St.prp nr. 1 Tillegg nr. 11 (1998-99)

FOR BUDSJETTERMINEN 1999 Om budsjettet for lostenesta og a-trygd for fiskarar

Til innhaldsliste

1 Oppjustering av budsjettet for lostenesta

I St prp nr 5 (1998-99) Forslag om tilleggsbevilgning på kap 1066 Lostjenesten og inndekning av inntektsbortfall på kap 4067 Trafikksentraler i statsbudsjettet for 1998, er det gjort greie for at prognosar inneverende år tilseier ei netto overskriding på 27,5 mill kroner på utgiftssida på budsjettet for lostenesta i 1998. I proposisjonen er det lagt opp til at kostnadsoverskridinga i 1998 blir dekka inn over tre år, 1999-2001, gjennom ein auke på losgebyra på 14 pst frå 1. januar 1999.

Overskridingane og planen for inndekking får konsekvensar for budsjettet for lostenesta for 1999. Ein gebyrauke for å dekkje inn underskotet i 1998 vil isolert sett få konsekvensar for inntektssida i 1999. I tillegg må ein ta omsyn til at delar av underdekninga i 1998 er eit resultat av endringar i losbruken, jamfør omtale i St prp nr 5 (1998-99). Både utgiftssida og inntektssida må derfor justerast opp i budsjettet for 1999. Behovet for oppjustering i forhold til budsjettforslaget i St prp nr 1 (1998-99) er berekna til 24 mill kroner på utgiftssida, kap 1066 Lostenesta, post 01 Driftsutgifter, og 33 mill kroner på inntektssida, kap 4066 Lostenesta, post 01 Losgebyr. Inntektssida blir då justert opp med 9 mill kroner meir enn utgiftssida. Framlegget til oppjustering er basert på anslag pr i dag, og det vil uansett knyte seg uvisse til tala både på utgifts- og inntektssida.

Til forsida