinsippa om berekraftig skogbruk, og departementet legg til grunn at auka uttak av råstoff til bioenergi frå skog følgjer dei same prinsippa for berekraft som anna avverking.

Skogbruket har utfordringar knytt til rekruttering av arbeidskraft, marknadsforhold og miljø. Desse utfordringane krev løysingar der både næringa og det offentlege tek ansvar.

Regjeringa legg til grunn at verdiskapinga i skogsektoren kan aukast ytterlegare innanfor rammene av norske miljømål.

Eit innsatsområde framover er å lage ein ny strategi for skogfrøforsyning, der klima inngår som eit element i vurderingane.

Det er framleis nødvendig å ha eit høgt ambisjonsnivå når det gjeld forsking, innovasjon og utvikling i skogsektoren, og departementet vil fortløpande vurdere storleiken på avgifta skogeigarane må setje av frå tømmersalsinntekta til FOU-tiltak.

Reindriftsavtalen 2008/2009 inneber ein avtale som skal leggje til rette for auka omsetnad av reinkjøtt, samt å stimulere næringa til størst mogleg slakteuttak og verdiskaping innanfor gjevne rammer. Tiltaka som er forhandla fram underbyggjer den dreiing ein har hatt i reindriftsavtalen sine verkemiddel dei siste åra, med eit større næringsretta fokus og ei tilrettelegging for dei utøvarane som har reindrift som hovudnæring.

Ny reindriftslov blei sett i kraft frå 1. juli 2007. Ny lov må sjåast i samanheng med regjeringa og Stortinget sine mål om ei berekraftig reindrift. Den nye lova er eit viktig bidrag i arbeidet med ein samla reindriftspolitikk der alle spørsmål blir vurderte i ein samanheng. Lova er basert på at reindrifta er avhengig av dei biologiske ressursane, og at bruken av dei biologiske ressursane må vere berekraftig i eit langsiktig perspektiv. Reindrifta er ei næring, samtidig som den er heilt sentral for samisk kultur. Det er lagt til rette for større grad av sjølvstyre i næringa. På same tid er det utforma sanksjonsreglar som gir styringsmakta heimel til å følgje opp i dei tilfella det interne sjølvstyre ikkje fungerer, eller det er nødvendig med omsyn til ressursgrunnlaget eller andre samfunnsinteresser. Det er sett i verk eit informasjonsopplegg overfor reindrifta som har som siktemål å gjere lova sine reglar kjende i næringa slik at dei nye verkemidlane kjem på plass så fort og effektivt som mogleg. Særleg viktig vil reglane om bruksreglar vere, og det er lagt opp til ei omfattande rettleiing om utarbeiding av bruksreglane. Godkjende bruksreglar utgjer fundamentet i ressursforvaltninga framover og vil vere ein føresetnad for at ei rekkje av dei andre reglane i lova skal komme til bruk.

Reindrift er ei særs arealavhengig næring. Inngrep og uro innanfor reinbeiteområda har auka dei siste tiåra. Innsatsen for å finne fram til tiltak som kan redusere dette problemet vidareførast. I tillegg vidareførast det etablerte interdepartementale samarbeidet for å leggje til rette for ei meir heilskapleg tenking i samanheng med arealforvaltning i reinbeiteområda. Tap av rein har vore aukande i hele reindrifta, og situasjonen i enkelte regionar gir grunn til uro. Dei store tapa går utover produksjonen i næringa. Regjeringa vil derfor vidareføre studia for å dokumentere produksjonen og tapsårsakene i reindrifta.

I det tradisjonelle landbruket er det stor etterspurnad etter verkemiddel for investering i tradisjonelt landbruk og til utvikling av nye næringar. Behovet for investeringar i det tradisjonelle landbruket kjem i stor grad av nye krav til hald av husdyr og for å gjere produksjon av tradisjonelle landbruksvarer lønnsamt. Stadig fleire næringsdrivande ønskjer og å satse på å utvikle ny næringsverksemd med utgangspunkt i ressursane på garden. Det er behov for eit taktskifte for etablering av ny næringsverksemd ved å ta i bruk mangfaldet av landbruket sine menneskelege og materielle ressursar. Målet med eit slikt taktskifte er å skape fleire arbeidsplassar innan ny næringsverksemd for å kompensere for reduksjon i arbeidsplassar i tradisjonelle næringar.

