St.prp. nr. 20 (2005-2006)

Om endringar av løyvingar på statsbudsjettet medrekna folketrygda for 2005 under Arbeids- og sosialdepartementet

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Arbeids- og sosialdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om endringar av løyvingane under enkelte kapittel under programområde 09 Sosiale formål på statsbudsjettet, endringar av løyvingane under programområde 29 Sosiale formål, folketrygda, programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda og inntektene under folketrygda for 2005.

Dei reviderte overslaga for folketrygdas utgifter og inntekter i 2005 bygger i hovudsak på tal frå rekneskap pr. 30. september 2005. Berekningsgruppa for folketrygda, som gjer anslag for regelstyrte ordningar under Arbeids- og sosialdepartementet sine programområde 09, 29 og 33, programområde 30 Helsevern, folketrygda under Helse- og omsorgsdepartementet og fødselspengar og adopsjonspengar under Barne- og familiedepartementet, har sett på overslaga i møte 20. oktober 2005. Forslag til endringar i løyvingar som vedkjem Arbeids- og sosialdepartementet sine område, er med mindre avrundingar m.m. basert på overslag i Berekningsgruppa. Dei andre departementa fremmar eventuelle forslag om endringar i sine proposisjonar.

Arbeids- og sosialdepartementet fremmar forslag om å setje ned løyvingane under utgiftskapitla under programområde 09 Sosiale formål med 50,4 mill. kroner, å setje ned løyvingane under programområde 29 Sosiale formål, folketrygda med 1 745,4 mill. kroner og å setje ned løyvingane under programområde 33 Arbeidsliv med om lag 373 mill. kroner. Samla foreslår Arbeids- og sosialdepartementet at løyvingane under utgiftskapitla blir sett ned med 2 168,8 mill. kroner. Løyvingane under inntektskapitla foreslår departementet auka med om lag 54,8 mill. kroner. Samla finansieringsbehov vert såleis minska med 2 223,6 mill. kroner for 2005.

Til forsida