St.prp. nr. 10 (2002-2003)

Om samtykke til ratifikasjon av konvensjon av 20. april 2001 om bevaring og forvalting av fiskeressursar i det søraustlege Atlanterhavet

Til innhaldsliste

1 Innleiing

I denne proposisjonen ber regjeringa om Stortinget sitt samtykke til ratifikasjon av konvensjon av 20. april 2001 om bevaring og forvalting av fiskeressursar i det søraustlege Atlanterhavet. Konvensjonen etablerer Den søraustatlantiske fiskeriorganisasjonen (South East Atlantic Fisheries Organisation, SEAFO).

Arbeidet med å etablere den nye regionale fiskeriforvaltingsorganisasjonen starta i 1997. Konvensjonsteksten blei forhandla ferdig 11. november 2000, og blei underteikna i Namibia 20. april 2001. I tillegg til Noreg er konvensjonen underteikna av dei fire kyststatane Angola, Namibia, Storbritannia (på vegner av St. Helena) og Sør-Afrika, samt EU, Island, Sør-Korea og USA.

I og med at deltaking i konvensjonen inneber årlege økonomiske utgifter, er Stortingets samtykke til ratifikasjon naudsynt i medhald av Grl. § 26 andre leddet.

Konvensjonen i engelsk originaltekst med omsetjing til norsk følgjer som trykt vedlegg til proposisjonen.

Til toppen
Til forsida av dokumentet