Departementet har tre overordna strategiar for sikre ein god utvikling: Ta landet i bruk!, strategi for næringsutvikling 2007 – 2009, Smaken av Noreg, matpolitisk strategi 2008 – 2010 og Strategi for forsking og forskingsbasert innovasjon 2007 – 2012. For å gjennomføre strategiane har departementet eit sett av ulike verkemiddel.

Dei fylkesvise bygdeutviklingsmidlane har sidan tidleg på 1990-talet vore dei viktigaste økonomiske verkemidla for næringsutvikling innan og i tilknyting til landbruket. Målet er å nytte alle landbrukseigedommen sine ressursar til lønnsam verdiskaping, for på denne måten å bidra til at aktivitetar med basis i landbrukseigedomen kan utgjere hovudbidraget til bonden si inntekt, og at inntekt frå nye næringar kan vere eit supplement til inntekt frå det tradisjonelle landbruket. Midlane går og til investeringar for å modernisere driftsapparatet i det tradisjonelle landbruket. Dette er viktig for å auke lønnsemda i landbruket og for å sikre eit levande landbruk i heile landet.

Det er stor etterspurnad etter og merksemd rundt norske matspesialiteter, som til dømes mat med lokal identitet, ei særskilt historie og opphav. Dette skaper nye moglegheiter for norsk landbruk. Nyskaping og kommersialisering av produkt, samt ei auka satsing på sesongprodukt og andre tradisjonelle norsk matprodukt er viktig for å kunne utnytte potensiale i marknaden og auka verdiskaping i landbruket og næringsmiddelindustrien.

Verdiskapingsprogrammet for matproduksjon skal bidra til å realisere auka verdiskaping for primærprodusentane og til å styrkje konkurranseevna til små og mellomstore matbedrifter. Programmet, som er 10-årig med oppstart i 2001/2002, satsar no særskilt på å gi gode tilbod til verksemder som har ønskje om å vekse og til å komme inn i nye marknader. Programmet bidrar òg til å gjere synleg og utvikle eit matmangfald i reiselivsnæringa. Merkeordninga Beskyttede betegnelser er ein viktig strategi for å styrkje konkurransekrafta til norsk landbruksbasert matproduksjon gjennom utvikling av konkurransefortrinn basert på merkenamn, regionalt opphav og særskilde produktkvalitetar.

Aktørane i verdikjeda for matproduksjon er saman i arbeidet om å utvikle ei ny nasjonal merkeordning som vil kunne femne all norsk matproduksjon og som har som mål å gjere synleg og dokumentere kvalitetsarbeidet i jordbruket mot forbrukar. Arbeidet med etableringa av ein mogleg ny merkeordning blir leia av Stiftelsen KSL Matmerk.

Landbruket har store moglegheiter til auka verdiskaping ved å utvikle produkt som gir opplevingar innan lokal kulturhistorie, kulturlandskap og matkultur, jakt og fiske. Det er og viktig å utnytte synergiar og stimulere til samspel som kan fremje norsk matkultur, reiseliv, kulturlandskap og medverke til god helse og betre livskvalitet.

Regjeringa ønskjer å synleggjere desse verdiane og medverke til samarbeid mellom landbruk og andre næringar og sektorar. Utviklingsprogram for grønt reiseliv, som blei etablert i 2007, har ambisjonar om auka verdiskaping basert på gardane og bygdene sine ressursar. Særleg prioriterte innsatsområde er berekraftig utvikling av næringa og utvikling av produkt som gir høgare lønnsemd enn i dag. Marknadsføring av det grøne reiselivet i inn- og utland er ei prioritert oppgåve.

