St.prp. nr. 19 (2007-2008)

Om endringar i statsbudsjettet for 2007 under Utanriksdepartementet

Til innhaldsliste

1 Samandrag

I denne proposisjonen blir det foreslått nokre endringar i løyvingane under Utanriksdepartementet sitt budsjett for 2007.

Innanfor programområde 02 Utanriksforvaltning blir det gjort framlegg om endringar under kap. 100 Utanriksdepartementet, kap. 104 Kongefamilien sine offisielle reiser til utlandet, kap. 116 Deltaking i internasjonale organisasjonar og kap. 118 Nordområdetiltak m.m.

På budsjettet for ODA-godkjend utviklingshjelp under programområde 03, blir det gjort framlegg om omfordeling av 52,116 mill. kroner.

Kap. 100 Utanriksdepartementet

Post 01 Driftsutgifter

Det vart i 2006 etablert ei stilling som næringslivsmedarbeidar ved generalkonsulatet i Murmansk i samsvar med Regjeringa sitt ønske om å styrke det norsk-russiske næringssamarbeidet i nord. I samband med dette blir det foreslått å omdisponere 1,5 mill. kroner frå kap. 118, post 70 Nordområdetiltak og prosjektsamarbeid med Russland til kap. 100, post 01 Driftsutgifter.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

I samband med brannane som herja i Hellas i august 2007, stilte Noreg med eit brannslokningshelikopter. Dette oppdraget kosta 2 mill. kroner. Det blir gjort framlegg om å auke kap. 100, post 21 med 2 mill. kroner til dekning for utgifter i samband med brannslokningsarbeidet i Hellas.

Kap. 104 Kongefamilien sine offisielle reiser til utlandet

Post 01 Driftsutgifter

Ein gjennomgang av utgiftene under posten viser eit venta mindreforbruk på 2,8 mill. kroner. Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 2,8 mill. kroner.

Kap. 116 Deltaking i internasjonale organisasjonar

Post 71 Finansieringsordninga under EØS-avtala, kan overførast

Det er venta at det vil bli utbetalt om lag 85 mill. kroner i 2007. Dette kan bli dekka av overført mindreforbruk frå 2006. Det blir derfor gjort framlegg om å redusere løyvinga under posten med 180 mill. kroner.

Post 72 Finansieringsordninga i det utvida EØS, kan overførast

Det har teke lengre tid å få inn og handsame søknader om prosjektstøtte under dei to finansieringsordningane i det utvida EØS enn det Utanriksdepartementet har gått ut i frå. Bakgrunnen for dette er at det er store forseinkingar på innsending av betalingskrav frå prosjekt samanlikna med budsjett. Det har og vist seg at det fyrste betalingskravet frå vedtatte prosjekt er lågare enn budsjettert grunna treg prosjektstart. Utbetaling i 2007 vil derfor bli lågare enn det som var rekna med tidlegare. Etter kvart som prosjekt blir vedtatt, vil det venteleg bli lettare å fastsette framtidige utbetalingar.

Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 140 mill. kroner

Post 73 Norsk finansieringsordning i det utvida EØS, kan overførast

Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 140 mill. kroner, jf. omtale under kap. 116, post 72.

Kap. 118 Nordområdetiltak m.m.

Post 70 Nordområdetiltak og prosjektsamarbeid med Russland, kan overførast

I samband med dekning av kostnader til stillinga som næringslivsmedarbeidar ved generalkonsulatet i Murmansk, blir det gjort framlegg om ein reduksjon på 1,5 mill. kroner, jf. omtale under kap. 100, post 01 Driftsutgifter.

Post 76 Tilskot til internasjonale klima- og miljøtiltak, kan overførast

Det er satt av 4,2 mill. kroner til Verdsbanken sitt karbonfond under denne posten i 2007. Det vil ikkje bli kalla inn til kapitalpåfylling til karbonfondet i 2007. Det vert derfor gjort framlegg om ein reduksjon på 4,2 mill. kroner.

Kap. 140 Utanriksdepartementet sin administrasjon av utviklingshjelpa

Post 01 Driftsutgifter

Det blir gjort framlegg om ei auke på 6,744 mill. kroner i samband med det sentrale lønsoppgjeret.

Kap. 141 Direktoratet for utviklingshjelp (Norad)

Post 01 Driftsutgifter

Det blir gjort framlegg om ei auke på 1,8 mill. kroner i samband med det sentrale lønsoppgjeret.

Kap. 150 Bistand til Afrika

Post 78 Regionløyving for Afrika, kan overførast

Nokre tiltak har teke lengre tid å starte enn føresett. Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 17,293 mill. kroner.

Kap. 165 Forsking, kompetanseheving og evaluering

Post 70 Forsking og høgare utdaning

Kunnskapsdepartementet melder at prognosen for avskrivingar under kap. 2410, post 73 for Aust-Europa/utviklingsland, som vert refundert under denne posten, er høgare enn tidlegare budsjettert.

Det blir gjort framlegg om ei auke på 7,520 mill. kroner.

Kap. 166 Tilskot til ymse tiltak

Post 70 Ymse tilskot, kan overførast

Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 2,365 mill. kroner.

Kap. 166 Tilskot til ymse tiltak

Post 71 Internasjonale prosessar og konvensjonar m.m., kan overførast

Nokre tiltak har teke lengre tid å starte enn føresett. Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 5,0 mill. kroner

Kap. 167 Flyktningtiltak i Noreg, godkjend som utviklingshjelp (ODA)

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Enkelte opphaldsutgifter det første året til flyktningar i Noreg er godkjend som offisiell utviklingshjelp og kan bli dekte under kap. 167 Flyktningtiltak i Noreg, post 21 Spesielle driftsutgifter. Dette gjeld mellom anna reiseutgifter for flyktningar til og frå utlandet, utgifter til integreringstilskot for overføringsflyktningar, utgifter til opplæring av barn i mottak og andre opplæringsformål, sjå tabellen. Overslaget over utgifter til flyktningar i Noreg som er godkjend som offisiell utviklingshjelp må aukast med 9,994 mill. kroner.

Det blir gjort framlegg om ei auke på 9,994 mill. kroner.

Tabell 1.1 

FormålEndring (mill. kr)
Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Kap. 3651, post 01 Integreringstilskot for overføringsflyktningar-3,6
kap. 3690, post 04 Statlege mottak10,8
Kunnskapsdepartementet
Kap 3225, post 04 Refusjon av ODA-godkjende utgifter-2,52
Barne- og likestillingsdepartementet
Kap. 3854, post 04 Barne- og ungdomsvern5,314
Sum9,994

Kap. 170 FN-organisasjonar m.m.

Post 80 Bidrag til globale fond, kan overførast

Det er eit mindrebehov i forhold til budsjettet. Det blir gjort framlegg om ein reduksjon på 1,4 mill. kroner.

Til forsida