St.prp nr. 1 Tillegg nr. 5 (1996-97)

FOR BUDSJETTERMINEN 1997 Løyvingar ved integrering av Statens Fiskarbank i Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, andre endringer under Fiskeridepartementet og ny rammeavtale med Redningsselskapet

Til innholdsfortegnelse

1 LØYVINGAR VED INTEGRERING AV STATENS FISKARBANK I STATENS NÆRINGS- OG DISTRIKTSUTVIKLINGSFOND

1.1 Bakgrunn

I samband med Revidert nasjonalbudsjett 1996 gjekk Regjeringa inn for at Statens Fiskarbank skal integrerast i Statens nærings- og distriktsutviklingsfond frå og med 1. januar 1997. I Ot prp nr 1 Om lov om oppheving av lov av 28. april 1972 nr 22 om Statens Fiskarbank (Integrering av Statens Fiskarbank i Statens nærings- og distriktsutviklingsfond) har Regjeringa gjort nærmare greie for korleis integrasjonen skal skje. Dei budsjettmessige konsekvensane går fram av denne stortingsproposisjonen.

Ei av hovudmålsettingane med forslaget er å effektivisere administreringa av den statlege virkemiddelbruken til beste for brukarane og andre. Normalt vil det ved fusjonar av det slaget ein legg opp til mellom Statens Fiskarbank og Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) vere mogleg over tid å realisere ein del økonomiske vinstar, m.a. som følgje av stordriftsfordelar, overgang til felles administrative system m.m. Det vil likevel oppstå ein del direkte fusjonsrelaterte kostnader på kort sikt som det må takast omsyn til.

Ein går inn for at SND tar over Fiskarbanken sine eksisterande utlån på i storleiksorden 1,6 mrd. kroner. Administrasjonskostnadene knytta til handsaminga av grunnfinansieringsordninga vil bli dekka av rentemarginen på grunnfinansieringsordninga. Det er likevel naudsynt å løyve midlar til dekking av renter på stønadslåna, fordi desse skal vere rentefrie. Det er også naudsynt å løyve midlar til dekking av kortsiktige tap.

1.2 Overdraging av Statens Fiskarbank sine eigendelar til SND

Når det gjeld overdraging av Statens Fiskarbank sine eigendelar til SND, rår Regjeringa til at SND ved innlemminga av Fiskarbanken overtek eksisterande utlån. Ein legg derfor opp til at Fiskarbanken overfører alle sine eigendelar til staten slik at alle innlåna til Fiskarbanken og fondskapitalen blir sett til null. Dette inneber at dagens innlånssystem i Fiskarbanken med ein serie av 5-årige fastrentelån også blir avvikla. Staten vil i sin tur overføre utlåna til SND, som finansierer lånemassen ved opptak av lån innanfor sitt eige innlånssystem. Netto vil desse transaksjonane framstå som ei samtidig overføring av Fiskarbanken sin utlånsmasse og gjeld overfor staten til SND. Brutto vil det komme fram som avdrag frå Fiskarbanken til staten og utlån frå staten til SND på i storleiksesorden 1,6 mrd kroner. Dette blei innarbeid i dei føreslåtte løyvingane på kap. 2430 Lån til statsbankene og kap. 5340 Avdrag fra statsbankene i St prp nr 1 (1996-97) (Gul bok), men storleiken på løyvingane blei sett noko før høgt. I denne proposisjonen gjer ein framlegg om justering av desse løyvingane.

1.2.1 Handsaming og finansiering av dei overførte utlåna

Utlåna i Statens Fiskarbank omfatta ved utgangen av 1995 av føljande låneordningar:

(1000 kroner)
1. prioritetslån og byggelån1 384 249
2. prioritetslån, ny ordning149 740
2. prioritetslån, gammal ordning2 166
Lån til serviceforetak4 337
Stønadslån, ny ordning84 652
Stønadslån, gammal ordning634
Likviditetslån19 363
Sum utlån1 645 181

- Eksisterande 1. og 2. prioritets lån, byggjelån, lån til serviceforetak

Når det gjeld eksisterande 1. prioritets lån og byggjelån, 2. prioritetslån og lån til serviceføretak, vil dei bli konvertert til grunnfinansieringslån, og SND kan fastsetje utlånsrente for kvart enkelt lån etter individuelle vurderingar.

- Stønadslån, gammal ordning

Når det gjeld stønadslån, gammal ordning, er desse finansiert ved eit fond som er skote inn frå Fiskeridepartementet gjennom Fiskeridirektoratet. Fondet står ikkje oppført i staten sitt kapitalrekneskap. Overføring av dette til SND vil derfor skje utanfor statsbudsjettet.