Inn på tunet-tenester er ei næring i vekst innanfor landbruket. For ei vidare utvikling av næringa er det m.a. viktig med eit samarbeid med andre departement og sektorar. Målet er at Inn på tunet-tenester blir ein viktig og prioritert del av tenestetilbodet innan helse-, omsorgs- og utdanningssektoren. Landbruks- og matdepartementet vil i 2009 leggje til rette for gjennomføring av dei fem prioriterte satsingsområda i Handlingsplan Inn på tunet.

Småskala vasskraft representerer eit stort potensial for produksjon av fornybar energi frå distrikta, samtidig som det gir gode utsikter for auka inntekter til norske grunneigarar. Saman med satsinga på bioenergi vil dette gi landbruket enda sterkare fotfeste som produsent av grøn energi.

Utvikling av næringsverksemd knytt til fisketurisme i innlandet, oppdrett i ferskvatn og næringsfiske er viktige satsingsområde der departementet ser store moglegheiter. Eit viktig grunnlag for satsing på desse områda er departementet sin Handlingsplan for innlandsfiske.

1.3.3 Miljø- og ressurspolitikk

Miljø- og ressurspolitikken i landbruket er omfattande og femner om mange ulike tiltak og bruk av verkemiddel i ulike former. Arbeidet er tufta på planar og program og konkrete miljøomsyn i næringsverksemda. Departementet skal leggje fram ein omfattande miljøstrategi for heile landbruksområdet som syner sektoransvaret og bredda i landbruket sin miljøinnsats, forankra i dei nasjonale miljømåla. Regjeringa skal òg i 2009 leggje fram ei stortingsmelding om landbruks- og matpolitikken og klimautfordringane.

Sikring av verdifulle jordbruksareal og kulturlandskap er høgt politisk prioritert og viktige element i den nasjonale miljøpolitikken. For å ta vare på viktige kulturlandskap og verne om dyrka og dyrkbar jord, arbeider regjeringa aktivt for at den årlege omdisponeringa av dei mest verdifulle jordressursane skal halverast innan 2010. Regjeringa vil òg at dei spesielt verdifulle kulturlandskapa skal vere dokumenterte og ha fått ei særskilt forvaltning innan 2010, og at område som gror igjen må skjøttast med tanke på næring og rekreasjon.

Dyrka og dyrkbar jord er grunnleggjande for å sikre matforsyninga på kort og lang sikt. Departementet meiner det framleis er nødvendig med sterk merksemd kring jordvern både lokalt og sentralt dersom det skal vere mogleg å nå målet, og ein legg opp til ei meir restriktiv linje for arealdisponering. Gjennom jordbruksavtalen blir det ført vidare ei stor satsing på kulturlandskap gjennom areal- og kulturlandskapstilskott, beitetilskott, dei regionale miljøprogramma og dei kommunale midla. Departementet fører og vidare samarbeidet med Miljøverndepartementet om å dokumentere og peike ut spesielt viktige kulturlandskap og 20 utvalde landskap vil vere sikra skjøtsel i løpet av 2009.

Verkemiddel i nasjonale og regionale miljøprogram for landbruket skal bidra til at jordbruksproduksjonen fører til minst mogleg forureining og tap av næringsstoff. Dei regionale miljøprogramma er evaluert i 2008 og nye program blir laga for 2009-2012. Ein vil vidareutvikle programma for å oppnå ytterlegare reduksjonar av næringssaltavrenning, og det er lagt til rette for å følgje opp EU sitt rammedirektiv for vatn innan landbruket. Departementet legg opp til ei vidare satsing for å redusere forureining av fosfor, nitrogen og erosjon til vassdrag og kystområde, og ein vil halde fram med arbeidet for å redusere bruken av plantevernmiddel.

Regjeringa har etablert eit globalt sikringslager for frø på Svalbard, som blei opna i februar 2008 av statsministeren og representantar får mange land og internasjonale organisasjonar. Noreg vil føre vidare rolla si som brubyggjar innan dei internasjonale forhandlingane om genressursar innan Konvensjonen om biologisk mangfald, FAO sin kommisjon for genetiske ressursar innan mat og landbruk, og den Internasjonale plantegenetiske traktaten. Derfor lova Noreg ved opninga av Svalbard globale frøhvelv støtte som svarar til 0,1 pst. av verdien av årleg omsett såvare til plantetraktaten sitt fond for utbyttefordeling frå 2009. Det er sett av 0,5 mill. kroner til dette formålet i 2009.

