St.prp. nr. 11 (2004-2005)

Om endring av løyvingar mv. for 2004 på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram ein del saker under programkategoriane 21.10 Administrasjon m.m., 21.30 Vegformål, 21.50 Jernbaneformål og 21.60 Samferdselsberedskap.

Proposisjonen gjeld desse sakene:

  • Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1301, post 21 Utgreiingar om miljø, trafikktryggleik mv., med 1 mill. kr mot tilsvarande reduksjon av kap. 1360, post 30 Transport- og sambandsanlegg, utstyr mv.

  • Det blir foreslått å auke løyvinga på kap. 1320, post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar, med 75,6 mill. kr.

  • Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1320, post 35 Vegutbygging i Bjørvika, med 3,2 mill. kr mot tilsvarande reduksjon av kap. 1320, post 30 Riksveginvesteringar.

  • Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1322, post 92 Opptrekksrenter, med 17 mill. kr.

  • Det blir foreslått å redusere løyvinga på kap. 4321, post 80 Utbyte, med 28 mill. kr.

  • Det blir orientert om kva som er gjort med tilbakebetaling av løyving som blei gitt til Jernbaneverket ved terminering av fiberkabelavtala mellom Jernbaneverket og Telenor.