St.prp. nr. 17 (2002-2003)

Om endringar under enkelte kapittel på statsbudsjettet medrekna folketrygda for 2002

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Sosialdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om endringar av løyvingane under enkelte kapittel under programområde 09 Sosiale formål på statsbudsjettet, endringar av løyvingane under programområde 29 Sosiale formål, folketrygda og inntektene under folketrygda for 2002.

Dei reviderte overslaga for folketrygdas utgifter og inntekter i 2002 bygger i hovudsak på rekneskapstal per 30. september 2002. Berekningsgruppa for folketrygda, som gjer anslag for regelstyrte ordningar under Sosialdepartementet sine programområder 09 og 29, programområde 30 Helsevern, folketrygda under Helsedepartementet, fødselspengar og adopsjonspengar under Barne- og familiedepartementet og attføringspostar under Arbeids- og administrasjonsdepartementet, har sett på overslaga i møte 22. oktober 2002. Forslag til endringar i løyvingar som vedkjem Sosialdepartementet sine områder, er med mindre avrundingar m.m. basert på anslag i Berekningsgruppa. Dei andre departementa fremmer eventuelle forslag om endringar i sine proposisjonar.

Sosialdepartementet fremmar forslag om å redusera løyvingane under utgiftskapitla under programområde 09 Sosiale formål med om lag 68 mill. kroner og å auke løyvingane under programområde 29 Sosiale formål, folketrygda med 173 mill. kroner. Samla foreslår Sosialdepartementet at løyvingane under utgiftskapitla aukast med 105 mill. kroner. Løyvingane under inntektskapitla foreslår departementet sett ned med 108 mill. kroner. Samla auka finansieringsbehov blir såleis 213 mill. kroner for 2002.

Til forsida