St.prp. nr. 25 (1996-97)

Om endring av ein del løyvingar m.v. for 1996 på Samferdselsdepartementets område

Til innholdsfortegnelse

0 Bakgrunn

Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram ein del saker under programkategoriane 21.1 Administrasjon, 21.2 Luftfartsformål, 21.3 Vegformål, 21.5 Jernbaneformål og 22.1 Post.

Under 21.1 Administrasjon blir det gjort framlegg om å auke løyvinga på kap. 1300 Samferdselsdepartementet, post 11 Varer og tenester, med til saman 6,5 mill. kr pga. tomgangsleige for dei tidlegare lokala til Samferdselsdepartementet og pga. flyhavariet på Svalbard 29. august 1996.

Under 21.2 Luftfartsformål blir det gjort framlegg om å stryke løyvinga på kap. 1310 Flytransport, post 71 Kjøp av flytransporttenester, og på kap. 4310 Flytransport, post 70 Avgift til finansiering av kjøp av flytransporttenester. Det blir òg gjort framlegg om å redusere løyvinga på kap. 1312 Oslo Lufthavn AS.

Under 21.3 Vegformål blir det gjort framlegg om å auke løyvinga på kap. 1320 Vegadministrasjon, post 01 Løn og godtgjersler, med 18,5 mill. kr ved omdisponering frå kap. 1322, post 30 Riksveganlegg.

Under 21.5 Jernbaneformål blir det gjort framlegg om fleire endringar som ein følgje av omdanning av Statsbananes trafikkdel til særlovselskap frå 1. desember 1996. Dette gjeld kapitlane 1351 Overføringar til Statsbananes trafikkdel, post 71 Tilskot til NSBs Personalsenter, kap. 2451 Statsbananes trafikkdel og kap. 5451 Statsbananes trafikkdel. Det blir òg gjort framlegg om at staten gir ei betinga tilsegn om tilskot i samband med dei forpliktingane som særlovselskapet NSB Trafikkdelen har som medeigar i Eurofima, mot at særlovselskapet sikrar staten mot eventuelle tap som følgje av tilsegna. Vidare blir det lagt fram eit forslag om å redusere løyvingane på kap. 1352 NSB Gardermobanen AS.

Under 22.1 Post blir det gjort framlegg om endringar i løyvingane på inntekts- og utgiftskapitla for Postverket pga. avkorta budsjettår som følgje av omdanning av Postverket til særlovselskap frå 1. desember 1996.

Kap. 1300 Samferdselsdepartementet

Post 11 Varer og tenester

Tomgangsleige for dei tidlegare lokala til Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet hadde fram til 29. januar 1996 kontor i leigde lokale i Møllergt. 1-3 og 6, og flytta da inn i 5. byggetrinn (R5) i regjeringskvartalet. Leigeavtalene for dei tidlegare lokala blei inngått av daverande Statens bygge- og eiendomsdirektorat (SBED) i forståing med Samferdselsdepartementet. Leigeavtalene går ut 31. desember 1997, og departementet må derfor betale tomgangsleige fram til utløpet av kontraktstida. Statsbygg har tatt på seg å administrere framleige av lokala.

Ved omorganiseringa av SBED til Statsbygg var det ein føresetnad at statsinstitusjonar i bygg som på det tidspunktet var innleigde av SBED, skulle få justert budsjettrammene sine for dei utgiftene som faktisk følgde av omlegginga, jf. St.prp. nr. 63 (1990-91), pkt. 5.4.2. Statsbygg har følgd opp dette m.a. i brev av 31. januar 1994 til alle departementa der det framgår at det kan oppstå tomgangsleige for nokre av dei departementa som skal flytte inn i R5.

I følgje utrekningar frå Statsbygg vil Samferdselsdepartementet for 1996 bli fakturert for tomgangsleige på 5,5 mill. kr. Storleiken kjem først og fremst av:

  • at lokala blei leigde inn av SBED til ein marknadspris som låg vesentleg høgare enn prisen på tilsvarande lokale i dag,

  • at resten av kontraktstida er relativt kort, og lokala dermed er lite attraktive og vanskelege å fylle opp sidan potensielle leigarar oftast ønskjer ei meir langsiktig leige.

