St.prp. nr. 16 (2000-2001)

Endringar på statsbudsjettet for 2000 under Barne- og familiedepartementet

Til innhaldsliste

1

Kap. 840 Tilskot til krisetiltak

Post 60 Tilskot til kommunar til krisetiltak, overslagsløyving

Statstilskotet er eit øyremerkt tilskot til kommunane til drift av krisetiltak (krisesenter, incestsenter o.a.). I samsvar med budsjettvedtaket i Stortinget skal staten yte 50 pst. av dei samla budsjetterte utgiftene til drifta, såframt budsjettet til krisetiltaket er i balanse og godkjent av vertskommunen (den kommunen der krisetiltaket ligg). Dei resterande 50 pst. av budsjetterte utgifter dekkjer lokale og regionale bidragsytarar.

På bakgrunn av innkomne søknader syner det seg at løyvinga ikkje er tilstrekkeleg til å dekkje behovet. Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga med kr 2 100 000.

(i 1000 kr)

Rekneskap 199953 106
Løyvd sum 2000 inkl. tidlegare løyving om tillegg47 570
Forslag til tillegsløyving2 100

Kap. 841 Familievern

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Lovpålagt mekling (jf. barnelova og ekteskapslova) ved samlivsbrot blir utført både av eksternt oppnemde meklarar og ved familievernkontora. Familievernkontora får midlar over kap. 841, post 60, mens post 21 dekkjer godtgjering til meklingsinstansar utanfor familievernet. I tillegg omfattar posten opplæring av meklingskorpset i fylka og midlar til utviklings- og opplysningsarbeid innanfor familievernet og meklingsordninga. Fylkesmannen har ved forskrift ansvar for at det finst eit kvalifisert meklingskorps i fylka. Godtgjeringa til meklarar utanom familievernet blir dekt etter tilsvarande satser som salærforskrifta, fastsett av Justisdepartementet.

Utviklinga dei siste åra har vore at stadig fleire meklingar blir utførte av eksterne meklarar. I 1999 auka dei eksterne meklingane med om lag 600 tilfelle. På bakgrunn av tilbakemeldingar frå fylkesmennene er løyvinga for 2000 ikkje tilstrekkeleg til å dekkje behovet for godtgjering. Tilbakemeldinger frå fylkesmannsembeta syner at det er eit meirbehov på kr 2 500 000. Av dette blir kr 500 000 dekt innanfor departementet si budsjettramme. Departementet gjer framlegg om ei tilleggsløyving på kr 2 000 000.

(i 1000 kr)

Rekneskap 19990
Løyvd sum 2000 inkl. tidlegare løyving om tillegg7 854
Forslag til tilleggsløyving2 000

Kap. 845 Barnetrygd

Post 70 Tilskot

Utbetalingane til barnetrygd er regelbundne, og følgjer av gjeldande barnetrygdsatsar og dei demografiske variasjonane for aldersgruppa 0-18 år. Utgiftene i år blir ifølgje overslag frå Rikstrygdeverket om lag 92 mill. kr høgare enn tidlegare føresett. Dette kjem i hovudsak av utviklinga i talet på barn med rett til stønad og talet på forsørgjarar med utvida stønad (einslege forsørgjarar)

På grunn av dette blir det gjort framlegg om å auke løyvinga under kap. 845 Barnetrygd, post 70 Tilskot, med 92 mill. kr.

(i 1000 kr)

Rekneskap 199912 964 883
Løyvd sum 2000 inkl. tidlegare løyving om tillegg12 449 000
Forslag til tilleggsløyving92 000

Kap. 852 Adopsjonsstøtte

Post 70 Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving

Posten dekkjer utgifter til tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet.

Det er eit meirbehov på 1 mill. kroner for 2000. Meirbehovet kjem fordi det for 2000 er eit avvik mellom føresetnadene i budsjettet og dei faktiske tilhøva. Departementet har fått nye overslag frå Statens ungdoms- og adopsjonskontor knytte til utanlandsadopsjonar. Desse overslaga viser eit høgare løyvingsbehov enn tidlegare tenkt. I løpet av året er det behandla fleire utanlandsadopsjonar enn det som var lagt til grunn for 2000 (etterslep frå 1999). Totalt gir dette eit løyvingsbehov på 14,8 mill. kroner. Departementet gjer derfor framlegg om ei tilleggsløyving på 1 mill. kroner for 2000.

