St.prp. nr. 14 (2001-2002)

Endringar på statsbudsjettet for 2001 under Barne- og familiedepartementet

Til innhaldsliste

Kap. 840 Tilskot til krisetiltak

Post 60 Tilskot til kommunar til krisetiltak, overslagsløyving

Statstilskotet er eit øyremerkt tilskot til kommunane til drift av krisetiltak (krisesenter, incestsenter o.a.). I samsvar med Stortinget sitt budsjettvedtak skal staten yte 50 pst. av dei samla budsjetterte utgiftene til drifta, såframt budsjettet til krisetiltaket er i balanse og godkjend av vertskommunen (den kommunen der krisetiltaket ligg). Dei resterande 50 pst. av budsjetterte utgifter dekkjer lokale og regionale bidragsytarar.

På bakgrunn av innkomne søknader frå kommunene har det vist seg at løyvinga ikkje er tilstrekkeleg til å dekkje det faktiske behovet. Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 3,8 mill. kroner.

(i 1 000 kr)
Rekneskap 200050 687
Løyvd beløp 2001 inklusive tidlegare løyving om tillegg50 571
Forslag til tilleggsløyving3 800

Kap. 841 Familievern og konfliktløysing

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Lovpålagt mekling (jf. barnelova og ekteskapslova) ved samlivsbrot blir utført både av eksternt oppnemde meklarar og ved familievernkontora. Familievernkontora får middel over kap. 841, post 60, medan post 21 dekkjer godtgjering til meklingsinstansar utanfor familievernet og utgifter til tolketeneste i samband med mekling. I tillegg omfattar posten opplæring av meklingskorps i fylka. Fylkesmannen har ved forskrift ansvar for at det finst eit kvalifisert meklingskorps i fylka. Godtgjering til meklarar utanom familievernet blir dekt etter tilsvarande satsar som salærforskrifta, fastsett av Justisdepartementet.

Salærsatsane har i 2001 auka to gonger, og er no på 715 kroner per time. I tillegg har talet på separasjonar og skilsmisser stege dei seinare åra, og andelen meklingar utført av andre enn familiekontora er aukande. Dei årlege endringane i utgiftene knytta til den lovpålagte ordninga skuldast forhold som departementet i liten grad kan føresjå.

Løyvinga for 2001 er ikkje tilstrekkeleg til å dekkje behovet for godtgjering. Tilbakemeldingar frå fylkesmannsembeta syner at det er eit meirbehov på 1,8 mill. kroner. Departementet gjer framlegg om ei tilleggsløyving på 1,8 mill. kroner.

(i 1 000 kr)
Rekneskap 200010 105
Løyvd beløp 2001 inkl. tidlegare løyving om tillegg8 615
Forslag til tilleggsløyving1 800

Kap. 844 Kontantstøtte

Post 70 Tilskot, overslagsløyving, kan nyttast under kap. 856, post 60

Utbetalingane til kontantstøtte er regelbundne og følgjer av gjeldande kontantstøttesatsar, utviklinga i talet på barn i alderen 1-3 år og tilbodet av barnehageplassar til denne aldersgruppa.

Utgiftene i 2001 blir etter dei overslaga Rikstrygdeverket har gjort 170 mill. kroner høgare enn løyvinga. Tal ved utgangen av tredje kvartal tyder på at det gjennomsnittlege talet på barn med kontantstøtte i 2001 vil være om lag 90 600. Dette er 5 900 fleire enn føresett. Dette kjem mellom anna av færre nye plassar for småbarn i barnehagane enn det ein tidlegare rekna med.

Løyvinga til barnehagar skal sjåast i samanheng med løyvinga til kontantstøtte under kap. 844, post 70. 70 mill. kroner av meirbehovet under løyvinga til kontantstøtte kan såleis dekkjast av løyvinga under kap. 856, post 60. På bakgrunn av dette blir det gjort framlegg om å auke løyvinga under kap. 844 Kontantstøtte, post 70 Tilskot med 100 mill. kroner.

(i 1 000 kr)
Rekneskap 20003 016 645
Løyvd beløp 2001 inkl. tidlegare løyving om tillegg2 820 914
Forslag til tilleggsløyving100 000

Kap. 845 Barnetrygd

Post 70 Tilskot

Utgiftene til barnetrygd blir etter overslag frå Rikstrygdeverket 81 mill. kroner lågare enn tidlegare føresett. Overslaget er tufta på rekneskapstal frå utgangen av tredje kvartal. Mindrebehovet kjem mellom anna av lågare utbetalingar av barnetrygd som følgje av endring i barnetrygdlova om tilsette knytt til verksemda på Sokkelen. Meirutgiftene medrekna etterbetalingar frå 1994 til dette formålet er reduserte frå 45 til 5 mill. kroner. Med bakgrunn i dette gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga med 81 mill. kroner.

(i 1 000 kr)
Rekneskap 200012 514 969
Løyvd beløp 2001 inkl. tidlegare løyving om tillegg14 914 000
Forslag til å setja ned løyvinga81 000

Kap. 856 Barnehagar

Post 61 Stimuleringstilskot

Posten dekkjer eit særskilt tilskot til nye barnehageplassar som blei etablerte i 2000. Løyvinga på 12 mill. kroner blei gitt i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2001 for å dekkje etterslepet av utbetalingar frå 2000. Etter utbetaling av etterslepet er det på posten 1,55 mill. kroner i unytta midlar. Departementet gjer derfor framlegg om å redusere løyvinga med 1,55 mill. kroner.

(i 1 000 kr)
Rekneskap 200028 245
Løyvd beløp inkl. tidlegare løyving om tillegg12 000
Forslag til å setja ned løyvinga1 550

Kap. 862 Positiv miljømerking

Post 70 Driftstilskot til stiftelsen for positiv miljømerking

Stiftelsen miljømerking ventar ein nedgang i lisensinntektene i 2001. Nedgangen skuldast for ein stor del at 2-3 store papirprodusentar har valt å ikkje lengre nytte miljømerket. Av Stiftelsen sin totale omsetnad på 12,3 mill. kroner i år 2000, var 8,6 mill. kroner lisensinntekter frå næringsdrivande som nytta miljømerket på sine produkt, og 3,7 mill. kroner tilskot frå staten.

For at det skal vere mogleg å halde oppe det høge ambisjonsnivået i arbeidet med miljømerkinga, og for at merket skal vinne utbreiing innanfor nye produktområde, er det nødvendig å tilføre Stiftelsen 1,2 mill. kroner i 2001.

Departementet gjer derfor framlegg om ei tilleggsløyving på 1,2 mill. kroner for 2001.

Post 70(i 1 000 kr)
Rekneskap 20002 500
Løyvd beløp inkl. tidlegare løyving om tillegg2 386
Forslag om tilleggsløyve1 200
Til forsida