Leigarar pr. november 1996 er Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet og Sosial- og helsedepartementet som begge er avhengige av mellombels lokale under rehabiliteringa av eigne lokale.

På denne bakgrunn blir det gjort framlegg om ei løyving under kap. 1300 Samferdselsdepartementet, post 11 Varer og tenester, på 5,5 mill kr.

Spørsmålet om dekking av tomgangsleige for 1997 er kort handsama i St.prp. nr. 1 (1996-97), s. 41. Det er førebels rekna ut at tomgangsleiga vil bli 4,3 mill. kr. Samferdselsdepartementet legg til grunn at framlegg om løyving kan vente til hausten 1997 når det nøyaktige beløpet er avklart.

Flyhavariet på Svalbard 29. august 1996

Til dekking av utgifter til arbeidet i Havarikommisjonen for sivil luftfart (HSL) med å undersøkje flyhavariet på Svalbard 29. august 1996 er det naudsynt å auke kap. 1300, post 11, med 1,0 mill. kr. Beløpet skal m.a. dekkje utgifter til sakkunnig bistand, reiser og tolketenester. Vidare må det gjerast flygingar inn mot Longyear flyplass med eit fly av tilsvarande type som det havarerte flyet. HSL har òg søkt hjelp frå Forsvarets forskningsinstitutt for å få analysert og plotta digitale data frå flygeregistratoren, og frå Veritec for å få undersøkt ein del instrument frå vraket.

På denne bakgrunn blir det gjort framlegg om ei løyving under kap. 1300 Samferdselsdepartementet, post 11 Varer og tenester, på 1,0 mill. kr.

Kap. 1310 Flytransport (jf. kap. 4310)

Post 71 Kjøp av flytransporttenester

På budsjettet for 1996 er det sett av 150 mill. kr til kjøp av flytransporttenester på ruteområder som flyselskapa ikkje finn det mogleg å oppretthalde. Etter Samferdselsdepartementets oppfatning har flyselskapa i 1996 oppretthalde eit tilfredsstillande rutetilbod. I 1996 vil det derfor ikkje være behov for kjøp av statlege flyrutetenester over kap. 1310, post 71 Kjøp av flytransporttenester. Samferdselsdepartementet foreslår derfor at løyvinga på kap. 1310, post 71, blir redusert frå 150 mill. kr til kr 0.

Kap. 1312 Oslo Lufthavn AS

Post 90 Lån til Oslo Lufthavn AS

Som ein følgje av budsjettrevisjonen i Oslo Lufthavn AS pr. juni 1996 med seinare gjennomført periodisering, er lånebehovet i 1996 redusert med 400 mill. kr, jf. omtale på s. 48 i St.prp. nr. 1 (1996-97) for Samferdselsdepartementet.

Kap. 4310 Flytransport (jf. kap. 1310)

Post 70 Avgift til finansiering av kjøp av flytransporttenester

Samferdselsdepartementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 4310, post 70 Avgift til finansiering av kjøp av flytransporttenester, frå 150 mill. kr til kr 0, jf. omtale under kap. 1310, post 71.

Kap. 1320 Vegadministrasjon (jf. kap. 4320)

Post 01 Løn og godtgjersler

På kap. 1320 Vegadministrasjon, post 01 Løn og godtgjersler, er det venta følgjande meirforbruk:

Mill. kr

S III 1996St.prp. nr. 58EndringarNytt forslag 1996
Post 01 Løn og godtgjersler970,8-3,518,5985,8

Statens vegvesen har i to år på rad fått administrasjonsbudsjettet redusert med 50 mill. kr, utan at arbeidsoppgåvene er redusert. Statens vegvesen finn det derfor ikkje mogleg å gjennomføre pålagde oppgåver innanfor dei tildelte løyvingane.

Ei rekkje tiltak er sett i verk for å redusere utgiftene på kap. 1320:

  • Berre absolutt naudsynte tilsetjingar vil bli gjort ved vegkontora og i Vegdirektoratet.

  • Sterk reduksjon i overtidsbetaling.

  • Sterk reduksjon i bruk av ekstrahjelp og engasjement. Det gjer at ein del arbeidsoppgåver blir utsette på ubestemt tid eller blir forseinka.

  • Reduksjon i all reise- og kursverksemd.

  • Utsetting eller unngå innkjøp av datautstyr.