- Stønadslån, ny ordning

Når det gjeld stønadslån, ny ordning, er desse finansiert ved innlån frå staten innanfor det ordinære innlånssystemet i Fiskarbanken. Stønadslåna er rentefrie for kundane. Utlåna må derfor vidareførast på særvilkår etter overføring til SND. Det blir lagt til grunn at SND finansierer overtakelsen av desse utlåna ved opptak av lån frå staten på lik line med 1. og 2. prioritetslån. Stønadslåneordninga blei avvikla i 1986 og ein reknar med at alle lån vil bli tilbakebetalt i år 2001.

- Likviditetslån

Likviditetslåna har ei eiga finansieringsordning. Alle renteinntekter vil bli betalt inn på kap 5605 (Renter av statskassa si kontantbeholdning og andre fordringer i statsregnskapet) som renter på alminnelege fordringar. Ut over dette betaler ikkje Fiskarbanken renter på desse innlåna. Tap på likviditetslån blir avskrivne mot innlånskapitalen. SND kan overta både utlån og innlån under denne ordninga. Metoden for rentebetaling og tapsføring vil bli ført vidare.

1.3 Administrasjonskostnader

I Statens Fiskarbank sitt rekneskap for 1995 ligg administrasjonskostnadene knytt til banken si drift på 17,9 mill. kroner. Administrasjonskostnadene knytt til handsaminga av grunnfinansieringsordninga vil bli dekt av rentemarginen på grunnfinansieringsordninga. Administrasjonskostnadene knytt til ikkje sjølfinansierende ordningar/verksamheit vil bli dekka av ein tillegsbevilgning til SND sitt administrasjonstilskott.

Ved integrering av Statens Fiskarbank i SND vil dagens ordningar over kap. 2414 Statens Fiskarbank post 70 Tilskott til fiskebåtkontrakter og kap. 1050 Diverse fiskeriformål post 78 Utviklingstiltak i Fiskerinæringa i Finnmark, bli administrert av SND. Dette vil krevje relativt store ressursar. I tillegg vil det gå ressursar til administrering av dei eksisterande likviditetslåneordningane og stønadslåneordninga. Statens Fiskarbank har også hatt ein viktig funksjon som rådgjevar for Fiskeridepartementet og har m.a utført ulike typar analysar samt administrert særskilte ordningar for departementet. Dette er ein praksis som vil bli ført vidare innanfor SND-systemet ved at det blir etablert ei eiga eining ved SND sitt hovudkontor for å samordne fiskeri- og havbrukssaker. SND vil også utføre utgreiingar, lønsemdundersøkingar og bransjeanalysar for Fiskeridepartementet. Totalt kostar desse funksjonane, som kjem i tillegg til grunnfinansieringsordninga, omlag 5 mill.

For 1997 vil SND i tillegg få ekstraordinære fusjonskostnader som beløper seg til 3,5 mill. kroner. Dette har samanheng med at samanslåing av SND sine regionkontor og Fiskarbanken sine kontor i Bergen, Ålesund og Bodø vil føre til at SND blir påført ekstraordinære kostnader knytt til langsiktige leigekontraktar, investeringar i informasjonsteknologi og lønsjusteringar for dei tilsette i Statens Fiskarbank.

På bakgrunn av dette gjer Regjeringa framlegg om at det i 1997 blir løyvd 8,5 mill. kroner til SND til dekking av administrasjonskostnader. Løyvinga utgiftsførast på Nærings- og energidepartementet sitt budsjett under kap. 2420 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond post 70 Administrasjon.

1.4 Oppretting av eit nytt kapittel 2415 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, fiskeri- og regionalpolitiske tiltak

Ein føreslår at kap. 2414 Statens Fiskarbank som inneheld post 70 Tilskott fiskebåtkontraktar, og kap. 1050 Diverse fiskeriformål post 78 Utviklingstiltak i Finnmark, flyttast over til nytt kapittel 2415 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, fiskeri- og regionalpolitiske tiltak på Fiskeridepartementet sitt budsjett. Dei foreslåtte løyvingane på kap. 2414 og kap. 1050 post 78 i St prp nr 1 (1996-97) for Fiskeridepartementet blir derfor foreslått sett til 0. Kap. 2415 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, fiskeri- og regionalpolitiske tiltak vil m.a innehalde ordninga med tilskott til fiskebåtkontraktar og ordninga med tilskott til utviklingstiltak i Finnmark.

