St.prp. nr. 22 (1999-2000)

Om samtykke til å setje i kraft ein skatteavtale mellom Noreg og Uganda, underskriven i Kampala den 7. september 1999

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Den 7. september 1999 blei det i Kampala underskrive ein avtale med formål å hindre dobbel skattlegging og å førebyggje unndraging av skattar av inntekt mellom Noreg og Uganda. Samtykke til underskriving blei gitt i Kongeleg resolusjon av 18. juni 1999. Avtalen blei på vegner av Noreg underskriven av Chargé d'Affaires Britt Hilde Kjølås, og på vegner av Uganda av finansminister Gerald Ssendaula.

Avtalen vil tre i kraft på den dagen da den siste melding om at nødvendige skritt er tekne for at avtalen kan tre i kraft er teke i mot. Avtalen vil få verknad for skattar av inntekt som vedkjem det kalenderåret som følgjer etter det året avtalen trer i kraft.

Til forsida