Regjeringa oppretta i fjor eit eige nasjonalt utviklingsprogram for klimatiltak over jordbruksavtalen. Programmet er starta opp. Gjennom programmet skal dei tilrådde klimatiltaka i jordbruket vidareutviklast og kostnadsvurderast og moglege nye aktuelle tiltak skal kartleggjast. Ein viktig del av programmet er å vurdere nærmare samfunnsøkonomisk lønnsam biogassproduksjon, metanrensing og bruk av fornybar energi.

Regjeringa sine klimamål for 2020 inkluderer opptak av CO2 i skog. Regjeringa aukar innsatsen for å vedlikehalde og utvikle skogressursane i 2009, med sikte på å auke karbonbindinga i skog. Departementet vil òg føre arbeidet med tresatsingstiltak vidare og legg vekt på at bruk av tre i varige konstruksjonar og treprodukt forlengjer bindinga av CO2. Vidare for å auke bruken av bioenergi, vil det i 2009 bli gitt støtte til produksjon av skogflis.

Landbruket arbeider med grunnlag i naturen si produksjonsevne og tiltaka i landbruket verkar inn på det biologiske mangfaldet. Departementet fører vidare deltakinga i det nasjonale programmet for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald, og satsinga på tiltak knytt til miljøplanar for enkeltbruk, skogbruksplanlegging med miljøregistreringar, miljøretta tilskott o.a.

Departementet vil halde fram med kartleggings- og registreringsarbeid retta mot verdifull genetisk variasjon innan skogtre, innan trua kulturplanter og innan trua husdyrrasar. Å ta vare på genetiske ressursar og sikre ei berekraftig forvaltning av desse er grunnleggjande for å halde oppe eit biologisk mangfald og mattryggleik, livskvalitet og velferd i framtidige generasjonar.

1.3.4 Eigedoms- og busetjingspolitikk

Regjeringa har som mål at heile landet skal takast i bruk for å auke verdiskapinga og styrkje lokalsamfunna. Dette målet ligg m.a. til grunn for dei tiltaka som er foreslått i St.meld. nr. 21 (2005-2006) Hjarte for heile landet – Om distrikts- og regionalpolitikken. Verkemidla innan eigedoms- og busetjingspolitikken er sentrale i denne samanhengen og dei må nyttast slik at menneskelege, økonomiske og arealmessige ressursar blir tekne i bruk på ein betre måte enn i dag. Ressursane på landbrukseigedommane er knytt til areal og bygningsmasse, men òg kompetansen og viljen eigarane har til å nytte eigedomane står sentralt når ressursane skal nyttast betre. Eigedoms- og busetjingspolitikken skal støtte opp om det tradisjonelle familielandbruket med garden som senter for busetjing og næringsverksemd, men samtidig leggje til rette for at dei som manglar areal eller har ønskje om å drive nye næringar får sleppe til. Nærmare omtale av eigedoms- og busetjingspolitikken m.a. buplikta står under kat. 15.30.

1.3.5 Internasjonale forhold for næringspolitikken i landbruket

Landbruks- og matdepartementet sitt verkeområde er nært knytt opp til ei rekkje internasjonale prosessar og avtalar. Dette legg føringar for utforminga av mål og verkemiddel innanfor heile landbruks- og matpolitikken. Det er ei målsetjing å arbeide aktivt internasjonalt for å ta vare på nasjonale interesser og samtidig arbeide konstruktivt i dei internasjonale prosessane.

Norsk landbruk og næringsmiddelindustri møter aukande internasjonal konkurranse på heimemarknaden, m.a. som følgje av internasjonale handelsavtalar som WTO og EU-avtalar. Slik auka konkurranse stiller norsk landbruk og næringsmiddelindustri overfor utfordringar om marknadsdelane skal kunne oppretthaldast.