1.5 Rentedekking stønadslån

Når det gjeld stønadslån, ny ordning er desse rentefrie for kundane. SND skal likevel betale ordinær rentesats på innlån til denne ordninga. For å dekke den negative rentemarginen legg Regjeringa opp til at ein yter rentestøtte for stønadslåna, men storleiken på rentestøttebehovet vil være avhengig av korleis renteutviklinga blir framover. For 1997 har ein på usikkert grunnlag rekna ut at det vil vere snakk om eit behov for rentestøtte på omlag 4 mill. kroner, med ein gjennomsnittleg uteståande lånemasse på 65-70 mill. kroner.

Beløpet på 4 mill. kroner blir foreslått løyvd over Fiskeridepartementet sitt budsjett, på nytt kap. 2415 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, fiskeri- og andre regionalpolitiske tiltak post 73 Rentestøtte stønadslån.

1.6 Behov for tapsavsetting

Den positive utviklinga i fiskerinæringa har ført til ein reduksjon i tapa i Fiskarbanken si portefølje dei siste åra. Fiskarbanken har ført tapa etter kontantprinsippet medan SND følgjer Kreditttilsynet sine reglar for avsetting for fremtidige tap. I tråd med reglane til Kredittilsynet har det vore foretatt ein gjennomgang av portefølja til Statens Fiskarbank. Tapspotensialet er anslått til 34 mill. kroner på 1. og 2. prioritetslåna og 7 mill. kroner for stønadslåna. Ein foreslår derfor ei eingangsløyving til dekking av tap på 41 mill. kroner. I tapsanslaget er det tatt med både spesifiserte og uspesifiserte tap over ein 3 års periode. Løyvinga til dekking av tap skal gå over Fiskeridepartementet sitt budsjett, kap. 2415 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, fiskeri- og andre regionalpolitiske tiltak post 74 Dekning av tap. Eventuelle framtidige tap må dekkjast av SND gjennom rentemarginen på grunnfinansieringslåna.

1.7 Vågnadsfondet

Statens Fiskarbank har eit vågnadsfond som saman med grunnfondet utgjer eigenkapitalen i banken. Fiskarbanken har anslått at vågnadsfondet pr 31.12.96 blir omlag 37 mill. kroner. Regjeringa foreslår at Vågnadsfondet inntektsførast på Finans- og tolldepartementet sitt budsjett, kap 5342 Tilbakeføring av midler fra Statens Fiskarbank, post 01.

1.8 Renter

I samband med at overføringa av Statens Fiskarbank sine lån til SND blei innarbeidd i St. prp. nr 1 (1996-97) som nemnd ovanfor, blei staten sine renteinntekter frå Fiskarbanken i 1997 sett til null. Renteinntektene frå SND blei auka i tråd med auken i lån. Dette førte til at staten sine samla renteinntekter på kap. 5601 Renter fra statsbankene blei redusert med omlag 25 mill. kroner fordi SND sin innlånsrentesats i 1997 ser ut til å bli lågare enn det Fiskarbanken sin rentesats ville ha vore.

I denne proposisjonen gjer ein framlegg om at renter frå Fiskarbanken på 13,9 mill. kroner vert inntektsført i 1997. Dette er renter som blir opptente i 1996, men som blir betalt i budsjettåret 1997.

1.9 Grunnfinansieringsramme 1997

I St prp nr 1 (1996-97) Gul Bok legg Regjeringa opp til at ramma for SND si grunnfinansieringsordning i 1997 blir todelt. Det er lagt opp til ei ramme for netto utlånsvekst på 190 mill. kroner, som saman med ein venta avdragsinngang på 810 mill. kroner gir rom for brutto utbetalinger på 1 mrd. kroner. I tillegg er det føreslått ei innvilgningsramme på 400 mill. kroner for lån til fiskeflåten.

Regjeringa legg til grunn at SND si grunnfinansieringsordning også i framtida skal styrast etter ei ramme for netto utlånsvekst. Ein har derfor kome fram til at innvilgingsramma på 400 mill. kroner knytta opp til lån som tidligare blei gitt av Fiskarbanken, bør reknast om til ei ramme for netto utlånsvekst. Med bakgrunn i Fiskarbanken sitt anslag for avdragsinngang i 1997 på 245 mill. kroner, vil innvilgingsramma kunne bli erstatta med ei ramme for netto utlånsvekst på 155 mill. kroner.

På bakgrunn av dette føreslår Regjeringa at ein for 1997 legg til grunn ei samla ramme for nettoutlånsvekst for grunnfinansieringsordninga på 345 mill. kroner. Dette inkluderer ramma på 400 mill. kroner som er knytt opp til lån til fiskeflåten.