St.prp. nr. 13 (2002-2003)

Om endringar i løyvingar mv. i forsvarsbudsjettet for 2002

Til innhaldsliste

1 Formål og hovudoversikt

1.1 Formål

I denne proposisjonen legg Regjeringa fram forslag om visse endringar i løyvingar i forsvarsbudsjettet for 2002 for å skape samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapittel og postar og dei endringane i budsjettføresetnader som har skjedd sidan forsvarsbudsjettet for 2002 vart utarbeid.

Saker Stortinget bør informerast særskilt om vert omtala under denne delen av proposisjonen (Formål og hovudoversikt). Endringane på kapittel/post kjem fram under vedtaksdelen.

1.2 Omgruppering: Forhold som endrar ramma for 2002-budsjettet

1.2.1 Nedtrekk grunna meirforbruk i 2001

Avslutninga av rekneskapen for 2001 synte eit meirforbruk under:

  1. Kap 1791 Redningshelikoptertjenesten, post 01 på 18,022 mill. kroner.

Totalt meirforbruk var på 18,022 mill. kroner og vert dekka ved at ramma for 2002 vert foreslått redusert tilsvarande.

1.2.2 Netto meirinntekter i 2002

I forhold til vedtatt budsjett 2002 er det ei netto meirinntekt (brutto meirinntekter minus mindreinntekter) på 112,543 mill. kroner som er foreslått tillagt utgiftssida.

1.3 Det økonomiske grunnlaget for omgrupperinga

1.3.1 Økonomisk grunnlag

Grunnlaget for omgrupperingane er vedteke budsjett for 2002 tillagt seinare endringar gjort av Stortinget, fullmakter gitt av Stortinget til Finansdepartementet som ikkje kjem fram som løyvingsendring under dei einskilde departementa og midlar ført over frå 2001. Det er òg teke omsyn til Forsvarets del av lønnskompensasjon for 2002 som var på 332,670 mill. kroner.

I 2002 er det for forsvarsbudsjettet sett i verk faktiske endringar i løyvingar ved følgjande:

  • Stp.prp. nr. 1 (2001-2002) Statsbudsjettet medregnet folketrygden, B.-innst. S. nr. 1 (2001-2002) medførte en reduksjon på 20,071 mill. kroner

  • St.prp. nr. 39 (2001-2002), Finansiering av norsk militær deltakelse i Afghanistan, nasjonale sikringstiltak mot terrorisme og etablering av diplomatisk nærvær i Kabul, jf. Innst. S. nr. 119 (2001-2002), medførte å auka utgiftsramma med 545,932 mill. kroner.

  • St.prp. nr. 55 (2001-2002), Gjennomføringsproposisjonen - utfyllende rammer for omleggingen av Forsvaret i perioden 2002-2005, jf. Innst. S. nr. 232 (2001-2002), medførte å auka utgiftsramma med 1 043,082 mill. kroner.

  • St.prp. nr. 69 (2001-2002), Om endringer i »Regulativ for tillegg m.v. til utskrivne vernepliktige mannskap, jf. Innst. S. nr. 249 (2001-2002), medførte å auka utgiftsramma med 20,120 mill. kroner.

  • St.prp. nr. 63 (2001-2002), Tilleggsbevilgninger og omrioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2002, jf. Innst. S. nr. 212 (2002-2003), medførte å redusere utgiftsramma med 40,701 mill. kroner.

  • St.prp. nr. 80 (2001-2002), Om Finansiering av norsk militær deltakelse i Afghanistan, jf. Innst. S. nr. 6 (2002-2003), medførte å auka utgiftsramma med 300 mill. kroner.

Tabell 1.1 Faktisk løyving på utgiftssida før omgruppering 2002 kjem fram slik (i 1 000 kroner):

Vedtatt budsjett 200227 656 918
B.-innst. S. nr. 1 (2001-2002)-20 071
Innst. S. nr. 119 (2001-2002)545 932
Innst. S. nr. 232 (2001-2002)1 043 082
Innst. S. nr. 249 (2001-2002)20 120
Innst. S. nr. 212 (2001-2002)-40 701
Innst. S. nr. 6 (2002-2003)300 000
= Faktisk løyving før omgruppering29 505 280
Middel ført over frå 20011 789 609
Lønnskompensasjon for 2002332 670
Disponible midlar i 2002 før omgruppering31 627 559

Tabell 1.2 Disponibel løyving på inntektssida før omgruppering 2002 kjem fram slik (i 1 000 kroner):

Vedtatt budsjett 2002724 797
= Løyving før omgruppering724 797

Tabell 1.3 Løyvingsbehov på utgiftssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1 000 kroner):

Nedtrekk grunna meirforbruk i 2001-18 022
Auke på utgiftssida grunna meirinntekter førte til utgiftssida112 543
= Sum behov ved omgrupperinga94 521
+ Løyving før omgruppering29 505 280
= Total løyving etter omgrupperinga29 599 801
= Totalt disponibelt etter omgrupperinga31 722 080

Tabell 1.4 Løyvingsbehov på inntektssida i samband med omgrupperingsproposisjonen vert slik (i 1000 kroner):

Løyving før omgruppering724 797
Netto meirinntekter112 543
= Sum behov ved omgrupperinga837 340

Departementet foreslår på denne bakgrunnen, under forslag til vedtak, at løyvingane vert auka med 94,521 mill. kroner på utgiftsramma og med 112,543 mill. kroner på inntektsramma.

1.3.2 Utgifter

Tala i tabellane nedanfor syner netto endringar på dei ulike postane. Utgiftstabellen er inklusiv fordeling av netto meirinntekter.

Tabell 1.5 (i 1 000 kroner)

Mindreutg -
PostFormålMeirutg +
01Driftsutgifter522 794
21Spesielle driftsutgifter14 340
43Til disposisjon for Forsvarsdepartementet-10 000
44Fellesfinansierte bygg- og anleggsarbeid-50 000
45Store nyskaffingar-226 806
47Nye bygg og anlegg-19 251
48Fellesfinansierte bygg og anleggsarbeid-125 000
50Overføringar til statsinstitusjonar54 000
51Tilskot til Forsvarets forskingsinstitutt444
75Fellesfinansierte bygg- og anleggsarbeid-65 000
90Lån til private-1000
Sum94 521

1.3.3 Inntekter

Tabell 1.6 (i 1 000 kroner)

Mindreinnt -
PostFormål/Meirinnt +
01Driftsinntekter175 637
45Store nyskaffingar31 194
47Sal av eigedom-20 000
48Fellesfinansierte bygg- og anleggsinntekter-125 000
49Sal av bustader49 364
70Renter låneordningen475
90Lån til boligformål873
Sum112 543
Til forsida