St.prp nr. 1 Tillegg nr. 5 (2004-2005)

FOR BUDSJETTERMINEN 2005 Kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen - Kirkenes. Avtale for perioden 2005-2012.

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

Noverande avtale om kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen - Kirkenes gjeld for perioden 2002-2004. Avtalen vart godkjent av EFTA Surveillance Authority (ESA) i desember 2001. Føresetnad for godkjenninga var at eit eventuelt framtidig kjøp av sjøtransporttenester skulle baserast på ein prosess som var open, etterprøvbar og ikkje-diskriminerande. Samstundes vart det stilt krav om at det skulle gjerast ein analyse av transportstandarden langs kysten.

Samferdselsdepartementet la hausten 2003 fram ei stortingsmelding om transportstandarden og framtidig kjøp av transporttenester på kyststrekninga frå Bergen til Kirkenes, jf. St. meld. nr. 16 (2003-2004). Meldinga bygde mellom anna på ein analyse av transportstandarden, jf. TØI-rapport 609/2002. Utgangspunktet i meldinga var at ein tilfredsstillande transportstandard i framtida er ein transportstandard om lag som i dag. Prinsipalt vart det i lys av det gjort framlegg om at det skulle kjøpast transporttenester på strekninga som i dag, og at ruta skulle konkurranseutsetjast. Meldinga tok likevel atterhald om at transportstandarden ikkje kunne vurderast uavhengig av kostnad, og at det ikkje burde vera aktuelt å betala meir enn i dag. På denne bakgrunn vart det subsidiært rådd til å lysa ut eit andre alternativ, med ei rute Bergen - Tromsø og ei rute Tromsø - Kirkenes, begge med 4 avgangar kvar veke og med ulike krav til kapasitet i dei to alternativa. Begge alternativa bygde på ein avtaleperiode på 8 år.

Ved handsaminga av St. meld. nr. 16 (2003-2004), jf. Innst. S. nr. 125 (2003-2004), gjorde fleirtalet i samferdselskomiteen (Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet) framlegg om at berre alternativet med ei samanhengjande rute skulle konkurranseutsetjast. Komiteen gjorde framlegg om å gjera vedtak i samsvar med det, og Stortinget slutta seg einstemmig til innstillinga. Eit anna fleirtal i komiteen (Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet) gav uttrykk for at det var uheldig å setja eit absolutt tak på kjøp av hurtigrutetenester. Etter dette fleirtalet si vurdering er det ein føresetnad at tilskottsnivået vert halde så lågt som råd er. Vidare heiter det at selskapa sjølve bør sørgja for å halda kostnadsnivået nede. Til sist i merknaden ber fleirtalet »Regjeringen på egnet måte å orientere Stortinget om anbudet før endelig kontrakt blir inngått».