St.prp. nr. 27 (2006-2007)

Om endring av løyvingar mv. for 2006 på Samferdselsdepartementets område

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram ein del saker under programkategoriane 21.10 Administrasjon m.m, 21.20 Luftfartsformål, 21.30 Vegformål, 21.50 Jernbaneformål og 22.10 Post og telekommunikasjonar.

Proposisjonen gjeld desse sakene:

  • Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 1301, post 71 Tilskot til arbeids- og utdanningsreiser for funksjonshemma, med 1 mill. kr.

  • Det blir foreslått å auke løyvinga på kap. 1313, post 22 Flyttekostnader, med 6,2 mill. kr mot tilsvarande reduksjon av løyvinga på kap. 1313, post 01 Driftsutgifter.

  • Stikkordet «kan overførast» blir foreslått tilføydd løyvinga under kap. 1310, post 70 Kjøp av innanlandske flyruter.

  • Det blir foreslått ei løyving på 500 000 kr på kap. 1322, post 92 Opptrekksrenter, på grunn av at Svinesundsforbindelsen AS har trekt på låneramma i 2006. I tillegg blir det foreslått å redusere løyvinga på kap. 4322, post 90 Avdrag på lån, med 5 mill. kr.

  • Departementet foreslår å utpostere postar frå balansen i Statens vegvesens rekneskap.

  • Det blir orientert om kostnadsauke ut over kostnadsramma for prosjektet E16 Wøyen - Bjørum.

  • På grunnlag av gjennomført ekstern kvalitetssikring blir det gjort greie for styrings- og kostnadsramme for prosjektet nytt dobbeltspor Lysaker - Sandvika.

  • Departementet orienterer om forhandlingane med NSB AS om ny rammeavtale for kjøp av persontransport med tog.

  • Det blir forslått å auke løyvinga på kap. 4380, post 01 Diverse avgifter og gebyr, med 2,661 mill. kr.