Sjølv med desse tiltaka vil det bli eit meirforbruk på post 01 for 1996. Samferdselsdepartementet foreslår å dekkje meirforbruket på 18,5 mill. kr gjennom ei omdisponering frå kap. 1322, post 30 Riksveganlegg. Departementet legg vekt på at Vegdirektoratet har ei streng styring av budsjettet for å redusere utgiftene på kap. 1320. Når det gjeld oversikt over kva midlane på post 01 og 11 blir nytta til, viser ein til St.prp. nr. 1 (1996-97), s. 66.

Kap. 4320 Vegadministrasjon (jf. kap. 1320)

Inntektene under kap. 4320 Vegadministrasjon, har utvikla seg noko ujamt gjennom 1996. Den ujamne etterspurnaden for nokre av tenestene gjer det vanskeleg å gi ein sikker prognose ut året. Ut frå rekneskapen pr. 1. november kan ein få ein mindre reduksjon i forhold til budsjettet, men dette er usikkert. Departementet har derfor funne det mest føremålstenleg å regulere eit eventuelt avvik mot unytta utgiftsløyvingar som blir overførte frå 1996 til 1997.

Forslag til revidert budsjett 1996 for NSBs trafikkdel

Som ein konsekvens av forslaget om at NSBs trafikkdel i samsvar med St.prp. nr. 2/Innst. S. nr. 31 (1996-97) blir omdanna til særlovselskap frå og med 1. desember 1996, vil Statsbananes trafikkdel sin rekneskap for 1996 måtte avsluttast 30. november, og det må gjerast endringar i vedteke jernbanebudsjett basert på at budsjettet blir avkorta med ein månad.

Verksemda i NSBs kjøreveg blir ført vidare i forvaltningsorganet Jernbaneverket. Samferdselsdepartementet legg til grunn at auka utgifter for Jernbaneverket i desember 1996 som følgje av endringar i grensesnittet pr. 1. desember 1996, blir dekt innanfor vedteke løyving for 1996 på kap. 1350, post 23 Drift og vedlikehald, og at endringane i tilknytingsforma for kjørevegen derfor ikkje får konsekvensar for vedteke løyvingar.

For kap. 1351, post 70 Betaling for persontransporttenester, er det lagt opp til at ansvaret for gjennomføringa av inngått transportavtale for desember månad 1996 blir overført uendra til det nye særlovselskapet og at det dermed ikkje vil vere naudsynt med endring på denne posten.

Samferdselsdepartementet fremjar følgjande forslag til endringar i vedteke budsjett for 1996 for kap. 1351, post 71 Tilskot til NSBs Personalsenter, kap. 2451, postane 24 Driftsresultat og 30 Investeringar ved jernbanedrifta, og kap. 5451, post 31 Avskrivingar vedr. bildrifta, der det er tatt høgde for at budsjettåret blir ein månad kortare enn tidlegare rekna med:

Kap. 1351 Overføringar til Statsbananes trafikkdel

PostSIII 1996EndringRevidert budsjett 1996
70Betaling for persontransporttenester900 0000900 000
71Tilskot til NSBs Personalsenter66 840-66 8400
Sum kap. 1351966 840-66 840900 000

Post 71 Tilskot til NSBs Personalsenter

Samferdselsdepartementet foreslår at kap. 1351, post 71, blir redusert frå 66,84 mill. kr til kr 0. Årsaka er at NSB har om lag 62,6 mill. kr tilgjengeleg på reguleringsfondet, øyremerka Personalsenteret. Dette er i følgje NSB tilstrekkeleg til å dekkje kostnadene til Personalsenteret når rekneskapen blir avslutta 30. november 1996.

Kap. 2451 Statsbananes trafikkdel (jf. kap. 5451, 5491 og 6503)

PostVedteke budsjett 1996*EndringRevidert budsjett 1996
Driftsinntekter (herunder vinst frå sal)-5 250 700-61 300-5 312 000
Frå reguleringsfondet0-62 553-62 553
Driftsutgifter, overslagsløyving4 338 900-68 3004 270 600
Avskrivingar320 600-40 200280 400
Avskrivingar bildrifta63 0006 00069 000
Renter av statens kapital408 200-66 200342 000
Til investeringsformål114 0000114 000
Til reguleringsfondet43 000255 553298 553
24Driftsresultatet/underskot37 000-37 0000
30Investeringar ved jernbanedrifta1 055 200-375 900679 300
90Avdrag på lån vedr. bildrifta66 000-56 00010 000
91Aksjeinnskot95 0002 00097 000
Sum kap. 24511 253 200-466 900786 300

