Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.prp. nr. 27 (1998-99)

Om endring av løyvingar m.v. for 1998 på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram ein del saker under programkategoriane 21.1 Administrasjon m.m., 21.2 Luftfartsformål, 21.3 Vegformål og 21.5 Jernbaneformål.

Regjeringa vil 4. desember 1998 leggje fram ein proposisjon om nysaldering av statsbudsjettet medrekna Folketrygda 1998. Proposisjonen vil gi ei samla oversikt over tilleggsløyvingar som er gitte i budsjettåret.

Denne proposisjonen gjeld desse sakene:

Under 21.1 Administrasjon m.m.:

  • Det blir tilrådd å auke løyvinga til transportforsking med 5 mill. kr og til telekommunikasjonsforsking med 6 mill. kr. For delvis å dekkje inn dette blir det gjort framlegg om å redusere løyvinga til rasjonell og miljøvenleg transport med 5 mill. kr.

Under 21.2 Luftfartsformål:

  • Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga for godtgjersle for innanlandske flyruter med 2,3 mill. kr som følgje av auka rutetilbod på Helgeland og Vestlandet. Auken vil bli dekt inn ved ein tilsvarande reduksjon av overføringa til Luftfartsverket.

  • Det blir tilrådd å redusere lån til Oslo Lufthavn AS med 420 mill. kr.

  • Det blir gitt ei orientering om arbeidet med overføring av eigedelar frå Luftfartsverket til Oslo Lufthavn AS.

Under 21.3 Vegformål:

  • Som følgje av omklassifiseringa av fylkesvegferjesambandet i Lurøy kommune til riksvegferjesamband gjer departementet framlegg om å auke løyvinga på vegbudsjettet med 4,6 mill. kr.

  • Som ein del av eit prosjekt om eit hurtigrutemuseum vil departementet gi eit tilskot på 1,5 mill. kr til finansiering av ilandsetting av hurtigruta Finnmarken.

  • For å kunne avslutte arbeidet med ein sentrumsring i Lillestrøm tilrår departementet at Skedsmo kommune får høve til å forskotere midlar i 1998 og 1999 til prosjektet rv 159 Knatten - Lørdagsrud - Vigernes x rv 22.

  • Til ny rv 283 blir bygd, må fotgjengarundergang i bydelen Grønland i Drammen tene som bilundergang og utrykkingsveg for politiet. Departementet gjer framlegg om at Drammen kommune får høve til å forskotere den statlege delen av prosjektet.

  • Bergen kommune leverer søppel til Sunnhordland interkommunale miljøverk i Fitjar kommune. På grunn av auka tungtrafikk på rv 545 frå Bergen til miljøverket går departementet inn for at Fitjar kommune får høve til å forskotere midlar til utbetring og trafikksikring av rv 545 Sandvikvåg - Svartasmoget.

Under 21.5 Jernbaneformål:

  • Jernbaneverket har utsett betaling av fakturaer frå 1997 til 1998 i større grad enn det som er normalt etter kontantprinsippet. For å løyse dei budsjettmessige problem som dette har ført med seg, gjer departementet framlegg om at Jernbaneverket får høve til å omdisponere midlar frå kap. 1350, post 30 til post 23 ved bruk av stikkordet «kan nyttast under post 23».

  • I samband med at samarbeidsavtalen mellom Jernbaneverket og Telenor AS blei avslutta tilrår departementet at Jernbaneverket betaler tilbake til Telenor AS 208 mill. kr. Jernbaneverket leiger ut overskotskapasiteten i fiberkabelnettet. I 1998 blir det rekna med 27 mill. kr i leigeinntekter som saman med leigeinntekter for kommande år skal nyttast til å dekkje tilbakebetalinga til Telenor AS.

  • Det blir gjort greie for rekneskapen for 1998 for betaling av renter av lån frå NSB BA.

Til toppen
Til forsida av dokumentet