Spesielt viktig for landbruket og næringsmiddelindustrien er WTO-forhandlingane som kom igang i Doha i 2001. Dei viktigaste forhandlingsområda for landbruk har vore marknadstilgang for landbruksvarer, bruk av nasjonal landbruksstøtte og bruk av eksportsubsidiar. Det skulle vidare takast særleg omsyn til u-landa ved utforming av det nye regelverket. Ministermøtet sommaren 2008 blei avslutta utan semje om ei ny WTO-avtale.

Frå norsk side har det i forhandlingane vore eit mål å sikre at det i framtida blir rom for å utforme ein nasjonal landbrukspolitikk som i tillegg til produksjon og handel òg tek omsyn til andre verdiar som kulturlandskap, biologisk mangfald og distriktsomsyn. Eit viktig siktemål er å sikre grunnlaget for ein aktiv jordbruksproduksjon i alle delar av landet. Dette krev gode løysingar for marknadstilgang og nasjonal landbruksstøtte.

Noreg og EU har starta forhandlingar om utvida handel med landbruksvarer etter artikkel 19 i EØS-avtalen. Desse forhandlingane blir frå norsk side vurdert i samanheng med WTO-forhandlingane. Til grunn for artikkel 19-forhandlingane ligg at desse skal førast innanfor ramma av den nasjonale landbrukspolitikken og vidare vere til fordel for begge partar.

Innanfor ramma av EFTA er det hausten 2008 forhandlingar om frihandelsavtale med Peru, Algerie og etter planen India. Desse forhandlingane omfattar gjensidige konsesjonar òg for landbruksvarer.

1.4 Forsking og innovasjon

Forsking og forskingsbasert innovasjon er sentrale verkemiddel for å oppfylle landbruks- og matpolitiske målsetjingar. Målsetjinga er at landbruks- og matforskinga skal medverke til forskingsinnsats av internasjonal kvalitet som fremjar ein innovativ og berekraftig landbruks- og matsektor med tillit i samfunnet. Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om 382,2 mill. kroner til landbruks- og matforskinga i 2009. Det er overført 19,7 mill. kroner til Fiskeri- og kystdepartementet. Korrigert for denne overføringa er auken om lag 11 pst. i forhold til budsjettet for 2008. Ein viser til nærmare omtale under kap. 1137 Forsking og innovasjon.

Klimaforliket mellom regjeringa og Stortinget legg opp til auka satsing på forsking og utvikling innanfor fornybare energikjelder og karbonfangst- og lagring. Innanfor denne satsinga vil Landbruks- og matdepartementet styrkje forskinga på bioenergi, biovarme, biogass og biodrivstoff. Forsking på utvikling av lønnsame driftssystem og infrastrukturtiltak, samtidig som ein sikrar eit berekraftig biomasseuttak, er høgt prioritert. Landbruks- og matdepartementet styrkjer programmet Natur og Næring i Forskingsrådet med 20 mill. kroner for å nå målsetningane. Landbruks- og matdepartementet vil vidare styrkje forsking knytt til kunnskapsutfordringar i industri- og forbrukardelen av bioenergikjeda ved å auke løyvinga til programmet RENERGI med 10 mill. kroner. Innanfor denne løyvinga skal forsking knytt til andregenerasjons biodrivstoff prioriterast. Departementet prioriterer òg forsking knytt til utfordringar ved sporing av mat i matvarekjedene. Desse og andre prioriterte område er nærmare omtale under kap. 1137 Forsking og innovasjon.

Innst. S. nr. 176 (2007-2008) frå Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om framtidig lokalisering og organisering av Noregs veterinærhøgskule vedtek òg flytting av Veterinærinstituttet til Ås med ein felles lokalisering med det nye universitetet på Ås. For Landbruks- og matdepartementet er etableringa av det nye universitetet viktig for å sikre god rekruttering til forsking, næringar og forvaltning innanfor landbruk, næringsmiddelindustri og skogindustri. I samband med store framtidige investeringar i infrastruktur i forskingssektoren må ein sikre at ein samla får mest mogleg funksjonelle lokalitetar som samtidig legg til rette for å utnytte faglege synergiar og økonomisk optimale løysingar med dei forskingsinstitutta som allereie er på Ås; Bioforsk, Norsk institutt for skog og landskap og Nofima. Landbruks- og matdepartementet set av 3 mill. kroner til dette arbeidet i 2009. Det er vidare sett av 5 mill. kroner over Fornyings- og administrasjonsdepartementet sitt budsjett og 3 mill. kroner over Kunnskapsdepartementet sitt budsjett.