* I samsvar med St.prp. nr. 64/Innst. S. nr. 278 (1995-96). Ved handsaminga av St.prp. nr. 58/Innst. S. nr. 283 (1995-96) blei det vedteke ein ikkje-postspesifisert utgiftsreduksjon på 417,9 mill. kr som Finansdepartementet fekk fullmakt til å fordele. Kap. 2451, post 30, blei i denne samanheng redusert med 20 mill. kr.

Post 24 Driftsresultat

Samferdselsdepartementets forslag til revidert driftsbudsjett for 1996 på kap. 2451, post 24, er gjort opp i balanse. Forslaget er basert på NSBs rekneskapstal pr. september 1996 og ein prognose vidare.

Driftsinntekter

I forhold til vedteke driftsbudsjett er driftsinntektene auka med netto 61,3 mill. kr. Det er da teke høgde for ein realisert/planlagt salsvinst på om lag 387 mill. kr. Salsinntektene fordelar seg med 327 mill. kr frå salet av aksjar i Narvesen og om lag 60 mill. kr frå sal av div. aksjar, eigedomar m.m. Forslaget er korrigert for at rekneskapsåret 1996 blir ein månad kortare. Dessutan er driftsinntektene redusert med om lag 66,8 mill. kr som følgje av at løyvinga til Personalsenteret fell bort. Når ein ser bort frå salsinntektene frå eigedomar, aksjar m.v., er driftsinntektene auka med 160 mill. kr som følgje av auka trafikkinntekter.

Som omtalt under kap. 1351, post 71, er det inntektsført om lag 62,6 mill. kr frå reguleringsfondet, øyremerka Personalsenteret.

Driftsutgifter og kapitalkostnader

Som følgje av at budsjettåret blir ein månad kortare, er driftsutgiftene redusert med 68,3 mill. kr, medan avskrivingane er redusert med 40,2 mill. kr. Av reduksjonen i avskrivingane har 20 mill. kr samanheng med at desember månad fell bort, medan om lag 30 mill. kr har samanheng med at 541 mill. kr av investeringsmidlane for 1995 blei overførte til 1996 på grunn av forseinka levering av nye lokomotiv. Dette har medført eitt år seinare avskriving av planlagte investeringar i anleggsmidlar (nyskaffingar av lokomotiv). Det er dessutan lagt opp til å nedskrive prosjektet «Nytt billettsystem», som er eit samarbeidsprosjekt mellom NSB, Akershus fylkeskommune og Oslo Sporveier om innføring av nytt billettsystem for kollektivtrafikken i Oslo og Akershus, til null, dvs. med 9,3 mill. kr. Partane har trekt seg frå prosjektet slik det no er utforma, og førebels er den vidare prosessen for prosjektet ikkje avklart.

Avskrivingar i bildrifta er auka med 6 mill. kr. Årsaka er at NSB innanfor vedteke lånefullmakt har gjennomført større investeringar i nytt bilmateriell enn opphavleg planlagt.

På grunn av at det blei overført 541 mill. kr av løyvingane på kap. 2451, post 30, frå 1995 til 1996 og at desember månad fell bort, er renta på statens kapital redusert med 66,2 mill. kr.

Til reguleringsfondet

Det er lagt opp til at 298,6 mill. kr av salsvinstane i 1996 blir ført til reguleringsfondet. Dette er ein auke i forhold til vedteke budsjett på om lag 255,6 mill. kr.

Driftsresultatet

Når ein ser vekk frå realiserte salsvinstar, inneber Samferdselsdepartementet sitt forslag til revidert driftsbudsjett på kap. 2451, post 24, i realiteten eit underskot for 1996 (11 månader) på om lag 92,4 mill. kr. Dette er eit negativt avvik på 55,4 mill. kr i forhold til vedteke driftsbudsjett.

