St.prp. nr. 19 (2000-2001)

Om endringar av løyvingar på statsbudsjettet for 2000 m.m. under Olje- og energidepartementet

Til innhaldsliste

1 Innleiing

I denne proposisjonen legg Olje- og energidepartementet fram forslag til endringar på statsbudsjettet for 2000 i samsvar med pkt. 2 nedanfor. I tillegg legg departementet fram informasjon knytt til bruk av fullmakter under Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (SDØE), prosjekt under utbygging på kontinentalsokkelen, omlegging av energibruk og energiproduksjon, miljø og estetiske omsyn ved bygging av kraftleidningar og refusjon av dokumentavgift.