St.prp nr. 1 Tillegg nr. 12 (1999-2000)

FOR BUDSJETTERMINEN 2000 Om støttetiltak for fiskerinæringa for 2000 og endring av kapitla 4020 Havforskingsinstituttet, 4021 Drift av forskingsfartøya og 2309 Tilfeldige utgifter

Til innhaldsliste

1 Samandrag

Støtteramma for fiskerinæringa for 1999 vart fastsett ved vedtak i Stortinget 8. desember 1998, jf. St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 13 (1998-99) og Budsjettinnst. S nr. 8 (1998-99). Avtaleramma var på 105 mill. kroner.

Norges Fiskarlag ba i brev av 29. oktober 1999 om forhandlingar om ein fiskeriavtale for 2000. Kravet frå Fiskarlaget var 290 mill. kroner. Etter forhandlingar kom partane til semje den 4. november 1999 om ei ramme på 110 mill. kroner som Regjeringa med dette legg fram for Stortinget.

I denne proposisjonen vert det også gjort framlegg om ei oppjustering av postane for oppdragsinntekter under Havforskingsinstituttet, kapitla 4020 Havforskingsinstituttet og 4021 Drift av forskingsfartøya.

Vidare vert det gjort framlegg om ei endring av løyvinga under kap. 2309 Tilfeldige utgifter som følgje av dei tilleggsnummera til St.prp. nr. 1 (1999-2000) som er lagde fram av Regjeringa.