Samanlikna med vedteke driftsbudsjett 1996 viser ei flat framskriving av driftsinntektene og -utgiftene pr. 30. november 1996, når ein ser vekk frå salsinntektene og kapitalkostnadene, eit positivt avvik for driftsinntektene på om lag 160 mill. kr og eit negativt avvik for driftsutgiftene på om lag 290 mill. kr, som utgjer eit negativt avvik i driftsresultatet på om lag 130 mill. kr. Medrekna budsjettert underskot på 37 mill. kr utgjer dette om lag 170 mill. kr. På grunn av forseinkingane i leveringa av dei nye lokomotiva er det eit positivt avvik i kapitalkostnadene pr. 30. november 1996 på om lag 80 mill. kr som reduserer underskotet til 92,4 mill. kr.

I vedteke driftsbudsjett som er gjort opp med eit underskot på 37 mill. kr, er det i samsvar med NSBs opplegg budsjettert med resultatbetringar på 170 mill. kr. Samferdselsdepartementets forslag til revidert driftsbudsjett inneber at det pr. 30. november 1996 er gjennomført resultatforbetringar på om lag 40 mill. kr. Ut frå erfaringa med utviklinga i 1995-budsjettet har desember månad mykje å seie for trafikkdelen sitt årlege resultat målt etter kontantprinsippet. Dette har i hovudsak si årsak i at utbetalingane frå NSB i tid ofte ligg føre innbetalingane. Det at ein legg fram eit budsjett for 11 månader, er med på å forklare det negative driftsresultatet. Motstykket vil vere at ein i desember månad får eit positivt resultat som styrker særlovselskapet NSB sin finansielle situasjon.

Ved handsaminga av St.prp. nr. 1/Budsjett-innst. S. nr. 14 (1995-96) fekk NSB fullmakt til å selje eigedomar, aksjar o.l. for inntil 300 mill. kr under føresetnad om at frigjorde midlar blir nytta til investeringar i materiell, utstyr og stasjonar/terminalar i trafikkdelen. Ved handsaminga av St.prp. nr. 29/Innst. S. nr. 110 (1995-96) fekk NSB dessutan fullmakt til å selje aksjar i Narvesen under føresetnad av at frigjorde midlar blir nytta til investeringar i materiell, utstyr og stasjonar/terminalar i trafikkdelen. NSB har i 1996 gjennomført/planlagt sal av aksjar og eigedomar, inkl. salet av materiellet til malmtransporten på Ofotbanen til MTAS i samsvar med St.prp. nr. 64/Innst. S. nr. 278 (1995-96), på til saman 505 mill. kr.

Med utgangspunkt i vedteke salsfullmakt og ut frå at det ikkje er ledige midlar på reguleringsfondet, vil eit negativt avvik på kap. 2451, post 24 Driftsresultat, pr. 30. november 1996 normalt framkome som eit underskot på driftsbudsjettet. I dei seinare åra har underskot på driftsbudsjettet blitt dekt med eit renteberande lån frå staten. Dette blei til dømes gjort både i 1994, 1995 og i vedteke driftsbudsjett for 1996.

I samband med etableringa av særlovselskapet er det lagt opp til at trafikkdelen si gjeld til staten blir sletta, og at det nye selskapet blir etablert med eit nytt lån frå staten, tilpassa selskapet si framtidige verksemd, jf. St.prp. nr. 2/Innst. S. nr. 31 (1996-97). Når det gjeld Stortinget sin føresetnad om at salsvinstar i 1996 skal nyttast til investeringar i forvaltningsverksemda NSBs trafikkdel, er dette ein føresetnad som budsjetteknisk fell vekk ved etableringa av særlovselskapet.

Ein måte å dekkje budsjettert underskot pr. 30. november 1996 på er å bruke ein del av realiserte salsvinstar i 1996 til å dekkje opp NSB trafikkdelen sitt driftslån i 1996 slik at trafikkdelen gjer opp for seg overfor staten før etableringa av særlovselskapet.

Alternative måtar å handtere budsjettert underskot pr. 30. november 1996 på, vil kunne vere å gjere driftsbudsjettet opp med eit underskot på 92,4 mill. kr og enten auke statslånet eller redusere eigenkapitalen til særlovselskapet med eit tilsvarande beløp. Etter Samferdselsdepartementet si meining er ikkje nokon av desse løysingane gode på grunn av at dei vil få verknader for kapitalbalansen for særlovselskapet som er lagt til grunn for etableringa av særlovselskapet, særleg gjeld dette forholdet til eigenkapitalen. NSB har heller ikkje foreslått ei slik løysing.

