St.prp. nr. 13 (2006-2007)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-­komiteen nr. 92/2006 av 7. juli 2006 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EF) nr. 2006/2004 av 27. oktober 2004 om samarbeid mellom nasjonale styresmakter med ansvar for handheving av forbrukarvernlovgjeving

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

EØS-komiteen vedtok 7. juli 2006 å endre vedlegg XIX til EØS-avtala (Forbrukarvern) til å omfatte forordning (EF) nr. 2006/2004 av 27. oktober 2004 om samarbeid mellom nasjonale styresmakter med ansvar for handheving av forbrukarvernlovgjeving (forordninga om forbrukarvernsamarbeid). Ettersom gjennomføringa i norsk rett krev lovendringar, er det naudsynt med samtykke frå Stortinget til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen i medhald av § 26 andre leddet i Grunnlova.

Avgjerda i EØS-komiteen og forordning (EF) nr. 2006/2004 i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.