St.prp. nr. 28 (1996-97)

Om samtykke til godkjenning av EØS-komiteen sitt vedtak nr. 55/96 av 28. oktober 1996 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om EFTA-statane si deltaking i handlingsprogrammet til Fellesskapet på mellomlang sikt om like gode vilkår for menn og kvinner (1996-2000)

Til innholdsfortegnelse

1 BAKGRUNN

Vedtak nr. 55/96 i EØS-komiteen (Vedlegg 1) gjeld innlemming i EØS-avtala av EUs handlingsprogram på mellomlang sikt om like gode vilkår for menn og kvinner (1996-2000). Programmet vart oppretta ved vedtak i Rådet 22. desember 1995 (95/593/EF) og gjeld for perioden 1. januar 1996 til 31. desember 2000 (Vedlegg 2).

EU har tidlegare gjennomført tre handlingsprogram på likestillingsområdet (1982-1985, 1986-1990, 1991-1995). Programma har spela ei viktig rolle når det gjeld å betre kvinnene sin situasjon og fremje samarbeid på likestillingsområdet på alle nivå. I protokoll 31 artikkel 5 til EØS-avtala heiter det mellom anna at avtalepartane særleg skal søkje å styrkje samarbeidet innafor ramma av Fellesskapets arbeid. Dette kan følgje av mellom anna rådsresolusjon av 21. mai 1991 om Fellesskapets tredje handlingsprogram på mellomlang sikt for like gode vilkår for kvinner og menn. EØS-statane har ikkje vore med i dette programmet.

Med det nye handlingsprogrammet har EU ønskt å utvikle vidare dei resultata som er oppnådde innanfor ramma av dei tre foregåande programma.