For å få eit ryddig forhold til etableringa av særlovselskapet foreslår Samferdselsdepartementet, etter samråd med NSB, at det blir brukt 92,4 mill. kr av salsvinsten på totalt 505 mill. kr til å dekkje opp budsjettert underskot i 1996. Investeringsbehovet i særlovselskapet er det teke høgde for gjennom framlegg om løyvingar og opningsbalanse for selskapet. Stortingets føresetnad i Budsjett-innst. S. nr. 14 (1995-96) om styrking av investeringsevna er med dette ivareteke.

Med omsyn til sal av NSB sine aksjar i Narvesen viser Samferdselsdepartementet dessutan til nærmare omtale i St.prp. nr. 2 (1996-97), pkt. 7.7, s. 20. For disponeringa av salsvinstar frå sal av materiell på Ofotbanen til MTAS blir det vist til St.prp. nr. 64 (1995-96), s. 12.

Post 30 Investeringar ved jernbanedrifta

Samferdselsdepartementet foreslår at vedteke løyving på kap. 2451, post 30, blir redusert med 375,9 mill. kr til 679,3 mill. kr. Årsaka er at det i 1996 er overført 541,7 mill. kr frå 1995 på grunn av forseinka levering av nye lokomotiv. Det er framleis uvisse knytt til leveringa av åtte nye Di6-lokomotiv. Behovet for løyving til investeringar i NSBs trafikkdel for 1996 blir dessutan lågare som følgje av at det i forslaget til opningsbalanse for særlovselskapet er teke høgde for behovet for investeringar i desember 1996.

Post 90 Avdrag på lån vedr. bildrifta

Avdraget på billån er redusert med 56 mill. kr. Reduksjonen gjeld i hovudsak avdrag på billån som kjem til utbetaling i desember 1996.

Som det framgår av St.prp. nr. 2 (1996-97), pkt. 4.7, er det lagt opp til at styret i særlovselskapet får fullmakt til å etablere bildrifta som aksjeselskap, eigd av særlovselskapet. Det er lagt opp til at dette skal gjerast samstundes med etableringa av særlovselskapet. Dette inneber mellom anna at det nye aksjeselskapet vil stå for betjening av eksisterande, private lån.

Post 91 Aksjeinnskot

Posten er auka med 2 mill. kr som følgje av endra valutakurs i forhold til det tidspunktet aksjeinnskotet i Malmtrafikk Ofotbanen AS (MTAS) blei innbetalt. Tilsvarande ga salet av materiell på Ofotbanen til MTAS ei meirinntekt på 4 mill. kr som er inntektsført på kap. 2451, post 24.

Kap. 5451 Statsbananes trafikkdel (jf. kap. 2451)

PostVedteke budsjett 1996*EndringRevidert budsjett 1996
31Avskrivningar vedr. bildrifta63 0006 00069 000
33Til investeringsformål114 0000114 000
Sum kap. 5351177 0006 000183 000

* I samsvar med St.prp. nr. 64/Innst. S. nr. 278 (1995-96).

Post 31 Avskrivingar vedr. bildrifta

Posten er auka med 6 mill. kr til 69 mill. kr, jf. kap. 2451, post 24. Som nemnt er årsaka at NSB innanfor vedteke lånefullmakt, har gjennomført noko større investeringar i nytt bilmateriell enn opphavleg planlagt.

Eurofima - betinga tilsegn om tilskot

Eurofima er ei samanslutning av europeiske jernbaneselskap som har til oppgåve å tilby gunstige finansieringsordningar ved kjøp av jernbanemateriell. Selskapet er organisert som eit aksjeselskap, og NSB har vore medeigar sia starten i 1955. I samband med omorganiseringa av forvaltningsverksemda NSB er det lagt opp til at eigarinteressene i Eurofima blir overdrege til særlovselskapet NSB Trafikkdelen.

