St.prp. nr. 11 (2006-2007)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 64/2006 av 2. juni 2006 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2003/59/EF av 15. juli 2003 om grunnleggjande kvalifisering og regelmessig opplæring av førarar av visse veggåande køyretøy for transport av gods eller passasjerar

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

Ved avgjerd nr. 64/2006 i EØS-komiteen av 2. juni 2006 vart vedlegg XIII, Transport, til EØS-avtala endra ved innlemminga av europaparlaments- og rådsdirektiv 2003/59/EF av 15. juli 2003 om grunnleggjande kvalifisering og regelmessig opplæring av førarar av visse veggåande køyretøy for transport av gods eller passasjerar.

Føremålet med direktivet er å innføre harmoniserte krav om grunnleggjande kvalifikasjonar og periodisk etterutdanning for yrkessjåførar. Direktivet vil medverke til å sikre like konkurransevilkår i EØS-området, fremje rekrutteringa til sjåføryrket, og dessutan medverke positivt til yrket sitt omdømme. Direktivet skal òg medverke til auka trafikktryggleik.

Gjennomføringa av avgjerda i norsk rett krev lovendring. Difor er det naudsynt med samtykke frå Stortinget til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen, jf. § 26 andre leddet i Grunnlova.

Avgjerda i EØS-komiteen og direktivet i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.