St.prp nr. 1 Tillegg nr. 4 (2004-2005)

FOR BUDSJETTERMINEN 2005 Om Nasjonalmuseet for kunst

Til innhaldsliste

1 Kap. 322 Biletkunst, kunsthandverk og offentleg rom

1.1 Integrering av Riksutstillingar i Nasjonalmuseet for kunst

1.1.1 Bakgrunn

Då Riksutstillingar vart reetablert i 1996, var målet for verksemda formulert slik i St.prp. nr 1 (1995-1996):

«Gjennom si verksemd skal Riksutstillingar skape interesse og forståing for biletkunst, kunsthandverk, fotografi og andre former for visuelle kunstnarlege uttrykk. Riksutstillingar skal arbeide både med fortid og nåtid, og få eit særleg ansvar for at kunstformidlinga i Noreg er landsdekkjande. Omgrepet «landsdekkjande» inneheld både ein geografisk, ein samfunnsmessig og ein kulturell dimensjon. For å oppnå dette er det nødvendig å utvikle og å utprøve nye formidlingstiltak. Samarbeid med ei rekkje institusjonar over heile landet og eigenproduserte tiltak vil vere Riksutstillingar si plattform for å oppnå institusjonens mål.»

I Abm-meldinga, jf. St.meld. nr. 22 (1999-2000), var grunngjevinga for å integrera Riksutstillingar i eit nytt nasjonalmuseum for kunst tufta på eit ynske om å styrkja formidlingsprofilen i den nye institusjonen generelt og samhandlingsplattforma med dei regionale formidlingsmiljøa spesielt. Interimsstyret som hadde ansvar for prosessen fram mot etablering av Nasjonalmuseet for kunst, bad i si sluttinnstiling om at ein venta med å integrera Riksutstillingar til museet hadde kome lengre med samorganiseringa av dei fire museumsinstitusjonane. Departementet tok omsyn til dette, jf. St.prp. 1 Tillegg nr. 4 (2002-2003) og St.prp. nr. 1 (2003-2004).

I mai 2004 var ei avgrensa evaluering av Riksutstillingar ferdig. Riksutstillingar har hatt rapporten til høyring, og departementet har arrangert eit høyringsseminar, der mange aktørar var inviterte til å presentera synspunkta sine.

1.1.2 Hovudpunkt i evalueringsrapporten

Rapporten er avgrensa til samhandlinga mellom Riksutstillingar og samarbeidspartnarar. I det perspektivet vert aktiviteten i all hovudsak vurdert positivt. Skuleaktiviteten vert framheva spesielt. Det vert vidare gjeve ros til mangfaldet i Riksutstillingars aktivitetar, det same gjeld bruk av eksterne kuratorar/utstillingsprodusentar, ofte kunstnarar og lokale kunstformidlarar. Også bruk av utanlandsk kunst får positiv omtale.

På den andre sida vert det stilt spørsmål ved at Riksutstillingar har endra mandatet frå å gjelda både samtidskunst og historisk kunst til i all hovudsak å vera innretta mot samtidskunst. Vidare vert det også peikt på at biletkunst dominerer klårt, med lite innslag av kunsthandverk, design og arkitektur, trass i at mandatet gjeld heile feltet. Endeleg vert det vist til at Riksutstillingar kan verta betre i samspel og dialog med regionale partnarar.

1.1.3 Departementets vurdering og forslag

Departementet merkar seg dei positive vurderingane av Riksutstillingars aktivitet innanfor samtidskunsten. Dette er element som skal vidareutviklast. Departementet vil vidare understreka behovet for betre samordning av kunstformidlingsaktiviteten, slik det er uttrykt i St.meld. nr. 48 (2002-2003) Kulturpolitikk fram mot 2014. Det er på tide å få dei mange aktørane - Riksutstillingar, Nasjonalmuseet, knutepunktinstitusjonane, fylkeskommunane, andre kunstmuseum og kunstforeiningane - i endå sterkare grad å samarbeida som eitt nettverk, tufta på likeverd i samhandlingsmønsteret. Utviklinga av tiltak innanfor ramma av den kulturelle skulesekken gjer det spesielt viktig å styrkja det operative arbeidet hjå dei regionale aktørane. Departementet vil i åra 2006-2008 styrkja dei aktuelle institusjonane for å få dette til. Dette skal skje innanfor den budsjettramma som til kvar tid gjeld for Kultur- og kyrkjedepartementet. Den statlege styrkinga skal sjølvsagt skje i medhald av dei samarbeidsavtalene som gjeld for dei aktuelle institusjonane. Detaljane kjem departementet attende til i dei årlege budsjettproposisjonane.