(i 1000 kr)

Rekneskap 199913 180
Løyvd sum 2000 inkl. tidlegare løyving om tillegg13 816
Forslag til tilleggsløyving1 000

Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

Post 01 Driftsutgifter

Det er eit meirbehov på 4 mill. kr for 2000. Posten dekkjer utgifter til drift av fylkesnemndene for sosiale saker. Kostnadene til drift av nemndene er avhengige av saksvolumet i dei enkelte nemndene. Meirbehovet skuldast mellom anna at saksvolumet i 2000 har blitt større enn ein tidlegare har rekna med. Difor har særleg utgiftene til sakkunnige og alminnelege medlemmer auka. Loven set fristar for når sakene må handsamast som òg påverkar utgiftene. Departementet gjer difor framlegg om ei tilleggsløyving på 4 mill. kr for 2000. Av dette blir 1 mill. kr dekt innanfor departementet si budsjettramme ved ei tilsvarande reduksjon av kap. 857, post 79.

(i 1000 kr)

Rekneskap 199961 165
Løyvd sum 2000 inkl. tidlegare løyving om tillegg57 789
Forslag til tilleggsløyving4 000

Post 64 Tilskot til einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar, overslagsløyving

Posten dekkjer det særskilde tilskotet til kommunar som buset einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar, og refusjon av fylkeskommunane sine barnevernutgifter. Fylkeskommunane får refusjon etter forskrift om statsrefusjon for barnevernutgifter til flyktningbarn og asylsøkjande barn som er komne til landet utan foreldre. Det er eit meirbehov på 40 mill. kroner. Meirbehovet kjem av at det for 2000 er eit avvik mellom føresetnadene i budsjettet og dei faktiske tilhøva. Departementet har fått nye overslag for utgiftene knytte til einslege midreårige flyktningar og asylsøkjarar. Overslaga viser eit høgare løyvingsbehov enn tidlegare tenkt. Utgiftene ved refusjonane frå fylkesmennene til fylkeskommunane er vesentleg høgare enn tidlegare år. Krava for denne budsjetterminen er venta å bli om lag 35 mill. kroner. I tillegg viser prognosane frå UDI at tilskot til einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar busette i kommunane kjem til å utgjere 97 mill. kroner i 2000. Totalt gir dette eit løyvingsbehov på 132 mill. kroner. Departementet gjer derfor framlegg om ei tilleggsløyving på 40 mill. kroner for 2000.

(i 1000 kr)

Rekneskap 199974 352
Løyvd sum 2000 inkl. tidlegare løyving om tillegg92 100
Forslag til tilleggsløyving40 000

Kap. 3860 Forbrukarrådet

Post 01 Sal av Forbrukarrapporten

Forbrukarrapporten er ein integrert del av verksemda til Forbrukarrådet. Bladet inngår som ein viktig del av den forbrukarpolitiske informasjonsverksemda. Formålet er i utgangspunktet ikkje kommersielt.

Inntektskravet til Forbrukarrapporten er for 2000 sett til 14,5 mill. kroner. Utviklinga i talet på abonnentar tilseier at inntektene vil bli på 10,4 mill. kroner. Opplagsutviklinga inneber at det i 2000 blir umogleg for Forbrukarrådet å oppfylle det samla inntektskravet. Departementet foreslår derfor at inntektskravet blir redusert med 4 mill. kroner utan tilsvarande reduksjon på utgiftssida.

Som ein del av behovet for å avklare framtidige og føreseielege løysingar for å finansiere og organisere forbrukarinformasjonen, ser departementet at det er nødvendig å vurdere framtida til Forbrukarrapporten. Spørsmålet blir vurdert i samband med den gjennomgangen departementet no gjer av organiseringa av Forbrukarrådet. Departementet tek sikte på å fremje forslag til varige løysingar i samband med Revidert nasjonalbudsjett.

(i 1000 kr)

Rekneskap 199911 813
Løyvd sum 2000 inkl. tidlegare løyving om tillegg14 535
Forslag til tilleggsløyving-4 000
Til forsida