St.prp. nr. 15 (1999-2000)

Endringar på statsbudsjettet for 1999 under Barne- og familiedepartementet

Til innhaldsliste

1

Kap. 800 Barne- og familiedepartementet

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Det er eit meirbehov på 2,8 mill. kr for 1999. Posten dekkjer utgifter til tiltak av førebels karakter som ulike utval og utlån av tenestemenn til europeiske organisasjonar. Meirbehovet skuldast at Samboerutvalet fekk forlenga si funksjonstid samt auka kostnader til dei nasjonale ekspertane i EU - kommisjonen. For 1999 skal posten også dekkje utgiftene til Befringutvalet ( NOU - utval, barnevern). Desse midlane er budsjettert på eit av fagkapitla i departementet og må såleis omposterast. Departementet gjer difor framlegg om at kap. 800 Barne - og familiedepartementet post 21 Spesielle driftsutgifter aukast med 2,8 mill. kr mot ei innsparing på kap. 800 post 01 Driftsutgifter med 0,406 mill. kr, kap. 844 Kontantstøtte post 21 Evaluering, informasjon m.v med 0,138 mill. kr, kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet post 71 Forsking, utvikling og opplysningsarbeid m.v med 1,300 mill. kr, kap. 856 Barnehagar post 64 Prøveprosjekt Oslo indre øst med 0,300 mill kr, kap. 857 Barne- og ungdomstiltak post 79 Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid m.v med 0,440 mill. kr, kap. 865 Forbrukerpolitisk forsking, forbrukersikkerhet og internasjonalt samarbeid post 21 Spesielle driftsutgifter med 0,260 mill. kr.

(i 1000 kr)
Rekneskap 1998
Løyvd beløp 1999 inkl. tidlegare løyving om tilleg2 700
Forslag til omdisponering2 844

Kap. 845 Barnetrygd

Post 70 Tilskot

Utbetalingane til barnetrygd er regelbundne, og fylgjer av gjeldande barnetrygdsatsar og dei demografiske variasjonane for aldersgruppa 0-16 år. Utgiftene i år vil i fylgje anslag frå Rikstrygdeverket bli om lag 20 mill kr lågare enn vedtatt løyving. Dette skuldast i hovudsak at auken i talet på born med rett til stønad har vore lågare enn tidlegare føresett.

På grunn av dette blir det gjort framlegg om å redusera løyvinga under kap. 845 Barnetrygd post 70 Tilskot med 20 mill kr.

(i 1000 kr)
Rekneskap 199813 048 821
Løyvd beløp 1999 inkl. tidlegare løyving om tillegg12 981 042
Forslag til omdisponering- 20 000

Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

Post 01 Driftsutgifter, fylkesnemndene for sosiale saker

Det er eit meirbehov på 2 mill. kr for 1999. Posten dekkjer utgifter til drift av fylkesnemndene for sosiale saker. Kostnadene til drift av nemndene er avhengige av saksvolumet i dei enkelte nemndene. Meirbehovet skuldast mellom anna at saksvolumet i 1999 har blitt større enn ein tidlegare har rekna med. Difor har særleg utgiftene til sakkunnige og alminnelege medlemmer auka. Loven set fristar for når sakene må handsamast som og påverkar utgiftene. Departementet gjer difor framlegg om ei tilleggsløyving på 2 mill. kr for 1999.

(i 1000 kr)
Rekneskap 199855 037
Løyvd beløp 1999 inkl. tidlegare løyving om tillegg53 554
Forslag til tilleggsløyve2 000

Post 64 Tilskot til einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar, overslagsløyve

Posten dekkjer det særskilde tilskotet til kommunar som buset einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar, samt refusjon av fylkeskommunane sine barnevernutgifter. Fylkeskommunane mottar refusjon etter forskrift om statsrefusjon for barnevernutgifter til flyktningbarn og asylsøkjande barn som er komen til landet utan foreldre. Meirbehovet skuldast at det for 1999 er eit avvik mellom føresetnadene i budsjettet og dei faktiske tilhøve. I løpet av året har det vore ei vesentleg auke i talet på einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar som er komen til landet. Samstundes har utgiftene ved den fylkeskommunale refusjonsordninga auka frå 1998 til 1999. Departementet gjer difor framlegg om ei tilleggsløyving på 21,5 mill. kr for 1999.

(i 1000 kr)
Rekneskap 199845 357
Løyvd beløp 1999 inkl. tidlegare løyving om tillegg65 050
Forslag til tilleggsløyve21 500

Kap. 856 Barnehagar

Post 60 Driftstilskot til barnehagar, overslagsløyve, kan nyttast under kap. 844 post 70.

Det ser ut til at etableringa av nye barnehageplassar blir lågare enn det som vart lagt til grunn i RNB. Samstundes ser det ut til at omlegginga av driftstilskot til barnehagar (nye kategoriar for opphaldstid og auka satsar 1.8.99) vil kosta mindre enn venta. Dette har mellom anna samanheng med at kostnadene for omlegginga vart rekna ut på eit tidspunkt då ein rekna med at det ville bli etablert 13 500 nye barnehageplassar i 1998. I ettertid har det vist seg at det vart etablert berre 3 500 plassar det året. Med dette som grunnlag ligg det an til eit mindrebehov på om lag 242 mill kr.