Fram til slutten av 1993 var NSBs aksjekapital i Eurofima på CHF (sveitsiske franc) 210 000, der CHF 62 000 var innbetalt aksjekapital og CHF 148 000 var ikkje-innbetalt aksjekapital som den norske stat sto som garantist for, jf. stortingsvedtak av 8. desember 1989. I 1993 blei NSBs del av aksjekapitalen i selskapet utvida til CHF 420 000 ved ein fondsemisjon som ikkje føresette innbetalingar frå NSB. Dette førte til at den innbetalte aksjekapitalen frå NSB blei utvida frå CHF 62 000 til CHF 84 000, medan den ikkje-innbetalte aksjekapitalen blei utvida frå CHF 148 000 til CHF 336 000. Kapitalutvidinga førte til ein tilsvarande auke i statens garanti overfor Eurofima. Ved ein inkurie aksepterte NSB aksjeutvidinga utan å innhente naudsynt godkjenning frå overordna styresmakt.

På grunn av forslaget om å etablere NSBs trafikkdel som eit eige særlovselskap, har Samferdselsdepartementet i St.prp. nr. 1 (1996-97), jf. garantioversikta på s. 20, lagt til grunn at det i framtida ikkje bør vere nokon statsgaranti i samband med NSBs eigarforhold i Eurofima.

Samferdselsdepartementet er seinare blitt gjort merksam på at etter verksemda sine statuttar krev Eurofima statlege garantiar for medeigarane sine forpliktingar sjølv om desse er eigne juridiske einingar. For at særlovselskapet NSB framleis skal kunne vere medeigar, krev Eurofima ein stadfesting frå norske styresmakter om at statsgarantien blir oppretthalden.

Eurofima har frå og med 31. oktober 1996 foreslått ei ytterlegare aksjekapitalutviding i selskapet. NSB sin del av aksjekapitalen er foreslått utvida frå CHF 420 000 til CHF 520 000, der den ikkje-innbetalte aksjekapitalen blir auka frå CHF 336 000 til CHF 416 000. NSB ønskjer å ta del i den foreslåtte aksjeutvidinga og har bedt Samferdselsdepartementet om samtykke til dette. Samferdselsdepartementet har overfor NSB teke atterhald om at det blir gitt samtykke frå Stortinget.

I følgje statuttane for selskapet skal statlege garantiar omfatte; ikkje-innbetalt aksjekapital pluss eit beløp tilsvarande NSBs registrerte aksjekapital. Dersom NSB framleis skal vere medeigar i Eurofima, inneber dette at staten må garantere for eit beløp tilsvarande CHF 936 000 etter aksjeutvidinga.

Som forvaltningsverksemd har NSB ikkje kunne gjere seg nytte av Eurofimas gunstige finansieringstilbod i og med at investeringar i NSBs trafikkdel inngjekk i statsbudsjettet. NSB har likevel ønskt å vere medeigar i Eurofima for på den måten å halde opent for andre moglege finansieringsmåtar ved kjøp av nytt jernbanemateriell. Ved opprettinga av særlovselskapet er det lagt opp til at framtidige investeringar i selskapet skal finansierast utanom statsbudsjettet. Selskapet vil derfor kunne gjere seg nytte av dei gunstige lånevilkåra som Eurofima kan tilby, og som det kan bli vanskeleg for det nye selskapet å oppnå andre stader.

På denne bakgrunn har Samferdselsdepartementet inga merknader til at særlovselskapet NSB Trafikkdelen får halde fram som medeigar i Eurofima, og at det blir gitt ein statsgaranti til Eurofima i form av ei betinga tilsegn om tilskot inntil CHF 936 000, eller nærmare 4,7 mill. kr (kurs 499,53 pr. 25. november 1996), til dekking av krav som evt. måtte oppstå i samband med særlovselskapet sitt medeigaransvar i Eurofima. For ikkje å bryte med prinsippet om like konkurransevilkår og at staten derfor ikkje skal garantere for særlovselskapet, foreslår departementet at den betinga tilsegnfullmakta blir knytt opp til at selskapet gir ein kontragaranti eller på anna vis tryggjer det beløpet staten gir tilsegn om. På den måten vil ei evt. framtidig utløysing av det statlege garantiansvaret måtte dekkjast av særlovselskapet NSB Trafikkdelen, og staten får korkje kostnader eller risiko i samband med deltakinga i Eurofima.

Kap. 1352 NSB Gardermobanen AS

Som ein følgje av endra planar for framdrift og betaling på enkelte større kontraktar og noko større etterslep i faktureringane (uteståande fordringar) enn tidlegare føresett, vil lånebehovet for NSB Gardermobanen AS i 1996 bli redusert med 300 mill. kr.

