St.prp nr. 1 Tillegg nr. 1 (1996-97)

FOR BUDSJETTERMINEN 1997 Om endring av forslag til løyving under kap 2410 Statens lånekasse for utdanning

Til innholdsfortegnelse

0

Kap 2410 Statens lånekasse for utdanning, post 70 Utdanningsstipend, omlagløyving

Kunstfagstipendet omfattar mellom anna studentar ved følgjande tidlegare institusjonar som no er gått inn i dei to nye samorganiserte kunsthøgskolane i Oslo og Bergen: Statens kunstakademi, Vestlandets kunstakademi, Kunsthandverkshøgskolane i Oslo og Bergen (SHKS og SHKD) og Statens balletthøgskole. Ordninga omfattar vidare tidlegare Kunstakademiet i Trondheim, som no er ein del av Noregs teknisk-naturvitskapelege universitet. Ballettutdanninga ved Høgskolen i Bodø (tidlegare Nord-Norsk Balletthøgskole), Den Norske Balletthøgskole og studentar som på heiltid tek musikk- eller songundervisning. Kunstfagstipendet kan òg tildelast studentar som tek utdanning i utlandet som svarar til fagområda ovanfor, og til utdanning i filmregi, scenografi og filmfoto på universitets- eller høgskolenivå. Ordninga omfattar ikkje musikk- eller songlærarutdanning. For studentar ved tidlegare Statens teaterhøgskole blir kunstfagstipendet rekna ut etter eigne parametre.

I St prp nr 1 (1996-97) er det under kap 2410 Statens lånekasse for utdanning, post 70 Utdanningsstipend, foreslått å redusere stipenddelen for dei studentane som kjem inn under kunstfagstipendordninga, frå om lag 66,6 pst til om lag 35,5 pst frå og med andre halvår av undervisningsåret 1996/97. Vidare vart det foreslått at stipenddelen for studentar ved tidlegare Statens teaterhøgskole skulle reduserast frå om lag 46,7 pst til 26 pst frå nemnde tidspunkt.

Da Statens lånekasse for utdanning i medhald av gjeldande forskrifter har gitt tilsegn om støtte etter satsane som gjeld frå hausten 1996 for heile undervisningsåret 1996/97, let ikkje den foreslåtte reduksjonen av stipenddelen for studentar som kjem inn under kunstfagstipendordninga, seg gjennomføre før frå hausten 1997. Departementet foreslår derfor at stipenddelen for studentar som er omfatta av kunstfagstipendordninga, blir redusert frå om lag 66,6 pst til om lag 35,5 pst først frå og med undervisningsåret 1997/98. For studentar ved tidlegare Statens teaterhøgskole blir det foreslått å redusere stipenddelen frå om lag 46,7 pst til 26 pst frå nemnde tidspunkt. Endringa fører til eit meirbehov på om lag 10 mill kroner i høve til forslaget i St prp nr 1 (1996-97). Departementet foreslår derfor at løyvinga under kap 2410 Statens lånekasse for utdanning, post 70 Utdanningsstipend, blir auka med 10 mill kroner på statsbudsjettet for 1997.

Til forsiden