Løyvinga til barnehagar skal sjåast i samanheng med løyvinga til kontantstønad under kap. 844 post 70. Anslag frå Rikstrygdeverket viser at det vil vera eit meirbehov på om lag 212 mill. kroner på kap. 844 post 70. Dette kan såleis dekkjast over kap. 856 post 60. På bakgrunn av desse anslaga blir det gjort framlegg om å redusera løyvinga under kap. 856 Barnehagar post 60 Driftstilskot med 30 mill kr.

(i 1000 kr)
Rekneskap 19984 166 805
Løyvd beløp 1999 inkl. tidlegare løyving om tillegg4 496 600
Forslag til omdisponering- 30 000

Kap 857 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

Post 70 Barne- og ungdomsorganisasjonar og post 72 Utviklingsprogrammet for styrking av oppvekstmiljøet

I Statsbudsjettet for 1998 blei departementet tilført 8 mill. kr av overskotet frå Flax - lotteriet. Av desse midlane vart 4 mill. kr øyremerka til Utviklingsprogrammet for styrking av oppvekstmiljøet og 4 mill. kr vart øyremerka barne- og ungdomsorganisasjonane. Styrkinga av løyvinga til organisasjonane vart sett som spesielt viktig for å kompensere organisasjonane for det meirarbeidet som fylgde av det nye regelverket for tilskot til barne- og ungdomsorganisasjonar.

I budsjettet for 1999 vart løyvinga til organisasjonane og utviklingsprogrammet redusert m.a. i påvente av handsaminga av «frivillighetsmeldinga». I den vart det lagt til grunn at 8 mill. kr av samordningsgevinsten ved samanslåinga av statlege spel skulle gå til dei nemnde tiltak. I ettertid har det vorte kjend at det ikkje vil bli nokon samordningsgevinst til fordeling i 1999. På grunnlag av dette har departementet sjølv sikra finansieringa av tiltaka for 2000 jf. St.prp. nr. 1 for 1999-2000. For 1999 har ikkje dette vore mogleg.

For tiltaka inneber dette ein reduksjon av løyvinga frå 1998 til 1999, og så ein auke i løyvinga igjen frå 1999 til 2000. Dette er svært uheldig for tilskotsmottakarane. Dei treng fastare rammer og kontinuitet i dei statlege støtteordningane. Departementet gjer difor framlegg om ei tilleggsløyving på 8 mill. kr for 1999.

Post 70 Barne - og ungdomsorganisasjonar(i 1000 kr)
Rekneskap 199855 150
Løyvd beløp 1999 inkl. tidlegare løyving om tillegg53 500
Forslag til tilleggsløyve4 000
Post 72 Utviklingsprogrammet(i 1000 kr)
Rekneskap 19984 000
Løyvd beløp 1999 inkl. tidlegare løyving om tillegg100
Forslag til tilleggsløyve4 000

Kap 3860 Forbrukarrådet

Post 01 Sal av Forbrukarrapporten

Post 02 Sal av opplysningsmateriale

Forbrukarrapporten er ein integrert del av verksemda til Forbrukarrådet. Formålet med bladet er i utgangspunktet ikkje kommersielt, men at det skal vere ein viktig del av den forbrukarpolitiske informasjonsverksemda. På grunn av dei årlege prisomrekningane, har inntektskravet under kap 3860 auka med 1,3 mill. kroner frå 1995 til 1999. Talet på abonnentar er i same tidsrom blitt redusert frå om lag 99 000 til 76 000. Økonomisk har Forbrukarrådet avgrensa evne til å investere i bladet. Dette fører til at arbeidet med vidareutvikling av produktet stoppar opp. Forbrukarrådet har heller ikkje rom for å setje av større midlar til marknadsføring for å møte den aukande konkurransen frå andre media. I 1999 blir fråfallet på nærmare 10 000 abonnentar. Dette vil gi om lag 66 000 abonnentar ved årsskiftet. Nedgangen i talet på abonnentar fører til stadig større kostnader til vedlikehald og nyteikning for å oppfylle kravet til eigeninntening i statsbudsjettet.

Ein parallell reduksjon av inntekts- og utgiftsløyvingane vil ikkje avhjelpe situasjonen. Reduserte utgiftsløyvingar vil ytterlegare redusere moglegheitene for å påverke inntektene. På grunn av den økonomiske situasjonen og kravet om realistisk budsjettering, er det nødvendig at kravet til inntening blir justert ned til eit nivå som står i rimeleg forhold til moglegheitene for inntening.

I 1999 ser det ut til at mindreinntekta til Forbrukarrådet vil bli på om lag 2,2 mill. kroner. Tidlegare er mindreinntekter hos Forbrukarrådet blitt dekt opp av departementet gjennom interne omdisponeringar. Dette er det ikkje rom for i 1999. Departementet foreslår derfor at inntektskravet på kap 3860 blir justert ned med 2,2 mill. kroner utan nokon tilsvarande utgiftsreduksjon.

I samband med rammefordelinga for 1999 blei det gjort ein feil i fordelinga av inntektskravet på post 01 Sal av Forbrukarrapporten og post 02 Sal av opplysningsmateriell. Denne er seinare ikkje blitt korrigert. For å rette opp feilen, foreslår departementet at tilleggsforslaget blir fordelt med 1,1 mill. kroner på kvar av dei to postane 01 og 02.

Post 01(i 1000 kr)
Rekneskap 199813 450
Løyvd beløp 1999 inkl. tidlegare løyving om tillegg13 166
Forslag til tilleggsløyve- 1 100
Post 02(i 1000 kr)
Rekneskap 19982 103
Løyvd beløp 1999 inkl. tidlegare løyving om tillegg3 438
Forslag til tilleggsløyve- 1 100
Til forsida