St.prp nr. 1 Tillegg nr. 6 (2007-2008)

FOR BUDSJETTÅRET 2008 Om endring av St.prp. nr. 1 om statsbudsjettet 2008

Til innhaldsliste

1 Kap. 320 Allmenne kulturformål Kap. 323 Musikkformål

1.1 Forslag om omdisponering av tilskott

Departementet foreslår at Kammermusikkfestivalen i Stavanger (ICMF) blir ført over frå tilskottsordninga for musikkfestivalar under Norsk kulturfond under kap. 323, post 55 Norsk kulturfond til kap. 323, post 78 Ymse faste tiltak med eit tilskott på 1,2 mill. kroner. Som følgje av dette foreslår Kultur- og kyrkjedepartementet at forslaget til løyving for 2008 under kap. 323, post 78 Ymse faste tiltak blir auka med 1,2 mill. kroner. Det er ein føresetnad at det regionale tilskottet ikkje blir redusert og at det utgjer minimum 40 pst. av heile det offentlege tilskottet.

Kultur- og kyrkjedepartementet foreslår vidare at forslaget til løyving for 2008 under kap. 323, post 55 Norsk kulturfond blir redusert med kr 608 000 og at forslaget til løyving for 2008 under kap. 320, post 74 Tilskott til tiltak under Norsk kulturråd blir redusert med kr 592 000 som i St.prp. nr. 1 (2007-2008) er forslått som tilskott til Hell Music Festival (tidlegare Hell Bluesfestival). Departementet er blitt merksam på at festivalen er sett under konkursbehandling. Det finst derfor ikkje grunnlag for å løyve tilskott til festivalen i 2008.