St.prp nr. 1 Tillegg nr. 3 (2001-2002)

FOR BUDSJETTERMINEN 2002 Om støttetiltak for fiskerinæringa for 2002

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Støtteramma for fiskerinæringa for 2001 vart fastsett ved vedtak i Stortinget 6. desember 2000, jf. St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 9 (2000-2001) og Budsjett-innst. S. nr. 8 (2000-2001). Avtaleramma var på 120 mill. kroner.

Norges Fiskarlag ba i brev av 31. oktober 2001 om forhandlingar om ei fiskeriavtale for 2002. Kravet frå Fiskarlaget var 240 mill. kroner. Etter forhandlingar kom partane til semje den 7. november 2001 om ei ramme på 90 mill. kroner, som Regjeringa med dette legg fram for Stortinget.