St.prp. nr. 17 (2000-2001)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 80/99 av 25. juni 1999 om endring av vedlegg VI om trygd til EØS-avtala

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

EØS-komitéavgjerd nr. 80/99 av 25. juni 1999 inneber at rådsdirektiv 98/49/EF om trygging av rettane til supplerande pensjon for arbeidstakarar og sjølvstendig næringsdrivande som flyttar innanfor Fellesskapet, vert lagt inn under EØS-avtala.

Vedlegg VI til EØS-avtala handlar om trygd, og inneheld m.a. forordningar som er vedtekne med sikte på å verne rettane til trygdeytingar for arbeidstakarar som flyttar innanfor Fellesskapet, og for familiane deira, jf. rådsforordning (EØF) nr. 1408/71 av 14. juni 1971 og rådsforordning (EØF) nr. 574/72 av 21. mars 1972. Desse forordningane gjeld berre lovfesta pensjonsordningar, og den fastsette samordninga omfattar såleis ikkje supplerande pensjonsordningar, med unntak av ordningar som fell inn under uttrykket «lovgjeving», jf. rådsforordning (EØF) nr. 1408/71, artikkel 1 bokstav j, første leddet.

Innføringa av eit direktiv som vernar rettane til medlemmer av supplerande pensjonsordningar som flyttar frå ein medlemsstat til ein annan, utfyller det eksisterande regelverket og er eit ledd i prosessen med å fjerne hindringar for fri rørsle av arbeidstakarar og sjølvstendig næringsdrivande innan Fellesskapet. Direktivet om supplerande pensjonsrettar vart vedteke i EU 29. juni 1998. Fristen for gjennomføring i nasjonalt regelverk er 25. juli 2001.

Gjennomføring av rådsdirektiv 98/49/EF i norsk rett gjør lovendring nødvendig, jf. pkt. 4 i prp. Avgjerda i EØS-komiteen av 25. juni 1999 om å innlemme direktivet i EØS-avtala, blei for Noregs vedkommande difor gjort med atterhald om Stortingets samtykke.

Avgjerda til EØS-komiteen og direktivet i norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til denne proposisjonen.