Landbruks- og matdepartementet legg våren 2009 fram ei stortingsmelding om landbruks- og matpolitikken og klimautfordringane. Forskingsinnsatsen for 2009 vil rettast mot kunnskapsbehov som gjer seg gjeldande i arbeidet og oppfølginga av meldinga.

Ein målretta innovasjonspolitikk er viktig for utviklinga av landbruket og matvareproduksjonen. Departementet vil medverke til eit tett og godt samarbeid mellom næringslivet i landbruket og forskingsmiljøa samt å leggje til rette for kommersialisering av forskingsresultat i sektoren. Dette vil gi sektoren auka berekraft, konkurranseevne og medverke til utvikling av nye marknader, produkt og tenester.

Departementet vil vidare medverke til å auke det internasjonale forskingssamarbeidet i sektoren i Norden, Europa og med Nord-Amerika. Mange forskingsemne er relevant for større regionar og kan gjerast betre og meir effektivt i samarbeid med andre land enn på eit nasjonalt nivå. Internasjonalt forskingssamarbeid bidreg til betra forskingskvalitet og nytenking ved at dei beste på sitt felt samlast i internasjonale forskingsmiljø.

Det blir innført eit nytt basisfinansieringssystem for instituttsektoren i 2009.

Regjeringa ønskjer med dette å leggje til rette for at forskinga ved institutta har god kvalitet, at institutta styrkjer den anvendte rolla og den internasjonale verksemda og at institutta samarbeider med norske universitet og høgskolar. Landbruks- og matdepartementet si basisløyving til forskingsinstitutta på primærnæringsarenaen er foreslått auka med 1,5 mill. kroner. Saman med ein tilsvarande auke av Fiskeri- og kystdepartementet si basisløyving aukar løyvinga til primærnæringsarenaen med 3 mill. kroner i 2009.

1.5 Oppmodingsvedtak

Vedtak nr. 217, Møte 11.12.2007

«Stortinget ber Regjeringen om å øke støtten til Dyrevernalliansen med kr 100 000.»

Landbruks- og matdepartementet har løyvd 200 000 kroner i støtte Dyrevernalliansen i 2008.

Utgifter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

Pst. endr. 08/09

Landbruks- og matforvaltning m.m.:

1100

Landbruks- og matdepartementet:

131 236

122 822

130 187

6,0

Sum kategori 15.00131 236122 822130 1876,0

Matpolitikk

1112

Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet:

141 308

155 897

160 227

2,8

1115

Mattilsynet:

1 207 115

1 086 120

1 174 102

8,1

Sum kategori 15.101 348 4231 242 0171 334 3297,4

Forsking og innovasjon

1137

Forsking og innovasjon:

367 623

361 111

382 180

5,8

Sum kategori 15.20367 623361 111382 1805,8

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

1138

Støtte til organisasjonar m.m.:

22 702

27 290

26 591

-2,6

1139

Genressursar, miljø- og ressursregistreringar:

29 385

32 855

34 410

4,7

1141

Kunnskapsutvikling m.m. innan miljø- og næringstiltak i landbruket:

102 193

105 587

110 574

4,7

1143

Statens landbruksforvaltning:

221 821

322 586

340 615

5,6

1144

Ressursforvaltning og miljøtiltak i landbruket:

6 138

6 097

6 097

0,0

1147

Reindriftsforvaltninga:

55 282

59 100

60 795

2,9

1148

Naturskade - erstatningar og sikring:

90 732

89 038

97 000

8,9

1149

Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket:

14 015

41 945

53 256

27,0

1150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.:

