St.prp. nr. 23 (2003-2004)

Om endringar under enkelte kapittel på ­statsbudsjettet medrekna folketrygda for 2003

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Sosialdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om endringar av løyvingane under enkelte kapittel under programområde 09 Sosiale formål på statsbudsjettet, endringar av løyvingane under programområde 29 Sosiale formål, folketrygda og inntektene under folketrygda for 2003.

Dei reviderte overslaga for folketrygdas utgifter og inntekter i 2003 bygger i hovudsak på tal frå rekneskap pr. 30. september 2003. Berekningsgruppa for folketrygda, som gjer anslag for regelstyrte ordningar under Sosialdepartementet sine programområde 09 og 29, programområde 30 Helsevern, folketrygda under Helsedepartementet, fødselspengar og adopsjonspengar under Barne- og familiedepartementet og attføringspostar under Arbeids- og administrasjonsdepartementet, har sett på overslaga i møte 20. oktober 2003. Forslag til endringar i løyvingar som vedkjem Sosialdepartementet sine område, er med mindre avrundingar m.m. basert på overslag i Berekningsgruppa. Dei andre departementa fremmar eventuelle forslag om endringar i sine proposisjonar.

Sosialdepartementet fremmar forslag om å redusera løyvingane under utgiftskapitla under programområde 09 Sosiale formål med om lag 0,8 mill. kroner og å auke løyvingane under programområde 29 Sosiale formål, folketrygda med 1 187,2 mill. kroner. Samla foreslår Sosialdepartementet at løyvingane under utgiftskapitla aukast med 1 186,4 mill. kroner. Løyvingane under inntektskapitla foreslår departementet sett ned med 67,5 mill. kroner. Samla auka finansieringsbehov vert såleis 1 253,9 mill. kroner for 2003.

Til forsida