Samferdselsdepartementet foreslår derfor å redusere løyvinga for 1996 på post 90 Lån med 235 mill. kr, frå 1 920 mill. kr til 1 685 mill. kr, og løyvinga for 1996 på post 91 Ansvarleg lån med 65 mill. kr, frå 595 mill. kr til 530 mill. kr. Samferdselsdepartementet foreslår også å redusere løyvinga til post 70 Refusjon av meirverdiavgift med 55 mill. kr, frå 305 mill. kr til 250 mill. kr.

I St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 4 (1996-97) har Samferdselsdepartementet lagt fram forslag om tilsvarande auke i løyvingane til NSB Gardermobanen AS for 1997. Desse forskyvingane i tid fører ikkje til endringar korkje i planane for når prosjektet skal vere ferdig eller i dei totale kostnadene for prosjektet.

Kap. 2452 Postverket (jf. kap. 5452, 5491 og 5603)

Regjeringa gjer framlegg om at utbyttet frå forvaltningsverksemda Postverket i 1996 blir redusert med 110,0 mill. kr, frå 205,0 mill. kr til 95,0 mill. kr. Forslaget har mellom anna samanheng med at utbyttet frå Postbanken, som fram til no har gått til Postverket, blei 207,0 mill. kr mindre enn det som opphavleg var rekna med. Postverket sette sommaren 1996 i gang budsjettiltak for i alt 120,0 mill. kr for å vege opp for nokre av dei reduserte inntektene.

Resten av svikten i driftsresultat gjeld særleg omgjeringa av Postverket frå forvaltingsverksemd til særlovselskap frå 1. desember 1996, jf. St.prp. nr. 2/Innst. S. nr. 31 (1996-97), noko som ikkje var føresett i det opphavlege budsjettet for 1996. Drifta i desember gir vanlegvis eit monaleg overskot for Postverket som no ikkje vil kunne klare å ta inn att dette på slutten av budsjettåret fram til forvaltningsverksemda blir avvikla pr. 30. november 1996. Også investeringane inkl. aksjekjøp vil bli noko redusert, vesentleg på grunn av at budsjettåret blir ein månad kortare enn føresett i S.III.

Med det foreslåtte reduserte utbyttet vil reguleringsfondet i forvaltningsverksemda Postverket vere om lag null pr. 30. november 1996, når forvaltningsverksemda skal bli sletta ved overgang til særlovselskap. Forslaget vil føre til følgjande nye overslag for kap. 2452, postane 24, 30 og 91:

i 1000 kr

PostVedteke budsjett 1996*EndringRevidert budsjett 1996
Driftsinntekter-9 953 500941 100-9 012 400
Frå reguleringsfondet0-217 355-217 355
Driftsutgifter, overslagsløyving9 093 700-400 9008 692 800
Avskrivingar219 200-37 800181 400
Renter av statens kapital11 200-1 00010 200
Til investeringsformål209 80040 555250 355
Til reguleringsfondet214 600-214 6000
24Driftsresultat/overskot-205 000110 000-95 000
30Investeringar388 000-70 000318 000
91Aksjeinnskot5 000-4 0001 000
93Ekstraordinært avdrag på statens kapital40 000040 000
Sum kap. 2452228 00036 000264 000

* Ved handsaminga av St.prp. nr. 58/Innst. S. nr. 283 (1995-96) blei det vedteke ein ikkje-postspesifisert utgiftsreduksjon på 417,9 mill. kr, som Finansdepartementet fekk fullmakt til å fordele. Kap. 2452, post 30, og kap. 5452, post 31, fekk i denne samanheng begge ein reduksjon med 7,0 mill. kr.

Kap. 5452 Postverket (jf. kap. 2452)

Dei endringane som er foreslått, saman med auka sal av eigedomar, får også verknad for inntektskapitlet 5452 Postverket:

i 1000 kr

PostVedteke budsjett 1996*EndringRevidert budsjett 1996
30Sal av eigedomar m.m.4 00019 00023 000
31Til investeringsformål209 80040 555250 355
Sum kap. 5352213 80059 555273 355

* Sjå note til tabellen over.

Til forsiden