11 407 223

11 956 856

12 416 056

3,8

1151

Til gjennomføring av reindriftsavtalen:

98 941

97 000

97 000

0,0

1161

Statskog SF - forvaltningsdrift:

22 126

22 726

23 226

2,2

Sum kategori 15.30

12 070 558

12 761 080

13 265 620

4,0

Sum utgifter

13 917 840

14 487 030

15 112 316

4,3

Inntekter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2007

Saldert budsjett 2008

Forslag 2009

Pst. endr. 08/09

Landbruks- og matforvaltning m.m.:

4100

Landbruks- og matdepartementet:

5 366

16 030

501

-96,9

Sum kategori 15.005 36616 030501-96,9

Matpolitikk

4112

Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet:

18 394

18 278

18 127

-0,8

4115

Mattilsynet:

172 171

125 697

136 042

8,2

Sum kategori 15.10190 565143 975154 1697,1

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

4138

Støtte til organisasjonar m.m:

2 300

2 401

4,4

4143

Statens landbruksforvaltning:

38 453

32 644

33 480

2,6

4147

Reindriftsforvaltninga:

1 157

33

34

3,0

4150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.:

130 069

96 000

79 200

-17,5

5576

Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet

749 896

718 838

764 552

6,4

Sum kategori 15.30919 575849 815879 6673,5

Forretningsdrift

5651

Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet:

1 622

950

950

0,0

5652

Innskottskapital i Statskog SF:

5 200

5 000

5 000

0,0

Sum kategori 15.40

6 822

5 950

5 950

0,0

Sum inntekter

1 122 328

1 015 770

1 040 287

2,4

1.6 Oversikt over bruk av stikkordet «kan overførast»

Under Landbruks- og matdepartementet blir stikkordet foreslått knytt til desse postane utanom postgruppe 30-49

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2008

Forslag 2009

1138

70

Støtte til organisasjonar

38

19 447

1138

71

Internasjonalt skogpolitisk samarbeid - organisasjonar og prosessar

1 463

7 144

1139

70

Tilskott til miljø- og ressurstiltak

2 853

15 170

1139

71

Tilskott til genressursforvaltning

2 584

19 240

1143

70

Tilskott til beredskap i kornsektoren

365

350

1143

71

Tilskott til små slakteri

265

1143

74

Tilskott til prosjekt innan planteforedling og oppformering

3 657

14 628

1144

77

Miljøretta prosjektarbeid m.m.

119

6 097

1147

71

Omstillingstiltak i Indre Finnmark

7 262

10 304

1147

82

Radioaktivitetstiltak

3 000

1148

70

Tilskott til sikringstiltak m.m.

35 059

1149

71

Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket

60 385

49 985

1150

70

Marknadsregulering

220 600

1150

74

Direkte tilskott

7 234 919

1150

77

Utviklingstiltak

202 430

1150

78

Velferdsordningar

1 693 954

1151

75

Kostnadssenkande og direkte tilskott

53 100

Løyvingar blir i stor grad tildelt prosjekt som ikkje blir avslutta ved årsskiftet. Det kan dermed komme utbetalingar i påfølgjande år.

Når det gjeld løyvingane under kap. 1150 og 1151 inngår desse i den samla ramma som blir fastsett i næringsavtalane mellom staten og næringsorganisasjonane. Ein mindre del av desse løyvingane kjem normalt ikkje til utbetaling i budsjettåret, utan at dette bryt med kravet om realistisk budsjettering innanfor budsjettåret. Dette skuldast dels at ein på førehand ikkje kan berekne med full visse når tilskotta kjem til utbetaling, og dels at departementet fastset satsane slik at risiko for overskriding av budsjettet blir redusert. Fordi midlane utgjer ein del av den samla ramma for næringsavtalane, finn departementet det mest rett å føre desse over til avtaleforhandlingane i neste år. Stortinget blir såleis i proposisjonane om jordbruksoppgjeret/reindriftsavtalen orientert om storleiken på midlane som er ubrukte i budsjettåret som var og korleis partane ønskjer å nytte desse i den nye avtaleperioden.