Som lekk i ei samla styrking av formidlingsarbeidet innanfor visuell kunst vil departementet i løpet av 2005 integrera verksemda i Riksutstillingar i Nasjonalmuseet for kunst. Det er naturleg at den statlege samordningsinnsatsen blir utført innanfor ein og same institusjon, som samstundes dekkjer heile feltet, både med samlingar, kunnskap og formidlingsaktivitet. Den noverande aktiviteten i Riksutstillingar skal forma utgangspunkt og plattform for å vidareutvikla eit landsdekkjande formidlingsengasjement i nært samarbeid med regionale aktørar. Eit viktig poeng er at grenseflata mot samtidskunsten ikkje skal reduserast, men det skal organisatorisk leggjast til rette for at formidlingstiltak innanfor det visuelle kunstfeltet skal kunna stå fritt i høve til meir eller mindre kunstige periode- og sjangergrenser. Samanhengar mellom tidsperiodar og uttrykksformer skal vera like naturleg som meir avgrensa og spesifikke tilnærmingar.

Å produsera og administrera formidlingstiltak innanfor det visuelle kunstfeltet er primært ei kreativ verksemd som krev stor grad av fleksibilitet og høveleg fagleg og organisatorisk fridom. I dag er verksemda til Riksutstillingar integrert i det statlege forvaltningsapparatet. Innanfor Nasjonalmuseet for kunst, som er ei stifting, vil formidlingsverksemda ha større formell fridom samstundes som verksemda vil stå i ein vidare fagleg samanheng. Det statlege, kulturpolitisk forankra ansvaret for finansiering av verksemda vil ikkje endra seg.

I samband med behandlinga av St.meld. nr. 48 (2002-2003) Kulturpolitikk fram mot 2014, jf. Innst. S. nr. 155 (2003-2004), uttalar familie-, kultur- og administrasjonskomitéen følgjande:

«Hensett til den sentrale rolle det nye Nasjonalmuseet er tenkt å spille for den nasjonale formidlingen av billedkunst, mener flertallet at mye taler for at også Riksutstillingene bør inngå i institusjonen. Flertallet understreker betydningen av at Nasjonalmuseet fra første stund planlegger sin virksomhet på en måte som vil virkeliggjøre tanken om at denne institusjonen virkelig blir en drivkraft i formidlingen av billedkunst, kunsthåndverk, arkitektur og design landet over.»

For å sikra at kompetansen og kunnskapen i Riksutstillingar skal kunna styrkja den fornya satsinga på kunstformidlingsarbeidet i regi av Nasjonalmuseet for kunst, vil departementet overføra aktiviteten i Riksutstillingar som ei verksemdsoverdraging. Det inneber at arbeidsoppgåver og ressursar vert overførde til Nasjonalmuseet frå ein dato som departementet fastset. Vidare vil alle tilsette få tilbod om arbeid i Nasjonalmuseet frå overtakingsdato. I viss monn vil 2005 vera eit overgangsår for verksemda i Riksutstillingar, og departementet vil sjå til at avtaler og prosjekt som Riksutstillingar har sett i gang, vert gjennomførte i samsvar med intensjonane.

Innan 1. juli 2005 skal Nasjonalmuseet for kunst i samarbeid med representantar for dei regionale formidlingsaktørane utarbeida ein handlingsplan for landsdekkjande formidling av biletkunst, kunsthandverk, design og arkitektur. Departementet vil gjera greie for denne handlingsplanen i budsjettforslaget for 2006.

1.1.4 Budsjettkonsekvensar

Departementet foreslår at løyvingane i 2005 til Riksutstillingar vert overførde frå kap. 322, postane 01 og 45 til kap. 322, post 73 Nasjonalmuseet for kunst. Løyvinga til Riksutstillingar under kap. 332, post 01 har hatt eit inntektskrav under kap. 3322, post 01. Sidan overgangen til stifting òg vil innebera overgang til nettobudsjettering, må tilskotet for 2005 nedjusterast tilsvarande dette inntektskravet. Etter dette vert forslaget til løyving for 2005 under kap. 322, post 01 redusert med 22,2 mill. kroner og under post 45 med 1,6 mill kroner. Forslaget til løyving under kap. 322, post 73 aukar med 23,6 mill kroner.

For Riksutstillingar vil ein del praktiske spørsmål i samband med overgang frå forvaltningsorgan til stifting tilseia at det vil vera behov for ein viss overgangsperiode i 2005. For å sikra ein god overgang frå forvaltningsorgan til stifting foreslår departementet at post 73 får stikkordsfullmakta «kan nyttast under postane 01 og 45», slik at dei delane av løyvinga under posten som er øyremerkte Riksutstillingar, kan utgiftsførast under noverande postar for løns- og driftsutgifter til arbeidsoppgåvene i Riksutstillingar er fullt integrerte i Nasjonalmuseet for kunst.

