Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.prp. nr. 2 (2005-2006)

Om utbygging og finansiering av rv 7/rv 13 Hardangerbrua i Hordaland

Til innhaldsliste

1 Innleiing

I denne proposisjonen blir det gjort framlegg om utbygging og finansiering av Hardangerbrua i Ulvik og Ullensvang kommunar i Hordaland.

Hardangerbrua vil erstatte dagens ferjesamband på rv 7/rv 13 mellom Bruravik og Brimnes. Brua vil tene fleire formål:

  • Gi betre kommunikasjonar lokalt i indre Hardanger

  • Gi lettare regionalt transporttilbod mellom Odda og Voss og mellom Bergen og Hardanger samt vidare mot Øvre Hallingdal

  • Gi betre tilbod for fjerntrafikk med eit ferjefritt samband aust - vest og nord - sør

Ved behandlinga av handlingsprogrammet for perioden 2002-2005 ba fylkestinget i Hordaland Statens vegvesen setje i gang nødvendig arbeid med å oppdatere planane for Hardangerbruprosjektet, og gjekk inn for å omprioritere 125 mill. 2002-kr med sikte på gjennomføring av prosjektet i perioden 2006-2011. I St.prp. nr. 1 (2001-2002), side 143, blei det vist til at Statens vegvesen la opp til at eventuell prioritering av Hardangerbrua ville bli vurdert i samband med revisjonen av Nasjonal transportplan for perioden 2006-2015.

I samband med behandlinga av St.meld. nr. 24 (2003-2004) Nasjonal transportplan 2006-2015, hadde fleirtalet i samferdselskomiteen m.a. følgjande merknad til Hardangerbruprosjektet:

«Fleirtalet ber om at saka om utbygging og finansiering vert lagt fram for Stortinget så snart som mogleg.»

På grunnlag av m.a. trafikkprognosane i konsekvensutgreiinga blei det utarbeidd eit opplegg for finansiering av Hardangerbrua som blei behandla av fylkestinget i juni 2004. Bompengesøknaden blei behandla i møte i Hordaland fylkesting 15. desember 2004.

Finansieringa av Hardangerbrua er basert på bompengar, tilskot frå fylkeskommunen og kommunar i Hordaland, innsparte ferjetilskot og ordinære statlege midlar.

Til toppen
Til forsida av dokumentet