1.2 Orientering om utbyggingsprosjekt for Nasjonalmuseet for kunst

Allereie i St.meld. nr. 22 (1999-2000) vart det konstatert at dei institusjonane som inngår i Nasjonalmuseet for kunst, har problematiske bygningstilhøve. I St.prp. nr 1 (2003-2004) er bygningstilhøva omtalt slik:

«De museumsenheter som inngår i Nasjonalmuseet for kunst, har betydelige uløste bygningsbehov, spesielt knyttet til fullgod oppbevaring av samlingene og til formålstjenlige utstillingslokaler. Dette er problemer som vil kreve omfattende innsats i årene framover, og som må løses på grunnlag av grundig planlegging og prosjektering.»

Dei utilfredsstillande tilhøva på oppbevaringsområdet vart tekne opp i Riksrevisjonens Dokument 3:9 (2002-2003) Riksrevisjonens undersøkelse av bevaringen og sikringen av samlingene ved fem statlige museer, der Nasjonalgalleriet var eitt av musea.

Riksrevisjonens konklusjonar om problema i Nasjonalgalleriet gjeld i stor monn også dei andre samlingane som inngår i Nasjonalmuseet for kunst. Spesielt har Kunstindustrimuseet problem på magasinområdet som til dels er endå meir prekære enn det som gjeld for Nasjonalgalleriet.

Med utgangspunkt i eit arbeid som Nasjonalmuseet for kunst starta straks etter at institusjonen vart etablert i 2003, har ei arbeidsgruppa frå museet og departementet vurdert arealbehovet for museet. I ein rapport foreslår arbeidsgruppa ei løysing som er samansett av fire element:

  • bruk av noverande Nasjonalgalleriet og Historisk museum i oppgradert stand. Det blir vidare foreslått å ta ut Frederiks gate 3 og bygningane til Kunstakademiet frå utbyggingsprosjektet

  • bruk av Kristian Augusts gate 23 som administrasjonsbygning

  • nybygg i Tullinløkka-området, med hovudvekt på utstillings- og publikumsfunksjonar

  • ombygging og bruk av ein tidlegare industrihall, den såkalla Kværnerhallen, til magasin- og konserveringsfunksjonar. Det vil leggja mindre utbyggingspress på Tullinløkka-området og samstundes kunna gje fullgod løysing på magasinproblema.

Arbeidsgruppa understrekar at bygningane i Tullinløkka-området i størst mogeleg grad skal kunna fungera saman som eitt bygningskompleks.

Departementet vil med utgangspunkt i den framlagde rapporten setja i verk nødvendige prosessar, både internt og eksternt, for å kvalitetssikra vurderingane i rapporten. Dette inkluderer også ei vurdering av andre mogelege alternativ som er i samsvar med dei føresetnadene som tidlegare er skisserte overfor Stortinget. Deretter tek departementet sikte på å gjennomføra konsekvensutgreiing, plan- og designkonkurranse og forprosjekt, for slik å kunna presentera for Stortinget eit nødvendig vedtaksgrunnlag for utbyggingsprosjektet for Nasjonalmuseet for kunst.

Når det gjeld spørsmålet om nybygg, vil departementet peika på at det to gonger tidlegare har vore halde arkitektkonkurransar om museumsbygg på sjølve Tullinløkka. Siste gong var i 1995-1996, då meininga var å reisa eit bygg som skulle delast av Nasjonalgalleriet og Oldsaksamlinga ved Universitetet i Oslo. Etter arkitektkonkurransen vart det fastsett at det skulle lagast konsekvensutgreiing i samsvar med plan- og bygningslova. Konsekvensutgreiingsprogram vart utarbeidd, men ikkje gjennomført.

Eit sentralt punkt i dei innvendingane som vart reiste mot utbyggingsplanane frå 1995-1996, var at bygningskroppen på sjølve Tullinløkka vart for stor. Oslo kommune varsla at dei ville redusera bygningsarealet over jorda monaleg. Meir konkret har det kome ynske om å behalda Tullinløkka i størst mogeleg monn som open plass/parkareal. Då St.meld. nr. 22 (1999-2000) vart behandla i Stortinget, jf.Innst. S. nr. 46 (2000-2001), formulerte eit fleirtal i komiteen seg slik:

«Komiteen vil videre understreke at en utbygging av Tullinløkka også må sikre at «løkka» fortsatt kan framstå som et åpent byrom.»

Departementet har merkt seg desse synspunkta for det vidare arbeidet.